Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Ole Hansen Jordbakke | 2. ledd. Even Olsen Jordbakke | 3. ledd. Ole Evensen Jordbakke

2. ledd.

Even Olsen Jordbakke

Som før nemnd overtok Even Jordbakke sin brors eigedom i Jordbakke og Sandsætre. Even dreiv sjøl sine gardar, ogso etter han vart enkemann. Han hadde si dotter, Sina Berthe heime hos seg. likeeins eldste son Olw med si kone og 3 born, som bruka gardane med faren. Hans eldste dotter var gift med Thor Pedersen Langeland. Thor døydde hausten 1893 og ved skifte i 1894 vart det vedtake at garden Langeland skulle seljast ved auksjon. Langeland vart då overteke av Even Jordbakke. Det var soleis ikkje so lite eigedom Even hadde å stella med.

Ved skifte etter Even vart halde i 1898 framgår det at buet eigde:

Garden Langeland bnr. 2, varrt utlagt til dtr. Børthe Kirstine for kr. 6000.
Garden Jordbakke bnr. 3, billeg takst kr. 2939,- og Sandsætre bnr. 2., billeg takst kr. 4048,- tilsaman kr. 6987,- vart utlagt til son Ole Evensen.
Lausøyre seld ved auksjon, på Jordbakke for kr. 1811,42 og på Langeland kr. 328,77. Forpaktningsavgift av Jordbakke kr. 180,- og av Sandsætre kr. 450,- skulle svarast av Ole Evensen. I Solum sparebank kr. 923,91.
Samla eige 16 823,38 kr. men godkjent kr. 16 079,75.
Samla utgifter kr. 14 941,43.

Børthe Kirstine overdrog samstundes Langeland til sin son Edvard Thorsen Langeland for kr. 6000,- og skifte gav då han skøyte på garden.

Even sine born med Taran og Maren Anne Simonsdøttre var:

  1. Ole Evensen f. 1844, d. 1900, g. 1867 m. Marie Hansine Hansdtr. f. 1833, d. 1917, dtr. av Hans Åsoldsen Plassen under Marum og Maren Sørine Sørensdtr. Stavdal.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 3.
  2. Børthe Kirstine Evensdtr. Jordbakke f. 1845, g. 1868 m. enkem. Thor Pedersen Langeland f. 1817 på Holtan i Helgja, son av Peder Stiansen Holtan og Maria Thorssdtr. Ytterbø.
    «Thor Langeland var i sitt første ekteksap g.m. Åvet Kirstine Larsdtr. Kolle, dtr. av Lars Simonsen Helgen og Kirsti Hansdtr. Tveitan i Melum.
    Deres born var: Maria, seinare g.m. Anders Jonsen Brattebakke - Laura g.m. Hans Haraldsen i Skien - og Karen.»
    I Kirstine og Thor sitt ekteskap var det 5 born:
    1. Åvet Tomine Thorsdtr. Langeland f. 1868, g. 1892 m. Thor Andreassen Eie og Marum f, 1868, son av Andreas Olsen Aspheim, Eie og Bjørbæk og Kirsten Olea Thorsdtr. Bjørbæk.
      Ved giftemålet arbeide Thor på Vadrette og budde på Blekebakken i Skien. Det var hans far som hadde Hummelsgård-eie frå 1868 til 1886.
      Thor var so i Eie frå 1895 til han i 1899 flytta til Langeland, der han oppheld seg nokre år. Kom tilbake til Melum og budde på J.P. Stavdals Marum i mange år. Tomine og Thor sine born:
      1. Thor Andreas Thorsen f. 1893 på Blekebakken i Skien, ug. og bur i Lille-jordet under Gjærum.
      2. Simon Karenius Thorsen f. 1896 i Eie, g. 1922 m. Anna Petrea Jensdtr. Gjærum f. 1892, dtr. av Jens Jensen Gjærum og Karen Tomine Nilsdtr. Melfald.
        Dei har eige hus på Falkum i Skien og har ein son, Thor.
      3. Kirsten Olea Thorsdtr. f. 1898 på Langeland. Ho er ugift og bur saman med sin bror i Lille-jordet.
      4. Marie Konstanse Thorsdtr. f. 1900 på Langeland, g. 1918 m. Karl Bertinius Kristensen Tangedal f. 1896, d. 1958, son av Kristen Pedersen og Karen Laurine Larsdtr. Tangedal.
        Konstanse og Karl har hus med jord på Bergan i Melum. Karl dreiv i mange år ved tømmerfløtningen.
      5. Tora Tomine Thorsdtr. f. 1902 på Langeland.
    2. Peder Thorsen Langeland f. 1873, g. 1900 m. Emma Gurine Pedersdtr. Bergan f. 1877, dtr. av Skreddar Peder Andreassen Brygga, Bergan og Anne Marie Olsdtr.
      Dei budde på Skotfoss. Av deira born er kjent, Thor Langeland f. 1901, d. 1958, g. 1924 m. Anne Hansdtr. Haukenes f. 1898, d. 1958, dtr. av Hans Andreas Jensen Haukenes og Aslaug Marie Halvorssdtr. Holtan.
    3. Edvard Thorsen Langeland f. 1875, g. 1909 i Gjerpen m. Ågot Marie Larsen f. 1884, ei dtr. av Form. Karenius Larsen.
      Edvard var som vaksen ute i arbeid og budde på Borgestad. Han fekk i 1898 overdrege Langeland av si mor.
    4. Simon Thorsen Langeland f. 1878, d. 1895.
    5. Stian Thorsen Langeland f. 1882, d. 1931, g. 1918 m. Aslaug Halvorsdtr. f. 1883 på Ilemoen, d. 1960, dtr. av Halvor Augonsen og Gunhild Larsdtr. Klevar, som ei tid var busett på Ilemoen.
      Stian var lærar og Aslaug lærarinne og dei hadde sin heim på Vesthagan ved Ulefoss. Stian var uteksaminert frå Elverum lærarskule.
  3. Ingeborg Kirstine Evensdtr. Jordbakke f. 1848, d. 1915 som enke på Skjelbreid, 1) g. 1869 m. Skom. Thor Kristensen Holmen f. 1839 i Seljord, d. 1874 i Gråten 2) g. 1878 m. enkem. Ole Gregersen f. 1849 i Bø, d. 1914 på Skjelbreid.
    Ole Gregersen hadde før vore g. 1873 m Ragnhild Haraldsdtr. Findal f. 1851, dtr. av Harald Aslaksen Findal, men ho døydde frå han i barselseng, i Knardalstrand.
    Ole Gregersen vart i 1886 saman med Skomakar Peder Olsen eigar av lnr. 23f, søre Skjelbreid, men det var Ole som blei ved den lille gard. Desse ektefolk har budd fleire stader før dei kom til Skjelbreid eller Saukleiv som eigedomen ogso vart kalla.
    Av barna er funne fram til:
    1. Gustav Toresius Olsen f. 1878 i Gråten.
    2. Edvard Randinius Olsen f. 1880 i Gråten, g. 1916 m. husstyrar, Maren Kristine Evensdtr. Nyhus, f. 1888, dtr. av Even Knudsen og Marie Kristine Isaksdtr. Nyhus.
      Even kom til å taka over garden etter faren og vart soleis jordbrukar.
    3. Gunhild Talia Olsdtr. Skjelbreid f. 1887, d. 1888.
    4. Anna Gunhilde Olsdtr. Skjelbreid f. 1890, d. 1890.
    5. Even Olsen Skjelbreid f. 1891, d. same år.
  4. Taran Evensdtr. Jordbakke f. 1854, d. 1870 av tuber.
  5. Simon Evensen Jordbakke f. 1856, d. 1859.
  6. Hans Evensen Jordbakke f. 1859, d. 17 dage gml.
  7. Sina Berthea Evensdtr. Jordbakke f. 1861, d. 1862.
  8. Sina Berthea Evensdtr. Jordbakke f. 1864, d. 1941, g. 1889 m. Jonas Jonassen Bjørbæk f. 1856, d. 1937, son av Jonas Jonsen Bjørbæk og Boel Mathea Jensdtr. Stormyr eller Skaugen i Bamble.
    Jonas Jonassen var einaste son blant 5 syskenn.
    Hans far døydde vel eit halvt år etter Jonas var fødd og hans mor styra då med garden til han vart so gamal at han kunne taka over denne. Hans mor Boel Mathea var f. 1821 og d. 1890.
    Sina Berthea og Jonas sine born er:
    1. Maren Anne Jonasdtr. Bjørbæk f. 1890, g. 1911 m. Sigvart Kverner f. 1882 på Kverner i Ullensaker, skotøyarbeidar i Skien, son av Martin Edvard Halvorsen og Ellen Sofie Hansen.
      Dei har eigedom på Elset. Deira born er:
      1. Valter Sigvartsen Kverner f. 1911 i Gråten, seinare g.m. Mary Augusta Bernhardsdtr. f. 1912, dtr. av Bernhard Amandus Bjørnsen og Maren Fjeldalen.
        Dei held ogso til på Elset, og av borna er funne: Åse f. 1938 og Per f. 1940.
      2. Else Taran Sigvartsdtr. Kverner f. 1919, g. 1945 m. Lektor Erling Birkenes, Porsgrunn f. 1916, son av Lærar og Klokkar Jakob Birkenes Klovholt og Sara Farbrot Skotfoss.
      3. Ellen Sofie Sigvartsdtr. Kverner f. 1928, seinare g.m. Kjell Olav Skifjeld, son av Olav Skifjell og Karen Haugen.
    2. Ingeborg Mathea Jonasdtr. Bjørbæk f. 1891, d. 1926, g. 1914 m. Anders Kristensen Åbjørnsrød f. 1886, d. 1949, son av Kristen Andersen Åbjørnsrød og Aslaug Andrea Thorsdtr. Bjørbæk.
      Anders Åbjørnsrød overtok garden etter faren. Han dreiv mykje med nybrotsarbeid og la verdfull dyrkbar jord til eigedomen. I 1918 fekk han Norsk Hydros diplom med premi. Det er i hans tid bygd nytt vånings- og uthus.
      Deira born er:
      1. Kristen Andersen Åbjørnsrød f. 1915, g. 1944 m. Johanne Johannesdtr. Holt f. 1918, dtr. av Johannes Holt og Anne Halvorsdtr. Kåsin, Nes.
        Kristen har nå Åbjørnsrød. Av born har dei, Alf Anders f. 1945 og Ingrid f. 1950.
      2. Thor Andersen Åbjørnsrød f. 1918, g.m. Else Margareth f. 1918 på Bøle i Gjerpen, dtr. av Sjøkaptein Bjarne Haraldsen og Johanne Pedersdotter Bøle, seinare Bratsberg ved Skien.
        Sjå vidare s. 199.
      3. Jonas Andersen Åbjørnsrød f. 1921, g.m. Reidun Årvik f. 1931 i Nordfjord.
      4. Asbjørn Andersen Åbjørnsrød f. 1924, er ug.
    3. Anne Jensine Jonasdtr. Bjørbæk f. 1893, d. 1916 m. Ole Martinius Gunnarsen Bratsberg f. 1877, d. 1961, son av Gunnar Olsen Bratsberg og Marthe Andrea Olsdotter Aspheim.
      Martinius var snekker og dreiv mykje med dette yrke ved sidan av gardsbruket. Deira born er:
      1. Gunnar Martiniussen Bratsberg f. 1917, g.m. Anna Mathiasdtr. Hummelsgård f. 1914, dtr. av Mathias Halvorsen Hummelsgård og Inger Nilsdtr. Ødegård, Eie.
        Gunnar har for nokre år sidan teke over garden av sine foreldre.
      2. Sigfrid Bergljot Martiniusdtr. Bratsberg f. 1920, er ug.
      3. Martha Andrea Martiniusdtr. Bratsberg f. 1922, g.m. Villiam Andersen, lastebileigar og dei bur på Falkum i Skien.
      4. Ivar Martiniussen Bratsberg f. 1924, g.m. Gunvor Nilsdtr. Ødegård, Eie. Dei driver no garden Eie.
      5. Oddvar Magnus Martiniussen Bratsberg f. 1928, g. 1964 m. sjukesyster, Ruth Kristiansen, Skien.
        Oddvar Bratsberg har bensinstasjon «Fina servise» i Melum og her får ein god hjelp om noko er i veien med bilen.
    4. Elise Tomine Jonasdtr. Bjørbæk f. 1895, g. 1914 m. Otto Mathias Olsen Veholt f. 1893, son av Sagmeister Ole Kittilsen og Amalie Olsen.
      Av borna er berre funne:
      1. Ivar Ottosen Veholt f. 1915, g.m. Ragna Martinsen f. 1914, dtr. av Magnus Martinsen og Inger Pedersen.
      2. Sina Berthea Ottosdtr. Veholt f. 1922, g.m. Sigurd Olsen f. 1915, son av Samuel Olsen og Mathilde Skjelsvik.
    5. Ragna Johanne Jonasdtr. Bjørbæk f. 1897, g. 1923 m. Harald Halvorsen Ås f. 1901 i Eidanger, konfirmert i Bamble, son av Gbr. Halvor Martinsen Ås og Anne Margrete Øvald. Born som er funne:
      1. Anne Margrethe Haraldsdtr. Ås f. 1925, g.m. Torleif Karsten Skautvet.
      2. Bodil Mathea Haraldsdtr. Ås f. 1936.
    6. Julette Berthea Jonasdtr. Bjørbæk f. 1900, g.m. Peder Hermann Karlsen Veberg, Bjørbækkåsa f. 1899, son av Karl Åsoldsen og Kirstine Pedesdtr. Veberg.
    7. Jan Jonassen Bjørbæk f. 1901, d. 1963 på Ulefoss, g. 1929 m. Berthea Gurine Andersdtr. Bjørndalen f. 1897 i Holla, dtr. av Anders Sørensen Bjørndalen og Anlaug Roholt.
      Jan Bjørbæk som var distriktsrevisor, vart brått riven bort under eit besøk hos sin bror i Skien.
      Jan hadde i si tid fleire viktige gjeremål i Holla, soleis var han styrar av gamleheimen på Dagsrud, heradskasserar i Holla og revisor for Holla og grannekommunane. Bertha og Jan hadde berre ein son:
      1. Bjørn Jansen Bjørbæk f. 1930, g.m. Astrid Margrete Hansdtr. Haukeli, Bergan f. 1932, dtr. av Hans Karlsen Haukeli og Ingebjørg (Imma) Tollefsdtr. Årnes.
        Bjørn er sekreter i Fylkesskulestyret.
        Deira born er: Inger f. 1956 og Bent f. 1958.
    8. Otilie Marie Jonasdtr. Bjørbæk. Ho var tvilling med Jan, men døydde i 1901.
    9. Even Jonassen Bjørbæk f. 1904, d. 1967, g.m. Anne Karoline Martiniusdtr. Marum f. 1904, dtr. av Karl Martinius Thomassen Nes, seinare Marum og Anne Kirstine Isaksdtr. Dolva.
      Even Bjørbæk mottok garden frå sine foreldre. Han har hatt fleire kommunale ombod.
      Dei har borna: Agnes Berit f. 1931 - Inger Mathea f. 1934 - Eva Karin f. 1944.
    10. Ole Jonassen Bjørbæk f, 1906, g.m. Ruth Mathiasdtr. Bjåland, dtr. av Torleif Mathias Markussen Bjåland og Karen Sofie Nyhus.
      Av deire born er funne: Kjell Reinhart f. 1933 - Gjertrud f. 1938, d. same dag. - Gjertrud f. 1941.
Utdrag (s. 243-250) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen