Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

2. ledd

Joen Jensen Lien

Etter faren har Jon Jensen i 1651 teke over som brukar av Lien gard og var desutan eigar av Elset 6 huder, Veberg ½ hud, Stavdal 3 huder og Melfald 1 tn.

I 1652 er han ogso brukar av Valen i Solum og i 1654 ogso Almind (Almon) i Melum som Skiens Laugstol eigde. Tønholt var gått over til Hans Elset som før hadde 2 huder som bygsel i Elset.

Joen Lien var soleis ein av dei største bøndene i Solum. Han døyddde på Lien kring 1. juni 1667 og var gift med Anne Kristensdatter Ånerød, dotter av Kristen Ånerød. Det var ei stor eige og mykje eigedom Jon etterlot seg, og her vart teke med noko av lausøra:

Av tinn: 19 fat og tallerkenar, 6 fat og 4 tallerkenar, 14 tallerkanar, tinnflaske og 6 sekskanta flasker.
Ymse: 1 benk, 6 boringar, 1 morte, 2 par lysestakar, 1 høg stake, 5 kjelar av ymse storleik, 4 bryggekjelar, 8 gryter, 2 jernharver, plogjern med ristel og ploglenke, tømmerhaka, hestesælar, børse brødtakka smedreiskap for 6 rdl. 11 dyner og 3 skinnoverlag, 19 par laken av kvitt og strie, 1 strieduk, 1 ringveva duk, 5 dukar av leret, putevar med spreng, putevar med H-spreng, 3 par andre putevar, 2 sengestader i den lafta austre stova, 4 andre sengestader, skap, 2 stolar, besatt låsbart kisteskrin, låsbar kiste, eikiste i stolpebua, 1 jernomn, 1 skap i daglegstova, 2 andre skap og roskap, kalemandsslede, bækkekvern, reidskap på Stavdal sag, 303 tylvter stokkbord, 4 tylvter stokktømmer ved saga, 2 blakke hestar, 1 raublakk hest, 10 sauer og 7 lam, gris, 15 kyr, 4 kviger, 4 kalvar, 2 oksar og 1 okse på Elset. Av grøde var her ikkje noko, men på dei 3 gardane var det sådd tilsaman 14 tn. korn.

Verde av lausøyra var 552 rdl. 2 ort 10 skjelling. Tilgodehavande var tils. 791 rdl. 23 skj. Utanom eigedomen var eiga soleis over 1343 rdl. og gjelda berre 36 rdl. Buets eigande jordegods var no: Elset 8 hudar, Stavdal 5 hudar og 1 hud i Veberg.

Anne Kristensdtr. levde mange år etter sin mann. Ho døydde på Lien i mai 1712. Dei siste 14 år hadde ho budd på garden hos brukaren Anders Mathiassen (som var frå Bolvik) og ved skifte ba han om noko godtgjersle for opphaldet. Anne hadde vore sengeliggjande dei 2 siste åra og vore mykje dårleg.

Anne og Jon Lien sine born er:

  1. Jens Jonsen Gjærum d. 1701, gift med Børthe Gudmundsdotter Ø. Gisholt f. 1665, d. 1725, dtr. av Gudmund Olsen d. 1667 og Karen Andersdtr. d. 1699 på Ø. Gisholt.
    Jens bygsla Gjærum i 1679 og dreiv denne til han døydde. Av borna er kjente:
    1. Jon Jensen Tute under Elset f. 1682, d. 1741, g.
      1) g. m. Ingeborg Jonsdtr. f. 1683, d. 1731
      2) g. m. Liv Nilsdtr. Skjelbreid f. 1708 Liv Nilsdtr. 2) g. 1742 m. Ole Henriksen. Dei fekk eit barn, Nils f. 1744. Liv var dotter av Kirsten Torstensdtr. Rogstad og Nils Kristensen Skjelbreid.
      Jon Jensen hadde med farbroren Isak Jonsen Elset avtala ved kontrakt, der han vart eigar av garden Tute 1 tn. gots som var verd 80 rdl. Med Isak Elsets son Jon Isaksen var det avtala med Jon Jensen at han skulle have sin hogst og hamning ved Gurevikbukta og grensen skulle gå opp mellom ein dal eller 2 myr til 2 store oretrær, derfrå til Rusvarsvea eller velta, der den gamle kjøyrevegen skiller og so like ut i vatne.
      Jon Jensens born i dei 2 ekteskapar var: Jens f.- 1720 - Kari f. 1723 - Berte f. 1726 - Barbara f. 1729, ho var døtd før faren - Ingeborg f. 1734 - Nils f. 1735, d. same år - Arne f. 1737, d. same år - Kirsten f. 1738 - Gudmund f. 1741
    2. Kjersti Jensdtr. Gjærum. Ho vart gift med Isak Jørgensen.
    3. Gudmund Jensen Gjærum f. ca. 1692. Han var hos si mor på Gjærum og seinare hos sin stedfar.
    4. Maren Jensdatter Gjærum, var gift med Arne Larsen Skreddarvolden under Åfoss, son av Lars Torgrimsen og Maren Eriksdtr.
      Skreddarvolden er det seinare kalla Åfosstrand, men ogso denne plass er no nedlagt.
    5. Åvet Jensdtr. Gjærum f. 1695, d. 1756 på Aspheim, g. 1727 m. Jon Larsen Aspheim f. 1701, d. 1743, son av Lars Jonsen Aspheim og Anne Arnesdtr. Siljan.
      Sjå om denne familie under Åbjørnrød s. 159.
    6. Marte Jensdtr. Gjærum f. 1700, d. 1740, g. 1721 m. Ellev Halvorsen f. 1691, d. 1767 i Merkesdalen under Dolva.
      Dei var husmannsfolk på denne plassen og hadde 2 kyr og 4 sauer. Deira born er: Jens f. 1723 - Halvor f. 1724, d. 1726 - Halvor f. 1728 - Jon f. 1731.
    7. Karen Jensdtr. Gjærum f. 1701, d. same år.
    Børthe Gudmundsdtr. vart ikkje lenge sitjande enke på Gjærum. Året etter (1702) vart ho gift med Lars Mathiassen som var frå Bolvik, men opphald seg på Lia i Solum, son av Mathias Sørensen og Anne Torsdtr. Bolvik. Vet var inga born i dette ekteskap.
    Då Børthe døydde i 1725 gifta Lars Mathiassen seg litt seinare saame år og no med Amborg Halvorsdtr. Valen, f. 1705, d. 1744, dtr. av Halvor Reiarsen og Marthe Torstensdtr. Valen, seinare Dolva.
    Her var 4 born: Birthe f. 1728, d. 1732 - Inger f. 1729 - Anne f. 1733, d. same år - og Marthe f. 1734
  2. Kristen Jonsen Lien, seinare Stavdal f. 1657, d. 1729, g. m. Anne Gudmundsdtr. Ø. Gisholt. Ho var syster av kona til eldste broren, Jens Jonsen.
    Anne og Kristen var ei tid på Elset, men fekk so overtaka Stavdal etter eit makeskifte med si mor, som so overtok Kristens eigedom i Elset.
    Då Anne døydde, hadde dei mange husdyr, nemleg: 2 hestar, 11 kyr, 3 kviger, 2 oksar, 2 kalvar, 11 sauer og 3 griser.
    Anne og Kristen fekk 2 born:
    1. Mari Kristensdtr. Stavdal g. 1713 m. Tor Torbjørnsen Bergan f. 1687, d. 1756. Han var leiglending på Bergan og son av Torbjørn Tordsen og Gunvor Iversdotter Bergan.
    2. Marthe Kristensdtr. Stavdal g. 1719 m. Reiar Jakobsen Rennesund, seinare søre Skjelbreid.
      Reiar var leiglending på søre Skjelbreid, men måtte vike plassen for kjøparen Klaus Karlsen Bergan. Dette tok so hardt på Reiar at det gjekk heilt over styr for han, og som enda med at han gjorde ei ulukke på Klaus og vart dømd frå livet, men domen omgjort til livsvarig fengsel på Akershus. Dei hadde 4 born: Anne f. 1721 - Karen f. 1723 - Jakob f. 1736, d. 1730 - Ingeborg f. 1728.
    Kristen Jonsen Stavdal gifta seg igjen i 1710, og no med Maren Jonsdtr. Fjeld f. 1685, d. 1761. Her var det desse born:
    1. Anne Kristensdtr. Stavdal f. 1713, d. før faren.
    2. Jon Kristensen Stavdal f. 1715, d. 17197, g. 1744 m. Ingeborg Åsoldsdtr. Rennesund f. 1726, d. 1781, dtr. av Åsold Jakobsen Rennesund og Anne Andersdtr. Valen.
      Ingeborg og Jon var velstandsfolk. Etter farens døyd kjøpte han av mora, hennar halve gard og løyste seinare inn dei partar som hans syskinn hadde fått utlagt som arv i garden.
      Her var bekkekvern med kvernhus og møllereidskap. På stalden var det 2 hestar og i fjøset 6 kyr, 5 kviger og 2 oksar.
      Han dreiv elles med skogsdrift og kollmiler. Garden hans var utstyrt med ei stor lausøyre med verdifult inventar og reidskap.
      Anne og Jon fekk 12 born:
      1. Kristen Jonsen Stavdal f. 1745, d. same år.
      2. Ole Jonsen Stavdal f. 1747, d. 1823, g. 1775 m. Berthe Eriksdtr. Nes f. 1757, d. 1846, dtr. av Erik Fredriksen og Anne Thorsdtr. Nes.
        Ole kjøpte saman med sin bror Åsold, garden Bruseth og var her nokre år. Etter sin far fekk han halvparten av Stavdal og flytta so dertil med familien. Åsold held fram på Brueth, men døydde brrått. Hans son Jon Åsoldsen og mora tok over og freiv garden til den vart seld til Anders Isaksen Rennesund i 1785.
        Av borna er funne: Jon f. 1776 - Anna f. 1779 - Jon f. 1782 - Erik f. 1785 - Åsold f. 1788 - Anne f. 1791 - Ole f. 1794 og Isak f. 1798.
      3. Åsold Jonsen Bruseth f. 1749, d., 1784, g. 1773 m. Anne Andersdtr. Lien i Solum f. 1755, d. 1808, dtr. av Anders Eriksen Lien og Marie Åsoldsdtr. Rennesund.
        Som ovanfor nemnd hadde Åsold garden Bruseth saman med broren, slik at Åsolds part var 1 hud verdsatt til 500 rdl. Garden var i dårleg stand og det var hogge mykje i skogen. Åsold eigde 7½ skinn i Stavdal då han døydde. Det vart halde auksjon på Gjestgjevargarden Haukeli 1. des. 1784 over Stavdal som vart seld til broren Ole Jonsen for 210 rdl. Bruseth vart seld for 700 rdl..
        Åsold og Anne fekk 3 born: Maria f. 1779, d. same år - Jon f. 1780 og Ingeborg f. 1783.
        Enka Anne Andersdtr. gifta seg igjen i 1792 og no med Abraham Olsen Lille-Melfald, og dei fekk ein son, Åsold Abrahamsen f. 1793, g. 1813 m. Kirsti Haraldsdtr. Gisholt.
        Abraham Olsen overtok bygselen etter faren Ole Gjestsen på Lille-Melfald. Hans foreldre var no gamle og skulle få til livs opphald på garden.
      4. Kristen Jonsen Holtan i Solum f. 1751, d. 1803, g. 1781 m. Karen Halvorsdt. Leirodden f. 1764, d. 1811, dtr. av Halvor Hansen Valen og Berthe Nilsdtr. Rugla.
        Sjå nermare s. 47 om denne familie.
      5. Abraham Jonsen Stavdal f. 1753, d. 1755.
      6. Maria og Abraham (tvillingar) f. 1755, men begge døydde.
      7. Abraham Jonsen Hummelsgård f. 1757, d. 1801, g. 1783 m. Karen Jonsdtr. Øya. Dei var bygselfolk på Hummelsgård. Av borna er kjent:
        Jon f. 1784 - Åsold f. 1787 - Ingeborg f. 1789 - Ole f. 1792 - Abraham f, 1793 - Karen Marie f. 1797.
      8. Isak Jonsen Stavdal f. 1759, d. 1829, g. 1791 m. Anne Marie Isaksdtr. Rennesund f. 1767, d. 1850, dtr. av Isak Åsoldsen Rennesund og Åvet Pedersen Melum.
        Isak fekk sin Stavdalgard etter faren som delte eigedomen og dreiv denne heile si tid og var ein dugande bonde. Då Isak døydde vart Anne Marie føderådsenke på Stavdal. Deira born er:
        Jon f. 1794 - Isak f. 1797 - Åsold f. 1800 - Åvet Maria f. 1802 og Ingeborg f. 1807.
      9. Jakob Jonsen Erikstad f. 1762, d. 1828, g. 1790 m. Børthe Gundersdtr. Grøtsund f. 1765, d. 1835, dtr. av Serg. Gunnar Andersen Grøtsund og Marthe Iversdtr. Bergan.
        Jakob selde sin part i Stavdal til sin bror Jon. I 1789 kjøpte han so 1 hud i store Erikstad, på auksjon. I 1803 og 1812 fekk han so skøyte på meir av garden, slik at han fekk tilsaman 2 huder. Denne eigedomen vart i 1829 vedsat til 750 rdl.
        Deira born var:
        Ingeborg f. 1790, g. 1822 m. Ole Halvorsen Fjeld - Jon Jakobsen f. 1792, g. 1823 m. Maren Jørgensdtr. Elset - Gunnar Jakobsen Almom f. 1796, g. 1829 m. Anne Jonsdtr. Stavdal f. 1793, dtr. av Jon Jonsen Stavdal og Anne Eriksdtr. Nes - Åsold Jakobsen f. 1800, d. 1879. g. 1836 m. Birthe Jakobsdtr. Haukedalen f. 1814, dtr. av Jakob Hansen og Elisabeth Gulliksdtr. Haukedalen - Anne Maria f. 1798, g. 1829 m. enkem. Ole Olsen Stavdal f. 1794, son av Ole Jonsen Stavdal og Birthe Eriksdtr. Nes - Abraham Jakobsen f. 1803, g.m. Aslaug Marie Pedersdtr. Yterbø, dtr. av Peder Halvorsen Ytterbø og Anne Jørgenmsdtr. Åmtvet i Helgja.
      10. Jon Jonsen Stavdal f. 1765, d. 1823, g. 1790 m. Anne Eriksdtr. Nes, f. 1765, dtr. av Erik Fredriksen og Thorsdtr. Nes Jon hadde sin Stavdalgard 2 huder skyld. Han var sers godt økonomisk stilla og etterlot seg ein rein eige på 799 spd. då han døydde.
        Anne og Jon hadde berre døtre, nemleg:
        Ingeborg f. 1790, g. 1813 m. lærar Lars Hansen Rogstad f, 1782, d. 1839, son av Hans Olsen og Birthe Marie Larsdtr. Rogstad - Anne f. 1793, g. 1) 1823 m. Erik Olsen Stavdal f. 1785 2) g. 1829 m. Gunnar Jakobsen Almom f. 1793 - Maria f. 1795, g. 1825 m. Åsold Olsen Stavdal f. 1788, d. 1848 - Maren f. 1799, g. 1821 m. Halvor Halvorsen Fjeld f. 1796 - Karen Kirstine f. 1802.
      11. Anne Jonsdtr. Stavdal f. 1767, g. 1791 m. Lars Jonsen Øya f. 1766, d. 1842, son av Jon Pedersen og Karen Korneliusdtr. Øya.
        Borna her var: Karen f. 1792 - Jon f. 1794 - Ingeborg f. 1797 - Inger Marie f. 1799 - Abraham f. 1802, d. 1835 i Gråten - Ole f. 1806.
  3. Isak Jonsen Elset d. 1731, 74 år 3 mnd., 1) g. m. Liv Kjeldsdtr. søre Bjørntvedt d. 1710, dtr. av Kjeld Thomassen og Maren Rasmusdtr. Bjørntvedt.
    Ein treffer på Isak Elset mange stder i Solum og Melum. Det syntest som han har vore til stor hjelp for folk som sat trongt økonomisk, med lån og garantiar. Elset hadde dårleg jord, men var på storleik som ein fullgard. I 1710 var her 10 kyr, 6 kviger, 1 okse, 10 sauer, 3 sauebukkar, 3 grisar, 8 lam og 3 hestar.
    Isak vart 2) g. 1712 m. Ingeborg Mahiasdtr. Suttervik f. 1689, d. 1775, dtr. av Berthe Karlsdtr. Melum og Mathias Kolbjørnsen Suttervik.
    Då Isak døydde i 1731, gifta Ingeborg seg igjen i 1735 og no med Søren Kristensen Hanes, seinare Falkum f. 1709, f. 1786, son av Kristen Sørensen Hanes og Kirsti Torbjørnsdtr. Melum.
    Alle Isak Elsets born er av første ekteskap:
    1. Jon Isaksen Elset f. 1697, d. 1776, g. 1726 m. Dorthe Pedersdtr. Åfoss f. 1707, d. 1776, dtr. av Peder Isaksen og Maren Tykesdtr. Åfoss
      Jon hadde førsteretten til garden etter faren og løyste etter kvart inn fleire av syskinas partar i eigedomen, slik at han i 1776 var eigar av 5½ hud i Elset. Jon døydde medan skiftet etter hans kone var under hansaming.
      Jon Isaksen var ein driftig mann og hadde mange ombord i heradet. Deira born er:
      1. Peder Jonsen Elset f. 1727, d. 1801, g. 1748 m. Karen Anundsdtr. Skjelbreid f. 1726, d. 1799, dtr. av Anund Haraldsen og Anne Andersdtr. som kjøpte 2 huder i Skjelbreid i 1740.
        Dei kom til å driva hovudgarden Elset, men ved skifte teer faren vart det utlagt mange partar av denne til dei andre sønene.
        Deira born var: Anders f. 1749 - Maren f. 1750 - Dorthe f. 1752 - Anne f. 1754 - Marthe f. 1756, d. 1768 - Mariken f. 1758 - Kirsten f. 1760 - Karl f. 1762 - Malene f. 1764.
      2. Isak Jonsen Ødegården f. 1731, g. 1756 m. Anne Jakobsdtr. Dei budde i Østgården under Elset, og det er funne eit barn, Karen f. 1768.
      3. Søren Jonsen Elset f. 1735, d. 1788, g. 1766 m. Marthe Klausdtr. f. 1739, d. 1799, dtr. av Klaus Karlsen Bergan og Kirsti Kristensdtr. Hanes.
        Klaus Karlsen hadde kjøpt 10 skinn i nordre Skjelbreid, so her var det då ogso plass for Marthe og Søren den første tid, seinare overtok Søren sin arvepart i Elset. Dei hadde borna:
        Ingeborg f. 1767, g. 1794 m. Tor Larsen Siljan i Bamle - Karl Sørensen f. 1769, g. 1801 m. Anna Andersdtr. - Dorthe f. 1771 - Jon f. 1773 og Anna f. 1774.
      4. Lars Jonsen f. 1732, er døyd ong.
      5. Tyke Jonsen Elset f, 1739, d. 1805, g. 1773 m. Guri Olsdtr. Dei hadde ei dotter, Dorthe f. 1780 som vaks opp. Ho vart g. 1800 m. Hans Olsen Berg d. 1809, 41 år. Det var ikkje halde skifte etter Guri Olsdtr. Det var soleis Dorthe som arva foreldras eigedom i Elset. Dorthe og Hans fekk ei dotter, Gurine Hansdtr. f. 1803.
      6. Kristen Jonsen Masteflette f. 1742, d. 1805, g. 1770 m. enke Ingeborg Jonsdtr. Klosterøya d. 1801.
        Kristen Jonsen fekk seg utlagt gardparten Masteflett etter sine foreldre og dreiv denne til han brått vart riven bort ved ei ulukke. Ved skifte etter Kristen var det ei rein eige på 373 rdl.
        Av deira born er funne:
        Dorthe Kristensdtr. f. 1770, g. 1807 m. enkem. Simon Torbjørnsen frå Vold - Ingeborg f. 1775, d. ong - Ingeborg f. 1776, g. 1799 m. Jon Halvorsen Bolvik - Ingeborg f, 1773, d. ong - Anna f. 1780 - Jon Kristensen f. 1783, d. 1866, g. 1809 m. enka etter Hans Olsen Berg, Dorthe Tykesdtr. Elset d. 1861.
      7. Liv Jonsdtr. Elset f. 1729, d. 1789 i Gurevik, g. 1763 m. Hans Sørensen f. 1737, d. 1809 på Elset.
      8. Mariken Jonsdtr. f. 1733, g. 1772 m. Sivert Bertelsen Flørodden. Då Mariken døydde i 1790, gifta Sivert seg igjen i 1792 m. Marthe Iversdtr.
        I 1777 fekk Sivert Bertelsen løyve av Tyke Jonsen Elset til å opprydde eit stykke jord eller skogmark, Steinvikodden kalla, som låg langs Norsjø og mellom Elset og Tute, mot 2 rdl. i årleg skyld.
      9. Else Jonsdtr. Elset f. 1737, d. 1802, g. 1762 m. Jon Thorsen Bolvik f. 1734, son av Tord Jonsen og Marie Thomasdtr. Bolvik.
      10. Anne Jonsdtr. Elset f. 1749, g. 1775 m. Halvor Pedersen Hegland, som var frå Landsmarka i Lunde.
    2. Abraham Isaksen Elset f. 1699, d. 1731
    3. Jacob Isaksen Elset f. 1701, d. 1774. Jakob var serg. i Generalmajor Dietrichsens regiment. Det er ikkje truleg han har vore gift, men han hdde arva jord av Elset etter faren og han døydde her.
    4. Thomas Isaksen Elset f. 1705, f. 1758. Han hadde ogso jordstykke av Elset som sin bror ovanfor. Han var ug.
    5. Maren Isaksdtr. Elset f. 1708 d. same år.
  4. Hans Jonsen Ø. Tveitan f. 1660, d. 1724, g.m. Anne Torstensdtr. V. Klyve f. 1665, d. 1752, dtr. av Torsten Klausen og Ingeborg Svendsdtr. vestre Klyve.
    Desse er det som går igjen i denne slekt. Sjå ledd 3.
  5. Else Jonsdtr. Lien, vart gift med Søren Tollefsen d. 1676. Dei fekk bruka ein del av Stavdal gard som hennar far eigde, men var i grunn Elses arv som var utlagt i denne gard. Dei fekk 2 born: Joen og Maria.
    Skifte etter Søren var halde i 1679 og det syner at han eigde, halv landskyld i søre Vingstøp (Venstøp) i Gjerpen og 2½ lispund og 8 skålpund landskyld i Trin i Sandsvær, som skulle avgift og skattelegjast i buet.
    Else Jonsdtr. gifta seg igjen i 1680 med Hans Sørensen Klep og dei flytta til Bamle. Den part Else arva etter sin far og mor var 1 hud i Stavdal, vart seld til hennar svoger Ole Kjeldsen Tråk.
  6. Lisbeth Jonsdtr. Lien var gift med Abraham Mortensen Bjørntvet. Om desse ektefolk har det vore lite p finne, men i 1687 finn vi han som oppsitjar på nordre Sjøtvet.
    Ved saketinget på Ånerød gard den hausten kom Abraham for retten, då amtmann Adeler kravde at Brasberg plass tilførast i landtalet med 1 hud og har ligge under n. Sjøtvet gard. Abraham spurde her tingsalmugen om dei viste om at Bratsberg plass nokon sinn var brukt under n. Sjøtvet og av same gards eigedom opprydda, - og om det var svara aavgift til Sjøtvets opsitjarar. Almugen svara at dei hadde høyrt at nemnde plass har ligge og vore brukt i forne tider av Sjøtvets opsitjarar, men kven avgifta har vore hjeve til viste dei ikkje. Mathias Bolvik nemnde at hans far og bestefedre budde på Sjøtvet, og då brukte dei plassen 1 hud under garden. Kristen Karlsen held fram på vegne av Magister Hanibal Jessen, at han ikkje rettare viste enn at plassen i all tid hadde ligge under Sjøtvet, under provstens byksel og at denne plass var til klokkerne då der ingen annan klokkarplass var. På denne plass budde no klokkar Hans.
    Lisbeths arv etter faren vart utlagt i garden Elset. Denne part selde Abraham i 1694 til hennar bror Isak Jonsen. Abraham hadde sitt bumerke. Det var ein stor A med ein S hengande i venstre bein på A'en, S'en var bakvend hengande. Abraham er truleg døyd på Melum gard i 1732, 89 år.
  7. Ingeborg Jonsdtr. Lien var 1) gift med Hans Pedersen Røra d. 1691. Dei hadde garden Røra 3 huder, desutan ½ hud i Elset som var Ingeborgs arv etter faren.
    Av husdyr var her 1 hest, 6 kyr, 3 kviger, 1 okse, 4 gjeitar og 8 sauer.
    Med dette ekteskap vart 2 store slekter samanbundne, men ein kan her ikkje taka med so mykje av den store Røraslekta.
    I ekteskapet var det berre 3 born, nemleg:
    1. Peder Hansen Røra, f. 1684, d. 1760, g. 1715 m. Anne Mathiasdtr., dtr. av Mathias Kolbjørnsen Suttervik og Berthe Karlsdtr. Melum.
      Peder fekk overtaka farsgarden og dei 2 plassane Riple og Strand. I Rørabekken hadde dei eit lite fiske med teiner. Dei eigde og noko i Tråk med underliggjande Vebergskogen. Dei var økonomisk godt stilla og hadde inga gjeld.
      Av Anne og Peders born er funne:
      1. Hans Pedersen Røra, seinare søre Bjørntvet og so tilbake igjen til Røra, f. 1717, d. 1786, g. 1748 m. Anne Kristensdtr. Yttre Bjørntvet f. 1726. Anne hadde vore gift før.
        Det var skifte i 1787 og det vart deling av buet. Halvbroren Hans Nilsen Bjørntvet som var son av konas første ekteskap vart vege for son Mathias som var tilsjøs.
        1. Peder Hansen Røra f. 1749, d. 1791, g. 1782 m. Åvet Pedersdtr. Findal f. 1761, d. 1850. Åvet 2) g. 1794 m. Torsten Mathiassen V. Klyve.
        2. Kjeld Hansen Røra f. 1751, d. 1839, g. 1804 m. Ingeborg Vetlesdtr.
        3. Jakob Hansen Røra f. 1755, d. 1819 på Åfoss, g. 1800 m. Marthe Kirstine Pedersdtr. Øvre Åfoss f. 1770, d. 1844 på Bjørntvet.
        4. Mathias Hansen Røra f. 1757, g. 1794 m. Kirsten Pedersdtr. Findal f. 1765, dtr. av Peder Hansen og Maria Hansdtr. Findal.
      2. Birthe Pedersdtr. Røra f. 1720, g. 1738 m. Hans Kristensen Falkum f. 1711, d. 1774 på Falkum, son av Kirsti Torbjørnsdtr. Bergan og Kristen Sørensen Hanes.
      3. Mathias Pedersen Røra f. 1724, d. 1725.
      4. Marie Pedersdtr. Røra f. 1727, d. 1811, g. ca. 1750 m. Peder Andersen Meltvet d. 1794 på Falkum, son av Anders Solvesen Meltvet og Torgjer Reiarsdtr. Lilleholt.
      5. Kari Pedersdtr. Røra f. 1730, g. 1753 m. Mathias Larsen V. Klyve f. 1727, son av Ingeborg Klausdtr. og Lars Torjussen Sti.
      6. Marthe Pedersdtr. Røra f. 1735, d, 1802, g. 1755 m. Peder Isaksen Åfoss f. 1733, d. 1825 på Bjørntvet, 91 år 7 mnd.
    2. Mari Hansdtr. Røra f. 1687, d. 1724, 1) g. 1707 m. Ole Nilsen Bjørntvedt f. 1683, d. 1719
      2) g. 1720 m. Kristen Abrahamsen nordre Bjørntvet, som ved Mari's døyd gifta seg igjen hausten 1725 og no med Maren Jensdtr. Alvart, d. 1733, 27 år. Kristen døydde i Suttervik i 1751 og vart 62 år.
      Kristen kom til Bjørntvet gard ved sitt gifte med Mari. Arvingane av hennar første ekteskap var av den meining, at dei hadde rett til å take over eigedomen etter faren, for Kristen var no berre ein giftingsmann. Tilslutt vart det ogso slik at sønene fekk eigedomen til rådvelde.
      Mari og Oles born:
      1. Hans Olsen Bjørntvedt f. 1707, d. 1743, g. 1729 m. Mari Thomasdtr. Bjørntvet. Mari vart gift andre gong i 1744 og no med Halvor Olsen Fjeld.
      2. Nils Olsen Bjørntvedt f. 1712, d. 1786, g. 1734 m. Anne Thomasdtr. Bjørntvet f. 1712, d. 1743.
      3. Søren Olsen Bjørntvedt f, 1714.
      4. Marthe Olsdtr. Bjørntvedt f. 1710, d. 1777, g. 1732 m. Reiar Halvorsen V. Dolva.
        Sjå side 27.
      5. Jon Olsen Bjørntvedt f. 1718, g. 1753 m. Gunhild Larsdtr. Sti f. 1732, dtr. av Lars Torjussen Sti.
      Mari og Kristen Abrahamsen sine born er:
      1. Karen Kristensdtr. Bjørntvedt f. 1721, d. 1725.
      2. Maren Kristensdtr. Bjørntvedt f. 1726.
      3. Ole Kristensen Bjørntvedt f. 1728, d. 1799 på Aspheim. Han var serg. i Kaptein Brunches kompani i 1751, g. 1758 m. enka etter Peder Hansen Findal, Torberg Andersdtr. Meltvet f. 1723, d. 1794 på Aspheim, dtr. av Anders Solvesen Meltvet og Targjer Reiarsdtr. Lilleholt.
        Dei budde på Nes i Melum til 1761, då fekk dei bygsel på 2 huder i garden Aspheim. Dei hadde borna:
        Kristen Olsen. Han var tilsjøs hyra med eit engelsk skip. På ei reise til Geneakysten hadde ein ikkje høyrt noko frå skip eller mannsakp. - Peder Olsen, kom seinare til å take over garden etter faren Anne Marie Olsdtr. g. 1791 m. Halvor Bjørnsen Fjeld, og Kari Pedersdtr. som var av moras første ekteskap, vart g. 1774 m. Henrik Paulsen Gjærum.
      4. Jens Kristensen Bjørntvedt f. 1731
    3. Marthe Hansdtr. Røra g. m. Hans Hansen Sortedal.
    Ingeborg Jonsdtr. Lien giftet seg andre gong, og no med Ole Kjeldsen Bjørntvedt d. 1733. Ingeborg døyd 1742. Dei var ei tid på Røra, men flytta so til Tråk.
    Av borna er funne:
    1. Maren Olsdtr. Tråk d. 1747, 1) g. m. Kristen Jonsen d. 1735. 2) g. m. Jørgen Tronsen.
      Born i første ekteskap vaar: Jon Kristensen f. 1729 - Maren f. 1726 g.m. Nils Bærulfsen - Kirsten f. 1727 - Ingeborg f. 1733. I andre ekteskap, Kristen f. 1733 og Ole f. 1740.
      Eigedomen i Tråk var 2 huder 4 skinn med underliggjande Vebergskogen og 1½ skinn i Stavdal. Dei hadde 3 hestar, 13 kyr, okse, kvige, oksen Fagermann, kalv, 2 kviger og 8 ongsauer. Her var ogso mykje sølv i huset.
    2. Kirsten Olsdtr. Tråk d. 1702.
    3. Anne Olsdtr. Tråk f. 1703, d. 1776, 1) g. m. Hans Jakobsen Rugtvet f. 1705, d. 1742, son av Jakob Hansen Ånerød, seinare Rugtvet og Marthe Nilsdtr.
      2) g. 1743 m. Jakob Åsoldsen Rugtvet d. 1788.
    4. Kirsten Olsdtr. Tråk f. 1702, d. 1763, g. m. Hans Kristensen Ånerød f. 1697, d. 1764, son av Kristen Hansen og Hanna Halvorsdtr. Ånerød.
      Deira born er:
      1. Hans Hansen Ånerød f. 1729, d. same år
      2. Jørgen Hansen Ånerød f. 1730, d. same år.
      3. Hans Hansen Ånerød f. 1731, d. 1802, g. m. Maria Veleksdtr. Hans overtok den halve gard Ånerød etter faren.
      4. Anne Hansdtr. Ånerød f. 1734, g. 1756 m. Isak Sørensen Lerstang i Eidanger.
      5. Ole Hansen Ånerød f. 1736, d. 1796, g. 1764 m. Anne Isaksdtr. Melum f. 1745, dtr. av Isak Pedersen Melum og Karen Åsoldsdtr. Rennesund.
      6. Maria Hansdtr. Ånerød f. 1739, g. 1759 m. Peder Hansen Findal f. 1740, son av Hans Pedersen Findal og Gunhild Eriksdtr. Lien.
      7. Inger Hansdtr. Ånerød f. 1742.
      8. Åvet Hansdtr. Ånerød f. 1746.
    5. Åvet Olsdtr. Tråk g.m. Mads Gundersen Asdal i Bamle.
  8. Liv Jonsdtr. Lien f. 1664, d. 1742, g. m. Thomas Kjeldsen Bjørntvedt 1660, d. 1720, son av Kjeld Thomassen og Maren Rasmusdtr. søre Bjørntvedt.
    Den store gard søre Bjørntvedt hadde ei skyld av 8 huder og ein underliggjande plass Tollnes, vidare ein ½ hud i Stavdal. På denne store garden var det av husdyr 3 hestar, 12 kyr, 8 kviger, 4 okser og 16 sauer,
    I ekteskapet er funne 6 born:
    1. Maria Thomasdtr. Bjørntvedt f. 1701, d. 1777, g. 1717 m. Tord Jonsen Bolvik d. 1761, 77 år. Maria og Tord kom til Nes i Melum kring 1724. Etter kvart tok han over mykje jord her slik at han hadde 6½ hus i Nes og dei 2 husmannsplassane Vikle (Vekla).
      I 1736 selde han eigedomen til Fredrik Eriksen Nes og flytta til Bolvik, som han bygsla av Løvenskiold. Bolvik var ein stor gard og her var mange husdyr, 3 hestar, 12 kyr, 2 kviger, 1 okse, 1 kalv, 14 sauer og 2 griser. Der var desutan 4 kyr som tilhøyrde nokre arbeidarar ved Vold jernverk. Tord hadde likevel mykje gjeld og var ikkje so godt økonomisk stilla som ein skulle tru. Den største gjeldsposten var til Løvenskjold.
      Deira born er:
      1. Thomas Tordsen Bolvik f. 1721, d. 1773, g. 1761 m. Anne Gundersdtr. Nes. Dei held til på Bolvik som jordbruksfolk saman med hans mor som no var enke.
      2. Jon Tordsen Bolvik f. 1734, d. 1797, g. 1762 m. Else Jonsdtr. Elset f. 1737, d. 1808, dtr. av Jon Isaksen Elset og Dorthe Pedersdtr. Åfoss.
        Her var inga born og dei oppretta då eit testamente der den lengst levande skulle arva den andre og taka over heile buet, soframt ein då ikkje gifta seg igjen.
      3. Kirsti Tordsdtr. Bolvik f. 1728, g. 1760 m. Lars Andersen Siljan (truleg i Bamle).
      4. Anne Tordsdtr. Bolvik f. 1731, d. 1777, g. 1752 m. Erik Fredriksen Nes, son av Fredrik Eriksen og Berthe Gundersen Nes.
        Nes gard vart delt i 1753 og Erik overtok då vestre Nes som eigedom. Han sat med garden til 1794, då hans son Anders Eriksen overtok den.
      5. Gunhild Tordsdtr. Bolvik f. 1737, g. 1768 m. Guttorm Michelsen Dolva, f. 1745, d. 1818, son av Michel Olsen og Anne Guttormsdtr. Dolva.
        Michel Dolva gjorde i 1776 opptaket til å dela sin gard i 3 åseter og Guttorm fekk ved deleforretningen i 1779 sin Dolva gard. Denne slekt vil nok seinare bli utgreid.
    2. Jon Thomassen Bjørntvedt f. 1690, d. 1784, 94 år, g. 1721 m. Jøran Pedersdtr. Åfoss f. 1704, d. 1779, dtr. av Peder Isasksen og Mariken Tykesdtr. Åfoss. Mariken 2) g. 1720 m. lensmann Abraham Nilsen Åfoss.
      Sjå seinare Åfoss slekt.
    3. Thomas Thomassen Bjørntvet f. 1705, g. 1734 m. Maria Larsdtr. f. 1713, d. 1742. Dei hadde 2 born som var tvillingar f. 1736: Liv Thomasdtr. som seinare vart gift med Nils Lorentsen som var frå Bamle og arbeide som smed ved Herre, og Anne Thomasdtr Bjørntvet.
    4. Kjeld Thomassen søre Bjørntvet f. 1708, d. 1747, g. 1735 m. Anne Kristensdtr. Ånerød f. 1714, dtr. av Kristen Hansen og Elsabe Ånerød.
      Kjeld og Anne eigde vel 3 huder i søre Bjørntvet og deres økonomi var svert god. Deres born var:
      1. Thomas Kjeldsen Bjørntvet f. 1738, d. 1787, g. 1765 m. Maren Nilsdtr. n. Bjørntvet.
      2. Kristen Kjeldsen Bjørntvet f. 1740.
      3. Hans Kjeldsen Bjørntvet f. 1743, g.m. Åste Eriksdtr. Holtan f. 1745, d. 1781, dtr. av Erik Larsen og Johanne Paulsdtr. Holtan.
        Dei hadde plassen Bjørnstad under søre Bjørntvet og her var husdyra 3 kyr. Hans var på Sjøtvet då kona døydde men kom heim straks etter.
        Dei hadde 2 born, Isak f. 1775 og Kristen f. 1781. Skifte etter Åse synt 526 rdl. i overskot.
    5. Mari Thomasdtr. søre Bjørntvet, g. 1729 m. Hans Olsen n. Bjørntvet f. 1707, d. 1743, son av Ole Nilsen Bjørntvet og Mari Hansdtr. Røra. Sjå ogso s. 101.
      Hans var lensmann i Solum i 1742 til hans døydde, dreiv elles som bonde på nordre Bjørntvet 3 huder.
      Han hadde ogso partar i Stavdal, søre Bjørntvet, garden Tråk og Vebergskogn, som han var utlagt i ymse skifer.
      Deira born var: Mari f. 1733 - Liv f. 1736 - Ole f. 1739. dei andre borna døydde små.
    6. Anne Thomasdtr. søre Bjørntvet f. 1712, d. 1743, g. 1734 m. Nils Olsen n. Bjørntvet f. 1712, d. 1786, son av Ole Nilsen og Mari Hansdtr. n. Bjørntvet. Nils Olsen 2) g. 1744 m. Birthe Klausdtr.
      Nils Olsen vart lensmann i Solum etter sin bror og hadde dette ombodet i mange år, frå 1751 til 1784. Han eigde nordre Bjørntvet 4 huder 9 skinn, dertil plassane Skaugen, Dyrendal og Bukta. Nils hadde mange verdifulle ting i sylv, stor buskap på garden og etterlot seg ei stor eige.
      I første ekteskap var det 2 born:
      1. Ole Nilsen Bjørntvet f. 1737, g. 1760 m. Anne Andersdtr. Bjørntvet (ved kgl. disp. vigde i hust). Desse budde sienare på plassen Nenset.
      2. Mari Nilsdtr. Bjørntvet f. 1740, g. 1765 m. Thomas Kjeldsen Bjørntvet f. 1738, d. 1787, son av Kjeld Thomassen Bjørntvet og Anne Kristensdtr. Ånerød.
      I Birthe og Nils sitt ekteskap var desse born:
      1. Anne Nilsdtr. Bjørntvedt f. 1745, g. 1767 m. Simon Jakobsen Bommen i Gjerpen,
        Det var vidare 2 søner som heite Anders men begge døydde små.
      Skifte etter Nils Bjørntvet synte ei eige på 2570 rdl. og 136 rdl. i gjeld.
  9. Åvet Jonsdtr. Lien. Ho var gift med Anders Karlsen Melum f. ca. 1647, 1697, son av Karl Eriksen d. 1676, 82 år Melum og kone av første ekteskap. Hans andre kone var Ingeborg Andersdtr.
    Melum gard var ein offentleg eigedom og brukaren betala bygselpengane til Borgarmeister Peder Jensen i Skien.
    Foruten å drive Melum gard, hadde Anders ogso interesser i Elset og Vebergskogen. Det var ogso nokre av slektningane som hadde interesser i Vebergskogen.
    Ander var soleis ordførar i ei rettssak om ulovleg hogst frå Tveitstulen-skogen. Saka enda med at partane gjekk opp dele.
    Åvet og Anders døydde like etter kvarandre i 1697. Sjå vidare i avdl. om Melumsslekta s. 137.
    Deira born var:
    1. Karl Andersen øvre Bergan f. ca. 1683, d. 1758, g. 1709 m. enke etter Klaus Hansen Bergan d. 1708, Ingeborg Michelsdtr. Dolva f. 1679, d. 1758, dtr. av Michel Guttormsen og Marthe Sørensdtr. Dolva.
      Karl Andersen var ein dyktig bonde som dreiv sin gard til stor hevd. Likeeins stelte han skogen sin so den var i god stann. Garden hadde kvernbruk i Bergan bekken. Eiga han var 1800 rdl. og inga gjeld. Borna her var:
      1. Anders Karlsen f. 1710, d. 1715.
      2. Åvet Karlsdtr. f. 1712, d. 1715.
      3. Klaus Karlsen Bergan f. 1713, d. 1781, g. 1738 m. Kirsti Kristensdtr. f. 1717, d. 1804, dtr. av Kristen Sørensen og Kirsti Torbjørnsdtr. Hanes.
        Klaus hadde øvre eller vestre Bergan og part i Torgersrød sæter, i Skjelbreid eigde han 10 skinn. Eigedomane vart delt i 3 åseter. Innmarka grensa i nord til skogstykke, i nord til Abraham Nilsens eigedom og gardstomt, i aust til garden Melum og i syd til garden Brattebakke. Plassen Haugland låg ogso til Bergan.
        Deira born er: Marthe f. 1739 - Kristen f. 1741 - Karl f. 1743 - Karl f. 1745 - Kirsten f. 1747 - Karl f. 1750 - Ingeborg f. 1752 - Anders f. 1754 og Isak f. 1756 - Anders f. 1760 - Ingeborg f. 1758.
      4. Åvet Karlsdtr. Bergan f. 1718, d. 1792, g. 1735 m. Kristen Larsen Gjærum f. 1784, 76 år.
        Sjå vidare om denne familie i Melumslekta.
      5. Søren Karlsen Bergan f. 1719, d. 1920
    2. Jon Andersen Melum, seinare Dolva og V. Dal, f. 1690, d. 1740, g. 1726 m. enka etter Ole Michelsen Dolva, Ingeborg Torstensdtr. Skjelbreid, dtr. av Torsten Kristensen Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen.
      Sjå nermare om desse folka i Melumslekt ledd 3.
    3. Abraham Andersen Leirodden. Han var g. 1720 m. Gjertrud Hansdtr. f. 1697, d. 1733.
      Leirodden var plass under Valen og Abraham og Gjertrud flytta truleg til denne plassen like etter dei var gifte. Gjertruud døydde på Leirodden. Etter den tid er det ikkje noko sikkert om Abraham.
      Dei hadde borna: Hans f. 1722, d. 1723 - Hans f. 1723, d. same år - Hans f. 1724 - Lars f. 1726 - Karl f. 1729 Isak f. 1732, d. same år.
    4. Anne Andersdtr. Melum f. 1680, d. 1752, g.m. Peder Tordson Melum f. 1658, d. 1743.
      Dei budde på Melum og då Anders Eriksen døydde i 1697, fekk Peder Tordsen take over feste på Melum av 6 tn. og underliggjande gard Erikstad.
      Sjå vidare om denne familie i Melumslekta.
    5. Mari Andersdtr. Melum f. 1685, d. 1741, g. 1708 m. Thor Mathiassen Haukeli f. 1681, d. 1765, son av Mathias Sørensen og Anne Thorsdtr. Bolvik.
      Thor Mathiassen var ein del år på garden store Sti og 7 av hans born er fødde her, før han flytta til Haukeli.
      Thomas Sommers kone Pernille gav i 1698 Jon Mathiassen (bror av Thor) feste på 3 huder i Haukeli og ½ hus i Grasdalen sæter, mot avgift 17½ rdl. årleg.
      I 1722 har so Nils Rive, fullmektig for Magdalena sal. Peder Jensens, ved auksjonsdireksjon, seld ein del gardar, deriblant Haukeli med Marodden og Graasdalen. Ved auksjon vart denne eigedom seld til Anders Røer på vegne av Thor Sti for 264 rdl. som vart betalt fogden Schweder mot skøyta.
      Thor Mathiassen var med dette eigar av Haukeli. Strandplassen Marodden var bortfesta til Lars Gundersen og hans son Kristen Larsen som gift med Thors syster Marthe Mathiasdtr.
      I 1728 kom det fram nokre krav frå Krigsråd Griftlow Borse og Josten, og det vart ny auksjon men Thor vart likevel ved eigedomen for 301 rdl.
      Då hans kone døydde i 1741 fekk borna utlagt sin arv i eigedomen, men Thor samla desse partar igjern ved innløysing. I 1751 selgjer Thor sin eigedom til Isak Pedersen Melum for 357 rdl. som 1757 selde igjen til Kristen Halvorsen Ånerød.
    6. Børthe Andersdtr. Melum
Utdrag (s. 89-109) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen