Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

3. ledd

Erik Rasmusen Sætre

Erik Rasmussen har i sine unge år reist ut frå heimbygda for å søkje arbeid og finna sin plass i livet. Han er so komen til Holla der han på Baksås vart g. 1740 m. enka etter Tollev Jensen Baksås som d. 1739, Anne Jensdtr. Graver f. 1705, d. 1742 på Baksås, dtr. av Jens Johannesen Graver i Valebø og Anne Pedersdtr. Heisholt. Anne Jensdtr. døydde berre to år etter gifte og ho hadde med Erik eit barn, Jens som er f. 1741. Ved skifte etter Anne i april 1742 var hennar born med første mann Tollev Jensen: Anne f. 1731 - Ingeborg f. 1734 - Marthe f. 1736 og Tollev f. 1738. Verge for desse vart Augustinus og Peder Jensen Graver som var hennar brør. Anne var ved eit skifte i 1740 på Grver utlagt arv i 3 settinger, der no vart utlagt til son Jens Eriksen. På garden var her 2 hestar, 4 kyr, 2 kviger og 7 sauer. Dessutan hadde dei ei brendt kollmile. Eiga var 237 rdl. og gjelda 112 dalar. Enkem. vart utlagt halvparten av netto eiga.

(Før ein går vidare var det kanskje av interesse å få klarlagt det sosm ein tidlegare granskar har halde fram, at Anne Jensdtr. var gift med Erik Rasmussen Heisholt. Dte kan etter det eg har funne fram til ikkje vera rett. Då Anne gifta seg igjen i 1740 har Erik Rasmussen skrive seg for gardsnamnet Sætre og når ein jamfører det med broren Hans Rasmussen som er f. 1724 på Sætre i Drangedal, so må det som ovanfor er skrive vera rett.)

Erik Rasmussen fekk ikkje hava Baksås lenge etter skiftet. I 1744 budde han på nedre Vipeto og vart her same året gift med Kirsten Svendsdtr. som ogso oppheld seg på Vipeto f. 1715, d. 1786. Dei busette seg på Tvara i Holla og var her til dei kring 1750 kom til vestre Gisholt i Kilebygda. Her dreiv Kirsten og Erik sin Gisholtgard so lenge dei levde.
I sine to ekteskapar hadde Erik Rasmussen desse born:

  1. Jens Eriksen Solum f. 1741 på Baksås i Holla, d. 1801 på Solum i Kilebygda, g. 1768 m. Kari Engelsdotter Haukedalen f. 1746, d. 1824. Dei kom til garden Solum like etter gifte og dreiv denne eigedom i all si tid. Kari overlevde sin mann og ho hadde garden fram til 1811 då ho gav opp sitt bu til skifte. Eiga i buet var 356 rdl. og utgiftene berre 21 rdl.
    Kari og Jens sine born er:
    1. Anne Jensdtr. Solum f. 1769, g. 1789 m. Jakob Lorenssen Kongstvet f. 1761, d. 1800, son av Lorens Olsen d. 1812, 83 år og Bergitte Hansdtr. d. 1818, 88 år Kongstvet.
      Anne og Jakob held til på Kongstvet saman med hans foreldre. Jakob vart berre 39 år. Anne har nok nokre år etter hans døydd flytta frå Kongstvet, for i 1811 er ho som enke på finne på Bolvik. Seinare er det ikkje funne noko om henne.
      1. Lorens Jakobsen Kongstvet f. 1789, d. same år.
      2. Ole Jakobsen Kongstvet f. 1790, g. 1816 med han var på Røra, m. Kirsti Taraldsdtr. som var i teneste på Vold f. 1794, dtr. av Kirsti Hansdtr. og Tarald Sondresen Moe Skauen.
        I 1829 budde Ole og Kirsti på Herre i Bamble. Dei var det året til Porsgrunn kyrkje for å døype son Jens. Ole Jakobsen var då nemnd som «Grubeopseer». I den tid var det vanleg at de frå Herre reiste over Frierfjorden til Porsgrunn når barna skulle døypast. Av Ole og Kirsti sine born er funne eit barn der fødselsåret er kjent, men av ei oppgåve i 1869 går det fram at dei har 5 sønner som bur i Porsgrunn. Borna er:
        Jakob - Hans - Jens f. 1829 - Andreas - Tarald Olsen bur i Pestelenseiet - Anne Kirstine Olsdtr. g.m. Halvor Johannesen og bur i Horten.
      3. Lorens Jakobsen Kongstvet f. 1792, d. 1800
      4. Børthe Jakobsdtr. Kongstvet f. 1795, d. 1868 på Bjårstad, g. 1816 m. Gunnar Eriksen Vold f. 1792, d. 1868 som husm. på Bjårstad, son av Erik Gundersen og Karen Marie Børresdtr. Vold.
        Gunnar Eriksen hadde 2 kyr og 3 sauer på plassen og dyrka kveite, bygg, havre og poteter. Elles arbeide han som kolsenkar ved Voldverket.
        Her var det mange born: Jakob f. 1815 - Erik f. 1818 - Karen Marie f. 1821 - Johannes f. 1826, d. 1827 - Johanne Marie f. 1827 - Berthe Gurine f. 1830, d. 1831 - Berthe Gurine f. 1832 - Jens f. 1835, og Johannes f. 1841.
      5. Jens Jakobsen Kongstvet f. 1797, d. 1829 i Løvenskjolds teneste på Vold.
      6. Karen Jakobsdtr. Kongstvet f. 1799, g. 1827 m. Verksarb. på Vold Halvor Hansen f. 1801, d. før 1869. Karen var då enke og budde på Grøtvik.
        Dei hadde borna: Kirsten f. 1827 - Hans f. 1829 - Andreas f. 1835 - Emil Laurits Halvorsen f. 1838, g. 1860 m. Maren Elisabet Pedersdtr. Ånerød f. 1834 - Halvor f. 1840 og Karl f. 1843.
    2. Halvor Jensen Solum f. 1772, d. 1774.
    3. Anund Jensen Solum f. 1773.
    4. Halvor Jensen Solum f. 1885, d. 1859, g. 1803 m. Barbra Stiansdtr. Vassbonn f. 1779, dtr. av Stian Andersen og Ingeborg Engelsdtr. Vassbonn.
      Etter faren var det Halvor og Erik som tok over gardsbruket. Dei har truleg delt eigedomen mellom seg so dei hadde kvar sitt å stella med, for Halvor er nemnd å hava øvre Solum.
      Barbra og Halvor hadde ikkje barn saman, men tok til seg brorson Levor Jakobsen Kongstvet og han kom seinare til å taka over eigedomen.
    5. Erik Jensen Solum f. 1777, d. 1848, g. 1811 n. Anne Stiansdtr. Vassbonn f. 1782 på Herre i Bamble, d. 1852, dtr. av Stian Andersen d. 1809, 72 år og Ingeborg Engelsdtr. d. 1803, 58 år i Vassbonn
      Som ovanfor nemnd var Erik jordbrukar på Solum, seinare kjøpte han og Halvor garden. Den part som Erik hadde overlot han i 1858 til si dotter og svigerson. Anne oh Erik hadde to born:
      1. Jens Eriksen Solum f. 1820, g. 1842 m. Karen Jakobsdtr. f. 1811 i Halsen ved Larvik, dr. av Jakob Teigersen Halsen. Jens var verksvend og oppheld seg i Gjerpen.
      2. Ingeborg Eriksdtr. Solum f. 1817, d. 1861, g. 1841 m. Peder Pedersen Bolvik f. 1818, d. 1877 på Frønes, son av Peder Gundersen og Marie Kristensdtr. Bolvik. Peder 2) g. 1867 og no med Ingeborg Guttormsdtr. f. 1840 i Brunkeberg, d. 1873 på Frønes, dtr. av Husm. Guttorm Kittilsen og Ingeborg Ånundsdtr. Mosli under Berge i Brunkeberg. 3) g. og no med Ingeborg Nilsdtr. f. 1846 i Lundeherad, dtr. av Nils Andersen og Ingeborg Andersdtr. Sandstå under Hovland i Lunde.
        Av sønene var Peder g. i 1865 og Andreas g. i 1872 og dei skulle begge halda til på Solum hos faren, men då faren i 1872 kjøpte Frønes lnr. 174e og flytta dertil med si kone Ingeborg Guttormsdtr. vart det slik at Andreas tok over Solum og broren Peder flytta til Frøneskåsa.
        I Peder Pedersen Bolvik sine 3 ekteskapar var det desse born:
        I første ekteskap:
        1. Skom. Peder Pedersen Solum f. 1841, d. 1907, g. 1865 m. Ingeborg Kirstine Olsdtr. Ødegården f. 1846, d. 1929, dtr. av Ole Olsen og Anne Olsdtr. Ødegården. Dei hadde borna: Ingeborg Marie f. 1865, d. 1866 - Peder f. 1867 - Peder Martinius f. 1870, d. 1879 - Ingeborg Marie f. 1873, d. 1879 - Anna Konstanse f. 1874, d. 1875 - Anna Konstanse f. 1876d. 1879 - Ingeborg f. 1882 - Peder Martinius f. 1886, d. 1907.
        2. Andreas Pedersen Solum f. 1845, d. 1931 i Solumkåsa, g. 1872 m. Anne Jensine Jonasdtr. Bjørbæk f. 1855, d. 1877, dtr. av Jonas Jonsen Gisholt, seinare Bjørbæk og Boel Mathea Jensdtr. Skaugen i Bamble.
          Andreas Pedersen 2) g. 1891 og no med Maren Andrea Larsdtr. Dei var baptistar.
          Dei hadde to born, nemleg Ingeborg Mathea f. 1875, d. 1878 og son Jakob Andreassen f. 1873, d. 1953 i Skien, g. 1895 m. Anne Karoline Høgset i Melum f. 1876, dtr. av skulelærar Ole Kristian Høgset og Kirstine Jensdtr. Dolva.
          Jakob Andreassen bruka alltid etternamnet Solheim i staden for Solum. Jakob Solheim var med å starta A/S Bakken Skofabrikk i 1901 og har gjenom mange år vore disponent for denne fabrikk og gjort eit stort og framgangsrikt arbeid for verksemda. Hans gode administrative evne og reale framferd gjorde mykje til at den no er ein av dei største i bransjen. Jakob Solheim hadde eit religiøst syn på livet og det var nok til styrkje for han i arbeidet.
        3. Elise Pedersdtr. Solum f. 1850, d. 1883 i Gråten, g. 1874 m. Vognmann Jens Andersen Lien f. 1850 i Gjerpen.
        4. Gunnar Edvard Pedersen Solum f. 1853, d. 1921 i Fjeld-dalen, g. 1898 m. Marthe Kirstine Hansdtr. Kåsa under Fjeld f. 1850, dtr. av Hans Jakob Hansen og Karen Marie Larsdtr. Dalen.
        5. Anne Marie Pedersdtr. Solum f. 1859, d. 1862.
        I andre ekteskap:
        1. Jonas Pedersen Frønes f. 1868, d. 1956 i Skien, g. 1891 m. Netta Marie Ellingsen Vikersund f. 1871, dtr. av Trine og Magnus Ellingsen Vikersund.
          Jonas skreiv seg alltid for Solheim. Han kom i ung alder til Skien og etter utdaning vart han kasserar i Bank og seinare direktør i Solum Sparebank. Her var det desse born: Inga Tomine Solheim, g. 1921 m. Gbr. i Ø. Moland Tolev Olsen f. 1893 i Ø. Moland, men var komen til Stormyr - Peder Magnus f. 1892, d. 1915 - Trine Inanda f. 1894, d. 1899 - Josef Nikolai Solheim f. 1896, g. 1920 m. Ragnhild Wold f. 1901, dtr. av Anettte Lauritzen og Ole Wold. Josef er konsulet, cand. oecon. og bur i Oslo - Trine Inanda f. 1901, d. 1902. - Jonas Andreas Solheim, sjefsekretær i Varden i Skien f. 1904, f. 1935 m. Johanne Marie Thorsen, d. 1962, dtr. av Ole og Marie Thorsen. 2) g. 1964 og no med Signe Hellberg, ei dtr. av Samuel og Emilie Hellberg. - Olaf Solheim f. 1907, g. 1935 m. Dagny Helgesen, ei dtr. Magnus og Mary Jacoba Helgesen. Olav Solheim har opphelt seg ei rekke år i Oslo og har vore sjef for folkeregisteret, sjef for rasjoneringa under krigen 1940-45 og no direktør for Ullevål Sjukehuser - Torleif Solheim f. 1913, g. 1940 m. Ingrid Årak, dtr. av Olga Tomine og Mikkel Årak. Torleif er fabrikkstyrar i Seljord.
        2. Ingeborg Karoline Marie Pedersdtr. Frønes f. 1871, g.m. Arb. Løveid, Hans Edvart Elisasen f. 1866, Solummyra, son av Elias Borgersen og Oline Andersdtr. Solummyra.
        I tredje Ekteskap:
        1. Karoline Marie Pedersdtr. Frønes f. 1877.
        2. Ida Nilette Petrea Pedersdtr. Frønes f. 1875, g. 1905 i Amerika m. Helmer Jonsen f. i Båhuslän i Sverige d. 1932.
    6. Engel Jensen Solum f. 1779, d. 1855 som husmann på Findal, g. 1816 med han var på prestegarden hos sokneprest Schwach, med Anne Margrete Hansdtr. f. 1786. Ho var ogso i teneste på prestegarden, d. 1859 på Findal. Engel var husmann under Solum prestegard i mange år før han komtil Findal.
      Anne Margrete og Engel sine born er:
      1. Karen Marie Engelsdtr. f. 1816, d. 1874 på Findal ugift.
      2. Jens Engelsen f. 1819, var på Findal i 1869.
      3. Anne Elisabeth Engelsdtr. f. 1825. Ho var ogso på Findal i 1869.
    7. Ole Jensen Solum f. 1781, d. 1861 i Vassbonn, g. 1810 m. enke Ingeborg Stiansdtr. f. 1777, dtr. av Stian Andersen og Ingeborg Engelsdtr. Vassbonn. Ingeborg Stiansdtr. var første gong gift i 1800 m. Michel Johannesen Eikelund som d. i 1809 berre 34 år i Vassbonn. Ingeborg og Michel var etter gifte i Vassbonn. Ole Jensen vart soleis brukar av Vassbonn ved sitt gifte med Ingeborg.
      I sine to ekteskapar hadde Ingeborg desse born:
      1. Johannes Michelsen Vassbonn f. 1801, g. 1831 m. Anne Hansdtr. Sandkjenn f. 1794, dtr. av Hans Thorsen og Ingeborg Sørensdtr. Sandkjenn.
      2. Stian Michelsen Vassbonn f. 1804. Han vart smedsvend og flytta i 1834 til Osebaken i Gjerpen.
      3. Jens Olsen Vassbonn f. 1810, d. 1872, g.m. Kristine Andersdtr. Limi f. 1811 i Gjerpen.
        Jens held til med familien sin på Vassbonn, men vart sindsjuk og umyndiggjort, so det vart Kristine som dreiv plassen. Dei hadde to born: Ingeborg Olea Jensdtr. f. 1841 og Karen Andrea f. 1843.
      4. Isak Olsen Vassbonn f. 1812, d. 14 dage gml.
      5. Michel Olsen Vassbonn f. 1814. Han kom seinare til Asdal i Bamble.
      6. Isak Olsen Vassbonn f. 1816, d. 1843, g. 1840 m. Anne Torine Andersdtr. Limi f. 1816 i Gjerpen. Dei budde først som inderstfolk på Vassbonn, var so på Findal ei tid og kom so tilbake til Vassbonn som brukar av eigedomen. Dei fekk eit barn, Ingeborg Maria Isaksdtr. f. 1840 i Vassbonn.
        Anne Torine var ganske ung då ho vart enke og gifta seg igjen i 1847 og no med Jørgen Jonsen Sønstvet f. 1808, son av Jon Gundersen og Kirsti Jonsdtr. Sønstvet. Jørgen døydde på Lien i 1870 og er då nemnd som inderst. Anne Torine er so ikkje å finne.
    8. Isak Jensen Solum f. 1784.
    9. Abraham Jensen Solum f. 1788, d. 1869, g.m. Anne Helene Helgesdtr. d. 1869.
      I sine unge år var Abraham hos forvaltar Brun på Herre.
      Anne Helene og Abraham døydde begge i 1869 med ein månands mellomrom på Øvre Rønningen under Herøya gard i Eidanger. Dei hadde ikkje barn. Ved skiftet var det soleis syskena på kvar side som arva. Anne Helene hadde to brorban, nemleg: Marianne Nilsdtr. g.m. Lars Knudsen og budde på Borgestad, - Nils Kristian Nilsen f. 1841. Han var då i Amerika.
    10. Barbara Jensdtr. Solum f. 1791, d. 1883, g. 1828 m. Ole Kristensen f. 1792 i Gjerpen, d. ca. 1871.
      Dei vart husmannsfolk i Oterkil. Ole Kristian vart sindsjuk og umyndiggjort. Her var ete ei dtr. Barbra Olea Olsdtr. f. 1838 i Oterkil. I 1865 var Barbra enke og held framleis til i Oterkil, men for ein stor del opphalde av fatigstellet.
      Barbra Olea Olsdtr. vart. g. 1869 m. enkem. og inderst Hans Andersen Oterkil f. 1835, d.     son av Birthe Vetlesdtr. og Husm. Anders Åsoldsen Oterkil.
    11. Jakob Jensen Solum f. 1893, d. 1866 som enkem. på Solum, g. 1824 m. Kirsti Levorsdtr. Kongstvet f. 1803, d. 1839, dtr. av Levor Halvorsen Kongstvet og Kirsti Jensdtr.
      Jakob vart ved gifte brukar på Kongstvet (som var delt) til garden i 1841 av Nils Løvenskjolds bu vart seld ved auksjon til Vellek Jonsen. Jakob kom so tilbake til Solum.
      Kirsti og Jakob sine born er:
      1. Levor Jakobsen Solum f. 1825 på Kongstvet, d. 1910 på Solum, 1) g. 1850 m. Marianne Hansdtr. Dalen under garden Fjeld f. 1828, d. 1861 på Solum, dtr. av Hans Larsen og Anne Ellevsdtr. Fjeldalen. 2) g. 1862 m. Kristine (Stine) Vetlesdtr. Tollnes f. 1828, d. 1896, dtr. av Vetle Halvorsdtr. Ova i Lunde og Marthe Kristensdtr. Ø. Klyve grunn.
        Levor kom til sin farbror Halvor Jensen og Barbra Stiansdtr. på Solum som ganske ung og vaks her opp på garden. Levor kom seinare til å taka over eigedomen til Halvor og Barbra då dei inga barn hadde i sitt ekteskap.
        1. Halvor Berthinius Levorsen Solheim f. 1851, d. 1942 ugift.
        2. Anne Kirstine Levorsdtr. Solheim f. 1854, d. 1920, g. 1878 m. Halvor Toresius Simonsen f. 1856 på Strand under Rennesund, d. 1938, son av Husm. Simon Halvorsen og Jørgine Torjusdtr. Strand.
        3. Jakob Andreas Levorsen Solheim f. 1858, d. 1933, g. 1882 m. Karen Marie Olsdtr. Plassen under V. Gisholt f. 1859, d. 1907, dtr. av Arb. Ole Jakobsen Plassen og Berthe Elisabet Andersdtr. nordre Fjeld.
          Då Andreas Levorsen gifta seg då han var paktar på Gisholt. Dei hadde borna: Lydia f. 1882, d. som liten - Elise Marie f. 1883, d. 1952, g. 1912 m. Ellev Andreas Andreassen Frønes f. 1855, d. 1967 - Hans Jakob f. 1888. Han reiste til Amerika i 1907 og har gifta seg der, men ein veit berre at hans kone heiter Hanna. - Hanna f. 1889 - Kristine f. 1891, truleg døyd i 1921. - Anne Marie f. 1893, g.m. Jonas Martiniussen Fjeld f. 1893 - Margit f. 1895, d. 1960 - Lydia f. 1898.
        4. Marianne Levorsdtr. Solheim f. 1863, d. 1903, ho var då på Frønes, g. 1884 m. Gardm. Andreas Ellevsen Veholt f. 1861, d. 1916 på Frønes, son av Ellev Isaksen Frønes og Anne Kirstine Halvorsdtr. Kalstad. Sjå vidare s. 387.
        5. Karoline Levorsdtr. Solheim f. 1865, d. 1953, g. 1903 m. Halvor Randinius Halvorsen Dalene f. 1856, d. 1948. Sjå vidare s. 406.
        6. Martinius Levorsen Solheim f. 1867, d. 1956, g. 1900 m. Ingeborg Amalie Jonsdtr. Stavdal f. 1870, d. 1937, dtr. av Jon Jonsen Stavdal og Maren Anne Nilsdtr. Vikle. Ved gifte var Martinius kjøpm. i Skien. Dei har ei dotter Johanne Kristine f. 1901 i Skien, g. 1929 m. Hans Nilsen Åfoss Røra f. 1888, d. 1952, son av Kirsten Marie Hansdtr. og Nils Martinius Isaksen Røra.
          Johanne Kristine var ved gifte hos sine foreldre på garden Grøtvik og Hans Røra var gardbrukar på Ødegarden (Ørevik).
        7. Lydia Levorsdtr. Solheim f. 1871, d. 1959, g. 1915 m. Emisær Anders Thomassen Årbo Skotfoss, f. 1869, i Sannidal, d. 1928, son av Thomas Augonsen Årbo og Ingeborg Halvorsdtr. Vala, begge frå Gjerstad.
      2. Jens Jakobsen Solum f. 1828 på Kongstvet, d. 1865 i Vassbonn, g. 1856 m. Karen Johanne Johannesdtr. Eikelund f. 1833, dtr. av Johannes Jakobsen og Anne Kirstine Nilsdtr. Eikelund.
        Karen og Jens held til på Roparkåsa som var plass under Vassbonn. Her hadde dei ei kyr og 3 sauer.
        Karen og Jens sine born er:
        1. Kirsten Andrea Jensdtr. f. 1856 i Eikelund, d. same år.
        2. Kirsten Andrea Jensdtr. Vassbonn f. 1857.
        3. Hanna Kirstine Jensdtr. Vassbonn f. 1859, seinare gift til Heisholt og so utvandra.
        4. Laura Jakobine Jensdtr. Vassbonn f. 1863, d. som liten.
        5. Laura Jakobine Jensdtr. Vassbonn f. 1854, d. 1917, g.m. Isak Isaksen Skien f. 1868, son av Gunhild og Lars Isaksen Skien.
          Dei har borna: Magnhild f. 1894, d. 1957 ug. - Ludvik Isaksen f. 1895 i Skien, g. 1918 m. Klara Italie Karlsdtr. f. 1900, dtr. av Karl Jensen Gjærum Skotfoss og Ingeborg Olsdtr. Årenodt i Bø - Jens f. 1898, g.m. Marie Pedersen Skien - Johannes f. 1901, d. 1967, g.m. Anna Vestlund Skien - Ingvald f. 1903 - Håkon f. 106, g.m. Olufine Hansen Skien.
        6. Johan Jakob Jensen Vassbonn f. 1867, d. som liten.
        7. Isak Kornelius Jensen Vassbonn f. 1869, d. 1955, g.m. Inga Kristiansen f. 1871, d. 1945. Dei har borna: Maggi Alvilde f. 1898, d. 1916 - Gerda f. 1900, g.m. Jon Pedersen Holm f. 1902 - Yngvar, f. 1902. Reiste til Amerika i 1923 - Dagmar f. 1904, g.m. Albert Gulseth f. 1900 - Konrad f. 1906, g.m. Ruth Abrahamsen - Henry f. 1908, d. 1964, g.m. Lillian Torgersen f. 1908 - Anker f. 1910, g.m. Judith Evensen - Arne f. 1912, d. 1936 ug.
      3. Halvor Jakobsen Solum f. 1835, d. 194 på Røysland i Vegårdshei, g. 1857 m. Anne Jakobsdtr. Bakken. Halvor utflytta i 1860 står det til Røysland i Vegårdshei, men det er truleg at han har vore i Vegårdshei før den tid og ikkje meld frå om utflyttinga. Det nemnast at han kring 1870 kjøpte garden Lindland i Vegårdshei og hadde denne til 1896 då han selde og kjøpte Røysland.
        Anne og Halvor sine born er:
        1. Jakob Halvorsen f. 1859. Han reiste seinare til Amerika der han vart prest. Han vart ogso gift der men ein har berre namna på borna som er: Agnes og Lydia.
        2. Ole Halvorsen. Han reiste ogso til Amerika og er døyd der.
        3. Andreas Halvorsen f. ca. 1864. Han omkom ved vådeskot under jakt våren 1879.
        4. Jens Halvorsen f. 1870, d. 1931, g.m. Sofie Evensdtr. f. i Gjerstad. Dei hadde mange born, nemleg: Anne Jensdtr. g.m. Jon Mathisen Tvedestrand - Halvor g.m. Kristine Moforsbakken Drangedal - Einar Jensen - Jakob g.m. Frida Larsen - Kari g.m. Knut Øvernes Holt - Hally g.m. Tormod Øylandsdal Søndeled - Sigurd g.m. Gunvor Kilen - Torleif g.m. Marit Dolva Skotfoss - Agnes g.m. Aage Songe.
        5. Kristine Halvorsdtr.f. 1875, d. 1967, g.m. Kristen Andersen Langmyr frå Holt. Her er det 4 born: Terjer Kristensdtr. g.m. Skulestyrar Halfdan Eide Hamar - Adolf Kristensen. Reiste til Canada og er døyd der. - Karen er ugift. - Halvor Kristensen Røysland g.m. Ingebjørg Årnes Gvarv.
        6. Andreas Halvorsen f. 1879, d. 1903, ug.
        7. Halvor Halvorsen f. 1882, d. 1967. Han var i Amerika i mange år og har truleg vore ugift.
        8. Ingvald Halvorsen f. 1884, g.m. KarenSønningsdtr. som var frå Søndeled.
          Dei hadde borna: Halvor Ingvaldsen. Han reiste til Amerika og er gift der. - Sigrid g.m. Toralf Tengelsen Tvedestrand - Kristian Juul g.m. Berthe Ellevsdtr. Løvdal Søndeled - Erling g.m. Vira Knutsen frå Risør - Hjalmar g.m. Ragnhild Pedersen frå Flosta - Aud g.m. Paul Pettersen.
        9. Ingeborg (Emma) f. 1887, d. 1962, g.m. Svend Bosdal frå Rødenes i Austfold.
          Her var det 5 born: Olaf g.m. Ingeborg Jensen frå Kragerø - Ingeborg f.m. Ellev Songe frå Holt - Håkon g.m. Aslaug Røyneland Søndeled - Markus g.m. Aslaug Martinsen Søndeled - Anne g.m. Erlinh Laugto frå Leinstrand i Trøndelag.
      4. Karen Kirstine Jakobsdtr. Solum g. 1838 på Kongstvet, g. 1864 m. Kittil Velleksen Steinsrød f. 1835 i Bø. Kittil innflytta i 1851 til Steinsrød som tenar.
        Dei reiste våren 1866 til Amerika og hadde med seg si dtr. Ingeborg Kirstine f. 1864 i Vassbonn.
      5. Isak Jakobsen Solum f. 1832 Kongstvet, d. som liten.
      6. David Jørgen Jakobsen Kongstvet f. 1835, d. som liten.
  2. Ole Eriksen Gisholt f. 1746 på Tvara i Holla, d. 1774 på Gisholt, g. 1776 m. Åse Andersdtr. f. 1743 på Gjerstad gard i Gjerstad, dtr. av Anders Rasmussen Kveim i Gjerstad f. 1704, d. 1771 på Gisholt og Asle Sigvaldsdtr. Mostad i Gjerstad f. 1706. Asle Mostad 2) g. 1775 m. Knut Nilsen frå Valle i Setesdalen.

    «Anders Rasmussen Kveim og Asle Sigvaldsdotter Mostad kom ved gifte i 1776 til å bu på Kveim dei første åra og her er to av borna fødde, nemleg: Rasmus Andersen f. 1738. Han kom seinare til Rausanlia og so til V. Gisholt der han døydde i 1791, gift i Gjerstad med Kirsten Svensdtr. Kveim f. 1730, d. 1800 på Gisholt, dtr. av Sven Rasmussen Kveim og Ingeborg Sjursdtr. Tangen. Dei har blant andre born, son Halvor Rasmussen Gisholt, truleg f. 1860 i Rausanlia g.m. Marthe Thorsdtr. Lunden i Gjerstad. - Ingeborg Andersdtr. f. 1730, d. 1732. Anders og Asle kom so til Lunden og her fekk dei to born: Kirsten f. 1733 og Ingeborg f. 1736, d. 1749.
    På Gjerstad gard fekk dei borna: Anne f. 1739 - Åse f. 1743, g.m. Ole Eriksen som nemnd ovanfor - Sigvald f. 1746 og Halvor f. 1748. Asle og Anders kom so til Rausanlia før dei kom til vestre Gisholt.
    På Gisholt var i 1762 enkem. Vrål Gundersen. Han reiste bort i 1764 og det er truleg at Anders Rasmussen har teke over eigedomen etter han.»
    Åse og Ole Eriksen held til på Gisholt og dei fekk i sitt korte ekteskap 3 born:
    1. Aslaug Olsdtr. Gisholt f. 1766, d. 1783 på Sjøtvet.
    2. Kirsten Olsdtr. Gisholt f. 1771, g. 1795 m. Sven Sivertsn Elgtvet f. 1764, son av Sivert Svensen og Ingeborg Borgesdtr. Elgtvet.
      Kirsten og Sven held til på ein plass under Gisholt og her er 5 av borna fødde, men mane av dei døydde små slik at då dei våren 1822 flytta til Hovstein i Bamble barre hadde dottera Åse f. 1812 med seg.
    3. Ingeborg Olsdtr. Gisholt f. 1773, d. 1828 på Eikelund, g. 1805 m. Anders Johannesen Eikelund f. 1779, d. 1853 i Eikelundskåsene. Etter Ingeborgs døyd, gifta Anders seg igjen i 1829 og no med enke Gunhild Torjusdtr. Moen f. 1782.
      Ingeborg og Anders flytta nokso mykje rundt til ymse stader i Solum. I 1806 er dei på plassen Qvia under garden Bolvik, 1810 på Bjørntvet, so er Anders husmann i Eikelundskåsene og son av Johannes Michelsen Eikelund og Ingeborg Jakobsdtr. Sønstvet.
      Det er funne at Kirsten og Anders hadde 10 born:
      1. Ingeborg Andersdtr. Eikelund f. 1805.
      2. Anne Andersdtr. Eikelund f. 1806.
      3. Johannes Andersen Eikelund f.1810, g. 1850 m. Marthe Karine Thorsdtr. Gimsøy kloster f. 1800, dtr. av Thor Andersen og Pernille Nilsdtr. Nyhus.
      4. Ole Andersen Eikelund f. 1814.
      5. Anne Andersdtr. Eikelund f. 1816, g. 1845 m. Jakob Ingebretsen Knardalstrand f. 1823, son av Ingebret Mathiassen Svindholt og Kirsten Torstensdtr. Knardalstrand.
      6. Karen Andersdtr. Eikelund f. 1818.
      7. Anders Andersen Eikelund f. 1820, d. 1838.
      8. Inger Andersdtr. Eikelund f. 1822, d. 1829.
      9. Jakob Andersen Eikelund f. 1825, d. 1828.
      10. Jonas Andersen Eikelund f. 1827, d. 1828.
    4. Anna Olsdtr. Gisholt f. 1773 (tvilling med Ingeborg), d. 1826, g. 1797 m. Jakob Johannesen Eikelund f. 1767, d. 1831, sin av Johannes Michelsen Eikelund og Ingeborg Jakobsdtr. Sønstvet.
      Anna og Jakob var brukarfolk i Eikelund all si tid. Av husdyr var her 2 kyr, 2 kalvar og 5 sauer. Skiftet etter Jakob synte 44 spd. i overskot.
      Anna og Jakob hadde 4 born:
      1. Anna Jakobsdtr. Eikelund f. 1798, d. 1867 som enke på Frønes, g. 1828 m. Mathias Olsen Loa f. 1796, d. 1858, son av husm. Ole Mathiassen d. 1835, 78 år, og Torgon Svennungsdtr. Loa d. 1835, 74 år. Ole og Torgon vart gavlagd i samme grav.
        Anne og Mathias var husmannsfolk i Loa. Då Mathias døydde og son Ole var blitt husmann på Lauplassen flytta Anna til han.
        Borna til Anne og Mathias var:
        1. Ole Matiassen Loa f. 1830, g. 1862 m. Anna Olsdtr. f. 1841 i Hjartdal.
        2. Jakob Mathiassen Loa f. 1831. Han reiste i 1863 til Amerika.
        3. Anders Mathiassen Loa f. 1833, d. 1851.
        4. Torberg Andrea Mathiasdtr. Loa f. 1834. Sjå vidare s. 183.
        5. Berthe Maria Mathiasdtr. Loa f. 1837, d. 1854.
        6. Jens Andreas Mathiassen Loa f. 1841, g. 1866 m. Karen Andrea Jensdtr. Vassbonn f. 1843, dtr. av Jens Olsen Vassbonn og Kristine Andersdtr. Limi.
      2. Johannes Jakobsen Eikelund f. 1801, d. 1838 då han hengte seg sjølv, g. 1825 m. Anne Kirstine Nilsdtr. Dolva f. 1802, dtr. av Nils Larsen Fjeld og Kirsti Andersdtr. Dolva. Anne Kirstine vart 2) g. 1842 og no med Lars Kristensen Kalstad. Sjå vidare om desse s. 373.
        Anne Kirstine og Johannes sinen born er:
        1. Anne Kirstine Johannesdtr. Eikelund f. 1826, g. 1852 m. Abraham Abrahamsen Hanes d. 1823, son av Kirsten Andersdtr. og Abraham Larsen Hanes.
        2. Jakob Johannesen Eikelund f. 1828, d. 1865, g. 1859 m. Ingeborg Olea Jensdtr. Vassbonn f. 1841, dtr. av Jens Olsen Vassbonn og Kristine Andersdtr. Limi.
        3. Karen Johanne Johannesdtr. Eikelund f. 1833, g. 1856 m. Jens Jakobsen Solum f. 1828, son av Jakob Jensen Solum og Kirsti Levorsdtr. Kongstvet. Sjå vidare s. 430.
      3. Ingeborg Jakobsdtr. Eikelund f. 1803, d. 1884 på Aspheim, g. 1830 m. Ole Pedersen Aspheim f, 1799, d, 1876, son av Peder Olsen Aspheim og Marthe Haraldsdtr. Skjelbreid, ei dtr. av Harald Amundsen og Eli Fredriksdtr. Skjelbreid.
      4. Ole Jakobsen Eikelund f. 1808, g. 1836 m. Kirsten Halvorsdtr. Slettemo f. 1813, dtr. av Halvor Nilsen og Anne Halvorsdtr. Slettemo.
        Dei oppheld seg på Eikelund dei første åra. Ole Jakobsen var skreddar og kom kring 1844 til Ådna der han vart husmann. Etter 1855 er dei blitt borte.
        1. Andrea Olsdtr. Eikelund f. 1838.
        2. Jakob Olsen Eikelund f. 1843.
        3. Hanna Kirstine Olsdtr. Ådna f. 1845.
        4. Ingeborg Elise Olsdtr. Ådna f. 1850, d. 1855.
  3. Rasmus Eriksen Gisholt f. 1748 på Tvara i Holla, d. 1803 på Gisholt, g. 1772 m. Anne Jonsdtr. Øya f. 1752, d. 1832 på Gisholt, dtr. av Jon Pedersen og Karen Korneliusdtr. Øya.
    Sjå vidare under ledd 4.
  4. Anne Eriksdtr. Gisholt f. 1751, d. 1752,
  5. Marthe Eriksdtr. Gisholt f. 1753, g. 1771 m. Ole Halvoren Herøya.
  6. Svend Eriksen Gisholt f. 1758, d. same år.
Utdrag (s. 419-442) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen