Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd |

1. ledd

Fjeldslekta

Denne slekt som her er nemnd Fjeldslekta og ført fram på mannslina er ikkje funne kor er komen frå til garden Gisholt i Kilebygda. Den tek til med Wrål Gundersen som med sin familie kom til Gishsolt i 1750-åra. Hans kone heite Astrid Knudsdtr. f. 1708, d. 1762.

Ved skiftet var her på garden 2 hestar, 4 kyr, 1 kvige, 3 sauer og gjeit. Her var kolmile under brenning som i avrekning med Kanseliråd Løvenskjold Bolvik Jernverk vart 32.2.18 skj. Ved Bjorvatnet var levert 12 tylter bjelkar for 4 rdl. tylta og 11 tylter sagtømmer for tilsaman 13 rdl. 2 ort.

Skiftet synte ei eige på 101-3-16 skj. og kostnadene var 6-2-6 skj.

Dottera til Wrål var sjukeleg og han hadde vori nøgd til i sin «slette tilstand» å bortselja og bortgjeva for å få betalt arbeidsfolka til gardens innhausting og anna arbeid som han måtte hava folkehjelp til.

Gardens eigar var Kaneliråd Løvenskjold og vart bruka av Wrål som leiglending. Berre yngste son og dottera var heime då kona hans døydde.

Av eit skattemanntall i 1765 for Gisholt står ein merknad om at Wrål Gundersen har reist ut av soknet.
Han har teke med seg dei to heimeverande borna.

Det er seinare ikkje funne noko om denne familien utanom eldste son Ole Vrålsen som same år som faren flytta ut kom frå Holla til Kalstad i Kilebygda.

Av borna til Wrål Gundersen og Astrid Knudsdtr. er funne:

  1. Ole Vrålsen f. ca. 1731, d. 1787 på Kalstad. 1) g.m. Ingeborg Kristensdtr.
    2) g. 1756 m. m. Kirsti Halvorsdtr. Håtvet i Holla f. 1737, d. 1823, dtr. av Halvor Andersen Håtvet, seinare Melteig f. 1708, d. 1746 og Kjersti Nilsdotter Namlaus f. 1712, d. 1743. Sjå vidare under ledd 2.
  2. Knut Vrålsen f. ca. 1738. I 1762 var han i Kjøbenhamn i kongens teneste.
  3. Marthe Vrålsdtr. f. 1741. Ho var ugift i 1763 og utflytta med faren i 1764.
  4. Kristen Vrålsen f. 1743. Han oppheld seg i Kjøbenhamn i 1763.
  5. Gunar Vrålsen f. 1748, utflytta i 1764 med faren.
Utdrag (s. 357-358) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen