Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Olle Svendsen Rull | 2. ledd. Svend Olsen Brenne | 3. ledd. | 4. ledd. Even Olsen Tveit

3. ledd

Ole Svendsen Brenne

Då Ole Svendsen hadde seld sin gårdpart i Brenne var han truleg alt for noko tid tilbake flytta til Tønholt.

Ole var før sitt giftemål i 1737 mykje ute i arbeid på andre gardar. Soleis var han og på Namlaus, og det var nå ikkje så langt til Kari på Jøntvet derifrå, so det var nok under denne tid dei fekk varmare tankar for kvarandre og som førde dei saman.

På Tønholt streva Ole med å halda seg unda gjeld, men med dei mange skattar og mange små born, vart det å setja seg i gjeld. Han døydde svert ong, berre 33 år.

Kari Brynjulfsdtr. hadde vore enke vel eit år då ho gifte seg i 1749 m. enkemann Nils Paulsen Huve.
Kari og Ole Svendsen sine born var:

  1. Ingeborg Olsdtr. f. 1738 på Jøntvet, d. 1795, g. 1766 m. Thor Halvorsen f. 1730, d. 1769.
    Dei budde i Høgebru under vestre Tveitan og hadde borna, Tone f. 1766, d. 1770 og Thor f. 1769 etter farens døyd.
  2. Even Olsen f. 1739 på Brenne, d. 1799 på Tveit i vestre Melum, g. 1765 i Holla med Ingeborg Nilsdtr. Huve f. 1742, d. 1808 på Tveit, dtr. av Nils Paulsen og Synnøve Sørensdtr. Huve under Hjelset.
    Sjå nermare om desse ektefolk under ledd 4.
  3. Andreas Olsen f. 1742 på Tønholt, g.m. Margit Olsdtr.
    Dei budde på Namlaus og hadde ei dotter Karen f. 1774.
  4. Bergit Olsdtr. f. 1744 på Tønholt, d. 1800, g. 1781 m. enkem. Ole Knudsen Vold f. 1728, d. 1804 på Bolvik.
    Dei busette seg først på Vold, seinare flytta dei til Rugkåsa under Bolvik.
    Her var borna, Jon f. 1781 - Ingeborg f. 1783 - Lars f. 1786 og Karen f. 1789.
  5. Martha Olsdtr. var tvilling med Bergit pg døydde ong.
  6. Kirsti Olsdtr. f. 1746. Ho var tvilling med
  7. Karen Olsdtr. Begge er fødde på Tønholt og døydde små

    Kari og Nils Paulsen sine born var:

  8. Synnøve Nilsdtr. Huve f. 1751, d. 1783, g. 1773 m. Tord Kristiansen.
    Dei budde først på Tveitan men flytta seinare til ein plass under Siljan i Melum (truleg Siljandalen). Det var i ekteskapet 5 born: Mari f. 1774 d. same år - Kristen f. 1775, d. som lite - Anders f. 1777, d. 1778 - Anders f. 1776 - Kristen f. 1782.
  9. Gunvor Nilsdtr. Huve f. 1755. Ho var ug. i 1782 og har truleg reist ut i teneste.
  10. Ole Nilsen Huve f. 1762, d. 1811, g. 1779 i Holla m. Kjersti Alfsdtr. Kålstad, ei dotter av Alf Tollevsen og Anne Katarina Sørensdtr. austre Kålstad.
    Ole Nilsen fekk feste på plassen Veberg av Løvenskjold og held til her i mange år.
    Kjersti døydde i 1821, 62 år. Tidleg på våren dette året hadde Kjersti gjort avtale med ein Erik Åsoldsen om at denne skulle driva plassen og nytta plassens grøde, mot at ho årleg skulle få føderåd etter nermare spesifikasjon.

    Ved skifte sa Erik Åsoldsen at avtala var rett! og var viljug til innan hausten å levera det fastsette føderåd in natura saman med pengane. Slik det nå vart, fastsette skifte at Erik Åsoldsen skulle betala buet 15 spesidalar for føderådet og all budrotten av plassen, mot at han får grøda av plassen dette eåret. Eiga i buet var 52 spd. og utgiftene 18 spd.
    Det var 7 born som vaks opp, nemleg:

    1. Nils Olsen f. 1780 i Høgebru. Han budde seinare på garden Stubberød under Bjørntvet.
    2. Anders Olsen. Han budde på garden Bjørntvet.
    3. Alf Olsen f. 1781, g. 1817 m. Ingeborg Iversdtr. Bergan f. 1797, dtr. av Iver Larsen og Kari Bentsdotter Bergan.
      Dei budde på plassen Valstrand under Valen i Melum.
    4. Tollev Olsen f. 1788 på Marumplassen, g.m. Åse Karine Hansdtr. d. 1821. Dei hadde ei dotter, Anne Kirstine f. 1812.
      Deres bupæl var på jordstykke Stubberød under søre Bjørntvet. Det var skifte etter hans i året 1812 i Larvik døydde kona Åse Karine, i 1821. Buet var fallit, men dottera skulle av lausøyra hava 6 spd. 55 skj. elles vart buet overteke av enkem.
    5. Karen Olsdtr. seinare g.m. Halvor Pedersen i vestre Porsgrunn.
    6. Anne Olsdtr. Veberg f. 1796, seinare g. 1826 m. enkem. Nils Jensen Rugla under Ø. Klyve, f. i 1768.
      Det er funne to born, Nils Jakob f. 1826 og Andreas f. 1829.
    7. Ingeborg Kirstine Olsdtr. Veberg f. 1802. Ho var i teneste hos Isak Nenset i 1821.

Som ein vil sjå av dette er mor til Even Olsen Tveit og far til Ingeborg, i sin enke og enkemanns stann blitt gifte.

Even var i sine onge år ute i teneste på gardane, soleis var han ved konfirmasjon på Holtan i Helgja. Ingeborg har ogso vore ute i teneste, men det samlande midtpunkt i familien har vore Huve og soleis vakse opp i same miljø.

Kari Brynjulfsdtr. vart begr. frå Høgebru i 1781.
Nils Paulsen vart begr. som legdslem i 1790, 75 år. Kari og Nils flytta i 1767 frå Huve til Høgebru under vestre Tveitan. Dei hadde fått taka over denne plassen av Isak Pedersen Melum, men han døydde i mai 1768 før avtala var tinglest.

Enka etter Isak Melum, Kari Åsoldsdtr. (frå Rennesund) visste om dette og tok saka opp med sin verge lensm. Ole Hansen Ånerød og gav Nils Paulsen skøyta på plassen. Nils hadde tidlegare betalt 45 rdl. for rydningsrett!en og dei på plassen verande huser, mot ei årleg avgift på 3 rdl. til Tveitan gards eigar.

Utdrag (s. 208-211) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen