Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. | 2. ledd. Svend Olsen Brenne | 3. ledd. Ole Svendsen Brenne | 4. ledd. Even Olsen Tveit

1. ledd.

Olle Svendsen Rull

Om Ole Rull som brukar på Brenne er ikkje so mykje å finna. Han har halde sin sti rein og ikkje kome so mykje i konflikt med offentleg påbod. Eit oppgjer av si bondebok har han hatt med Seigneur Anders Madsen so det må vera sikkert at han har vore brukar av det jordegots Madsen hadde tilhandla seg.

Olle finnast ogso ein gong, blant fleire bøndar, stemna for heradstinget på Romnes, for skuld til dei offentlege.

Det var bryllaup hos Olle Rull på Brenne hausten 1688.

Det kunne gå lystlig for seg når gjestene hadde fått smaka å det sterke ølet. Etter bryllupet vart Bjørgulf Ringsevja stemna på tinget for å ha slege til Arve Johnsen Vale. Bjørgulf møtte og held fram at det var berre i lystigheit han slog til sin gode ven Arve. Det var ein slettdalat som var falle på golvet, som var årsak til at det vart noko snakk og uro, men ein av gjestene, Peder Jensen, fann dalaren på golvet. Arve var samd i at han og Bjørgulf var gode vener og saka vart då slutta i vennskap. Det vart soleis ikkje bøtar ttil kongen denne gongen.

Olle Rull var gift med Birthe Jakobsdtr. Ho døydde frå han i 1698 og her var 9 born.

Av skifte etter Birthe framgår at dei på garden hadde, 1 rau- og 1 musete hest, 10 kyr, 1 kvige, 2 veltringar, 17 sauer, 8 lam, 3 kalvar, 6 geitar og 4 kid.

Buets lausøyre var vedsatt til 136-3-15 skjelling, og den samla gjeld 65-3-16 skj. herav 37-1-16 skj. til oppgjer av bondebok med Anders Madsen i Skien. Nokre av borna hadde fått heimefylgje da dei gifta seg og det vart teke omsyn til for dei andre borna. På Leif Heibøs vegne vart levert inn ein obl. utgjeve av Olle Rull i 1689 på 30 rdl. Mot denne obligasjon protestera Olle og nemnde at han først hadde levert 9-1-3 skj. som Henrik Kaas på hans vegne hadde levert Leif Heibø, vidare send med svoger Hr. Jørgen Munch det som Leif Heibøs kvittering syner, sidan levert 7 rdl. gjenom Svend Rasmussens kvinne i Skien og som han har fått, deretter har han fått 2 fjerdings ankarar brendevinb for 2 rdl. som 1 kvt. tiendebygg betalt til Turmann for 2 ort, betalt full landskyll av 3 tn. gots i Brenne som kgl. forordning burde godtgjerast han, for odelskatt og kostteneste årleg i 7 år 9 riksort og beløp seg til 15 rdl. 3 ort, Kosttiende 2 rdl. 14 skj. og endeleg for 1695 betalt full landskyll 2 rdl. soleis er betalt 38-2-22 skj. - og når 3-årstagen 11-3-16 skj. godtgjerast veret han skulig 3 rdl. 18 skjelling.

Olle var no i høg alder og svak so av omsyn til dei umyndige born, ville arvingane at kornet ikkje skulle oppskrivast til inntekt.

Hans søner Sivert og Svend tok no over drifta av garden som truleg var halve Brennes skyll.

I 1716 kjøpte Sivert og Svend Olsen sin påbuande gard av skyll 1 tn. m.b.o. 2 tn. og 1 mæle, av Leif Olsen Heibø. Like etter delte dei garden mellom seg i 2 like delar, der Svend fekk den austre og Sivert den vestre gard.
Olle Rull og Birthe Jakobsdtr. sine born var:

  1. Halvor Olsen Brenne. Både han og hans kone var begge døydde før 1698 og etterlot seg borna, Hans og Kari.
  2. Jens Olsen Brenne, var ug. i 1698, men myndig.
  3. Sivert Olsen Brenne, d. 1756, 76 år, gift med Maren Olsdtr., d. 1753, 71 år.
    Sivert og hans bror Hans Svnd overtok styr og stell på Brenne etter faren som døydde kring 1704. Dei kjøpte eigedomen til Leif Heibø og delte garden i 1716, men skogen skulle vera sameige, Sivert overtok vestre Brenne og han var ein driftig bonde som arbeide seg fram til gode økonomiske vilkår.
    I 1735 kjøpte Sivert den part i Brenne som tilhøyrte Gjerpen kyrkje og i 1739 ogso den part som Gjerpen prestebolig disponerte, slik at hans gard vart munaleg større.
    Maren og Sivert hadde desse born:
    1. Ole Sivertsen Brenne g.m. Åste Torgrimsdtr. Lunde.
    2. Jakob Sivertsen Brenne g. 1748 m. Kirsti Paulsdtr.
    3. Sivert (Søren) Sivertsen Brenne g. 1750 m. Gunhild Olsdtr. Dei busette seg på Fen.
    4. Peder Sivertsen Brenne g. 1751 m. Marthe Olsdtr.
    5. Ingeborg Sivertsdtr. Brenne g. 1768 m. Ole Helgesen
    6. Anne Sivertsdtr. Brenne g.m. Gullik Torgrimsen Søgård-Lunde.
  4. Svend Olsen Brenne g. omlag 1709 m. Anne Olsdtr..
    Desse ektefolk går vidare i denne slekt. Sjå ledd 2.
  5. Anne Olsdtr. Brenne g.m. sokneprest Jørgen Munch i Heddal. Jørgen Sivertsen Munch var f. 1643, d. 1719, son av Sigvard Engelbrethsen, sokneprest til Lesja i 1636-94 og Anna Jørgensdtr. Marstrand. Sigvard var bondeson frå Fåberg og hans mor var i sonedotter av Henning Larsen Munch der levde i Vågå kring 1550.

    Jørgen Munch var sokneprest i Heddal i 1685 etter at han frå 1669 hadde vore personal kapellan hos Daniel Kristensen.
    I 1675 skriv Munch i høve av skattebetalinga, at han sjølv 3dje er so fattig og kaldet so ringt at han må drikka vatn, so han lite eller ikkje har å leva av og soknepresten vil ikkje betala han noko, for han har lite sjølv.

    I kyrkjeboka for 1687 har Munch innført: Den 2/5 vart Berthe Olufsdtr. av Hallingdal "rettet" ved Saulands grense og 12/4-1689 innførte Mogens Jensen avrettet i Sauland og hans hoved satt på stake.

    Munchs økonomi var til å byrgja med svert dårleg. Av amtmann fekk han taka tømmer or Vatnarskogen til å bygge badstove på prestegarden, utbedra stoplebua med nye sviller og leggja ny spon på bryggerhustaket.
    Han bygde ogso ny kyrkjeport som kosta han 6 rdl.
    Kapelan, Hans Post fekk 16 rdl. i løn for å vera lærar for borna.

    Munch var prest i Heddal i over 50 år. Han døydde i 1719. I si ministerialbok for det året, den 24/3 skriv han: "Her ifrå har eg i min svakhet intet kunna skrive."

    Munch var git 2 gonger. Med første kone var der 9 born, nemleg Daniel, Anne Lisberth, Margrete, Knut, Berthe, Sigvard, Karen som vart ligge ihjel av ammen og Kristense.
    Hans andre ekteskap var med Anne Olsdtr. Brenne, døyd i Heddal i 1726, 64 år. Deres born var: Ingeborg f. 1690 - Maren f. 1692, d. 1693 - Daniel f. 1695 - Ole f. 1697, d. 1698 - Ole f. 1700, d. 1738 og var då kaptein i armeen og budde på Ryen gard frå 1722.

    Før eg sluttar omtala av Munch, kan det og hava si interesse å syna at heller ikkje ein prest kunne gå klar av påtale i si teneste, i den eldre tid. Den 25. juli 1718 stemna konsumsjonsforvalteren Jens Gregersen, prestane Kristen Cortmun og Jørgen Munch for at dei mot forordninga hadde vigd dei omtvista personar, Mathias Rock og Ambra Larsdtr. (ei dtr. av presten Lars Lind i Hjartdal), men begge vart frikjende.

  6. Gjertrud Olsdtr. Brenne gift med Lensmann Gunnar Tolvsen Romnes.
    I 1715 kjøpte Gunnar austre Romnes av skyld 3 laup smør eller 6 tn. m.b.o. 1 mæle meire, for 500 riksdalar av Hercules Weyer.
    Gunnar var lensmann i mange år. Han døydde i 1738 og son Jakob tok over embete etter han.
  7. Agetha Olsdtr. Brenne, seinare gift med Ledvor Gunnarsen Lunde i Valerbø.
  8. Inge Olsdtr. Brenne. Ho var ug. i 1698.
  9. Lisbeth Olsdtr. Brenne, var ogso ug. i 1698.
Utdrag (s. 202-206) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen