Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

6. ledd

Rasmus Eriksen Gisholt

Rasmus Eriksen døydde i 1850 berre 54 år og var då bonde i Kåsene under garden Gisholt. Enka Gunhild Marie delte to år seinare eigedomen mellom sine to eldste sønner Erik og Svend der Svend fekk den største part, men Erik fekk seinare ved samfrende-skiftet i 1854 seg tillagt garden Lille-Hunnekilden i Bamble. Vegge skulle svara for pantutlegget til dottera Ås og føderåd til si mor.

Rasmus Eriksen hadde kjøpt Gusholt i 1841 og i 1846 selde halve eigesomen til son son Peder man han døydde året etter so denne handel vart opphæva.

Gunhild Marie og Erik sine boen er:

  1. Erik Rasmussen Gisholt f. 1820, d. 1824.
  2. Peder Rasmussen Gisholt f. 1821, d. 1847.
  3. Åse Rasmusdtr. Gisholt f. 1824, d. 1875 på Lien i Solum, g. 1846 m. enkem. Nils Olsen Lien f. 1814 i Eidanger, d. 1898 på Lien, son av Ole Andersen Lien og Anne Olsdtr. Bjørntvet.
    I sitt første ekteskap var Nils Lien g.m. Anne Regine Eriksdtr. Hellestvet i Bamble f. 1817, d. 1844 på Lien, dtr. av Erik Mathiassen Hellestvet og Anne Sørensdtr. Tufte i Gjerpen.
    Dei hadde ei dtr. Anne f. 1839 g.m. Halvor Andersen Ståkkan.
    Nils Olsen var 63 år då han tredje gong i 1877 vart gift og no med enka etter Halvor Rollevsen Nyhus, Åste Larsdtr. f. 1847 i Seljord, d. 1928.
    Nils Olsen mottok halvpartern av Lien gard før han vart gift og i 1835 kjøpte han ogso over brorens part i Klyve og Lien. Han vart soleis ein bonde med mykje eigedom og solid økonomi.
    I sine 3 ekteskapar hadde Nils Olsen desse born:
    1. Anne Gurine Nilsdtr. Lien f. 1837, d. 1839.
    2. Ole Nilsen Lien f. 1843 v. Klyve, d. same år.
    3. Ole Nilsen Lien f. 1847, g. 1885 m. Marie Andersdtr. f. 1857 i Valebø.
      Ole Nilsen selde i 1885 sin eigedom i Lien og tok pakting av garden Meltvet.
    4. Regine Petronelle Nilsdtr. Lien f. 1848, g. 1875 m. Skipper Isak Martinius Gundersen f. 1851 på Ø. Klyve. Dei reiste seinare til Amerika.
    5. Peder August Nilsen Lien f. 1860.
    6. Gunhild Marie Nilsdtr. Lien f. 1852, g. 1871 m. Kristian Karenius Halvorsen f. 1849 i Skien.
    7. Rasmus Andreas Nilsen Lien f. 1854, g. 1878 m. Hansine Marie Pedersdtr. Findal f. 1853, dtr. av Peder Hansen og Kirsten Olea Eriksdtr. Findal.
      Rasmus hadde sitt virke i Porsgrunn, men det gjekk vel dårleg for han slik at han reiste til Amerika og var der i 1886 då hans bu var under konkurshandsaming, men Marie var tilstades ved skifteretten.
    8. Nella Amalie Nilsdtr. Lien f. 1858, g. 1877 m. Styrm. Hans Jakob Emanuel Jakobsen Knardal f. 1856, son av Åsold Jakobsen Knardal.
    9. Olga Nilsdtr. Lien f. 1878, d. 1958, g. 1912 m. Gb. Åsland, Lars Haraldsen v. Gisholt f. 1860, d. 1928 på Åsland, son av Harald Knudsen Gisholt og Karen Kirstine Olsdtr. Gisholt (syskennborn).
    10. Peder Edvard Nilsen Lien f. 1857, d. 12 dage gml.
    11. Nils Edvard Nilsen Lien f. 1862. d. 1864.
    12. Anne Nilsdtr. Lien f. 1882, g. 1911 m. Sivert Toresius Elgtvet f. 1883, d. 1945, son av Anne Jonsdtr. og Børre Andreas Sivertsen Elgtvet.
      Sivert Elgtvet mottok garden Elgtvet av sin far i 1914 og var ein driftig bonde her i mange pr. Son agronom Nils Elgtvet f. 1912 tok imot eigedomen i 1953, g. 1943 m. Sigrid Mary Jørgensdotter Rosland f. 1910 i Tørdal, dtr. av Gunhild Gudmundsdtr. og Jørgen Andreas Torsen Rosland.
    13. Nils Nilsen Lien f. ca. 1886. Han reiste seinare til Amerika.
    14. Elise Nilsdtr. Lien f. 1892, d. same år.
  4. Erik Rasmussen Gisholt f. 1827, d. 1908 i Porsgrunn, g. 1951 m. Marthe Kristine Haraldsdtr. Aspheim, seinare Bleikelia i Kilebygda f. 1823, d. 1907 i Porsgrunn, dtr. av Harald Pedersen Aspheim og Johanne Hansdtr. Rogstad.
    Av ein attest frå personel-kappelan til Solum, Georg A. Bull finnast at Erik Rasmussen er konfirmert i Melum kyrkje hausten 1842 med «temmelig god kristendomskundskab og flid» og Marthe konfirmert i Melum kyrkje våren 1838 med «nogenledes i kristendomskundskab og god flid» Erik og Marthe Kristine sin eigedom i Gisholt var Kåsene. Han makeskifta seinare denne eigedom mot Ellev Andreas Jakobsens eigedom på Roligheten i Porsgrunn, og flytta dertil i 1861. Her grunnlagde han sin sagbruks- og trevarehandel.
    Erik Rasmussen var svert påpasseleg og arbeidsam, han sløsa ikkje med arbeidstid. Det vart fortald at han ikkje hadde tid til å gå opp i byen å betala skatt eller rekningar, men kom dei til han med rekningar eller skulle panta for skatt låg pengane ferdig.
    Marthe Kristine og Erik sine born er:
    1. Regine Petrea Eriksdtr. Gisholt f. 1851, d. 1931, g. 1871 m. Skipsreidar Nils Jondahl Stavanger f. 1838, d. 1909, son av Kjøpm. Hans Tode Jondagl og Bertha Lie Stavanger.
    2. Johanne Marie Eriksdtr. Gisholt f. 1853 i Kåsene, g. 1875 i Porsgrunn m. Kjøpm. Andreas Rasmussen Porsgrunn f. 1850, d. 1900, son av Birthe og Rasmus Nilsen Sundjordet.
    3. Rasmus Eriksen f. 1855 i Kåsene, d. 1899, g.m. Inga Hansdtr. f. 1869, dtr. av Lars Hansen og Anna Johannesdtr. Porsgrunn.
    4. Peder Hermann Eriksen f. 1857 i Kåsene, d. 1907, g. 1882 m. Marie Amalie Sørensdtr. f. 1859 i Eidanger, dtr. av Gm. Amund Sørensen og Jørgine Marie Pedersdtr. Heistad.
    5. Gunhild Elise Martine Eriksdtr. f. 1860 i Kåsene, d. 1942, g. 1894 m. Lærar, klokkar og skuleinspektør Johan Fredrik Knudsen Porsgrunn f. 1855 i Stavern, d. 1937, son av Lods Fredrik Knudsen.
    6. Johan Eriksen f. 1862 i Porsgrunn, d. 1924, g. 1889 m. Kirsten Marie Hansen f. 1862, dtr. av Skipsførar Ingebret Hansen og Martine Kristensen Porsgrunn.
    7. Karl Alfred Eriksen f. 1865, d. 1929 ugift.
    8. Otto Mathias Eriksen f, 1867 i Porsgrunn. Han vart brukseigar i Porsgrunn. 1) g.m. Inga Larsine Larsdtr. f i Stavanger, d. 1911, dtr. av skipsreidar Lars Larsen og Inger Jondahl. 2) g. og no med Johanne Jondahl, dtr. av Johannes Jondahl og Elisabeth Holm. 3) g. og no med Dagmar Gundersen.
  5. Svend Rasmussen Gisholt f. 1829, d. 1879, g. 1856 m. Åvet Kirstine Jakobsdtr. Skjerka i Bamble f. 1835, d. 1917, dtr. av Gm. på Moe i Bamble Jakob Gundersen Skjerka og Anne Margrete Larsdtr. Mo.
    Åvet Kirstine 2) g. 1884 og no med Ole Haraldsen Gisholt f. 1852, d. 1910, son av Harald Knudsen Bukta og Karen Kirstine Olsdtr. Gisholt.
    Sjå vidare om familien under ledd 7.
  6. Anne Kirstine Rasmusdtr. Gisholt f. 1832, d. 1905, g. 1856 m. Halvor Halvorsen Fjeld f. 1827, d. 1916, son av Halvor Halvorsen Fjeld og Maren Jonsdtr. Stavdal. Sjå vidare s. 396.
Utdrag (s. 466-472) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen