Fra: Grønland. Vestre bygdi

I Nûk (Godthaab)

av Hans Reynolds

Ved Middagstid segjer eg Farvel til «Hans Egede», og dei tek oss no i Motorbaatar inn til Godthaab. Dei hev heist Flag kring um i Kolonien, paa Stongi ved Salutbatteriet, hjaa Kolonistyraren, Inspektøren, ved Prestegarden, Seminaret, Prenteverket o. s. b. Landgangs-bryggja er Fullstappa med Eskimoar, og det yrer med Folk i fargerike Bunader, Kvendi med Perlekragar og eldraude elder himmelblaae LangstyvIar. Sume av deim er braadvakre. Friske, brune Andlit og kritende kvite Tenner. Det er som ein Festdag, naar det kjem Skip fraa Europa, for det er just ikkje eit Kvardags-hende. Det er ei helder lang Tid av Aaret, at dei ikkje hev Samband med Verdi utanfor.

No ser eg den fyrste Kajakk-mannen koma innetter i den lette Farkosten sin. Han slengjer i land Fisk, som han hev liggjande under eit Par Reimar attum seg, spende yver Dekket paa Kajakken. Den vesle Skinnbaaten glid att og fram paa Svaberget under Baareskvalpet.

Ved ½-12-Tidi um Natti er det ein herleg Ròde paa Fjelli. Snøtitingen, den einaste Song-Fuglen her, hev tagna. Det ryk enno ved dei smaae Jordhyttorne til Eskimoarne. Dei kokar utandørs no Sumars-tid.

Eg hev fenge Husvære hjaa Kolonistyraren. Det er same Bygnaden, som Nansen budde i den Vinteren, han var i Godthaab, etter han hadde gjenge yver Innlands-isen, og paa same Hustufti stod Heimen til Hans Egede. I Gavlen var det eit stort Dyrshorn. Ei liti Elv renn eit Stykke ifraa Huset. Under Bordet, upp-aa Romet, ligg det eit stort Kvitebjørnskinn, og paa Veggen heng det ei Rifla og andre Skyttar-greidor. Eg er trøytt etter den lange Sjøreisi og søv godt den fyrste Natti i «Kajakk-landet» . . .

Dagen etter er det Storm fraa sudvest med Regn, Sludd og Hagl, so det slær imot Rutorne. Best aa halda seg innandørs og njota Omns-varmen og korta Tidi med Gransking i Koloni-arkivet. Det er sein Sumar paa Grønland dette Aaret, og ein stor Snøskavl ligg enno tett attmed Huset. Men dei vonar, at Mat-urtar likevel skal koma til aa trivast som elles. Som eg sit der og les, høyrer eg Eskimo-maalet kring um meg. Dei Innfødde gjeng ut og inn; det gjeld Posten og mangt anna, som Kolonistyraren hev aa greida med. Dei sender ofte Posten med Kajakkar, endaa um det er tòlleg lang Veg. Paa dei lange Postferderne plar det gjerne vera tvo Kajakk-menner i Fylgje, og dei hev daa Høve til aa ta seg ein liten Lur utpaa Havet. Dei legg seg jamsides med Aararne yver Kajakkarne til kvarandre.

Ved Middagsbordet, der grønlandsk Dyr-steik er framsett, talar Frua um alle dei gode, ville Ber inne i Fjordarne.1) Eg gled meg elles mest paa aa faa sjaa Atterstødorne derinne fraa den norske Tidi. Ei ung, væn Eskimogjenta vartar upp og gjeng stillt ut og inn. Ho hev høge, ljosblaae Styvlar (Kamikkor).

Næste Dagen - den 29de juni - er det Sundag. Godt Vêr, men helder svalt i Lufti. Det ringjer til Messa, og Vertsfolket mitt gjeng aat Kyrkja. Presten er dansk, men han preikar paa eskimoisk. Dersom dei Framande i Kolonien ynskjer det, kann dei sumtid faa høyra Gudsordet paa sitt eige Maal. Men slikt er visst helder sjeldsynt.

Eg gjeng dit til Gudstenest um Eftan, og for fyrste Gong høyrer eg Preika og Song paa eskimoisk. Mennerne sit framfyre meg i kvite «Anorakkar» (Trøyor med Hetta). Og paa Spinne-sida livar Perlekragarne upp med sterke Fargar. Eg stirer paa alle dei myrke Hovud uppetter i Stolarne og lyder paa det underlege Tungemaal.

Det er ein Innfødd, Yverkateket Elias Lauf, som held Bøn, ein ung Mann med eit fint Dæme i det myrkleitte Andlitet. Han er òg i Nationalbunad, men hev svart Anorak. Det er gildt aa lyda paa Songen. Mange av Kvendi iser hev overlag god Røyst, og det er den vanlege Meiningi millom Europæarane, at naar ein hev høyrt Eskimoarne syngja, gløymer ein det aldri. Det er eit Folk, som er glad i Musik. Dei syng av Hjarta, so ein vert teken av det. Det heiter daa ogso i ei Ferdaskildring, at det kann so vera, at Eskimoarne gjeng mykje aat Kyrkja. Men det, som driv deim dit, er visst meir Hugen til aa høyra Salmesong og Orge-musik, enn Trongen til aa lyda paa ei Preika. For dei er sers tonekunnige og tykkjer storveges um Musik. Dei kann ogso radt av seg sjølv setja Under-røyst til, sameleis som dei Innfødde paa Madagaskar.

Kyrkja var hyggjeleg aa sjaa til innvendes. Ei Sylvkanna paa Altaren hev Aarstalet 1722 og er soleis ifraa Egede si Tid. Det var Ljosestakar paa alle Stolarne frametter og store Bilæte (Relieff) i Marmor av Hans Egede og Gjertrud Rasch paa kvar Lang-vegg. Dertil eit vænt Maalarstykke yver Inngangsdøri: «Hans Egede i Bøn for Eskimoarne». Huva, Vottar og Stav ligg ved Sida av honom i Snjoen, og han hev falle paa Kne attmed ein stor Stein. Han hev lagt Henderne i hop, og han hallar Hovudet attyver og stirer framfyre seg i roleg Sæla. Ein ser Godthaab-fjelli og det Fredfulle, kvite Landskapet i kring honom: Ein Mann, som sette alt inn for sine ideelle Hugmaal ...

Som eg ser paa dette Bilætet, kjem eg til aa minnast den væne Missionssalmen, eg høyrde i Magnus-domen paa Orknøyarne:

Fraa Grønlands kvite Fenner,
Fraa Indias varme Strand,
Der heite Kjeldor renner
Igjenom solgyllt Land,
Fraa grøne Elvastrender,
Fraa mang ei Palme-eng,
Um Fridom Bøn dei sender
Fraa djupast Hjartestreng.

Reginald Heber, engelsk Missionsbiskop, d. 1826.
Umsett av Johannes Barstad.

Eg glytter endr og gong ut or Glaset - paa Flaget, som blakrar lett i Brisen. Orga og Songen gjer, at eg vert so underleg teken. Eg tenkjer paa Hans Egede og dei store, framfarne Tider ...

I Godthaab kyrkja

(Til Maalarstykket «Hans Egede i Bøn for Eskimoarne».)
Som: Min Sjæl, min Sjæl, lov Herren.

Høyr Orge-tonar strøymer,
og Songen fyller Kvelv og Kor ...
du dyre Minne gøymer,
du Kyrkja her i høge Nord!
Han gjekk i Bjørgvins Stræte
i Lengt mot norrønt Land,
han naadde Hovding-sæte,
for høge Maal han brann!
Ut «Haabet» fór umsider,
dei Velfar honom baud
- han røynde tunge Tider,
ja, Sorg og Sjæle-naud!

Han bøygjer Kne og skodar
ikring seg Grønlands kvite Fjell,
og alle Tindar rodar
ved Solarglad den fagre Kveld ...
Hans Namn du trufast gøymer
i Barmen, brune Bror
du signer det og gløymer
det aldri her i Nord!
Han kom fraa Nordmanns-landet,
her blakrar framandt Flag ...
men eingong losnar Bandet,
daa renn ein Fagna-dag!

H. R.

Utpaa Kyrkjegarden stod det paa ein Kross: Joh. Otto Kr. Siegstad. Det var yver ein Seminar-elev fraa Nordgrønland. Dei fortalde, at Far hans ætta ifraa Noreg.

Nære ved Kyrkja ligg Huset til Amtmannen. Grønland er skift i tvo Amt: Sudgrønland og Nordgrønland. Amtmannen for sistnemnde bur i Godhavn. Den fyrste Amtmannen for Nordgrønland var Kammerraad J. Fr. Schwabe, ein Nordmann (tilsett i 1782). For dugande Styre lønte dei honom etter nokre Aars Tenest paa Grønland med Lagmanns-stolen paa Upplandi i Noreg, eit høgt Embætte i den Tidi. Han døydde paa Heidmarki i 1821. Eilert Sundt segjer i «Egedes Dagbog i Udtog», at Dotter til Lagmann Schwabe so mang ein Gong sat og lydde til dei Forteljingarne, Faren kom med um Grønland, og ho fortalde Sundt eit og anna av dette seinare.

For meg galdt det no um aa faa til ein Tur inn i Godthaabsfjorden, so eg kunde faa sjaa litt av den gamle Vestre Bygdi. Og eg var so heppen, at Stud. teol. Aage Bugge, Son til Kolonistyraren, var elskverdug og baud seg til aa vera med som Fylgjesmann og Tolk. Det galdt no um aa faa Tak i ein høvleg Farkost og dugande Mannskap, for me maatte vera budde paa, at Isen vilde leggja Meinsperror i Vegen for oss. Me vilde venteleg vera dei fyrste, som freista aa koma inn i Botnen av Fjorden, heilt inn til Innlands-isen, so tidleg paa Aaret. Dei held det gjerne for Uraad aa sleppa inn der midt paa Sumaren, jamvel med Kajakk. Det er elles sjeldan, at Europæarar fer dit inn. Eg fekk leigt ein sterk Robaat, slike som Kvalfangarane vaare brukar, og det var mange, som gjerne vilde vera med. Men det var ruske enno, og eg laut nok bia, til det vart stødare i Vêret. Naar eg nemnde for Folk, at det var surt paa Grønland no fyrstundes i juli, og at det saag spelegt ut for den vesle Ekspeditionen min, sa dei alle, at det laga seg nok: «Det er høgst aa Sumar inn-i Landet». Og det var likt til det, at dei hadde Rett. Fleire Gonger, helst um Kveldarne, var eg att-um Kolonien og stod og stirde langt innetter Fjordarne mot dei gamle Bygder. Det tyktest vera eit heilt anna Vêrlag derinne: gul-leitt, klaar Himmel med ljosblaatt inn-imillom og gullkanta, kvite Skyer etter Solegladet.

Godthaab er den største Staden i Sudgrønland og den eldste Kolonien i Landet. Han ligg umlag paa same Breiddegradi som Nidaros og er tilgjengd for Skip Mesteparten av Aaret. Det eskimoiske Namnet paa Godthaab er Nûk (Halvøy elder Odde). Dette minner um det gamal-norske Hnukr, som tyder det same. Sume meiner, at Eskimoarne hev dette Ordet fraa den norske Tidi ilag med nokre andre norske Ord, soleis Islendingen Pastor E. Thorhallesen.2) I Kolonien ligg i eit lite Dalføre paa eit Nes paa søre Sida av Mynnet til Godthaabsfjorden. Det rette grønlandske Namnet paa denne velduge Fjorden er Kangersunek, som tyder inste Armen av ein Fjord. Og dei brukar daa ogso mest dette Namnet serleg um den inste Fjordarmen. Eit anna eskimoisk Namn paa Godthaabsfjorden er Nûp kangerdlua (av Nûk: Nes og kangerdlua: Fjorden aat den elder det). Eit gamalt Namn er elles Baals Revier. Han vart kalla soleis av James Hall i 1612 etter Richard Ball, ein Kjøpmann i London, som hadde gjeve eit stort Tilskot til Hall sin Ekspedition. Godthaabs-fjorden er lang og breid og skyt seg i mange Greinar inn til Innlands-isen. Naar ein hev kome eit Stykke innetter, er Breiddi 3 norske Mil, og fraa Fjordmynnet til Botnen av Kangersunek er det umlag 16 norske Mil, naar ein Fylgjer nordre Leidi av Fjorden. Det er berre tvo elder tri Armar av Godthaabsfjorden, som hev fast Is kvart Aar millom Oktober og juni Kapisilik, Kangersunek og til deils Ujaragssuit. I Godthaabsfjorden ligg 3 Øyar, som er noko store, «Sadlen», «Bjørnøen» og «Storøen».

Dei danske Embættsmennerne i Godthaab bur i fine, sjaalege Bygningar av Tre, og Eskimoarne kallar dei difor ogso «igdlorssuit» (Dei store Hus).3) Dei Innfødde, som er Teneste-menn (kivfakkar) ved Handelen, hev Hus av Tre og Torv, dei andre bur i jordhyttor. Dei siste er serleg typiske i «Islandsdalen», eit lite Daledrag rett attum Kolonien.4) Nær paa alle dei Danske i Godthaab held Høns og Geit-fe. Hestar finst ikkje paa Grønland no. I Kolonien Holstensborg hadde dei fenge upp ein islandsk Hest; men daa dei store, bitne Sledehundarne, dei hev der, fekk sjaa'n, vilde dei riva honom kvikk ihel. Dei maatte daa senda'n til Sukkertoppen, Kolonien lenger sør, for der brukar dei ikkje Sledehundar. Kyr hev dei eit Par av i Godthaab, men elles berre paa Grasslettorne i Sudgrønland; i Distrikti Godthaab og Julianehaab prøver dei no med Saudeal. Dei einaste Husdyr, Eskimoarne i Godthaab hev, er vanlege Hundar. Av deim hadde dei svært mange, for dei brukar Skinnet til Lode-kantar paa Bunaden, t. d. kring Halsen og Handleden.

Godthaab er det aandelege Midtpunktet paa Grønland. Her ligg Seminaret, og der vert Innfødde upplærde til Lærarar og Hjelpeprestar (Kateketar). Innfødde kann ogso verta Prestar paa Grønland; men daa maa dei til Kjøpenhamn og halda fram med Studeringarne der, etter dei er Ferdige paa Seminaret. Det er dei mest dugande, som vert sende til Danmark for aa gaa Prestevegen. Det er nokre faae Eskimoar, som no er Prestar i Heimlandet sitt.

Millom Fagi paa Seminaret i Godthaab er ogso Kajakkroing (Veiding og andre Yrke). I ei Aarsmelding, eg Fekk, heiter det, at Seminaret eig 22 Kajakkar, 32 Haglor og 3 Riflor, 1 stort Reisetelt og 2 mindre jagttelt. Det raar dessutan yver ein stor Praam, 1 Slupp og 3 jagtpraamar.

Med Umsyn til Folkeskulen, so finst det no jamnast Skular paa dei større Stader. Paa Smaaplassarne fær Borni Upplæring i Huset til Læraren. Paa slike Stader kann det vera berre 5-6 Skuleborn, og tidt hender det, at Helvti er Læraren sine eigne. Læraren (el. Fangar-kateketen, dei kallar) maa her for det meste liva av Veiding, og det er sjølvsagt ingi fastsett Skuletid. Dei maa i so Maate retta seg meir eller mindre etter Vêret og Veidingi. Paa sume smaae Buplassar, der dei ikkje hev nokon Kateket, fær innfødde Menn elder Kvende litt Betaling for aa lesa med Borni.5) I Folkeskulen er all Upplæring berre paa eskimoisk. Dei danske Borni paa Grønland fær den fyrste Upplæringi si av ei dansk Lærarinna og vert seinare sende til Danmark for aa ganga paa Skulen der.

Dei reknar Eskimoarne til den amerikanske Rasen. At det er indianske Folk, som etter kvart hev vorte drivne ut mot Ishavsstrenderne. Der hev dei so, smaatt um senn, skift Sed og Livevis.

Men naar du lidt østerlig vender din Stavn.
Har du til at vente Troldbotternes Havn.
Archangel, og Ryssernes Lande.
Vend sider din Snekke, sno Stavnen i Nord,
Saa hitter du paa, hvor Grønlænderne bor.
Den ubekjend', hedenske Grande.

Peter Dass.

Eskimoarne paa Grønland er gode i baade Lesing og Skriving. Men Rekning hev dei ikkje so heilt lett for. Dei hev havt eit Femtal-system, som er noko i Bruk enno: 5 Fingrar paa kvar Hand og 5 Tær paa kvar Fot vert tilsaman 20. Difor kallar dei 20 for «eit heilt Menneskje tilendes». Sidan so og so mange paa det andre, tridje Menneskje o.s.b. 60: det tridje Menneskje til endes ; 65 : Fem paa det fjorde Menneskje.

Den underlege Reknekunsti deira vert ogso skildra slik: Naar ein kom til 5, vart 6 «Fyrste Fingeren paa andre Handi», og 11 «fyrste Taai paa eine Foten», 16 «fyrste Taai paa andre Foten» og tilsist 20 «heile Menneskjet». Kjem so 21 «fyrste Fingeren paa Fyrste Handi paa det andre Menneskjet». 60 vart tri heile Menneskje, 69 fjorde Fingeren paa andre Handi paa det fjorde Menneskjet, 97 andre Taai paa andre Foten paa det femte Menneskjet. Høgare Tal heldt dei det gjerne for «Uraad aa rekna til». Paa sume Buplassar brukar dei enno den gamle Reknemaaten.

Ein Forfatter i eldre Tid segjer: «Dei kann ikkje telja til høgare Tal enn til 5, og fraa 5-10. Og spyrst det um høgare Tal, kjem dei med Hender elder Føter og vil med det tydeleg segja fraa um den store Mengdi. Det, som er meir enn eit vanlegt Tal, er endelaust for deim.» Det minner um Australnegrarne, som segjer: «Ein, tvo, tri - mange!»

«Menneskjet er fullt,» var tjuge. Lenger kom dei aldri, og difor kalla dei alt, som var meir enn dette, for uteljande,» segjer Forf. V. Vallø i 1861. - «Med Tal yver 5 manøvrerar dei helst ikkje,» heiter det um Polar-eskimoarne notildags. Og vidare: Kom ein til aa spyrja ein eldre Mann bland dei siste, um kor mange Aar han var, sa han: «uhorveleg rnange», og det vilde vera gagnlaust aa faa honom til aa fastsetja Aldren sin nøgnare. Doktaren fraa Upernivik fortalde, at um ein spurde ein Mann der nordpaa, kor gamall han var, kunde han gjerne svara 30 Aar, um han so var 50. Og Polareskimoarne sa til ein Ferdamann, at dei skyna ikkje, det var noko tess aa halda Rekneskap med slikt. Elles vitsame Folk bland Eskimoarne hev enno vondt for aa greida det, naar det spyrst um nærare Kjennskap til Reknekunsti. Dei er sterkt brydde av det europæiske 10 Tal-systemet, som no er mest i Bruk.

Av Bokverk hev dei lite paa sitt eige Maal. Fraateke Bibelen, Salmeboki, Skulebøkerne og nokre Postillar finst det berre faae Bøker paa Eskimo-maalet og daa mest religiøse Smaaskrifter. Av Lesnad laut dei heilt til seinare Tid lita seg med Bladet «Atuagagdliutit» (dvs: det, som ein les i). Det kjem ut i Godthaab ein Gong for Maanaden og vert sendt ut ein Gong for Aaret, samla i eit Hefte. No hev dei ogso fenge eit Blad i Godhavn. Det heiter «Avangnâmiok» (Nordgrønlendingen). Baae desse Bladi vert styrde av innfødde Bokprentarar. Det var gildt aa faa helsa paa Styraren av Hovudstadsbladet paa Grønland, Lars MøIIer. Han var ein Mann paa 78 Aar. Møller hadde eit vyrdt Namn i Heimlandet sitt og hadde vorte heidra av Kongen med ein Orden. Han fortalde m. a., at han hadde vore mykje ilag med Nordenskiøld og Nansen.

«Akaluk» er det eskimoiske Namnet hans, for Døype- og Ættenamnet kjenner dei sjeldan. Akaluk tyder: den eldre Systeri sin yngre Bror. Forf. E. Bluhme fortel mykje forvitnelegt um den gaaverike Eskimoen. Inspektør Rink lika denne Guten. Møller var i hans Tid Hjelpesmann paa Prenteverket i Godthaab. Rink tok seg av honom og hadde'n seinare med til Kjøpenhamn i 1861. Her kom han i Læra paa eit Prenteverk og var der eit halvt Aar. Han lærde seg til aa tala Dansk og fekk so mykje Kjennskap til det, som me skal faa sjaa seinare. Fyrst daa dei gjekk framum Færøyarne paa Nedturen, vaaga Akaluk seg til aa segja det fyrste danske Ordet. Og ein Morgen, daa han kom upp og fekk sjaa Sjælland, ropa han ov-glad: «Kom skal du se, Rink, de' jo deili'r som i Himmeri'!» Daa han steig iland paa Tollbudi, la han paa Spranget heiltupp fælen, daa han saag Vognmanns-hesten, som kom imot honom i fullt Traav. Men han kom med eitt til seg sjølv, daa tvo stygge Menneskje tok paa honom ved Tollbuporten og vilde taka ifraa honom det Knytet, han hadde under Armen. Men det lukkast snart Dr. Rink aa laga det so, at dei tvo Tollmennerne vart nøgde. Han fortalde deim, kva Møller var for ein.

Seinare fekk Akaluk helsa paa Kongen og mange Storfolk, og ein Dag vart han beden til Taffel paa Slottet. Kongen sa til honom: «Det er fyrste Gongen, eg ser ein Grønlending.» Akaluk svara: «Det er fyrste Gongen, eg ser ein Konge.» Det fyrste, Akaluk spurde oss um, daa me kom til Grønland i 1863 var: «Korleis hev Venen min, Kongen, det?» - «Er det Venen din,» spurde me. - «Ja, han sa, at han var Grønlendingarne sin Ven.» Daa me reiste, ropa Akaluk: «Hels Kongen». Han hadde m. a. ogso vore til Middag hjaa den franske Gesandten i Kjøpenhamn. Og der som alle Stader hadde han tét seg, som um det heile ikkje var framandt for honom. Han saag paa, korleis dei andre gjorde. - Og likevel: det aa sitja ved eit velduka Bord med Kniv og Gaffel i Handi var noko, han aldri hadde vore med paa fyrr. Bluhme nemner, at daa han hadde høyrt slike og fleire Ting um Møller, kom han paa den Tanken, at han skulde faa han til aa skriva upp og senda honom heile Livs-soga si. Møller svara, at han skulde freista paa det. Med Skipet, som kom ifraa Godthaab, fekk han dette Brevet. Her er eit lite Ordrag:

Godthaab (nûngme) den 2den june 1864.

Min gode Ven E. Bluhme.

Nu sender jeg Dem som de ville af mig; «den Lars Møllers Levetids beskrivelser». Men jeg veet ikke om De kan forstaar de, jeg er bange for, at De kan maadskee ikken gang læse den; - I denne Bog kan De finde lille Billeder; og selv mig.6)
- jeg ville beder Dem. Vist De er rask, om De. vil ikke skreve mig til næste Aar ethvert Skib som skal seile til Grønland, saa skal jeg nok med Glæde det tage imod og efter Deres Ønske sende Dem Alt hvad De forlanger.

Nu vil jeg ønsker Dem en Hilsen og Deres Familier.

Deres hengivne
L. Møller.

I Møllers «Levetidsbeskrivelser» heder det bl. a.

«Da jeg blev født i Grønland, bekynder jeg Voxer op som Almindelig Grønlandsk Børn, og jeg bekyndt strax lærer noget, som man best kan bruge i Grønland. Men jeg var meest bleve hjemme i Kolonien, forte at min Fader han var en Tømmermand i Kolonien. Vi var 3 Børn af hvores Forældre. Desse Fjord er meget maasomdt, naar man har været om Sommeren; Under fjeldet det pleide ganske Grønt, og Fjeldtopperne ganske hvedt Snee. Jeg holder meget af, at see om Morgen, naar Solen skenner paa de Høidefjeld. Men de store Fjord, kjendt jeg den ikke omvinderen, forte at jeg altre været omvinderen. Da vi bliv der længere Tid saa har vi fange 30-40 Sjælhunde. (Han fortel no, korleis Baaten dreiv ifraa deim): Da de ikke kan tage Baaden; og ikke kan faae en Kajak som kan tage Baaden, saa sagde Fader til sin Folk: «See, nu er vi fertig i den lille Ø.»
- Da jeg bleven lidt Støre, som jeg kunde gaae paa Jagt, holder jeg mest at gaaer paa skyde, og sommetider vil jeg ikke gaaer op til Skolen, hellere gaaer Paa Jagt. Da jeg hadde en Kajak saa bekynd jeg at hold op at gaaer paa Skyde, fordi at jeg søndes det er mere mossomt at roe i Kajak. Denne gang efter jeg bleven komformeret, bekynder min Fader tale om hvorledes jeg skulde blive, som jeg kunde bruge til at tjæne noget. - der skulle jeg lære til Fange Sjælliunde. Da han saa tale om saaledes, saa var jeg meget gjerne, at lære Fangst.

- saa vil jeg tale om, at jeg skulle blive en som Bogtrykkerlærling. I bekyndelsen jeg hold saa meget at være i Bogtrykkeriet; men om par dag saa blev jeg træt, at jeg søntes det var forsvær jeg bleven tvevl om at jeg kunne lære op;

-- saa vil Rinks reise med mig til Danmark saa fik jeg meget lystig til, at reise til denne Land. Saa være jeg ikke kan sege «âp»7) førn mine Forældre sege «âp»:

(Fraa Sjøreisi) - den føste Dag jeg var saa Syg; - og paa næste Dag saa var jeg ikke saa syg og senere efter saa bliver jeg een som Sømand og slet ikke saa Syg mere. - fordi at jeg ville lære mig paa Søen, Søen gjender jeg jo ikke iforevaden, saa maa jeg jo see regteg hvorledes man Sadler paa Havet. Det var forfærtlig Storm som man kan ikke troe om vi kan leve længere. - saa kommer vi til Kjøbenhavn, saa var jeg meget fornøidt og takker Herren af min Ganske Hjerte; og tænke ofte paa hans Naade; Fordi, at han basede paa hos som Fader i den farligt Tuer.

Møller var dengong 23 Aar gamall.

Dei skil paa Grønland millom Koloniar, Utstader og Bu-plassar.

I Godthaabs Distrikt er det soleis ialt 15 Bustader: Kolonien Godthaab, 4 Utstader og 10 Buplassar. Det er elles mange gamle eskimoiske Buplassar aa sjaa i Distriktet, men dei er aude. Sume er etter deim, som døydde ut i den store Bole-sotti i 1733, paa Hans Egede si Tid.

Det kann elles vera verdt aa nemna, at naar sume hev trutt, at dei uhorveleg mange aude eskimoiske Buplassarne, ein ser paa Grønland, tyder paa ei større Folkemengd fyrr i Tidi, so er det ikkje rett. Eskimoarne hev bruka aa setja upp Hus her og der for kortare elder lengere Tid og deretter reist sin Veg og bygt ein annan Stad.

Skipi til «Den kgl. Grønlandske Handel» gjeng berre innum Koloniarne, og her finst dei største Butikkarne. Paa Utstaderne bur det jamt yver ingen Danske, og den vesle Under-butikken, dei hev her, vert styrd av ein innfødd «Utliggjar» elder Styrar av Utstaden. Ved Bu-plassarne er det derimot ingen Butikk. Folket der er Selfangarar og Skyttarar - oftast den mest dugande Kajakk-roarar, av di dei liver so avstengde.

Den einaste Butikken, dei hadde i Godthaab (Kolonibutikken) var òpen kvar Dag ifraa 9-12, og daa var det gjerne stappa fullt der stødt, og det stod ein sterk Tran-tev av den kjøpehuga Aalmenta.

Dem følger alltid saa strængger en Luct,
Som stinckendde Trann oc Lage.

(Grønlandske Chronica.)

I Hyllorne saag eg ein diger Bolle med Glasperlor (for her vert dei selde i Pundevis!) Ein Fangar skulde ha seg eit Pilejarn (med Motbakar paa) til Fugle-pili, ein annan trong Skjotevaror til Rifla elder Karabinen o. s. b. Dei sputta likso mykje som Folk her heime, endaa det stod paa ein Plakat paa Veggen: natermut kiserniakinak! (Ein maa ikkje sputta paa Golvet!) Naar dei skulde kjøpa, sa dei berre: niuverumagaluarpunga! (Eg vil gjerne handla!) Dei bruka grønlandske Papirpengar (25 Øyre, 50 Øyre, 1 Kruna og 5 Krunor). Dei var vænt prydde, anten med Ærfugl, Sel, Rein elder Kvitebjørn paa Framsida. Elles bruka dei vanleg Smaamynt fraa 10 Øyre og nedetter.

Huset til Kolonistyraren er sett upp av svær Kampesteins-mur, som hev seg fraa det fyrste Framhuset ved Kolonien, Huset til Hans Egede. Det heiter, at dette vart gjort um til Hus for Styraren. Dei trur for visst, at Murarne er dei upphavlege

Det er no den 1ste juli og endaa sterk Storm og Regn. Men Snø-spikken kvitrar like fjaag uppunder Fjellsida. Han er den fyrste Bodberar um Vaaren der uppe og mange hev vorte heilt tekne av dei faae og einfelde Tonarne hans, midt i den høgtidsame Stilla og einslege Nattur, stend det i ei Skildring. Han er framum alle Songfuglen langt mot nord og livar upp med sin lettlege Kvitr. Han er ein retteleg Fjell-fugl, som finst paa dei audslege Vidder høgare upp enn nokon annart Songfugl. I den væne, svarte og kvite Sumarbunaden og med Songen sin kvikar han dei øyde Fjell og gled Gongemannen. Ein kann sjaa han sitja paa ein Stein mest heile Dagen, ofte syngjande. Naar eg let Tanken gaa attende til dei stille Fjordar, er det, som um eg høyrer den gladlynde Kvitringi hans.

Lognt innandørs. Sit og ser paa den paatenkte Reiseruta vaar innetter Fjorden og glytter litt i Bokskaapet til Kolonistyraren. Finn her ei Bok paa norsk - «Solvending» av Vetle Vislie, som hev kome paa Vildring heilt upp til Grønland! Paa Veggen heng det eit fint Maalar-stykke, gjort av ein ung Innfødd, Stephen Møller, fraa Godthaab. Det var ein evnerik Mann, som døydde, daa han var berre 26 Aar gamall, og han er gravlagd der. Det er eit Studiehovud: Ein blid Eskimo-gut, ein reinspikka Type, brune, fyruge Augo i det myrkleitte Andlitet og kolblaatt Haar mot den skarlakraude Anorakken (Trøya med Hetta). Den avlidne Kunstnaren hadde venteleg denne Givnaden fraa Faren, Bladstyrar Lars Møller, som ogso dreiv med slikt i Ungdomen. Eg saag mange av Maalarstykki til den sistnemnde.

Som eg gjeng og ventar paa godt Reisevêr, nyttar eg Tidi til aa sjaa meg um i Kolonien. «Ingenstad er det so godt aa vera, som i Nûk», heiter det baade bland Eskimoarne og dei Europæarar, som hev busett seg der. Ein Forf. kallar Godthaab «den bedste Plads i hele Grønland». Og eg for min Part tykte og, at «Hovudstaden» paa Grønland var baade hugsam og triveleg, endaa han hev berre ei Gata, «Kolonivegen», som slutta ved Seminaret. Forf. C. A. Muhle segjer: «jeg veed europæiske Handelsbetjente, der kalde Grønland et sandt Canaan.»

Utetter mot Mynnet av Godthaabsfjorden og serleg umkring Godthaab ser ein aldri Is um Vetteren.

For ein Framand, som hev Hug til aa sjaa Eskimo-livet uvandt og gamaldags, kann det nok henda, at det var meir forvitnelegt aa koma til ein liten Utstad elder Buplass. Men ein hev elles ikkje stort aa klaga seg for, endaa um ein ikkje kjem utanfor Kolonien. For mange av Hyttorne i Godthaab var typisk eskimoiske baade utan- og innandørs, og sume var uvanleg smaae. Det er nemnt, at ei Hytta i Godthaab Distrikt (Fiskernæsset) rømer 4 Menneskje og er berre 1,85 × 2,9 M. og 1,5 M. høg (innvendes Maal). Det er ogso sagt, med Umsyn til Livemaaten, at Europæarane paa Grønland hev Hus, som er 20-50 Gonger so store som deim, Eskimoarne jamnast hev, og Mat, som er etter Maaten likso dyr.

Ein Sjømann sa, at dei gamle Eskimo-kvendi er so stygge, at «dei kann skræma den Vonde paa slett Mark». Og naar dei kom ut av Husgangen, krokrygga og svarte og uflidde, maa ein gaa med paa, at det er noko i det. Men dei var sers høviske og finslege. Dei spraklutte Selskinns-buksorne til Kvendi var so stutte, at ein kunde sjaa «kvite Lereftet», attantil. Men det er Moten og skal so vera. Det er i det heile eit Under, at dei ikkje datt ned, so stutte som dei var.

Hjaa den rette eskimoiske Typen er Nasen liten og sumtid nærpaa i same Lina som dei tjukke, kjøtfulle Kinni. Dei segjer tilmed, at naar ein legg ein Lineal yver Andlitet, og det er retteleg rein Rase, kjem han mest ikkje innaat Nasen eingong.

Dei Innfødde fagna meg vel, kvarhelst eg kom. Dei synte meg til dømes, korleis dei kastar Harpunen, naar dei er paa Sel-veiding, og likeins Fugle-pili (Kaste-pili) mot Sjøfuglen. Dei brukar ikkje Konebaatar i Godthaab no. I so Maate er dei helder «europæiske» der. Men slike Baatar er ikkje sjeldsynte i Kolonien. Ein Dag var Folk ifraa Buplassen Sârdlok inne der og handla, og dei kom i Konebaat. Og daa eg var burte og helsa paa i Hyttorne i «Islandsdalen», laag det ein svær Konebaat (eskimoisk-Reisebaat) paa Land der med Botnen i Vêret. Han aatte heime i Kornok, ein «Utstad» elder Under-handelsplass inne i Godthaabsfjorden. Dei hadde lagt store Steinar yver dei tvo Trespissarne i Framenden og atterut, so at Vinden ikkje skulde kvelva han.

Ein Konebaat (umiak), dei kallar, er gjerne 24-36 Fot lang og heilt flat i Botnen. Aararne er lange og hev breide Blad, mest som ein Spade, men Aari, som dei styrer med, er kortare. Dei brukar ifraa 2-6 Aarar. Serleg til Fjord-turar i eit Land som Grønland hev han heiltupp Fyremuner framfor kva europæiskt Farty, det so er. Vert det Storm, kann ein strakst draga'n upp paa Land. Møter ein Is, kann ein lett bera'n yver lsflaki og so setja'n ut att i òpe Farvatn. Skinni gnid dei jamt inn med Tran, og ved det vert dei so klaare, at ein kann sjaa Bylgjorne igjenom deim. Konebaaten er bunden ihop av lange Stakar og Spant (Band) av Rekved og dregen yver med vaate Sel-skinn utan Haar paa. Dei sit stramt som eit Trumme-skinn, naar dei vert turre. Alle Saumar vert tetta væl med Spekk. Ein Farkost, som er so lett, stikk sjølvsagt berre eit Par Tumar i Vatnet. Han kann taka mykje og hev Rom aat 20-30 Menneskje. Det er nemnt, at dei største Konebaatarne kann bera ei Last paa 6 000 Pund elder 1½ Kommercelester (3 Tonn). Dei mindre halvt so mykje. Og det heiter, at ein Konebaat av vanleg Storleik kann røma dubbelt so mykje som det, ein Kvalfangarslupp (Fangstbaat) kann bera. Likevel kann dei ro Konebaaten med berre umlag Halvparten av den Magti, som ein treng til aa ro Fangstbaaten med.

Det gjeng ifraa 12-20 Selskinn til ein Konebaat, og dei maa nya uppatt dette Yverdraget kvart Aar. Men det gamle kann dei bruka til Telt, til aa leggja yver Hustaket, til aa sy Forraads-pòsar av m. m. Det trengst ogso, at denne Baaten er romleg, for Eskimoarne nyttar honom til aa fara med fraa den eine Veide-staden til hin, med Huslyd og Telt og Innbu o. s. b. Det skal vera underleg aa sjaa, kor godt Baatføraren kann styra denne Farkosten, full av Menneskje, Hundar og Husgogner, gjenom Hopetal av Isstykke.

Men han tòler ikkje Sjø, og paa Ferdi vert han difor fylgt av Kajakkar, som gjeng fyre og hindrar Bylgjorne, so dei ikkje fær Tak til aa velta yver det skrøpelege Fartyet med all si Magt. Vert det uventa svær Sjøgang, maa dei leggja seg soleis med Kajakkarne, at Baarorne fyrst bryt seg yver deim. Paa den Visi tek dei fraa deim verste Hardleiken. Det vanlege er, at dei legg iland med Konebaaten, so snart det kjem sterk Vind. Det skal ikkje stor Sjø til aa brjota deim isund. Dei kallar denne Farkosten for «Konebaat», med di han sudpaa i Grønland berre vert rodd av Kvende, men med ein Mann som Styrar. Ein Mann tykkjer, det er Skamm aa ro ein slik Baat, men han kann sagta styra honom. Naar dei flakkar umkring um Sumaren, plar Husfaren elder ein eldre Mann sitja atterut og styra. Dei andre Menn, som høyrer Huslyden til, fylgjer i Kajakk. I Stamnen hev dei gjerne eit lite, firkanta Segl. Det segjer seg sjølv, at Konebaaten er lettrodd. Det er eit sers høvlegt Farty, likeins som Kajakken. Endaa dei baae tvo er so lette, at dei ofte ber deim yver Land, tòler dei betre Støyt av Isstykke og slikt enn vaare Trebaatar. For dei er so ledalause, at, dei gjev tøyg og vert soleis ikkje so lett brotne sund. Men um Skinnet paa ein Konebaat ikkje er so breste, som det ser ut til, kann ein Støyt mot eit Is-hympe med ein slik tunglasta Farkost sjølvsagt verta faarleg nok. Tunn-isen er den aller verste Fienden, naar ein ferdast med det Slag Baatar, for han er sers hard og kvass. Dei brukar sumtid aa berga Baaten for Tunn-is og tett Kalv-is ved det, at dei set elder hengjer eit Skinn umfram for Stamnen. Tunn-isen er ogso faarleg for Kajakk-mannen og hev vore Skuldi til mang ei Ulukka. Sumtid kvelver dei Konebaaten og brukar han som Telt elder finn Livd under'n mot Vind og Vêr. Inst i Ameralikfjorden er det, etter det dei fortalde meg, ein Stad, som heiter Umiviarssuit (dvs: den Staden, der ein storveges gøymer Konebaatarne sine). Eg visste i alle fall, at det finst ein Stad der, som heiter Umiviarssuk (Gøymestad for Konebaatar). Kjem det ei Rift i Baaten, naar ein ror i Isen, set ei av Roarane strakst eit Stykke Spekk i Hòlet. So snart dei kjem til Land, syr dei Rifti ihop elder set ein Lapp paa. Naar dei hev bruka ein Konebaat elder ein Kajakk nokre Dagar, maa dei turka deim, av di dei er vortne for vatsdrukne. 8-10 Mann kann bera ein vanleg Konebaat paa Ryggen yver eit Eid fraa Fjord til Fjord. Det finst mang ein «Yverberings-stad» (itivdlek) i dei grønlandske Fjordarne, til dømes inn-i Godthaabsfjorden (millom den og Ameralikfjorden), og med dei lette Baatarne sine slepp soleis Eskimoarne aa ro mange Mil til kroks for aa koma ifraa den eine Fjorden til hin. Det finst òg smaae Konebaatar, som er sers greide, naar dei ligg paa Reins-jagt ved Fjellvatni um Sumaren. Eskimoarne lagar seg slike av tvo Teltstenger og 3-4 Skinn og ber deim fraa det eine Vatnet til det andre.

Den einaste «Umiak», som aatte heime i Godthaab, var ein slik lettvint Veidebaat. Det var ein av Lærarane ved Seminaret, ein ihuga Reins-skyttar, som hadde'n. Den vanlege Konebaaten bruka dei fyrr i Tidi ogso til Kvalveiding.

Kajakken (Einmanns-baaten) veg berre 25 Kilo. Den tek Fangaren med seg upp ifraa Strandi, naar han hev bruka'n, og legg'n paa ei Stelling. Men dei fortalde meg, at i Nordgrønland maa dei ha ei tòleg høg Stelling til baade Konebaatar og Kajakkar av Umsyn til dei store, gløypne Sledehundarne. Elles kunde dei koma ut for det, at dei aat upp heile Stasen!

Dei segjer um Kajakken i Sudgrønland, som hev vænaste Formi, at han venteleg er det mest finslege Farty, som finst i heile Verdi.

I ei gamall Skildring heiter det um Eskimoarne og Kajakken: «De seiler om i Skibe, som er tillukkede oventil med Skind, af Frygt for Kulden og Fiskene».

I Kajakken gjeng dei langt til havs. Som ein Sjøfugl huskar dei paa Bylgjetopparne og vert kasta i koll av Brotsjøen. Men Kajakk-mannen reiser seg paa rett Kjøl med Aari. Misser han denne, er det spelegt. Men sume greider i so fall aa reisa seg med Kastetreet paa Harpunen elder til og med berre med Henderne. Naar det er hardt Brim ved Strandi, og han maa til havs, sett han seg i Baaten. Og so tek Kammeratarne, heiter det, og kastar han ut so langt, dei kann - han rullar umkring eit Par Vendor ... snart er han utanfor Strandbylgjorne og set avgarde. Kjem han til eit Nes elder lsfelt, som han maa framum, tek han Kajakken under Armen elder paa Hovudet og gjeng yver det.

Dei tek tidleg til med Kajakk-roing. Forfattaren Dalager segjer: «Naar de blive otte til ti Aar gamle, begynde de at skride til solide Forretninger, og arbeide paa Søen udi en liden Kajak».

Ein gamall Song um Kajakken luar so:

Deris Baaede er langge, smalle oc spisz,
Dog bruger de dennem saa raadig oc visz,
Som Rytter sin Hæst kand rjde.
For offuen der er it hull bereed,
Mand kand sig næppelig sætte need.
Der snøret mand ahn sin Yacke.
Hætten paa Hoffuet oc Aare i hand,
Saa skøtte de huercken Vind eller Vand,
De lader ad Søen lacke.

(Grønlandske Chronica)

Det skal 3 Selskinn til Yverdraget paa ein Kajakk. Han er plent paa Lag som ein Vevskyt og er 8-9 Alnar lang. Umfram Mannen sjølv, som sit i'n, kann han taka umlag 100 kilo (200 u). Med Umsyn til aa halda seg stød i ein slik Baat, so hev det vore likna ihop med ein Cykkel. Ein skulde helst tru, at ein Kajakkmann maatte bikka rundt, berre han naus, elder det kom ei Fluga paa Nasen.

Dei kann koma mykje nærare Dyret med Kajakken, enn me kann med vaare Baatar.

I Kajakken! Det er Sommer -
Teltet staar paa Fjeld ved Fjord.
Havet bruser - Sælen kommer;
Hvalen puster i dens Spor .-.

I Kajakken! I Kajakken!
Rask Harpunen frem i Hast!
Kast nu Vinter-Timiakken!8)
Snør nu Vandskindspelsen fast!

I Kajakken! Bølgen strømmer -
lsfjeldbugten lufter frisk.
Flyv og svøm nu,- raske Svømmer!
Du er baade Fugl og Fisk.

Ingemann.

Baatarne var'kje sers dyre paa Grønland i gamle Dagar. I 1653 kjøpte dei ein Konebaat av Eskimoarne (13 Alnar lang med 8 Toftor) for ein Høyljaa og ein Kniv. (Det heiter elles um Prisarne dengongen: «- jeg kand have et par gode, Vildtmænds Sko for en Synaal, et par Støfler for en Sy-ring eller Fingerbøl»).9)

Den islandske Forf. Sigurður Breiðfjörð fortel, at fire Konebaatar fekk kvar sitt Tòg og tok Skipet paa Slæp innetter Fjorden, av di det var vindstillt. Roarane (Kvendi) song heile Tidi: «Umiarsuit tikipok» («Store Skipet hev kome»).

Det var forvitnelegt aa glytta inn i Eskimohyttorne og sjaa, korleis dei hadde det. Umkring deim er det gjerne Nøgdi med Knokar av Sel og Kvitfisk, FugIehamar og mykje anna. So gjeld det aa brikja med det vesle eskimoiske, ein hev lært: «Igtdlo dagusavara!» (Eg vil sjaa Huset!) Dei smiler paa sin godtokne Maate, men tykkjer visst samstundes, at eg ikkje er meir ærug mot deim enn just til kvardags. Det vilde eg nok gjerne ha vore, men eg var hardnøydd til aa ordleida meg so stutt, som Raad var. Skulde eg ha fare so høviskt fram som ein Eskimoe, hadde eg tvillaust kome til aa «sigla Skuta i Aakeren».

Tingen er den, at Eskimoarne hev Ord for det, at dei er dei mest finslege Folk i heile Verdi. Dei nyttar tidt Vendingar og Umskrivningar so lange som ei Reipar-bana for aa vera visse paa, at dei ikkje gjer Folk tykne. Det heiter um ein Polar-eskimoe, som hadde laant burt Kajakken sin, at han kom sers varsamt fram med det. Han ordleidde seg soleis: «No byrjar eg snart nærma meg den Tidi, daa eg kann henda nok vilde taka til aa lengta etter Kajakken min». Lesarane skynar nok soleis, at Ny-næming, som eg var i eskimoisk, hadde eg all Grunn til aa fara varsamt i Maalvegen. Eg laut vera so lite «godlaaten», eg berre kunde. Di betre gjekk det! Eg ynskte elles, eg hadde vore so flink som Presten, som las upp or det nye Testamentet for Eskimoen, som nikka venleg. Han la Peikefingeren paa Tunga si, som han han hadde strekt ut, og sa paa eskimoisk til Presten: «Du hev ei god Tunga».

Ein kann beint fram segja, at ein Framand lyt setja seg paa Skulebenken ein gong til og læra stava, soframt han vil greida Eskimo-maalet. For det stend i ei Lærebok, at til dømes Setningi: «De maa ikkje tru, at eg skal gaa burt og gjera laakt Arbeid» heiter paa eskimoisk: sennarlugiartorafugissingilaussinga. Og soleis er det hoste lett for ein ikkje-Eskimoe aa koma til aa slaa «Krull» paa Tunga.

Eg maatte krabba igjenom ein lang og myrk Gang for aa koma inn i dei smaae Hyttorne. Inngangen er so lang, av di Vinterkuldi ikkje so lett skal faa sleppa inn. Det vesle Romet der-inne var berre 6-8 Alnar langt og 3-4 Alnar høgt og med ein Brisk i Bakgrunnen, ½ Aln ifraa Golvet. Det er Hovudbrisken. Men elles høyrer ein òg um Sidebriskar og Vindaug-briskar. Hovudbrisk finst det i kvart Hus. Torvtaket var lagt yver Spildror av Rekved, som kjem med Pol-straumen. Dei sankar svært mykje av slik Ved paa Godthaabs-kanten og i heile Sudgrønland vel umkring 200 Famnar for Aaret. Veggjerne skulde etter gamall Skikk vera klædde med Skinn, men her var dei anten berre av jord, elder ogso var det Bordklædning, drege yver med bilæt-prydde Blad av alle Slag. (Dette «Tapetet» nyar dei uppatt ein Gong for Aaret). Di høgare Panelet er, di meir velhalden er Eigaren. Vindaugo var av Glas, og slike brukar dei no yver heile Sudgrønland.

Fyrr hadde dei Tarmskinns-rutor, som var laga av Seltarmar, sydde ihop av mange smaae Stykke. «Igiennem Tarmen af en Sælhund, eller Maven af en Helleflynder, der saaledes tiener dem til Vindue, skinner Dagens Lys inn til dem,» stend det i ei gamall Skildring. Egede segjer, at desse Glasi «ere ganske hvide og igiennem skinnende». Dei nytta ogso Bukhinna aat Selen til Vindaugglas. Slike hev dei enno i Nord- og Austgrønland - med eit ørlite Kikehol midt i ... Der brukar dei ogso paa mange Stader store, flate Kolur av Klebbr (Spekklampor) baade til Ljos, Varme og Koking. Dei brenn med klaar Loge (eit par Tumar høg) og stend paa ein Lampestol av Tre med tri Føter paa. I den hev dei hola ut eit lite Rom, som er Spillskaal for Trani. Sume av desse Lamporne er 1 Aln lange, og Veiken kann vera uvanleg breid, 6-8 Tumar. Han ligg langs med den eine (beine) Kanten av Lampa, som er paa Skap som ein Halvmaane. Veiken er anten av finhakka Mose («Lampemose») elder Ty. Spekket plar dei ofte tyggia, fyrr enn dei legg det upp-i. Dei største Lamporne kallar dei for kutdlek, som ogso tyder «det øvste», dei minste - som var reint smaae - for atdlek «det nedste.» Dei hev dei siste til aa lysa med paa Golvet og i Husgangen. Dei hadde enno mange av dei gamle Steinlamporne i Godthaab. Men dei er gjengne svært mykje utor Bruk, soframt ikkje sume enno nyttar deim, til dømes til aa turka Sjøklædi med. For det gjer dei ved Kangek, eit Stykke utanum Kolonien. Yver Lampa hev dei ei Turke-grind av Tre, og paa den legg dei Klædi. Hans Egede segjer um dei «Vildmands-Boeliger», han kom til, at dei «have god Varme, saa længe deres Lamper ere tændte, og brænder». Men smaae Jarn-omnar og Tranlampor av Blekk er no for det meste, komne istaden i Godthaab. Europæarane der brukar ogso Tranlampor. Dei er av Massing og fyllte med fin Tran av Kvitfisken. «I deres Huse er en slem Stank af adskillig Snuserie», segjer Egede. Eg tykte, det var tòlleg bra i so maate. Men det er vel friskare Sumars-tid, daa eg var der, enn um Vinteren.

Det rettelege Eskimolivet hev fram gjenom Tiderne arta seg slik: Naar Vaaren kom, tok dei Taket av Vinterhytta, so Vind og Vêr kunde gjera reint derinne. No til dags plar dei for det meste berre taka ut eit Glas elder ei Ruta. Og so stuva dei alt det, dei hadde, i Konebaaten og fór umkring paa dei beste Stader for aa føda seg paa ymis Vis og sanka inn Vinterforraad. So flutte dei inn i Vinterhuset att ved Mikjelsmess (29de Septbr.). Det er ikkje slik Flakking langs med heile Havsida lenger, etterat Koloniarne vart bygde. Men enno gjer dei Turar kvar Sumar og liver sitt frie Teltliv paa Utøyarne og inn-i Fjordarne og driv med Veiding og Fiskje og Egg-sanking.

Dei hev Ord for, i alle fall sume av deim, at dei ikkje retteleg skynar, at «Tid er Pengar». Her er eit Døme: Ein Embættsmann der uppe sende eingong nokre Innfødde inn i Fjorden med Baat for aa sanka Fôr til Geit-feet hans. Men dei vart burte i lengre Tid, og dei der heime trudde mest, at det var hendt noko gale. Dei sende no Folk inn til nemnde Stad, og dei fann deim heilskapa. Dei hadde sett upp Telt og svara med største Sinnsro, at daa dei kom inn, var Graset so reint for lite, at dei likso godt hadde bia ei Stund, medan det grodde.

«Dette fagre Landet, og det gjenom gode Folket der», «dette fredlege og venlege Folket», heiter det um Eskimoarne. «Kvar og ein, som hev lært aa kjenna og med same halda av dette Landet og dette Folket» o. s. b. Det er ikkje kleine Skotsmaal!

Dei fortel i Skildringar fraa gamle Dagar, at Eskimoarne var sers venlege mot Europæarane. Dei famna og kysste ein av Matrosarne til Jens Munk. Men han var sagte svarthærd og klumpnasa, som dei sjølve var, legg Forf. til.

«De ere godmodige, og elske deres raae Fædreland høit», stend det òg um deim i ei Skildring.

Eskimoarne er svært glade i Kaffi, og ei Kona der uppe sa til ein utanlandsk Ferdamann: «Fanst det ikkje Kaffi, var det 'kje verdt aa liva!» Naar ein vil hava meir Kaffi paa Grønland, segjer ein «berre»: kavfisorpomagaluarpanga! - «Ja, me vil gjerne laga Kaffi!» er ein liten Smitt lenger, for det heiter: kavfiliorniarumagaluarpugut!

Kaffistova (som dei enno ikkje hadde fenge seg i Godthaab, det er korkje Kaféar elder Hotell der) kom paa eskimoisk til aa heita: (igdlo) kavfisoriartortarfik. Ein Skjemtegauk vilde kann henda strakst segja, naar han saag dette Ordet, at det høver framifraa; det syner, at Eskimomaalet er eit sers «rikt» Maal. For det er greidt, at ei Kaffistova trivst godt der, det er stor Torgtrafikk!

Ein Fangar fraa Godthaabsfjorden kjem inn paa Kaffispursmaalet, av di Europæarane vil ha det til det, at dei Innfødde brukar altfor mykje av denne Drykken.10) Han segjer:

«Dei hev dessutan kome med det Paastandet, at mange av oss Grønlendingar armar oss ut med Kaffi. Det kann so vera, det er tvillaust, at me brukar noko av Pengarne vaare til Kaffi, naar me hev veida eit elder anna. Det er no eingong ei gamall Handelsvara, som me hev vant oss til, og som me tykkjer Mún i. Og eg vil standa paa, at dei Pengarne hev fare vel. For me hev baade Njoting og Nytte av Kaffi. Naar ein hev drukke Kaffikoppen sin um Morgonen, kann ein ro ein heil Dag i Kajakk og vert korkje tyrst elder svolten. Og hev ein gjort ei lang Dagsferd og kjem heim, trøytt og forkomen, kann ein Kopp god Kaffi gjera uvanleg godt. Men det er jo diverre ikkje alltid, at ein hev Raad til det. Naar ein Fangar hev vore uheppen med Veidingi si i dagevis, hev han helder ikkje Raad til aa kjøpa seg Kaffi. Og det merkar ein paa Lona og paa Trotten hans.

Eg hev høyrt Folk segja, at det finst Danskar, som trur, at i tronge Tider kjøper me helder Kaffi til oss sjølve enn Mat til Borni vaare. Det er ei skamleg Lygn. Og det er ei Vanæra for vaare Landsmenner, Forstandarane, at dei nokosinne hev gjenge med paa aa gjeva Kaffien Skuldi for dei harde Tiderne. Det maa vera Folk i alle fall, som ikkje skynar, korleis det er aa asa dagstødt, som kann lasta oss for det, at me er glade i Kaffi og hev Trong til'n.

Kann verkeleg nokon undrast paa, at me ikkje er med Pening, naar me skal nøgja oss med so lite, som Raad er, for Produkti vaare og gjeva so mykje, som Raad er, for dei Varor, me maa kjøpa i Butikken? Me tykkjer stundom, at dei høge Herrarne der heime11) vil lata oss siga i Kne under ei Byrd, som er for tung».

Ein dansk Forf. nemner, at ein innfødd, som hev lagt seg upp 500-1000 Kr., vert rekna for ein velhalden Mann.12)

Som Hjelp til Husbyggjing løyvde det grønlandsk Landsraadet eit Aar (lat oss her kalla deim so) Malakias Enoksen, Napassok, 9 kr. Esaias Matthæusen, Kangek, var meir heppen. Han fekk 10 Kr. Det syner, at det er «storfengt» paa Grønland. Lukkelege Esaias!

Med Umsyn til Innkoma ved Sal av grønlandske Produkt, so vert ho jamt yver umlag 160 Kr. Aaret for ein Huslyd paa 5 Menneskje. Men til dette kjem Umframfortenest. Tek ein denne med, vert Innkoma for ein Huslyd umkr. 200 Kr. Aaret, soleis munaleg større i Godthaab Distrikt enn i Distrikti nord paa.13)

Eskimoarne hev Ord for det, at dei er sers gjestmilde. Ein Kjøpmann, som var Gjest hjaa ein velhalden Eskimoe, nemner Matsetelen: 1) Smaae, turka Sild, 2) turka Selkjøt, 3) kokt Selkjøt, 4) ròte Selkjøt, 5) kokt Fugl, 6) raatt Halekjøt av ein Kval, 7) turka Laks, 8) turka Reinskjøt og 9) Syltety (Krekling, blanda med Goret i Rein-magen og Tran).

«Dette var just ikke min Confect», segjer Kjøpmannen.

Egede skriv: «Det er en stor Berømmelse for en Mand at hans Giæster kand siige om ham, naar de kommer hjem, at deres Mave var for liden og den var færdig at sprække».

Ein Ferdamann kjem med denne Merknaden: «Hadde Vertinna sett Kruna paa Gjestmildskapen sin ved det, at ho let Gjesterne suga Feittet av dei Ærfuglskinn, bo hadde liggjande paa Lager, korleis skulde dei daa ha funne Ord for si Takksemd?»

Matstellet er i det heile sers einfelt: Selkjøt, Spekk, Fuglekjøt, Egg, Erter, Gryn og Ber kokar dei ihop til ei Velling, som dei retteleg godgjer seg med. Det er ogso nemnt, at dei drikk Blodsupa.

Eskimoe tyder: «dei, som èt raatt Kjøt». Og det høver. Reinsskyttarane til dømes èt Kjøtet raatt paa Maasen, og Eskimoarne er i det heile ikkje so kostvande. Spekket likar dei best raatt. Og naar Kvendi heId paa og flensar ein Sel, hiv dei litevetta varmt, raatt Spekk til Borni. Det er venteleg det same som «Sukkergodt» for dei Smaae hjaa oss. Eskimoarne plar ikkje drikka kokt Tran, men vrakar ho ikkje alltid. Nansen fortel, at den gamle Tenestegjenta Rosine i Godthaab ofte tok seg ein «Klunk», or Lampa, naar ho reinska og stellte henne um Morgonen.

Det heiter i ymse Skildringar av Eskimolivet, at Verts-kòna heidrar ein Framand med det, at ho fyrst slikkar reint det Kjøtstykket, ho byd honom. Venteleg er det slik enno - i alle fall hjaa Polareskimoarne og i Austgrønland. For derifraa hev dei mangt og mykje aa fortelja av forvitnelege Tilburdar, jamvel det, at ein Mann rømde ifraa Kona si, av di ho - aat for mykje!

Kvann tykkjer dei overlag godt um bland dei ville Næringsvokstrar. Ho trivst best der, det er vaatlendt, og Stylkarne vert burt imot manns-høge og mesta so tjukke som ein Arm. Dei plar sylta deim med Sel-spekk og gøymer deim i Skinnposar. Ein Forf. (Saabye) fortel, at det gjeng til paa den Visi, at eit Kvende tygg Spekk, sprutar det ut yver Stylkarne og held paa, til ho meiner, det er nok. No ligg dei soleis innsylta ei Tid. Daa vert dei ètne som Knask og halde for retteleg Skjessemat. Ein annan Forf. segjer, at dei la Gryn og Erter i Vatn i Kjelen, og held fram: «Tillige tyggede Kogekonen et Stykke Spæk, og spyttede ud i Kjedlen, for at sætte Fedme paa Maden». Dei èt ogso turka Sel-tarmar og elles Kjøtet av Kval og Bjørn, Hund og Rev. Korp er visst det einaste, dei paa jamnen vrakar, av di han ogso èt or Søpl-haugarne. I Hungers-naud hev det hendt, at dei hev hakka Teltskinni isund og kokt Supa paa deim. Og dei fortel sjølve, at dei hev kokt Supa paa dei gamle Buksorne sine. «I Nauds-tid kann dei liva av Dyreskarn paa Marki», heiter det. Det stend og i ei Skildring: «Eskimoen kand af Mangel paa Næring i lang Tid opholde Livet med gamle Stykker Skind, Tang ved Stranden eller andet saadant».

Ryporne var sers billige paa Grønland. Dei kosta 5 til 8 Øyre, daa Nansen var der, i 1888, paa den norske Grønlands-ekspedition. No var Prisen den sistnemnde. At dei er so billege, kjem seg av det, at Eskimoarne ikkje tykkjer um Kjøtet paa denne Fuglen, men berre Innvòlarne. Tarmarne med alt det, som er inn-i, slurpar dei i seg i eit Drag. Strakst etterat Rypa er teki, dreg dei ut Tarmgangen og èt han som oftast paa Flekken. Og so sel dei Skrotten i Krambudi for nokre Øyre. Rype-innvòlarne blandar dei sumtid med frisk Tran og Ber, og det held dei for «Forkunn-mat.»

Nansen kjem med eit Døme paa, kor godt dei likar Innmaten i Rypa: Eingong var dei inn-i Ameralikfjorden paa Jagt og hadde Eskimoen Joel med. Ein Dag tok Joel seg til aa rykkja ut Innvòlarne paa alle Ryporne, dei hadde skote. Men etter di, det var ikkje so lite yver hundrad, kunde han ikkje eta upp alt der. Han samla difor Resten i ein stor Sekk. Det kostelege Innhaldet i Sekken vart til «Supa», fyrr enn han kom heim. Og han var nok meint paa aa godgjera seg med Slumpen ilag med Ane Cornelia, Hjartanskjæra si! Eg vonar, segjer Nansen, at eg vert orsaka, naar eg ikkje kann greida ut um, korleis denne Retten smakar. Det var den einaste grønlandske Retten, eg ikkje kom til aa prøva. Same Forf. nemner dessutan, at Kjøt, som ikkje er feitt-vore, synest ikkje Eskimoarne vidare um. Difor vil dei t. d. helder ha Sjøfugl enn Rypor. Ei Prestefrua, som baud paa det beste, ho visste, steikte Rypor, merka, at Eskimoarne tok sers lite for seg av det, som var, endaa ho bad deim trutt. Ho spurde daa, unn dei ikkje tykte um Rypor. Jau, svara dei, dei aat deim nok - naar det var Hungers-naud. - -

I Austgrønland (Angmagssalik) veidar dei ogso helst Ryporne og sel deim til dei Framande i Landet. Og fyrr i Tidi vart dei berre veida av Born og i tronge Tider. Rypa finst allstad paa Grønland, baade paa Øyarne og heilt inn-med Innlands-isen. Rettelege grønlandske Skyttarar gjeng berre paa Rype-veiding, naar det kann svara seg i Augneblinken. Elles let dei andre stella med det, halvvaksne Gutar og Folk, som ikkje kann ro i Kajakk, elder Europæarane. Er ein grønlandsk Skyttar paa Reins-jagt, og han raakar paa Rypor, er det sjeldan, han kostar Krut paa deim. Han drep deim daa berre med Steinkast, naar so høver. Europæarane legg Ryporne ned til Bruk for Sumaren elder til Sal. Dei skyt i mengdevis med Rypor i Godthaab Distrikt, serleg ved Kornok og Umanak i Godthaabs-fjorden.

Av ville Ber gøymer Eskimoarne Krekling ilag med Spekk.

Matprisarne var ikkje sers høge der-uppe. Laks paa 2-3 Kilo vart betala med 10 Øyre Stykket. Reins-kjøt med 12-16 Øyre for Kiloet, stor Havtorsk 10 Øyre Stk. Og Kveita baud dei fram i Kolonien Sukkertoppen for 6 Øyre Kiloet, fortalde ein, som hadde vore der i seinare Tid.

Prof. Nordenskiöld merka seg det, at dei Innfødde tykte overlag godt um Sviskor, Fikor og Rosinor. Han nemner eit Døme paa, kor freistande dei var: Eingong, daa han hadde gjort upp med Roarane sine etter ei lang Baatferd, skunda den eine seg og kjøpte Rosinor og Fikor for alle dei 14-15 Riksdalar, han hadde tent. Og so aat han upp heile Stasen med det same. Verknaden Dagen etter er lett aa skyna, legg Nordenskiöld til.

Med Umsyn til Person-namni hjaa Eskimoarne, finn ein mange Att-gangarar fraa det gamle Testamentet. Korkje dei store elder dei smaae Profetarne er gløymde. Med Tillegget «sen», vert Namni t. d. Barnabasen, Efraimsen, Titussen, Labansen, Noasen o. s. b. Av Fornamn kann nemnast Lazarus, Malakias, Esekiel, Filippus, Hoseas, josias, Jehu, Æleasar, Boas, Gideon, Moses o. l. Elles hev dei alle eit Tilnamn, som dei jamnast brukar, t. d. Hans Onarak (dvs: vesle Stump) og Hans Serssuak (dvs): store Hans).

Det stend i ei Skildring, at naar Gjentorne hadde naatt 14 Aar elder meir, tok dei til aa setja Pris paa seg sjølv. Dei vaska daa ender og gong Haaret sitt og Kroppen elles i - Urin. Det var, av di dei skulde «tevja som Jomfruor». Daa dei perleprydde Droserne dessutan vaska Pelsarne sine i sovore Vaskevatn, stod det ein helder «ram Tev» av deim. Dei Innfødde garvar Selskinni i Urin og tygg m. a. Fugleskinni, so Feittet kjem burt. Mange Kvende hev difor svært slitne Tenner.

Gjentorne hev eit raudt Band kring Haartoppen, Enkja: svart (hjaa Herrnhutarne fyrr i Tidi): kvitt, Kona: blaatt og eit ugift Kvende med Barn: grønt. Soframt Enkjorne ynskjer aa gifta seg uppatt, blandar dei gjerne litt raudt i det svarte.

Eg var lova Plass attende til Danmark med Handelen sitt Skip «Godthaab», som dei kunde venta i Kolonien alt den 20de juli paa Vegen ifraa Nordgrønland. Det var soleis knapp Tid. Og etter di, eg var meint paa aa sjaa i alle fall litt av Vestre Bygdi, vona eg, at me snarast maatte faa godt Vêr, so me kunde koma inn i Fjorden.

Den 7de juli utpaa Eftan var det fint og solblankt, og me tok til aa reida oss ut til Turen inn til Ujaragssuit, vel umlag 14 norske Mil inn-i Landet. Der vilde eg faa Høve til aa sjaa dei mest forvitnelege Atterstødor etter Nordmennerne, som finst i den gamle Vestre Bygdi. Midt i det sterke Solskin skifte det paa med Snøelingar, so det bragla for Augo - ei underleg Syn høgste Sumaren! Men elles saag det i det heile godt ut. Avferdi fastsette me til Dagen etter um Middagen, soframt Vêret var nokolunde laglegt.

    Noter:
  1. Tyteber, Mikjelsber, Krekling, Eineber og Moltor finst paa Grønland, men Moltorne vert sjeldan mogne.
  2. «Efterretning om Rudera eller Levninger af de gamle Nordmænds og Islænderes Bygninger paa Grønlands Vester-Side, tilligemed et Anhang om deres Undergang sammesteds». Kbhvn. 1776.
  3. Av igdlo: Hus og ssuak: stor, i Fleirtal ssuit.
  4. I Christianshaab Distrikt er det ein Stad, som heiter Island.
  5. Ved Buplassen Ikarissat, sunnanfor Godthaab, var det i 1919 berre 2 Elevar og ved Karusuk 1.
  6. Han sende meg eit Riss av Godthaab, som han sjølv hadde gjort. Dessutan eit Fotografi, som Hr. Rink hadde teke av honom, segjer Bluhme.
  7. «Ja».
  8. Den lòdne Underpelsen.
  9. Mc. Clintock, som fann den Staden, der Franklin hadde late Livet, raaka tvo Eskimoar i den uhorvelege Kulden. For eit Par Synaaler bygde det strakst paa Flekken eit tett og lognt Hus (Snøhytta) til honom, og der var del i lag um Natti.
  10. «Atlanten» 1907 («Breve fra Grønlændere, samlede og oversatte af Knud Rasmussen»).
  11. Han meiner: i Danmark.
  12. W. Thalbitzer i «Atlanten» Nr. 49, 1908, s. 423.
  13. I «Grønland i 200-aaret for Hans Egedes Landing», Bd. II, s. 225.
Utdrag (s. 16-44) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen