Fra: Grønland. Vestre bygdi

Reinsjagt

av Hans Reynolds


Og han jagar paa Fjell
ifraa Morgon til Kveld
etter lettføtte rennande Rein.
Og naar Fari han Finn
under toppande Tind,
ja, daa er han i Laupet ei sein.

Torleiv Hannaas.

Dei drog avstad tidleg um Morgonen og hadde Reip med til den store Kjøtmengdi, som dei venta seg. Dei var i God-lag alle saman og vona mykje: «tugtósakangut» d. v. s. «me skal retteleg ha Rein!»

Daa dei hadde traska nokre Timar, gjekk Vegen deira i Høgfjellet yver audslege Skarvar og store Snø-lende. Soli skein yver smaae Vatn, der Isen dreiv i kring. Etterkvart ligg det i mengdevis med blaa og kvite Fjelltoppar nedunder, der dei gjeng. I Aust, burtanfor eit Belte av blide Vatn, Lyngmoar og Myrar, ris Innlandsisen jamt, til han tilslutt vert fjellhøg. Is paa Is, so langt ein kann sjaa. Langt burte i Nord og i Sud syner han seg som ein stor Skybakke. Og der, djupt nede, skimtar me Godthaabsfjorden, der Isen skrid med Straumen som ein Herskare av kvite Sjøfuglar. Dette underlege Landet, som kann skræma og tyngja ein i si vonlause Øyda, og so i næste Augneblinken klæder seg i sin fagraste Festbunad av Sol og Sumar og bergtek ein - det kostar aa koma til Grønland, ein gløymer det aldri ...

Fyrebils tenkjer me ikkje større paa dette. No gjeld det berre Reinen, som me hev i vonom aa raaka fram i heruppe. Det er her, i den svalaste Lufti, som er fri for Myhanken, at Dyri held seg dei varme Dagarne. Me hev berre funne eitt Far, men hev mist det att og er litt utor Lage. Og jamvel um ein kunde halda paa Faret, maa ein bu seg paa aa fylgja det paa timevis. Trottugt flyg Dyret umkring Mil etter Mil, sumtid heilt paa Vildren, upp og ned etter dei brattaste Hallingar. Der ingen skulde tru, at eit Dyr paa fleire hundrad Pund kunde Fota seg, der bikkar det likt med støde og lette Stlg, som maatte gjera Skamm paa baade ein Høgfjellsskyttar og ein Dansar. Naar ein so tilslutt utmasa og huglaus er heilt utorVoni, so stend det med ein Gong beint for Nasen paa ein.

Me gjeng stillt og helst i Rad, so me ikkje skal trakka for mykje. «Ájuna!» - «der er'n!» kviskrar han braadfort, han som er fremst. Heile Radi stend kurende still. So skiftest me um aa glytta fram yver ein liten Knaus, - der - ikkje langt undan ligg det ein diger Reins-bukk og solar seg i Snjoen. For ei underleg Kjensla! Det er baade med Høgtid og Spaning, at me kryp i Skotmaal. No ris han upp, - me hermar etter Mælet hans, so han kann snu seg til, no stend'n og skrevar med Frambeini, lyder og vêrar, kastar litt urolig paa seg med dei digre, lodne Horni sine, so yndefull i si kvekkne Snuing og likevel med ein Majestæt, som den, som er Konge her i Øydemarki. Det gjeng eit Par Skot, som raakar der, dei skulde. Daa kjem'n burt attum ein Rabbe med ein Dask, og ligg i ein Blod-damm i Snjoen. No vert det Fest. Medan me set i mesta hardhjarta Glederop, flaar me og lemar sund Dyret med dei smaae, uvande Lummeknivarne vaare. Det gjeng eit Par Timar. Millom Kjøthaugar og Innvòlar sit me tilslutt i Snjoen og held Maaltid paa litt tørt Braud med raa Reins-talg1) til. Ein Bite Kokesjokolade er Etterbiten. Elles finn ein svolten og smaanøgd Reinsjæger mykje meir mat-nyttigt paa Dyret, enn Kjøt og Talg. Heilen er etande; det brjoskutte ytst paa Horni tykkjer Eskimoen godt um. Den eine tok for seg av det, som var i Magen, og det skal vera baade fint og godsmakande. Eg greidde ikkje aa driva det lenger enn til aa snusa paa det, sa Bugge.2)

Kjøtbyrdarne vert sistpaa bytte ut og spende i ei Reim yver Panna; eg fær Dyrshornet attpaa, og so skjanglar me retteleg varsamt avgarde, Time etter Time. Me sig i Snøfennerne, me misser Jamvegti og skrid i lause Steinar, og me vabbar burtetter Myrarne, der Myhanken, verste Plaaga paa Grønland, dansar stor-gIade umkring Hovudi paa oss som ei myrk Sky. Dei kitlar i Nase og Øyra, sting oss miskunnlaust i Andlitet, og set seg stundom so tett som eit lòde Yverdrag. Aa, dei Beisti! Men her hjelper ingi Bøn, ein lyt slaa seg til tòls og la seg eta stillt. Med stuttare og stuttare Millomrom stanar me, gnur Pannehudi og sit som ei Rad med Bikkemenner og snur paa Hovudi, so me ikkje skal vinda Halsmusklarne utor lage . ...

Der, djupt nede, skimtar me endeleg Telti, berre eit Par kvite Prikkar. Me løyser Skot paa Skot og svingar med Riflorne og Dyrshornet. Daa er det noko svart, som skundar seg att og fram. Litt etter stig det Røyk upp ifraa Strandi; dei veit, at me kjem med Kjøt. Kveldskuggarne fell yver Dalen, men heruppe steikjer Soli oss enno i Andlitet. Me trøyttnar, so sume let Kjøtbyrdarne trilla, og akar sjølv baketter. Det kjempelege Dyrshornet svagar yver dei grøne Vider-kjørri, det nuggar saart paa Akslerne, det klember i Hovudskinnet, Sveiten tiplar av meg. Den, som kunde slengja heile Stasen fraa seg! Og likevel er just Heimkoma paa denne Visi ei Stund, som er baade festleg og ugløymande - - -

Det er likt til det, at den grønlandske Villreinen er større enn den norske, segjer R. Müller i Boki si «Vildtet og Jagten i Sydgrønland». Han reknar her med den Storleiken paa Reinen her i Landet, som er nemnd hjaa J. A. Friis i «Tilfjelds i Ferierne». Reinen vert nemnd som det gjævaste og stautaste Villtet, som finst paa Grønland. Og det største Gaman, ein Eskimoe hev, er aa jagta etter Reinen. I Sudgrønland veidar dei dette Villtet um Sumaren. Men paa Bustaderne uppe ved Disko-bugti elder Sudaust-bugti driv dei denne Veidingi serleg um Hausten og Vinteren. Dei hev daa den Fyremunen, at dei slepp Myhanken, og so kann dei køyra til Veidestaderne, naar Snøen er komen, og Vatni ligg, og soleis lettare fylgja Fari.

Dei meiner, at det er mangt, som ber Vitne um, at dei gamle Nordmennerne dreiv mykje Reins-jagt baade i Vestre og Øystre Bygdi. H. Rink segjer: «I Godthaabs Distrikt, høit oppe i Fastlandet, sees endnu utvetydige Mindesmærker fra den gamle Vesterbygds Rensjægere».3)

Eit par Dags ferder aust-nordaust for Maragssuit er det ein Stad, som Eskimoarne kallar for Kavdlunatsiait (9). Det ligg mange Hyttor der, som dei trur hev vore nytta av Kavdlunakkarne (Nordmennerne), naar dei var ute etter Reinen. Eskimoarne nyttar deim stundom den Dag idag. Veiding, serleg etter Rein, hev vore ei gild Innkoma for dei gamle Grønlendingarne ved Ujaragssuit.

Kavdlunatsiait er ei Fly, som ligg umlag 3000 Fot yver Havet, men ikkje stort høgare enn sjølve Viddi. Der ligg alltid Snøflekkar paa fleire Stader, og det er difor sers lite med Vokstrar der. Landjordi er i desse Høgderne helder ikkje rik paa Liv, for berre um Sumaren held Reinen seg so høgt uppe, men seinhaustes fer han atter ifraa desse Heidarne og gjeng nedi Dalarne og til Bergi, langs Strenderne. Det er ogso berre for Reinen si Skuld, at Eskimoarne kjem dit um Sumaren. Paa desse, Skyttarferderne nyttar dei daa gjerne dei gamle Hyttorne til Natt-lægje, og difor hev dei mysja Veggjerne.

Det heiter elles, at slike Hyttor, um dei so er bygde noko annarleis og uppsette av Eskimoarne, finst paa mange Stader inn-i Grønland, der dei driv Reinsjagt. Soleis m. a. ved Atanek, sunnanfor Kavdiunatsiait. - - - Bugge nemnde, daa han fortalde um Jagtturen, at dei hermde Mælet aat Villreinen. Sume av Eskimoarne skal vera reine Meistarar i dette.

Dei er difor jamnast sers heppne med Veidingi si. Reinen sitt Mæle læt umlag som eit sterkt, kvasst «Hø!» «Hø!» elder «Hørr!» «Hørr!» og likjest allra mest ofseleg djup Hoste. Mælet til dei store Bukkarne læt sterkare og djupare, Mælet aat Kalvarne læt høgare, sume Tider umlag som «Hau!» «Hau!». Soframt ein greider aa herma Dyri sitt Mæle noko so nær natturleg, kann ein tidt lokka einskilde Dyr burt imot seg, naar ein passar paa, at dei ikkje ser ein. I dei fleste Høve kann ein daa faa deim til aa stana, um dei rømer, so ein ser seg Kans til aa skjota deim. Meir enn denne eine Ljoden hev eg aldri høyrt, at Reinen hev sett i, segjer Müller. Det er likt til det, at dei ropar paa kvarandre paa denne Visi. Reinen er god til aa symja. Det er ikkje so sjeldan, at han - for aa korta paa Vegen - sym yver Vatn og Fjordar, som er meir enn ¼ Mil breide. Paa lengre Skyttarferder hev Eskimoarne oftast nokre Kajakkar med, so dei kann setja yver Vatn og Elvar. Naar dei daa ser Rein, som sym yver eit Vatn, set dei etter honom i Kajakk og sting'n med dei lange Knivarne sine, naar dei er komne umlag til den andre Breiddi, so dei slepp aa baats-ro deim. Dette hender ofte. Ved dei gamle Lægr-stelle paa Strenderne av dei store Sjøarne langt inn-i Landet, som dei enno nyttar mange av, hev eg sét store Haugar av Reinshorn og Hausar. Dei er dunga ihop der frametter Aari og er berre av Dyr, som hev vorte drepne, naar dei freista paa aa symja yver Vatni. Men det skal òg ha hendt, at Dyret velte Kajakken med Mannen i, og han drukna, av di han var aaleine og ikkje var god for aa reisa seg att.

Storparten av Reinen held seg langt inn-i Landet, og dei, som finst paa Fjelli utmed Sjøen, er berre Rekdyr. Det er alltid mest av deim nærast Innlands-isen. Der er Reinen sin rettelege Heim elder Stôde, um ein daa kann tala um Stôde, naar det gjeld eit Dyr, som rek slik umkring. Og herifraa er det, at Fjelli ved Havstrandi fær Tilgang paa Rein.

Dei held seg mest paa slike Fjell, som ligg for seg sjølve, like i Kanten av Innlandsisen, elder paa «Nunatakkarne» dei kallar, dvs: einstaka Fjell innan for Bre-Randi, men ikkje so langt innanfor. Paa slike Nunatakkar gjev dei seg venteleg til heile Sumaren. Her er det meir Ro og mindre med My, og her finn dei stødt meir Føda; for dei segjer, at her er ikkje so snøtungt som ute ved Havsida.

Det er ikkje so mykje Rein paa Grønland no, som det var for ei 70-80 Aar sidan. I 1839 skaut dei 37 000 Dyr der, og av deim vart 24 197 Huder sende til Danmark. I 1897 skaut dei berre 3752 Dyr. I Aari 1845-49 vart skote um lag 25 000 Dyr um Aaret, og dei sende 16000 Huder utor Landet. Men det finst enno tòlleg mykje-Rein paa Grønland, so nær som i Julianehaab-distriktet. No gjeng dei ikke lenger sud enn til Tigsaluk.4)

Peary-ekspeditionen skal ha raaka retteleg mange Dyr so langt nord som paa 78 gr. Og i Grinnell-land, som ligg beint imot nørdste Grønland, finst dei heilt til 80½ gr. Det er Rein i Aust-Grønland òg. Der gjeng han til 75½ gr. nord. Det beste Reins-distriktet i Sudgrønland, og visst paa heile Grønland, er Holstenborg Distrikt, millom dei tvo djupe Fjordarne «Nordre- og Søndre-Strømfjord». Og det er berre rimelegt, for det hev det største Upplandet, um lag 14½ norsk Mil fraa nord til sud og 18½ norsk Mil fraa vest til aust, av di Innlandsisen her ligg lenger undan enn nokon annan Stad i Landet. Paa Sørsida av «Søndre-Strømfjord», der Sukkertoppens Distrikt tek til, fraa Botnen og 11-12 Mil utetter er det og eit gildt Reinsdistrikt, som er likso rikt som Holstenborg Distrikt, For um Vinteren gjeng Dyri yver den islagde Straumfjord ifraa det eine Distriktet til hitt. Elles er det mest Rein umkring den djupe Godthaabsfjord. Fraa Sørsida av Sermiligarsuk-Fjorden og ned til Kap Farvel raakar ein ikkje paa eit einaste Dyr. Men at det fyrr hev vore mykje Rein paa denne Kanten, syner dei Steingardarne, som ein so tidt ser paa Fjelli i Julianehaab Distrikt. I gamle Dagar sette Reinsskyttarane upp slike, der Dyri ferdast, og so laag dei attum deim og bidde, til dei kom so nære, at dei kunde naa i deira med Pilerne sine. Dei gamle Nordmenner paa Grønland skal ha drive mykje Reinsjagt, og Soga nemner serleg ei Øy i Øystre Bygdi, der ein berre maatte jaga Rein med Løyve av Bispen. Denne Øyi er truleg den store Øyi «Jugtutôk», dvs: Den, som er rik paa Rein» (eit vanleg namn paa Grønland). Ho ligg millom «Bredefjorden» og «Skovfjorden» nordanfor Julianehaab, og det er norske Atterstødor paa denne Øyi.

I fyrste Helvti av det 18de Hundradaaret maa det beint fram ha krytt med Rein paa Grønland. Ein fann deim allstad langs Landet i større og mindre Flokkar (so nær som i Julianehaab Distrikt), og dei kunde skjota deim nære ved Husi. I denne Stortidi, for Reins jagti kom Eskimoarne i Konebaatarne sine heilt sunnan fraa Julianehaab Distrikt og fraa Nordgrønland. Dei samlast i dei djupe Fjordarne i Holstenborg- og Godthaab-Distrikti med Distriktet sine eigne Folk for aa gaa paa Rein-veiding, men no er det ikkje slik lenger.

I den Tidi, Eskimoen enno bruka Boge og Pil, laga han seg halvrunde Steingjerde, som var 1½ Aln høge. Han sette deim upp so langt ifraa dei Stigar, han visste um, at Reinen hadde for Vane aa ferdast, at han var i høvelegt Skotmaal. Han laag daa roleg, der og venta, til Dyri kom framum, og sende Pilerne sine i Hjarta paa deim. So lenge dei dreiv Veidingi paa den Visi, var det bra. Men etterat Rifla kom, vart det heilt upp onnorleis - beint fram ei styggjeleg Myrding. Ein kann lett skyna, kor mykje Rein det var den Gongen, naar ein høyrer, at ein Mann sumtid kunde skjota burtimot 50 Dyr paa ein Dag. I den gode Tidi skaut dei stundom umkring 600 Dyr paa ein Sumar. No held dei det for ei god Fengd, naar ein Mann kann faa 40-50 Dyr i same Tid.

Men Reinen tek elles til aa auka att. Reinsskyttarane ser ikkje so sjeldan Flokkar paa meir enn 100 Dyr i Flokken, heilt innmed Innlandsisen. Etter di Reins-fluga ikkje finst paa Grønland, hev dei grønlandske Skinni den Fyremunen, at dei er frie for Vere-hòl.

Reins-jagti held baade Europæarane og, som fyrr er nemnt, dei Innfødde for den gildaste av allslag Jagt paa Grønland. Det er ikkje aa undrast paa, at Eskimoarne etter det slitsame Livet um Vetteren, som berre gjeld Sel-veiding, gjev seg i ho med Liv og Sjæl um Sumaren. Var eg Eskimoe, elder hadde eg Raaderett yver Tidi mi, liksom dei hev, vilde eg gjera plent det same, segjer den Forfattaren, eg fyrr hev nemnt. Men um Sumaren er 'kje denne Jagti so sers lokkande for den forbaska Myhanken. September - heile Maanaden igjenom - er difor beste Tidi, for daa hev ein ikkje so mykje av denne Plaaga, ettersom det tek til aa frjosa um Natti. Dagarne er ikkje so varme, Bukkarne er feitast, og Horni deira er skubba (dvs: frie for det lòdne Yverdraget). Og Forf. skildrar med sterke Fargar, kor fint det er, og kor glad ein kjenner seg, naar ein stend ein frisk September-morgon paa Toppen av eit 3-4000 Fot høgt Fjell paa Grønland.

Eskimoarne gjeng paa Reins-jagt um Sumaren. Det er noko for det, at det ikkje, er Sel-veiding i den Tidi, og elles av di Reins-skinnet daa er myrkare og meir stutthært og høver betre til Klæde, enn seinare. Fyrstundes i juni pakkar Mannen Konebaaten. Han gjev seg so i Veg med Kona og Born, og nokre Kammeratar, som ogso fær Rom for Huslyden sin i same Baaten. Dei fer no inn til Botnen av ein Fjord for aa jagta i Upplandet der.

Dei let Baaten og Teltet etter seg og dreg av til Innlandet. Dei pIar gjerne slaa seg til nokre faae Dagsferder fraa den Staden, dei sette Baaten etter seg. Her ligg dei no heile Sumaren i smaae Hyttor. Dei Unge søv jamnast paa fri Mark, berre med Konebaatseglet eller ei Reinshud yver seg, og i Regnvêret under ein Stein. Fraa Lægret gjeng Kararne paa jagt til ymse Kantar. Det er utrulegt, kor hardbalne dei er, for dei er sers lett klædde. Paa Veideferderne legg dei seg til aa sova under ein Stein, som der er, med eit Underlag av Gras, Lyng eller Mose, og tidt utan noko yver seg eller med ei Reinshud, um dei hev. Natti er ofte so kald, at Vatsdammarne ligg Morgonen etter. Men like vel er dei friske og fjøruge, um Tennerne i Fyrstningi skranglar i Munnen ...

Same Forf. fortel, at ei Natt hadde det falle eit par Tumar Snø, og daa han kom ut or Teltet um Morgonen, saag han, kor hardbalne dei Innfødde kann vera. For Petrus og Kona hans laag enno, og sov under Reinshudi si, som var tekt, av halvsmelta Snø, og ut under Hudi stakk det tvo Par berre Føter ut i Snøen, Og det saag ikkje ut for det, at det gjorde deim det Grand. At dei hadde lege soleis lenge, det saag eg, av di at Snøen var smelta, der Føterne kom nær Marki».

Reinen kann stundom vera overlag skothard, naar ein ikkje plent raakar han, der ein skal, serleg dei store Bukkarne. Sjølv hev eg eingong gjeve ein stor Bukk 8 elder 9 Kulor, fyrr enn han stupte, segjer Müller. Og av deim var den fyrste og den siste Bladkulor. Tvo unge Karar hadde um Sumaren 1895 skote ein gamall Bukk, som stupte med same, og det var likt til det, at han var daud. Dei var burte og saag paa'n, strauk'n paa, Ryggen og sa: «Du er smellfeit». So gjekk dei burt aat ei Elv for aa drikka, men let etter seg Riflorne ved Dyret og hadde ikkje ladt deim paa ny. Medan dei drakk, høyrde dei Klauverne til eit Dyr skratla burtetter Steinarne, og daa dei glytte upp, saag dei Bukken sin tòlleg byrg setja avgarde, nett som han ikkje skulde vanta noko. Fyrr enn dei hadde fenga Tak i Riflorne og ladt deim, var Bukken langt burte, so dei Kulorne, dei sende etter'n, ingen Skade gjorde. Dei sette nok etter honom, men slapp Augo-av'n. Dagen etter fór dei, ilag med ein tridje Mann, avstad til den Kanten, han hadde fare. Dei raaka honom ogso eit Par Mil burte, medan han gjekk og beitte paa ei Sletta. Det saag ut for det, at han var uskadd, og no fekk dei skote han. Baae Kulorne deira hadde nok kome noko for høgt. Ein Mann ved Holstenborg fekk for nokre Aar sidan ein «Skyss», som var Mun i: Han hadde skote ein Bukk, som ikkje var fullvaksen, og skreva just yver'n og skulde til aa flaa. Daa stod Reinen upp, tok han millom Horni og sette avstad med honom i fullt Tvisprang. Han sprang overlag lenge, so han ikkje fekk bruka Kniven, av di han hadde nok aa gjera med aa halda seg fast. Men daa han eingong kom til aa springa yver ei liti Steinrøys, og gjekk noko seinare, saag han seg Kans til aa skjera Halsen av paa'n og slapp soleis ifraa denne nøydde Rideturen. - Ein annan Mann, som heitte Martin, hadde saara ein gamall Bukk, som stod og raga etter Skotet. Han sprang til og treiv i'n, fyrr enn han datt. Men med same stanga Bukken til honom, fekk Tak i Klædi hans med Hornet og sette avgarde yver Stokk og Stein, medan han slæpa Mannen etter seg med Hovudet ned. Men Fylgjesmannen hans kom no til, fekk Tak i det andre Hornet paa Bukken og heldt Hovudet ned paa honom, til Martin kunde koma seg paa Føterne, og so drap dei'n. Men Martin hadde fenge nokre leide Dunkar.

Det, som er i Reinsmagen, slikt som Vokstrar og Gras, helst halvmelt Mose, èt Eskimoarne blanda med togge Spekk. Og det held dei - som fyrr er nemnt - for retteleg Skjessemat. Men det baade ser ut, og det tevjar slik, at det kunde faa ein europæisk Mage til aa snu seg.5) Kaptein John Ross segjer i Skildringi av den andre Polarferdi si i 1829-33 um denne Kosten: «Ein slik Rett med Grønt er eit sers nyttugt og helsesamt Emne attaat den grove Kjøtmaten, Eskimoarne brukar. For det er mesta Uraad for deim sjølve aa faa sanka ihop Vokstrar, som er etande.» Ross talar her um Eskimoarne paa Amerikasida. Men det, at dei hev vondt for aa faa Tak i Matvokstrar der, gjeld visst ogso dei Innfødde paa Grønland. Eg saag seinare paa Turen, korleis Roarane mine beint fram kasta seg yver dei saftige Kvann-stylkarne og godgjorde seg med deim, som det skulde ha vore Sjokolade elder Knask. Ross segjer, at han merka, at Eskimoarne ikkje aat det, som var i Magen paa Polar-uksen, sameleis som av Reinen. Han kunde berre tenkja seg til, at dei ikkje lika dei Vokstrarne, som Polar-uksen ét paa den Tid av Aaret (um Vaaren).

Fyrstundes i September er Reinsskyttarane paa Grønland heimferduge. Alt det Kjøtet, som ikkje vart ete, hev Kvendi um Sumaren turka paa Berget og bunde ihop i Bundlar. Og no legg dei i Vegen att ned til Konebaaten i smaae Dagsmarsar, for dei hev tunge Byrdar. Tidt er dei nøydde til aa fara same Vegen tvo eller fleire Vendor, so dei kann faa alt med. So pakkar dei Konebaaten og fer heim att til Vinterbustaden. For no byrjar Selveidingi, som er Eskimoen si Hovudnæring.

Hans Egede segjer, at i hans Tid laag Eskimoarne paa Reinsjagt heile Sumaren. Der, dei visste, at Reinen mest heldt til, sette dei Manngard -

«med Quinder og Børn omkring sette dem og forjage dem hen til trange Stier og Passer hvor Manfolkene ligge paa Luur og passer dem op. Naar de nu ikke ere saa mange Folk, at de kand indsperre dem, saa betiene de sig af lange hvide Kieppe, med støkker Torv Stungne paa Enden og Spiidsen deraf, og setter dem i Veien for Dyrene at de skal skye derfor og ikke undløbe.»

Ein Skyttar jagta paa Sørsida av Botnen til søre Straumfjord, kring eit Vatn ved Innlands-isen, der det krydde med Rein enno umkring 1900. Han fortalde, at han eingong saag ei vid Sletta full av Dyr, og vilde telja deim. Men han maatte gjeva det upp, daa han kom til 160, for dei gjekk soleis um kvarandre, at han fekk ikkje telja. Men han trudde, at det var umlag dubbelt so mange. Og daa fyrste Skotet hadde gjenge, og dei alle saman lagde paa Spranget, var det, som Jordi dunde under 'n.

Reinsdistrikti i Godthaabsfjorden er: Nunatarsuak og sunnanfor der Akugdlersuak. So hev me Ivisartok og Ujaragssuit. Dit kjem Skyttarane ogso med Konebaatar og legg seg i Telt for aa jagta i Upplandet der i lengre Tid. Naar fleire ilag gjeng paa Reinsjagt fraa Ujaragssuit, plar dei taka med 2-3 Kajakkar, som dei skiftest til aa bera. Desse Kajakkarne bind dei ihop og brukar som Flaatar yver dei store Elvarne, som ein elles ikkje greider aa koma yver. Det er eit langt Stykke, ein lyt bera Kajakkarne. Ved Kangatarsup er det godt med Rein, likeins ved Tarssartok og ved Kakugdluitsok. Eit Lag av Skyttarar, som tek Ujaragssuit som Utgangspunkt og driv Jagt upp til Landet ved Kakugdluitsok, plar skjota umlag 80 Rein. Dei reknar fire Dagar til Turen fraa Ujaragssuit til Kakugdluitsok. Det er helst Elvarne, som gjer, at det tek so lang Tid. Det er ein Tur, som ikkje røyner so lite paa, for det skal ein god Nakke og en god Rygg til aa bera Kajakk og tung Reidskap samstundes. Men - som han segjer Adam, ein Fangar fraa Kornok i Godthaabsfjorden - den, som paa Grønland vil vera ein god Arbeids-mann, maa til det ytste taka seg paa Tak. Og det er venteleg og Orsaki til, at me Grønlendingar vert utslitne, fyrr enn me vert gamle. Og han legg her til: Daa me isumar (1905) fór ilag med dei tvo Finnarne, Ravna og Isak, var me stødt forbina yver, kor seige dei var. Og det var ikkje mange av Jamaldringarne deira paa Grønland, som hadde vore Kar til aa fylgja deim. Det kjem seg vel av det, at Finnarne er meir varsame med Lekamen sin, enn me er. Minnest du det, Ravna sa til Nathan, daa han kom fraa ei lang Fjellferd med ein heil Rein paa Nakken: «Dersom du tidt sprengjer deg slik, kjem du snart til aa døy.» Og Byrdi var likevel slett ikkje for tung for Nathan.

Fraa Ujaragssuit kann ein og gaa paa Reinsjagt nordetter til Kaumasok-vatnet. Landet her hev Samband med Taserssuak («Storesjøen») sitt Uppland. Det er godt med Rein der, men det er stødt flest nære ved Brearne. Landet umkring llulialik-bugti er ogso eit godt Utgangs-punkt for Reinsjagti. Upplandet umkring Taserssuak attum Ilulialik («Bugti med Isfjell i») er framifraa skikka for Reinveiding. Dei fører Konebaaten yver tvo Eid, heilt upp til det store Vatnet. Denne Veidemarki er god med det, at der kann ein faa alt Kjøtet flekt og turka og med seg.

Sarkak hev eit stort Uppland, og det er mykje Rein alle Stader der. Nordvest for Sarkak («Solsida») gjeng ei onnor Vik, som heiter Kamarnit («Lurestaderne»). Der finst det og Rein, kvar ein fer.

Endaa eit siste Reins-distrikt vil eg nemna, og det er Upplandet til Kugssuk-bugti. Herifraa jagtar dei austetter yver til Taserssuak. Paa Sletta her samlast Reinen utpaa Hausten i store Flokkar. Paa Vestsida av Kugssuk jagtar dei heilt ned til Landet midt imot Kolonien Godthaab og nordetter upp til Niakungunak-fjorden, sunnanfor Atangmik.

Som ein ser, er det ikkje faae Distrikt, som gjev Kornok-buarane gode Vilkòr fot Reins-jagt, segjer Fangaren Adam fraa Kornok.6) Millom desse er endaa ikkje rekna med Distrikti umkring Ameralik, der serleg Godthaabsfolket og Umanak-buarane jagtar. Men dei Reinslende, eg her hev nemnt, segjer han, er so vide, at me greider ikkje kvar Sumar aa koma um til alle Stader, der det finst Dyr. Reinen hev mykje aa segja for oss, mest Hudi og Senarne. Hudi brukar me noko til Klæde, noko til Underlag paa Brisken.7)

Daniel Bruun segjer m. a. i Boki si «Erik Røde» um Landet inst i Ameralik-fjorden:

«I sydøstlig Retning fra Fjordbunden er især herlige Egne for Rensjægerne. Dertil foretager Folk fra Bopladserne i Godtbaabs-fjorden lange jagtudflugter tilfods. Med tunge Byrder, Telte, Kogeredskaber m. m. paa Ryggen og Kajakkerne paa Hovedet, vandrer Mænd, Kvinder og Børn afsted, som oftest fra Bunden af Pisigsarfik, men stundom ogsaa fra Ameragdla for i nogle Uger at nyde Teltlivets og Jagtens Glæder i dette herlige Land, hvor det vrimler af Vildt.»

Same Forf. nemner, at ved eit stort Vatn der hev ein, etter det dei fortel, ein med dei beste Veidestader paa Grønland.

Dei hev longe vore inne paa den Tanken aa føra inn Tamrein paa Grønland, sameleis som dei hev gjort i Alaska, og der hev det gjenge sers godt. Men til no er det ikkje vorte noko av det. Sumaren 1905 vart det sendt ein Ekspedition, som skulde røkja etter Reins-al paa ymse Kantar av Grønland, og deretter i Tilfelle peika ut ein Stad, som kunde høva til Hovudstation for Reins-al. Forfattaren Knud Rasmussen var Førar for Ekspeditionen. Med honom fylgde Fjellfinnen Ole Nielsen Ravna, og dessutan Finnen, Gardbrukar Isak Klemetsen, baae fraa Karasjok. Etter den Melding, Føraren kom med i «Atlanten» 1907, fór dei inn i Ameralik-Fjorden midt i juni, Her røkte dei etter, um der var Beite, og kvar dei kom, saag dei Reinsmose, fraa Fjordmynnet og innetter. Det fell berre sers lite Snjo i heile Ameralik-distriktet, di mindre, di lenger ein kjem inn i Fjorden. Og Finnarne raadde til, at dei tyfte Reins-stationar baade i Arneralik- og Godthaabsfjorden. I Ameralikfjorden kunde ein skipa 4 Vinterstationar med tilsaman 1700 Rein. Dei var ogso upp-i Høglandet nordanfor Godthaab, og dei raadde til aa leggja ein Station der for 1800 Rein.

Eskimoarne i Distriktet der tykte stor Mun i denne Etterrøkjingi. Attaat det reint endeframme Gagn, dei vilde ha av Tamreinen, meinte dei òg, at Køyre-reinen storveges vilde letta Land-jagti for deim og bøta paa noko, dei lenge hev sakna i Sudgrønland, og det er Køyredyr. Prof. Helland kom med Framlegg um aa føra inn Tamrein til Grønland etter Ferdi si dit burt i 1875.

Kor som er hev dei enno ikkje teke til aa føra inn norsk Tamrein dit.

Til Alaska førde dei 2000 norsk Tamrein for umlag 20 Aar sidan, og det hev gjenge sers godt med Tiltaket. Dei hev no øksla seg til 40 000, og er av stort Verde for Folket der.

Reinen toler godt Sjøreiser. Ein Reinsflokk paa 526 Dyr vart send i Februar 1898 fraa Nidaros til New York. Ferdi varde i 24 Dagar. Men det døydde berre 1 Dyr, endaa Vêret var sers stormsamt, og Dyri stod paa Dekket og vart gjenomvaate av Sjøarne Natt og Dag, heiter det i ei Melding.

*

Lesaren hadde nok ogso lika seg, um han hadde vore inne i Fjordbotnen den væne Sumarnatti.

Me vart sitjande der lenge ... Anton halla seg attyver mot Teltstongi og stirde velnøgd inn i Elds-ljosken, medan han ender og daa heiv paa eit Lyngris. Men litt etter kvart slokna det av, og ei Røykstrima steig ende tilvers i den svale Kveld. C. M. Norman Hansen syng um «Evighedsfjorden» paa Grønland:

Ved mit Telt en Lyngtørvs-ild jeg tænder
- fast om Klippen Dværgbirkgrene gribe -
blaalig stiger Røgens tynde Stribe -
her, i Fjordens Skjul, min Vandring ender.

Fjernt jeg sér den hvide Snefjeldstinde,
klædt i Solfalds gyldne Purpurklæde -
Og jeg kalder hid min Tankes Glæde:
til min Offerild en elsket Kvinde.

Bugge sit burti Flokken, klædd i sin lette, gulbrunejagt-anorak. Han kjenner seg heime millom Eskimoarne. Han er fødd paa Grønland, og det er Nr. 1 for honom. «Det er meir Spaning ved det enn ved Danmark», sa han eingong til meg. Han er Skyttar med Liv og Sjæl, og elskar Fjordarne og Høgfjellet der nord. Han er elles noko av ein Nordmann, ætta fraa det gamle kjende Bjørgvinfolket Formann (Lysekloster), og er nemnd i Soga um denne Ætti.8) Han hev vore vidt umkring i Fjellbygderne vaare og kunde jamvel ein Grand norsk. «No kjem Soli», sa han tidt paa Ferdi. Her er ein Song, han hev skrive til Fødelandet sitt:

Skønnere land fik du aldrig at se,
revet og trodsigt at skue.
Fjeldene løfter den kridhvide sne
højt under nathimlens bue,
nordlyset drager sin sølverne dragt
sløret om stjernernes gnistrende pragt.

Fjordene taber sig dybt i det blå,
kranset af dunbløde tåger,
pustende hvaler i vandskorpen gå,
højt skriger terner og måger.
Isen har bygget sit skinnende slot
kækt af krystaller i grønt og i blåt.

Højt kneiser fjeldet, men dalen er lun,
ned ad den stenede side
titter der småblomster, lyngen er brun,
elvene sterke og stride.
Småryper tripper med kaglende lyd,
ravnene skriger sig hæse af fryd.

Land, der har tryllet og taget mit sind,
fanget min sjæl og min tanke,
dysset i lysende drømme mig ind,
hørt mine hjerteslag banke.
Dalende snefnug - hvor alting er tyst,
ensomt og højt om din stensatte kyst.

Godthåb 1919.   Aa. Bugge.

Eg kom til aa fortelja Bugge, at dei skyt mykje Elg um Hausten, nære Heimstaden min. Han tykte stor Mùn i aa høyra um dette, og sa, at han kunde ha Hug aa vera med paa Elg-jagt i Noreg. Eg vonar, han eingong fær Høve til det. I Skildringi si um Reinsjagti i Fjellet brukar han til Motto eit Vers av Songen um dei skotske Høglandi:

My heart is in the HighIands
my heart is not here.
(Min Hug er i Heian,
min Hug er 'kje her.)

Og so segjer han dertil: Det hev hendt, naar eg er heimatt komen til Kolonien Godthaab etter ei Skyttarferd langt inne i Landet, at ein Eskimoe hev gripe Skinnstyvlarne mine og sett i med: «Du, aa du, kor Kamikkorne hans angar godt av Innlands-lyng og Innlands-blomar!»

For ein vanleg Eskimoe, iser for ein fraa Sudgrønland, som den eine Sumaren etter hin ferdast paa Reins-jagt paa dei store ubygde Vidder langs med Innlands-isen, hev denne Luten av Landet ein reint sers og underleg Dragnad. Men det er stødt ein Svip av Uhugnad, som heng ihop med det. For der inne i Einsemdi finst det daa mangt, som ein ikkje vert retteleg klok paa. Fyrst naar ein les dei eskimoiske Segner, finn ein ut, kor mykje Innlandet, og «Innlandsbuarane», dei kallar, hev aa segja i dei eventyrlege Forteljingarne.

Dei, som ferdast paa Grønland, segjer, at i Eskimoarne vil ein jamnast raaka paa gladlyndte og smaanøgde Reise-kammeratar. Og eg skynar no, at Bugge treivst so godt i Lag med deim. Dei var sers rappe i Vendingi, naar det galdt aa setja upp Telt m. m. Og naar dei berre fekk dugeleg med Risgryn til «Fuglegrauten», so var alt godt og væl.

- - -

Høgstnattes skuma det berre litt. Me sat der lenge og rødde, og lydde paa Lakselvi

Vestre bygdi

Fagre Sumarkveid i Nord,
Røyk av Baal ved stille Fjord ...
Daam av Lyng og Innlands-blom,
glade Rop og Skyttar-ljom
- siste Sol i grøne Lid,
gjenom Dalen Elvi strid ...

Vesle Songfugl tagnar no;
alt er Fred og heilag Ro.
Tidt eg lengtar til deg att,
Land i Nord med ljose Natt,
djupe Fjordar, Tjeld ved Strand.
Breen raud i Avdags-brand ...

Upp til deg ein Sumardag
flyg min Lengt med raske Slag,
Minni strøymer som eit Vell:
Lyngrøyk blaa i svale Kveld ...
Fagre Fjordland langt mot nord,
Heim, der Jøkul-klokka gror!

H. R.

    Noter:
  1. Reins-talg er den beste Godbite, ein Eskimoe kann tenkja seg.
  2. Nansen fortel i «Paa Ski over Grønland», at Dietrichson merka seg, at dei jamvel slikka Fingrarne etterpaa, so at dei ikkje skulde missa noko av den sjeldsynte, Fine Rett.
  3. «Grønland, geogr. og statistisk beskrevet» 2det B. K.havn 1857, s. 173.
  4. Ein Buplass nordanfor Arsukfjorden.
  5. «Maverne, der med al Urenlighed er en stor Lækkerbidsken», heiter det hjaa ein Forf.
  6. «Atlanten» 1907 (Breve fra Grønlændere).
  7. Senarne nyttar dei til Senetraad til aa sauma med. Forf.
  8. Stamtavle over Slegten Forman (Formann). Utarbeidet av Anthon Mohr Wiesener og Vilh. H. Finsen. Bergen og Kjøbenhavn 1917, s. 71.
Utdrag (s. 79-93) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen