Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

4. ledd

Rasmus Eriksen Gisholt

Rasmus Eriksen var ogso brukar på Gisholt, men han døydde berre 55 år. Ved skiftet etter han i 1804 synte buet underskot. Eiga var 103 rdl. og dei samla utgifter var 308 rdl. Herav hadde son Erik Rasmussen dekt gjelda til Kammerherre Løvenskjold som var på 237 rdl. og tok soleis over heile buet. Av husdyr var her 1 hest, 2 kyr.
Anne og Rasmus sine born er:

  1. Karen Rasmusdtr. Gisholt f. 1773, d. same år.
  2. Kari Rasmusdtr. Gisholt f. 1774, d. 1868, 95 år i Svarvereiet, g. 1794 m. Iver Isaksen Gjerstad under Gjærum, men var då på Sjørholt i Helgja f. 1759, d. 1842 på Svarvereiet, son av Isak Jonsen Eie under Hummelsgård og Ingeborg Iversdtr. Bergan. Sjå ogso s. 171.
    Kari og Iver vart gamle mennesker og økonomien syntest å ha vore bra. Dei har nok trivast i Svarvereiet med sin store barneflok. Det hende her som so jamt elles, at borna i store familiar reiste ut og vart spreide til mange kantar og soleis ikkje gode å finna att.
    1. Isak Iversen Sjørholt f. 1795. Han har truleg vakse opp, men kor han er blitt av er ikkje funne.
    2. Rasmus Iversen Sjørholt f. 1797, d. 1868 som kårmann i Svarvereiet då han på grunn av næringsorg tok sitt eige liv ved Vikle i vestre Melum. g. 1828 m. Karen Dorthea Elisabeth Halvorsdtr. f. 1797 i Bamble.
      Dei var den første tid på Herre, seinare tok dei over Svarvereiet etter faren.
      Av borna er funne: Iver f. 1830, g. 1859 i Bamble, g.m. Karen Eline Larsdtr. Hovstein f. 1833 - Karen g.m. Peder Haraldsen Tangen - Anne f. 1836, flytta i 1878 til Skien og vart her g.m. Fiskeeksportør Håkon Fr. Hågensen.
    3. Ingeborg Iversdtr. Svarvereidet f. 1799.
    4. Anna Iversdtr. Svarvereidet f. 1800, d. 1863 i Nenseteiet i Bamble, g. 1834 m. husm. og enkem. Ole Nilsen Moen i Bamble f. 1798 på Rørholt.
    5. Lars Iversen Svarvereidet f. 1803, g. 1838 i Porsgrunn m. Inger Jansdtr. f. 1804.
      Lars Iversen var møllarmeister på Herre i Bamble.
    6. Abraham Iversen Svarvereidet f. 1805.
    7. Ingeborg Kirstine Iversdtr. Svarvereidet f. 1809, g. 1835 m. Spikersmed Knut Petter Kristophersen Fossum i Gjerpen, f. 1811 på Kongsberg.
    8. Karen Iversdtr. Svarvereidet f. 1811.
    9. Maren Kirstine Iversdtr. Svarvereidet f. 1814, g. 1842 i Gjerpen m. Nils Gundersen Fossum f. 1819 i Gjerpen.
    10. Jakob Iversen Svarvereidet f, 1817, g. 1844 i Gjerpen m. Andrea Halvorsdtr. Fossum f. 1811 i Gjerpen.
      Jakob var først på Herøya i Eidanger, kom so i 1839 til Foss i Gjerpen før han vart gift.
      Andrea og Jakob busette seg på Fossum på eien plass under garden Foss.
  3. Ole Rasmusen Gisholt f. 1776, d. 1777,
  4. Erik Rasmusen Gisholt f. 1778, d. 1812, g. 1796 m. Åse Thorsdtr. Lunden i Gjerstad f. 1773, d. 1818, dtr. av Thor Knutsen Lunden og Gunvor Svensdtr. Kveim i Gjerstad.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 5
  5. Marthe Rasmusdtr. Gisholt f. 1782, d. 1863 på Hovsteinseiet, begr. ved Kilebygda kyrkje, g. 1802 m. Ole Tallaksen som då var på Gisholt f. 1777 på Herre, son av Tore Hansdtr. og Tallak Olsen Herre.
    Marthe og Ole var nokre år på Gisholt, flytta so til Pestelenseiet, Hovsteinseiet og truleg har dei ogso vore busette andre stader i Bamble. Av borna er soleis berre dese funne:
    1. Tore Olsdtr. f. 1803 på Gisholt, g. 1827 m. Sven Kristophersen Hovsteinseiet f. 1795 i Bamble.
    2. Rasmus Olsen f. 1804 på Gisholt, d. 1805.
    3. Åse Kirstine Olsdtr. f. 1811 i Bamble, d. 1894 på Gisholt, g. 1837 m. Thor Halvorsen Gisholt f. 1807, d. 1894, 4 månader etter at kona hans døydde, son av Halvor Rasmussen f. 1760 i Gjerstad, d. 1844 på Gisholt og Marthe Thorsdtr. Lunden f. 1767 i Gjerstad, d. 1849 på Gisholt.
      Thor Halvorsen sin bestefar Rasmus Andersen kom frå Rausanlia i Vegårdshei til Gisholt som brukar. Thor mottok denne eigedom av sin far og han kjøpte eigedomen sidan. Thor Halvorsen må hava drive garden sin godt i åra framover for på sine gamle dagar er han nemnd som rentenist og kapitalist. Åse og Thor hadde 4 born:
      1. Marthe Kirstine Thorsdtr. Gisholt f. 1841, d. 1895, g. 1862 m. Jakob Åsoldsen Haukedalen, seinare Åsland og Skien f. 1836, d. 1906 på Falkum i Skien, son av Åsold Jakobsen Erikstad og Berthe Jakobsdtr. Haukedalen.
        Jakob var tømmermann av yrke og dei hadde desse born: Åsold Andreas Åsland f. 1863, d. 1917 som kjøpm. i Porsgrunn, g.m. Gunhild Marie Halvorsdtr. Dalene f. 1859, d. 1930 - Halvor Toresius f. 1864, d. same år - Åse Kirstine Berthea f. 1866, d. 1922, g. 1885 m. Jakob Randinius Svensen Gisholt f. 1864, d. 1954 - Halvor Toresius f. 1868, d. 1944 Åsland, g. 1891 m. Karen Andrea Andreasdtr. Kåsene f. 1872, d. 1964 - Jakob Jakobsen Åsland f. 1870, d. 1931. Han var bankdirektør, g. 1893 m. Gunda Jørgine Gundersdtr. Moe, Skjerka f. 1867, d. 1919 - Ole Kristian f. 1871, d. 1894 - Halvor Åsland f. 1873 (do, Halvor Gisholt), d. 1941, g. 1902 m. Alma Berg, Skjeberg f. 1874, d. 1958 - Gustav f. 1875, d. 1893 - Martine Elisabet f. 1877, d. 1938, g.m. Hans Gulset f. 1873, d. 1940, kass. i Gjerpen sparebank - Mathias f. 1882, d. 1894 - Anna f. 1886, f. 1913 - Lege Halvor Randinius f. 1879, d. 1942, g.m. Tora Vennerød Skedsmo f. 1890, d. 1955.
      2. Ingeborg Olea Thorsdtr. Gisholt f. 1844, d. 1910, g. 1854 m. Anders Jørgensen Tveitan ell. Bruseth, f. 1838, d. 1908 på Hustvet. Sjå vidare s. 124.
      3. Halvor Thorsen Gisholt f. 1852, d. 1873 då han drukna i Gjorvatne 22. nov. Halvor skulle ha teke over garden og alt avtala, men fekk soleis ein brå slutt.
      4. Rasmus Andreas Thorsen Gisholt f. 1856, d. 1859.
    4. Karen Olsdtr. Hovsteinseiet f. 1814, g. 1837 m. Mathias Jensen Surtebogen f. 1807, son av Jens Mathiassen Surtebogen og Maria Tallaksdotter Klepp i Bamble.
      Mathias var husmann i Surtebogen i Bamble og dei hadde borna: Marthe f. 1840 - Jens Andreas f. 1843 - Birthe Mathea f. 1846 - Ole f. 1849.
    5. Marthe Maria Olsdtr. Hovsteinseiet f. 1817, d. 1871, g. 1840 m. Mathias Jonsen Gisholt f. 1819, d. 1874, son av Jon Rasmussen Gisholt og Kirsti Mathiasdotter Langseiet under Rørholt i Bamble.
      Sjå seinare om denne familie s. 450.
    6. Maren Oline Olsdtr. Hovsteinseiet f. 1820, g. 1839 m. Hans Sørensen Herre f. 1814.
    7. Oline Olsdtr. Pestelenseiet i Bamble f. 1822, g. 1849 m. Tarald Olsen Herre f. 1826.
  6. Jon Rasmusen Gisholt f. 1785, d. 1852, g. 1814 i Bamble m. Kirsti Mathiasdtr. Langseiet under Rørholt i Bamble f. 1789, d. 1864, dtr. av Boel Knudsdtr. og Mathias Jensen Langseiet.
    Kirsti og Jon oppheld seg på Gisholt, og her er alle borna fødde. I 1841 var det auksjonar over eigedomane i Forstjunker Nils Løvenskjolds konkursbu. Jon Rasmussen kjøpte då halvparten av garden Bjørbæk og halve plassen Kastet som låg under denne eigedom for 1004 spd. Han dreiv sin eigedom på ein dugande måte og økonomien vart stendig betre etter kvart. Skiftet etter Jon i 1852 synte eit bra overskot. Kirsti og Jon sine born er:
    1. Rasmus Jonsen Bjørbæk f. 1815 på Gisholt, d. 1900, g. 1854 m. Karen Isaksdtr. Frønes f. 1818, d. 1880, dtr. av Isak Ellevsen Frønes og Ingeborg Kristensdotter Holtan.
      Farens eigedom i Bjørbæk vart delt mellom Rasmus og broren Jonas og soleis vart desse ogso bøndar av yrke.
      Karen og Rasmus fekk desse born:
      1. Ingeborg Kirstine Rasmusdtr. Bjørbæk f. 1855, d. 1915, g. 1876 m. Hans Andersen Tveitan, seinare Dolva f. 1845, d. 1933.
        Sjå vidare om denne familie s. 126.
      2. Anne Karoline Rasmusdtr. Bjørbæk f. 1859, g. 1884 m. Isak Bertinius Mikkelsen Veholt f. 1856, d. 1911, son av Mikkel Isaksen Frønes, seinare Veholt og Tomine Thomasdtr. Gråten.
        Isak Mikkelsen kom til å taka over eigedomen etter faren og han og Anna Karoline var bondefolk her på Veholt all si tid.
    2. Mathias Jonsen V. Gisholt f. 1819, d. 1874 på Bjåland då han tok sitt eige liv ved henging, g. 1840 i Bamble m. Marthe Marie Olsdtr. f. i Bamble 1817, d. på Bjåland, dtr. av Ole Tallaksen Hovsteinseiet i Bamble og Martha Rasmusdtr. vestre Gisholt.
      Dei budde i Hovsteinseidet eit par år, flytta so til V. Gisholt der dei tok over det utskilde gardsbruket Bjåland. Ved skifte i 1875 stod buet seg godt og arvingane var samde om å dela lausøyra og midlane mellom seg etter dei prisar takstmennane hadde satt.
      Marthe Marie og Mathias sine born er:
      1. Jonas Mathiassen Bjåland f. 1840 i Hovsteinseidet i Bamble, d. 1900 i Duestien i Skien, 1) g. 1865 m. Åse Kirstine Larsdtr. f. 1836 på Marum, d. 1874 på Bjåland, dtr. av Lars Gundersen Bratsberg og Maren Sørine Sørensdtr. f. 1800 i Holla. 2) g. 1882 og no med Kirstine (Stine) Gjermundsdtr. Kalstad f. 1854, dtr. av Gjermund Jørgensen og Kari Kristensdtr. som var innflytta frå Bø til Fjeld, men seinare busette seg på Kalstad.
        Jonas Bjåland utdana seg til skulelærar og virka nokre år i Odalen. I kring 1872 er han so komen tilbake til Kilebygda og var her både lærar og kyrkjesongar. Han fekk ogso taka over eigedomen etter faren og dreiv denne ved sida av sin lærarstilling.
        Det var to born i første ekteskap: Markus f. 1866 i Odalen. Han reiste seinare til Amerika. - Marthe Maria f. 1868 i Odalen, d. 1954, g. 1890 m. Karl Martinius Jonsen f. 1864 på Stavdal, son av Jon Halvorsen og Anne Kirstine Jakobsdtr. Fjeld. - Anna Sørine f. 1870 i Odalen, g. 1891 m. Malar i Skien Laurits Anundsen Loa f. 1862, son av Lærar Anund Olsen og Ingeborg Pedersdtr. Loa - Gjermund Kristian f. 1883, gift i Skien med Gurine Dorthea Engebretsdtr., dtr. av Vaktm. Hans Engebretsen ig Karen Andersen Skien. - Tollkontorist Rasmus Jørgen f. 1884. Han vart aksimeklar i Skien, g. 1907 m. Tone Jørgine Olsdtr. Rølandet f. 1880 i Tørdal, dtr. av Gbr. Ole Simonsen og Aslaug Johanne Rølandet - Jonas Kristian f. 1872. Han vart seinare Kjelesmed i Porgrunn og gift med Helga Ovidia Torgersen f. 1876 i Porsgrunn, dtr. av kjelesmed Johan Torgersen og Klara Mathea Olsen Porsgrunn - Karen Kirstine f. 1886, g. 1903 i Skien m. Skreddar i Porsgrunn Adolf Marinius Johannesen f. 1886 i Søndeled - Halvor Andreas. Han var telegrafist i Skien då han i 1913 vart gift med Borghild Charlotte Torsten f. 1888 i Skien.
      2. Ole Andreas Mathiassen Bjåland f. 1845 i Bjørbæk, g. 1873 i Porsgrunn vestre kyrkje m. Lovise Nilsen f. 1852 i Solum.
        Andreas Bjåland gjekk i snekkerlære og vart seinare snekkermeister. Han fekk sidan sin eigen møbbelforretning i Porsgrunn.
      3. Marthe Kristine Mathiasdtr. Bjåland f. 1848, g. 1872 m. Bjelkehoggar Aslak Haraldsen Hauge f. 1847 i Nes i Sauherad, son av Harald Aslaksen Hauge f. 1817 på Hafsholt i Bø og Kari Torsteinsdtr. Holte i Nes.
        «Av Kirstine og Aslak sine born kan her nemnast Mathias Aslaksen Hauge f. 1874 i Knardalstrand. Han reiste med sine foreldre til Amerika i 1886. Her vart Mathias Hauge g. 1903 m. Karen Marie Hanson f. 1883 i Bigstone County Minn., dtr. av tidlegare utflytta nordlendingar Edvard og Karoline Hanson som kom til Amerika i 1867 og 1869, og vart gifte der i 1879.
        Kring 1915 kom Mathias og Karen Marie tilbake til heimlandet og dei kom til å busetja seg på garden Visal i Melum. Av borna er 4 fødde i Todd County Minn. nemleg: Enok f. 1905 som i 1940 kjøpte Siljandalen - Josef f. 1907, g.m. Ådel Hauge f. 1906 - Daniel f. 1911 som i 1928 tok over Visdal - Kaleb f. 1913, g. 1944 m. Gudrun Åsland f. 1923, dtr. av Elise f. i Hjartdal og Gunnar Åsland f. i Holla. Kaleb kjøpte i 1943 gardparten Solheim på Tveitan i Melum - Ester f. 1916 - Marie f. 1920 - Josva Elias f. 1927.»
      4. Anne Bolette Mathiasdtr. Bjåland f. 1852, d. 1937, g. 1872 m. Halvor Halvorsen Kalstad f. 1824, d. 1904.
        Sjå vidare s. 378.
      5. Markus Randinius Mathiassen Bjåland f. 1854, g. 1877 m. Alette Marie Thorsdtr. f. 1855 i Bamble, dtr. av Inderst Thor Zakariassen Hovstein og Karen Hanstr. Sortedal.
        Markus var handelsmann i Knardalstrand.
      6. Kristian Mathiassen Bjåland f. 1856, g. 1883 i Bamble m. Ingeborg Sørine Sørensdtr. Surtebogen f. 1859, dtr. av Pråmbyggar Søren Nilsen og Marie Hansdtr. Surtebogen.
      7. Marie Elisabeth Mathiasdtr. Bjåland f. 1858, g. 1897 m. gbr. Ånerød Peder Andreas Jakobsen f. 1853 i Kjenndalen, son av gbr. Jakob Olsen og Marie Pedersdtr. Ånerød. Marie Elisabet vart 2) g. 1878 m. Jørgen Gjermundsen f. 1851 i Lunde, son av Gjermund Jørgensen og Kari Kristensdtr. som då budde på plassen Stålefjeld under garden Fjeld i Kilebygda.
    3. Jonas Jonsen V. Gisholt f. 1821, d. 1865 i Bjørbæk, g. 1851 m. Boel Mathea Jensdtr. Stormyr f. 1821 i Bamble, d. 1890, dtr. av Jens Mathiassen Skaugen og Anne Svendsdtr. Nenset i Bamble.
      Som før nemnd fekk Jonas taka over halvparten av farens eigedom i Bjørbæk. Denne eigedomsoverføringa var ordna alt i 1852 og kvar av brørne skulle betala 825 spd.
      Boel Mathea og Jonas sine born er:
      1. Kirstine Berthea Jonasdtr. Bjørbæk f. 1852, d. 1923 på Høgset, g. 1873 m. Jon Åsoldsen Stavdal, seinare Høgset f. 1845, d. 1919, son av Åsold Olsen Stavdal og Aslaug Kirstine Nilsdtr. Bergan.
      2. Anna Jensine Jonasdtr. Bjørbæk f. 1855, d. 1877, g. 1872 m. Andreas Pedersen Solum f. 1845, d. 1931, son av Peder Pedersen Bolvik og Ingeborg Eriksdtr. Solum.
      3. Martine Andrea Jonasdtr. Bjørbæk f. 1856, d. 1908, g. 1877 m. Jens Jonsen f. 1856 på Gjærum, d. 1904 på Erikstad, son av Jon Jensen Visdal og Ingeborg Gurine Olsdtr. Kastet ved Bjørbæk.
      4. Jonas Rasmus Jonassen Bjørbæk f. 1860, d. 1862.
      5. Jonas Rasmus Jonassen Bjørbæk f. 1865, d. 1937, g. 1889 m. Sina Berthea Evnsdtr. Jordbakke f. 1864, d. 1941, dtr. av Even Olsen Jordbakke og Maren Anne Simonsdtr. Klovdal i Holla.
      6. Sofie Marie Jonasdtr. Bjørbæk f. 1861, g. 1864 m. Bygm. Halvor Gundersen Breskelien som då var på Stavdal f. 1859 på gardparten Bjørnemyr i Bø.
    4. Erik Jonsen V. Gisholt f. 1825, d. 1893 i Kristiansand, g. 1851 m. Helene Gurine Abrahamsdtr. Valdesvær f. 1830, d. 1868. Erik Jonsen oppheld seg på Veholt då han tok utflytting til Kristiansand der han same år vart git og buande.
    5. Andreas Jonsen V. Gisholt f. 1832, d. 1889 i Østgården i Solum, g. 1870 m. Kirsten Marie Åsoldsdtr. Stavdal f. 1841, d. 1898, dtr. av Åsold Isaksen Stavdal og Mrken Nilsdtr. Bergan. Andreas var i snekkerlære i Skien i 1852. Året før han gifta seg kjøpte han eigedomen Østgården. Han selde Østgården igjen før han døydde, men hadde Oterkil igjen som ved skiftet saman med lausøyre vart seld på auksjon.
  7. Kirsti Rasmusdtr. Gisholt f. 1787, d. 1885 som enke på Bjørntvet. Ho budde her som fatiglem. Dt har ikkje lukkast å finna hennar mann, men ho har ei dotter Karen Helene Halvorsdtr. f. 1829 som er gift med Ole Tollevsen Nepekåsa under garden Moe i Bamble.
  8. Anne Rasmusdtr. Gisholt f. 1789, d. 1864 på Herre i Bamble, g. 1812 m. Smed Hans Nilsen Herre.
  9. Ole Rasmussen Gisholt f. 1791, d. 1859 som husm. i Hamsdokka. Var korporal då han 1) g. 1815 m. Ingeborg Olsdtr. Bolvikeidet f. 1788, d. 1834 på Vold, dtr. av Ole Knudsen og Margit Andersdtr. Klevene. 2) g. 1834 m. enke Mette Kirstine Jansdtr. Vold f. 1792, dtr, av Jan Andersen og Maren Knudsen Vold. Ole Rasmussen arbeide ved Voldverket og var ogso busatt her på Vold.
    Av borna er desse funne: Maren Anne f. 1816 - Rasmus Olsen f. 1819. Han utflytta i 1837 - Anne f. 1824 - Ole f. 1827 og Erik Andreas Olsen f. 1831 på Vold, g. 1856 m. Elisabet Halvorsdtr. Ekornrød f. 1832, dtr. av Halvor Andersen Ekornrød
  10. Thor Rasmussen Gisholt f. 1793, d. 1861 som husmann på plassen Kjørbæk under garden Kjerringteigen, g. 1817 m. Marthe Maria Hansdtr. Kjerringteigen f. 1794, d. 1873 på Kjørbæk, dtr. av Hans Jensen og Kari Sørensdtr. Kjørbæk.
    Thor Rasmussen oppheld seg på Kjørbæk ogso før gifte og han var soleis husmann på denne plassen i mange år.
    Av Marthe Maria og Thor sine born er funne:
    1. Karen Andrea Thorsdtr. Kjørbæk f. 1819.
    2. Elen Jensine Thorsdtr. Kjørbæk f. 1821, g. 1846 m. Johannes Pedersen som då oppheld seg på Kjørbæk, f. 1814 i Gjerpen.
    3. Hansine Thorsdtr. Kjørbæk f. 1827.
    4. Tora Rabine Thorsdtr. Kjørbæk f. 1831, g. 1854 m. Smedsvend Mathias Olsen f. 1825 i Sem i Vestfold.
    5. Mathea Thorsdtr. Kjørbæk f. 1834.
    6. Ingeborg Kirstine Thorsdtr. Kjørbæk f. 1837, g. 1857 m. Thor Olsen Fossum f. 1829 i Gjerpen, son av Ole Jonassen og Ingeborg Olsdtr. under garden Berberg i Gjerpen.
  11. Rasmus Rasmussen Gisholt f. 1796, g. 1825 m. Karen Maria Abrahamsdtr. Erikstad f. 1797, dtr. av Abraham Jonsen Hummelsgård og Kari Jonsdtr. Øya.
    Rasmus Gisholt fekki 1827 feste på plassen Reple som dengong låg under garden Røra. I 1839 utflytta han med familien til Stathelle i Bamble.
    Av Karen Maria og Rasmus sine born er funne:
    1. Abraham Rasmussen Reple f. 1827.
    2. Rasmus Rasmussen Reple f. 1830, g. 1856 m. Karen Oline Jensdtr. Krabberød i Bamble f. 1832, dtr. av Jens Olsen og Anne Karine Hansdtr. Krabberødstrand.
    3. Jon Petter Rasmussen Reple f. 1833, g. 1858 m. Karen Kristensdtr. Stathelle f. 1820 i Brunlanes.
    4. Karen Andrea Rasmusdtr. Reple f. 1836, 1) g. 1862 m. Ole Kristensen Stathelle f. 1823 i Brunlanes. 2) g, 1875 m. arb. Johannes Anderson f. 1841 i Brålanda i Elfsborg len i Sverige.
  12. Inger Marie Rasmusdtr. Gisholt f. 1798, d. 1874 som fatiglem på Tollnes, g. 1825 m. Halvor Isaksen som då oppheld seg på Ørevik, f. 1789 i Helgja, d. 1859, son av Isak Andersen Huve g. 1789 m. Karen Larsdtr. Sjørholt i Holla.
    Halvor Isaksen var arbeidar og strandsitjar ved Tollnes. Av borna er funne:
    1. Karen Anne Halvorsdtr. Tollnes f. 1827 på Dolva, g. 1857 m. Ole Olsen f. 1835 i Seljord, men som då oppheld seg Skauen.
    2. Rasmus Halvorsen Tollnes f. 1829 på plass under garden Lia. Han flytta i 1858 til Skien.
    3. Anne Halvorsdtr. Tollnes f. 1832 på plass under garden Lia, g. 1857 m. Brynjulf Larsen Rennesund f. 1823, d. 1887, son av Lars Halvorsen Rennesund og Birthe Brynjulfsdtr. Fjeld.
      Brynjulf var arbeidar og han og Anne budde på Fantenberg.
    4. Ingeborg Kirstine Halvorsdtr. Tollnes f. 1835 på Grunkås under garden Findal, g. 1857 m. Jens Jakob Halvorsen Vold f. 1832, son av Halvor Hansen og Karen Jakobsdtr. Vold.
    5. Marthe Halvorsdtr. Tollnes f. 1838 Tollnesmoen, g.m. Tollev Hansen f. 1842 i Drangedal. Tollev innflytta i 1857 til Saga under garden Rennesund. Om desse ektefolka er det ikkje funne noko.
Utdrag (s. 443-460) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen