Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

3. ledd

Halvor Olsen Kalstad

Halvor Olsen og den eldre systera Kirsti kom i 1764 frå Holla med sine foreldre til Kalstad i Kilebygda. Då Halvor gifta seg i 1785 med Anne Olsdtr. Langen var dei busette på Klastad i omlag 3 år. Dottera Ingeborg og son Ole er fødde her. Ole som er fødd først på året 1788 på Kalstad er døydd 4 mnd. gamal same år på Fjeld. Anne og Halvor har soleis flytta til Fjeld i denne tid. Ved skiftet etter Anne i 1795 var det av husdyr på garden 1 hest, 4 kyr, 1 kvige, 5 sauer og 2 gjeitar.

I sine to ekteskapar hadde Halvor desse born:

  1. Ingeborg Halvorsdtr. Kalstad f. 1786, g. 1811 m. soldat Frans Pettersen Lunde f. 1778, d. 1860 i Kåsene under garden Dolva, son av Anna Nilsdtr. Marum og Peder Fransen Ramshart.
    «Peder Fransen Ramshart var g. 1777 m. Anna Nilsdtr. Marum. Dei budde på plassen Kåsa under øvre Bergan. Plassens jord var 7 mål i lengde og 1 mål i bredde og av Peder rydda av skog og stubmark. Her hadde han ogso bygd hus. Anna døydde her i 1789, 42 år og etterlot seg to born. Frans f. 1778 og Nils f. 1786.»
    Frans Pettersen 2) g. 1815 m. Marthe Marie Larsdtr. som var tenestejente på Dolva f. 1794 og dtr. av Lars Bærulfsen og Kari Ougensdtr. Lerveg. Frans som då var på Lunde, busette seg etter gifte i Dolvakåsene. Det er funne 3 born som alle er fødde i Dolvakåsene, nemleg:
    1. Ingeborg Maria Fransdtr. Dolvakåsene f. 1851.
    2. Anne Fransdtr. Dolvakåsene f. 1818, 1) g. 1841 m. tenar på Dolva Hans Olsen f. 1816 i Fjærestrand, son av Gjestgjevar Ole Torgersen og Kirsten Hansdtr. Fjærestrand- 2) g. 1848 m. Andreas Hansen f. 1823 på Herre i Bamble.
    3. Karen Margrete Fransdtr. Dolvakåsene f. 1822.
  2. Ole Halvorsen Kalstad f. 1788, d. same år på Fjeld.
  3. Kirsti Halvorsdtr. Kalstad f. 1789 på Fjeld, d. 1849, 1) g. 1811 m. soldat Søren Larsen Eikelund f. 1783, d. 1817, son av Lars Michelsen og Maren Sørensdtr. Tollnes. 2) g. 1817 m. Peter Larsen Siljan i Bamble f. 1788, d. 1850, son av Lars Andersen og Anne Margrete Pettersdtr. Siljan. Søren Larsen og Kirsti budde i Eikelund.
    Deira borne er:
    1. Lars Sørensen Eikelund f. 1812, d. same år.
    2. Halvor Sørensen Eikelund f. 1816. d. 1835 då han fall i ei elv.
    3. Lars Sørensen Eikelund f. 1813, d. 1884, g. 1852 m. enke Anne Olsdtr. Kongstvet f. 1810 i Haukedalen, d. 1897, dtr. av Ole Jensen og Mari Gulleksdtr. Haukedalen. Dei fekk eit barn, Kirstine Vilhelmine f. 1852, d. 1865.
      Lars Sørensen vart med sitt gifte gardmann på Kongstvet.
      «Anne Olsdtr. Kongstvet var første gong gift 1833 m. Vellek Jonsen Hunnekilen som var plass under garden Rørholt i Bamble f. 1798, d. 1851 i Kongstvet.
      Anne og Vellek var etter gifte i Hunnekilen fram til 1838. Då flytta dei til Kongstvet der Vellek vart gardbrukar. I 1841 kjøpte han eigedomen av skyld 4-4-17 skj. for 1336 spd. ved auksjon i buet til Forstjunker og Jernverkseigar Nils Løvenskjold. I 1846 selde Vellek ifrå gardparten Bjåland til Hans Olsen f. 1818 (son av Ole Hansen Bjåland og Barbra Ellevsdtr. Kongstvet), g. 1847 m. Anne Olsdtr. Hauen f. 1825, dtr. av Ole Andersen og Åvet Johannesdotter Hustveteie.
      Anne og Vellek sine born er:
      1. Anne Velleksdtr. f. 1834 i Hunnekilen, g. 1855 m. Jørgen Larsen Sannesmoen f. 1831, d. 1906 i Kåsa under Kongstvet.
      2. Maren Velleksdtr. f. 1836 i Hunnekilen, g. 1857 m. Isak Hansen V. Gisholt f. 1831, d. 1875. Dei budde i Perskås. Maren 2) g. 1877 m. Arb. Jens Torjussen Høydalen f. 1858 i Odden, son av Torjus Olsen g. 1856 m. Olea Jensdtr. Odden d. 1861 i Høydalen (Torjus Olsen 2) g. 1863 m. Oleas syster Anne Jensdtr. f. 1827, dtr. av Jens Olsen og Liv Jonsdtr. Haukedalen. Torjus var f. 1826, d. 1925 i Høydalen. Anne d. 1912 som enke på Teigen i Holla då ho hengte seg sjølv. Begr. i Landsmarka i Lunde.)
      3. Anders Velleksen f. 1837 i Hunnekilen.
      4. Karen Velleksdtr. Kongstvet f. 1839, g. 1856 m. Lars Jørgensen Nes f. 1828, son av Jørgen Jonsen Nes og Karen Kirstine Pedersdtr. Meltvet.
      5. Live Andrea og Jon, tvillingar, f. 1842, d. same år.
      6. Ingeborg Velleksdtr. Kongstvet f. 1844, g. 1862 m. Hans Hansen Kåsa f. 1836, son av Hans Jakob Hansen og Kirsten Halvorsdotter Fjeldkåsa.
      7. Olea Velleksdtr. Kongstvet f. 1846, g. 1869 m. Halvor Halvorsen Strand under Rennesund, seinare Kongstvet f. 1844, son av Husm. Halvor Halvorsen Strand og Kirsti Knudsdtr. V. Gisholt.
      8. Jonas Velleksen Kongstvet f. 1849, d. same år.
      9. Johanne Velleksdtr. Kongstvet f. 1851, d. 1852.»
    4. Søren Pettersen f. 1818, d. 1825 på Eikelund.
    5. Anne Margrete Pettersdtr. Eikelund f. 1822, d. 1825.
    6. Anne Margrete Pettersdtr. Eikelund f. 1828. d. 1869, g. 1851 m. Halvor Halvorsen Kalstad f. 1824, d. 1904, son av Halvor Sånundsen vestre Gisholt og Anne Elisabeth Halvorsdtr. Fjeld.
      Gm. Halvor Halvorsen som no var på Eikelund vart 2) g. 1871 og no med Anne Bolette Mathiasdtr. Bjåland f. 1852, d. 1937 på Hummelsgård, dtr. av Mathias Jonsen Gisholt og Marthe Maria Olsdtr. Hovsteinseiet i Bamble.
      Anne Margrete mottok garden Eikelund nr. 166 etter sin far og Halvor fekk soleis eigedom med kona. Dei var bondefolk på Eikelund i mange år. I slutten av 1880-åra vart eigedomen seld og dei kom då til Hummelsgård i Melum.
      I Halvors første ekteskap var det to born:
      1. Kirstine Petrea Halvorsdtr. Eikelund f. 1853, g. 1870 m. Peder Kristensen Fjeld f. 1835, son av Skreddar Kristen Pedersen Aspheim og Anne Jakobsdtr. Haukedlen.
        Peder Kristensen hadde før han gifta seg kjøpt gard på Høgset, so her kunne Kristine verta husmor. Dei var baptistar. Peder selde Høgset igjen i 1899 og seinare har det ikkje vore noko å finna om familien. Av borna er desse fødde på Høgset, nemleg: Anne Marie og Hanne Karoline som var tvillingar f. 1872 - Kristian f. 1874 - Amalie f. 1876 - Kirstine f. 1881 - Peder Kristian f. 1883.
      2. Hanna Andrea Halvorsdtr. Eikelund f. 1860, g. 1883 m. Halvor Jonsen Fjeld f. 1853, son av Jon Halvorsen og Anne Kirstine Jakobsdtr. Fjeld.
      3. Mathias Halvorsen f. 1891 på Hummelsgård, g. 1912 m. Inger Nilsdtr. Ødegård f. 1892, dtr. av Nils Olsen Ødegård f. 1856 i Lunde, d. 1941 og Anne Kristine Larsdtr. Thyrholm f. 1861, d. 1939.
        Mathias Hummelsgård tok over garden etter faren og har drivi denne fram til ein god eigedom med nesten nyskapte huser.
        Inger og Mathias har desse borna:
        1. Anna f. 1914, g. 1934 m. Andreas Hansen Stavdal f. 1895, son av Hans Olsen Høgset og Anne Karoline Andersdtr. Stavdal. Anne 2) g. 1943 m. Gunnar Bratsberg f. 1917 son av Ole Martinius Gundersen Bratsberg og Anne Jensine Jonasdtr. Bjørbæk. Dei har borna: Ole Martin f. 1946 og Jan Ingar f. 1950.
        2. Helga f. 1917, g. 1944 m. Olaf Strand f. 1914.
          Her er det 3 born: Sonja f. 1945, g. 1967 m. Rolf Ness i Drammen - Inger f. 1948 og Eilev f. 1953.
        3. Astrid f. 1918, g. 1937 m. August Hansen Holmen f. 1903, son av Hans Hansen og Ingeborg Tomine Thomasdtr. Holmen. Astrid og August Holmen har 7 born: Randi f. 1938, g. 1964 m. Kåre Molvik f. 1928 i Molde - Jenny f. 1940, ug. - Hans f. 1941, ug. - Mathias f. 1944, g. 1964 m. Nelly Dahle f. 1944 Nordagutu - Inger Tomine f. 1946 - Ingrid Synøve f. 1952 og Ole f. 1954.
        4. Halvor Mathiassen f. 1921, d. same år.
        5. Nils f. 1923, g. 1947 m. Eldbjørg Hansen f. 1922 i Nissedal, dtr. av Knut Hansen Heimdal og kone Torbjørg, i Treungen.
          Dei har to born: Svein Mathias f. 1948, g. 1968 m. Mari Andrea f. 1946 i Grimsta, dtr. av Olaus O. Søndeland og Anne Margrete Vogsland Tørdal. - Anne Torbjørg f. 1952 er skuleelev.
    7. Ingeborg Kirstine Pettersdtr. Eikelund f. 1833, d. 1938.
  4. Halvor Halvorsen f. 1796 på Fjeld, d. 1870, g. 1821 m. Maren Jonsdtr. Stavdal f. 1798, d. 1883 på Stavdal, dtr. av Jon Jonsen Stavdal og Anne Eriksdtr. Nes.
    Sjå nermare om familien under ledd 4, side 391.
  5. Anne Halvorsdtr. Fjeld f. 1799, d. same år.
  6. Anne Elisabeth Halvorsdtr. Fjeld f. 1800, d. 1875, g. 1821 m. Halvor Såmundsen vestre Gisholt f. 1791, d. 1881, son av Såmund Halvorsen Kalstad og Anne Jensdtr. Langeland i Helgja.
    Anne og Halvor var brukarfolk på søre Kalstad all si tid. Dei hadde desse born:
    1. Anne Kirstine Halvorsdtr. Kalstad f. 1822, d. 1893 på Veholt, g. 1844 m. Gm. Ellev Isaksen Frønes f. 1816, d. 1875 på Veholt, son av Isak Ellevsen Frønes og Ingeborg Kristensdtr. Holtan i Solum.
      I 1841 kjøpte Ellev 2 huder i Frønes av Nils Løvenskjolds bu, men overdrog denne seinare til sin bror Kristen Isaksen. Ellev Isaksen kom so til Veholt i 1853 då han saman med sin bror Mikkel Isaksen kjøpte Veholt av skyld 7-1-2 skj. av Jørgen Møller for 600 spd. Dei delte so garden mellom seg.
      Anne Kirstine og Ellev sine born er:
      1. Ingeborg Elise Ellevsdtr. Frønes f. 1856, d. 1925, g. 1880 m. Tollev Eriksen som då oppheld seg på Frønes f. 1853 i Nes i Sauherad, d. 1930, son av Leiglending Erik Evensen Tangen under garden Norendal i Nes i Sauherad f. 1821, g. 1846 m. Gunhild Kittilsdtr. Huset f. 1818 Nes i Sauherad.
        Tollev Eriksen var Murar av yrke og mange er dei arbeider han har utført med dugande hand kring Skiensfjorden. Einar Dagsrud Åfoss har i Solum historielags Tidsskrift skrivi ein innlegg om han som her vart teke med i noko avstutta form:
        «Tollev Eriksen Veholt kom ganske ung gårdsgutt til Vold i Solum. Seinere kom han i arbeid hos en gammel murer som hette Gunde til fornamn. Denne Gunde bygde en isdam i Grøtvikdalen, men då vannet ble satt på tålte den ikke trykket. Tollef Eriksen begynte snart som murer på egen hånd.
        Hvilken arbeider han utførte i den første tida kjenner en ikke til, men vi vet at han satte opp igjen en veimur i Skjelbredstrand etter den var rast ut. På Skjelbred satte han også opp et steinfjøs. Grunnmuren under ishusene på Sigbjørn ved Voldsfjorden er også Tollefs verk. Etter den store brannen i Skien 1886 arbeidet han der i flere år. Blant andre arbeider var han med på grunnmuren under meieriet. Han var også med på å mure den store muren mot Hjellevannet. I nittiåra utførte han flere murarbeider for Croft, en engelskmann som hadde eid Vold og Nenseth Bruk, men som nå var flytta til Gjermundsholmen ved Stathelle. Denne holmen har sidan fått navnet Croftholmen. Her på Holmen oppførte Fredrik Croft en herskapelig bebyggelse, og her kan vi i dag se flere vakre murarbeider som Tollef har vært mester for. (Croftholmen er nå utstyrt som et «skoleskip på land». Der er nå yrkesskolen for sjømenn.)
        Omkring 1900 oppførte Tollef og to av brørne hans, Kittil og Lars, en stor dam ved Hellestvetvannet ovenfor Herre. Den kalles Kongens dam og var under arbeid i tre år.
        På Herre utførte han flere arbeider, bl.a. fundamentene til kraftstasjon, brukar til veibrua over elva, mur under Herre festevitetslokale og en av hans vakreste arbeider i den tid, muren under Herre kirke.»
        Her kunne nemnast mange fleire musarbeider som Tollev har utført, men berre funne å kunna taka med dette ovanfor.
        På grunn av at familien har flytta til ymse stader, er borna fødde på ymse stader, nemleg:
        1. Erik Tollevsen f. 1881 på Frønes. Han reiste seinare til Amerika og er døyd i Spokane Wash.
          Om hans gifte har ein berre kjennskap til at kona heite Othilie og at dei hadde eit barn Bjørn Theodor.
        2. Ellev Andreas Tollevsen f. 1883 på Frønes, d. 1930, g.m. Laura Johanne Kristensdtr. f. 1984.
          Ellev Andreas var ansatt ved Jernbanen. Dei hadde desse born: Torleif Kristian Veholt f. 1908 som vart verktøysmed, g. 1938 m. Olga Marie Gundersen Skotfoss f. 1912 - Elly Bergliot - Magnhild - Børn Walter f. 1916 i Bamble, g. 1942 m. Borgny Eleonore Åsheim f. 1920 - Jens Berner f. 1918, g. 1942 m. Erna Kristiansen f. 1916 på Notodden - Arne Veholt
        3. Jakob Gunelius Tollevsen Veholt f. 1884 på Herre.
        4. Isak Otto Tollevsen Veholt f. 1888 på Herre. Han reiste til Amerka og er i Spokane, Wash.
        5. Herman Marius Tollevsen Veholt f. 1891, d. 1961 på Vold, g. 1919 m. Anna Pedersen Vold f. 1900.
        6. Hanna Marie Tollevsdtr. Veholt f. 1893, g. 1913 m. enkem. Gbr. Halvor Martiniussen Fjeld f. 1882, d. 1943.
        7. August Randinius Tollevsen Veholt f. 1897, d. 1971
        8. Trygve Ingvald Tollevsen Veholt f. 1900, g.m. Elly Veholt f. 1910. Dei har ei dtr. Inger Lise.
      2. Ingeborg Elise Ellevsdtr. Frønes f. 1845, d. 1852.
      3. Smed Halvor Ellevsen f. 1848 på Frønes, d. 1887.
      4. Isak Ellevsen Frønes f. 1846, d. 1890 på Veholt.
      5. Karen Andrea Berthea Ellevsdtr. Frønes f. 1849, g. 1880 m. Jens Jonsen Rugkåsa f. 1852.
      6. Anne Kirstine Ellevsdtr. Frønes f. 1850, d. 1887, g. 1880 m. Skom. Halvor Kittilsen f. 1852 i Seljord.
      7. Kristen Ellevsen Frønes f. 1852. Han reiste seinare til Amerika.
      8. Jakob Ellevsen Veholt f. 1854, d. 1879.
      9. Hanna Marie Ellevsdtr. Veholt f. 1858, d. 1890.
      10. Abraham Ellevsen Veholt f. 1859. Han var snekker og døydde i 1952, g. 1889 m. Petrea Olava Anundsdtr. Bratsberg f. 1859, dtr. av Lærar Anund Olsen og Ingeborg Regine Pedersdtr. Loa.
      11. Andreas Ellevsen Veholt, seinare Frønes, f. 1861, d. 1916, g. 1884 m. Marie Anne Levorsdtr. Solum f. 1863, d. 1942 dtr. av Levor Jakobsen Solum og Kristine Vetlesdtr. Tollnes.
        Det kan sjå ut som Ellev Isaksen ikkje har gjeve frå seg sin eigedom i Frønes, men at hans bror berre har vore paktar der, for i 1896 har hans son Andreas Ellevsen overteke hans eigedom Frønes for kr. 12 000. Andreas dreiv so denne garden all si tid.
        Av Marie Anne og Andreas sine born er funne:
        1. Ellev Andreas Andreassen Frønes f. 1884, d. 1967, g. 1912 m. Elise Marie Andreasdtr. Solheim f. 1883, d. 1952, dtr. av Jakob Andreas Levorsen Solheim og Karen Marie Olsdtr. Plassen under Gisholt.
          Ellev Andreas vart gardsbestyrar på Tangen-Frønes.
          Dei hadde desse borna:
          1. Halvarda (Varda) Kirstine Ellevsdtr. Tangen-Frønes f. 1912, g. 1934 m. Leif Halvorsen Dalene f. 1906, son av Halvor Randinius Halvorsen Dalene og Karoline Levordsdtr. Solheim.
          2. Astrid Mathilde Ellevsdtr. Tangen-Frønes f. 1914, g. 1938 m. skulelærar i Bamble Erling Karlsen Mønnesland f. 1905 i Halse, son av Sina og Karl Bendix Mønnesland Skien.
          3. Magnus Andreas Ellevsen Tangen-Frønes f. 1916, g.m. Kirsten Andrea Halvorsdtr. Fjeld f. 1918 på Øya, dtr. av Halvor Martiniussen Fjeld og kone av andre ekteskap Hanna Marie Tollevsdtr. Veholt.
        2. Lovise Kirstine Andreasdtr. Frønes f. 1887, d. 1943, g. 1918 m. Ole Jensen Melfald f. 1886, d. 1962, son av Lærar Jens Larsen Melfald og Kirsten Marie Øvrum.
        3. Anna Marie Andreasdtr. Frønes f. 1888, . 1916 m. Gbr. Jakob Andreassen Bjørbæk f. 1881, d. 1944 på Erikstad, son av Andreas Olsen Aspheim, seinare Bjørbæk og Kirsten Olea Thorsdtr. Bjørbæk.
        4. Anne Kirstine Andreasdtr. Frønes f. 1897.
        5. Ingeborg Kirstine Andreasdtr. Frønes f. 1905, g. 1931 m. Nils Steinarsen Øvrebø f. 1904 i Tørdal, son av Steinar Øvrebø og Liv Hansdtr. Løite, Tørdal.
        Av Anne Marie og Andreas sine born er berre nemnd desse 5 born, dei andre borna døydde små.
    2. Halvor Halvorsen Kalstad f. 1824, d. 1904, 1) g. 1851 m. Anne Margrete Pettersdtr. Eikelund f. 1828, d. 1869, dtr. av Petter Larsen Eikelund og Kirsti Halvorsdtr. Fjeld. 2) g. 1871 og no med Anne Bolette Mathiasdtr. Bjåland f. 1852, d. 1937 på Hummelsgård. dtr. av Mathias Jonsen Bjåland og Marthe Marie Olsdtr. Hovsteinseiet.
      Sjå vidare om denne familien side 379.
    3. Ole Halvorsen Kalstad f. 1827, g. 1852 m. Marie Pedersdtr. f. 1828 i Lunde (oppheld seg på Kalstad), dtr. av Peder Thorsen og Kari Hansdtr. Åmodt.
      Marie og Ole var den første tid i Kalstad, budde so som inderstfolk på Frønes til dei i 1857 er kome til Eikelundsbakkane som husmannsfolk. På plassen erhadde dei 1 kyr, 3 sauer og 3 gjeitar.
      Det var mange born i denne familien, nemleg:
      1. Peder Olsen f. 1852 på Kalstad.
      2. Karen Andrea f. 1855 på Frønes, d. 1903. Ho var sindsjuk og budde på plassen Myra.
      3. Marie Olsen f. f. 1857 i Eikelundsbakkane, d. 1859.
      4. Halvor Olsen Bakkane f. 1859, d. 1862
      5. Anne Kirstine Olsen Bakkane f. 1860, d. same år.
      6. Hans Toresius Olsen Bakkane f. 1862, d. same år.
      7. Halvor Olsen Bakkane f. 1863, g. 1885 m. Margit Halvorsdtr. Nermitten Skien f. 1859 i Seljord, dtr. av Husm. Halvor Sørensen og Aslaug Svendsdtr. Nermitten. Ved gifte var Halvor Sjømann og dei budde i Skien.
      8. Hans Toresius Olsen Bakkane f. 1866
      9. Ole Martinius Olsen Bakkane f. 1868.
      10. Thore Olsen Bakkane f. 1871, d. same år.
      11. Andreas Olsen Bakkane f. f. 1875, d. same år.
    4. Birthe Andrea Halvorsdtr. Kalstad f. 1831, g. 1854 m. Hans Pedersen Herre f. 1826 i Lunde, son av Peder Thorsen og Kari Hansdtr. Åmodt.
      Dei hadde ein son Petter Andreas Hansen f. 1854 i Kalstad, seinare er ikkje funne noko om denne familien.
    5. Lars Severin Halvorsen Kalstad f. 1835, g. 1858 m. Anne Kirstine Pedersdtr. Lakåsene f. 1831, dtr. av Sjøm. Peder Olsen og Anne Olsdtr. Lakåsene under garden Ånerød.
      Her er funne 3 born: Hanna Karoline f. 1858 i Kalstad - Halvor f. 1860 i Kalstad og Kristian f. 1871 på Frønes.
    6. Jens Andreas Halvorsen Kalstad f. 1839, d. same år.
    7. Andreas Halvorsen Kalstad f. 1840, d. 1886, g. 1866 m. Åste Jonsdtr. f. 1838 på Tyri i Lundeherad, d. 1886, dtr. av leiglending Jon Evensen og Gunhild Pedersdtr. Tyri.
      Andreas er nemnd som husmann på Kalstad i 1867 og her er dottera Hanna Elisabeth fødd 1867, sidan er familien blitt borte.
Utdrag (s. 374-390) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen