Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Ole Hansen Jordbakke | 2. ledd. Even Olsen Jordbakke | 3. ledd. Ole Evensen Jordbakke

3. ledd.

Ole Evensen Jordbakke

Ole Evensen fekk ved skifte etter faren utlagt til seg garden Jordbakke og Sandsætre for billeg takst. I den tid som skifte held på. forpakta han desse eigedomar. Ole var 56 år då han døydde i 1900 og Marie Hansine overlevde han i mange år. Hans yngste son Markus var då 25 år og han kom so til å taka over eigedomen. Deira born er:

  1. Maren Tomine Olsdtr. Jordbakke f. 1867, d. 1869
  2. Hans Edvart Olsen Jordbakke f. 1870. Han fekk seinare eit barn med Karoline Matea Gunnarsdtr. Bratsberg, som heite Villiam f. 1896. Villiam Marum er seinare gift og bur på Strømmen og har eige hus og hage. Han har i fleire år vore byggeleder i formaet F. Selmer.
    Hans Edvart gjenomgjekk Ingeniørvapenets underoffiserskule i Oslo. Han vart seinare gift med Kristine Åsen som var frå Mjøndalen og dei busette seg ved Oslo. Av borna er funne fram til:
    1. Sverre Hansen Jordbakke f. 1900 i Oslo. Han er kontorsjef i firmaet Per Jordbakke i Oslo og bur i Bærum.
    2. Trygve Hansen Jordbakke f. 1900. Han er døyd.
    3. Thorbjørn Hansen Jordbakke f. 1901 i Oslo, seinare g.m. Hanna Sofie f, 1906 på Nersnes.
      Deira born er: Kjell f. 1930 - Turid f. 1936.
      De dreiv ein del år H. Jordbakkes elektriske forretning på Smestad ved Oslo.
    4. Birger Hansen Jordbakke f. ca. 1905, er døyd.
    5. Ove Hansen Jordbakke, er ogso døyd.
  3. August Thoresius Olsen Jordbakke f. 1873, d. 1907, g. 1899 m. Alma Kristina Anderson f. 1876 i Nyköbing län i, Sverige, d. 1946.
    Deira born er:
    1. Olaf Gustav Augustsen Jordbakke f. 1899, d. 1918 av spanskesjuke med han var i teneste hos Kjøpm. T.A. Sørensen, Bergan.
    2. Klara Marie Augustsdtr. Jordbakke f. 1901, reiste seinare til Amerika og er ugift.
    3. Josef Tobias Augustsen Jordbakke f. 1902, reiste i 1927 til Canada. Hans sisste adresse er Cheton Alberta.
    4. Nelly Hansine Augustsdtr. Jordbakke f. 1905, d. 1914 i Torgersrød.
    August Jordbakke var berre 34 år då han døydde, og Alma som var 31 år då, gifta seg igjen og no med Ole Jonsen Torgersrød.
    Ole Jonsen var f. 1883 på Brøstdal i Helgja. Han kom til Torgersrød 3 år gamal. Hans far Jon Åsoldsen hadde då leigd bruket av Abraham Kolle. Ole Jonsen har i alle år drive med skogsarbeid og tømmerfløyting i Stavsjø-Veiå vassdraget. Han flytta i 1957 til Solum Gamleheim og døydde her.
    Hans foreldre er Jon Åsoldsen Kjennekåsa d. 1930, 82 år og Anne Olsdtr. Åfosskåsa, truleg d. 1897. Jons foreldre var Marie og Åsold Kjennekåsa, og foreldra til Anne var, Ingeborg og Ole Åfosskåsa under Jøntvet i Helgja.
    Det var skogsvante folk dette, med eit langt liv mykje i einsemd, der familien er det samlande midtpunkt for liv og trivsel. Det var nok ikkje so jamt dei alle drog over skogen til kjøpmannen på Bergan eller til Ulefoss.
    Medan borna gjekk på skulen måtte dei jamt bu framme i bygda.
    1. Anna Augusta Olsdtr. Torgersrød f. 1910, g. 1930 m. Arne Andreas Halvorsen Løvli, Tveitan f. 1899 i Holla, son av Anne og Halvor Andersen Løvli.
      Arne Løvli har vore sjømann, anleggsarbeidar men i det seinare har han blitt jordbrukar i Svemannsjordet, Tveitan, etter faren.
      Dei har hatt 3 born:
      1. Eit barn døyd 3 veker gamalt i 1930.
      2. Astrid Arnesdtr. Løvli f. 1932, g.m. Sigvald Granli f. 1926, son av Klara og Eivind Granli i Tørdal.
        Sigvald har ogso drive med skogsarbeid, men er nå fabrikkarbeidar.
        Dei har ein son, Eivind f. 1961.
      3. Harry Arnesen Løvli f. 1940, g.m. Åsta Rust f. 1944, dtr. av Alfhild og Asle Rust Valdres.
    2. Jon Olsen Torgersrød f. 1913, g.m. Anne Sigurdsdotter Ånås, dtr. av Ingeborg og Sigurd Ånås i Sauherad.
      Jon har gått Telemark Landbrukskules Røktarskule, vore fjøsrøktar, skogsarbeidar og er no ansatt ved Tinnfoss Papirfabrikk på Notodden.
      Anne og Jon har 3 born:
      1. Solrund Ingdis f. 1945.
      2. Ottar Arvid f. 1947.
      3. Jånn Arne f. 1954.
    3. Hans-Simon Olsen Torgersrød f. 1915, g.m. Berthe Karoline Rønås f. 1913, dtr. av Mina og Paul Rønås, Nes på Romerike.
      Hans-Simon er utdana Agronom ved Telemark Landbrukskule, har ogso teke rektarskulen der og teoretisk røktarskule ved Vestfold Landbrukskule. I sitt yrke har han vore Fjøsrøktar, griserøktarm fjøsmeister, kontrollassistent og forpaktar.
      I 1945 kjøpte han Sørbø-Hagen i Siljan av Chr. J. Tufte, Skien. I dei seinare har han samstundes vore rekneskapsførar for Bøndernes rekneskapskontor i Siljan. Dei har inga barn.
    4. Gustav Adolf Olsen Torgersrød f, 1917, g.m. Sonja Johansen Løvli, dtr. av Johan Kalr Halvorsen Løvli og Solveig Mathilde Hansen Bjerkelund, Skotfoss.
      Gustav har drive med skogsarbeid, anleggsarbeid og ved Søvit gruber ved Ulefoss.
      Her er det 3 born:
      1. Ole Johan f. 1952.
      2. Aud Kirstin f. 1957.
      3. Signe Karin f. 1959.
    5. Olav Olsen Torgersrød f, 1919, g. 1943 m. Ruth Pedersen f. 1918 på Notodden, dtr. av Johan Pedersen Notodden og Anne Holmen Melum.
      Olav har gått røktarskulen ved Telemark Landbrukskule, har vore fjøsrøktar, skogsarbeidar og er no ved Det Metallurgiske smelteverk i Porsgrunn.
      Deira born er:
      1. Inger Lise f. 1943.
      2. Ole Johan f. 1946.
  4. Markus Severin Olsen Jordbakke f. 1875, d. 1948, g. 1904 m. Karen Jonsdtr. f. 1876 i Sanna, d. 1949, dtr. av Jon Petter Pedersen og Kari Gulliksdtr. Sanna.
    Det var Markus som kom til å taka over garden etter faren. Han har i alle år vore i Jordbakke og drive sin gard med dugleik. Han var kjend for sin venlege, omgjengelege og greie framferd mellom sine sambygdingar. Karen og Markus fekk 4 born:
    1. Ole Markussen Jordbakke f. 1905, g.m. Gudrun Marie Svendsdtr. Roligheten, Bergan f. 1907, dtr. av Åsold Svendsen Roligheten og Hanna Berthea Kristensdtr. Åbjørnsrød.
      Gudrun og Ole bur i eige hus på Stavdal.
    2. John Markussen Jordbakke f, 1908, g. 1940 m. Ågot Berthea Isaksdtr. Hegna f. 1913, dtr. av Isak Isaksen Hegna pg Anne Brynjulfsdtr. Rui.
      Det var John som tok over Jordbakke og Sandsætre etter faren. Ved sida av gardsdrifta, har han arbeid som montør i det elektriske fag.
      Dei har 2 born:
      1. Øyvind Johnsen Jordbakke f. 1941 på Grøtvik.
      2. Thorstein Johnsen Jordbakke f. 1945, g. 1967 m. Ingebjørg Elgsaas, Gråtenmoen.
    3. Kari Markusdtr. Jordbakke f. 1905, Ho er tvilling med Ole.
    4. Marie Markusdtr. Jordbakke f. 1915, g.m. Hermann Johannesen Holt, son av Johannes Holt og Anne Halvorsdtr. Kåsin, Nes.
  5. Ole Olsen Jordbakke f. 1878, d. som liten.

Som ei avslututning her, tek eg med ei gamal soge frå Torgersrød som er fortalt av lærar Halvor Larsen Styggedal ell. Gjærum (s. 154) og nemnd for meg av hans son Bent Gjærum.

«I gamal tid var det ein mann som heite Torger, der hadde sett sitt bu i Torgersrød, som låg 3 fjerdings veg over skogen frå nermaste gard.
Han rydda seg jord her og bygde seg hus, og gifta seg med ei jente framme i bygda. Alt var lagt tilrette for eit familieliv på denne skogplassen. Men ute i verda var det uro. Danskekongen søkte på beste måte å balansera mellom store makter som Rusland og England og det kom ogso til krise slik at soldatar vart utkalla.
Torger måtte ut og saman med andre reisa og låg lenge ute i militærteneste. Krisa tok nå slutt og gutane frå bygda kom heim, men Torger kom ikkje.
Folk undra seg mykje over dette, men ein tenkte som so at Torger ville tena seg nokre pengar før han kom heim. Tida og åra gjekk og ingen Torger kom. Kona hans som var ei fager og gjev kvinna hadde mange friarar, men ho sa ho villeventa på sin Torger.
Då det var gått 20 år gav ho etter og bryllup vart halde i Torgersrød.
Seint same haustkvelden gjilde var halde, vart folk merksame på at ein mann for strake vegen vestetter skogen og det såg ut som han var kjent.
Då han kom fram på åsen ved Stavsjø, såg han at det lyste i alle vinduer på Torgersrød. Han undra seg over dette, gjekk rundt vatne og opp til huset. Inne i stova sat gjester og kona ved bordet. Han tok då i døra til kjøkkenet og spurde dei der om kva slags selskap dette var. Dei svara, «veit du ikkje det at frua gifter seg idag.»
Torger gjekk stille ut i kvelden igjen. Han visste at ho hadde vore trugen mot han i alle desse 20 åra og soleis lovleg fri, so han ville ikkje bryta inn i dette. Han gjekk sin veg og opp i åsen ovanfor og sette seg der. Han var god til å syngja og song ein av sine gamle songar.
Dette høyrde gjestene og brura reiste seg frå bordet å sa «Det er Torger min». Alle for ut for å sjå etter Torger, men han var ikkje å finna. Han var dregen sin veg.»

Utdrag (s. 251-256) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen