Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Norrøna-Stemna paa Voss - «Norrøna Stevnan» paa Færøyarne

av Hans Reynolds

Tanken um aa knyta aandelege Band med Skyldingarne vest i Havet fengde i den norske Ung, domen, og i 1908 vart 100 Færøyingar bedne til «Noregs Ungdomslag» si Sumarstemna paa Voss. Det var fyrste Norrøna-Stemna. Meir enn 5000 var til stades.

Her tala Høgskulestyrar Lars Eskeland um «Norrønt Samliv» og Professor Hægstad um Island. Moren, Gjelsvik og Angell heldt ogso Foredrag. Færøyøingen M. A. Winther, Formann i Torshavns Ungdomslag, og J. Patursson bar fram Takk og Helsing ifraa Færøyarne. Dessutan var det Song av Faerøya, Songlaget og Færøydans og Kvæde. Ein av dei færøyske Songarne «Heilsa til Noreg» gjekk paa Tonen «Millom Bakkar og Berg utmed Havet».

Den færøyske Diktaren H. A. Djurhuus hadde skrive ein væn Song, «Kvøða til Normænnin», som han las upp paa denne Stemna. Songen var paa 20 Vers. Det heiter der:

Skiltust enn Oyggjarnar Noreg frá -
vit eru av norskari Rót,
og væl tað høvir seg okkum tá
at minnast á gamalt Grót1)

Tí aldri bresta tey Ættarbond,
sum binda Oyggjar til Lands,
so leingi sum Stormuren dunar tun Strond,
og Bylgjurnar treða tann Dans.

Djurhuus er av Skalde-Ætt. Det er Lang-Godfar hans, som hev gjort det vidgjetne Kvæde «Ormurin Langi», som Færøyingane syng og dansar so mykje.

Islendingen, Læraren og Forfattaren Helgi Valtýsson, tala ogso paa Stemna. Han er ein god Noregs-Ven og hev gjenge i Brodden for den islandske Ungdomsrørsla og m. a. umsett islandsk Dikting til norsk og «Svartfjellsonerne» av Oberst Angell til islandsk. Han bar fram ei varm og fager Helsing fraa Island og vona, at Færøvingar og Nordmenner eingong maatte faa Høve til aa samlast med Islendingarne til el norrøn Stemna paa Tingvellir. Valtýsson var her inne paa Ole Bull sin gamle Tanke. I 1865 ved det store millomfolkelege Fiskesjaa i Bjørgvin hadde Island sendt fire Mann med Riksstudnad. Bjørgvins-Mennerne heldt eit druste Lag for deim, og Bull, som var ein varm Islands-Ventala for norrønt Samarbeid og baud Folk med paa ei Islandsferd Sumaren 1867.2) Det vart ogso halde ei Tala for Færøyingarne.

Ved Festen, dei hadde i Bjørgvin for Færøyingarne, tala Hovden og Johs. Lavik, Formannen i Vestmanna, laget C. B. Bugge, dessutan Varaformannen i Torshavnslaget Ziska o. fl. Brigademusikken spela.

Daa «Mira» med Færøyingarne sagte seig ifraa Bryggja, song dei Tjodsongen sin, fortel «Gula Tidend». Der var live Noreg og live Færøyarne og live Bjørgvin! Og daa Skipet seint gleid utetter Vaagen, song Færøyingarne «Ja vi elsker», og sameleis vart sunge paa Bryggja.

Rasmus Steinsvik skreiv millom anna: «Dette fyrste Møtet vart hjartelegt. Og det var rikt. Kvar gav sitt beste. Og me kom kvarandre so nær, som berre Frendar kann det. Me skildest med Taarur.»

Andre Norrøna-Stemna vart haldi paa Færøyarne Surnaren 1911 etter Innbjoding fraa del færøyske Ungdomslag. 70 Nordmenner var med. Det var folkesamt paa «Norskt Herbyrge» i Bjørgvin den Julikvelden, me lagde ut. Der saag ein baade Tele, Halling, Harding og Trønder, og alle stunda dei etter aa koma vest, etter og helsa paa Skyldfolket sitt. Men fleire av deim, som fraa norsk Sida hev stridt for norrønt Samarbeid, sakna me, soleis fru Hulda Garborg, Oberst Angell, Bladstyrar Joleik, Doktor Handagard og Yverlærar, no Professor, Torleiv Hannaas. Dei hadde diverre ikkje Høve til aa vera med paa Ferdi.

Møtet i Turnhalli, fyrr me fór, var ei retteleg Fest-stund. Hovden tala eldfullt urn den norrøne Kultur, som me eig ihop med dei tvo Folki paa Øyarne der ute. Me maatte vyrda høgt og verna utri denne dyre Arven vaar! Brigademusikken spela «Norrønafolket det vil fare». Den islandske Skalden Matthias Jochumsson - 76 Aar gamall - hadde og møtt fram, trugen mot Tanken fraa 1874: at Færøyingar, Islendingar og Nordmenner burde koma meir saman etter den lange Skilnad, so det kunde verta til Styrke og Framhjelp for dei alle tri.

Fylka under Vestmanna-Fana og med ljomande Musik og eit stort Fylgje bar det gjenom Gatorne og ut Tyskebryggja til Dampskipet «Namsos».

Um Eftan Dagen etter stod me inn mot Leirvik (Lerwick) paa Shetland med Flagg i Topp og alle Merke blakrande i Brisen. Medan me laag paa Hamni, kima Klokkurne i Raadhuset - den Bygnaden, som er so norsk aa sjaa til - med Harald, Olav, Haakon og Magnus og Oslo, Nidaros, Bjørgvin og Tunsberg og Noregs Løvevaapn attpaa inn-i Festsalen. Me kom ikkje iland - det vart for stutt Tid, naar me skulde lenger vest - man me fær vona, at det eingong vert ei Ferd til Hjaltland og Orknøyarne og - til Kyrkjevaag med Magnusdomen! Og til Island med i

Næste Kvelden steig Færøyarne fram med Lider, Dalar og Fjell - med Dimun langt sør og Fugløy bratt mot nord. Me var seint ute, og dei varta og venta vel paa oss, daa me styrde framum Nolsøy og inn til Torshavn. Det var ljost, som det plar vera heile Natti der ute i Havet midsumars, og me samla oss paa Dekket med Fanor og Flagg.

Den eine Baaten etter den andre kom ut mot Skipet, rodd av staute Færøyingar i Landsbunad. Sylvknapparne lyste i Troyorne deira, og atterut i dei lette Farkostarne blakra det færøyiske Merket med Tjelden i. Me helsa deim med ein frisk Song av Hovden til Tonen: «Dei gamle Fjell i Syningom», og eg minnest, at serleg siste Verset klang varmt og inderlegt mot deim.

Aa, heil og sæl, vaar eigen Bror!
Me knyter Hjartepakt;
me hev den same gamle Mor,
vaart Hjarta slær i Takt.
Vaart Brødraverk det lyser klaart
som Sol um Bergetram:
Den gamle Arv i Maalet vaart
me saman elskar fram!

Trauste Nevetak til alle Kantar, daa Nemndi, som skulde taka imot oss, steig inn paa Dekket. Mange fekk no helsa paa gamle Kjenningar, soleis fraa Frende-møtet paa Voss. Og eg for min Part tykte, det var sers gildt aa sjaa att kjende Andlit - baade i Nemndi umbord og i Baatarne, som svarma ikring um Skipet, fulle av festklædde Menneskje.

Daa me kom inn til Bryggja i Øystrevaag, spela Torshavns Hornmusik vænt og høgtidsamt «Gud signe vaart dyre Fedraland» og etterpaa «Ja, vi elsker». Dei hadde venta oss ved 7-Tidi, men me kom ikkje iland fyrr umlag 11. Borni hadde vore paa Bryggja fraa Klokka 5 um Eftan, og umkring i Byen hadde dei havt «Laurdag/#187M um Fredagen, av di alt skulde vera flidd, til Nordmennerne korn!

Mottakings-Festen i Klubbhuset same Kvelden var framifraa hugnadsam. Veggjerne var prydde med færøyske, islandske og norske Merke og Bordi med Blomar for kvar Gjest - det heile var so stilfullt og synte so mykje Stræv og Umtanke, at det vert seint gløymt av deim, som var med paa Ferdi. Dei færøyske Gjentorne i Nationalbunad fall godt i Augo, det er noko lettvint og finslegt ved Landsbunaden der burte baade hjaa Karar og Kvende. Det vanta ikkje paa Talor frametter Natti, og me song paa norsk og færøysk og islandsk, so det hadde Skikk. Umbodsmennerne for Færøylagi ynskte oss hjarteleg velkomne, og Professor Gjelsvik, Formann i Noregs Ungdomslag, takka for god Mottaking.

Næste Dagen rann med Solskin og Helgedagsfred yver Øyarne, og «Namsos» laag inn-paa Hamni med Færøymerket, som veifta gladlyndt paa Fortoppen. Ved første Ute-Møtet «under Varda» ovanfor Byen tala mange gode Menn. Kand. teol. Jákup Dahl heldt Gudstenesta, dessutan fekk me høyra Kongsbonde Jóannes Patursson, Høgskulestyrar Simun Skarð og Islendingen Skulestyrar Halldór Jónasson fraa Seydisfjord. Den siste møtte som Utsending for dei islandske Ungdomslag. Fraa norsk Sida var Hovden, Lars Eskeland, Johan Austbø og C. B. Bugge framme og talde til Samhug og Samhelde millom Norrøna, folki. For, som han sa i Helsingi si Simun Skarð: «Gamlar Vinir og gamlar Gøtur skal eingin gloyma». Det vart sunge væne Songar til Færøyarne og Island, skrivne av Hans Mo og Olav Hammer.

- - - Heil deg du Dotter av Noreg, vaar Mor,
som gøymde din Mors-Arv so raust!
Her kjem me paa Vitjing, Syster og Bror,
med Helsing fraa di og vaar Fedrajord
millom fjordar og Fjell der aust.

(Johan Austbø)

Etter Møtet upp-aa Vàrdehaugen strøymde Folk ned til Leikarvollen og vilde sjaa paa norsk Dans. Det saag ut for det, at Færøyingarne lika baade Hallingen og Springaren og dei friske Slaattarne, Telerne kom med. Og det vanta ikkje paa Fagning, naar dei spraeke Gutarne sparka Huva av Staven, so ho fauk burt i Folkehopen. Um Kvelden var det Fest for oss i Klubbhuset paa nytt lag. Daa me kom, stod det eit par, hundrad Fat med Tjukk-Mjølk (færøysk «Rómastamp») som ein, Lands-Veg innetter i Romi? Daa me hadde fenge oss Mat, tok dei til med færøysk Dans. Eg hadde fortalt her heime, at han var underleg, ja, meir enn det - no skulde det syna seg, um eg hadde «slege for store Boltar». Salen var stappfull, og dei song no eit Kvæde paa so mange Vers, at eg gjekk ein Tur i Byen, og utanfor med. «Det var so fagert og fint eit Vér», som han segjer Sivle, og eg hadde Hug til aa njota det enno eingong det daarande Syn:

Fætøyarne ei ljos Høgsumarnatt! Daa eg kom attende, dreiv dei paa med same Kvædet, so Sveiten rann - det var nok «Fuglakvædet»! Hovden og Olav Rusti og Johannes Lavik var vaate i Haaret alle tri, men heldt manneleg ut. Aamund Salveson fraa Rogaland var seig han au, og moroa seg kosteleg, saag det ut for. Og Elias Melvær vil eg ikkje tala um - han er no so national han - heile Mannen ein einaste Smil! Ja, der var Liv Natti igjenom, til Soli kysste Slattatatindur og stal seg ned i Ljoren til Paal i Kvalvik.

Møtet paa Kyrkjebø var vel i Grunnen det mest forvitnelege paa heile Stemna. Mange gjekk dit yver Fjellet fraa Torshavn, og elles kom det Baatar baade fraa Byen og fraa Bygderne i kring um. Det var ein fin Sumardag, og som me sat der høgt upp-i Lidi og lydde paa Talarane, saag me under oss det gamle Bispesætet med del tvo Kyrkjorne og eit Stykkje undan Øyarne Hestur og Koltir i Solglima. Dei hev eit sers Lag med det, Brørne Jóannes og Sverre Patursson, naar det spyrst um ei Fest-Tilstelling, det fekk me til fullnads sjaa her. Daa me kom nedatt til Garden, var det duka for Nordmennerne i den eldgamle Bjelkestova med den norske Løva og anna Utskurd yver Inngangsdøri. Me fekk no smaka paa ægte færøysk Kost, og god var han. Det minnte um ei norsk Sæter der inne, kvitskura og koselegt. I den store Røykstova Vegg i Vegg var det Liv og Ferdsel; der kunde Bygdefolket og dei andre faa seg Kaffi. Yver Langbordet hang det Kvalspjot, og Veggjerne var myrk-lita etter Torvrøyken.

Messa um Eftan i Attrstøda av Magnusdomen var i alle Maatar ei Høgtidsstund. Hovden hadde rive Folk med seg fyrr, men dette var ikkje minst ein Tale, som tok. Han slutta Preika si soleis:

Aa, Færøyingar, Brøderne vaare! Gud signe Dykk! Han verje og varde Dykk. Hans Faderaasyn lyse yver desse gilde Øyarne. Han gjeve Dykk Kraft og Mod og Arbeidsgleda paa Sjø og Land. Han gjeve sin Rikdom av Havet, han late Sol og Grorluft bylgja um Landet, at Folket kan trivast og gro og vera lukkelege, bu saman som Brøder og verta sterke i samlynd Kjærleik til Gud og Heimen!

Dei meinte nok mannjamt der ute og, at det er ikkje so tidt, ein fær høyra slike Talarar som Diktar-presten Anders Hovden og - eg maa leggja til, Høg-skulestyrar Lars Eskeland! Dei gjorde baae mykje til aa spreida Glans yver Stemna. Daa Messa var slutt, las Kongsbonde Patursson upp eit Telegramm, ei varm Helsing fraa Færøy- og Islandsvenen Oberst Angell. Mange av Færøyingarne minntest den staute, heimlandshuga Officeren fraa Frendemøtet paa Voss, andre der ute kjende honom fraa Bøkerne hans, soleis «Svartfjell-Sonerne», og alle var svært glade for Helsingi.

Turen kring Øyarne den solblanke Eftan gløymer eg aldri, som me styrde nordetter den gamle Viking-Leidi til Island, med dei høge, stolte Fjelli paa baae Sidorne. Dansen paa Fordekket, all den gladlynte Ungdomen, Hurraropi for Fiskarbaatarne, som helsa, og for del smaa, venlege Bygder med Flagg paa Stong og Folk ute ved Husi, vinkande til oss - og so Attr-Ljomen, daa me svinga framum eit av dei velduge Fuglebergi og bles i Eimpipa ... Sanneleg dei Nordmenner, som var med, fekk i alle Fall ein Glimt av den storlagde færøyske Fjell-Nattur!

Ein Færøying skreiv til Forf. av denne Boki etter Stemna der burte: «Takk og aftur Takk fyri teir Dagarnar vit allir høvdu saman, teir Dagarnar sum eg aldri vil gloyma!»

Det skal - er det sagt - vera ein god Ungdom, «som drømmer om det store svundne og længter mot det end ei vundne». Og eitt er eg stød paa: At ingen av deim, som fór til Færøyarne, tregar paa ein Øyre av dei Utlogor, dei hadde. At dei baade gjorde Gagn og hausta Gagn, naar dei var med paa Ferdi. At dei gav eit lite, nærskyldt Folk meir Mod til aa staa traust i den nationale Striden, og at dei sjølve fekk ein Kveik, som vil vera deim til nyttes, naar dei stemner fram i same Leid her heime. I det magtfulle, dirrande Hurraropet, som Færøyingarne gav oss siste Kvelden, laag det som ein varm Takk, fordi me kom. Og daa «Namsos» tok til aa hiva upp Ankeret, svara me fraa Attr-Dekket med den færøyske Fedralandssongen, der Diktaren prisar Øyarne der ute med Sol og Skugge yver bratte, grøne Lider og ynskjer deim Lukka og Framgang. Songen vaar kom fraa Hjarta, og eg trur, at han gjekk til Hjarta.

    Noter:
  1. Malm
  2. Torleiv Hannaas: Islendingar i Bergen. Eit 50 Aars Minne.
Utdrag (s. 143-158) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen