Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Kvalveidingi - Fisket - Baatar

av Hans Reynolds

Kval-veiding paa Færøyarne hev for det meste vore drive av Nordmenner. Det var Skipsreidar Albert Grøn i Sandefjord, som tok til der burte i 1894. og sette upp ein Station ved Gjanoyri paa Straumøy. Denne Drifti hev ogso vore til Bate for Færøyingarne. Dei hev fenge kjøpt Kvalkjøt paa Stationarne for ned til 1/3 Øyre for Skaalpundet (½ Kg.), 8 Kr. for ein lasta 4-Mannafar, 12 Kr. for ein lasta 6-Mannafar og 16 Kr. for ein lasta 8-Mannafar, og mang ei Tunna med salta Kvalkjøt hev dei sett burt til Vinterbruk. Folket er sers smaanøgd og liver billegt, og difor er det liten elder ingen Fatigdom. Dei er overlag hjelpsame mot kvarandre. Egg kosta 2-3 Øyre den Sumaren, eg var der, fersk Torsk 6-8 Øyre for Kiloen o. s. b. Ein Storbonde fortalde til ein sætande Mann, som eg hev det ifraa, at han hev greidt seg med eit Utlegg i reide Pengar paa 100 Kr. for Aaret til Huslyden sin, 20 Menneskje.

Mang ein Ferdamann undrast paa, at Færøyingen kann etå dei svarte Remsor av Kvalkjøt, som heng utpaa Husveggen til Turking og glimar i Soli som tjørutt Togverk. Men for Færøyingen er det ein Beste-Rett, og han stundar etter Grindkvalen, som mesta kvart Aaret i juli og August søkjer under Land i Flokketal, i hundradvis, ja upptil 1000, og kjem med meir av den Kosten, som fær den Framande til aa skrukkja paa Nasen.

Naar Grindaboð! Grindaboð! høyrest, vert det det eit yrande Liv. Kararne hiv Arbeidet sitt og rausar avstad til Baatarne; er det Sundag, gjeng Presten av Preikestolen, og dei romer Kyrkja. Springarar maa avstad fraa den eine Bygdi til den andre, og er det klaart Vér, kveikjer del Brisingar paa Bak, karne og Nutarne (elder breider eit Lakan paa Strand, kanten), og snart gjeng den gledelege Bodskapen fraa Bygd til Bygd. Slik var det, daa eg vitja Øyarne, og det minnte ein om Ufredsbod i gamle Dagar. «Det er tri Slag hard Roing», sa ein gamall Mann, «Grind, Roing, Doktar,Roing og jordmor,Roing; men Grind, Roing er den hardaste».

Færøyingarne er godlynde Folk, og noko Mord hev det ikkje vore paa Øyarne i Manns Minne. Men naar Kvalgrindi kjem, tek det til aa koka i deim, og endaatil del unge Gjentorne likar godt aa sjaa paa eit Grind-Draap.

Naar ein Fiskarbaat fær Auga paa ein Grindflokk, heisar han eit Signal - til dømes ei Trøya i Mastri. Soframt Flokken ikkje er alt for stor, kann ein elder eit par Baatar driva honom framfyre seg ut-paa Sjøen; men naar dei kjem burt aat Land, trengst det so mange Baatar, som Raad er. At Grindflokken lét seg driva og ikkje dukkar under Baaten att og ut i Havet, kjem seg av det, at Mannskapet hiv Steinar, som lagar ei Ljosstripa etter seg, naar dei sekk, og den er Kvalen rædd. Eit Vilkòr for god Veiding er det difor, at Baatarne er raadd med Smaastein. Og i Grind-tidi plar Fiskarane gjerne ha litt Stein med. Dei brukar ogso aa binda Steinar i Snorer, so dei kan nytta deim aa nyo. Med Steinkast, Skrik og Basking med Aararne driv dei no Kvalarne inn i ei Vik, som hev flat Sandstrand. Del ror no Baatarne - ofte ei 50-60 og meir - midt inn i Flokken, medan Mennerne brukar dei lange Kvalvaapni elder Spjoti sine av all Magt. Til Stongi er det fest eit Reip, so dei kann draga Spiotet attende, naar dei hev kasta det.

Naar Kvalen ikkje er saara elder blinda av Blod elder Søvlevatn, sett han paa Baatarne, so det ser ut, som han vil kasta seg inn i deim; men han dukkar alltid tett attmed. Men er han saara elder blind, veit han ikkje, kva han gjer, og daa er det spelegt. Det hev i alle Fall hendt, at han hev skadt Baatarne, og Mannskapet maa difor vera budd paa litt av kvart.

Ein treng ikkje ottast for, at nokon av Kvalarne lurar seg burt. Dei, som ikkje er saara, trengjer seg fram til Kammeratarne sine og fær same Medferdi.

Tilslutt vert Flokken jaga upp-aa Strandi, og Folk ifraa Land vassar no ut, ofte radt upp under Armarne, og gjev Dyri Banesaaret med «Grindkniven», ein lang, spiss Tòlkniv.

Den beste Kvalen legg del tilsides til den Baaten, som fann Grindflokken. Hovudet er det mykje Tran i, og det gjeng til den Mannen, som fyrst fekk Auga paa Kvalarne. Styringi fær ogso sitt, og Resten byter dei: 1) millom Mannskapet paa Baatarne, 2) Eigarane paa den Staden, dei dreiv Grindflokken iland paa og 3) dessutan millom deim, som stod for Bytingi.

Grindkvalen er umlag 8 Aln lang og er verdfull. Em medels stor Grindflokk paa 2-300 Kval er verd yver 20,000 Kr. Av ein Kval fær dei jamt-yver 1 Tunna med Tran. I Aaret 1843 drap dei yver 3000 Grindkval der burte. Fraa 1800 til 1852 tok dei meir enn 11,000 Stk. berre paa Suderøy.

Naar det er slutt med Draapet, tek dei til med aa byta Kvalarne. Men mykje Folk er no samla, og so dansar dei heile Natti og syng dei gamle Strids, Kvæde og «Grindevisa» paa 54 Vers med Umkvædet:

«Raske Drenge, Grinda Drab,
det er vor Lyst».

Det er ikkje aa undrast paa, at dei enno held Grindkvalen for aa vera ei serskild Gaava ifraa Gud til Færøy-Folket, og at det er ymse Skikkar, som hev Samanheng med den. I ei Skildring av Sverre Patursson heiter det, at naar Baatarne jagar Kvalen inn ifraa Havet, hender det sume Stader, at dei opnar Kyrkje, dørerne og Gluggarne i Kyrkjetaarnet, av di dei trur, at Kvalen daa skal vera meir viljug til aa gaa mot Land og let seg lettare fanga.

Fer Nordmennerne til Færøyarne etter Storkvalen, ligg Færøyingarne ikkje etter dei helder, naar det gjeld aa nytta dei Rikdomar, som finst i andre Land. Dei hev ein heil Flåte paa 150 Kutterar, som dei driv Fiske med, mest under Island, og mange Færøyingar fiskar der uppe og bur iland. Det er halvtridje Tusund Mann fraa Færøyarne burte paa Fiske um Sumaren.

Etter Skipslista for Danmark og Island for 1919 hadde dei daa paa Færøyarne 152 Skip med tilsaman 12,181 Tonn. Til jamføring kann det nemnast, at paa Island hadde dei same Aaret 155 Skip med 17,944 Tonn.

Daa eg fór til Island for nokre Aar sidan, hadde me 36 Mann med fraa Færøyarne og 22 Baatar stuva ihop framme og atterut. Dei kom godt fram, det var høgste Sumaren, men em Haust hadde det so nær gjenge gale med ein slik Manne-Last der burte i det stormfulle Nordhavet. Daa var det ein snarraadug Nordmann, og god Sjømann, som hindra, at det vart Sorg og Sut i mange færøyske Heimar. Det var Stuert Andreassen fraa Stavanger. Til ein Bladmann der sa han, at det slett ikkje var større aa skriva um, men tilslutt fortalde han:

- Det er nokre Aar sidan no, det var dengang eg var Stuert umbord i «Vaagen», som høyrde heime her og mest heile Tidi gjekk paa Island. So var det i Oktober Maanad eit Aar; me var paa Vegen fraa Island til Færøyarne og hadde yver 100 færøyske Fiskarar umbord. Daa fekk me ein Storm fraa Nord, Vest og Snøkave; det var retteleg eit yverhendigt Vér, og me visste ikkje, kor me var. I 36 Timar dreiv me slik, og det var baade lange og faarefulle Timar. Eg satt just nedi Lugaren min og heldt paa aa klæda av meg; daa høyrde eg Rop fraa Dekket um Brim og Brøt, som var tett innmed oss. Eg sprang upp, som eg var, og saag i ein Blenk, korleis me var stellte. Det hadde med eitt kome som ei Ljosning i Lufti, og Færøyingarne fekk ein Støkk, daa dei fann ut, at me var komne midt innunder Broti ved Fugløy - ein med dei faarlegaste Stader. Fæla tok deim, og Kaptein Endresen gav Order um alle Mann paa Dekk for aa vera budde paa noko av kvart. Eg skyna strakst, at skulde det verta Berging for oss, maatte me setja Segli. Sprang so ned og treiv Kniven min, kleiv til Vérs og kutta Seisingarne. Seglet vart strekt av beinksame Hender - «Vaagen» tok til aa faa Fart og dreiv ut or Broti. Me var berga. Det er greidt, det var kaldt aa staa der i Riggen i berre Underplaggi, men det maatte til.

Færøyingarne vart Sjølvsagt glade for, at dei vart berga, og dei dikta ei Visa um det paa Færøyarne paa heile 12 Vers. Men dette var daa berre aa gjera sin Skyldnad og slett ikkje noko aa setja i Bladet, sa han. Bladmannen meinte tvertimot, at dette Døme paa Mod og Snarraada ikkje burde verta gløymt.

Motorbaatar hev ogso kome mykle i Bruk paa Færøyarne no. Alle, baade Nordmenn og Utlendingar, som kjem ilag med Færøyingarne, finn, at dei til fullnads fortener den Skildringi, dei hev fenge: Eit liveført Folk, som arbeider seg fram.

I Soga er nemd «Knørrar» og andre store Skip, som Færøyingarne siglde yver «Fjorden» til Noreg med, ja heilt ned til Danmark paa Handelsferd. Og var Færøyingarne i den Tidi dugande Sjøfolk og Baatbyggjarar, hev det i vissa gjenge i Arv til den Dag idag. Det er hugsamt aa vera med deim i dei ovgilde Baatarne deira, som likjest paa vaare Sunnmørsbaatar og kann greida seg lenge i svær Sjø. Dei segler for eit gamalt Ord, at Færøyingen er «komen til Verdi med Aarar i Henderne». Og det er visst, at dei er gode til aa ro og held lenge ut. Del driv Baaten snøggt fram, endaa Aararne er sers smale, berre 3 Tumar breide. Hamlebandi er anten av Tog, Kuhud elder Reimar av Kvalen. Seglet er eit Raasegl, som dei berre brukar, naar det er god Vind og aldri til Baut. Paa det vesle Trestykket, som var spikra paa Æsingi, og som Snøret gleid yver, saag eg tidt, det var skore ein Kross - Gud signe Fisket.

Baatarne kallar dei for Tigju-, Átta-, Sex- elder Fýramannafør, ettersom dei vert rodd av ti, otte, seks elder fire Mann.

Etter di Golfstraumen set inn der burte, er det yveralt stride Straumdrag og paa eit par Stader dessutan sterke Malstraumar. Naar Baaten kjem ut i Kvervlarne, ropar dei gjerne «rægva! rægva!» (ro! ro!), og daa ror dei av all Magt for aa sleppa yver i stillare Vatn. At dei er glupe Roarar, kjem seg vel helst av den vrange Straumsjøen, som paa visse Tider av Døgret gjer, at det er mest uraad aa fara ut i Baat. Det heiter i ein Song til Færøybaaten, «Áttamannafarið»:

Av øllum teim Snekkjurn, ið Norðhavið bar,
ein tykir mær yndislig føgur,
tann Báturin nevndur er Áttamannafar,
sín Svanasong nú hann kvøður.

Hans Reisingar rundu, so stoltar at sjá,
frå Kjøli mót' Styri og Stavni,
hann leikti so lættur, tá HavbyIgjan blá
hann lyfti á skúmandi Favni.

(Mikkjal Dánialsson á Ryggi).

Utdrag (s. 108-117) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen