Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

3. ledd

Jon Andersen Melum

Jon Andersen kom ved giftemål med Ingeborg til å gå inn i sin formanns stad og dreiv garden Dolva nokre år. Ved sksøyte av mai 1727 hadde dei fått overdrege Dolva gard. Dette var ikkje Ole Michelsens bror Guttorm Michelsen serleg nøgd med då han meinte seg å have odelen til Dolva. Det var mykje strid mellom dei i fleire år. I 1733 vart det so ei ordning slik at Guttorm fekk taka over Dolva og Jon fekk då feste på vestre Dal som Guttorm hadde vore brukar av. Vestre Dal låg under Skiens prestebolig.

Ingeborg og Jon sine born er:
Ole f. 1727, d. same år - Torsten f. 1730, d. 1733 - Ole f. 1732, d. 1733
Døtrene Ragnhild f. 1737 og Ingeborg f. 1739 er ikkje funne sidan. Det er soleis berre to av borna som kjem med her, nemleg:

  1. Åvet Jonsdtr. f. 1734 v. Dal, g. 1761 m. Isak Svendsen ø. Tveitan. Desse ektefolk må ha reist ut av kommunen. Ingen av borna er fødde i Solum, men har funne at dei har to sønner, Jon og Isak som reiste utanlands i 1789. Jon vart drept i England og Isak hadde ikkje latt høyre frå seg på 20 år. Dei hadde ogso ei dotter, Anne Marie d. 1837, 67 år. Ho var g. 1797 m. Halvor Johannesen Telemarka under Sti, d. 1848 på Herre, son av Johannes Jonsen og Ingeborg Halvorsdtr. Hustvetstrand.
    Anne Marie og Halvor sine born er fødde på Tomarka: Isak f. 1797 - Jon f. 1800, g. 1838 m. Sara Bentsdtr. Ulefoss - Ole f. 1803 - Ingeborg f. 1807 - Lærar på Herre Johannes Halvorsen f. 1808. g. 1839 m. Karen Marie Nilsdtr. Vold f. 1815.
  2. Anders Jonsen f. 1728 på Dolva, d. 1773 på Dal, g. 1753 m. Dorthe Haraldsdtr. Elgtvet f. 1723, d. 1756, dtr. av Harald Gjestsen Bruseth, seinare Elgtvet og Ingeborg Larsdtr. Elgtvet.
    Sjå vidare ledd 4.

Utdrag (s. 144-145) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen