Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Ein Tur til Suderøy - Songdansen - Klædebunaden -Folkelyndet

av Hans Reynolds

Sundagen etter eg var komen, skulde det vera eit Aalmanna-Møte i Trongisvaag paa Suderøy. Møtet var skipa av det nationale Lag «Føroyingafelag». Kvart Aar hev det sovorne Møte, «Fólkafundir», kring umpaa Øyarne. Det var mykje Folk med fraa Torshavn, ikkje minst av Ungdomen, og endaa Vêret var urolegt, og det saag ut for, at ein kunde venta seg litt av kvart, var alle i Godlag og gledde seg paa den friske Sjøturen.

Dei undra seg ein grand, daa Nordmannen kom umbord med færøysk Huva paa liksom alle hine, men dei fann, at det var laglegt. Ho er det beste Hovudplagg, ein kan ha der burte, for det kjem so ofte Kastevind braadt ned fraa Fjelli. Baaten kom innum Torshavn fraa Nordøyarne og hadde med seg ikkje so faae Folk derifraa, og daa me umsider dampa avstad, kjende eg meg nett som heime millom all den gladlynde, hugheile Ungdomen, som utpaa Fjorden var so godvyrdslege, at dei song «Ja, vi elsker dette Landet».

Vêret er sers skiftande paa Færøyarne - «best som det regner, so kjem det ei Skur» - og fraa det graaaste graatt med tjukke Skoddedottar um Fjelltindarne, kjem Soli braadt fram i all sin Glans. Det tok snart til aa klaarna i Skyerne, og daa me kom eit Stykke sudetter, vart det blankt Sumarvêr. Dei færøyske Fjelli - som ein kann sjaa ei 10 Mil undan - stig i store Pallar elder «Hamrar» upp or Havet og er grasvaksne fraa Sjøen til dei høgste Toppar. I Graavêr ser dei audslege ut, men naar Soli skin paa dei ljos-grøne Liderne, der Saueflokkarne gjeng, og ein her og der ser ei fredleg Bygd kring um ei liti tjørebrædd Kyrkja, kann ein verta freista til aa syngja med Færøyingarne: «Tað er so vakurt í Førjun at búgva!» (Det er so vakkert aa bu paa Færøyarne!)

Der er ei Blomster i broget Pragt
og ingen smilende Lunde;
men Vaaren bær dog sin grønne Dragt
ved Fjord og bølgende Sunde.

(P. A. Holm).

Paa Vegen gjekk me ogso framum eit av dei største Fuglebergi paa Øyarne. Fleire av oss vilde gjerne sjaa det nære ved, og so gjekk Dampbaaten radt uppunder ein tverbratt Fjellvegg paa umlag 1000 Fot. Kapteinen let Eimpipa blaasa fleire Gonger og varsla dei tallause Ibuarane i dei store Berg-Rivorne. Verknaden var veldig.

Høgt upp-aa Hyllor og Setar sat Fuglarne og snudde dei snøkvite Bringorne ut imot Havet. Daa dei høyrde Gnellen av Pipa, som svara lenge att i Bergveggom, fauk dei i tusundvis ut av Reiri og Løynde-Holi og sette i eit Skrik, som ein kunde verta dauvhøyrd av. Himlen vart som yverskya, og paa Baaretopparne og langs med Skipssida, kvar ein vende seg, urde det med Lundar, Lomviar, Alkor og Ritor. Den siste er ei væn, skinkvit Maaka med ljosblaae Vengjer. Ho skrik stødt, Dag og Natt, so det hev vorte til eit Ordtak der burte: «tagnar ikki heldur enn Ritan í Bergin» (tagnar ikkje fyrr enn Rita i Berget).

Færøyingarne er sers nationale og glade i Song. Og no høyrde eg Landakvæði deira «Visa um Føroyar» ein væn Lovsong til det vesle Fjell-Land. Det er skrive av avlidne Prost F. Petersen paa Øysterøy.

Visa um Føroyar.
Allegretto
	N
Eg			oyg	gjar veit, sum ha	va	fjl~Yll	og
E			åig	gjar vait, sum hå	va	fj.iYdi	0
k "-.~ ~.
gro - na			lib,	og		tak	tar	e	ru
gro - na			ly,	0		tak	tar	e	ro
tær vi) mjøll um		ve - trar - ti6; og	åir	ren - na
	titi vi ini6d1 u in			ve		trar - ty;	0	~jir	ræn - na
G		-	- I
	vak - rar har			og	fos -	sa	négv;	tær
	våk - rar hår				0	fås	sa	n@agv ;	tær
vil					ja	al	lar	skun	da	sær	i	blå - an
vil					ja	ad	lar	skun	da	sår	y	blå - an
N
s-j6gv.		Gud sig ni mitt fø - bi -land Før-oyar.
sjægv		Gud sig nff myrt 16 je - land For - jar.

Og tá ið Veðrið tað er gott tun Summardag,
og Havið er so silvurblått um Sólarlag,
so spegilklárt og deyðastilt og himmalreint -
tað er ein Sjón, eg veit tú vilt væl gloyma seint.
Gud signi mítt Føðiland Føroyar.

Men tá ið Stormur spælir Lag á Fjallatind,
og Bylgjurnar tær rúka av stað sum skjótasta Hind,
og Brimið stórar Klettar ber langt upp á Møl -
tá Bát at temja Gaman er við Stýrisvøl.
Gud signi mítt Føðiland Føroyar.

Mítt Føðiland tað fátækt er, eg veit tað væl -
ei Gullsand Áin við sær ber tun Fjalladal;
men meðan Líðin elur Seyð, og Havið Fisk,
so fæst við Guds Hjálp dagligt Breyð á Føroyings Disk.
Gud signi mítt Føðiland Føroyar.

Mítt Føðiland tað er ei stórt sum onnur Lond,
men so væl hevur Gud tað gjort við síni Hond,
og alla Tið tað til sin dregur Hjarta mítt;
tí Rúm tað best í Føroyum hevur at sláa frítt.
Gud signi mítt Føðiland Føroyar.

Mítt Føðiland! tað Ynski mær í Hjarta er,
at Lukkan góð må fylgja tær á tíni Ferð,
so Ieingi Sólin roðar í Fjøll um Morguntíð,
og Skuggi fer um grønan Vøll og bratta Líð.
Gud signi mítt Føðiland Føroyar.

Det var heist Flagg, og mykje Folk var samla inne paa Bryggja, daa Dampbaaten litt yver Middag ankra i Trongisvaag. Me vart no kringsette av flaggprydde Baatar og rodde iland i den koselege Bygdi. Ho ligg nett som inn i ein norsk Vestlandsfjord. Sjølv vart eg, ilag med eit par færøyske Vener, beden til ein hyggjeleg Huslyd, og daa me hadde kvilt oss ut etter Turen, nytta me Høvet til aa sjaa paa Kolgruvorne, som ligg paa Nordsida av Fjorden.

Dei var kome eit par hundrad Alen inn under Fjellet, og Koli vart førde ut paa Trallor. Eit franskt Lut-Lag hadde i mange Aar havt Løyve til Koldrift paa Øyi, men dei hadde no avhendt det heile til eit engelskt Lag. Desse Gruvorne vil venteleg i Framtidi faa mest aa segja for Færøyarne sjølv. Det finst ogso litt Kol paa ei onnor øy, Tind-Holm, men dei er ikkje gode. Dei hev dessutan funne Kol paa Mikjunes og Vaagøy. Den namnkjende Færøyingen Poul Nolsø fragta elles færøyske Kol baade til Bjørgvin og Kjøpenhamn i 1805.

Folkemøtet vart halde ut paa Eftan ved Tvøroyri uppe i Dalen. Under «Føroyingafelag» sitt Merke gjekk me upp der og spreidde oss i ein grøn Bakke, medan Merket vart sett paa Kanten av eit djupt Bekkjefar.

Suderøy er sers fjell-lendt, og fraa Høgdi hadde me eit fint Utsyn innyver Øyi. Me saag lange gras-vaksne Lider (Brekkur), der smaae Fossar glitra i Solskinet, og Spuen og Heidloi høyrdest gjenom Stilla ... Under oss laag Trongisvaagfjorden spegelblank, og her svingar han inn i ei breid Vik.

Yndig grønnes Lid og Dal ved den stille Fjord;
Agren vel og giver sin Frugt i høie Nord.

(P. A. Holm).

Møtet tok til med ein Song til Morsmaalet (Tone: Suomis Sång). Det let so vænt:

Hoyrið Dans i Stovu ganga!
Hoyr um Kappar Kvæðið langa!
Tað er Førja-Mál.

Hoyr við Grúgvu Mannin gamla
Børn um forhar Søgur samla!
Tað er Førja-Mál.
Hoyrið Brim um Strendur brúsa!
Hoyrið Storm i Fjøllum stisal
Tað er Førja-Mál.

Tú mást bæði úti og heima
dýyrt sum Reyðargullið goyma
væl títt Módurmál.

Merket breidde seg ut i den lette Brisen. Midt i det stend den færøyske Fuglen, Tjelden, paa blaa Grunn, elles er Duken raud.

Tjelden (Tjaldur) hev paa Færøyarne vorte det demokratiske Symbol, eit Bilæte paa den Færøying, som legg all sin Hug paa aa hjelpa Heimlandet fram. Den færøyske Diktaren og Fridomsmannen Poul Nolsø (Nølsoyar-Páll), som han beiter der burte, var Upphavet til, at den danske Einhandelen vart avteken. I 1807, daa han stridde mot Embættsveldet, skreiv han eit Dikt, «Fuglekvædet» (Fuglakvæði). Det er ei Spottevisa yver Einhandelen og Danskestyret paa Færøyarne. Ho er etla til aa syngja, naar dei kjem saman til Dans, og er paa ikkje minder held 229 Vers. I Visa er Syslemannen, Futen og Kommandanten Rovfuglar, som plundrar Smaafuglarne (Folket). Diktaren er Tjelden, som sjølv er vaken og varar Smaafuglarne, naar det er ilt paa ferde.

Det Umkvæde, som alle Færøyingar kjenner so godt, luar so:

Fuglin i Fjøruni
við sínum Nevi reyða,
mangt eitt Djór o høviskan Fugl
hevur hann greitt frá Deyða.

Fuglen i Fjøra
med den raude Nebben sin
mangt eit Dyr og høvisk Fugl
hev han fridd fraa Dauden.

Danskarne tykte nok ikkje urn dette Kvædet, men dei kunde ikkje forbjoda det helder. Færøyingarne song daa berre um dei stygge Rovfuglarne og nemner ikkje Namni

Det heiter i ein Song der burte:

Fyri mongum donskum Fúta
máttu Førøya Bøndur lúta
her á teirra egnu Jørð.

Og i ein annan:

Haldið fast, Føroya Menn,
verjið Føroya Mál,
tá vit goyma Minnið um hann Nelsoyar-Páll.

Og dessuten i denne til Tonen «Ja, vi elsker»:

Tjaldrið kom og kleyv tað Dimmið,
sló so ramt eitt Slag,
høgdi Rovfugjarnar grimmu,
birti ljósan Dag:
«Føroyingar, fremjið Verkið!
gerðum ei Føroyum Skamm!
Tjaldrið vera skal várt Merki,
hvar vit halda fram!»

(Jakob Jakobsen.)

Ein Færøying segjer i eit Brev til Forfattaren: «De Nordmenn skynar oss likavel betre enn alle Andre». Og det er visst, eg paa dette Møtet kjende, at Hjarta mitt var med deim i den Strid, dei fører for atter aa setja sitt eige Maal i Høgsætet. Det, som dei gjenom Hundradaar hev verna um som ein dyr Skatt, det, som Barnet der burte enno bablar paa Môr-Fanget, det, som læt manna-millom i Sorg og i Gleda.

Tidi gjekk med Talor og Song - alt paa færøysk, og eg skyna storparten av det. Det færøyske Maal likjest mykje paa vaare vestlandske Bygdemaal; det stend elles millom norsk og islandsk. Men jamvel etter eg hadde vore der i tvo Maanader, hadde eg vondt for aa fylgja med, naar Færøyingarne rødde seg imillom. Onnorleis var det ved Foredrag. Aa lesa færøysk vil falla tolleg lett for deim, som er vane med norskt Landsmaal.

Her er ei Røda millom tvo færøyske Bønder1); Ordi er skrivne etter Uttalen:

Geûan Morgun! Gud signe tee! Qveât eru Ørindi tujni so tujlja aa Modni?
E atli meâr til Utireûrar.
Qvussu eer Vegri? qvussu eer Atta?
Teâ eer got enn, men E vajt ikkji, qvussu téa viil teâka seg up meuti Dei.
Viil tu ikkji feâra vi?
Naj!
Qvuj taa?
Tuj E vanti meâr ainkji aa Sjeunun, o teâ eer betri a feâra eât Seji.

Paa norsk:
God Morgon! Gud signe deg! Kva er Ærendi di so tidleg paa Morgonen?
Eg etlar meg til Utror.
Korleis er Vêret? korleis er Ætti (Vinden)?
Det er godt enno, men eg veit ikkje, korleis det vil taka seg upp mot Dagen.
Vil du ikkje fara med ?
Nei!
Kvi so?
Av di eg ventar meg inkje noko av Sjøen, og det er betre aa sjaa til Sauerne.

Møtet baud paa mange varmhuga Innlegg for Øyarne og deira Framtid, millom anna av Diktaren Rasmus Effersø. Det slutta med ein umtykt Song: «Det færøyske Maal». Serleg vart det siste Verset sunge med Kraft og Glod:

Men enn tú gleðir hvønn tann Mann,
ið Føringur vil vera,
og hann teg ongantið gloyma kann,
men teg í Minni bera.
Vær drekkum glaðir tína Skál,
og so vár Ynskir ljóða:
várt kæra, gamla Móður-Mál,
hav langa Framtið og Góða!

Um Kvelden fekk eg fyrste Gongen sjaa den for, vitnelege Færøydansen. I gamle Dagar var han kjend i Noreg og; no er han innførd her paa nytt Lag av Fru Hulda Garborg. Han hev halde seg godt paa Suderøy, serleg i synste Bygdi, Sunnbø, for her finst han enno egte og upphavleg. «Udi deres Bryllupper og udi juledagene forlyste de sig med nogen enfoldig Dans», segjer Forf. Lucas Debes um Færøyingarne.

Denne Dansen hev fyrr vore kjend yver heile Europa og var i Millomaldren det, dei sette mest Pris paa aa trøya seg med i Umgangs-Livet. Dei trur, at han hev kome til Øyarne yver Noreg (Bjørgvin) i Slutten av det 13de Hundradaaret, og Færøyarne er no den einaste Staden, Ringdansen med Song til enno finst. Dei gamle Kvæde, som dei brukar til denne Dansen, hev gjenge i Arv munnlært fraa Ætt til Ætt, og dei eldste av deim hev norske Emne.

M. B. Landstad segjer, at det er ein merkeleg Likskap millom desse færøyske Kvædi og Telemarks-visorne vaare baade i Form og Innhald, og Maalet i deim er og sers likt.

Med Umsyn til Tonen, hev den færøyske Folkevisa halde uppe mange Drag fraa Kyrkjemusikken i Millomaldren.

I ei gamall færøysk Segn heiter det, at Kvædi kjem seg fraa ei Skinnbok fraa ein Stad paa Island, Fróðar = steinur, dei kalla, (visst av fróður, dvs. kunnig, vis). Boki skulde ha komi til Færøyarne med eit islandskt Skip, som stranda paa Sandøy, og ho skulde ha vore so stor, at ein Hest ikkje kunde bera meir paa eine Sida av Klyvsålen. Sume av dei færøyske Kvæde syner ogso sitt Upphav ved Innledingsordi: «Ein er Riman år Islandi komin, skrivað i Bók so breiða» o. s. b., og med det peikar dei kann henda paa denne Segni.

Det gjeng for visst, at islandske «Skinnbøker» (Pergament-Handskriftir) hev gjenge rundt paa Færøyarne i Millomaldren. Men dei trur likavel, at ymse færøyske Kvæde fyrst hev kome beinveges fraa Noreg, og at dei seinare hev fenge ein islandsk Svip, av di den islandske Soge- (og Rime-) Literatur i Millomaldren hadde so stor Innverknad paa Færøyarne.

[I dei gamle «Islendinga-toftir», som dei kallar deim paa Færøyarne, heiter det, at Islendingar hev vore Vinteren yver paa Ferder til og ifraa Noreg.]

Daa eg kom burt aat Huset, der Dansen skulde vera, var han alt i full Gang. Eg høyrde Song og Trakk og Trøding, so det dunde, og hadde eg tenkt meg Færøydansen underleg, var eg slett ikkje sviken. Ja eg torer trygt segja, at det er verdt aa umaka seg med Sjøverk eit par Døgr millom Noreg og Færøyarne for aa vera med der ute ei einaste Natt.

«Fremjið Ring eftir Gólvi fram» - - -

heiter det i Visa. Ungdomen hadde slege Ring, og «Ormurin Langi», eit Kvæde um Svolderslaget, paa 85 Vers, ljoma under Loftet

Viljið tær høyra Kvæði mitt,
viljiv tær Orðum trúgva,
um hann Olav Tryggvason,
hagar skal Riman snúgva

Umkvæde:

Glymur Dansur i Høll
Dans sláð i Ring!
Glaðir rída Noregsmenn
til Hildar Ting.

Kongurin letur Snekkju smiða
har á slottum Sandi,
Ormurin Langi størstur var,
sum gjørðist á Noregs Landi.

Knorrur var bygdur á Noregs Landi
gott var i honum Evni:
sjúti Alin og fýra til
var Kjølurin millum Stevna.

Dei var i Noreg no, skyna eg:

«Jallurin av Ringariki
hann meg higar sendi»
- - - - -

Golvet skolv, naar Kararne sette Hælringarne i, og det huska, so eg mest trudde, det vilde gjeva Svigt for denne «Berserks-Gangen» paa Vikingvis! Det er underleg, kor dei hev fenge i seg desse Kvædi, som dei syng ved Aaren dei lange Vinter-kveldarne.

Tvo færøyske Sjømenner sat i ei Skjenkestova i Kjøpenhamn. So kom det eit par Farkar burt til deim og kravde, at dei skulde «riva i» Drikke. Den eine Færøyingen spratt paa Timen upp or Stolen:

Ræddir eru danskir Menn
mót Norrmonnum at ganga!!!

kom det med bivrande Mæle. Dette Verset av «Ormurin Langi» glatt or Munnen paa honum, og det beit utruleg godt. «lh, beværs, det var nu ikke saa slemt ment, Kammerat», sa Rampen og drog seg attende.

Venteleg til Æra for den norske Gjest, song Suderøy-folket ved næste Kring-Sviv Sinklarvisa, og daa dei kom til dei mest stridshuga Versi, var det, som dei vart krigslystne alle ihop. Gamle Karar paa seksti gjekk med i Ringen, sette Augo i Loftet og «drap» Skottar, so Sveiten sila, og det var ein Gny inne i Stova, so det var mest uraad aa høyra Manns Maal. Dei, som dansar, er heilt med i Ordi i Songen. Naar Slag-Staaket vert skildra, knuar dei Henderne aat kvarandre, og naar Sigren er vunnen, hoppar dei og storgledast.

Færøydansen er ikkje vanskeleg aa læra, han likjest mykje paa ein Leik. Dei held kvarandre i Henderne, helst skiftevis ein Kar og eit Kvende, og gjeng visse Stig fram og attende. Ein elder flere syng, og alle røystar i med ved Slutten av kvart Vers (Umkvædet). Spel brukar dei ikkje, og det er difor lett aa faa til ein Dans paa Færøyarne. Er Dansen alt i Gang, naar ein kjem, kan ein brjota Ringen, kvar ein vil, og er snart inne i Takti. Soframt Ringen er fulltald, og det enno finst einkvan, som vil vera med, gjer dei ei Bugt inne paa Golvet, so alle fær Plass.

Stigi i Færøydansen er einfelde. Det er i det heile seks og stødt dei same:
1: vinstre Fot eit Stig fram, 2: høgre Fot eit Stig burt imot vinstre, 3: vinstre Fot atter eit Stig fram, 4: høgre Fot tett burtaat den vinstre, 5: høgre Fot eit Stig attende, 6: vinstre Fot burt til høgre. So tek dei same Stigi til att.

Ei med del vanlegaste Dansevisorne er «Óluvu-Kvæði» (171 Vers). Den væne færøyske Tonen tli dette Kvædet er ogso nytta i Plougs Dikt um Slaget ved Slesvig («Paaskeklokken kimed mildt»).
Det beiter i Umkvædet:

Stígum fast á várt Gólv,
sparum ei vár Skó!
Gud man ráða, hvar vær drækkum
onnur Jól.

Kvædi er gjerne lange, sume paa 2-300 Vers. I «Førøya Kvæði», eit storfeldt handskrive Verk, som dei hev paa den kongelege Boksamlingi i Kjøpenhamn, er det 234 Kvæde og Visor i 70000 Vers.

Den store Samlingi av færøyske Kvæde hev me no i Avskrift i «Norsk Folkeminnesamling» i Oslo. Mykje av dette Avskrivingsarbeidet er gjort av ei færøysk Dame, Frk. Marie R. Mikkelsen. Frk. Mikkelsen hev i mange Aar vore Formann i Færøylaget i Kjøpenhamn, der baade Islendingar og Nordmenn er velkomne som Gjester, og hev skrive fleire gilde Songar paa færøysk.

Seinare paa Kvelden maatte eg gaa med i Ringen og vart no var tvo norske Kvalfangarar, som dansa som gamle Færøvingar og ikkje sparde Skorne sine.

Væl fellur Ríman.
Dansum fróo og glað.
Aftur Sól i Eystri risur,
boðar nýggjan Dag.
Væl fellur Ríman.
- - -

Leiken stod paa heile Natti; det var mang ei «vøkur Genta» der, og del unge Færøyingar var spræke og lentuge. Det er noko sterkt og sprette yver deim, og Kost som Kvalkjøt og Spekk kan sagte gjeva baade Hold og Knokar.

Dersom ein Færøygut tykkjer godt um ei Gjenta, prøver han aa koma nærare henne i Danseringen. Tokker ho seg daa lenger burt, held dei det for, at ho ikkje synest um han.

Det er gildt aa sjaa ein Færøying koma hiskande paa dei lette Hudskorne og med Fjellstaven i Handi. Naar eg saag meg um ibland deim, maatte eg tykkja gjævt um den Bunaden, dei hadde. Hovudplagget er ei raud, og blaastriputt Huva, som minner um ei Gardisthuva, elder Skottehuva utan Band (dei dansar tidt med Huva paa). Elles hev dei til kvardags ei brun Trøya av Ullty, som høver godt til alle Aarstider, svarte Knebrøker med Massing-knappar og brune Sokkar. Fotbunaden er vanlege svarte Lérskor til Helgabruk og elles Sko av barka Sau-Skinn elder Kullud. Dei er bøygde upp um Foten og sauma yver i Taai og Hælen og vert fastbundne med fletta Ullband kringum Okla. Kararne hev kvite Band og Kvendi blaae held raude. Stundom legg dei desse Skorne i blòt, av di dei skal vera mjuke og gode aa ganga i. Heimeskorne (av Lambskinn) slit dei svinnt Hol i, difor vert dei vende. Dei saumar deim daa att ovantil og spjerrar deim nedantil. Den tid, eg var der, kosta dei 30 Øyre i Butikkarne der; men dei lager deim helst sjølve.

Den rettelege Helga-Bunaden er ei myrkblaa Stutt, Trøya med tvo Rader med Sylvknappar, raud, utsauma Vest, myrkblaae Knebrøker med Sylvspenne, ljosblaae Sokkar og sylvspende Skor. Denne Bunaden er overlag væn, og til dette kjem den gamle, prydelege Stavn-hetta, ein Hatt av fint, svart Vadmaal. Han hev tvo store Spissar (Stavnar) framme og bak. Dei er innpaa ½ Aln lange, og Hetta likjest paa Baatar med høge Stamnar. Spissarne er kanta med stive, smale Kniplingar. Det er noko beintfram hovdingslegt ved dette Hovudplagget. Det minner noko um Brudgoms-huva i Sætesdal i gamle Dagar. Eit nærlikt Hovudplagg er Skrúo-húa elder Skrúxhetta. Det beiter daa ogso hjaa ein Forf., at «ho gjer ein velskapa Færøying retteleg vakker aa sjaa paa», og eg maa sanna dette. Han nemnar ogso, at kvar er sin eigen Skræddar der burte, men «til aa laga og sy dei færøyske høge Hettor krevst det ein Tame yver det vanlege.»

Kararne held etter Maaten mykje paa Nationalbunaden enno, men hjaa Kvendi hev han gjenge meir utor Bruk. Hovudgrunnen til det, trur dei, er den, at den færøyske Kvende-bunaden krev, ein skal vera framifraa fin paa Skapnad, ikkje minst ha væne Armar. Kvendebunaden er ei stutt Trøya, droplutt blaa og raud elder myrk, og ljosblaa, nedringa, med stutte Ermar og Snøring framme. Um Halsen legg dei eit Turklæde, som gjeng ned i Snøringi, so det vert ein Trikant bak. Stakken er stutt og striputt og hev same Liten som Trøya. Paa Hovudet brukar dei anten ei liti Huva elder eit Turklæde. Det er ogso ein væn Bunad, og det vilde vera Synd, um dei skulde leggja han heilt burt.

Fyrst utpaa Morgonsida, umlag ved 6-Tidi, spakna Dansen. Dei dyrkar honom enno med ein Brennhug, som knapt kunde ha vore større hjaa dei gamle Vikingarne. Venteleg vil han koma til aa finnast lenge enno hjaa dette øyfolket, som bur so langt undan, og som hev synt, at det kan staa imot, enndaa um dei ofte Færøygjenta hev freista aa slaa ein framand Stempel paa det.

Thi ude her i Havets Favn,
i Læ af Fjeld og stolte Tinder,
et lidet Folk med gammelt Navn
end værner tro sin Fortids Minder.

(P. A. Holm).

Millom Jol og Fasta er den rettelege Dansetidi. I Fasta dansar dei ikkje, og aa gjera imot dette tykkjer mange eldre Folk mest er det same som Helga-Brot. Dei hev soleis den Dag idag ikkje kvitta seg heilt med denne Leivningen fraa den katolske Tidi. Ei Stemna med Dans hev dei ved «Varme-Kjelda» paa Øysterøy Jonsoknatti (Jóans-økunott). Fraa gamall Tid hev Folk gjort Pilegrims-Ferd til denne Olla, etterdi det skulde vera Helsevon i det varme Vatnet der. (Sovorne Pilegrims-Ferder var det ogso her hjaa oss. Paa Løvøy i Borre ved Horten, ved St. Hallvardskapellet, var det ei Olla med lækjande Vatn. Der samla sjuke Pilégrimar seg kvar Jonsok-Kveld, og det heldt dei ved med her i Noreg til langt ned i det 16de Hundradaaret.)

So stillfarande og inntenkte Færøyingarne er til dagleg, likso eldhuga og opne vert dei gjerne, naar dei kjem saman i festlegt Lag, elder det til dømes er noko, som kjem inn paa deira nationale Minne. Den, som hev fare kringum i Noreg, vil attanfyre den aalvorsame, stundom mesta kalde Aasynd hjaa vaart Folk visst ha funne det same Drag i Huglyndet - ein varm Understraum, som sume Tider kann bera reint utav Leidi.

  1. Etter Svabo: Færøyarne.
  2. Skal Songen ber seg snu.
  3. Lat Dansen glyrnja i Halli.
  4. Til Striden.
Utdrag (s. 27-48) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen