Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

6. ledd

Jørgen Hansen Ø. Tveitan

Jørgen bruka ein part av farsgarden som faren hadde overlate hana og det var meininga at dette skulle bli eit åsete for han. Ved skiftet etter Jørgen i 1802 nemner enka dette og synest det var rimeleg at deres son Hans Jørgensen fekk taka over denne gardpart.

Svigerfaren Hans Svendsen som enno hadde garden Ø. Tveitan lova enka at dei skulle få bruka gardparten til hennar son var 18 år.

Jørgen Hansen var ogso eigar av Sjørholt frå 1799. Denne eigedom var verdsatt til 700 rdl. heri var ogso Sjørholts kvernhus i Berganbekken medrekna.

Enka Ingeborg Rasmusdtr. gifta seg andre gong og no med Even Andersen Tangvald frå Bamble. Even overtok so Sjørholt og bygde ny hovedbygning her, men dei budde ikkje her og garden vart driven med forpaktar.

Ingeborg og Jørgen sine born er:

  1. Hans Jørgensen Tveitan f. 1787, d. 1870 på Haukeli, g. 1810 m. Anne Andersdtr. Haukeli f. 1790, d. 1867, dtr. av Anders Kristensen og Kirsti Halvorsdtr. Haukeli.
    Det er desse folk som går vidare i denne slekt og omtalast under ledd 7.
  2. Anne Jørgensdtr. Tveitan f. 1789, g. 1811 m. Halvor Andersen Haukeli, seinare Værstad, f. 1781, son av Anders Kristensen og Kirsti Halvorsdtr. Haukeli.
    Anne og Halvor flytta etter giftemålet til Gjærum og dreiv der garden for Jens Jensen som var utkalla til militærtjeneste. Då Jens Gjærum kom heim igjen frå militærtjenesta, tok han over garden sin igjen og Anne og Halvor flytta og tok over farens andre eigedom, Værstad i Helgja i slutten av 1814.
    Av borna er Ingeborg f. 1811 og Kirsti f. 1813, fødde på Gjærum, og Maria f. 1816 og Halvor f. 1821 på Værstad.
  3. Isak Jørgensen Tveitan f. 1791, d. same år.
  4. Kirsti Jørgensdtr. Tveitan f. 1793, seinare g.m. Tor Andersen Tangvald i Bamble, f. 1777, d. 1827.
  5. Isak Jørgensen Tveitan f. 1796.
  6. Marthe Kirstine Jørgensdtr. Tveitan f. 1799, d. same år.
  7. Marthe Kirstine Jørgensdtr. Tveitan f. 1801, seinare gift med Ole Hansen Østvedt.
Utdrag (s. 122-123) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen