Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Olle Svendsen Rull | 2. ledd. Svend Olsen Brenne | 3. ledd. Ole Svendsen Brenne | 4. ledd.

4. ledd

Even Olsen Tveit

Den første brukar på Tveit som er funne fram til er Kjetil og Bjørn Tveit. Dei var brukarar her i 1610 og betala då saltskatt med 12 skjelling og korntiende med 1 rdl. kvar.

Kor lenge dei hadde garden er ikkje klårt, men det var fleire brukarar her framover i dei neste 40 år.

Nils Tveit var brukar av heilse gardens skyld 3 tn.etter landkommisjonens oppgåver i 1660. I 1665 var skylda på Tveit 2½ hud og herav eigde kgl. maj. 1½ hud som Borgarmeister Peder Jensen i Skien hadde i forpaktningsretten over, undateke den halve hud som Skien prestebolig rådde over., Melum kyrkje ½ hud og Helgja kyrkje ½ hud. Vidare var her ei sag som Jørgen Velgjortsen Valen og Karl Eriksen Melum bruka og skar 200 bord på om året. Her låg ikkje fiskeri til garden. Av husdyr var her, 2 hestar, 4 kyr, 2 ongnaut og 6 småkrøter.

Anders Solvesen vart so brukar på Tveit. I 1679 var han lagrettemann ved eit skifte på Stavdal. Anders døydde i 1690. Hans kone heite Ingeborg Gjestsdtr. Øya, ei dtr. av Gjest Olsen Øya, og dei hadde 7 born, nemleg Halvor - Jens - Gjest - Olle - Ingeri - Anne og Gunhild.

Då Assessor i Bergamtet søndenfjeldske, Halvor Sørensen Borse i 1692 fekk sine privilegier på å bygge eit jernverk ved Bolvik, fekk han ogso rettar til avvirke av skogane i vestre Melum og Kilebygda. Likeeins meir rådvelde over jordgots som verkseigaren for ein stor del fekk overdrage bykselen av.

Halvor Borse budde på Fjære gard, og ein finn at han alt i mars 1691 har disposisjonsretten over Tveit.

Han feste bort eigedomen til Søren Nilsen for hans levetid, 2½ hud mot 12 rdl. 2 skj. i årleg avgift.

Søren døydde i 1724, 54 år.

Jon Tveit var ogso brukar her i 1699. Jon vart stemna for heradstinget hausten 1702 saman med mange bøndar, for ikkje å hava betalt 1 kvt. korn i samsvar med kongebrev av april 1700, til fergemann Kristen Abrahamsen Blom i Hagstensfaret. Denne avgifta for overfarten av ellva vart kravd sjølv om dei ikkje nytta ferga.

Jon må ha bruka den halve hud skyll av Tveit som ikkje var festa av Søren Nilsen.

Kanseliråd Hermann Leopoldus overok Bolvik jernverk etter Borse og dei til verket liggjande gardar.

Leopoldus bortfesta 2 huder i Tveit til Lars Nilsen Øya, son av Nils Kolbjørnsen og Guro Gulliksdtr. Øya.

Lars vart i 1724 med Birthe Andersdtr., ei dtr. av Anders Gjertsen og Gullaug Gulliksdtr. Frønes.

Det var ikkje so greit å vera fatig leiglending for Lars heller. I 1731 brann uthusene på Tveit og i mai året etter møtte han på heradstinget og la brannsaka fram for almugen og tingsvitner, og spurde: Om det ikkje var slik at alle hans huser på garden Tveit verande av stall, fjøs, låve og lade, med deri innhausta korn og høy, brann opp «avvigte år» dagen etter Hellesmes-dagen, og som fatig mann vart det ennå større armod, «ja lidt hunger» om ikkje almugen og godheit kan taka hans kyr å frmaføda, då han var i den vannlukka at han ikkje var istann til å bygge opp husene igjen. Han vona at han i denne tilstann vart friteken for skatt-innbetaling av Amtmann Essemann, etter forordning om skattar.

Almugen svara at det som var halde fram, var sannheit og dei var vel vitande om Lars Tveits «uløkkelige hendels» dagen etter Hellesmesdagen.

Korleis Lars Nilsen fekk seg nye uthus på Tveit fortel ikkje soga meir om, men han var på Tveit ogso i 1741. Den dårlege økonomien gjorde at han då måtte låna pengar for å greia dei påløpande skattar. Han fekk låna 97 rdl. 10 skj. av landherrane Karl og Vilhelm Deichmann mot pant i husdyra, gardsreidskapen og buhave.

I 1744 døydde Birthe frå han og var då 55 år.

Året etter gifta Lars seg påny og no med Marie Eriksdtr. Rogstad.

Lars Nilsen var på Tveit til 1751. Hermann Leopoldus var no adla og heite Løvenskjold og budde på Borgestad. Løvenskjold gav då Lars feste på plassen Timland som låg under Tveit. Timland skulle han få bruka i si tid og konas levetid mot årleg avgift 2 ort og 4 arbeidsdagar. Hamn, brænde og gjerdematerialar skulle han få i hovudgardens skog.

Lars Nilsen døydde i 1770 og var då 72 år.

Kanseliråd Bartholomeus Løvenskjold fylgde som eigar av ein del av Tveit, bortfesta i 167 denne eigedom til Ole Olsen g. 1771 m. Marthe Kristensdtr. Rønningen under Hummelsgård. Ole Olsen vart begr. i mars 1773 og same år er Even Olsen og Ingeborg Nilsdtr. å finna på Tveit.

Ingeborg og Even Olsen var i den første tid av deira ekteskap busette i Brusethplassen og her er begge dei første born fødde. Herifrå var dei heller ikkje so langt til familien på Høgebru.

Even hadde før han kom til Tveit ogso andre spekulasjonar i vestbygda, med å skaffa seg eigedom.

Elling Rollevsen hadde ein part av Høgst, og hadde på sin eigedom lånt 250 rdl. av Hr. Engelbreth Wulf. Dette lånt hadde han misleghalde og vart dømt til å betala. Det vart so halde eksekusjon i okt. 1770 hos han for gjeld og kostnader tilsaman 287 rd.

Då domen vart kunngjort, var Elling langt borte i sætermarka og var ikkje ventande heim før om 14 dagar, so domen vart opplest for Ellings kone og Even Olsen. Det var teke utlegg i all eigedom og lausøyre verdsatt til 300 riksdalar.

Året etter gjorde Elling og Even Olsen ein akkord der dei skulle gå saman om denne eigedom og dela gjelda. Det synte seg at dei ikkje greidde å skaffa dei midlar som skulle til og Wulf som var sokneprest i Bamble, selde då Høgset 6 skinn til Halvor Olsen i 1772.

Even Olsen var brukar på Tveit til sin døyd i 1799.

Ved skifte etter Even levde 4 av hans born, Kari, Synøve, Kirsti og Ole. På garden hadde han 2 hestar, 5 kyr, 1 kvige og 6 sauer. Her var ogso kollmile. Eifa var lausøra verdsatt til 123 rdl., men gjelda var 460 rdl., so her var det stort underskot.

Enka, Ingeborg Nilsdtr. sat likevel med garden fram til 18108 og hadde i denne tid stor hjelp av son Ole. Skifte etter Ingeborg var halde i jan. 1809. Eiga var no 392 rdl. og gjelda 456 rdl. herav 390 rdl. som buet sksulda Løvenskjold i Porsgrunn.
Ingeborg og Even sine born var:

  1. Kari Evensdtr. f. 1767 i Brusethplassen, d. 1807 på Klyve grunn i vestre Porsgrunn, g. 1794 m. Ole Jonsen Gravli d. 1815. Han var truleg frå Gravli i Gjerpen.
    Av deira born er funne:
    1. Even Olsen f. 1793, d. som liten.
    2. Anne Kirstine Olsdtr. f. 1797, d. 1798.
    3. Ingeborg Bergitte Olsdtr. f. 1800, d. same pr.
    4. Even Johan Olsen f. 1802, d. 1873, g. 1831 m. Anne Isaksdotter Tingstad f. 1802, f. i Siljan, d. 1846 på Gimsøy.
      Even Johan var tenar i Fjærestrand då han gifta seg og Anne var truleg i teneste på Tingstad. Dei budde som inderstfolk under Klovholt.
      Deira born er: Karen Pernille f. 1831, d. 1836 - Ingeborg f. 1834 - Ole f. 1836 - Karen Pernille f. 1839 - Isak f. 1842. d. same år. - Anne Jensine f. 1844.
    5. Anne Kirstine Olsdtr. f. 1805 i vestre Porsgrunn.
  2. Nils Evensen f. 1769, d. same år på Tveit.
  3. Nils Evensen Tveit f. 1770, d. 1792.
  4. Synøve Evensdtr. Tveit f. 1773, d. 1808 på Frønes, g. 1798 m. Halvor Ellevsen Frønes f. 1775, d. 1852 som føderådsmann på Frønes, son av Ellev Engelsen Frønes og Karen Michelsdtr. Eiklund.
    Synøve og Halvor var heile si tid på Frønes og dreiv garden saman med sine foreldre. Då Synøve døydde frå han i 1808 var Halvor åleine med sitt tenarskap og små born nokre år. Han fann seg so nytt gifte på Flåtesund u/Rennesund og vart midtsomaren 1811 vigd til Mari Tøgersdtr. Vasbond f. 1780 på Fjeld, d. 1856., dtr. av Tøger Jensen Fjeld og Kjersti Asbjørnsdtr. Dal.
    Halvor sine born med Synøve er:
    1. Kari Halvorsdtr. Frønes f. 1798, d. 1876 i Knardalstrand. Ho var i 1824 flytta til Porsgrunn. 1) g. 1826 m. Matros Kristopher Andersen Knardalstrand, Om han er ikkje noko meir funne, men her var 2 born, Morten Henrik f. 1828 og Kristina f. 1832, d. 1836.
      2) g. 1836 m. Sjømann Torsten Ingebretsen Knardalstrand f. 1812, d. 1848, son av Ingebret Mathisen og Kirsten Torstensdtr. Knardalstrand.
      Dei budde i Knardalstrand og etter giftemålet var truleg Torsten heime frå sjøen og arbeide for andre. Han var ogso med på litt av kvart.
      I april 1836 var det ei rettssak der Ole Olsen Vik og Torsten Ingebretsen Svinholt av Knardalstrand var stemna av ein mann som budde nær elva og hadde funne noko mistnkjeleg. Denne mann hadde funne ein tømmerstokk i Porgrunnselva og med eit taug drege stokken på land hos seg. Ein kveld det var noko mørkt såg han 2 mann taka stokken og reiste med den. Det var so skomt at han hadde vanskar med å sjå kven det var som tok stokken, men han meinte det var desse to tiltala.
      Under rettssaka hadde Ole Olsen og Torsten Ingebretsen synt dårleg framferd og det fekk dei påtala for i rettsmøte. Domen vart soleis: «Ole Olsen Vik og Torsten Ingebretsen Svinholt, bør for justitiens videre tiltale under denne sak, frie at være, men begge for en og en for begge udrede alle af actionen lovligen flydende bekostninger efter af alene øvrigheden approberede regninger. At fuldbyrdes med lovlig adferd efter øvrighedens foranstaltning.»
      Torsten Svinholt ende sine dagar 6. april 1848, berre 34 år, då han fall i eien prom og slog seg i hovudet.
      Av Karen og Torsten sine born er funne:
      1. Severin Torstensen Knardalstrand f. 1835, g. 1866 m. pike Kari Olsdtr. f. 1835 i Bø, ei dtr. av Ole Sørensen Knardalstrand. I 1876 budde dei i Orekås.
      2. Ingebret Torstensen Knardalstrand f. 1837.
      3. Halvor Torstensen Knardalstrand f. 1841, g. 1872 m. pike Ingeborg Marie Kristoffersdtr. f. 1849 i Skien, men oppheld seg då på Nenseth, ei dtr. av Kristoffer Andersen Skien.
    2. Even Halvorsen Frønes f. 1801, d. same år.
    3. Ingeborg Halvorsddtr. Frønes f. 1804, d. 1887 på Bjørnstad i vestre Porsgrunn. Ingeborg utflytta i 1837 til Bamble og her er ho blitt gift i 1839 m. Tallak Sørensen Sortebogen f. 1814.
    4. Ellev Halvorsen Frønes f. 1806, d. 1870, 1) g. 1830 m. Kirsten Kristensdtr. Kalstad f. 1799, d. 1845, dtr. av Kristen Oslen Kalstad og Berthe Larsdtr. Fjeld 2) g. 1845 m. pike Karen Johanne Jakobsdtr. Fjeld f. 1817, d. 1864, dtr. av Jakob Ellevsen og Karen Andersdtr. Fjeld.
      I sin ongkarsstann er Ellev nemnd som Jeger.
      Etter giftemålet var han framleis på Frønes saman med faren. I 1841 kjøpte Ellev saman med broren Åsold, halvparten av garden Frønes 2 huder eller 4 daler, 4 ort, 16 skj. av Forstjunker Nils Løvenskjolds bu, for 1225 spesiedalar. Den andre halvparten vart kjøpt av Ellev Isaksen Frønes for 1075 spd. Begge desse gardar fekk ved kjøpet kvar halvpart i plassen Loa.
      Ellev og Åsold delte sin part i Loa og Åsold selde sin part til broren Isak Halvorsen. llev Halvorsen bortfesta sin part i Loa til Anund Olsen Bratsberg og kone for deres levetid. Dei skulle hava husvære. likeeins få huse kyr og grøde i Ellev sine huser på Frønes til Anund fekk bygd seg huser på plassen. Festaren skulle betala 60 spd. i 3 teminer og årsavgifta skulle deretter vera 6 spd. (1859).
      Ellev Halvorsen bortfesta ogso i 1859 eit jordstykke som var kalla plassen Myråsen til Johannes Abrahamsen Fjeld, som var gidt med hans syster Anne, mot 4 spd. i årleg avgift og 1 slåttedag, 1 vegdag og 1 skurdag. Ingen framande måtte takast inn i husene på plassen uten løyve.
      Son til Ellev, Halvor Ellevsen var i skrifte etter si mor i 1845 blitt utlagt ein del av eigedomen. Ellev fekk då igjen kanpt halve gardens skyll.
      Det gjekk dårlig med økonomien til Ellev.
      I 1860 vart det halde eksekusjon hos Ellev og Halvor på Frønes, etter krav fra Brynhild Andersen Fjeld for gjeld 357 rdl. og det vart gjort utlegg i grøda og ymse lausøyre. Seinare same år vart eigedomen hans seld ved auksjon etter krav frå Hypotekbanken på 440 spd. Hans Olsen Aspheim eller Jordbakke kjøpte då eigedomen for 800 spd. men kjøpet vart først tinglest i 1865.
      Kirsten og Ellev sine born er:
      1. Halvor Ellevsen Frønes f. 1832, g. 1855 m. Karen Andrea Andersdtr. Åbjørnsrød f. 1835, dtr. av Anders Kristensen Åbjørnsrød og Ingeborg Maria Gulliksdtr. Kåsa under Hustvet.
        Sjå nermare om denne familie side 185-188.
      2. Kristen Ellevsen Frønes f. 1835, g. 1858 m. Åsta Jakobsdtr. f. 1835 i Lunde. Åsta var innflytta frå Bø hausten
        Deira born er: Ellev f. 1859 - Jakob Kornelius f. 1862 - Kirstine Berthea f. 1866 på Frønes - Karoline Marie f. 1872 i Høydalen, g. 1897 m. arb. Hans Severin Taraldsen Høydalen f. 1862, son av Tarald Hansen og Anne Jakobsdtr. Høydalen.
      3. Birthe Sørine Ellevsdtr. Frønes f. 1840, g. 1867 . Knut Jonsen f. 1846 i Seljord.
      I Ellev Halvorsens andre ekteskap var det desse born: Jakob f. 1846, d. 1847 - Jakob Andreas f. 1848 - Karen Kirstine f. 1851, d. 1852 - Karen Kirstine f. 1853 - Anne Barbro f. 1856, seinare gift med Steinhoggar Ole Vang - Johanne Elise f. 1859, d. 9 dagar gml.
    5. Synøve Kristine Halvorsdtr. Frønes f. 1812. Synnøve tok utflytting frå Solum våren 1854 til Eidanger.
    6. Åsold Halvorsen Frønes f. 1814, d. 1867 av beinverk, g. 1851 m. Ingeborg Kirstine Andersdtr. Bukta under Bjørntvedt f. 1823, dtr. av Anders Tollevsen og Kirsten Tøgersdtr. Bukta.
      Som før nemnd kjøpte Åsold saman med broren Ellev, garden Frønes med underliggjande plassar i 1841. Åsold selde i 1857 sin halvpart i Flåtesund til Kristen Isaksen Tangen for 30 spd. Slejaren skulle hava fri overfart i Flåtesund inntil bebuaren Halvor Svennungsen døydde. Då skulle den frie oversettong over vatne opphøyre.
      Halvor Svennungsen døydde i Flåtesund i 1864, 86 år.
      Åsold dreiv mykje med skogsarbeide, men hadde ikkje god helse og difor ikkje so mykje krefter å sette inn i arbeidet. Av husdyr hadde han berre 4 sauer og sådde kvart år 1/16 tn. kveite, 1/8 tn. havre og 1 tn. poteter. Han budde i sine sisste år som fatig husmann i Frøneskåsa.
      Ingeborg og Åsold sine born er:
      1. Maren Kristine Åsoldsdtr. Frønes f. 1851.
      2. Hanna Andrea Åsoldsdtr. Frønes f. 1853, g. 1878 m. Ole Halvorsen f. 1851 i Orekås under Vestre Gisholt, son av Halvor Halvorsen Strand under Rennesund og Kirsten Knudsdtr. Bukta under vestre Gisholt.
        Dei busette seg på plassen Liane. Hanna døydde her i 1882.
      3. Halvor Åsoldsen Frønes f. 1855, g. 1882 m. Anne Marie Brynjulvsdtr. f. 1860 i Dalskåsa, dtr. av Husm. Brynjulv Askjersen f. i Holla og Marie Arnesdtr. Veiåa plass.
      4. Hans Andreas Åsoldsen Frønes f. 1857, g. 1884 m. Birthe Marie Kristoffersdtr. Flåtesund f. 1858, dtr. av Kristoffer Torjussen og Ingeborg Jonsdtr. Øya.
      5. Teodor Åsoldsen Frønes f. 1859, d. 1866.
      6. Ingeborg Karoline Åsoldsdtr. Frønes f. 1863, d. 1866.
      7. Karl Teodor Åsoldsen Frønes f. 167, seinare gift med Kristine Isaksdtr. Dei dreiv i mange år Frønes Kafe i Torggata i Skien.
    7. Anne Halvorsdtr. Frønes f. 1818, g. 1853 m. Johannes Abrahamsen Fjeld f. 1823, son av Abraham Jonsen Grønmyr og Marthe Johannesdtr. Fjeldeie.
      Anne og Johannes budde den første tid på Frønes.
      I 1859 byksla dei plassen Myråsen av hennar bror Ellev Halvorsen. Sidan flytta deie til vestre Porsgrunn.
    8. Isak Halvorsen Frønes f. 1820, d. 1899, g. 1849 m. Gunhild Marie Knudsdtr. Buktene f. 1828, d. 1896, dtr. av Knud Haraldsen V. Gisholt og Karen Levorsdtr. Kongstvedt.
      Isak Halvorsen kjøpte i 1858 av sin bror Åsold, halve plassen Loa. Det vart halde skyllsetting og plassen avgrensa. Isak fødde 2 kyr og 2 sauer på plassen.
      Isak og Gunhild hadde ikkje barn saman, men dei tok til seg ei fosterdotter, Anne Kirstine Johannesdtr. Vidare losjerte Gunhild Sisilia Halvorsdtr. her. Ho var fødd i 1849, men var mykje sjukeleg og hadde stønad av fattigstellet.
    9. Halvor Halvorsen Frønes f. 1825, d. 1841.
  5. Kirsten Evensdtr. Tveit f. 1775, d. 1779.
  6. Ole Evensen Tveit f. 1777, d. 1779.
  7. Anders Evensen Tveit, f. 1779, d. same år.
  8. Kirsti Evensdtr. Tveit f. 1781, d. 1860, g. 1800 m. Ole Hansen Jordbakkåsa under Tveit f. 1770 i Tuddal, d. 1844, son av Hans Olsen Tveiten og Helga Sigurdsdotter Kyrkjejordet, seinare Åsen i Tuddal.
    Med Ole Hansen kjem ei ny slekt inn og som har mykje å seie for slekta kring Jordbakke. Eg har difor funne at dette bør koma inn som eit eige avsnitt i denne soga.
  9. Husmann Ole Evensen Tveit f. 1784, d. 1870 i Steinhaug g. 1811 m. Kirsti Kristensdtr. Bergan f. 1788, d. 1868 i Steinhaug, dtr. av Kristen Klausen Huken under Bergan og Kirsti Evensdtr. Godti.
    Ole var 16 år då hans far døydde og 24 år då hans mor døydde. Han var soleis åleine igjen på Tveit, då hans syster og svoger var i Jordbakke.
    I 1809 kom Thor Thomassen Bolvik og hans kone Aslaug Rasmusdtr. til Tveit. Ole Evensen fekk soleis ikkje overdrege feste på Tveit av Løvensksjold, men han gav han feste på eit jordstykke oppe ved Skiftekjenn som Ole rydda og dyrka opp og fekk namnet Steinhaug. Ole var i militærtjeneste og kom heim som soldat då han hadde bryllup med Kirsti. Dei budde all si tid i Steinhaug og her er alle deres born fødde:

    1. Ingeborg Olsdtr. Steinhaug f. 1811, d. 1871, g. 1841 m. Hans Jokobsen Haukedalen f. 1819, d. 1883 som husman på plassen Liane under Haukedalen, son av husm. Jakob Hansen Haukedalen f. i Lundeherad, d. 1847, 60 år og Elisabet Gulliksdtr. d. 1848, 63 år.
      Ingeborg og Hans budde som inderstfolk på Rennesund etter giftemålet. I 1846 var dei blitt husmannsfolk på plassen Strand under same gard. Sidan flytta dei til Kongstvetkåsa og i 1865 var Hans husmann me jord og smed på plassen Liane u/Haukedalen nr. 143.
      Då Ingeborg døydde var Hans 52 år og han gifta seg igjen i 1873 og no med pike Marthe Kirstine Hansdtr. Fjeldkåsa f. 1850, dtr. av Hans Jakob Hansen og Kirsten Halvorsdtr. Fjeldkåsa.
      Born av første ekteskap:
      1. Smed Jakob Hansen f. 1842, g. 1869 m. Maren Kirstine Knudsdtr. f. 1850, dtr. av Knud Henriksen og Kirsten Olsdtr. Plassen. I 1865 var Knud husm. m/jord og tømmerhoggar på Liane bnr. 2.
        Jakob Hansen vart eigar av plassen Kåsa under Kongstvet. Plassen var delt og den andre part tilhøyrte Lars Jørgensen Nes g.m. Karen Velleksdtr. Kongstvet. Plassen Kåsa var ikkje so stor og Jakob dreiv difor ogso mykje med skogsarbeid. Av husdyr var her 1 kyr og 2 sauer.
        Dei hadde borna: Hans f. 1870 - Karl f. 1873 - Ingeborg Kirstine f. 1875 - Jakob f. 1878 og Andreas f. 1880.
      2. Elisabeth Andrea Hansdtr. f. 1844, g. 1869 m. Martin Halvorsen Hvallestad f. 1842 i Trøgstad.
      3. Ole Hansen f. 1846, d. 1859 i Liane.
      4. Hans Andreas Hansen f. 1853, d. 1853.
      5. Hans Andreas Hansen f. 1854, g. 1887 m. Elise Jørgine Gunnesdtr. Knardalstrand f. 1860, ei dotter av tømmermann Gunne Gulliksen Knardalstrand.
      Marthe Kirstine og Hans Jakobsens born var:
      1. Hans Jakob Hansen f. 1875 i Liane.
      2. Ingeborg Kirstine Hansen f. 1877 i Liane.
    2. Even Olsen Steinhaug f. 1814, g. 1840 m. Ingeborg Arnesdtr. Tveitan f. 1812 på Tønholt, dtr. av Arne Andersen Tønholt og Dorthe Kirstine Mathiasdtr. Grimsholt.
      Even var skreddat av yrke og etter giftemålet budde dei som inderstfolk på Ilemoen. Her held dei til eit par år, flytta so til Rogstad og var seinare her som aigar av Lille-Rogstad.
      Av borna er funne:
      1. Kirsten f. 1840 på Ilemoen
      2. Arne Evensen Rogstad f. 1843, g. 1869 m. Sina Jørgine Jørgensdtr. dtr. av Jørgen Hansen Rogstad.
        Arnes far døydde 1871 og Sina og Arne vart buande hos hans mor på Rogstad. Dei hadde borna: Even Olaves f. 1870 - Ingeborg Dorthea f. 1872 - Maria Kirstine f. 1875 og Andreas.
      3. Ole Evensen Rogstad f. 1847, d. 1852.
      4. Dorthea Evensdtr. Rogstad f. 1850, 1) g. 1882 m. Flåtemann Abraham Martinius Jørgensen Åmdal f. 1846, son av Skreddar Jørgen Jensen og Maren Olsdtr. Kåsa under Åmdl. 2) g. 1900 m. Halvor Olsen Ranneberget f. 1858 i Skien.
      5. Ole Evensen Rogstad f. 1853, g. 1882 m. Kjersti Torstensdtr. f. 1859 i Sauheradm ei dtr. av Husm. Torsten Kristensen.
        Ole var Malar av yrke og dei budde på Falkum ved Skien.
    3. Kirsti Olsdtr. Steinhaug f. 1816, g. 1841 m. Klaus Tordsen f. 1815 på Holtan i Nes i Sauherad.
      Klaus var son av Tord Olsen Holtan i Nes og var 19 år då han i 1834 kom til Ilemoen saman med sin bror som var 22 år. Klaus var rokkemakar av yrke. Dei busette sseg fyrst på Leiroddkåsa, so var dei på Steinhaug men flytta hausten 1843 til Borgestad i Gjerpen, der dei seinare held til.
      Av born fekk dei: Ole Kristian f. 1841, d. 9 dagar - Kirsten Johanne f. 1843 - Toresius f. 1845 - Ole f. 1847 - Johanne f. 1850 og Klara f. 1852
    4. Kristen Olsen Steinhaug f. 1819, d. 1879, g. 1849 m. Maren Jensdtr. Haukedalen f. 1830, dtr. av Jens Olsen og Live Jonsdtr. Haukedalen.
      Kristen var skomaker og held til med sin familie på Steinhaug.
      Som tidlegare nemnd er Steinhaug gått ut frå Tveit og i 1871 delte eigarane Thomas og Rasmus Thorsen Tveit dette bruke. Kristen Olsen vart då leiglending på bnr. 187a og Halvor Jørgensen på bnr. 187b. På sin part hadde Kristen 1 kyr og 2 sauer.
      Maren og Kristen sine born er:
      1. Kirsten Elisabeth Kristensdtr. Steinhaug f. 1850, d. 1905, g. 1872 m. Ole Halvorsen Timland f. 1847, d. 1915, son av Halvor Jørgensen Timland og Karen Kirstine Olsdtr. Steinhaug.
        Kirsten og Ole busette seg først i Elstrøm, men flyttra seinare til Farbukta. Her rådde han seg til hus og hage og kalla staden for Steinhaug.
        Av borna er berre funne: Kristian f. 1872 - Kristiane Mathile f. 1878 - Hulda Kirstine f. 1881 - Olga Jensine f. 1883, g. 1906 m. Oskar Thomassen Farbukta f. 1885, son av Thomas Abrahamsen og Kirsten Andersen Farbukta - Kirsten Lovise f. 1886, g. 1909 m. maskinarbeidar på Skotfoss Karl Julius Kristiansen f. 1889 i Skafså.
      2. Ole Kristensen Steinhaug f. 1854. d. 1862.
      3. Jens Kristian Kristensen Steinhaug f. 1858, d. 1862
      4. Jens Kristian Kristensen Steinhaug f. 1863, d. 1937 på Gråtenmoen, g. 1889 m. Oline Olsdtr. f. 1870 i Skien, dtr. av vognm. Ole Svennungsen og Anne Dorthea Olsdtr. Snipetorp i Skien.
        Oline Steinhaug budde på Kjørbækkhøgda då ho døydde i 1964, 94 år.
        Det var mange born i deres ekteskap og her er berre funne fram til:
        1. Kristen Jensen f. 1893 på Bakken i Skien, g. 1928 m. Ingeborg Elisabet Torstensen Steinsrød f. 1903 i Melum, dtr. av vegarb. Sondre Torstensen og Anne Eriksdtr. som ved bygging av Skien-Ulefossvegen budde på Ilemoen.
        2. Ole Jensen f. 1896, g. 1923 m. Anna Teodora Tingstad f. 1902.
        3. Dagny Elisabet Jenssdtr. f. 1909, g. 1934 m. murar Håkon Lind Værstad f. 1905 i Gjerpen, budde ved gifte u Teresesggt. 3 i Oslo, son av murm. Halvor Værstad.
        4. Gudrun Alvilde Jensdtr. f. 1911, g. 1934 m. lastearb. Fredrik Toralf Myrland Sørensen Nenset f. 1905, son av Otto Toresius Sørensen.
        5. Eugenie Jensdtr. f. 1916, g. 1935 m. Ragnar Lund Gundersen Nenset f. 1910.
        6. Marie Jensdtr., utvandra til Amerika.
        7. Erling Jensen, utvandra til Amerika.
        8. Håkon Jensen, drukna i 1942 i Grasdalsvatne.
      5. Ole Martinius Kristensen Steinhaug f. 1866. Han fekk tuberkulose i ong alder og døydde.
    5. Karen Kristine Olsdtr. Steinhaug f. 1821, d. 1909, g. 1845 m. Halvor Jørgensen Timland f. 1819, d. 1903 på Steinhaug, son av Jørgen Halvorsen Timland og Ingeborg Larsdtr. Haugland under Bergan.
      Denne Halvor Jørgensen ættar frå Drangedal og eg skal her taka med noko av hans slekt i rett line framover frå stamfaren Steinar Aslakson Åkre i Drangedal f. 1651, d. 1720.

      Steinar Aslakson Bø i Tørdal vart brukar på Åkre i Drangedal kring 1680. Han var gift 3 gonger:

      1. g.m. Anne Jørgensdtr. ei dtr. av Jørgen Vrålstad og Taran Vaaje.
        Her var det 3 born: Aslak Steinarson Åkre f. 1680, d. 1710, g.m. Åste Åsulfson Fineid - Jørgen Steinarson Åkre d. 1808, 22 år, g.m. Åsta Torsdtr. Fineid - Kari Steinarsdtr. Åkre, g.m. Nils Person Svenum i Sannidal.
      2. g.m. Kari Torsdtr. Ytre Vefall, f. 1675, d. 1715.
        Her var 4 born: Åsmund - Berthe - Anne - Sigfrid
      3. g.m. Aase Kjetilsdtr.
        Her var ein son, Aslak som seinare døydde som ongkar på nordre Vaaje.

      Jørgen Steinarson Åkre som var andre son i Steinar Aslaksons første ekteskap, var f. 1686, d. 1708, var gift med enka etter Knut Tykeson Fineid, Åste Torsdotter Fineid i 1707.

      Jørgen var berre 22 år då han var ute for ei ulukke, der han drukna i Solbergfossen, Deres einaste son, Jørgen Jørgensen vart dpt. i juni 1708 og etter farens død. Berre hans mor er innført i kyrkjeboka.

      Åste døydde i 1725. Jørgen var då 17 år og har truleg ikkje funne rom for seg på Finneid og drog ut frå heimen for å finna seg ein plass i tilværet.

      Eg har ikkje funne ut kva tid han tok utflytting frå Drangedal men det er truleg at han i 1726 kom som tenar til vestre Gisholt, til sin halvbror Åsulf (seinare skrive Åsold) Knutson Fineid som i 1720 fekk feste på vestre Gisholt 5 huder av kgl maj. Sekretær Herman Leopoldus.

      Her på Gisholt fann Jørgen Jørgensen den kvinna som skulle fylgja han gjenom livet. Han var berre 20 år då han i 1728 vart gift med Jørond Halvorsdtr. f. 1711 (berre 17 år) d. 1777 på Ø. Tveitan.

      Jørond var dotter av den tidlegare brukaren på vestre Gisholt, Halvor Larsen, som hadde festa denne garden av Kjersten, kona til Henrik Josten der budde på Bjørntvet. Halvor Larsen døydde på Gisholt i 1717, 62 år.

      I 1730 fekk Jørgen og Jørond feste på Kongstvedt av Bolvik Jernverks eigar, Herman Leopoldus jun. og var brukar her til Jørgen døyde i 1751.

      Jørond vart året etter gift med Svend Hansen Ø. Tveitan, sjå side 110.

      Hennar son Halvor Jørgensen f. 1746 på Kongstvet d. 1808 i Timland, g. 1770 m. Ingeborg Larsdtr. Timland f. 1746, d. 1822, dtr. av Lars Nilsen Øya, seinare Tveit og Timland og hans andre kone Maria Eriksdtr. Rogstad.

      Deira son er Jørgen Halvorsen Timland f. 1786, d. 1867, g. 1812 m. Ingeborg Larsdtr. Haugland under Bergan f. 1784, d. 1851, dtr. av Lars Iversen Siljanjordet og Kirsti Nilsdtr. Haugland.

      Det er so deres eldste son Halvor Jørgensen Timland som (s. 224) er g.m. Karen Kirstine Olsdtr. Steinhaug.

      Karen og Halvor var mange år i Timland og her er borna fødde. Seinare flytta dei til Steinhaug.
      Deira born er:

      1. Jørgen Halvorsen Timland f. 1845. Jørgen som alle hans eldre syskenn reiste ut for å tena hos andre og har vore vanskeleg å få veta noko om.
        Det einaste eg har funne om Jørgen er at han ei tid held til i Østgården.
      2. Ole Halvorsen Timland f. 1847, d. 1915 g. 1872 m. Kirsten Elisabet Kristensdtr. Steinhaug f. 1850, d. 1905, dtr. av Kristen Olsen Seinhaug og Maren Jensdtr. Haukedalen. Sjå s. 223.
      3. Ingeborg Kirstine Halvorsdtr. Timland f. 1849, g. 1879 m. Arb. Jens Olsen Pertersborg i Gjerpen f. 1852.
      4. Halvor Halvorsen Timland f. 1851, d. 1891 i Elstrøm, g. 1876 m. Liv Torbjørnsdtr. f. 1848 i Lunde, ei dtr. av Torbjørn Halvorsen.
      5. Kirsten Karoline Halvorsdtr. Timland f. 1854.
      6. Lars Halvorsen Timland f. 1856, d. 1921 på Varpet, 1) g. 1891 m. Anne Margrete Abrahamsdtr. Steinsrødbukta f. 1863, d.1896 i Steinsrødkåsa, ei dtr. av Abraham Torjussen Farbukta f. 1826, d. 1892.
        2) g. 1897 m. Ingeborg Tarjesdtr. f. 1865 i Seljord, ei dtr. av Tarje Halvorsen Vipeto.
        Av born i andre ekteskap er funne: Halvor f. 1901 - Eivind Larsen f. 1904, g. 1940 m. Ruth Elise Marker f. 1910, dtr. av fabr.arb. Karl Marker Skien - Elfrida Lovise f. 1906 - Leif Ingvar f. 1911.
      7. Kristen Halvorsen Timland f. 1861, g. 1887 m. Martine Amalie Kristensdtr. Heia f. 1874, d. 1932 i Steinhaug, dtr. av skreddar og seinare skomakar Kristen Klausen Heia, seinare Marum og Kirsten Pedersdtr. Haugane, eller Skebinderkåsa.
        Som før nemnd var Kristens far Halvor Jørgensen brukar av Steinhaug 187b. Denne eigedom hadde skifta eigar. Thor T. Kløverød, Gunnar G. Veum og Halvor G. Kragenes eigde denne og selde hausten 1896 til Nils August Halvorsen Ståkkan for 1600 kr. Berre nokre dagar etter selde Ståkkan eigedomen til Kristen Halvorsen. Skøyta er tinglest i jan. 1897 og inneheld beiterett for dei kyr som kan fødast på garden, men fråskrive retten til hus, gjerdefang og brendsel i Tveitskogen.
        Kristen og Amalie sine born er:
        1. Halvor Kristensen Steinhaug f. 1896, d. 1907
        2. Ole Kristian Kristensen Steinhaug f. 1899, d. 1957 ved ei ulukke ved Skotfoss bruk, g. 1924 m. Gusta Sofie Jakobsdtr. Kveldro i Ø. Melum f. 1901, dtr. av Jakob Gundersen Kveldro.
          Dei budde på Pollen og hadde borna: Villy Gerhard - Ruth og Leif. Desse er no vist alle gifte.
        3. Karl Kristensen Steinhaug f. 1904, g. 1932 m. Tone Halvorsdtr. Kåsin Øya f. 1907, ei dtr. av Halvor Kåsin og Gunhild Tveiten, som var frå Sauherad.
        4. Marta Kristensdtr. Steinhaug f. 1901, d. 1903.
        5. Halvor Kristensen Steinhaug f. 1906, g. 1940 m. Judith Eilifsdtr. Strand, dtr. av Ragna og Eilif Strand Eidsbygda. Eilif var f. i Norbygda i Lunde og Ragna på Danielskås i Eidsbygda i Holla.
    6. Klaus Olsen Steinhaug f. 1824, d. 1897 i Erkstad-Heia, g. 1848 m. Marthe Andrea Kristensdtr. Haukedalen f. 1829, d. 1901, som føderådsenke i Heia, dtr. av Kristen Pedersen Aspheim, seinare Haukedalen og Anne Jkobsdtr. Heukedalen.
      Dei held til på Steinhaug ein 3-års tid og flytta so til Erikstad-Heia. Klaus kjøpte Erikstad-Heiaa i 1854 for 50 spd. av Halvor Halvorsen Fjeld og Anne Jonsdtr. Almon. Med i kjøpet var hamnerett for 1. kyr i Almonskogen, rett til gjerdematerialar i Almonskogen ved Heia og det som grensar til Torsten Hansens eigedom i Aspheim, ellers i Erikstadskogen.
      Av plassen Heia var det tidlegare betalt 2 ort i årleg avgift til garden Erikstad og denne skulle framleis betalast.
      Det var mange born i dette ekteskapet:
      1. Kristen Klausen Steinhaug f. 1849, d. 1922 på Marum, g. 1875 m. Kirsten Marie Pedersdtr. Haugane eller Skebinderkåsa, f. 1854, d. 1922, dtr. av Peder Pedersen og Marta Hansdtr. Haugane.
        Kristen var ogso skreddar som fleire av hans familie hadde som yrke, men vart skomakar som vart hans fag mest heile den tid han budde på Marum, frå 1884. Tidlegare budde dei i Vikle, Dolvakåsa og på Ilemoen.
          Deira born er:
        1. Martine Amalie Kristensdtr. f. 1874, d. 1932, g. 1887 m. Kristen Halvorsen Steinhaug f. 1861. Sjå nærmare s. 227.
        2. Klaus Kristensen f. 1878 i Kåsa.
        3. Maria Petrea Kristensdtr. f. 1882 på Ilemoen, d. 1893 på Marum.
        4. Olava Jakobine Kristensdtr. Marum f. 1885, d. 1886.
        5. Olava Jakobine Kristensdtr. Marum f. 1888, g. 1908 m. Teodor Halvorsen Deilhaug, Nes f. 1877 i Lunde.
        6. Marie Petrea Kristensdtr. Marum g. 1892, g. 1928 m. Gunnar Olsen Hogga, Stavdal f. 1890 i Lunde, son av Flåtem. Olav Gundersen.
        7. Karl Karenius Kristensen Marum g. 1899, g. 1924 m. Hanna Tomine Hansdtr. Holmen, f. 1900, dtr. av Hans Hansen og Ingeborg Tomine Thomasdtr. Holmen.
      2. Ole Andreas Klausen Steinhaug f. 1851, d. 1862.
      3. Jakob Klausen Heia f. 1854, d. 1863.
      4. Even Klausen Heia f. 1856, g. 1885 m. Berthe Andrea Brynjulsdtr. f. 1866 (namnet er truleg feil ført i kyrkjeboka over gifte. Det er nemleg ingen barn av desse foreldra som har vore dp. med det namnet. Derimot har dei ei dotter, Aslaug Marie som eer f. i 1866 og må gå ut frå at det er denne dottera av Brynjul Andersen Fjeld, seinare Erikstad, som er gift med Even.
        Aslaug Marie og Even fekk ein sonm Kalberg f. 1885 og dei hadde ikkje fleire born.
        Even fekk i sine ongkarsdage eit barn med Gunhild Andrea Åsoldsdtr. Veberg, som heite Anne Marie f. i 1883. Ho vart seinare gift med Åsold Olsen (Jonsen) Torgersrød og dei bur på Torsberg ved Fen i Holla.
      5. Kirsten Andrea Klausdtr. Heia f. 1859, g. 1881 m. Erik Åsoldsen Veberg f. 1853, d. 1918 på Tveit, son av Husm. Åsold Eriksen Veberg og Anne Karlsdtr. Marum.
        «Åsold Eriksen var f. 1822 og son av Erik Åsoldsen f. på Tveitan 1789, d. 1847, g. 1819 m. Anne Thomasdtr. f. 1797 og dtr. av Thomas Jestsen og Mathe Hansdotter»
        Kirsten og Erik sine born er:
        1. Åsold Andreas Eriksen f. 1882, d. same år.
        2. Åsold Andreas Eriksen f. 1883, d. same år.
        3. Åsold Andreas Eriksen f. 1884, d. same år.
        4. Karoline Marie Eriksdtr. Veberg f. 1886, g. 1907 m. Nils Monrad Pedersen f. 1883, d. på Rjukan, ein son av Mekanikker Peder Olsen i Skien. Karoline bur i Skien.
        5. Åsold Andreas Eriksen Veberg f. 1888 på Tveit, g. 1914 m. Hanna Kirstine Hansdtr. Knardalstrand f. 1891, ei dtr. av Hans Severin Halvorsen Knardalstrand. Dei bur på Hønefoss.
        6. Thomas Veberg Eriksen Tveit f. 1894, g. m. Olga Josefine Hansen Bjåland f. 1896.
          Deira born er: Erling Marinius f. 1919, d. 1920 - Gerda Marie f. 1920 - Ester Kamilla f. 1922 - Oddvar Torbjørn f. 1924 - Martin Helmer f. 1925 - Sonja f. 1927, g. 1948 m. Paul Johan Hansen Haukenes f. 1924 - Reidun f. 1928.
        7. Einar Karenius Eriksen Tveit f. 1898, g. 1921 m. Ingeborg Augusta Jonsen f. 1905, dtr. av August Jonsen Leirodden.
        8. Arb. i Skien, Karl Ninis Eriksen Tveit f. 1901, g.m. Agnes Marie Heibø f. 1898 i Kragerø, dtr. av Olaf Knudsen Heibø.
        9. Olaf Eriksen Tveit f. 1904.
      6. Anne Kirstine Klausdtr. Heia f. 1862, g. 1884 m. Husm. Abraham Hansen Kongstvetkåsa f. 1860 i Fjeldkåsa, son av Hans Jakob Hansen og Kirsti Halvorsdotter Fjeldkåsa.
      7. Ole Andreas Klausen Heia f. 1864, g. 1898 m. Berthe Marie Larsdtr. f. 1874 i Skien, dtr. av Høvleriarb. Lars Martinsen Skien.
        Ole overtok etter Heia etter sin far og levde her eit stille liv med sin familie. Borna reiste tidleg ut for å tena og det har vore vanskeleg å finna kor dei er blitt av. Dei som er funne er:
        Lars Mathias f. 1900, g. 1929 m. Bergljot Hansen Åsen i Solum f. 1910, dtr. av Bertrand Hansen Åsen - Anni Oline f. 1908 - Olga Berthea f. 1910, oppheld seg på Gråtenmoen, g. 1933 m. D/S-fyrbøtar Jens Kasnes f. 1910 i Skien - Ole Berteus f. 1913, d. 1917 - Jenny.
      8. Martine Klausdtr. Heia f. 1867. Ho flytta seinare til Skien.
      9. Ingeborg Andrea Klausdtr. Heia f. 1869. Ho fekk eit barn med arb. Otto Olsen Skien f. 1879, som heite Oskar Andreas Olsen f. 1897, der i 1930 vart gift med Ester Nilsdtr. Marker f. 1902, dtr. av Kirsten Jonsdtr. Gjærum og Nils Pedersen Marker.
      10. Jakobine Klausdtr. Heia f. 1872.
      11. Karen Marie Klausdtr. Heia f. 1873, g.m. Rasmus Olsen Moen Sperbakken f. 1878.
    7. Anne Maria Olsdtr. Steinhaug d. 1831, 3 veker gamal
Med dette avsluttast denne del.

Utdrag (s. 211-231) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen