Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Maalet - Bokheimen - Skulestellet - Kyrkja

av Hans Reynolds

Naar det gjeld Maa-Tilstandet paa Færøyarne, so hev dansk vore Kyrkje, og Retts-Maal sidan Reformationen, og det raader enno Grunnen i den færøyske Folkeskulen. Deira eige Maal hev vore sett til sides, endaa det i hundradvis av Aar hev livt paa Folkemunnen. Dei hev - og det slett ikkje utan Rett - likna ihop Færøyarne og Sørejylland, og me fær vona, at Danskarne heretter vil vyrda meir eit lite, trufast Brorfolk og gjeva Maalet deira den Plass, det hev full Ret til. Det danske Folket hev sjølv kjennt kvar Skoen klember i so Maate og skulde ikkje vera det siste til aa syna Rettferd mot andre.

Det er ogso sumt som tyder paa, at dei i Grannelandet vaart ser noko onnorleis paa dette Spursmaalet no enn fyrr. Færøyingar, som hev vitja Høgskular, hev i alle Fall funne, at dei danske Demokratarne hev fenge eit noko anna Skyn paa denne Saki enn Embættsmennerne paa Færøyarne. Medan eg var der burte, vart det - fyrste Gongen sidan uminnelege Tider - preika paa færøysk av den øvste geistlege paa Øyarne, Prost F. Petersen, som sjølv er Færøying. Dette hende etter Uppmoding fraa Kyrkjelyden, og um denne ynskjer det, vil det heretter ikkje verta hindra, heiter det, at Folket ogso kann faa høyra Ordet forkyndt paa sitt eige Maal. Men dei maa sagte søkja um det hjaa Prosten for kvar Gong.

Det var i 1888, at Maalspursmaalet for Aalvora kom fram. Orsaki til det var nokre Bladstykke av Færøyingar, som serleg nemnde den Trældom, det færøyske Maalet var ute for paa Øyarne. Dei kravde aa faa det innført fyrst og fremst i Skulen og likeeins i Kyrkja og i Retten. Det Skulestellet som daa var, tok dei hardt paa. Dei skulda Skularne for det, at dei snarare kvakla burt Upplæringi med Pugg-verket sitt, enn dei gav Ungdomen den grundige Upplysning, som Færøyingarne alltid hev sett so stor Pris paa, og som dei sjølve, fyrr Skularne vart skipa, hadde freista aa gjeva deim med Heimeupplæringi.

Dette vekte hard Motburd, fyrst fraa Skule-Autoritetarne, seinare slo og Prestarne og Storparten av Embættsmennerne seg i Lag med deim. Etter Ord-skifte i Bladi ei Tid, baud Færøyingar til eit aalment Møte for aa raadleggja um, kva dei skulde gjera. Dei var samde um det, at Tilstandet var utóllegt og dertil sers faarlegt for Færøyingarne som ei serskild Grein av den nordrlendske Ætti. Snart etter vart «Føroyinga-Felag» (Færøyinga-Laget) skipa. Programmet stilar paa aa hegna um Maal, Seder og Skikkar og driva Folket til Sjølvberging det meste, som Raad er. Det Merke, Laget hev, er fyrr nemnt her i Boki: det er raudt og hev midt i den raude Duken Tjelden paa blaa Grunn.

Det er ogso et «Føroyinga-Felag» i Kjøpenhamn, og det hev til Fyremaal og samla dei Færøyingar, som finst der, og stella det so, at dei framleides kann kjenna seg som færøyske og ikkje gløyma Fødelandet sitt. Til denne Dag hev den Færøying alltid vore svivyrd, som ikkje tala Morsmaalet sitt, naar han kom att ifraa Danmark.

Foroyingar, Landsmenn! Vit Málið ei gloyma,
hvar vit so ferðast i Bygd ella Stað,
altið i Barmi vit trúfast ta) goyma,
rópið ti øll nú eitt fyrfalt «Hurrá!»

(S. M. Zachariassen).

«Føroya Bókafelag» (Det færøyske Boksamlaget) hev gjeve ut ei Aarbok og dessutan studd uppunder Utgjevingi av Skriftir paa færøysk. Umsetjingar av bibelsk Innhald hev dei sumt utav no. Johannes-Evangeliet (ved A. C. Evensen) og Davids Salmar (ved Prost Jacob Dahl). Songbøker med nyfærøysk Lyrik og Salmedikting er utkomne, og det vert meir og meir vanleg millom Folket aa lesa færøysk. I 1908 vart skipa «Hitt færoyska Bókmentafelagið». Og i seinare Tid hev Boksamlaget «Varðin» kome til. Dette Laget gjer mykle for aa spreida Literatur paa færøysk millom Folket. Upplæringsmaalet i Folkeskulen er for det meste dansk. Det skal vera Grunnlaget, heiter det i Paabodet.

Dei hadde mykje Strid med Skulestyret i Torshavn for aa faa innførd færøysk til Fag ved Lærarskulen der, Styret viste Søknaden burt og orsaka seg med, at det ikkje kunde vera med paa Framlegget, av di det var Usemja um Stavemaaten i Færøymaalet.

I Havnarskúla har er so trongt,
at Móðurmálið er úti stongt.
Havnarskúla fekk Móðurmálið á Mála.

(Jóannes Patursson).

Alle Lærarane paa Bygderne er Færøyingar, og dei er tidt nøydde til aa greida ut ymse Ting for Borni i deira eige Morsmaal, av di dei betre-skal skyna, kva det er, dei les um. Dei færøyske Lærarane gjer i det Tilfellet berre i Samhøve med eit gamalt danskt Paabod. I det held dei det for vaagsamt aa stengja den færøyske «Dialekt» heilt ute fraa Upplæringi, av di han maa benda «trengst, for at Borni skal faa betre Skyn paa Tingen».

Ei Skrift «Dansken paa Færøerne, Sidestykke til Tysken i Slesvig» kom ut i Kjøpenhamn i 1845. Forfattaren var S. Frederiksen - eit laast-so Namn for Svend Grundtvig, den velkjende Professoren, Son til Nicolai Frederik Severin Grundtvig. I denne Skrifti klandrar han kvasst, at Morsmaalet aat eit Folk berre skal faa sleppa til, soframt det kunde turvast, um Borni skal skyna Tingen betre, men mest, av di Borni grundig skal faa læra eit framandt Maal, Dansken, so deira eige Maal ikkje vert turvande. Den Rett, dei hev gjenge med paa for Færøyingarne, er, segjer han, just det same, som Tyskarane hev gjort og enno gjer med Dansken i Slesvik. Dei brukar det danske Maalet til aa læra Borni Tysk.

Svend Grundtvig hev rett: Færøyarne er eit norskt Sørejylland.

Dansk er eit framandt og tillært Maal for Færøyingarne, og dette hev ogso vore nemnt av fleire fraa dansk Sida. Dansken Sophus Tromholt segjer, at «den Maaten ein Færøying talar dansk paa, er mesta løgleg; det luar som ei unemneleg Blanding av norsk, bornholmsk, slesviksk og svensk.»

Den danske Distriktslækjar A. Berg segjer i Boki si «Bidrag til Kundskap om Færøerne», prenta i 1889. Stykket er her umsett til norsk:

«Upplæringi paa Landet paa Færøyarne er soleis skipa paa same Vis som paa Island, iminsto den Tid Schleisner røkte etter der. Men det er den vigtige Skilnad, at Islendingarne kann skula upp Borni sine paa islandsk, av di den islandske Bokheimen er rik paa Lærebøker i alle Fag. Men Færøyingarne maa bruka eit Maal, dansk, som dei ikkje naarne nær sjølve hev nok Kjennskap til. Det er full-greidt, at Upplæringi maa fare storveges ille ved dette».

Det danske Maalet kann vera Skuld i mange Mistak der burte. Velkjend er Rispa um den tyske Presten i Slesvik, som sa til Kyrkjelyden paa ein heilag Paaskedag: «Stopper Eders Sokker!» Han meinte: «Stanser Eders Sukke!» Ein Færøying fortalde til Kapteinen paa ein Kvalfangar at han hadde set «syv Aander» ved Holtur, ein av Øyarne. Han meinte «Aande» elder «Blaast» av Kval. Kapteinen skratta upp i høgt av denne «Skrymte-sòga».

Me skal faa høyra, kva Færøyingen, Sokneprest P. A. Holm, segjer um dei uhøvlege Maaltilstand i Fødelandet sitt. Stykket er her umsett til norsk:

«Færøyingen, som er sers gudleg, gjeng i Kyrkja og lyder paa ei dansk Preika. Av den skynar han vel - men endaa langt fraa alltid - dei fleste av Ordi, men Aandi, som skulde setja Liv i Ordi, skynar han ikkje. So gjeng han heim og talar med deim, han held utav, um dei ævelege Ting paa eit anna Maal, der Aandi er heilt onnorleis. Borni lærer Kristendomen sin av danske Bøker, og det vilde venteleg sjaa enno meir syndleg ut med denne Lærdomen, enn det gjer, soframt ikkje Foreldri sjølve gav honom. For so fortel dei Gudsordet paa Morsmaalet, og ved det fær Borni ein Kjærleik til det, som dei danske Bøker, dei seinare skal læra, ikkje er gode for aa ala fram».

Paa Tinget i Roskilde i 1845 gjekk dei ved, at Færøymaalet hev høgt Verd for Færøyingarne, og at dei hev stor Kjærleik til det. Og likevel gjekk Autoritetarne stad og dreiv det heilt ut or Upplæringi, endaa dei vanta den Kjennskap til baade Maal, Folk og Tilstand, som var turvande. Borni vart soleis nøydde til sjølve aa bruka det framande Tungemaalet, som dei ikkje høyrer i Heimen sin.

Med Hensyn til Upplæringi, er det no faste Skular yver heile Landet. I Torshavn er det ein Realskule og i Samband med den eit tri-aarlegt Seminar for Lærarar ved Folkeskulen. Dessutan er det ein Folkehøgskule der; han var fyrr paa Nordøyarne. Styraren, Simun Skarð, hev skrive mange Salmar og Fedralands-songar paa færøyskt Maal, t. d. «Tú alfagra Land mitt, min dýrasta Ogn!» som det er sett ein væn Tone til av Færøyingen Peter Alberg. Skarð hev elles arbeidt mykje der burte i national Leid.

Foreldri skula fyrr i Tidi jamnast Borni sine sjølve og det synte seg, at ein likavel kunde setja den færøyske Aalmugen jamsides med, ja kann henda yver den danske, med Umsyn til Aandsvokstr. Eit Ord i denne Leidi fall i si Tid fraa ein dansk Mann, som hadde mykje aa segja. Ein annan dansk Forfattar skriv um Færøyngarne, at det er eit «klokt og vite, kjært Folkeslag» og nemner deira «gode, natturlege Givnad». Og naar det gjeld færøysk Vitsemd, skriv ein tysk Ferdamann, som var der burte umkring 1830, at han helder vilde svalla med ein Færøying ein halv Dag enn ein halv Time med ein av dei tyske Bønder.

Nokor fast Stavemaate for færøysk hadde dei ikkje fyrr umkring 1850. Kvar skreiv i sitt eige Bygdemaal og hadde Uttalen som Rettesnor. Prost V. U. Hammershaimb var den, som skipa ei regelrett Skriftform for Maalet og tok Ny-islandsk til Mynster for Rettskrivingi. I 1854 gav han ut ein færøysk Grammatik og vart soleis ein Ivar Aasen for Færøyarne.

Arvin tann dýra frá fornari Tið
og Hjarta-málið tað kæra
tú gróvst upp úr Dunga við miklum Strið
og setti tað aftur til Æru.

(S. M. Zakariasson).

Færøyvenen, Diktaren Dr. Idar Handagard skriv i eit forvitnelegt og skynsamt Stykke um Hammershaimb og den færøyske Bokavlen millom anna: «Dei segjer at ein mann kann frelsa eit heilt land; og ein kann trygt segja, at Hammershaimb hev berga det færøyske folkemaalet. Det er ikkje godt aa vita, korleis det hadde gjenge med det, um det ikkje hadde fenge ei fast skriftform aa stydja seg til i striden med bok-dansken. Han hadde nettupp fyllt nitti, daa han døydde. Og han kunde døy trygt. Det grodde godt etter det nybrotet, han hadde gjort.»

Det hev vore Strid millom tvo Flokkar paa Øyarne um Stavemaaten. Den eine Flokken hev stræva for den Skriftformi, Hammershaimb bruka, den andre vilde faa inn Broyting (ei Form, som nærmar seg endaa meir til Uttalen). Som ei Prøva paa dei tvo Maatar aa Skriva paa viser eg til Fedralandssongen «Visa um Føroyar», fyrste Verset.

Det færøyske er ikkje noko fatigt Maal. Færøyingen Dr. Jakob Jakobsen hev jamsides med Hammershaimb gjort meste for aa fremja det færøyske Bokmaalet. Han tok Doktorgrad i Kjøpenhamn i 1907 med ei Bok um det norrøne Maalet paa Shetland. Jakobsen segjer, at dersom heile den færøyske Ordmengdi vart utgjevi i Ordbok, vilde ho i Talet paa dei einskilde Artiklar (gamaldagse Ord, til dømes dei i Kvædi medrekna) knapt verta stort mindre enn den norske Ordboki til Ivar Aasen med Ross sitt digre Tillegg til den. Noko til dette gjer den Skildnad, som syner seg (endaa Øyarne er so smaae) ikkje berre i Uttalen og grammatiske Former, men ogso i sjølve Ordmengdi i dei einskilde Maalføri.

Dr. Jakobsen nemner, at Færøyingarne kjem med so mange ufærøyske, helst danske Ord og Ordlag, i Kvardagstalen, so ein skulde tru, at det gjeng til Avgrunns med Maalet der burte med sterke Stig (eit Ankemaal, me hev godt av aa merkja oss ogso her i Noreg). Han meiner, at det ikkje berre er gjerande, men endaa til lett i Skrift aa leggja fram eit helder reint færøysk og halda seg burte fraa dei fleste aalgjengde Framandord i Samtale-Maalet. For dei siste hev, segjer han, ikkje (i alle fall berre noko) trengt undan tilsvarande færøyske Ord; dei brukar deim gjerne jamsides med dei siste, tidt reint paa Slump.

Til døme nemner han daa, korleis dei skiftar millom dei nyare Ord, som tek til med «be» og «for» og dei tilsvarande eldre Færøyske: bedrøvaður jamsides med harmur; bedrøviligur jamsides grøtiligur og fleire; beginna jamsides med taka við elder undir, birja og fleire; Beginnilsi jamsides Upphav, Inngangur el. Birjan; behagligur (og angenemmur etter tysk) jamsides med dámligur, dælur og fleire; behøva jamsides níta(st), tørva og tørvast (Vera tarvur el. tørvur á); bekenna jamsides ganga við (nakað); besked jamsides svar (frágreiðing) og fleire. Dessutan neniner Jakobsen ei Rad med andre ufærøyske Ord, som hev lura seg inn i Maalet, men ikkje trengst der, til dømes: ein beskeðin Maður, beskriva, Beskrivilsi, bestemma, betíða, Betídingur, betíðiligur, óbetíðiligur, bevara, forandra, forbí, forklára, Forkláring, forskelligur, Forstand, forstanda, fornuftigur, forsvara, fortjena, Fortreð. Til dette kjem Ord som Argheit, Behendigheit, Friheit, Gírugheit, Góðheit, Klárheit, Likheit, Obetáðiligheit, Ogudligheit, Oskuldigheit, Rættferdigheit, Sannheit, Strangheit, Svakheit, Øvrigheit, Grumheit og fleire.

Det er, som ein ser, serleg i Ordleidingi at den framande Innverknaden syner seg sterkast i færøysk. Men det er visse Umkverv i Maalvegen, der den framande Innverknaden berre er reint liten, og det er slike, som heng ihop med Færøyingen sitt Kvardags-Stell og Arbeid. Likeins hev det, som ein veit, vore med det norske Maalet paa Shetland og Orknøyarne.

Naar eg hev teke med so mykje um Maalblandingi paa Færøyarne, er det av den Grunn, at det i Maalvegen der burte er Likskap med Tilstandet i Noreg. Me hev havt so mykje «Kjærlegheit» (til Dansken) aa dragast med i Bladteigarne vaare, at det kunde ha greidd seg med mindre. Og er det Meiningi, at me Nordmenn for Aalvora vil reisa,eit heilnorskt Maal i Munn og Penn - trass i den Gufs av Snobbeskap, Vanskyn, Ukunna og Likesæla, me dagstødt møter - daa trur eg, at det høver godt i ei Bok, som er skrivi for det store aalmenne Folk, aa peika paa dei skræmelege Døme paa Forfall i Maalvegen, som den vidkjende færøyske Vitskapsmann hev drege fram fraa Heimlandet sitt.

Svenskarne er ræddare for, at Maalet deira skal verta skjemt ved tarvlaus Blanding med framande Ord. So stride som Tyskarane og Islendingarne er dei vel ikkje. Men eg minnest, at daa eg vitja Göteborg for nokre Aar sidan, vart det haldi ei forvitneleg Fyrelesing der, um det vigtuge nationale Spursmaal: Aa gjeva den komande Ætti eit Maal so reint og heilt svenskt, som Raad var.

Skal me og naa fram til aa verta eit retteleg «fornemt Folk» og faa den «Selvstændighetens Æresfølelse», som Bjørnson tala so mykje um, maa me freista halda same Leidi som t. d. Svenskarne, naar det gjeld Maalet vaart.

Me veit, at det islandske Maalet var ogso ved aa siga under Dansken, og dei Prøvor, eg saag paa Island av Maalet der i Nedfalls-Tidi, var og so skræmelege, at det i vissa var paa høg Tid, at Islendingarne reiste seg og gjenom ei Mynster-Form, som til dømes i Tidskrifti «Fjølnir», synte Folket Vegen attende til sitt eige - eit rettelegt islandskt Maal!

Jakob Jakobsen.

Du misste mykje, du Færøya-folk,
daa du misste han.
Den son din han var din fremste mann,
ja eg set han millom dei fremste av vaare.
Stillt fôr han fram, men i heilen brann
ein granskar-eld av dei klaaraste klaare.

Eg møtte sjeldan meir smaalaaten mann.
Ei gløggare aand eg aldri fann,
so varsam i ord og tanke.
Hans mange verk yver norrønt maal
dei skjer igjenom eit skoddestaal
som morgonljoset, det blanke.

Han var din son, du Færøyaland,
og du saknar han no og mot aare.
Han var din son, men me syrgjer han
som ein med dei fremste av vaare.

Idar Handagard.

Den færøyske Bokheimen hev i seinare Tid vakse helder fort. Av nyare færøyske Diktarar er det no eit vænt Utval av Folkesongar, som eg hev teke med nokre Prøvor paa i denne Boki. Og dei Salmar, Færøyingarne hev paa sitt eige Maal, vil venteleg snart verta godkjende til Bruk i dei 44 Kyrkjor, som finst paa Øyarne. Det heiter i ein av Salmarne, Páska-Ljáð (Paaske-Salme, til Tonen «Kirken den er et gammelt Hus»):

Songur ti berst yvir Lond og Høv
um Páska-Boðskapin bjarta.
Fagurt hann ljóðar við opna Grøv
i elskandi, trúføstum Hjarta:
«Av Grov er upp risin Frelsari min.
Deyði, hvar er Broddur tin?»
Tokk havi Gud fyri Livið!

Frederik Petersen.

Utdrag (s. 49-60) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen