Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd. Olle Svendsen Rull | 2. ledd. Svend Olsen Brenne | 3. ledd. Ole Svendsen Brenne | 4. ledd. Even Olsen Tveit
1. ledd. Ole Hansen Jordbakke | 2. ledd. Even Olsen Jordbakke | 3. ledd. Ole Evensen Jordbakke

Jordbakke-slekta

2 avdelingar

Me denne slekt har eg kome fram til Olle Svendsen Rull, som var brukar på garden Brenne i Holla.

Opplysningar om hans foreldre eller kor Olle Rull er komen frå har det ikkje vore mogeleg å finna. Eg har vore av den meining at han var innflytta frå Heddal og eg har funnen ein Olle Svendsen som var lagrettemann der kring 1680, men det er for lettvint å seia at der er mann eg leitar etter. Noko som stør denne tanke utanom det samband han har hatt med folk i Heddal, er ikkje funne.

Olle Bull var brukar på garden Brenne i Valebø i 1685. Han var det året stemna for retten på lensmannsgarden Romnes for at han ikkje hadde møtt til skysfart av Amtmann, etter skysrekvisisjon av lensmann, og vart ilagt 2 ort sylv i bot.

Eigar av Brenne var, Gjerpen Kyrkje 1 hud, Gjerpen provsti 1½ hud, Holla prestebolig 1 hud og 3 tn. var proprietærgots.

Som ei innleiding til aigarskifte på Brenne, vert her teke med noko av skifte etter Halvor Østensen Sæter i Heddal, som er halde i 1668 og hans kone Kirsti Johannesdtr. skifte i 1695. Kirsti vart etter Halvors døyd gift med lensmann Leif Olsen Heibø i Heddal.

Halvor Østensen var for si tid ein svært mektig bonde med mykje eigedom. Han hadde ogso interesser i Holla. I 1658 makeskiftet han til seg søre Vipeto i Holla.

På Sætre hadde han av husdyr, 2 hester, 4 kyr, 4 veltringar, 8 sauer, 4 geitar og gris. Av eigedomar: Sætre gard 3 tn. - Langerud i Heddal 4 mæler - Prestehold i Heddal 4 mæler - Vipeto 3 tn. og 2 settinger i Tveit.

Enka, Kirsti Johannesdtr. tok Sætre og Prestholt på sitt halve bu og dei andre eigedomane vart utlagt på borna.

Under Kirsti Johannesdtr.s ekteskap med lensmann Leif Olsen Heibø vart dei eigar av 3 tn. skyld i Brenne i Holla. Gardens heile skyld var 6½ tn. so det er truleg at den øvrige skyld er det ovanfor nemnde proprietærgots i Brenne. Kirsti hadde 9 born med sin første mann og inga i andre ekteskapet.

Det var eit stort skifte etter Kirsti på Sætre i 1695. Her var det sylv for 44½ rdl. - messing for 6-13-24 skjelling - koppar for 27-13-8 skj. Av husdyr var det, 2 svarte hestar - 1 rau hest - 15 kyr - 2 oksar - 2 kviger - 2 kalvar - 10 sauer - 7 værer - 10 mjølkegeitar - 5 lam - 5 bukkar og 5 kid. Buets tilhøyrande eigedomar var:

1 Sætre gard i Heddal 3 tn. m.b.o. 4 tn. verd600 rdl.
2. Brenne gard i Holla 3 tn. m.b.o. 6½ tn. verd300 rdl.
3. Ulleberg i Sauherad 3 tn. 5 mæler verd100 rdl.
4. Rye i Heddal 3 tn. m.b.o. 4 tn. ring gard, verd100 rdl.
5. Hustveit i Heddal 2 tn. verd150 rdl.
6. Langerud i Heddal 4 mæler verd34 rdl.
7. Gjestrud i Heddal 5 mæler, m.b.o. 4 tn 5 mæler, verd70 rdl.
8. Heibø i Heddal, laus landskyld, 1½ hud u. byksel30 rdl.
9. Brendsrud, 1½ tn. ikkje teke med då proses om garden var under handsaming

Den samla takst for jordgodset var 1412 riksdalar. Buets samla midlar var 2039 rdl. og gjelda 124 rdl. 3 ort 10 skjelling.

Det jordegots som serleg har interesse her er garden Brenne. Enkemann Leif Heibø vart utlagt 1½ tn. av denne gards skyll. Vidare fekk sønene av første ekteskap, Tore Halvorsen utlagt 1 kvt.m.b.o. 2 kvt. - Østen Halvorsen 1 tn. m.b.o. 2 tn og Olle Halvorsen 2 kvt. 2 settingar m.b.o. 1 tn. 4 sett. Tore og Olle Halvorsen makeskifta sine partar i 1697, Seinare same år selde dei begge sine partar til Seigneur Anders Madsen i Skien, og i 1703 selde ogso Østen Halvorsen sin part til Jørgen Holst i Skien.

I 1707 vart so Anders Madsens eigedomar selde ved auksjon (gjekk konkurs) og Brenne vart då seld til Kanseliråd Joachim Borse. Same år gjekk ogso Jørgen Holsts eigedom i Brenne over til Borse. Det var soleis nå to eigarar av dei 3 tn. jordegots som vart skifta i Brenne gard, nemleg Borse og Leif Heibø. Dt øvrige jordegots i Brenne var bruka av Peder Kristensen og gjekk ved hans døyd over til son Ole Pedersen.

Utdrag (s. 200-202) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen