Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Ole Hansen Jordbakke | 2. ledd. Even Olsen Jordbakke | 3. ledd. Ole Evensen Jordbakke

1. ledd.

Ole Hansen Jordbakke

Som nemnd på side 220 vil Kirstin Evensdtr, Tveit og Ole Hansen Jordbakkes grein av slekta verta omtale i denne avdeling.

Ole Hansen var frå Tveiten i Tuddal og eldste son av Hans Olsen Tveiten og Helga Sigurdsdtr. Kyrkjejordet.

Om hans fars foreldre har eg ikkje funne fram til, men om Helgas foreldre, Sigurd Olsen Åsen og Signe Drengmannsdtr. Reisjø ligg det føre fleire opplysningar.

Sigurd Olsen var son av Ole Knudsen og Helga Nirisdotter Åsen. Sigurd var første gong gift med Helga Nilsdtr. som døydde i 1742. Ved skifte synte det seg at dei eigde garden Åsen med underliggjande ødegard Stuverud. Åsen var verdsatt til 140 rdl. og Stuverud til 8 rdl. Eiga var 302 rdl. og gjelda 170 rdl.

Her var 6 born som levde opp, nemleg: Åse f. 1724 - Ole f. 1726 - Nils f. 1727 - Margit f. 1729 - Gunhild f. 1733 og Judit f. 1738.

Enkem. Sigurd Olsen Åsen gifta seg andre gong 1743 og no med pike Signe Drengmannsdtr. Reisjø.

Signe og Sigurd si dotter Helga vart dp. 6. januar 1747 i Tuddal kyrkje og fadderane var: Halvor Drengmansen Reisjø, Gro Halvorsdtr. Reisjø, Halvor Helgesen Stuverud, Folkvard Kittilsen Reisjø, Aslaug Drengmansdtr. Graskjønåsen og Signe Drengmansdtr. Reisjø.

I 1769 var soldat Hans Olsen Tveiten heime med regimentets løyve og vart 30. juli i Tuddal kyrkje vigde til Helga Sigurdsdtr. Kyrkjejordet.

Det syner seg at Helga og Hans har vore mykje på flyttefot. Dette viser deres born som er døypte på ymse stader, Ole dp. i Tyddal kyrkje - Sigurd f. 1772 på Stuverud - Hølje f. 1774 på Dalen - tvillingane Jon og Liv f. 1776 på Dalen, Jon f. 1779 i Kjønåsdalen, d. same år på Masteholt - Signe f. 1780 i Mastehot.

Kva tid Ole Hansen Tveiten kom til Melum er ikkje funne og det første han er nemnd her er under si truloving med Kirsti Evensdtr. Tveit. Han var då nesten 30 år og var i Jordbakkåsa. Då Jordbakke her ligge under Tveit er det mykje som talar for at det er Ole Hansen som har lagt grunnen til denne plassen, sjølv om det ikkje ligg føre noko festebrev frå først av.

Festebrev var jamt med munleg løyve til å rydda jord, gjeve når plassen var rydda og hus bygd opp. Ein må difor rekna at Jordbakke har kome med Ole Hansen.

At han ikkje har fått rådd seg til huser her før nokre år har gått, kan ogso tyda på den ting at hans første fire born er dp. Tveit, men seinare Tveiteie, som sikkert er Jordbakke.

Det var Bolvik Jernverks eigarar som eigde Tveit og alle plassar som var utgått frå dene gard.

Ole Hansen var brukar på Jordbakke før han kjøpte den i 1841, då det vart halde auksjonar over Forstjunker Nils Løvenskjolds eigedomar.

For jordbakke gav då Ole Hansen 200 spd. og for Sandsætret 607 spd.

Det var mange skogeigarar som sokna til Kilevatne, som i denne tid gjorde avtalar med eigaren av Rennesund gard, om damleige for fløtning av tømmer gjenom Ålgestad-dammen. Ei slik avtale fekk ogso Ole Jordbakke i 1842. Den same avtale fekk han for Sandsætret.

Kirsti og Ole Jordbakke sine born er:

  1. Helga Olsdtr. Tveit f. 1801, d. 1836, g. 1831 m. Smed Lars Jonsen Bakkane f. 1805, d. 1881, son av Jon Sørensen og Ingeborg Larsdtr. Bakkane.
    Her var 2 born:
    1. Jon Andreas Larsen Bakkane f. 1832, g. 1859 m. Anne Torbjørnsdtr. f. 1840 i Heddal, ei dtr. av Torbjørn Ellevsen.
    2. Ole Larsen Bakkane f. 1834, g. 1864 m. Inger Kirstine Hansdtr. Aspheim f. 1836, dtr. av Hans Torstensen Aspheim og Anne Isaksdtr. Bjørbæk.
      Ole Larsen vart seinare gardbrukar på garden Almon.
    Helga Olsdtr. døydde i svert ong alder, berre 35 år, og Lars Jonsen gifta seg igjen i 1840 og no med Åse Eriksdtr. som var i teneste på Solum prestegard f. 1813 i Lessøe prestegjeld i Sverige, d. 1868. Her var det 3 born:
    1. Ingeborg Hansine Larsdtr. Bakkane f. 1841.
    2. Erik Larsen Bakkane f. 1846, d. 1862.
    3. Jens Andreas Larsen Bakkane f. 1850.
  2. Ingeborg Olsdtr. Tveit f. 1803, d. 1874, g. 1843 m. enkem. arb. ved verket Nils Jonsen Rugkåsa f. 1794, d. 1874, son av Jon Nilsen og Berthe Jensdtr. Rugkåsa.
    Nils Jonsen var fødd i Tanum prestegjeld i Sverige. Han var husmann med jord i Rugkåsa under Bolvik og arbeide elles ved Bolvik Jernverk.
    Av deres born er funne:
    1. Jon Nilsen Rugkåsa f. 1844, d. ein dag gamal.
    2. Birthe Nilsdtr. Rugkåsa f. 1847, d. 1875 då ho drukna.
      Nils hadde ogso ein son, Jon som var f. 1834 på Hytterø, som døde 1843 i Rugkåsa. Begge foreldra døydde med 4 dagars mellomrom i 1874 og året før Birthe. Heile denne familie vart soleis borte.
  3. Even Olsen Tveit f. 1805, d. same år.
  4. Even Olsen Tveit f. 1807, d. 1808.
  5. Hans Olsen Jordbakke f. 1809, d. 1810.
  6. Even Olsen Jordbakke f. 1812, d. 1817.
  7. Kirsti Olsdtr. Jordbakke f. 1814, d. 1891 på Strand under Rennesund, g. 1840 m. Husm. enkem. Anders Stiansen Odden f. på Herre 1787, d. 1872 i Odden, son av Stian Andersen og Ingeborg Engelsdtr. Vasbond.
    Anders Stiansen hadde før vore gift med Anne Marie Olsdtr. som døydde i 1838, 51 år, og deires born var:
    Stian Andersen f. 1811 i Odden, d. 1899 i Solumkåsa, g. 1836 m. Anne Gundersdtr. v. Dal f. 1813, d. 1896, dtr. av Gunnar Larsen og Åse Kirstine Sigvaldsdtr. V. Dal - Ole f. 1813 - Ingeborg f. 1816 - Gunhild f. 1818, g. 1842 m. Verksarb. Ole Madsen Kleven, Vold f. 1815 i Qvia, son av Masomnarb. Mads Olsen Kleven og Guri Olsdtr. Sønstvetkåsa - Marthe f. 1820 - Svend Fermann f. 1823, reiste til Amerika hausten 1849 - Andreas f. 1825, d. 1855 - Hans f. 1827, d. 1834 ved fall på ein kniv.
    Anders er nemnd som møller på Rennesund. Her var møllebruk i mange år.
    Ved skifte etter Kari Stiansdtr. Sannes av Drangedal i 1844 vart enkemann Stian Olsen utlagt eigedomsretten til buets gard Rennesund av skyll 4 huder og tilliggjande, deriblant 2 dammer, 1 sag, Stamp og Mølle, for 3800 spd. og svara pantutlegg til Karl Løvenskjold.
    Kirsti og Anders hadde mange born:
    1. Mars Martinius Andersen Odden f. 1840. Han var tvilling med
    2. Anne Marie Andersdtr. Odden f. 1840, g. 1857 m. Lars Steffensen Fjeldkåsa f. 1832, ??-sjekk son av Steffen Pedersen og Maria Larsdtr. Fjeldkåsene.
      Lars Steffensen vart husm. med jord og bruka plassen Slåtta under Fjeld og var elles tømmerhoggar.
      Deres born er: Severin Andreas f. 1857 - Kristen f. 1865 - Martinius f. 1860 - Hans Karl f. 1872 - Karen Marie f. 1876 - Kirstine f. 1879 i Rønningen unde Mosæter, d. 1883
    3. Kirsten Andersdtr. Odden f. 1841, g. 1863 m. Ole Olsen Ødegården f. 1834 i Lunde.
      Kirsten og Ole budde først som inderst i Myra, i 1868 var dei husmannsfolk i Haugen under Bolvik og i 1873 i Bolvikkåsa. Av deira born er funne:
      Karen Marie f. 1864 - Arnt Bertinius f. 1868 - Toresius f. 1870 - Anders f. 1873 - Hanna Stefane f. 1879.
    4. Olea Andersdtr. Odden f. 1843.
    5. Andrea Andersdtr. Odden f. 1845, g. 1869 m. Hans Knudsen Ødegården f. 1841 på Strand, son av Knud Larsen og Gunhild Marie Andersdtr. Strand under Rennesund.
    6. Hans Andersen Odden f. 1847.
    7. Anders Andersen Odden f. 1847, g. 1871 m. Elise MarieEvensdtr. Langen f. 1849, barn av ongkar Even Gulliksen Ø. Porsgrunn og pike Maren Andrea Andersdtr. Langen.
    8. Andreas Andersen Odden f. 1851, g. 1885 n. Anne Marie Hansdtr. Suttervik f. 1856, dtr. av Flåtemann Hans Kristensen og Karen Gurine Hansdtr. Åmdalsøya.
    9. Hanna Kirstine Andersdtr. Odden f. 1854. Var i 1875 ugift og i Bamble.
    10. Karen Marie Andersdtr. Odden f. 1856. Var ug. i 1875.
  8. Hans Olsen Jordbakke f. 1816, d. 1895 i sin bustad på Frønes skulestove, g. 1841 m. Anne Isaksdtr. f. 1816 Grue i Holla, d. 1899 på Frønes.
    Hans og Anne budde hos faren i Jordbakke. Ved skifte etter Ole Hansen i 1844, gav ogso hans mor Kirsti Evensdtr. opp sitt bu, men tinga seg kårfeste av begge eigedomane, Sandsætret og Jordbakke, som vart utlagt til sønene Hans og Even.
    I 1855 selde Hans Olsen sin part i Sandsætret til sin bror Even, men hadde likevel at ein del i Sandsætret og dei gjekk opp deke mellom eigedomane.
    Hans trang nokk å selja noko for han vare ute i meir gardkjøp.
    I 1855 kjøpte Hans Olsen av enka etter Anders Halvorsen Aspheim, Anne Kirstine Kristensdtr. hennar eigedom Aspheim lnr. 215a-c for 900 spd. Same år selde han sin eigedom i Jordbakke til Even for 400spesiedalar.
    I 1861 er Hans kome til Frønes og han seljer då sin eigedom i Sandsætret til Jernverkseigar S.D. Cappelen for 500 spd. Aspheim selde Hans i April 1862 til Anders Reiarsen Bjørbæk for 1300 spd.
    På Frønes gjekk det dårleg for Ellev Halvorsen. Det vart mykje gjeld og hans eigedom som no hadde ei skyll av 1-4-16 skj. gjekk til auksjon på Kristiansro i 1860 og vart kjøpt av Hans Olsen for 800 spd.
    Seinare vart Frønes delt i 2 bruk og selde. Anne og Hans budde i 1875 som inderstfolk på Frønes, men flytta noko seinare til Frønes skulehus.
    Anne og Hans Olsen hadde ein son, Ole Isinius Hansen f. 1849, g. 1875 m. Anne Karoline Halvorsdtr. Værstad f. 1848 i Holla, dtr. av Halvor Halvorsen Værstad og Anne Jessine (Isine) Isaksdtr. Dolva.
    Isinius Frønes kjøpte i 1880 Frønes lnr. 174c av Peder Pedersens enke Ingeborg Nilsdtr. for 6320 kr.
  9. Even Olsen Jordbakke f. 1818, d. 1895, 1) g. 1843 m. Taran Simonsdtr. Torgersrød f. 1820 på Klovdal, d. 1851, dtr. av Simon Simonsen Klovdal og Berthe Hansdtr. Teigen i Holla, 2) g. 1853 m. (Tarans syster) Maren Anne Simonsdtr. f. 1832 på Klovdal, d. 1865 i Jordbakke.
    Sjå vidare om denne familien under ledd 2.
  10. Ole Olsen Jordbakke f. 1822, 1) g. 1846 m. Anne Marie Olsdtr. Fjeld f. 1822, d. 1848 i barselseng, dtr. av Ole Halvorsen Fjeld, seinare Ødegården og Ingeborg Jakobsdtr. Stavdal og Erikstad. 2) g. 1855 m. Inger Halvorsdtr. Høydalen f. 1831, dtr. av Halvor Kristensen og Inger Nilsdtr. Høydalen.
    I sitt første ekteskap budde Ole som inderst på Ødegården, men i 1848 som gardbrukar.
    Av borna er funne:
    1. Ingeborg Kirstine Olsdtr. f. 1846 på Ødegården, g. 1856 m. Peder Pedersen Solum f. 1841, son av Peder Pedersen Bolvik og Ingeborg Eriksdtr. Solum.
      Peder og Ingeborg held til på Solum. Peder var skomakar og dei hadde eigen hushaldning. I 1784 flytta dei til Frøneskåsa.
      Av borna er 4 fødde på Solum og 3 i Frøneskåsa: Ingeborg Marie f. 1865, d. 1866 - Peder f. 1867 - Peder Martinius f. 1870 - Ingeborg Marie f. 1873 - Anna Konstanse f. 1874, d. 1875 - Anna Konstanse f. 1876, d. 1879 - Ingeborg f. 1882.
    2. Berthe Mathea Olsdtr. Ødegården f. 1848, g.m. Ole Olsen f. 1843 i Brevik, og seinare var tenar hos Ole Halvorsen Ødegården.
      Dei budde på ymse stader i Kilebygda. Hausten 1858 flytta dei til Holla.
      Av borna er funne: Ole Olsen f. 1867 på Solum, seinare Dolva, g. 1891 m. Laura Marie Larsdtr. Sti - Anne Marie Olsdtr. f. 1871 på Ødegården, g. 1896 m. Anders Olsen Stavdal f. 1866 - Jens Jørgen Olsen f. 1875 Myra, g. 1901 Dolva m. Aslaug Andrea Jakobsdotter Erikstad f. 1880. Som ein vil leggja merke til kom foreldra tilbake få Holla til Solum.
    3. Inger Olsdtr. Ødegården f. 1856.
  11. Anders Olsen Jordbakke f. 1823, d. 1903 på Vadrette, begr. i Melum, g. 1852 m. Marie Simonsdtr. Torgersrød f. 1829 på Klovdal, d. 1865, dtr. av Simon Simonsen Klovdal og Berthe Hansdtr. Teigen. 2) g. 1867 m. pike Karen Anne Andersdtr. f. 1841, d. 1927, dtr. av Anders Åsoldsen Oterkil og Stoa og Birthe Vetlesdtr. Oterkil.
    Anders og Marie budde først på Øya, var so på Aspheim og kom so tilbake til Jordbakke. Anders var eigar av Neshegna i 1875. I 1895 er han å finna buande med sin familie på Vadrette.
    Borna i dei 2 ekteskapar er:
    1. Simon Andersen f. 1852 på Øya, d. 1859 av blodgang.
    2. Ole Andersen f. 1854 på Aspheim, d. 1859 av blodgang.
    3. Kirsten Marie Andersdtr. Jordbakke f. 1858m d. 1834, g. 1885 m. Snekker Anders Larsen Siljanjordet under Bergan f. 1851, d. 1931 på Haukelia, son av Lars Iversen og Anne Andersdtr. Siljanjordet.
      Familien budde i mange år på Haukelia.
      Deira born er: Lars Andreas Andersen f. 1886 - Anna Karoline f. 1888 - Marie Elise f. 1890, d. 1893 - Kirsten Andrea f. 1892, g.m. Karel Hansen Åseby og bur i Conradisgt. 8 i Oslo - Marie Elise f. 1894, g.m. Bakar Kristian Dahl, nå kjøpmann i Døvik i Eidanger - Inga Berthea f. 1897, g.m. Gustav Vasdal, d. 1967 i Gråten - Simon Alfred f. 1900, døydde ung.
    4. Kirsten Berthea Andersdtr. Jordbakke f. 1863, d. 1893, g. 1897 m. Karl Andreas Olsen Hagen f. 1864 på Herre. Sjå vidare s. 240.
    5. Sina Olava Andersdtr. Jordbakke f. 1861, g. 1881 m. Olaus Pedersen Marum f. 1857, d. 1936, son av Peder Olsen og Amborg Halvorsdtr. Marum, som var frå Holla.
      Det var 2 plassar på Marum. Den eldste er Marumplassen som i 1854 av Abraham Nilsen Bergan og Hans Andersen overdrege til Gunnar Olsen som hadde den lille plass Bratsberg. Seinare er desse plassar blitt eit bruk og nemnast no Bratsberg. Den andre Marumplassen som ligg mot Marumkjenn er den siste utskilde plassen frå det Marum som Johannes Pedersen Marum eigde og som truleg Olaus overtok straks etter sitt giftemål med Sina, sjølv om skøyta er tinglest noko seinare.
      Olaus Marum var ein alt muleg mann og han vart mykje nytta til reparasjonsarbeider av bøndene i Melum. Han var elles ein kristeleg sinda mann og venleg i si framferd.
      Olaus og Sina hadde 10 born:
      1. Marie Olausdtr. Marum f. 1882, g. 1910 m. Nils Jonsen Krogsrud, stasjonsbetjent ved jernbanen i Skien f. 1883 i Nord-Odal, son av gardbrukar Jon Nilsen Krogsrud.
      2. Amborg Kirstine Olausdtr. Marum f. 1884, er d. ung.
      3. Peder Olaussen Marum f. 1887, g. 1911 m. Anne Jonsdotter Snippen i Nes i Sauherad, ei dtr. av Jon Jonsen Bjørnfeld.
      4. Anders Olaussen Marum f. 1889, g.m. Theo Uldal frå Nomeland ved Kristiansand.
      5. Simon Martinius Olaussen Marum f. 1891, g. 1823 m. Ester Laurentie Jakobsen Borkevik f. 1900 på Berg i Brunlanes. Bur på Herøya.
      6. Olav Andreas Olaussen Marum f. 1894, d. 1896.
      7. Anna Otilie Olausdtr. Marum f. 1895, d. i Amerika, g.m. Josef Bromann i New Jersey, f. i Sverige.
        Dei har ei dtr. Ester Lillian.
      8. Signe Olalia Olausdtr. Marum f. 1899, g. 1923 m. Hans Nilsen Ødegård, Eie f. 1898 i Lunde.
        Hans var arkitekt-assistent hos arkitekt Børve i Porsgrunn, men døydde i ung alder.
      9. Ester Olausdtr. Marum f. 1901, d. 1918 av spanskesjuke.
      10. Einar Tidemann Olaussen Marum f. 1904, g. 1930 m. Ingebjørg Nilsdtr. Ødegård, Eie f. 1901 i Lunde.
        Einar Marum er formann i bygningsbransjen og bur på Ekeberg ved Oslo.
    6. Kirsten Berthea Andersdtr. Jordbakke f. 1863, d. 1893, i Plassen under Gisholt, g. 1887 m. Karl Andreas Olsen Hagen f. 1864 på Herre, ein son av Arb. Ole Halvorsen. 2) g. Karl Andreas Olsen g. 1894 og no med Maren Andrea Andersdtr. Jordbakke f. 1870, dtr. av Anders Knudsen Hagen.
      Deira born er: Ole f. 1887 - Martha Marie f. 1891, truleg seinare g.m. Oluf Bjåland - Anna Berthea f. 1893 - Ragna Marie f. 1896 i Slåtta under Åsland, d. ved heimedåpen - Ragna Marie f. 1898 i Hagen under Vasbond.
    7. Marie Anna Andersdtr. Jordbakke f. 1867.
    8. Ole Andreas Andersen Jordbakke f. 1870. Han fekk i sine ongkarsdager eit barn med Isine Jørgensdtr. Tønholt, som heite Ingeborg Kirstine f. 1896, d. 6 dage gamal.
    9. Hanna Bertine Andersdtr. Jordbakke f. 1873, d. 1935 i Steinsrød, g. 1895 m. Fabr.arb. Jens Toresius Olsen Brekke f. 1873 i Vasbond, d. 1953, son av Ole Nilsen og Ingeborg Olea Jensdtr. Vasbond.
      «Sergeant Ole Nilsen Brekke f. 1836 i Sauherad. Hans far heite Niels Danielsen. Ole vart g. 1868 m. Ingeborg Olea Jensdtr. f. 1841 og dtr. av Jens Olsen og Kristine Andersdtr. Vasbond. Ingeborg Olea var enke etter Jakob Johannesen Eiklund og hadde med han ei dtr. Anne Karoline f. 1860 i Vasbond. Dei eigde plassen Vasbond nr. 145b og fødde 1 hest, 2 kyr og 3 sauer på eigedomen.
      Dei hadde borna: Nils Julius f. 1868 - Tomine Kristine f. 1869, seinare g. 1890 m. Kristian Julius Hansen Kapelplassen f. 1871 - Bjørn Andreas f. 1871 - Jens Toresius f. 1873 - Ole f. 1874 - Ingeborg Sofie f. 1876.»

      Hanna Bertine og Jens Toresius budde det meste av si tid i Steinsrødsvingen. Av deres born er funne:
      1. Oskar Antonius Brekke f. 1895, g. 1942 m. Kari Nerisdtr. Elstrøm f. 1909 Hegnastykke i Bø, dtr. av Neri Olsen Hegnastykke. Oskar er fødd på Vadrette og virka seinare som skomakar og snekker.
      2. Astrid Otilie Brekke f. 1897 Vadrette, g. 1918 m. Torsten Andersen Hovet, Steinsrød f. 1885.
      3. Sofie Kaspara Brekke f. 1899, g. 1925 m. Skofabr.arb. Karl Andreas Simonsen Steinsrød f. 1900.
      4. Signe Brekke f. 1904 Steinsrød, Sjukesyster, g. 1941 m. Hydroarb. Halvor Halvorsen Varpet f. 1901, son av gbr. Lars Halvorsen Timland.
      5. Hjørdis Brekke f. 1906, 1) g. 1926 m. Reparatør på Faret sjukehus, Johannes Halvorsen Bergsland f. 1897, døyd. 2) g. 1943 m. Håkon Martinius Ånesen f. 1907, sjafør i Solum.
      6. Sigrid Brekke f. 1907.
      7. Andreas Brekke, d. 1967, var pleiar på Faret sjukehus, g.m. Borghild Enger.
      8. Henrik Brekke f. 1912, g.m. Susane Johansdtr. Haukenes, Gjærum. Dei bur på Framnes ved Sandefjord.
      9. Tordis Brekke f. 1915, g. 1936 m. gbr. Hans Simonsen Rød f. 1910. Han var gbr. på Ø. Klyve.
    10. Ingeborg Oles Andersdtr. Jordbakke f. 1876, d. 1882 av Trondheimsjuke.
    11. Anne Petrea Andersdtr. Jordbakke f. 1878.
    12. Olaves Esenius Andersen Jordbakke f. 1881, d. 1958, g. 1904 m. Karen Sofi Holmberg f. 1880 i Larvik, dtr. av Maskinist Karl Fredrik Holmberg larvik.
      Olaves Jordbakke var elektrikker og seinare formann på Vadrette. På sine eldre dagar kom han tilbake til heimbygda. Deres born er:
      1. Solveig Anette Olavesdtr. f. 1904 Vadrette, g. 1928 m. Søren Nilsen Kåsa f. 1904 i Eidanger.
      2. Anna Otilie Olavesdtr. f, 1906 på Vadrette, g. 1928 m . Aksel Kristoffer Simonsen nenseth f. 1905.
      3. Nelly Sofie Olavesdtr. f. 1907 Vadrette, g. 1934 m. Harald Algot Olsen Raneberget f. 1907.
      4. Anders Olavesen f. 1911 Vadrette, vergarb., g. 1933 m. Gro Homme f. 1912 i Vinje, dtr. av Jon Åsmundsen Homme. Anders overtok seinare Neshegna av sine foreldre.
      5. Hildeborg Olavesdtr. f. 1915 Vadrette, g. 1938 m. Kurt Runo Emanuelsen Pettersen f. 1911 i Skovde Statsförsamling Skaraborg län i Sverige, radioteknikker i Skien, son av bokhaldar Lars Gustav Runo Pettersen.
      6. Henry Olavesen f. 1918 Vadrette
Utdrag (s. 232-243) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen