Storvask i Noreg

av Hans Reynolds

Det er storvask no millom Noregs fjøll,
dei gjer reint! i vaart tilsmurde hus,
dei gamle gudarne rager og fell,
og ut kryp rottor og mus.
Takk vere bonden, so gjeng me daa fram,
det munar fraa dag til dag,
lenge me saag på mykjing og skam,
men no kjem eit nordandrag!

Fyrst kjendest ein gufs ifraa Grønlands is,
og den gav i skylaget fart,
tinget tok saki paa sjømanns vis,
og Oslo vart kvitt Kristian kvart.
Enn sleng det ein Fredrik eld tvo i aust,
ein Kristian i sør og vest;
men ungdomen vonar, at tinget er raust,
og daa vert det fagnad og fest!

Hans Reynolds

Fra: Porsgrunds Dagblad 8. juni 1929, s. 1
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen