Fra: Telerne i den norske her-soga

Paa grensa 1905

av Hans Reynolds

«Fram, norske gutar, fjøllgutar fram!»
Telemarks nutar inkje til skam;
lyd paa musiken, strake, i takt,
eldgamle skikken: fana treng vakt!

Fri vil me vera, um me er faa,
det skal dei læra, røyner det paa;
fram, so det munar, rifla til kinn,
skyt, so det dunar, Rauland og Tinn!1)

(H. R.)

Siste gongen, telerne drog ut, var hausten 1905 under raadstemna i Karlstad.

Ein brote med ung-gutar var samla paa fesjaaet i Seljord «krossmess-dagen», daa mobiliserings-ordren kom. «Fjøllguten» paa Seljordsvatnet var yverlasta til Ulveneset urn kvelden, og del var liv og hurraroping, daa dei gjekk igjenom Bø um natti, so dei kunde naa morgonbaatane fraa Gvarv og Aarnes.

Ein blank september-morgon kom soldatarne nedetter Porsgrunns-elvi. Lauvet gulna i liderne, og kornet stod paa staur. Mot nord lyste Tetemarksfjelli i morgonsoli. Det blenkte i horn og vaapn, trummorne gjekk, so det svara i aasane, og umbord song dei av all si magt:

Jeg vil værge mit land,
jeg vil bygge mit land,
jeg vil elske det frem i min ben, i mit barn,
jeg vil øge dets gavn,
jeg vil søge dets savn
ifra grænsen og ud til de drivende garn

Her er sommersol nok,
her er sædejord nok,
bare vil, bare vi havde kjærlighed nok,
her er digtende trang
gjennem arbeidets gang
til at løfte vort land, blot vi løfter i flok!

Ein Solum-herring, B. Borgesen (matr.-nr. 4052 av 2dre line-kompani) var med i utmarseringi, og han fortel:

Torsdag den 14de september sende dei ut mobiliserings-lista med bod um, at me skulde halda paa med bataljonsøvingarne Det galdt aarsklassorne 1902-03 - 04 og 05. Me møtte paa moen fredag den 15de klokka 10 um morgonen og tok imot munderingi same dagen. Daa alle kompani var fullskipa, sende dei heim det mannskapet, som var att av aarsklassa 1902. Maandag den 18de fekk me mat for tvo dagar og 120 skarpe skot til manns. Det vart ei drjug pakking. Tyrsdag den 19de kl. 6 um morgonen drog «Telemarkens linjebataljon» av fraa Graatarmoen til dampbaatbrygga i Skien; musiken spela den gamle jægermarsen. Styrken under oberst Nannestad2) var paa 4 kompani etter 250 mann, ialt umkring 1000 mann, med 21 offiserar, 32 underoffiserar, 22 i trænet og 13 i musiken. 1ste kompani (Drangedal, Sannikedal, Skaatøy, Kraakrøy, Bamle, Stathelle, Langesund, Breivik, Eidanger og Porsgrunn) førde kaptein Rolstad, 2dre komp. (Skien, Gjerpen, Solum, Holta, Lunde og Bø) kaptein Rye Florentz, 3dje komp. (Vinje, Rauland, Mo, Laardal, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal) kaptein Broch og 4de komp. (Seljord, Saude, Hitterdal, Hjartdal, Tinn og Gransherad) kaptein Segelcke.

Me gjekk fraa Skien kl. 8¾ med eimbaatane «Motala», «Exccllencen», «Union l» og «Storegut» og skulde til Moss. Stab, under-stab og musik var paa «Motala». Hestar og træn hadde dei og med paa skipi. I Skien var det møtt fram ei mengd med folk, og alle ropa me hurra og song «Ja, vi elsker», daa me drog avstad. Me siglde gjenom Porsgrunn klokka 9½, der var det og mykje folk. I Breivik og Langesund var det mindre, for der visste dei ikkje, kva tid me kom. Me stod ut fjorden med song og musik og naadde fram til Moss kl. 3 um eftan. Det var ein overlag gild sjøtur, blankt, fint vêr, ingen sjøsjuk. Paa Moss var heile byen paa ferdom.

So marsera me med musik i fyreenden gjenom gatorne og eit lite stykke utanfor byen. Her slog me lægr paa nokre gjorder ved garden Klommestein. Paa denne aarsens tid var marki kald og raa, so me fekk ein dott høy til kvart telt. Kl. 9¾ maatte me gaa til køys, men det vart nok ikke stort med svevn den natti for dei fleste, av di det var so kaldt. Me laag der i tvo næter, so vart me flutte til byen i fleire rom, teatersalen, bedehuset og eit stort fjos, hadde vore; no var dei vaska og reingjord. Alle mann fekk madrassor og teppen, so daa hadde me det bra. Me laag paa Moss i 12 dagar - til den 30te - og korta tidi med utmarsar, kvart kompani for seg. Ein dag hadde heile bataljonen øvingar fraa morgon til kveld ved Rygge station. Me hadde daa flidd fraa oss all skarp ammunition og fenge laus istaden.

Paa Moss hadde me vaare bedste dagar. Folk var uvanleg snilde og velviljuge. Ein dag fekk heile bataljonen ½ øl, 3-4 stykke mat og 1 sigar til manns; det var damorne i byen som kosta gildet. Dei gav oss og store korger med epler. Ein annan dag fekk me ½ øl og 1 sigar til manns av arbeidarane paa ein fabrik der, og elles var dei snilde og rauste med oss, kvar me kom. Ei gamall kona, som hadde vore ute og mjølka, veivta aat oss paa vegen, at me skulde faa noko aa sløkkja torsten med. Me hadde nett teke ei kvild, men kaptein Florentz kommandera «stans». Det vart ein kopp paa mannen for 2 pelotonar, og daa me gjekk avgarde att, fekk «gamla» eit grepa hurra, baade av deim, som hadde smaka paa mjølki, og deim, som ikkje hadde fenge noko.

Saa kom daa fredag den 29de, som visst dei fleste ikkje gløymer so snart. Daa me kom att fraa ein lang utmars (burtimot Drøbak ), gjekk det ordet, at me skulde taka imot dei skarpe patronorne att og fara til Halden dagen etter. Ordi var sanne - um kvelden vart det uppstelling og me fekk dei 120 blyklumpane. Alt var so utrivelegt den kvelden, myrkt og kaldt og reint eit ruskevêr. Laurdag den 30te kl. 9 um morgonen foor me med toget til Halden. Paa stationen var det møtt fram so mange, som det var rom aat. Med hurra-rop drog me av garde. Paa vegen møtte me mannskap, som skulde heim att; dei hadde lege ute yver ein maanad. Gamle «kallar» med langt skjegg, som gjerne kunde ha vore far til oss.

Me kom til Halden umkring kl. 11 um morgonen. «Jægerkorpset» (landvernet), som me skulde løysa av, stod her uppstelt, reidugt til aa fara heim att. I regnvêr marsera me - 2dre kompani - til sjølve festningen, og 1ste kompani til gymnastik-salen aat festningen. Ein peloton av 1ste komp. under premierløytnant Breien vart send til Veden skans, 2 pelotonar av 3dje komp. under kaptein Broch til Prestebakke og 1 peloton av same kompaniet under premierløytnant Solheim til Hjelmkollen ved Svinesund. 4de kompani laag paa Braalandsskansen paa Fredriksten i 16-manns-telt.

I Halden var me i fjortan dagar, og der var det mykje forvitnelegt baade aa høyra og sjaa. Kompanii helsa paa kvarande paa skansarne, og adjutanten paa festningen, premierløytnant Tharaldsen, heldt eit langt foredrag um Fredriksten og det siste aataket, Karl den 12te gjorde. Me saag skyttar-graverne hans og staden, han fall.

Ein dag gjesta me me kompani-kararne paa Hjelmkollen. Denne festningen laag inne i fjellet og tolleg høgt. Den eine sida gjekk bratt ned til Idefjorden, og paa tri sidor hadde dei sett upp eit piggtrad-gjerde; det var 10 meter breidt og reint uhyggelegt aa sjaa. Me fekk ikkje lov aa koma upp paa festningen; det var ikkje verdt, at folk skulde faa noko aa bisna paa, tykte offiserarne. Paa hi sida laag den festningen eller forskansningen Dragonkollen.

Ein dag var me hjaa 3je kompani ved Prestebakke. Folket der kom godt tillags med «fjøllgutarne», og sa, at det var gilde karar. Me saag paa kyrkja og graverne aat deim, som fall i ufreden 1808. Tett attmed kyrkja er det ei høg jarnvegsbru, og den hadde dei lagt minor i; heile sumaren frametter vakta dei ho vel. Bygdefolket ved grensa hadde budd seg paa alt, fortalde dei. Her-flokkarne vaare hadde med «kjenneteikn», slike som berre vert bytte ut, naar det er krigs-mobilisering. Det var nokre smaa sinkplator til aa bera i ei snor um halsen, og dei var berre for underførarar og soldatar. Dei maatte sjølv syta for aa faa rita inn det, som skulde staa paa plata: for underførarar og spelmenner grad og matr.-nr. og for soldatarne matr.-nr. og aarsklassa; baae partar kunde dertil rita inn namnet sitt, um dei so vilde.

Postar og patrullar maatte ikkje koma, nærare grensa enn 1 kilometer. «PrestebakkekompanietÆ hadde ein vaken førar, og han hadde god greida paa, kvar fiend-styrken stod. Dei svenske vakt-postane som laag beint imot Prestebakke, var av «Vestgøta regemente». Ved Ed (paa svenskesida) hadde dei laga til skyttargraver og kanon-skansar og lagt minor i lendet framanfor, so dei kunde sprengja nordmennerne i vêret, um dei gjorde aatak.

Det var ein heller drug mars til Prestebakke, 42 kilometer att og fram, men det var fin veg, og kompanii kappast smaatt, so me dreiv paa og gjekk.

Gjorde fienden aatak, skulde kompanii paa, sjølve Fredriksten vera infanteri-mannskapet aat festningen.

Fyrst alarm-skoti gjekk, skulde 4de komp., som laag i Braalands-skansen, vera mannskap paa Overberget og fortet Gyldenløve.

1ste komp. skulde verja Borgar-skansen og den nordre Tenaljen; 2dre komp. (i festningsgata) skulde vakta austre fronten - Place d'Armes og Donjonen.

I Halden var dei meir vande med hermenner enn paa Moss. Det var 'kje faarlegt med oss, sa dei, «rike telemarkingar alle ihop!»

Paa Fredriksten hadde dei ein tjora luftballon paa skap som ein sigar. Den bruka dei til utkik; dei kunde gaa upp 1000 meter.

Den 12te oktober kom det order fraa 1ste Akershusske distrikts-kommando um, at herfolket skulde fara heim att, og at det skulde vera slutt paa all mobilisering og umfram øving.

I denne ordren let dei til slutt ovleg vel um den gode orden, det hadde vore, medan Telemarks-bataljonen gjorde tenest i det framande distriktet.

So kom laurdag den 14de oktober, den dagen me skulde heim att. Det var kaldt um morgonen, so det hadde frose is paa dammane, og fingrane hekk fast paa byrsestaalet, men ljose og blide andlit var det aa sjaa hjaa alle.

Me foor fraa Halden kl. 9 um morgonen med eimbaat. Det var dei same baatane, som me kom med til Moss, berre det, at me no hadde «Union II» i staden for «Storegut».

Bryggjorne var fullstappa med folk, og dei veivta til os fraa baae sidor av Idefjorden. Det var blankt, fint solskinsvêr, men litt vind og sjø, og ikke so faa hadde sjøvondt, daa me gòva heimetter. Fraa Langesund til Skien lydde det hurra-rop, song og musik alt i eitt. Me naadde til Skien kl. 6 um eftan.

Der møtte det fram folk, ikkje berre folk fraa Skien, men utanbys og, so dei var mannsterkare dei enn me. Utaufor raadstova eller paa jarnvegstorget vart me daa uppstelte i bataljonsupstelling. Oberst Nannestad heldt ein tale. Han takka mannskapet, for di dei hadde vore so heve, og bad oss ropa eit «live fedralandet» Dette svara me paa med hurra. Etterpaa var det parade for bataljons-fana. Til defilér-marsen gjekk me so gjenom byen til moen, og her vart bataljonen løyst upp. Kvar kompani-chef takka sitt kompani. Sundag flidde me vaapn og mundering fraa oss, og fekk heimlov.

Me livde bra, med me var paa uteferdi, fekk baade mykje og god mat. Kvartermeister var kaptein Castberg.»

Oberst Nannestad segjer: «Etterkomarane bør vita, at felt-uppsetjingi i 1905 gjekk utan knerk eller knaking paa nokon kant og var fullførd slik, at bataljonen stod klar til avmars paa 4de dagen, sundag den 17de septbr. kl. 5 um eftan, i staden for 6te dagen, som dei hadde rekna ut.»

*

Daa soldatarne kom heim fraa grensevakti, vart dei vel fagna kringum i fylket. Bygdefolket heldt fest for deim, og paa sine stader fekk dei ærepeningar og minnestaup. Folk hadde lagt godviljen til elles og; det vart sanka inn ikkje so lite pengar aat deim, som sat heime og lite hadde aa berga seg med det bilet, forsyrgjaren stod i tenesta. Aandi var den same som i 1808 og 1814.

Det var aalvorstider for landet, daa telerne sist vart kommandera ut. Men uvêret dreiv av. Me hev ingen grunn til aa tru, at telerne vilde ha svike sine gode erve-minne, hadde dei vorte prøvde.

Skulde den dagen renna aa nyo, daa det spørst etter aa verja retten vaar med odd og egg, so vonar me visst, at kvar og ein under tele-merket vil minnest dei gamle. Minnest, kor ofrerhuga og uppglødde dei var, trass i naud og harde tider, og ganga djervt og manndomsamt i fotefari aat forfederne.

Ja, teler fram! som dei i forne tid,
vaar sogebok kann fulla hugen mana,
ho kallar deg, vaar fargefriske fana,
slaa ring um stongi, naar dei blæs til strid!

    Noter:
  1. Prøv fyrste halvparten av Norsk jægermars.
  2. Fødd 1842, offiser fraa 1863, oberst og chef for 4de korps og «Telemarkens linjebataljon» fraa 1900 -1907, daa han slutta tenesta. Riddar av I kl. av St. Olavs-ordenen og I kl. Sachsiske Albrechtsorden.
Utdrag (s. 178-193) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen