Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

5. ledd

Halvor Andersen V. Dal

Halvor Andersen V. Dal fekk etter sitt giftemål med Kari overført til seg feste på Styggedal av sokneprest Teleph Stubb i Skien mot årleg avgift 1 dalar 60 skjelling. Mari hadde enno noko eigedom i Brattebakke, men dette gjekk over til hennar søner. I 1808 kjøpte Halvor Store-Sti nr. 70 på auksjon for 1350 rdl. og han lånte 1200 rdl. av Georg Fredrik Adeler på Gimsøy kloster til dette kjøpet, mot pant i garden. Kjøpet vart godkjent på dei vilkår at den til sine tider sindsvake son etter Klaus Larsen Sti, Svend Klausen skulle vera hos kjøparen og have fult opphald so lenge han levde. Denne Svend var ei tid etter, ein 5 månaders tid hos Lensm. Peder Isaksen Melum. Under opphaldet her var han på eiga hand drege ut på vandring og ein fann ikkje kor han var faren henn. Om ei tid vart ein gjort kjend med at det var funne ein døyd mann i Aust-Agder og det synte seg å vera Svend. Han døydde soleis i 1809, 29 år gamal.

Halvor og Mari var på Sti i mange år. I 1833 er dei igjen å finna på plassen Styggedal. Då Halvor døydde overdrog Mari garden til son Anders Halvorsen mot årleg å få utbetalt 40 spd. so lenge ho levde.

I 1842 kjøpte Anders eigedomen for 200 spd. av soknepresten i Skien. Mari Halvorsdtr. Leirodden var av Solums eldsate, 93 år, då ho døydde her på garden. Mari og Halvor sine born er:

  1. Katrine Halvorsdtr. Brattebakke f. 1800, d. 1801. Ho var tvillilng med
  2. Anders Halvorsen Brattebakke f. 1800, d. 1851, g. 1844 m. Maren Larsdtr. Bergan f. 1817, dtr. av Lars Larsen og Maren Hansdtr. Ø. Dal.
    Anders Halvorsen som i 1842 kjøpte Styggedal selde eigedomen igjen i 1846 til sin bror Lars Halvorsen for den same sum som han hadde gjeve for den. Anders og Maren flytta om hausten 1845 til vestre Dal, der Anders døydde i 1851.
    Her var det to born, nemleg: Halvor f. 1845 og Lars Andersen f. 1849.
  3. Ingeborg Kirstine Halvorsdtr. Brattebakke f. 1802, d. 1879, g. 1842 m. Husm. Ole Børresen Riplekleiva under garden Ånerød, f. 1816 på Slettemo under Bolvik, son av Børre Nilsen og Birthe Sofie Olsdtr. Slettemo.
  4. Berte Halvorsdtr. Brattebakke f. 1805.
  5. Karen Marie Halvorsdtr. Brattebakke f. 1807, g. 1835 m. Husm. Nils Olsen Haugen f. 1813 i Holla, d. 1836 då han fall i elva ved Bolvik og drukna. Dei fekk eit barn Halvor Nilsen f. 1835 på Marumplassen der dei budde som inderstfolk.
    Karen Marie 2) g. 1840 m. Anders Tolvsen Hyllemyr f. 1804, d. 1846, son av Tolv Andersen Fjeld-eie f. i Lunde, d. 1852 i Hyllemyr 68 år, og gift 1804 m. Birthe Olsdtr.
    Karen Marie held fram som leiglending i Hyllemyr etter sin mann og ho døydde her i 1893.
    Borna var:
    1. Tolv Andersen Hyllemyr f. 1842, g. 1869 m. Berthe Marie Jakobsdtr. Siljan f. 1843, dtr. av Jakob Isaksen og Børthe Marie Halvorsdtr. Siljan-Huset.
      Tolv hadde gått underoffiserskule og var serg.
    2. Birthe Marie Andersdtr. f. 1841.
    3. Anders Andersen Hyllemyr f. 1845, g. 1884 m. Inger Kirstine Jonsdtr. Tveitstulen f. 1856, dtr. av Jon Svenkesen og Ingeborg Jensdtr. Tveitstul. Anders var på plassen saman med mora og dei hadde 1 kyr, 3 sauer og sådde 1/8 tn. bygg, ½ tn. havre og 1 tn. poteter.
      Av born er funne: Ingeborg Karoline f. 1884, d. same år - Halvor Toresius f. 1889, d. 1894 - Karl Andreas f. 1893, d. 1894 - Ingeborg Karoline f. 1891 - Karen Marie f. 1896, d. 1897 - Karen Marie f. 1899.
  6. Hans Halvorsen Brattebakke f. 1809, d. 1810
  7. Lars Halvorsen Brattebakke f. 1811, d. 1867, g. 1840 m. Kirsti Isaksdtr. Siljan f. 1818, d. 1889, dtr. av Isak Jakobsen Siljan og Mari Andersdtr. Haukeli.
    Sjå vidare under ledd 6
  8. Børthe Marie Halvorsdtr. Brattebakke f. 1815 på Sti, d. 1909, 94 år, g. 1837 m. Jakob Isaksen Siljan f. 1816, d. 1863, son av Isak Jakobsen Siljan og Mari Andersdtr. Haukeli.
    Børthe og Jakob budde den første tid i Dalen under Siljan gard. Frå 1843 utflytta dei til Helgja og kom so kring 1850 til Melum og busette seg i Siljan-Huset.
    Då Jakob døydde held Børthe fram med drifta av garden til hennar eldste son Isak Jakobsen tok over i 1877. Det gjekk mange lovande ord i bygda om kor dyktig og driftig Børthe var som menneskje.
    Børthe og Jakob sine born er:
    1. Maren Jakobsdtr. Siljan f. 1837, d. 1840
    2. Maren Kirstine Jakobsdtr. Siljan f. 1840, d. 1925, g.1862 m. Gunar Klausen Bergan f. 1835, d. 1883, son av Klaus Gunnarsen Bergan og Kari Kristensdtr. Åbkørnsrød.
      Gunnar Klausen var på vestre Bergan og døydde i ong alder av longesjuke.
      Her var det 3 born:
      1. Jakob Gundersen f. 1863, g. 1886 m. Isine Andrea Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1863, d. 1936, dtr. av Kristen Andersen Åbjørnsrød og Anne Barbra Isaksdtr. Frønes.
        Jakob mottok garden av si mor i 1885. Han var i mange år med i heradstyret og hadde mange kommunale ombod.
      2. Kirsten Karoline f. 1868.
      3. Karl f. 1871, d. 1887.
    3. Børthe Marie Jakobsdtr. Siljan f. 1843, g. 1869 m. Serg. Tolv Andersen Dal f. 1842, son av Anders Tolvsen Hyllemyr og enke Karen Marie Halvorsdtr. Brattebakke.
    4. Isak Jakobsen Siljan f. 1846 g.m. Inger Andesdtr. øvre Vipeto, dtr. av Anders Gunnarsen Vipeto og Karen Halvorsdtr. Jøntvet.
    5. Ingeborg Karine Jakobsdtr. Siljan f. 1849 i Helgja, g. 1874 m. Ingebret Ingebretsen f. i Gjerpen 1851.
    6. Halvor f. 1852, d. 1875.
    7. Kirsten Andrea Jakobsdtr. Siljan f. 1854, g. 1889 m. enkem. Johannes Pedersen Marum f. 1849, son av Gm. Peder Olsen og Amborg Halvorsdtr. Marum.
    8. Karen Juliane Jakobsdtr. Siljan f. 1857, d. 1858.
    9. Jakob Jakobsen Siljan f. 1859.
Utdrag (s. 150-154) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen