Hebridarne | Dei gamle Høglands-regiment i Skottland | Orknøyarne | Shetland | Irland | Man

Fra: I vesterveg

Dei gamle Høglands-regiment i Skottland

av Hans Reynolds

«Det vil slaa kvar nordmann, som ser eit regiment med skottar fare framum at dei er so merkeleg lik vaare eigne.»

Oberst H. Angell.

Høgskotten.
Minne fraa Edinburgh Castle).

Sjaalegt fraa dei stolte bastionar ...
Bretlands «Roma» ligg her for min fot;
fraa kaserna sekkjepipa tonar.
set i høglands-guten hermanns-mod!
Byrg han er av ervde fedra-bunad
- «bondeklædd» gjeng tidt ein bymanns son
i sin heim, ved gjestebod og truna
og i kvar ein gamall bataljon.

Enn i æra held dei Skotlands løva,
raud ho stend som fyrr paa gyllte grunn,
den fekk ingen skamdjerv uven røva,
enn ho hev si kvasse tonn i munn.
Skotske folk, du kann ein ting oss læra,
agta eiget maal og eigi sed,
slaa oss fram til det, eit folk skal vera,
um me so skal velja strid for fred.

Daa eg kom att fraa Hebridferdi, maatte eg venta nokre dagar paa baaten til Orknøyarne og Shetland og nytta no høvet til aa sjaa meg um i Edinburgh med sine mange soge-minne. Det hev vore skrive so mykje um denne forvitnelege byen, at eg skal kje møda lesarane med større derifraa. Eg vil berre nemna, at det var uvanleg gildt aa koma dit og sjaa til dømes det vidgjetne Edinburgh Castle og Holyrood Palace, baae tvo med minne millom anna fraa Maria Stuart si tid. Paa Holyrood slott saa eg eit portræt av den skotske dronningi Margrete, dotter til danekongen Kristian den fyrste. Ved bryllaupet hennar i 1469 med Jakob III av Skottland miste me Orknøyarne og Shetland, av di desse øyarne vart sette i pant for heimangaava. Maalarstykket er ifraa 1484 og millom anna prydd med det norske løvevaapn.

Edinburgh Castle ligg høgt og fritt med storlagd utsyn yver byen og landet i kringum. Paa ein romleg plass framanfor borgi er det stundom parade av eit elder anna gamalt Høglandsregiment. Som me veit, er mannskapet i dei regimenti enno klædd i den fargerike skotske nationalbunad og hev sekkjepipa som krigsmusik. Daa eg vitja borgi, høyrde eg ender og gong «piporne» fraa kaserna. Dei legg ofte mykje arbeid paa eit slikt instrument, og daa kann det kosta baade 80 krunor og meir enn det. I heren er piporne prydd med silkeband og smaa fanor. Eg høyrde eit «keltisk musikkorps», som dei kalla det, fjortan pipor med trummor attaat, men eg tykte best um aa lyda paa ei einsleg pipa. Det andre vart meir uppatt det same for eit framandt øyra. Gildare musik kan du kor som er ikkje bjoda ein høglandsmann. Sekkjepipa og nationalbunaden høver godt ihop. Det er staute karar aa sjaa til, dei skotske soldatarne, naar dei kjem marserande berr-knea, med sylgjor og plæd og drust og dramb. Han hev sans for det nedervde, skotten, og det ligg ei magt i slikt.

Umfram heren held dei ogso nationalbunaden i æra i dei fine samfunds-lag. Det er visst berre eit herrestand i Europa, som enno brukar den gamle nalionalbunaden til fest, og det er det høgskotske. Ein, som hev vore i Inverness og set høglendings-dansen («reelen») tykkjer, at dei dansar i det 20de hundradaaret med same laus-slepte villskap som forfederne deira i det 16de.

Det er vænt i dei skotske Høglandi. Mang ein nordmann hev vorte glad i folkesongarne der burte, t. d. «The blue Bells of Scotland,» (Dei skotske blaaklokkor), der gjenta syng um høglandsguten sin, som hev fare i herferd. Og dertil den vakre songen «My heart is in the Highlands, my heart is not here», den som statsraad Liestøl hev gjeve oss paa norsk:

Min hug er i heian, min hug er 'kje her,
hugen min han leikar bland villdyri der

At det er skyldskap millom den skotske og den norske national-musikken, det er greidt aa høyra, og eg trur, at ein dugande sekkjepipeblaasar fraa Skottland vilde verta vel fagna her i landet, helst i bygderne vaare. Der vilde dei nok skyna og lika musikken hans best. Sekkjepipa er eit gamalt spel i Stor-Britannia og Irland. Dei hev funne sovorne spel gravne inn paa sume steinar paa Orknøyarne. No høyrer me ikkje lenger, segjer ein skotsk forfatter (um Hebridarne), at ein pipar fylgjer onnefolket paa gjordet og held seg bak dei mest seinvorne arbeidarar for aa kvika deim og driva deim.

Paa Dunvegan slott hadde dei eingong i tidi ein skule for «piparar». Dei etla ut præmiar til dei beste læresveinar. Skulen stod under tilsyn av Mac Crimmon: ætti hans hadde fraa gamalt havt embættet som ervelege piparar for eigarane av Dunvegan slott, ætti Macleod. Det er ei hola nære ved slottet, og dit gjekk elevarne for aa øva seg einsleg, og utan at nokon kunde høyra det. Her sat dei paa eit fjellstykke tett attmed sjøen; dei lydde paa attr-ljomen og baare-slagi og spela utav fult hug. No er fjellmusikhallen eit tilhelde for selarne og skarvarne. Piparen til ætti Mac Donald hadde ein slik skule i Plingowen. Der var øvingsplassen ein liten grøn haug. Daa den skotske forfattaren, eg fyrr nemnde, var i Dunvegan, høyrde han «morgonpiporne», og Macleods pipar svara fraa terassen paa slottet.

Enno røyrer sekkjepipe-tonarne hjarte-strengjom hjaa kvar egte høglandsmann. Sekkjepipor er deira rette krigsmusik, og inkje noko Høglandsregiment vilde gaa til slag, utan at soldatarne hadde den gæliske sekkjepipa til aa glada dei upp. Ofte hev piparen stupa i tettaste kuleregnet, medan han moda upp kammeratarne sine til sigr med sin mest fyruge musik. Det hev hendt (til dømes med det 78de Høglandsregiment), at dei maatte stagga piparane, so dei kunde hindra mannskapet fraa aa storma inn paa fienden fyre tidi. Og i andre høve hev det braae «samlings-signal» fraa piparane valdt ein slik framstøytt av skottarne, att fienden hev rømd undan hovudstup.

Fraa uppreisti i India i 1857 heiter det: Høglendingarne løyste ikkje eit skot, tagalle og i tette radir gjekk dei fram som til ei parada. Fyrst skottarne berre var aatti stig fraa kanonorne aat vinstre fiendslege fløy, gav Havelock order til aa gaa paa med bajonetten. Medan sekkjepiporne gnall og med eit hurra, som spahiarne kjende inn aat merg og bein, storma høglendingarne fram; kanonorne vart tekne i ei hast, og no bar det i stormlaup mot midflokken. Ikkje nokon kunde staa imot høglendingarne, naar Havelock førde deim.

Millom sogor fraa eldre tider er ymse minne um piparane i slaget ved Waterloo. Ein «pipemajor» av det «92de» stod her paa ein liten haug. Kulorne fauk som hagl, men han brydde seg ikkje um faaren - han stod ein-traatt og mana kammeratarne med sine eldfriske tonar. Ein av sidemennerne hans fekk eit skot i sekkjepipa i fyrstningi av striden og vart so rasande yver dette, at han drog hoggerten sin og storma inn i slagstaaket, so han kunde faa hemna seg paa han, som hadde øydelagd det kostelege spelet hans. Det lukkast honom og aa gjeva motmannen si nøgd.

Daa ein pipar av det «71de» gjekk fram i slaget ved Vimiera, vart han saara i leggen av ei muskettkula og stygt medfaren. Men han svor, at pipa skulde gjera god hjelp lika fullt. Han sette seg ned paa bakken og tok i med sine mest stridsame tonar for aa kveikja upp soldatarne, og dei slost godt den dagen.

Under stormen paa Cindad Rodrigo var ein pipar av 74de Høglands-regiment fremst. Han gjekk urædd langs med festnings-vollen, medan han spela «The Campbells are coming» (Campbellarne kjem!) til ei kula bora igjenom instrumentet og tagga musikken. Campbell er eit gamalt skotsk ættar-namn. Piparen sette seg roleg ned paa ei lavetta, og medan kulor og granatar peip honom kring øyro, bøtte han skaden og tona upp aa nyo, til stor von-glepp for fienden. For som Walter Scott segjer i ein song: - «Naar ein høgskotsk krigs-mars lét, kor finst daa den fiend, som kann staa seg?»

De minnest kannhenda, segjer den skotske forfattar Cummings, lovordi um dei djerve Høglands-regiment, som gjekk paa med «fljugande fanor og full musik», liksom det gjekk til ei mynstring. Dei, som hev ført deim no til dags, veit sjølv, kor godt desse eigenskaper hev halde ved. Generalmajor Stewart nemner, at mannskapi i dei gamle regiment var so stridsame aa sjaa til, at det var ugløymande for alle, som saag deim. Dei var som av staal. Um Sutherland HighIanders (1000 mann) heiter det, at 260 av mannskapet var meir enn 5 fot og 11 tumar høge.

I «Regiment of the Isles Highlanders» (Øyregimentet) var det so mange baade millom offiserar og meinige med namnet Macdonald, at sjersantarne maatte numra deim.

Tonarne, fraa «dei kjære, gamle pipor», som diktaran kallar deim, minner um heimen i Høglandi - den ville musik hev dei lengta etter ute i verdi - den dei heldt utav i barndomen. Dei fortel um ein skotte, som laag sjuk, langt fraa heimen. Ei natt, kort fyrr han døydde, sa han svevnlaus og i pina: «Aa, kunde eg berre faa høyra ein Høglands-mars endaa ein gong, fyrr eg døyr.» Det var som eit svar fraa himmelen paa dette rop, at nattevinden i same stundi langt undan ifraa, men klaart bar imot honom sekkjepipe-musik. Nærmare og nærmare lét tonarne, spela av ein pipar ved eit skotsk regiment. «Det er musik,» mulla han og sovna. Det synte, kor god innverknad dei kjære heimlandstonar hadde paa honom. Slikt fortel dei um fleire.

Sekkjepipa bruka dei eingong ogso ved jordferder. I ei skildring fraa dei skotske høgland segjer soleis forfattaren, at tidleg ein morgon siglde eit likfylgje uppyver eit vatn i Skottland. Trille-tonarne fraa sekkjepipa svara fraa fjell til fjell og vakte sjøfuglarne, so dei flaug kring baaten med sangrutte skrik. Ogso i Irland hev dei i seinare tider fenge meir ans for dei gamle nationale spel, og endaa-til irlendingar i Australia hev tinga sekkjepipor i heimlandet.

Av Høglands-regiment («kilted regiments») som no er, kan nemnast «Black Watch» (42de Royal Highlanders), «Seaforth Highlanders», «Gordon High», «Cameron High» og «Argyll & Sutherland Highlanders».

Mangein skotte hev slokna i slagdunen paa solheite strender sudpaa, medan tankarne til det siste fór heimetter - kann henda til ei gamall mor i ei liti hytta i Høglandi langt mot Norden.

Utdrag (s. 41-54) fra:
Hans Reynolds: I vesterveg, Oslo 1912
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen