Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Ein Tur til Mikjunes - Fugleveidingi - Livevis - Heimeverket - Seder og Skikkar

av Hans Reynolds

Det er gjerne hardt Brim ved Mikjunes, og det er difor sjeldan, at Tilreisande fær Høve til aa koma iland paa denne forvitnelege Øyi. Jamvel av Færøyingar er det ikkje so mange, som hev vore iland der.

Men dette fall likavel paa meg. Det vart stellt til ein Lysttur dit fraa Torshavn.

Den færøyske Havstrandi er rik paa underlege Fjellformer, og helst paa Vestsida, mot Atlantaren, er det eit villt og storfeldt Landskap. Som det heiter i Songen:

Mod nord og vest en Fjelderand
sig taarner op. Den holder Stand
vel mod Atlantens hvasse Tand
i Stormes Kor.
Mod øst og syd er Lien grøn
og sætter møisomt Arbeids Løn
paa Bord.

Øyarne hev mange Holor, og ein kann ro inn i deim i stillt Vér. Sume av deim er overlag væne, soleis ei paa Mikjunes, «Steinskogen», dei kallar. Her finn ein velduge Sulor av Basalt («Blågrytis-stópar) paa 100-180 Fot. Dei stend beint upp og ned og likjest paa eit ovstort Orge-Verk. Det hev vore sagt um denne Hola, at ho er mykje finare enn sjølve Fingalshola paa Staffa (Hebridarne). Paa Vaagøy er det ei Bergnobb, som hev fenge Namnet «Trøllkonu-fingur». Ho er 1000 Fot høg og ser ut som ein uhorveleg stor og noko lite krøkt Finger, som peikar upp i Véret.

Daa me kom ut for Mikjunes, bles me i Eimpipa mange Vendor, so Folk fraa Bygdi kunde koma og taka oss iland. Men det var 'kje eit Liv aa sjaa, og det var nokon kvar umbord, som vart forbina yver dette, av di Færøyingarne elles plar vera sers hjelp, same. Endeleg fekk me sjaa nokre Menner koma fram uppe i Husreppen og rusla nedetter mot Nausti, som her ligg ovhøgt upp-aa Fjellveggen - av Umsyn til Brimet. For Bylgja er veldug paa Atlantarhavet. Ein Færøying segjer, at ho ræddast ikkje for aa stiga 40 Famnar høgt upp i Berget, naar det er dei hardaste Uvérsriderne.

I Trøllanes Bygd paa Nordøyarne ligg Nausti 100 Fot i Høgdi. Paa andre «Brimstader», som Gaasedal paa Vaagøy og ved Vaags-Eide paa Suderøy, maa ogso Baatarne upp umlag 100 Fot elder meir. Paa Store-Dimun, der det berre er ein Gard, maa Bonden helsa alle tunge Varor, til med Kyr og flestar, 100 Meter upp elder ned. Dei bind deim for Augo, so dei ikkje vert øre i Hovudet.

Daa den fyrste Baaten kom ut til Skipet, skyna me, at det nok ikkje hadde vore Tale um nokon Uvilje fraa Folket der inne. Mest alt Kar-Folket paa Øyi hadde rodt til næraste Bygdi etter Kvalkjøt - det var nyst skote ein Storkval - og det var so nær berre Kvinnfolk og Born heime. Innmed Stodi laag ein heil Baatlast med det myrkraude og blodrike Kjøtet, som Færøyingarne tykkjer slik Mún i. Del norske Kvalfangarane læt ogso væl um det, helst naar det er laga til som Biff.

Me gav oss strakst i veg til Fuglebergi, som ligg eit Stykke ovanfor Bygdi. Dei grøne Gjordi var drivkvite med Fugl, og i Djuvi skreik det heile Dagen. Daa me kom upp-aa Fjellkanten, vart eg standande reint uppi undr. Eg saag langt nordetter i det blanke Véret, framum Vaagøy og heilt til Saxin paa Straumøy, Odde i Odde, som skifte i grønt og blaatt - det var denne storfagre Ljosverknad, ein kann raaka til aa faa sjaa paa Færøyarne. Det er soleis ingi Upp-skrøyving, naar ein vidkjend engelsk Ferdamann, som eingong vitja Øyarne, segjer, at ikkje noko kann gaa framum eit slikt Syn, naar Havet er stillt med logn Baaregang .... Denne Mengdi av Ljos og Skugge, kasta attende fraa tusund underlege Former, og dei ulike Tindarne, Natturi hev hogge fraa Fjell-Mugor, som sume Stader naar upp i 3000 Fot, fær fram ein slik Verknad, at d'er 'kje segjande.

Me heldt no fram langs dei stupbratte Hamrar, der dei svarte og kvite Lundarne med den væne, blaae og raude Nebben byggjer i Grassvorden. Dei er so illsinte, at dei jamnast bit seg fast, naar ein stikk ein Pinne inn til deim; Fuglefangaren brukar anten aa grava burt Jordi, der Lunden ligg, elder han dreg Fuglen ut med ein Stav med Krok paa. Det kallar dei aa draga Lunda.

I 1857 sette otte Menneskje Livet til ved Fugle-Veidingi. Daa eg gjekk burtetter Kanten av Stupet, var det so høgt ned, at det svimra for Augo, og me maatte halda kvarandre i Henderne, so me kunde faa sjaa til Djups. Eg undrast difor ikkje paa, at Fugle-fangaren kulsar for aa gaa utfor Berget, naar han hev vore burte ifraa det vaagsame Arbeidet heile Vinteren. Fangsttidi byrjar i Juni. Dei tek helst Fuglarne med ei Stong, som er 6 Alnar lang og hev ein Hov i eine Enden, «Fleygustong», dei kallar. Han svingar Stongi upp-under bakpaa deim. Dersom han slog beint imot Fuglen, vilde denne riva Hoven sund og ganga gjenom som ei Kula. Veidingi paa Lundar, Lomvier og Alkor gjeng gjerne fyre seg paa same Vis. Fuglefangaren sett seg anten paa ein lagleg Stad og tek Fuglen i Hoven, med same han flyg framum (Lundarne «dreg» soleis best, naar det blæs), elder dei heisar honom ned paa Berghyllorne i ei Lina - 100 Famnar lang og meir - som han bind seg fast til i ein Sele. Fleire Mann held i Lina; ho er 2½ Tume tjukk og gjeng yver ein Stokk, so ho ikkje skal slitast av paa Fjellkanten. Minst 5 Mann maa det til for aa hjelpa ein Fuglefangar. Ein av deim vert sett til aa agta paa Fuglemannen, som med Teikn elder Rop segjer ifraa um aa fira ned, stoppa elder heisa upp. Han svingar, heiter det i ei Skildring, som Perpendikelen paa ei Klokka millom Himmel og Hav. Men ein Fuglemann maa ikkje vera rædd. Med Ro og Snar-Hugs maa han passa det, han skal, soframt han vil gjera noko. For at han skal koma inn paa Berghylla, maa han stundom skuva seg ut ifraa Berget og soleis svinga seg inn. Naar han er komen inn paa Berghylla, gjer han seg fri for Lina og fester ho til ein Stein. (Dei fortel, at ein Mann var so uheppen, at Lina losna fraa Steinen for honom og vart hangande utfor Fjel, let, so han ikkje kunde faa Tak i ho. Han stod der ørvæna. Det var berre eitt aa gjera: han kasta seg beint ut i Lufti, fær Tak i Lina og var berga). Han krabbar no burtetter og kastar Hoven yver Fuglarne, elder han tek deim med Henderne. So vrid han Halsen um paa deim og hiv deim i Bundlar ned paa Sjøen, der Baatar ligg paa Vakt. Er det for mykje Brim, vert dei helsa upp ilag med Fuglefangaren. Upp til 100 Fuglar kann ein Fuglemann taka med seg upp, soframt han trur, Lina held, og det er Mannskap nok til aa heisa. Han fangar ogso Fuglarne med Stongi, medan han heng i Lina.

Forf. H. C. Müller fortel, at han var tilstades, daa dei fira ein ned i eit Fugleberg, som høyrde Bygdi Saxin til. Dette Berget hadde dei ikkje vitja paa 30 Aar, av di ein Fuglefangar vart slegen ihel der av Stein, som datt ned. Det var grøtelegt aa sjaa, segjer Forfattaren, daa Fuglefangarane bad vel-liva til dei av Venerne og Huslyden, som stod att paa Eggi. Kvar Mann fekk, daa han var bunden i Lina, ein Kyss og ei Velsigning, med same han vart fira utfor. Ein Mann paa 75 Aar hadde gjenge med den tunge Vegen til Eggi, ¾ dansk Mil lang og umlag 1600 Fot yver Havet. Han fylgde med som Kjennt-Mann,og han skulde dessutan «sida vi» (hjelpa til), naar dei fira Fugle-mennerne ned. Daa han hadde bede einaste Sonen sin vel fara, kasta han seg aa gruve paa Bakken og tok til aa graata.

Paa mange Stader nister Fuglefangaren seg ut med Mat og Torv for fleire Dagar, ei Vika elder meir. Han kokar daa paa ein Fjell-Hamar og søv der um Natti. Ofte bind han seg fast bak ein Stein, så han ikkje skal glida ut or Lægjet, medan han søv, og stupa utfor.

Ein dugande Fuglefangar kann greida aa taka fleire hundrad Fugl um Dagen (paa dei beste Stader upp til 900). Dei ét Kjøtet og aldri vatnar ut Tran-Smaken, og serleg er Lundar, fyllte med Pannekake-Deig («fylltur Lundi») ein vell-lika Rett.

Men med Umsyn til Transmaken, so er ikkje Færøyingarne fullt so glade i den, som ei utanlandsk Dame skreiv i eit Ferdabrev. Ho sa, at det hende tidt, at Folk drakk upp Trani paa Gatelamporne i Torshavn!!

Naar eg nemnde Lunden, kjem eg til aa minnast ei liti Rispa, som Kvalfangar Thorleif Grøn fortalde. Av ein Mann der burte, Napoleon Nolsø, hadde han fenge til gjevendes ein kvit, elder rettare graakvit, Lunde. Det var ein overlag sjeldsynt Fugl, som Napoleon meinte maatte vera verdt Utstopping. Som dei rødde um den underlege Liten paa denne Fuglen, og at det venteleg var berre ein millom Hundrad Tusund av slike, sa Napoleon paa skeivbroten dansk: «Ja, hr. Grøn - - jeg tror -- - at den er bleven hængende i en Klipperift - - - og at den er bleven hvid af Skræk!»

Det var gildt aa koma ned i Bygdi attr etter den friske Fjellturen og faa kvila seg ut i ei av Røykstovorne.

Ei færøysk Roykstova er innreidd paa gamall norsk Vis med jordgolv og Ljore (Ljóari) og hev ikkje Glas. Det er høgt og sotutt under Loftet, og Kvileromi er Veggjesenger med Skôtdører. Den vesle firkanta Tranlampen av Jarn, som dei her, lik, som i Noreg, kallar for Kola, brukar del no i Fjoset. Burt i Kroken stend den lange færøyske Rokken, som dei ikkje trøder. Dei dreg Hjulet med høgre Handi og spinn med vinstre. Det er mest Kararne, som spinn.

Det kann vera koselegt inne i dei halvmyrke Stovor, naar Torv-Elden lyser paa Gruva. Og naar det, som no, var stellt og pynta til Sundagen, saag det sers unelegt ut. Vegg i Vegg med Røykstova hev dei no gjerne ei «Glasstova» (med Vindaug-Rutor), og dit viser dei Gjesterne.

Serskild elder i Samband med Hovudbygnaden er «Kjadlur», eit Hus av Traleverk, som dei brukar til aa vindturka Kjøt og Fisk i.

Um Vinteren samlast unge og gamle i Røykstova - kvar med sitt Arbeid, og so skiftest dei um aa for, telja Segner, syngja Kvæde o. a. Dette er Kveldseta (Kvøldseta), og ho hev gjenom Tiderne hjelpt mykje til aa fremja eit serskildt færøyskt Aandsliv.

Men naar Sneen fyger vild
over Dal og Fjeld,
sidder Bonden rolig
ved Arnens Ild i Kveld.

Sagn om Fædres Heltefærd
gaar fra Mund til Mund,
ofte vel og klinger
et Kvad fra Hjertets Grund.

(P. A. Holm).

Ein slik Vinterkveld kann det vel og henda, at Môri syng den kjende Barneregla (Ro, ro til Krabbeskjer), naar bo ruggar den vesle i Svevn:

Rógva1) út á Krabbaskel,
hví man Kelling huka her?
Missti burtur Ongul og Stein,
ikki fekk eitt Fiskabein.
Nu er Tið at fara heim til Pápa og Mammu,
Abba og Ommu2) o. s. b.
Brenna skulum vit Krákubeinið3)
i Eldi okkara í Kvøld.

Um den djerve Færøyingen Magnus Heineson hev dei ogso sunge og fortald dei lange Vinterkveldar. Han, som dei hev reist eit Minnesmerke for i «Nord-mandsdalen» ved Fredensborg Slott paa Sjælland. Steinen er prydd med eit Ror og stend der millom Minnestyttor for mange andre Fagnamenn. Diktaren syng:

Bag hine Skygger filer jeg endnu,
Hen til dit Marmor, kiække Søemand! du,
O Heinesen! dig Fienders Ondskab fældte;
men evigt staar dit Navn blandt Nordens Helte.

Ved Kveldseta vantar det helder ikkje paa Segner um Tussar og arman Styggedom. Dei fortel, heiter det hjaa ein Forfattar, «grysjelege Skrymte-Sògor, so Høyrarane krossar for seg».

«Um Vetrarkvold við Grågvu samlast øll
at siga Søgur bæði um Menn og Trøll».

Av gamall Ov-Tru hev dei havt nok aa dragast med. Eit Døme: Naar Kui hadde misst Matlysti nokre Dagar, og ikkje var sluk i Munnen, var det ei «god Raad» aa ruska nokre Grasdottar av Kyrkjetaket, helst beint yver Koren, Altaren held Skriftestolen. Naar Kui aat det, vart ho god att. Presten Landt, som nemner dette i ei Bok fraa 1800, segjer, at han trur, det kann vera noko i denne Raadi. At Kui kann faa betre Matlyst, naar ho fær eit par Nevar med friskt Gras, maa benda istadenfor mugge og skjemt Høy, er ikkje urimelegt. Men anten dette Graset vert henta fraa Kyrkjetaket elder eit anna Tak, vilde det vera like kraftigt, legg han til.

Ei forvitneleg Segn der burte er den um «Sel-Kona i Mikladal».

Denne Bygdi ligg paa Kallsøy, ei av dei nørdste Øyarne, høg og vill og herja av Vinterstormarne fraa Atlantaren. Folket hev gjenom Tiderne vore so plaaga av Uhende, at dei plar segja, det er «Sel-Kona, som hemnar seg».

Ein Unggut fraa Mikladal rodde ei Trettandedags-Natt til ei Hola ved Havet, der Selarne (Kobbarne) dansar i Manne-Skapnad. Det var fint maaneljost, og han saag daa ei overlag væn Møy og var so heppen frampaa Natti, at han fekk tak i Selhamen hennar. I Dagningi var Dansen til endes, og Selarne tok Hamen sin paa og rymde burt. Men den fagre Møyi stod att og gret. Daa fekk ho sjaa Guten og naud, bad honom um aa faa Hamen att. Men han negta det og svara, at ho skulde fylgja honom heim og verta Kona hans. So vart det. Dei livde no saman. i nokre Aar, og dei hadde fleire Born. Selhamen gøymde Mannen i ei Kista og hadde alltid Lykjelen paa seg. Ein Dag hadde han gløymt aa taka den med. Han var langt tilhavs paa Fiske, og han bad no Kararne ro heimetter, so fort dei kunde. Med same sagde han: «I Dag verði eg konuleysur». Men dei kom for seint. Kona hadde fenge Tak i Hamen og symde no burt i lag med ein Sel, som ofte hadde synt seg nede ved Naustet og stirt upp imot Huset.

Ein Dag nokre Aar seinare skulde Mannen fraa Mikladal ut og fanga Sel i lag med nokre andre fraa Bygdi. Men daa han var ferdig til aa gaa, stod Kona hans der og bad honom spara tvo unge Selar og fortalde nøgje, korleis dei saag ut. Men Mennerne drap likavel alle Selarne inne i Hola og fór heim med kvar sin Part. Daa syner «Sel-Kona» seg atter for Mannen sin og segjer med bivrande Mæle, medan ho peikar paa Kjøtbitarne paa Golvet: «Der ligg Foten til Einar og der Handi til Olav. Men eg vil hava Hemn. Eg er 'kje nøgd, fyrr det hev hendt so mange Ulukkor med Folk fraa denne Bygdi, at dei kann naa ikring heile Kallsøy, naar dei held kvar, andre i Henderne».

Heime-Verket stend enno høgt paa Færøyarne. Islandstrøyorne, dei kallar, vert bundne paa Færøyarne og ikkje paa Island. Ulli brukar Færøyingarne mest til Klæde for seg sjølve. Til Farging hev dei godt Kjennskap fraa gamalt. Naar det gjeld finare Vevnad o. dil., so er det ikkje so mykje av slikt utyver Bygderne no som fyrr i Tidi. Men ein færøysk Lærar, frk. Anna Debes, no fru Winther Lützen, som gjekk gjenom eit Skeid i Heimeverk i Oslo, hev gjort mykje for aa vekkja uppatt Ansen for dette og hadde seinare Skule i Torshavn. Han var godt søkt, og eg saag mykje fint og vel fraa seg gjort Arbeid der av færøysk Ungdom.

Dei sermerkte færøyske Knivarne hev Peter Arge i Torshavn no i mange Aar laga, og dei er vel verdt aa nemna.

Dei hev ein Grindkval paa kvar Sida av Skaftet og paa Sliri Færøybaat, Kvalvaapri og Kvalkrok4) m. m. i Sylv elder Massing, og dertil vænt Prydeverk i Bein og Metal, alt innlagt Arbeid. Av Treskurd var det elles lite aa sjaa derburte. Venteleg kjem Færøyingarne snart etter i so Maate.

Mange av dei gamle Skikkarne held seg i Bygderne enno og minner noko um Vestlandet vaart. Naar ein Færøying kjem inn i Huset til ein annan, er Helsingi: «Góðan Morgun, Góðan Dag, Gott Kvøld», ettersom det høver, elder: «Guds friður inni!», og dei svarar daa alltid: «Góðan Dag» («Góðan Dag, væl, komin!») elder «Gud signi!» Naar han gjeng, segjer han oftast: «Jesus komi her aftur!», og dei svarer daa: «hann fylgi tær!» - Til «Far væl!» hev dei same Ynskjet (ogso «Far væl, velsignaðr!») elder: «Góðir Vegir liggi fyri tær, Gud gevi tær blíðan Byr og góðan Sjógv!» (gode Vegar liggja fyre deg, Gud gje deg blidsleg Býr og god Sjø!) I gamle Dagar tok Mannfolki Huva under vinstre Armen, naar dei bad vel-liva. Kvendi nigja.

Daa eg bad Farvel med Folket i Røykstova, hand, tokst den gamle Kona med med og «Jesus veri hjá Tygun!» (Jesus vera hjaa Dykk!) lét etter meg i den laage Døri. Færøyingarne er i det heile sers religiøse. Det hev vore ein gamall Skikk millom Fiskarane aa taka Huva av og syngja ein Morgonsalme, fyrr dei lagde tilhavs. Og tidt kunde dei, som venta paa, at dei skulde koma att, serleg naar det var Skodda, høyra Songen, fyrr enn del vart Baaten var. For dei gløymde sjeldan aa syngja ein Takkesong. Færøyingarne song gjerne mykje, naar dei rodde, baade lange «Sjøsalmar» med Drag paa Tonarne og andre kvikare Songar. Dei syng, naar dei ber ein avliden til Jordi; brukar dei Baat ved Jordferdi, ror dei honom rundt tri Vendor utanfor Heimen som ei siste Helsing fraa den burtgjengne, i Namnet aat Faderen, Sonen og Den heilage Andel

I ei Skildring fraa 1892 av Presten Rønne beiter det m. a. «Ut gjenom Vaagen - - - - den høg, stamna «Aattemannafar» liksom prøvar seg fram, innan han retteleg gjeng med si fulle Dregt . . . Bygdi ligg spreidd innetter i blankt Solskin og høgtideleg Helgedags-Fred. I det vesle, kvitmalte Klokketaarn òpnar dei Lukorne: Mannskapet tek Hatten av, og sterke Røyster ber den gamle Salme sorgmildt ut yver Havet».

Men det gjeng nok til attrs med fleire gamle Skikkar no, helst paa dei større Stader. Ein gamall Fiskar sa til ein utanlandsk Ferdamann: «l gamle Dagar song me stødt Salmar, naar me rodde fraa Land med Baatarne vaare, og me song, naar me nærma oss Heimen att; men diverre, sidan Motorbaatarne er komne i Bruk, syng me ikkje meir.»

Det er gjestmilde Folk, og det hev vore gamall Skikk, at i Skymingi um Vinteren, naar dei kunde sjaa «Stakkala Stjørna» (Fatigstjerna, Kveldstjerna), let dei ikkje «Stakkaren» (Tiggaren) elder Gonge, mannen gaa fraa Huset.

Kyssing hev vore eit vanlegt Merke paa Venskap, ogso Mann og Mann imillom som paa Island. Og naar det kom ein Framand, som dei vilde heidra, kysste dei fleire Stader paa høgre Handi si, fyrr dei retta ho fram til Nevetak.

Ind mod Thingenæsset svinger
Baadeflok fra Syd og Nord,
Vaagø-Mænd og Norderinger,
Tolvmandfar fra Hvalbøfjord.
Mænd i brune Kofter træde
lette paa den glatte Strand,
Kys og «góðan Dag» med Glæde
veksles mellem Mand og Mand.

(P. A. Holm.)

I Bryllaup bruka Gjesten aa kyssa baade Brudgom og Brud, og det siste kunde dei ofte halda for noko, som gav «Mathug». I Bryllaup hev det ogso vøre vanleg, at Presten er med i Dansen.

Den gamle, norske Maaten aa tøva (trakka) paa er velkjend paa Færøyarne, som ein kan sjaa av Bilætet. Paa 4-5 Timar kann ei Gjenta tøva 20 Par Sokkar, segjer ein Forf. i eldre Tid.

Matmaali der burte er; Ábit, Morgonmatur, Døgurði el. Dagverður og Nátturði (Nottere). Det usyrte Byggbraudet Dríl (Drujl), som dei brukar, smakar godt. Det er tjukkt som ein Handled, og vel ½ Aln langt; dei steiker det paa Torvglodi.

Det maa vera tólleg god Luft der burte, for det finst mykje gamle Folk. Men Tæringi hev herja stygt der og. Dei hev no sett upp ein Helseheim ved Torshavn. Fraahaldsarbeidet hev gjenge sers godt, likeins som paa Island. I 1908 vart Brennevinsforbod innført ved aalmen Folkerøysting. Dei maa soleis ikkje selja Alkohol. Men den einskilde og visse Lag hev Rett til aa faa seg tilsend Brennevin. Med Umsyn til Ung, domsarbeidet, er det her, som paa Island, skipa Ungdomslag etter norsk Mynstr.

Til Mikjunes, Store Dimun og andre Stader, der det er so hardt Brim, kjem Presten berre nokre faae Gonger for Aaret, og Kyrkjelyden syter elles for Gudstenesti sjølve. Kyrkja paa Store Dimun hev den minste Kyrkjelyden paa Færøyarne: berre Kongsbonden og Husfolket hans - umlag 20 Menneskje - dei einaste, som bur paa Øyi. I Kyrkja er det Sessar til deim og dei 8 Rors-Karar, som er med Presten. Dimun er ei Kirkjesokn for seg sjølv, den minste i Kongeriket, ¼ dansk Mil lang og Helvti so breid. Presten vitjar Øyi tvo Gonger for Aaret, fyrst i Mai og sist i August. Men, segjer Presten Rønne, her paa Færøyarne, som det so ofte og so lenge er Presteløysa, kann det gaa lang Tid, fyrr enn em Prest kjem Lipp der. Og daa kann det henda, at Likl i jordi alt er vortne til Mold innan jordpaakastet, og at Borni gjeng sjølv til Daapen. For det er ikkje kvar Prest, som greider aa kliva eit Fjell, som det paa denne Øyi.

Den Tid, Kong Fredrik den 7de budde paa Færøyarne som Prins, gjorde han ein Tur til Dimun. Daa han saag alle Fuglarne der, tok han til aa skjota og gav seg ikkje Tid til aa lata Mannskapet fiska upp dei Fuglar, han hadde drepe. I den andre Baaten, som fylgde med, var Kaptein Irminger, og Prinsen vinka daa til honom, at han skulde fiska upp Fuglen. Men Straumen var imot og Arbeidet slett ikkje lett. Difor ropa Irminger tilslutt ergeleg til Prinsen: «Fan, den fiske upp dei daude Fuglarne til Dykk, Dykkar kongelege Høgd!» - Mannskapet glodde forfælte paa Irminger, og det var uventande for alle, at han korkje vart halshoggen elder hengd, ikkje eingong tala til for det; slikt kunde dei ikkje skyna. For resten kom Prinsen aldri upp paa Øyi. Han tykte ikkje um aa leggja i veg, daa han saag, korleis Uppgangen var. Han var nøgd med aa eta eit Fat med Tjukk-Mjølk, som dei var uppe og henta til honom.

Det er mest ikkje Raad aa hava Baat paa Store-Dimun. Det finst ingen Stad, han kan standa heiltupp tryggt. Um Vinteren stend han umlag 25 Meter yver Vatnet, og likavel hev det hendt, at Brimet velta seg inn og tok alt med seg. Paa 27 Aar miste soleis Bonden der 28 Baatar.

Enno stend dei stolte Ord ved Lag, som ein Bonde i gamle Dagar trega «Futen» med, daa han kom med Trugsmaal: «Ja, ta meg - eg bur paa Store-Dimun!» Dei fortel og, at eit fermt og djervt Kvende i gamle Dagar gjorde seg til Einvaldsherre paa Øyi, ogso paa den Maaten, at ho sleit Lag med alt, som heitte Yverherredøme og kunngjorde «Kongeriket Store Dimun». Sysselmann, Fut og Amtmann, alle stod dei like hjelpelause nedanfor Uppgangen, som var stengd att for. I heile tri Aar greidde ho seg. Men daa vart ho sviki av ein Dreng, som hadde vorte harm yver ei Gryta med svidd Velling. Og i den drukna Kongsmagti hennar.

Same Forf. legg og til: Em einaste stor Stein, ei laus Planke, elder ein sterk Mann kan halda alle leide Framandfolk burte ifraa denne utakande Festningen. Vegen dit upp er knapt ½ Aln breid og 260 Fot i Høgdi. Eingong hadde det ogso kome ein Prost upp der, men han hadde nærpaa ikkje kome ned att han vart svimrug, og dei maatte fira honom ned i ei Lina yver Eggi med Bind for Augo.

Peder Claussøn segjer um Store Dimun: «Oc naar Quindfolck skal der op, da maa mand hafue Lencker eller Trosser paa dennem, oc vinde dennem op met».

Dei maa svara ei tólleg stor Avgift av denne Bygslegarden. Dei kan føda eit par og tretti Krøter og burtimot 500 Sauer. Men Hovud-Inntekti er Fuglen, for av den drep dei kvart Aar mange Tusund. Ved Jonsokleite kjem «Dimun-Bonden» sume Tider til Torshavn med ein Storbaat full av Lomvi-Egg. Han kann attaat selja mange Hundrad Pund med Fugle, fjør um Aaret.

Ein Ferdamann, som var paa Store Dimon i 1875, fortel, at Bonden der den Tid hadde i si Tenesta 10 Gutar og 20 Gjentor, for det meste for aa hjelpa til med Fugleveldingi og til aa stella med den Avdraatten, denne gav.

Ja, han bur einsleg, Bonden paa Store Dimun, den Øyi, som ingen kann koma til, og som ingen kann sleppa ifraa, dei fleste Dagar i Aaret.

I dette Samanheng kann det nemnast, at sume Stader paa Færøyarne dreg dei Baatarne i Gangspel uppetter Berget.

Presten paa Nord-Øyarne vart eingong liggjande vérfast paa den vesle Øyi Fugløy i seks Vikor, av di han ikkje kom tidsnok i Baaten, daa Brimet tok til. Ein Mann kom inn midt i Preika og sa ifraa um det, og Presten slutta strakst. Men dei segjer, at ei snild Kona baud Presten ein Tallerk varm Supa, fyrr han gjekk i Baaten, og dette Tilbodet vart Skuld i, at han maatte vera paa Øyi i ein og ein halv Maanad. Medan han aat Supa, auka Brimet, so det var uraad aa koma avstad. Aa stogga mindre enn ½ Kvarter kann vera nok i so Maate. Forf. J. Landt segjer um Fugløy, at det er underleg aa sjaa for ei Høgd, Folket maa draga Baaten sin ned ifraa og elles for Krikai og Krokar, dei maa igjenom, naar dei vil tilsjøs. Og so er det aa draga han upp att same Vegen, naar dei kjem fraa Havet ... Paa Store Dimun, og stundom paa Mikjunes, maatte dei fyrr i Tidi heisa Presten upp og ned i ei Lina. Paa Dimun er Uppgangen so bratt, at han ikkje høver for svimruge Folk. Berre ein Mann kan gaa up um Gangen. I 1874 datt Presten ned der og slo seg ihel, og det varde lenge, fyrr nokon Prest vaaga seg dit upp attr. Daa det tilslutt hende, fortel dei, at han konfirmera ei Gjenta, hadde henne til Altars, brudvigde henne og døypte Barnet hennar, alt paa ein Dag.

Havet kan stundom staa paa med uhorveleg Magt. Um det vitnar dette, som hende i Februar 1900 i Nolsøy Bygd, ei halv Mils Veg fraa Torshavn. Det bles ein raka Storm fraa sudaust, so ein mest skulde tru, det var eit vulkanskt Utbrot i Havet. Under det slo ein Sjø Hol i Fjellet tett attmed Bygdi. Han gjekk radt yver Øyi og leivde etter seg eit Òp so stort, at ein venteleg kann køyra igjenom det med Hest og Vogn. Ved Bosdalafoss paa Vaagøy hev Havbaara stige til umlag 33 Meter (so høgt som Rundetaarn i Kjøpenhamn). Deretter hev ho velta seg inn yver Fjellkanten og endaa 100 Meter derifraa havt Magt til aa flytja Stein paa timlag 15 Tonn. Dette fortel Professor i Vatsbygnad Palle Bruun.

Utpaa Eftan tok tile i vegen attr fraa Miklunes. Det var fint Vér, daa me rodde iland der um Morgonen, men Kapteinen hadde likavel budd oss paa, at han maatte gje' Avgangs-Signal til kvar Tid, soframt det saag ut for Brim. Som vel var, slapp me dette, og mange av deim, som var med paa Turen, fekk gjort ein god Handel med Mikjunes-Folket, fyrr me drog av. Sekkjar med salta Fugl, og store Bundlar med ny-flengde Lundar, vart tekne umbord i Dampbaaten, og her og der dukka em Færøying smilande yver Rekkja med ein turka Saueskrott paa Nakken. Naar Sauen er flaadd og Innvòlen teken ut, heng dei Skrotten upp usalta. Han turkar all igjenom og kann halda seg i aarevis (Skerpukøt). Det er lettvint Nista, og mang ein Embættsmann der burte hev teke med seg eit «Skjerpelaar» paa dei lange Baatferderne og ete av det med Tòlkniven.

Paa Heimvegen skulde me innum Vestmannahavn, som er ei med dei beste Hamner paa Færøyarne. Ein Tur utan færøysk Dans er utenkjeleg, og knapt var me komne i rom Sjø, fyrr dei tok kvar, andre i Henderne og slo Ring paa Dekket - kring Lugarar og anna, so det vart ei dugeleg Lekkja. Di meir Dampbaaten slingra, di meir røysta Kararne i med, og di lystugare gjekk det. Og dei song um Folkekjempa Sigmund Bresteson, som søv paa Skuvøy, um Grind-Draap og «Noregs Menn» og Slaget ved Svolder:

«Berið nú fram tev Herklæðir
við Brynjum og blonkum Brindi5)
siðani leggið frá Landi út,
og siglið frá Noregs Landi!»

Vundu upp síni Silkisegl,
út i Havið ganga:
so er sagt, at Konguril
han stýrdi Orminum langa.

«Leggið nu Skip í Striðið fram,
Segl á Bunka strúka,
tað skal síggjast, at Noregs Menn
teir kunna væl Svørðini bruka.»

Tí, svaraði Ólavur Kongur,
frá man frættast víða:6)
«Skarpur verður Hildar Leikur,
tá Normenn mót Norskum striða.»

Høgdu og stungu Noregs Menn
bæði við Svørði og Spjóti,
titt so fullu teir svensku Menn,
sum Grasið fýkur av Gróti.

Einar stendur i Krapparúmi7)
við Tambarboga, teir kalla,
hvørja Ferð Pílur av Boga dreiv,
tá mátti ein Maður falla -

Vestmannahavn ligg inne i Botnen av ein Fjord med høge Fjell kringum. Daa me kom upp-i Sundet, møtte me ein Kvalfangar med Flagg attr-ut. Det var norskt, og han helsa. Færøyingarne var i Godlaget; dei strøymde til Rekkja, og «Ja, vi elsker dette Landet» let etter honom, der han dampa utetter i den ljose Sumarkvelden.

*

Dei segjer fraa dansk Sida, at Færøyarne vart skilde fraa Noreg i 1709, av di dei paa den Tid kom under Sjællands Bispedøme. Det kann daa nemnast, at dei færøyske, islandske og grønlandske Rekneskaper (ilag med dei «bergenske og vestlandske») heilt til 1814 høyrde under «2det Nordenfjeldske Kontor for Bergens Stift».

    Noter:
  1. ro, Uttale: rægva.
  2. Fârfâr og Fârmôr.
  3. Kraakebein.
  4. som dei fester i Kvalen, naar dei slæpar honom.
  5. Vaapn.
  6. So vidt ein veit aa melda.
  7. Det andre Romet framanfor «Lyftingi».

Utdrag (s. 85-107) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen