Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Olle Svendsen Rull | 2. ledd. | 3. ledd. Ole Svendsen Brenne | 4. ledd. Even Olsen Tveit

2. ledd

Svend Olsen Brenne

Som før nemnd fekk Svend austre Brenne ved delinga i 1716, og dei gamle husene fylgde med hans gardpart. Svend vart ingen gamal mann. Den 1. des. 1724 vart han gravlagd ved Helgen kyrkje, berre 52½ år .

Ved skifte syner det seg at han eigde ein gard, som innfria gots. Av husdyr var her 2 hestar, 4 kyr, 3 kviger, 1 kalv, 5 sauer, 3 lam og 3 gjeitar. Eiga var 198 rdl. og gjelda 115 rdl.
Anne og Svend sine born var:

  1. Børte Svendsdtr. Brenne f. 1709, g. 1731 m. Anders Andersen. Dei held til på Brenne og fekk son Sven Andersen f. hausten 1731. Børte døydde ei tid etter i 1732.
  2. Kirsti Svendsdtr. Brenne f. 1713, seinare gift med Ole Jensen.
  3. Ole Svendsen Brenne f. 1715, d. 1748 og begr. ved Helgja kyrkje, gift i 1737 med Kari Brynjulfsdtr. Jøntvet f. 1713, dtr. av Brynjulf Eriksen og Ingeborg Jøntvet.
    Sjå nærmare om denne familie under ledd 3
  4. Anne Svendsdtr. Brenne f. 1717.
  5. Halvor Svendsen Brennee f. 1720. Halvor tenestegjerand soldat. Han kom heim i 1748 og gifta seg då med Ingeborg Olsdtr. frå Sagbruket ved Ulefoss.
    Av deira born er kjent Kristen f. 1751 og Tollev f. 1757.
  6. Kari Svendsdtr. Brenne f. 1723. Ho døydde ong.

Anne Olsdtr. Brenne hadde vore enke i 1½ år då ho våren 1726 vart gift med Ole Larsen Valaøya.

Ole fekk soleis kone og gard på kjøpet, men han var ogso ein dugande bonde, med 2 hestar og 8 kyr på båsen. Anne døydde frå han i 1740 og vart 60 år.

Skifte vart halde på øvre Brenne pg i ekteskapet var det ein son, Lars Olsen.

Av Annes born med Svend Olsen var Ole Svendsen på Brenne og dreiv samana amed Ole Larsen. Ole Svendsen var ved skifte etter faren utlagt ein part av Brenne. Denne gards skyll var no mykje større, nemleg 2 tn. 9 settingar. Desse to bøndar hadde i 1739 lånt 250 rdl. av fogden Schweder og av Ole Åstesen i Sauherad 200 rdl. dertil kom renter på arvekrav som stod i garden, slik at gjelda i buet etter Anne var tilsaman 255 rdl. og den samla eiga 399 rdl., derav var den halve gard verdsatt til 275 rdl.

Ole Svendsen som vart myndig i månaden etter skifte slutta, skulle hava oppnemnd kurator etter skiftereglane, men retten fann at han var ein edruleg og arbeidsam kar, so dei fann det ikkje naudsynt å oppnemne nokon for han.

Enkemann Ole Larsen døydde so i 1745 og son Lars Olsen tok over etter faren. Lars fekk ogso taka over Ole Svendsens part i Brenne.

Utdrag (s. 206-207) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen