Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

5. ledd

Erik Rasmusen Gisholt

Som før nemnd tok Erik Rasmussen over gjelda i buet etter faren, men han dreiv truleg garden saman med si mor. Erik var berre 35 år då han døydde. På garden hadde han då 2 kyr, 1 okse, 1 kvige, 6 sauer. Lausøyra var verdsatt til 672 rdl. og gjelda som for storparten var til Løvenskjold og Kristian Tråk var tilsaman 275 rd.
Åse og Erik sine born er:

  1. Rasmus Eriksen Gisholt f. 1796, d. 1850 i Kåsene, g. 1819 m. Gunhild Marie Pedersdtr. Fjeldkåsa f. 1793, d. 1858, dtr. av Peder Larsen og Anne Olsdtr. Fjeldkåsa.
    Sjå vidare ledd 6.
  2. Thor Eriksen Gisholt f. 1799, d. 1890, 91 år i Eau Claire Wisc. g. 1826 m. Berthe Sondresdtr. f. 1790, d. omlag 80 år i Amerika, dtr. av Sondre Nirisen og Malene Pedersdtr. Elset i Solum.
    Thor og Berthe held til på plassen Holtan under Bolvik og Thor var verksarbeidar. I 1842 kom han til S.D. Cappelen Ulefoss og vart bygmeister ved Holla jernverk. I 1850 utflytta han so med kone og sine fire yngste born til Amerika og busette seg i Eau Claire Wisc.
    Av borna døydde Erik f. 1828 og Tomine Benedikte f. 1840 like etter dei kom til Amerika. - Amalie Severine f. 1831 - Anne Mathea f. 1833 - Kirsten Andrea f. 1836
    Den eldste dottera Åse Marie Malene Thorsdtr. f. 1826 vart igjen her i landet og g. 1846 i Holla med Smedmeister Gunder Andresen Deilsbakke f. 1818, d. 1885, son av Anders Gundersen og Margit Hansdtr. Deilsbakke, Ulefoss.
    Gunder virka som smed på Ulefoss og budde i verkets boligar. Av borna er funne:
    1. Anders Gundersen Verket Ulefoss f. 1847, d. 1902 i Wilma Minnesota. Han reiste i 1868 til Amerika.
    2. Berthe Marie Gundersdtr. Verket f. 1849, d. 1887, 1) g.m. Isak Andreas Jonsen Verket f. 1842, d. 1877. 2) g. 1882 og no med Kittil Andreas Jonsen Verket.
    3. Anne Tomine Gundersdtr. Verket f. 1851, g. 1870 m. Flåtem. Peder Gulliksen Romnes f. 1846, son av Gullik Pedersen Kvennodden g. 1844 m. Andrea Gjermundsdtr. Skårdal.
    4. Thor Edvard Gundersen Verket Ulefoss f. 1860, g. 1885 m. Inger Margrete Hansdtr. f. 1963, dtr. av Skipsreidar Hans Christoffer Hansen og Dorthea Hansen Falkum som budde på Gråtenmoen.
      Thor Gundersen vart Gross. og hadde det seinare so kjende firma Th. E. Gundersen, Skien.
  3. Abraham Eriksen Gisholt f. 1801, g. 1829 m. Ingeborg Malene Olsdtr. Vold f. 1808, dtr. av Skulelærar Ole Jonsen g. 1804 m. Tora Nilsdtr. Vold.
    Abraham Eriksen var skulehaldar og har nok flytta frå stad til stad ogso utanfor Solum.
    Av borna er funne: Tora Elise f. 1831 og Erik Olaus f. 1834. Desse born er fødde på Vold, sidan er familien blitt borte.
  4. Isak Eriksen Gisholt f. 1804, g.m. Bolette Hermannsdtr. Herre.
  5. Anne Eriksdtr. Gisholt f. 1805, d. 1809.
  6. Jakob Eriksen Gisholt f. 1808. Han flytta i 1833 til Gjerpen. Sidan reiste han til Amerika.
  7. Anne Eriksdtr. Gisholt f. 1811, 1) g.m. Rasmus Halvorsen f. 1797, d. 1835, son av Halvor Rasmussen Gisholt og Martha Thorsdtr. Lunden. 2) g. 1845 og no med Peder Nilsen Meltvet f. 1798, d. 1883.
    Sjå ogso side 342.
    Anne og Rasmus budde på vestre Gisholt og hadde to born:
    1. Åse Andrea Rasmusdtr. Gisholt f. 1830, g. 1851 m. Organist Nils Olsen Gimsøy f. 1815, son av Ole Rasmussen som var på Gimsøy kloster og Netten (Antonette) Nilsdtr. Skien.
    2. Marthe Regine Rasmusdtr. Gisholt f. 1836 etter farens døydd, g. 1855 m. Hans Sørensen f. 1828 på Rørholt i Bamble. Han oppheld seg ved gifte i Kåsene under garden Gisholt, seinare same år flytta han og Marthe til Brevik. Sidan vart Hans Sørensen Olderman og dei flytta i 1860 til Bamble.
  8. Erik Eriksen Gisholt f. 1813, d. 1886 i Porsgrunn. Han var landhandler på Herre og g.m. Sofie Jakobine Bjønnes, dtr. av Birthe Marie Mortensdtr. Huseby og Tjostolv Bjønnes i Tjølling.
    Sofie og Erik sine born er:
    1. Erik Edvard Eriksen f. 1841 på Herre, d. 1820. Han vart handelsborgar, 1) g. 1870 m. Ida Åernille Abrahamsdtr. f. 1849, dtr. av Abraham Martinius Abrahamsen og Olava Andrea Dorothea Villumsen Porsgrunn.
      Ida Abrahamsdtr. overlevde sin mann og vart gift igjen, men herrar mann er ikkje funne.
    2. Olaf Teodor Eriksen f. 1845 på Herre, g. 1873 m. Mari-Anne Sørensdtr. f. 1846 på Tråholt i Eidanger, dtr. av G,. Søren Stoesen og Elen Margrete Vetlesdtr. Tråholt. Teodor Eriksen var utdana styrmann.
    3. Åstine Thalie (Stina) Eriksdtr. f. 1838 i Larvik, g. 1861 m. snekker Karl Laurits Larsen f. 1833 i Larvik men som ved gifte oppheld seg på Herre, son av Tobakspinder Lars Amundsen Larvik.
    4. Anne Marie Eriksdtr. f. 1839 i Larvik, g. 1869 m. Skipsførar Hans Evensen Brække f. 1836 i Bamble.
    5. Emile Sophie Eriksdtr. f. 1858, g. 1878 m. Kontorsjef Johan Casper Barth og bur i Arendal f. 1838 i Kristiansand, son av Tollbetjent Jonas Fredrik Barth og Johanne Malene Gulgrandsen, Kristiansand.
  9. Åse Kirstine Eriksdtr. Gisholt f. 1813. Ho var tvilling med Erik, men døydde i 1832 på Gisholt.
Utdrag (s. 461-465) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen