Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

4. ledd

Sten Andersen Håtvet

Sten Andersen fekk ved skrifte etter faren taka over Håtvet. Ein del av eigedomen var tilskøyta broren Gunnar, men ved skøyte av 1747 og 1748 vart Sten eigar av 6 tn. i Håtvet. Hans mor Marthe var hos han på Håtvet. Ved skifte etter Sten som var haldei Juni 1755, syner at han av husdyr hadde 7 kyr, derav 1 kyr som tilhøyrte kyrkja, 2 kyr var gjevne til Marthe og borna, 1 okse, 2 veltringar, 2 kalvar, 10 sauer og to hestar som kvar var verd 10 rdl. Ellev Olsen Hustveit hadde framleis pant i eigedomen for 400 rdl. og Ole Vrålsen 12 rdl. i tenarløn. Eiga var 498 rdl. og gjelda 436 rdl.

Anne og Sten sine born er:

  1. Ole Stensen Håtvet f. 1731, d. 1807, g. 6/2-1753 m. Margrete Halvorsdtr. Lille-Hvala i Valebø, f. 1735, d. 1806, dtr. av Halvor Olsen og Karen Gundersdtr. Hvala.
    Sjå nermare om familien under ledd 5.
  2. Nils Stensen Håtvet f. 1734, d. 1741
  3. Martha Stensdtr. Håtvet f. 1737, d. 1775, 1) g. 1762 m. Ole Halvorsen Tveit, d. 1789. Han vart 2) g. 1776 m. Maren Ouensdtr. Huve.
    Ved skøyte i 1772 hadde Ole Halvorsen ved arv og innløysing etter sine foreldre Halvor Olsen Tveit og Magrete Nilsdtr. Sannes overteke garden Tveit 3½ kvt. og som ved Marthas døyd var verdsatt til 300 rdl.
    1. Halvor Olsen Tveit f. 1765, g. 1789 m. Ingeborg Thorsdtr. Huve f. 1767, d. 1821. 2) g. 1821 m. Tone Halvorsdtr. som då var på Tveit.
      Dei hadde borna: Sten f. 1791 - Ole f. 1797 - Marthe f. 1795, d. 1812 - Tord f. 1803 - Anders f. 1807.
    2. Sten Olsen Tveit f. 1767.
    3. Ledvor Olsen Tveit f. 1772.
    4. Anders Olsen Tveit f. 1774.
    5. Ouen Olsen Tveit f. 1776.
    6. Gunnar Olsen Tveit f. 1778.
    7. Nils Olsen Tveit f. 1785, d. same år.
    8. Marthe Olsdtr. Tveit f. 1781.
  4. Anders Stensen Håtvet f. 1742, d. 1803, g. 1764 m. Ragnhild Hansdtr. Øvre Vipeto f. 1744, d. 1804, dtr. av Hans Evensen og Karen Halvorsdtr. Vipeto.
    Anders kjøpte Melteig av sin eldre bror, men etter nokre års drift gjekk den tilbake til Ole Stensen.
    Ragnhild var einaste dotter etter Hans Vipeto som døydde etter kort ekteskap. Enka Karen Halvorsdtr. gifta seg igjen og no med HansAnundsen på Nere Vipeto. Desse dreiv so eigedomen til kring 1772, då Ragnhild og Anders overtok garden og innløyste Karen sin part i Vipeto.
    Ragnhild og Anders sine born er:
    1. Hans Andersen f, 1765 på Melteig, d. 1796, g. 1794 m. Karen Sveinungsdtr. Tufte.
      Dei held til på Vipeto og fekk i sitt korteekteskap ein, Anders Hansen der seinare vart gift med Maria Hansdtr. Teigen, ei dtr. av Hans Anundsen Teigen og Kirsti Arvesdtr. Stuverud
      Maria Hansdtr. døydde i 1823 og Anders gifta seg igjen i 1824 og no med Maria Andersdtr. Fen. Desse flytta hausten 1843 til Grøtvik i Solum.
    2. Anne Andersdtr. f. 1768 på Melteig, g. 1796 m. Ole Brynildsen Tveit.
      Deira første born er Karen f. 1798 på Tveit og Karen f. 1799 på Plassen.
    3. Sten Andersen f. 1770 på Melteig, d. 1848, g. 1797 m. Kirsti Kristoffersdtr. Tufte f. 1780, d. 1747, dtr. av Kristoffer Olsen Vipeto og Marthe Tollevsdtr. Fen.
      Kristoffer Olsen hadde kjøpt søre Tufte og Sten Andersen overtok Tufte etter svigerfaren. Hans son Ole Stensen overtok so garden i 1839. Sten eigde ogso søre Bjerva ein del år og då hans son Kristoffer Stensen gifta seg i 1829 med Anne Knudsdtr. busette dei seg på Bjerva.
      Kirsti og Sten hadde mange born: Hans f. 1798 - Ole - Ole 1812 - Kristoffer f. 1801, han døydde - Marthe f. 1803, g. 1836 m. Nils Jørgensen Kålstad, ein son av Jørgen Jensen Kålstad og Elian Andersdtr. Vipeto - Anders f. 1806 - Marthe f. 1810 - Anne g.m. Peder Kjøstolsen Håtvet i 1841 - Kristoffer Stensen f. 1807, g. 1929 m. Anne Knudsdtr. f. 1811, dei utvandra våren 1851 til Amerika og hadde med seg sine 8 born, nemleg: Sten Andreas, Kirsti, Knut, Margrete, Jens, Anne Matea, Nils og Andreas som berre var 3 månader gamal. Med dei reiste samstundes enke Margrete Stensdtr. 63 år og pike Kari Knudsdtr. 21 år. Kirsti Andersdtr. Tveit 24 år fylgde ogso med. - Karen g.m. Kristen Jørgensen Tveit i 1848 - Marthe f. 1814 og Jens.
    4. Karen Andersdtr. Vipeto f. 1773.
    5. Marthe Andersdtr. Vipeto f. 1776, d. 1845, g. 1804 m. enkem. Hans Anundsen Skippervold ell. Teigen, f. 1770, d. 1823 på Teigen, son av Anund Sørensen Skippervold og Margrete Halvorsdotter som var frå Eidanger.
    6. Halvor Andersen Vipeto f. 1782, d. 1848, g. 1809 m. Kirsti Jensdtr. Fen, seinare Åmtvet f. 1778, d. 1850 (dette var Kirstis 3dje ekteskap) dtr. av Jens Pedersen Åmtvet og Ingeborg Mogensdtr. Ulefoss.
      Halvor var leiglending på søre Fen til han i 1824 kjøte garden.
      Dei hadde desse born: Karen f. 1810, g. 1831 m. Sten Johannesen Håtvet - Anders f. 1813, g. 1829 m. Ingeborg Olsdtr. Brenne - Jens Halvorsen Fen, seinare Langkås g.m. Anne Kittilsdtr.
Utdrag (s. 294-296) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen