Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

3. ledd

Hans Jonsen Lien, Tveitan

Denne slekt var i ei årrekke knytta til garden austre Tveitan.

På austre Tveitan døydde i 1691 Olle Svenkesen. Han var gift med Guro Pedersdtr. og dei hadde 7 born.
Olle Svenkesen hadde eigd 2 tn. skyll i garden, dei stod i pant hos byskrivaren i Skien som igjen [uforstålig ord] av Peder Lauritsen var overdrege Isak Jonsen Lien den 1688. Isak Jonsen gav enka tilbod om å overta eigedomen for det han hadde lagt ut, elles måtte han få dom for at garden var hans fulle eigedom.

Isak Jonsens bror Hans Jonsen oppheld seg på same tid på farens tidlegare bruk, Almom. I 1693 vart det gjort ei avtale mellom Isak og Hans, der Hans Jonsen overdrog Isak Jonsen det han i skifte etter sin far var utlagt i garden Elset. Isak overdrog då samstundes 1 hud i Tveitan og ½ hud i Tveitstulen. I 1694 fekk Hans ei ½ hud til i Tveitstulen av Isak Jonsen.

Hans gjorde so ei avtale i 1695 med Guro Pederdotter slik at ho avstod sin odelsrett og garden mot at ho fekk alt til livs opphald på garden so lenge ho levde.

I 1698 er Hans Jonsen Tveitan oppført med 3 tn. i austre Tveitan og 1 hud i Tveitstulen.

Hans Jonsen Tveitan f. 1660, d. 1724, g. m. Anne Torstensdtr. vestre Klyve f. 1665 d. 17152, dtr. av Torsten Klausen og Ingeborg Svenkesdtr. vestre Klyve.

Ved sin døyd hadde Hans noko gjeld, men eldste son Svend Hansen tok over garden og gjelda.

Av Anne og Hans sine born er funne:

  1. Svend Hansen Tveitan f. 1696, d. 1771, g. 1722 m. Anne Kristensdtr. Hanes f. 1702, d. 1751, dtr. av Kristen Sørensen Hanes og Kirsti Thorbjørnsdtr. Bergan. 2) g. 1752 m. enka etter Jørgen Jørgensen Kongstvedt, Jøran Halvorsdtr. v. Gisholt f. 1711, d. 1777.
    Svend er den som fører denne slekt videre og vil bli nærmere omtalt under Ledd 4.
  2. Abraham Hansen Tveitan. Han er fødd før 1700 og myndig ved farens døyd, men seinare er det ikkje noko å finna om han.
  3. Ingeborg Hansdtr. Tveitan f. 1699, g. 1729 m. Lars Larsen. Meir om desse er heller ikkje funne.
  4. Anne Hansdtr. Tveitan f. 1703, g. 1721 m. Jens Halvorsen
  5. Hans Hansen Tveitan f. 1704, d. 1705
  6. Torsten Hansen Tveitan f. 1706, d. 1764, g. 1732 m. Anne Torstensdtr. Skjelbreid f. 1702, d. 1777. Ho var den yngste av same namn og dtr. av Torsten Kristensen Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen.
    Torsten fekk i 1732 take over husmannsplassen Huset av sin bror Svend og her budde dei i all si tid. Deira born er: Hans Torstensen f. 1734, d. 1761, g. 1757 m. Karen Jørgensdtr. Kongstvedt f. 1737, dtr. av Jørgen Jørgensen og Jøran Halvorsdtr. Kongstvedt. - Torsten f. 1736 - Kristen f. 1739, d. 1740 - Kristen f. 1742, d. 1765 - Jakob f. 1746
  7. Åvet Hansdtr. Tveitan f, 1708, g. 1730 m. Eskild Rasmussen.
  8. Jon Hansen Tveitan f. 1712, g. 1756 m. enke Åste Jørgensdtr. Kongstvedt f. 1731, dtr. av Jørgen Jørgensen og Jøran Halvorsdtr. Kongstvedt.
Utdrag (s. 109-111) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen