Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

5. ledd

Ole Stensen Håtvet

Ole Stensen kjøpte i 1754 gården Melteig. Han var flytta til denne garden då han gifta seg, men dreiv ogso Store-Håtveit saman med faren. Då faren døydde i 1755 overtok han ogso Håtvet og flytta til denne gard, men dreiv framleis begge eigedomar fleire år. Hans bror Anders Stensen held til på Melteig og han kjøpte eigedomen i 1768, men då Anders fekk overtaka si kones eigedom i Vipeto, lot Anders eigedomen Melteig gå tilbake til Ole Stensen.

Ole Stensen vart ein velståande mann. Han kjøpte seg mange gardar i Holla i åra framover. Elles syntes det som at han har vore ein hjelpsam mann for sine sambygdingar.

Ole interesserte seg mykje for lekjar-råd og mange var dei som bad Ole om råd, anten dei var til folk eller husdyra som var sjuke. Han samla sine oppskrifter i ei bok, og her var det råd ogso or folk som var påført sjukdom av hekser. Det seiast at denne boka skal vera hos ein i slekta. (Sidan dette er skrive har Halvor Dahl og Einar Østvedt funne fram til den som no har boka, og er omtala i Østvedts bok om «slekten Dahl gjenneom 150 år».)

Margrete og Ole Håtvets born er:

  1. Kjersti Olsdtr. Håtvet f. 1754, d. 1793, 1. g. g. 1771 m. enkem. Anders Nilsen Namlaus, d. 1774, 65 år. (Anders Nilsen var første gong gift med Gunhild, dtr. av Kristen Sørensen Hanes og Kirsti Torbjørnsdtr. Bergan i Melum. Gunhild var då enke etter Kjøstol Tronsen Lille-Håtvet, som ho var g.m. i 1728, men han døydde i 1738. Gunhild døyd i 1768.)
    2) g. 1774 m. Thomas Nilsen Hvala i Helgja f. 1749, d. 1820, son av Nils Olsen Søve og Anne Thomasdtr. Gunnerud.
    Kjersti og Thomas var dei første åra på Melteig som Thomas kjøpte av Ole Stensen. Det var ikkje lenge dei kom til å bu her. Faren til Thomas, Nils Olsenpå Hvala gjekk det ikkje so bra for og det vart slik at Thomas overtok feste på halve Hvala og selde Melteig til svoger Sten Olsen.
    Kjersti og Thomas fekk mange born:
    1. Ingeborg Thomasdtr. f. 1775 på Melteig, d. same år.
    2. Anders Thomassen f. 1776 på Melteig.
    3. Nils Thomassen f. 1779 på Hvala, d. 1843 på Vikle i Melum, 1) g. 1817 m. Kirsti Fredriksdtr. Nes i Melum, f. 1788, d. 1828, dtr. av Fredrik Gundersen Nes og Åse Larsdtr. Naas i Drangedal. 2) g. 1829 m. Maria Pedersdtr. Øya f. 1784, d. 1866, dtr. av Peder Jonsen og Johanne Larsdtr. Øya i Melum.
      Far til Kirsti hadde mykje eigedom og budde på søre Nes. Fredrik Gundersen døydde i 1802 og kona sat i uskifta bu til 1815. Son Lars Fredriksen tok då over eigedomane. Kirsti sin arv i buet var 900 spesiedalar som stod i garden.
      I 1817 seljer so Lars Fredriksen, plassen Vikle, eit mål jord av Kleivkåsa og halve skogen der for 337 spd. til Nils Thomassen Hvala. Seinare kjøpte Nils ogso Viklemyra av Jon Jørgensen Nes.
      Kirsti og Nils hadde desse born:
      1. Åse Kirstine Nilsdtr. Vikle f. 1819, d. 1901, g. 1840 n. Jon Jørgensen Nes f. 1815, d. 1902 i SKien, son av Jørgen Jonsen Nes og Karen Kirstine Pedersdtr. Meltvet.
        Jon Jørgensen var bonde på nordre Nes.
        Deres born er: Karen Kirstine f. 1842, g. 1869 m. enkem. Hans Larsen Stavdal f. 1818, son av Lars Hansen Rogstad og Ingeborg Jonsdtr. Stavdal - Gunnar f. 1843 - Nils Jørgen f. 1845, d. same år - Nils f. 1846, han vart sjømann - Jørgen f. 1850, g. 1883 m. Karen Berthea Sørensdtr. f. 1860, dtr. av Søren Tolvsen Hyllemyr, seinare Siljanhagen og Birthe Gurine Jensdtr. Gjærum - Jonas f. 1853 - Andreas Martinius f. 1856, d. 1864 - Kirsten Karoline f. 1859 - Nella Marie f. 1862, g. 1884 m. Gbr. Anders Hansen Grønstein f. 1862 i Holla.
      2. Karen Marie Nilsdtr. Vikle f. 1821, d. 1861, g. 1846 m. Lars Jonsen Sønstvet f. 1800, d. 1883, son av Jon Gundersen og Kirsti Jonsdtr. Sønstvet.
        Lars Jonsen etterfylgde sin far som eigar av Sønstvet.
        Det er funne 5 born etter dei, nemleg: Jonas f. 1847, d. same år - Jonas f. 1849, g. 1869 m. Ingeborg Olea Haraldsdtr. vestre Gisholt, f. 1850, dtr. av Harald Knudsen Gisholt og Karen Kirstine Olsdtr. som var dtr. av Ole Haraldsen V. Gisholt og Ingeborg Henriksdtr. Gjærum -Karen Kirstine f. 1853 - Maren Andrea f. 1856 - Nella Marie f. 1860, g.m. Ole Knudsen Eiklund
      3. Thomas Nilsen Nilsen Vikle, seinare Nes f. 1823, d. 1894, 1) g. 1849 m. Maren Kirstine Abrahamsdtr. Erikstad f. 1827 på Stavdal, d. 1861, dtr. av Abraham Abrahamsen Erikstad og Birthe Andersdtr. Stavdal. 2) g. 1867 m. Anne Kirstine Olsdtr. Aspheim f. 1842, d. 1905, dtr. av Ole Pedersen Aspheim og Ingeborg Jakobsdtr. Eiklund.
        Thomas Nilsen var ein dyktig bonde og hadde stor økonomisk framgang. Ved sin døyd i 1894 eigde han bnr. 1 Nes med Vikle - bnr. 1 Marum og bnr. 4 Aspheim, til ein samla verdi av kr. 36164.
        I sine to ekteskapar hadde Thomas 15 born:
        1. Berthe Kirstine Thomasdtr. Nes f. 1850, d. 1852.
        2. Berthe Kirstine Thomasdtr. Nes f. 1851, d. 1852.
        3. Nils Thomassen Nes f. 1853, g. 1878 m. Anne Martine Torstensdtr. Aspheim f. 1855, d. nyårskvelden 1885, dtr. av Torsten Hansen Aspheim og Marthe Marie Isaksdtr. Sti.
          Nils Thomassen hadde farens eigedom Marum og dei fekk tre born som alle er fødde her, nemleg: Toresius f. 1878 - Torsten Martinius f. 1879 - Isak Karenius f. 1844. Ei tid etter Martine døydde, reiste Nils Thomassen til Amerika. Hans son Torsten Martinius var igjen her hos sine slektningar på Aspheim.
        4. Kirsten Andrea Thomasdtr. Nes f. 1856, g. 1879 m. Tømmermann Halvor Evensen Ytterbø f. 1846 i Lunde, d. 1913 på Nes.
        5. Abraham Thomasen Nes f. 1859, d. 1862.
        6. Ingeborg Kirstine Thomasdtr. Nes f. 1868.
        7. Ole Andreas Thomasen Nes f. 1869, d. 1916, g. 1907 m. Anette Marie Halvorsdtr. f. 1884 på Kalstad, ei dtr. av Skom. Halvor Jonsen Fjeld.
          Anette Marie vart 2) g.m. Olav Kåsa f. 1885, d. 1964.
        8. Jakob Thomasen Nes f. 1870, d. 1912 på Aspheim, g. 1899 m. Karoline Nilsdtr. Bruseth f. 1874, d. 1960, dtr. av Nils Andersen Bruseth og Karen Nilsdtr. nordre Jøntvet.
        9. Karl Thomasen Nes f. 1873, d. same år.
        10. Karl Martinius Thomasen Nes, seinare Marum, f. 1874, g. 1901 m. Anna Kirstine Isaksdtr. Dolva f. 1878, d. 1960, dtr. av Isak Abrahamsen Dolva og Ingeborg Karoline Kristensdtr. Åbjørnsrød.
        11. Karen Marie Thomasdtr. Nes f. 1876. Reiste seinare saman med sin bror Karenius til Amerika.
        12. Tomine Petrea Thomasdtr. Nes f. 1878, d. 1910, g. 1904 m. Halvor Martiniussen Fjeld f. 1882, son av Martinius Halvorsen Fjeld og Marie Tollevsdtr. Veholt.
        13. Karenius Thomasen Nes f. 1883. Reiste seinare til Amerika.
        14. Anne Karoline Thomasdtr. Nes f. 1881, d. 1883.
        15. Karoline Marie Thomasdtr. Nes f. 1885.
      4. Maren Andrea Nilsdtr. Vikle f. 1826, d. 1908, g. 1849 m. Jon Jonsen Stavdal f. 1821, d. 1899, son av Jon Olsen Stavdal og Birthe Andersdtr. Nes.
        Jon Jonsen var bonde på Stavdal all si tid.
        Maren Anne og Jon hadde desse born:
        1. Jonas Jonsen Gjærum f. 1850, d. 1928 på Notodden, begr. i Hjartdal, g. 1878 m. Marthe Andrea Larsdtr. Gjærum f. 1853, d. 1915, dtr. av Lars Isaksen Sti og Marthe Kirstine Paulsdotter Gjærum. Sjå vidare s. 70.
        2. Nils Andreas Jonsen Erikstad f. 1852, d. 1933. Nils var ugift og dreiv vestre Erikstad i mange år.
        3. Birthe Andrea Jonsdtr. Stavdal f. 1854, d. 1893 ?? og var ugift.
        4. Kirsten Mathea Jonsdtr. Stavdal f. 1857, d. 1930 ugift.
        5. Ole Andreas Jonsen Stavdal f. 1859, d. 1031, g.m. Anne Karoline Jonsdtr. Stavdal f. 1860, d. 1929, dtr. av Jon Petter Jonsen Stavdal og Karen Marie Jørgensdtr. Bruseth.
        6. Karen Marie Jonsdtr. Stavdal f. 1863, g. 1889 m. Landhandlar i Heddal, Ole Kristen Olsen Barikmo, f. 1857 i Heddal.
        7. Karl Martinius Jonsen Stavdal f. 1862, d. 1863.
        8. Karoline Marie Jonsdtr. Stavdal f. 1867.
        9. Ingeborg Amalie Jonsdtr. Stavdal f. 1870, g.m. Martinius Solheim, Grøtvik.
    4. Anne Margrete Thomasdtr. Hvala f. 1781, g. 1802 m. Ole Larsen Kålstad i Holla f. 1777, son av Lars Eriksen og Anne Halvorsdtr. Kålstad.
      Dei kjøpte Haugane under Kolle og busette seg her.
    5. Ole Tomassen Hvala f. 1784. Han utvandra til Danmark og var busett der ved farens døyd i 1820.
    6. Arve Tomassen Hvala f. 1786, d. 1855 under Kålstad, g. 1826 m. enke Marthe Pedersdtr. Feb f. 1788, dtr. av Peder Gunnarsen Romnes og Aslaug Knutsdtr. Fineid i Drangedal.
      Arve vart eigr av Hvalamoen i 1826, men selde denne i 1836 og kjøpte Flatgrav, som ogso er utgått frå Hvala, av sin bror Hans Thomassen.
    7. Margrete Thomasdtr. Hvala f. 1790, d. 1842 på Kålstad, g. 1820 m. Jens Kristiansen Kålstad f. 1801, d. 1864 i Oslo, son av Kristen Jensen Kålstad og Børthe Pedersdtr. Tvara.
      Ved farens døyd overtok Jens i 1817 Kålstad og dreiv denne gard til 1844 då han selde og flytta til Kristiania. Han døydde her i Kolstadgata på Grünerløkka.
    8. Hans Tomassen Hvala f. 1794, d. same år.
    9. Kirsten Thomasdtr. Hvala f. 1895.
    10. Hans Tomassen Hvala f. 1798, g. 1824 m. Maria Jonsdtr. Kålstad f. 1800, dtr. av Jon Jørgensen Ytterbø og Karen Arvesdtr. Vale.
      Hans overtok Hvala etter si mor i 1826.
      I 1844 reiste Hans med familien sin til Amerika. Av borna var Karen Kirstine f. 1825, d. 1827, men Thomas f. 1828, Karen Kirstine f. 1832 og Anne f. 1836 vart med dei til det nye landet.
    11. Ingeborg Thomasdtr. Hvala f. 1801, d. 1837, g. 1825 m. Verksarbeidar Ole Såmundsen f. 1800.
      Ole Såmundsen 2) g. 1838 m. Ingeborg Bentsdtr. Verket.
      I 1843 utflytta dei til Larvik med borna, Såmund f. 1826 og Marthe f. 1829.
    12. Kirsti Thomasdtr. Hvala. Ho vart gift i 1814 med Anders Olsen Marum f. 1784, son av Ole Andersen Ståkkan og Anne Halvorsdr. Melfald.
      Anders Olsen eigde ein part av Marum og kjøpte i 1828 av sin bror Halvor Olsen 4-¾ skd. til i denne gard som var Marumplassen. I 1828 selde Harald Pedersen Aspheim to jordlottar av sin gard. Den eine var Kittilsrød (Heia) til Gunder Anundsen, den andre var Gjærumdalen til Anders Olsen Marum. Anders eigde husene i Heia.
      Gjærumdalen bortfesta Anders i 1829 til Lars Rasmussen. Det måtte ha gått dårleg med Anders sin økonomi for i 1840 vart auksjon over gardane og Marum vart seld til Ole Olsen Tønholtstulen
      Av deira born er funne:
      1. Ole Andersen f. 1816, d. 1817
      2. Thomas Andersen Marum f. 1820.
      3. Ole Andersen Marum f. 1824.
      4. Hans Andreas Andersen Marum f. 1830.
      5. Karen Andrea Andersdtr. Marum f. 1834, g. 1858 m. Thomas Eriksen Veberg f. 1831 i Gråten, son av Erik Åsoldsen og Anne Thomasdtr. Veberg.
  2. Sten Olsen Store-Håtvet f. 1755 på Melteig, d. 1826, g. 1780 m. Anne Pedersdtr. Åmtvet f. 1758, d. 1831, dtr. av Peder Jensen Graver, seinare Åmtvet og Karen Pedersdtr. Naas i Drangedal.
    Sten Olsen var dei første åra av sitt ekteskap på Melteig, men då foreldra gav opp sutt bu i 1796 overtok han farsgarden Store-Håtvet og selde Melteig til sin bror Anders.
    Av Anne og Sten sine born er funne:
    1. Ole Stensen Melteig f. 1782, d. ung.
    2. Kari Stensdtr. Melteig f. 1783, d. 1813, g. 1807 m. JOhannes Nilsen Namlaus f. 1788, son av Nils Olsen Namlaus og Ingeborg Arvesdtr. Holla. Johannes Nilsen 2) g. 1815 m. Marthe Olsdtr. Tveit i Holla f. 1792, dtr. av Ole Andersen Borgen og Mari Olsdtr. Tveit.
      Johannes held i sitt første ekteskap til på Namlaus og i stitt andre ekteskap på Einarhaugen som han fekk overtaka av faren.
      I sine to ekteskapar hadde Johannes desse born: Ingeborg f. 1808 - Sten f. 1809 - Anne f. 1812 g.m. Nils Olsen Namlaus - Karen f. 1817 - Maren f. 1821 - Nils f. 1824 - Maren f. 1829 - Ingeborg f. 1833, d. 1834.
    3. Margrete Stensdtr. Melteig f. 1786, d. 1787.
    4. Margrete Stensdtr. Melteig f. 1788, g. 1807 m. Knut Nilsen Sætre (Heddal) f. 1782, d. 1838.
      Etter svigerfarens døyd vart Håtvet delt og Knut Sætre løyste ut den nordre part.
      Av Margrete og Knut sine born er funne:
      1. Taran Knutsdtr. f. 1808 på Sætre, g. 1837 m. Peder Gunnarsen Fen f. 1812, son av Gunnar Pedersen Fen og Marie Pedersdtr. Romnes.
        Peder vart bonde på Fen etter faren, men selde etter nokre år og tok utflytting til Amerika i 1852 med familien. Borna som dei hadde med seg var: Mari f. 1840 - Margrete f. 1842 - Aslaug Marie f. 1845 - Gunnar f. 1847 og Anne f. 1850.
      2. Anne Knutsdtr. Håtvet f. 1811, g. 1829 m. Ole Kristoffer Stensen Tufte, seinare Bjerva og Håtvet, f. 1807, son av Sten Andersen Vipeto, seinare Tufte og Kirsti Kristoffersdtr. Tufte.
        Svigerfaren til Kristoffer hadde fleire gardar og var ein dugande bonde. Både han og kona var svert religiøst interesserte og tok imot Hans Nilsen Hauge i sin heim. Han vart gripen i å ha late Hauge tala der og fekk 15 rdl. i bot til Holla fatigkasse.
        Kristoffer fekk overtaka svigerfarens gard Bjerva i Helgja og her var dei nokre år. Kom so til Håtvet etter Knut Sætre. Opphaldet på Håtvet vart heller ikkje langvarig. I 185 tok han familien utflytting til Amerika.
        Det var eit stort fylgje som reiste over den gongen, nemleg: Hans kone, Borne: Sten Andreas f. 1831 - Kirsti f. 1834 - Knut f. 1836 - Margrete f. 1839 - Jens f. 1843 - Anne Marthea f. 1846 - Nils f. 1848 Andreas f. 1851 var 3 månader gamal.
      3. Marie Knutsdtr. Håtvet f. 1813, g. 1832 m. Ole Olsen Nyhus, seinare f. 1808 på Nyhus, ein son av Ole Johannesen Nyhyus.
        Ole Olsen ko, seinare til Heisholt, men vart so eigar av Vipeto. Han slde og flytta i 1838 til Drangedal med kona og dottera, Karen Marie f. 1835.
      4. Nils Knutsen Håtvet f. 1822. Nils utflytta våren 1843 til Kragerø.
      5. Sten Knutsen Håtvet f. 1825. Sten utflytta saman med broren i 1843 til Kragerø.
      6. Ole Knutsen Håtvet f. 1827. Utflytta i mai 1846 til Amerika.
      7. Kari Knutsdtr. Håtvet f. 1830. Kari reiste til Amerika saman med broren.
      8. MargreteNils Knutsdtr. Håtvet f. 1836, d. 1837.
    5. Anne Stensdtr. Melteig f. 1790, g. 1812 m. Johannes Rasmussen Heisholt f. 1755, d. 1844, son av Rasmus Johannesen Heisholt og Sofie Kristoffersdtr. Tufte.
      Johannes vart bonde på Heisholt etter faren.
    6. Kirsti Stensdtr. Melteig f. 1793, d. 1846, g. 1816 m. Anders Thomassen Vipeto f. 1795, son av Thomas Andersen Vipeto d. 1838, 76 år, og Anne Sveinungsdotter Tufte.
      Anders og Kirsti vart sjølveigande bondefolk på Vipeto etter faren. Dei hadde 7 born, nemleg: Anne f. 1817, d. same år - Thomas f. 1820 - Anders f. 1825 - Anne f. 1827 - Sten f. 1829 - Anders f. 1831 - Ole f. 1833.
    7. Peder Stensen Melteig f. 1796, d. same år.
    8. Ole Stensen Melteig f. 1797, d. 1798.
    9. Maria Stensdtr. Melteig f. 1799, g. 1819 m. Hans Stensen Tufte f. 1798, d. 1844 då han på heimveg frå skogen vart drepen av eit vedlass som velta over han, son av Sten Andersen Vipeto ell. Tufte og Kirsti Kristoffersdtr. Tufte.
      Maria Stensdtr. vart gift andre gong den 9. okt. 1846 m. enkem. Hans Bentsen Sagbruket ved Ulefoss.
  3. Halvor Olsen Håtvet f. 1757, d. 1765.
  4. Anders Olsen Håtvet f. 1760, d. 1761.
  5. Anders Olsen Håtvet f. 1763, d. 1824, g. 1783 m. Anne Tronsdtr. Ulefossverket f. 1766, d. 1806.
    Anders 2) g. 1809 m. Marthe Pedersdtr. Fen f. 1755, d. 1838 på Håtvet, dtr. av Peder Gunnarsen Romnes og Aslauf Knutsdtr. Fineid i Drangedal.
    Anders oppheld seg i dei første åra av ekteskapet på Håtvet. I 1796 kjøpte han so Melteig av sin bror Sten då denne ved sine foreldres oppgjevingskifte overtok Store-Håtvet.
    I sine to ekteskapar hadde Anders desse born:
    1. Anna Andersdtr. Håtvet f. 1784, d. 1859, 1) g. 1806 m. Anders Olsen Tveit, seinare Tufte f, 1721, d. 1836, son av Ole Andersen Borgen og Mari Olsdtr. Tveit. 2) g. 1840 m. Gunnar Gunnarsen Tveit, seinare Heisholt, f. 1806, son av Gunnar Johannesen og Lensm.sdtr. Anne Johannesdtr. Heisholt.
    2. Margrete Andersdtr. Håtvet f. 1786, d. 1857 Ringsevja, etter ein betendelse i handa med påfylgjande langvarig sjukdom, g. 1822 m. Jon Olsen Søve f. 1796.
    3. Maren Andersdtr. Håtvet f. 1788, d. 1841, g. 1814 m. Gunnar Olsen Tveit, son av Ole Andersen Borgen og Mari Olsdtr. Tveit.
      Garden Tveit var delt og Gunnar kom seinare til å overtaka det eine bruket og dreiv dette so lenge dei levde.
    4. Kirsti Andersdtr. f. 1794 på Huve, d. 1833, g. 1816 m. Husm. Anders Andersen Torsnes f. 1793, son av Anders Andersen Torsnes og Liv Augensdtr. Søve.
    5. Kari Andersdtr. Melteig f. 1798, g. 1820 m. Peder Halvorsen Hegland eller Hollasæter f. 1799.
    6. Maria Andersdtr. Melteig f. 1800, g. 1820 m. enkem. Gunnar Pedersen Fen f. 1778, d. 1823, son av Peder Gunnarsen Romnes og Aslaug Knutsdtr. Fineid i Drangedal.
    7. Ole Andersen Melteig f. 1803, d. 1852 på Melteig, berre 49 år, g. 1826 m. Ingeborg Hansdtr. Sanna f. 1804.
      Ole Andersen kjøte Melteig på auksjon i 1834.
      Han var ogso seinare med på kjøp av andre gardar og synest å ha havt stor framgang. I 1843 kjøpte han ogso Grøtvik i Solum og for denne eigedom vart det i 1845 delegang med hans naboer, Ole Andersen Herøya og Hans Hansen Karsrød. Grøtvik vart seinare overteke av Oles son Halvor. Ole Andersen budde ikkje sjølv på Grøtvik.
      Av Ingeborg og Ole Melteigs born er funne: Anders - Hans f. 1830, d. 1831 - Hans f. 1832, d. 1834 - Halvor f. 1835, g.m. Berthe Marie Thorsdtr. - Ole f. 1838, d. 1868. Han drukna, oppheld seg då på Grøtvik - Hans f. 1842 - Anne Marie f. 1847.
    8. Anne Andersdtr. Melteig f. 1811, g. 1832 m. Hans Andersen Vipeto f. 1809 (hanoppheld seg på Øen), son av Anders Brynildsen Vipeto.
    9. Peder Andersen Melteig f. 1813, g. 1837 m. Mari Nilsdtr. tveit, dtr. av Nils Olsen og Gunhild Johannesdtr. Søve.
    10. Knut Andersen Melteig f. 1816, d. same år.
    11. Knut Andersen Melteig f. 1817, g.m. enke Anne Andersdtr. Febakke f. 1798, dtr. av Anders Kittilsen Fen og Kirsti Tronsdtr. Namlaus.
    12. Aslaug Maria Andersdtr. Melteig f. 1820, g. 1840 m. Verksarbeidar Hans Gjertsen f. 1816, son av Gjert Hansen og Ragnhild Nilsdtr. Verket.
    13. Mari Andersdtr. Melteig f. 1823.
  6. Karen Olsdtr. Håtvet f. 1765, d. 1782.
  7. Anna Olsdtr. Håtvet f. 168.
  8. Halvor Olsen Håtvet f. 1772, d. 1839, begr. ved Mælum Kyrkje, g. 1794 m. Ingeborg Jakobsdtr. Siljan i Melum, vigde i Holla kyrkje.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 6.
Utdrag (s. 297-308) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen