Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

1. ledd

Jens Jonsen Lien

I Solum hovudsokns sør-vestre kant finn ein garden Lien eller Lia som den i dagleg tale enemnast. Her held Jens Lien til kring 1600 som bygselsmann. Blant dei mange skattar som dei offentlege kravde, betala han i 1603 munisjonsskatt og 1604 bygningsskatt til Akershus slott.

I 1615 er han foruten brukar av Lien, eigar av 2 tn. skyld i Tønholt, i Klovdal 1 tn. ½ mæling, Munken ½ hud, Langeland 1 tn. Tennevold og Nennestad.

I 1624 er Jens Liens gods:
Giftingsgods:Staulen i Gjerpen ½ hud
Pantegods:Staulen i Gjerpen ½ hud
 Klovdal i Helgja 3 tn.
 Tønholt i Helgja 2 tn.
 Helgen i Helgja 1½ tn.
 Veberg øde i Melum ½ hud
 Siljan i Bamble 1 hud
 Mustvedt i Gjerpen 1 hud

I oppgåvene over odelsgods i 1644 er Jens Liens gods: Elset 6 huder, Tønholt 2 tn. Klovdal 3 tn. Staulen 1 hud og Veiberg 1 hud, dertil var han brukar av garden Lien 6 hudar og betala avgift av denne til Gimsøy Kloster.

Han betala i 1610 3 rdl. i skatt, korntienden var 2 rdl. om korn ikkje var levert til tiendelageret ved Solum kyrkje. Same år hadde han levert 6 tylvter tømmer til det kgl. sagbruk og fekk for detter utbetalt 13 riksdalar.

Saltskatten til det kongelege saltverk i Langesund 1613-14 er Jens Lien som lensmann teke fri for å betala. Lensmennene hadde dårleg løn og vart jamt fritekne for ymse skattar.

Den første lensmann ein kjenner til i Solum er (Gude) Gaute Åfoss 1593. Kring 1603 kom so Asbjørn Fierde (Fjære) og han var lensmann i 3 år. Denne Asbjørn må ha vor ein uvennleg og av naturen hidsig person. Når Asbjørn Fjære var lensmann so stutt tid, so var det nok fogden som hadde funne at han ikkje passa så godt i denne stilling, og difor mellombels tilsette gamle-lensmann Gaute Åfoss til ny lensmann kunne oppnemnast.

Gaute Åfoss var då lensmann til våren 1613 og hausten same år er Jens Li nemnd som lensmann i Solum. Bondelensmann vart i den tid oppnemnd blant dei mest «forstandige» bøndar i heradet og skulle godkjennast av Amtmannen.

At Asbjørn Fjære har vore misnøgd i denne samanheng kan nok tyde på litt av kvart, for i 1615 har han overfalle Jens Lien og vart dømd til ei bot på 5 rdl. Jens var lensmann til 1644, då tok Kristen Åfoss over dette ombodet.

Jens var heile si levetid på Lien. Han er truleg fødd kring 1580. Han styra sjølv med sine bruk og eigedomar til 1650. I 1647 syner ei oppgåve at han har kone, son Joen f. ca. 1715 og 2 døtre og ein tenar som heite Hans.

Utdrag (s. 88-89) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen