Heimlege tonar

Dikt

av Hans Reynolds


Vakning
Oberst H. Angell
Attreising
Ved baara aat ein ungdoms-førar
Tele-mars
Høgskotten
I Haakonhalli
Jolenott
Bjørnstjerne Bjørnson

Vesterhavsøyarne:
I Hólakyrkja (Island)
Fram, Isafold
Sólskrikjan (Snjofuglen)
Vesterhavs-landi
Til Hjaltland
Kyrkjevaag (Orknøyarne)
Suderøy
Kongeriket Man
Dr. Doulglas Hyde
Baahuslen:
Baahuslen (Viken)

Vesterheimen:
Kyrkja paa præria
Nordmanns-laget
15de regiment Wisconsin friviljuge
Den syttande mai i Amerika
Til «Dovre»-gutarne fraa Minneapolis
Olav Moe i nordvesten
Farvel til Vesterheimen!
-
Til val!
Oberst Stang
Heim med siger!

Vakning!

Ved Blix si baara eg undren stod,
eg vakna - og skyna dei menn,
som gjeng i brodden med hugheilt mod
og eldfullt for maalet brenn.
Høgt vyrdar eg Aasmund fraa Telemark
og Ivar fraa havstrand i vest,
dei saadde av kjærleik, men hausta spark,
og mugen han ropa: krossfest!

Dei stridde hardt mot ein skynlaus hop
og snobben i silke og gull,
no stend det forbisna, det «fine» kop
og ottast «familien skrull»
- Ver helsa, du heimlege tungeslag
i skule, kyrkja og ting,
du likjest vaart att'-vunne, reine flag
med heilnorske fargar i sving!

Oberst H. Angell

Det stend ein herklædd mann ved Norigs merke,
du ser han fremst ved stongi, høg og rak,
ein vaken kar, med augo kvasse, sterke,
han stridde trufast for vaar norske sak!

Han loga som ein varde yver landet
og kveikte eldhug hjaa so mang ein mann,
han vilde heiIsIeg ut or træle-bandet
og synte veg med verja høgt i hand . . .

Ja, midt i vesaldom og dovnings-tider
slik einskild mann hev daa sitt store verd,
han vekkjer folket - skrida gjeng umsider -
han legg det skarpe staal i vaare sverd.

Me helsar deg med vyrdnad, stridstmann gjæve,
du gav oss av ditt rike hjartelag,
du lærde oss mot høge maal aa stræve,
imot vaar store, sanne fridomsdag.

Og difor takksamt mangt eit hjarta bankar
i hus og hytte, i den minnste krok,
du vilde ha oss burt fraa husmanns-tankar
- Ditt namn stend gyllt i Norigs soge-bok!

Attreising!

Eit høgfjellt land me fekk av vaare feder,
ein herleg heim, um enn han ligg i nord,
med solvarm sumar, jøkulkalde breder,
med ljose kveldar kring i dal, ved fjord.
Det trakka vart, det hadde tunge stunder,
det laag i trældom gjenom hundrad aar,
men folket vakna, vilde ei gaa under,
og att det tok sitt fridomsbrev ein vaar!

Det susar sagte i den norske skogen,
ein fjerrleg sus, men lell paa heime-maal,
og lenge maa me enno gaa bak plogen
og kjenne saknad, hava bie-tol.
Do uraad er det dane-tunga berga
i Norigs land, ho veiknar dag for dag,
og dei, som freistar henne enn aa verja,
del ser, tiltopps det glid vaart norske flag . . .

Ja, berre bi, han renn nok eingong dagen,
daa orga tonar for sitt fulle verk
og fyller domen nord i Trøndelagen
med fagre minne um ei forntid sterk.
Aany vert nordmenn vyrd, naar norsk dei talar,
vaart land skal likjest det, det fyrrmeir var,
daa fedramaalet klang i høge salar,
og flaget Norigs gamle fargar bar!

Ved baara aat ein ungdoms-førar

Tungt aa samlast ved di kista
- du, som var so ung, av aar -
fagna-gut me her hev mista,
frendar kjenner saknad saar.
Att me stend i sorgfullt lag,
hav takk for aIt fraa fyrste dag!

Glødde for mor Norigs æra
- vyrd som fyrr i gamall tid -
fridoms-merket fram aa bera
var for deg ein heilag strid.
Graset grønkast i ditt spor,
sov tryggt, vaar ven, i heimleg jord!

Tele-mars

«Fram, norske gutar, fjøllgutar fram!»
Telemarks nutar inkje til skam!
lyd paa musikken, strake i takt,
eIdgamle skikken: fana treng vakt!

Fri vil me vera, um me er faa,
det skal dei læra, røyner det paa;
fram, so det munar, rifla til kinn,
skyt, so det dunar, Rauland og Tinn!*

* Prøv fyrste halvparten av Norsk jægermars

Høgskotten

(Minne fraa Edinburgh Castle).

Sjaalegt fraa dei stolte bastionar . . .
Bretlands «Roma» ligg her for min fot;
fraa kaserna sekkjepipa tonar,
set i høglands-guten hermanns-mod!
Byrg han er av ervde fedra-bunad
- «bondeklædd» gjeng tidt ein bymanns son
i sin heim, ved gjestebod og truna
og i kvar ein gamall bataljon.

Enn i æra held dei Skotlands løva,
raud ho stend som fyrr paa gyllte grunn,
den fekk ingen skamdjerv uven røva,
enn ho hev si kvasse tonn i munn.
Skotske folk, du kann ein ting oss læra,
agta eiget maal og eigi sed,
slaa oss fram til det, eit foIk skal vera,
um me so skal velja strid for fred.

l Haakon-halli!

Store minne
sviv herinne
- runer paa vaart soge-blad -
lurar tona,
skjoldar ljona,
horpa lèt, og skalden kvad,
elden braga raud paa aaren,
sløkkt er no kvar kjerte-rad . . .

Men naar dagen,
skarlaks-bragen,
sig i vest paa gyllte sky,
ut mot vaagen
kjerte-logen
blikrar klaar og mild paany
- drotten drøymer stillt ved fjorden,
skodar yver Bjørgvin by.

Vidt han raadde,
langt han naadde,
ser han nøgd sitt land idag? . . .
Tunge tider,
reist umsider
etter tvil og nederlag,
stolt med krossen høgt mot Norden
dómen stend i Trøndelag!

Norrøn tala
du skal hjala
atter i kong Haakons hus . . .
ungdom sterke,
heis til merke:
Norigs gamle maal or grus!
Fram - lat fridomsduken svaga
sigersæl i soge-sus.

Jolenott

Stjerna stod ljos yver Bethlehems stad,
der barnet i krubba laag,
hyrdingen fæltest - men undren og glad
englar i skyi han saag:
Æra vera Gud i det høgaste!

Lydde til bodet fraa himmelkor
den heilage jolenott,
fager var songen: Fred paa jord,
helsing fraa Herren Drott . . .
Æra vera Gud i det høgaste!

Eldgamle soga - alltid ny
aa, slaa i kvart menneskje ned,
eingong yv' hjartløysa dagen vil gry,
dagen med rettferd og fred . . .
Æra vera Gud i det høgaste!

Bjørnstjerne Bjørnson

Det stend eit herskip imot nord
med brim kring sterke pansar-bog,
og helga-stillt det er umbord,
det susar sorg i mast og tòg . . .
ein hovding døyr paa framand strand
- og sigler mot sitt fedraland.

Og fram det stig med bred og tind,
med kyrkjeklokkur - upp mot Gud,
med ang av skog i vaarleg vind
og flagget, som han fridde ut,
med æreskot og tonebrus
fraa gamle, stolte Akershus!

Dei har sin hovding stillt i land,
her var det fred, her var det hamn
dei syrgde paa sin merkes-mann,
og mor tok sonen byrg i famn . . .
Um djerve kjempa fraasegn gaar,
han skapte Norigs folkevaar.

Vesterhavs-øyarne

I Holarkyrkja

(Island)

Stillt og skumt det er herinne,
men eit heilagt ljos i brand;
Vern um dyre fedraminne,
vakt um rett for Gunnars land.
Eingong gyllest vel kvar rute,
kolven losnar og gjev slag,
«Lika-bøng» - som storm derute -
helsar Islands fridomsdag!

Fram, Isafold!

Dei trugar oss dernede ifraa det flate land,
paa sønerne av fjellet vil dei leggja muleband;
men kvar ein frilynd nordmann han svarar med ein smil
du skulde vel'kje minnest ei vinternott i Kiel?

Du skulde vel'kje hugsa, korleis du daa gjekk fram?
Heruppe stend me samde og kallar det ei skam,
og dei, som bur paa øyarne, du skilde oss ifraa,
dei elskar enn sitt moderland med tinderekkja bIaa

For, folket vest i havet, det er av norrøn rot,
og saart og tungt det stunder ein reisningsdag imot,
det krev sitt eiget styre der paa si eigi strand
og inkje dine sleipe, «u-uppsegjelege» band.

Fraa Norigs frie nutar me ropar Island til:
statt vakt mot dane-veldet, det veit nok, kva det vil;
me røynde her eit «samband» i hundradvis av aar,
og myrk for kvar ein nordmann stend dansketidi vaar.

Eit ynskje brenn i bringa: tillukka frende-tjod!
lat dane-klokka svinga, det er ein framand ljod.
Hans hèrrop*: «Aldri vika!» i faneduken sett,
daa vil du inkje svika, men fram for IsIands rett!

* Jon Sigurdssons.

Solskrikjan

(Snjofuglen)*

Tidt minnest eg songen so yndeleg, rein,
soni lét yver viddi fraa lauvklædde runnen,
du sat der um notti og kvitra paa grein,
du tirla so vænt paa den snjotekkte grunnen,
og kveld etter kveld so var ljoden din eins,
den tonen so fager til hjarta er bunden.

Men fjerr er no songen din, snjofuglen min,
og sumar og gleda og dagarne blide,
eg lengtar so tidt mot ei ljodbaara fin
der inne fraa viddi i vaarnæter fride,
ho kling meg i øyra, naar kveldstjerna skin
- for heimen er best av all verdi so vide.

*Fritt umsett fraa islandsk.

Vesterhavs-landi

Ja, no vil eg fara «i vester-veg»,
no heisar eg seilet i raa!
Eg veit, du i tanken vil fylgje mitt steg
derute - ved havbylgja blaa.
For enn finns det nordmenn paa Orknøya-kyst,
og Norig aa prisa det er dei ei lyst;
skal tru, um me inkje kann knyta eit band
paany med vaar frende i «Torv-Einars» land?

Aa, kom, lat os freista eit sovore tak,
kannhende det kostar litt strid,
men sett no, det lukkast, ei nystidning bak
for Norig i aalvorsam tid!
Dei gjekk dit paa handel dei gamle fyrr oss,
dei sigIde 'kje vester, for berre aa slaast;
kven veit, kva som kjem, naar ein berre gjeng fram
- me stemner kring verdi og inkje til skam!

Og no vil eg fara til Kyrkjevaag
- det namn gjev i soga vaar ljom -
der Haakon han døydde paa Vesterhavs-tog,
og reist er St. Magnus sin dóm.
Han stend der og minner um nordmanna-to,
um tjørebredd langskip med magt yver sjo . . .
- Ja, samla stend Norrøna-ætti ein dag,
um moderlands-klokka ho kallar til slag!

Til Hjaltland!

Du øyland langt derute
i ville vestersjo,
der mang ei norrøn skute
for stormen søkte ro,
du hyser frende-tankar,
ja, syner samhug stor,
for Norig hjarto bankar
enno paa Hetlands jord!

Du stig med grøne vollar,
høgt peikar Ronas tind,
mot bratte berg og kollar
slær Nordhavs friske vind;
vil nokon hamn seg finne
i sprøyt og maakeskrik,
Haarfager hev sitt minne,
styr inn til HaroIdswick.

Ja, gjeng du inn paa strandi,
til fiskarhytta laag,
dei tek deg traust i handi,
so du vert varm og fjaag,
og skulde du deg vende
mot Lerwick - kjem du dit,
daa hels ein trufast frende,
som bur i Magnus street.

Me glade vert, naar traai
ho stend til Norigs fjell
med seglet spent fraa raai
og norskdom under tjeld;
lat broderbandet bindast
- hugs, sterkt det eingong batt -
me forne tider minnast
og finn kvarandre att!

Eingong kring Haakons merke
alt Norig samla stod,
daa var her gutar sterke
med magt og mannemod,
slikt kann vel hugen mana
til daad ein dag paany,
breid ut kong Haakons fana
og lyft ho djervt mot sky!

Eigna William W. Ratter, Esq., Lerwick.

Kyrkjevaag

Orknøyarne

No styrer me inn til den gamle stad
med dómen mot kveldraud sky,
so væn han ligg der ved soleglad
den heilage Magnus sin by!
Kor fagert eit øyland i «Vesterled»
dei gutar fraa fjordarne vann,
ja, daa stod det age av Norig med,
so snart som det lyfte si hand!

Eg gjeng her aaleine den ljose nott
- eg trør paa ein sogerik grunn -
og minne fraa forntidi vaknar braadt
og kviskrar med livande munn . . .
Bonde fraa Agder, det stend ditt verk
og straalar yv' daud og grav,
taarnet seg teiknar mot himlen sterkt
- synberrt fraa ville hav!

Songen stig fager mot kvelven idag,
klokkune timar i kor,
orga gjeng mildt og med drøymande drag
- veldig var dómen i Nord!
Magti skiplast og landgrensor med,
men forntidi gløymest 'kje lett,
frendarne vaare til seinaste led
dei minnest si mor og si ætt.

Røder so tidt um den gamle tid,
daa Haakon i viking fór,
kom ifraa vest fraa ein blodug strid
og slokna paa Orknøys jord;
fikta for Norig av hjartans grunn
som hovding og heilrend kar,
seig so inn i den siste blund
i Kyrkjevaag bispegard.

Sveipte sin konge i kvite lin,
sorgfulle, jarnklædde menn,
sette han framfor St. Magnus's skrin,
der kjerte-ljos stille brenn . . .
fylgde um vaaren sin herre paany
til heimlandet nord i hav,
alle Bjørgvins klokkur i sky
ringde kong Haakon i grav!

Helsing fraa Norig, du eldgamle stad,
fraa frendar, som vyrder ditt namn,
landet, der tindarne blaanar i rad,
og langskipi duva i hamn.
Olavs-dómen i Nidaros
skodar mot Orknøy enn:
dotter-kyrkja - den væne dros -
byggde dei norske menn!

Suderøy!

Vest det ber ein sumardag,
sjøen han er blank og blaa,
skuta ho hev BretIands flag,
inkje vaart med krossen paa
- leidi her dei kjende godt
Haakon gamle, Magnus drott!

Øy i øy og tind i tind . . .
ligg lcolmkill i vaar kos -
kjem med drag av morgonvind
helsing heim til Nidaros?
Hovding fraa vaar forntid stor
kvil deg her i heilag jord.

Høyrer enn fraa folkemunn
gløymt er ei vaar sogebok:
«Her var eingong norrøn grunn,
Harald konge landet tok!»
ljoshærd møy med augo blaa
du herute enn kann sjaa.

Her dei rauste feder fór,
slo for Norig mangt eit slag,
synte dug og framferd stor,
so det kveikjer oss idag.
Suderøy og Sumarlid
- Minne fraa vaar stormagts-tid!

Lewis - Norigs vestre vagt -
fyrr enn brøytet det kom paa . . .
Lyder landet framand magt,
norrøn hug det hev endaa.
Gode frendar, mann og møy,
Norig helsar Suderøy!

Kongeriket Man

Fagre øyland vest i hav
- dyre ættarminne -
runestein paa kjempegrav
der du enn kann finne.
Sjøen gjeng mot bratte brun,
skumar villt kring Holma-tun*
dómen - eingong full av ljos
sokna under Nidaros!

Forntids-tankar strøymer paa
- tung var Norigs lagnad -
drakeskip med segl i raa
vidom daa vart fagna.
Fram dei gjekk med djerve steg
norske menn i vesterveg,
søv i haugen etter strid,
manar enn vaar nye tid.

Mang ein gasta norrøn kar,
klædd i staalblaa brynja
- Man - di kongekruna bar
byrg med magt og mynja.
Gudfrød konung, Olav drott
døydde i ditt gamle slott.
Folket minnest deim enno
i din litle by ved sjo.

Møter paa sin tingvoll enn
- norrøn sed til æra -
segjer: «Me er norske menn;
frie vil me vera.»
Vesle Man, eit «heil og sæl»,
Gjev ditt folk maa liva vel.
Takk for trufast fedra-and,
helsing fraa det gamle land!

no fiskarbyen Peel. Der er ei dómkyrkja fraa den gamle norske tid.

Dr. Douglas Hyde

(Føraren for det irske maal-folket).

Helsar med høgvyrdnad hovdingen sterke,
kvasst han i stridsdunen slo for si sak,
modig han møtte med Erinn sitt merke,
mana sitt mannskap til trufaste tak.
Horpa, som aatte den heimlege tona,
ho skulde tagna, det trudde dei visst,
daudstilla raadde - nei, ingen som vona
- daa tirla vaar-fuglen fagert fraa kvist!

Veik-ætti vakna or langvorne dvalen,
lydde til luren: For fedra-maal fram!
hurra-rop høyrdest fraa hytta i dalen,
reinska oss vil me for hundrad-aars skam.
Fjell-elvi voks og gjekk breid imot havet,
brøytte seg baus inn i krikar og krok,
kaldfliren kulsa, for klaart var det, kravet
- krefter, dei kuar, kann koma paa kok.

Helsing fraa Norig med høgfjell og nutar,
hugheile førar for folket der vest,
framgong det ynskjer deg norsklynde gutar,
strævet ditt skynar me, kanskje som best . . .
Horpo ho enno paa heimemaal talar,
glimar i gull i det friskt-grøne flag,
vern det, du ungdom i irlendske dalar,
høgt lat det ljoma: Erinn go bragh!*

*Hurra for IrIand!

Baahuslen

Viken

Gamle lut av Norigs land,
hadde hug te sjaa di strand,
sogerike Oddeval,
der den djerve Dagsson fall,
og med GyIdenløve fram
nordmenn gjekk forutan skam.


«Norges crones lehn og slot»
soknar under framand drott,
landet, langt som eg kann sjaa,
helsar no det gule, blaa.
Ageleg - i minnesus -
drøymer stolte Bagahus . . .

Kongahell, du vyrde stad,
saag vaar store hovding-rad,
helsa deim med klokke-klaang
naar dei gjekk til ottesong;
lengst er morkna deira bein
- kviler under bautastein.

Norsken drakk det beiske brygg,
dansken varna godt sin rygg,
Barfots-løva djupe saar
fekk dei myrke hundrad-aar;
men ho reiste seg aany
gjenom blod og vaapn-gny.

Helsar Vikens folk idag,
um dei heisar framandt flag;
Danmark tapte, Norig vann,
miste lell Vikverja-land . . .
Norig det er stort endaa,
fram, mitt folk, gakk hugheilt paa!

Vesterheimen

Kyrkja paa præria*

Du stend der og manar med spiren mot sky,
i storm og i stilla, ved kveld og ved gry,
me skynar din strid, du er fana for deim,
som rudde der vester, men minnest sin heim.

Naar klokka di ringjer um jolekveld,
det er som ein lengt imot Norigs fjell,
aa, gjev ho 'kje misser si norske saal,
men talar til folket paa heimlegt maal.

Ja, gjev ho 'kje misser sin norske ljo'
men tonar, so klaangen driv heim yver sjo . . .
for enno so brenn det i bringa ein brand,
han logar for Norig paa Vesterheims strand!

Tone av Kristian Wendelborg.

Nordmanns-laget

(Til det norske folk i Amerika).

Daa nyst det spurdest um Norigs rett,
daa stod du samla i fylking tett.

For mod i barmen eg veit du har,
og kraft du gav til vaart lands forsvar.

Me stola paa, at du inkje sveik,
daa Norig røynde den harde leik.

Me visste, galdt det vaar gamle mor,
det kom ei skuta inn Oslo-fjord.

Me visste, galdt det vaart fedraland,
inn seig eit langskip med mange mann.

Med sterke gutar, med mat og ty,
med gode vaapen og rop og gny.

Med eld i auga for fridoms sak,
som varg i skogen, paa lina vák.

Du kann 'kje gløyma det gamle land,
um vest du bur, paa ei framand strand.

Dei barne-minne dei kjem so tidt
og vekkjer lengting i hjarta ditt.

Slaa bolt i brui, knyt band i dag
og skip eit dugelegt «Nordmanns-lag»!

15de regiment Wisconsin friviljuge*

(Chef: oberst Hans G. Heg).

Du hev ditt namn i soga
- det syner nordmanns-mod -
hin dag ved Chickamauga**
du skreiv det med ditt blod.
Der sambands-stjerna vinka
sitt: fram! i duken blaa,
og skoti small og blinka,
du gjekk til dauden paa!

Og fremst, med glod i bringa,
dei saag ein urædd kar,
si verja høgt han svinga,
dei «graa» fekk jamnan svar!
Sin vesle flokk han mana
til strid paa blodutt braut,
dei slost for rettferds fana
og storma, stakk og skaut.

Dei stupte tungt paa tuva,
og mangt eit auga brast,
han sveiva kvàt med huva:
stødt fram! det høyrdest kvasst.
Med mod han reid i téten,
der leiken gjekk som best
- daa tona saart trompeten,
og dauden kom som gjest . . .

For rett hans hjarta loga,
i slaget var han mann
- hin dag ved Chickamauga
og ved Stone Rivers strand!
Lengst fridomsstjerna smiler
yv' gravi, laag og frid,
der helten tryggt han kviler
i haugen, fri for strid.

Vel møtt, daa, «gamle-gutar»,
i «Minnehahas by»!
Det folk fraa Norigs nutar
tidt auka gamalt ry.
So lenge nordmenn finnest,
og Vesterheim er kjent,
med heider vil du minnest,
Wisconsin-regiment!

*Til veteran-møtet i Minneapolis 13. aug. 1906.
**uttale: Chickamaaga.

Det norske regiment «Femtande Wisconsin» var med i innanlands-ufreden og gjekk i krigen under eit norskt flagg, som det fekk i Chicago ved avferdi. Kompani A kalla dei for «St. Olafs rifles». I slaget ved Chickamauga i Georgia d. 19de septbr. 1863 vart meir enn halvparten av regimentet drept elder saara. Generalmajor W. P. Carlin sa, at «betre regiment saag eg aldri i slaget».
Chefen for «Det 15de», oberst Hegg, var fødd nær Drammen i 1829.

Den 17de mai i Amerika

So er du atter runne,
vaar dyre fridomsdag,
og Norigs rett er vunne
forutan blodugt sIag.
Men bakom berg og nutar
dei laag med rifla vakt,
for enno norske gutar
tord' traassa framand magt!

Du vilde trælka landet,
du kaute «adelsmann»,
daa rauk det slitne bandet,
og nordmanns-mod du fann.
I Barfots raude fana
du ser ei løva god,
som enn kann norsken mana,
der gyllt ho stend i blod.

Det gamle landet gløyma,
som stødt i hugen er?
Nei, maalet vil me gøyma,
for norskt vaart hjarta slær!
Sjaa Norigs vimpel vagar
i vinden frisk og fri
«den signa millom dagar»
- Clasp hands across the sea!

U.S.A. 1906.

Til «Dovre»"-gutarne fraa Minneapolis*

Velkomen til Norig - me ynskjer som best -
velkomen til «Porsblomens by»!
Di ferd gjenom landet, du broder fraa vest,
vil knyta oss saman paany.
Din tanke er stor, og me skynar han godt:
her samband skal verta «um inkje so braadt»;
natturi stend prydd til høgsumarfest
og helsar dykk alle som gjest.

Daa Norig, i trældom, slog ring um sitt flag,
og aalvora laag yver land,
daa hundradaars stengsla vart sliti ein dag,
og «Gamlemor» trong, ja, kvar mann,
daa synte dei frendar, som langt var ifraa,
at duken den raude med blaakrossen paa,
den vilde dei verja av hjarta og saal
som nordmenn - med sylv og med staal!

Eit «lukka paa ferdi» og takk for ditt verk,
ber helsing til Vesterheims strand:
enn Norrøna-ætti er vaki og sterk
og elskar sitt steinutte land.
Ja «Einig og tru, til Dovre fell!»
- dei gamle paa Eidsvoll sitt ord -
i broder-ring stend me, til Norigs held,
kvar nordmann paa heile vaar jord!

Daa songar-laget vitja Porsgrunn.

Olav Moe

(I Nordvesten).

Du er som ei helsing fraa norsk nattur
- naar fyrst du fær bogen i drag -
daa minnest eg bjøllur og fossedur
og ungdom i leik og i lag! -
Daa høyrer eg lokking fraa sætervoll
og bekken med sildring og brus,
ja, atterljod svara fraa høgaste koll
og skogen sin heimlege sus . . .

Eit Ny-Norig, berga or hundrad-aars mein,
som vyrdar sitt eldgamle maal
i skrift og i tala, i stokk og i stein,
det naar me - men berre «gjev tol».
For atterreist Norig i skaldskap og dug
i tonar, i fargar, i nordmanna-hug
der stend «Olav Valdris» med fela i hand
og kveikjer ein elsk til vaart ovfagre land.

U.S.A. 1906.

Farvel til Vesterheimen

Siste strime - langt derinne -
sig' i rosur, gull og blod . . .
attum ligg eit fagert minne
Vesterheimen var meg god.
Gjestmildt folk og væne grender,
heimlegt kvart eit andlitsdrag,
helsing eg aat Vinland sender,
stort var hennar hjartelag!

Utferds-lengt fraa gamle tider -
- Leif med handi yver bryn -
bryter veg, traass tunge strider,
viking-ætt i hug og syn.
Men um vest dei stamnen vende
- inkje stødt med smil umbord -
djerve menn og staute kvende
minnest enn si fedrajord!

Minnest enn sitt heimlands tindar,
høge, morgongyllt mot sky,
duken raud for friske vindar
fløyma yver bygd og by!
Fridoms-elsk og eld i bringa,
kjem vaart land i naud ein dag,
vil dei beint i kne oss tvinga
- gløymt er inkje Norigs flag!

Daa vil hundrad skutor duva
vestatt inn mot «Nes» og Stadt:
Gamle Norig! - Av med huva!
Guten heit og harm ved ratt . . .
- Difor ei i myrkret famla,
alt so tek det til aa gry:
Fram, ja, fram, imot eit samla,
sterkt Norrøna-folk paany!

Siste strime -: Gode frende,
lat oss knyta broderhand!
Me er smaa - so mangt kann hende -
verne Gud vaart fedraland!
- - -
Tidt ho kjem i mine tankar
viddi vest ein solraud kveld . . .
Hjarto der for Norig bankar,
takk daa, Vesterheim - farvel!

Til val!

Det lakkar imot val paany,
og no det gjeld ei merke-sak.
Fram alt, som bid i bygd og by
med vidsyn og med ryggen rak!

Dei stogga vil for aar og dag
vaart væne maal i vokstren frid,
dei bur seg paa eit hovudslag
- som fyrr mot heimleg aand i strid!

Paa eine sida mykje gull,
men liti tru paa Norigs magt,
og beint imot, med barmen full,
han Aasmund bleik paa vardevakt.

Oberst Stang

Siger-trygg ved Norigs merke
du i laake tider stod,
gav oss av di tru, den sterke,
so det gauv i bringa mod;
ørneaugo kvasst fraa tinden
vakte yver motmanns maal,
flagget leikar fritt i vinden -
- takk for viIje, jarn og staal!

Namnet straaler i vaar soga
- bauta syner, kva du var -
gjev det stødt maa for oss loga,
minne um ein heilstøypt kar;
ungdom stolt vil gravi pryda
junidagen kvart eit aar,
aust der kann dei slik det tyda:
Fridomselsk i Norig raar!

Heim med siger - !

Heim med siger skal du svinga
eingong trugne, norske vakt,
offerhug og elsk i bringa,
ingen stend for slik ei magt!
Aasmund Vinje - høyr i dalen
raader «Maalet hennar mor»,
strøymer vaarfrisk inn i salen,
der du sit ved hovding-bord . . .

Mang ein varm og ærleg vilje
stridde for vaar store sak,
stupte bleik og trøytt paa tilje
- myrkt framfyre, myrker bak . . .
Men fraa unge bataljonar,
som vil Norig fritt for skam,
mannleg merkesongen tonar:
Norske fana, du skal fram!

Hans Reynolds: Heimlege tonar : dikt. - Oslo : Tvedte, 1911. - 56 s.
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen