Fra: Telerne i den norske her-soga

Ut-marseringi til Skaane 1848

av Hans Reynolds

Tvo bøherringar fortel.
I 1848 laut telerne ut paany; tyskeren trengde seg fram i Sørejylland, og det var meiningi, at dei tvo andre folk i nord skulde hjelpa dansken med aa driva honom undan.

I ei liti stova austanfor Folkestad-gardarne i Bø budde ein gamall man, Ola Halvorsen Sjaaberg - «Tamburen» dei kalla. Han var med ved utmarseringi til Skaane i 1848. Gamle Ola lika godt aa røda um den gongen, han laag ute, men helst um ferdi til Sverik.

Det var i mai maanad, at det Bøherriske kompani under kaptein Mathias Rye fekk order til aa samla seg paa Graatarmoen for aa vera med i den dansk-tyske ufreden saman med det «Telemarkske kor». Dei kom avstad i en fart og laut ro Nordsjaa til Fjærestrandi. Herifraa marsera dei yver Gjeiteryggen ned til moen, og der var dei i 10 dagar.

Tiande dagen drog dei fraa Graatarmoen, fortalde Ola, gjekk yver Bratsbergkleivi og ned til Porsgrunn. Utanfor gården til oberst Jebe paa Osebakken paradera dei for den gamle offiseren. Han heldt ein stutt tale til oss og bad oss vera stramme soldatar og lyduge gutar, naar me kom ut millom dei danske og svenske, so han kunde hava hugnad av oss, um han enn sat heime. Me kom under oberst Mansbach, maa vita, øvste føraren for «Larviks kor», ein streng og myndug mann.1) So marsera me yver Larviksheidi heilt fram til Steinsarmen ved Tunsberg. Her kom det fire store eimbaatar fraa Sverik, som skulde fragta oss yver til Malmø. Tenestedrengen paa Sauherad prestegard, Lars Haukedalen, dikta mange songar um ferdi. Ein byrjar so:

Naar solen den opstiger
alt over fjeld og dal,
da fik vi bud at drage
til Norges hovedstad,
vi var ei vel tilmode,
mens fuglen sjunger glad,
en ungdomsskare seiled vi
fra fjorden, Kristians stad.

Nei aldrig jeg forglemmer
den fem og tyvende,
det var i mai maaned,
vi ud marscherede,
vi skulde imod Prøisen
at vove liv og blod,
vi stolte kun paa Herren,
han var os altid god.

Ei anna visa um avreisi luar so:

Det var en søndag aften,
da klokken otte var,
fra Tønsberg vi uddrog
alt ud-paa sjøen klar,
den dampbaad, som vi seiled paa,
den navnet «Nordcap» bar.

Far og mor jeg Eder nu forlade maa,
søster og bror jeg skjænker samme skaal,
min kjærest jeg gaar hen,
adjø min søde ven,
Gud ved, om vi paa denne jord
faar se hverandre igjen.

Eg kann godt minnest, kor svinnt eg hadde meg upp den morgonen, me skulde fara, og kor hardt eg slog paa trumma, heldt Ola ved med. Me gjekk umbord i fregatten «Freia» og stakk beint tilsjøs med det same. Det var ei sur og utriveleg reis, og mange av gutarne hadde svært sjøvondt. Men tridje dagen kom me inn til Malmø og marsera upp til ei stor slett ovanfor byen; der skulde me liggja, til det kom nærare order.

Giv agt! og træd iland
og stiller Eder an,
nu vil vi se, hvor mange mand
vi har i Sverigs land.

Me var skilde fraa det svenske herfolket ved eit gjerde, og det var paa ein gamall kyrkjegard, me hadde lægra oss. Lars dikta um den plassen og, og eit av vers var endaa slik:

Her ligger vi i leiren
ved en ager, rustet kor,
ved byens venstre side
paa en gammel kirkegaard.
der sover vi saa roligt
alt paa de dødes grav,
alt som vi skulde ligge
i seng og under tag.

Nu er vi kommen til Sverigs land paa denne kyst,
kjære brøder, nu er jeg her saa tyst,
og mod2) jeg have vil,
men her skal penge til.
ja, har da penge, kan du faa,
hvis ikke ti saa stil.

Men i krigen kom me ikkje. Me vart liggjande i Malmø til yver mikjelsmess um hausten, og venta paa order. Kongen, Oskar den 1ste, vitja oss mesta kvar dagen og hadde med seg tri søner, Karl, Oskar og Gustav. Gustav døydde seinare i Norig, som me veit, og han var diktar. Karl var ein svær og morsk mann. Framme i munnen hadde han ei tonn ute, og naar han log eller prata, var det eit òp som ei svær laave-dynn. Me lika 'kje honom so godt som kongen. No er eg 81 aar, men det er mange. som liver enno av deim, som var med: Nils Lona og Torgrim Rulnes, Nils Buskerønningen, Svein Aasane, Gunnar Haugland, Ola Tveiten (Stokkland) og fleire andre. Ola Teiten og Nils Buskerønningen var spræke karar. Ein kveld dansa dei for kongen. Daa dei spratt i vêret midt under dansen, slog kongen seg paa laari og log.

Svein Aasane drog eingong krok med ein svenske og tok so hardt tak, at fingeren rauk. Men det lika 'kje svensken, og dei sa: «Vi har én kung og én Gud, og vi skal jagu holla ett»

Diverre vart det skralt med kosten frametter sumaren, og me vart samde um aa klaga. Tollef Aamundson Verpe - skulde gaa fram, og me var alle samstellte um aa staa kring honom. Oberst Mansbach vart rasande, og Tollef fekk fyrst og fremst svida for det. Han vart dømd til aa faa smurning, og sjersant Skibsted fraa Sundebygdi skulde slaa. Daa dei kom fram for fronten, kringsette me obersten med felt bajonett. Han hòpa seg attyver med hesten, og det var so vidt han slapp ut av ringen og kom seg avstad til Malmø. Morgonen etter kom han att, og daa var han svært blidvoren. Han lova, at det skulde verta betre med kosten.

Torgrim Rulnes var kok. Kongen kom til honom ein morgon, han stod ved gryta, og det var, som dei skulde ha slege kaldt vatn yver honom, daa kongen tala til honom og spurde, kva for eit kompani han høyrde til. Kongen saag paa grytorne og kjêlarne og vilde ha greida paa, kor mange mann det var um kvar kjetel. Torgrim nemde talet, og daa sagde kongen: «Det er for mange, men det skal verta betre no.»

Lars Haukedalen dikta um kosten au han:

Oksen blev slagtet, og svineflesk og svenskesild,
brødet blev bact, og vi fik jo hver vor del,
vor kost var ei saa rar, vi tar den, som vi faar,
jeg har ei hørt den første mand, som roser sig deraf.

Kong Oskar hadde moro av desse visorne aat Lars, men meinte, at me ikkje burde klaga yver kosten.

Kaptein Mathias Rye hadde vore yver i Slesvik og helsa paa broren under ei vaapn-kvild. Daa han kom att, kommandera han kompaniet paa lina og sa, at han skulde helsa fraa bror sin, general Olav Rye, som var bøherring som me. Han bad os vera snilde gutar og vera rolege og tolmodsame.

Fraa den tidi, me var i Sverik, heiter det og i visa

Nu vil vi drage i Sverigs land lidt længer ind,
jeg haver lyst at smage
det svenske magasin

So gjekk tidi frametter mot mikjelsmess. Endeleg ein morgon kom adjutanten, løytnant Holter, med order um, at me skulde fara attende til Norig og ikkje vera med i krigen.

«Paa torsdag skal me heim te Telemarki, gutar» sa Mathias Rye. «Lat meg no sjaa, at de steller dykk bra resten av turen au.»

So svinga fregatten «Freia» inn paa Malmø hamn, og me vart praama umbord tropp for tropp. Heimetter hadde me det bra, og me kom i god-lag, daa me fekk sjaa heimlandet att.

I Stavern gjekk me iland og marsera yver Larviksheidi attende til Telemarki. Kvar mann foor heim med full mundering i den tidi, og eg hadde mi paa Aagetveit. Men harmonium og trumma tok eg med heim, for eg var i tenesta i lang tid. Eingong møtte eg i fem aar for ein kjøpmann i Skien. For det skulde eg hava 30 dalar og ein skilling dagen, naar eg eksera. Diverre spela mannen upp, og eg fekk ikkjei ein øyre.

Ein morgon frampaa hausten skulde eg møta paa Oterholt hjaa kaptein Rye. Eg kom litt tidleg og var aaleine i stova, daa Rye kom inn. Daa me hadde talast ved eit par ord, segjer Rye med eitt: «Ja, no kann eg helse deg fraa bror min Olav. Nr. 11. No er han fallen.» Og lidt etter: «Aa ja, det er stort aa falla i krigen, Nr. 11.»

Ein annan bøherring, Svein Aasane, røda og mykje um ferdi til Skaane i 48. Han var upppassar for kaptein Rye paa turen. Det var, som eg vart sett langt attende i tidi, skriv Karl Reynolds i «Dagbladet», daa Svein ein dag i joli kom ned i stova mi, og den gamle graatrøye-karen tok til aa fortelja:

Eg hadde just gifta meg, fortalde Svein, og gjekk paa arbeid nede paa Oterholt, daa det kom order um, at me skulde avgarde og hjelpa dansken nede i Slesvik. Ordren lua so: «Alle friske, unge karar maa avstad!» Kaptein Rye var streng kar, og han var ikkje so nøggje, um dei hadde ein vank hell. Eg veit, han, Halvor Moen, som hadde vore so uheppen aa missa synet paa det eine auga, han vart teken, han og. «Me tek'n til ambulancen,» sa Rye. Ein mann uppe ifraa Verpe vilde kjøpa son sin fri, og han baud baade pengar og attpaa ein smørholk til kapteinen, men det hjelpte ikkje. «Ja, no fær du sjaa til, at du fær ordna deg paa beste maaten heime daa,» sa Rye, «so fær me sjaa, korleis det ber iveg.» Daa me kom til Skien, vart ei heil mengd av oss innkvartera kringum i byen; Halvor Moen og eg budde hjaa Jens Mo paa Hauane. Det var meiningi, at me skulde budd hjaa Cappelen, men dei hadde ikkje rom for so mange. So bar det iveg. Fyrste dagen kom me ikkje lenger enn ut paa Vallermyrane i Eidanger. Um kvellen, daa me hadde lægra oss, kom Rye burt og spurde, um eg vilde vera upppassaren hans paa turen. Næste dags eftan kom me til Larvik, og der fylgde eg kaptein Rye upp til meklar Falkenberg. Frua gav meg nye sko, for mine eigne var berre fillor. Kjøpmennerne i byen sytte for mat aat soldatarne, og dei sat uppe og drak med deim heile natti. Men det var nok berre smaating desse dagsmarsane mot det, me fekk gaa igjenom, daa me kom til Steinsarmen ved Tunsberg. Der vart me liggjande i tri vikor. Me kom under oberst Mansbach, maa vita, og det var kar, som kunde strama upp gutarne. Eg slapp etter maaten let, eg daa, heldt Svein ved med, avdi eg var upppassar aat Rye. I Tunsberg var alle offiserarne innkvartera. Rye budde hjaa apotekar Schive, og eg var tidt deruppe. Ein talar no so mykje um snilde folk, sa Svein, men maken til den apotekerfruga hev eg aldri raaka paa korkje fyrr eller sidan. Eg kunde koma der so ofte eg vilde, so fekk eg mat og drykk, og ein kveld baud ho meg tenestegjenta si au, daa eg kom inn i kjøkenet. Ikkje hadde eg sagt, at eg var gift, ser du, og ikkje prata eg um det hell, men eg sa berre, at det ikkje var noko for so fin ei fenta aa gifta seg med ein fjellkar. «Men trur du ikkje, at Rye fortalde frua, at eg var gift daa», lagde Svein til. «Um kveldarne var det liv i Tunsberg, og paa «salen» var me kvar kveld. Sjøgutarne lika 'kje, at me dansa med gjentorne, og ein kveld tok dei til aa egla seg innpaa oss bondegutar, men daa tok eg og Erik Nes og rudde golvet.

So kom endeleg dagen, daa me skulde av garde.

Dampbaaten «Constitutionen» laa reidug. Eg var uppe hjaa apotekaren og baud farvel, og eg tykkjer enno, eg ser frua, gjenta og dei andre graata og veivta ifraa glasi. Det var ein leid tur nedetter, og dei fleste kjende sjøverken. Lurmvarmt var det nede i kahyttorne og under dekket; fjellgutarne bad, um dei kunde faa lov til aa vera uppe og ikke koma ned i den movarme «stuga». Løytnant L'aabbé fraa Kristiansand var svært snild og hjalp mange av oss; nokre var reint fraa seg, gret og klaga. Ja, det var ei hard natt, heldt Svein ved med, men fram kom me daa. Paa Malmø-sletta stod 12000 svenske, og daa nordmennerne kom til, vart det 18000. Du kann tru, det var livlegt i lægret. Oberst Mansbach gav order til, at ingen maatte driva med kortspel og drikka brennevin. Du skynar, det var 'kje so godt aa halda orden millom so mange. Det vart klent med kosten utetter, og mannskapet klaga. Kvar morgon, naar koret stod uppstelt, kom obersten ridande og helsa god morgon. Me skulde daa svara med tri gonger hurra. Ein morgon hadde me vorte samde um ikkje aa ropa hurra, og daa vart Mansbach rasande - serleg daa ei røyst paa vinstre fløyi skreik: «Meire mat!» Det var Tollef Verpe det, som var ute attr. Tollef var hard kar. Han og tvo andre skulde eingong, daa dei var paa Graatarmoen, bera ned til madam Dahl ei kassa med ty. Daa dei kom i tunet til vaskar-kona, slepte dei kassa og gjekk ifraa henne. Sjersanten klaga, og dei vart dømde til svolk. Tollef fekk 15 slag og dei tvo andre 5 kvar. «Verpen» stod for alle 15 slag han, men dei tvo andre seig ihop ved fjorde slaget, endaa tvo karar heldt dei fast. Staven, dei slog med, skulde vera so tjukk i den tidi, at han plent gjekk ned i byrsepipa. Elles var eg no mest hjaa Rye, og eg laag i sameteltet som han. Kvar dag var eg nede i Malmø og kjøpte middagsmaten til kapteinen. Det var billigt der nede. Middagen kosta 7½ skilling, brennevin 9 skilIing potta. Rye hata brennevin og saag strengt etter, at me ikkje smugla det inn i lægret. Ein kveld raaka han paa ei svenskekjering, daa ho kom inn til guttarne med ei krukka med brennevin. Han tok krukka og tømde ut til siste dropen. Elles var Rye og 5 andre kapteinar yver i Jylland ei tid, og daa hadde eg gode dagar, kann du tru. Eg hadde meir hell nok av mat og drykk, avdi eg fekk maali aat kaptein Rye og.

Ola Briskelia fraa Bø gjødde seg slik upp um sumaren, at han til slutt likna paa ein slagtegris. Ola Tveiten fraa Uppdalsheia dansa for kongen fleire vendor, for det var ingen i lægret, som kunde [uklart - mangler trykk] seg som han. Frikaren millom alle saman var vel Rasmus Augestad fraa Tørdal. Han gjekk for den beste av oss alle, i alle fall var det ingen, korkje i det svenske eller norske lægret, som kunde faa honom i bakken.

Frampaa hausten kom det daa order um, at me skulde heim att, og daa vart det liv. Svenskarne baud oss yver til seg, so me kunde faa drikka svensk «gjøk» - men eg maatte no vera ved teltet. Eg kann minnest, kor glade me var, daa «Freia» svinga inn til Stavern. Rye kom burt til meg med lykelen til kufferten sin og bad meg opna honom for tollbudi, for han maatte gaa fyre iland. Han hadde millom anna kjøpt ei fin massing kaffikanna aat frua, og den meinte han, at dei vilde fortolla. Men dei saag ikkje eingong paa kufferten hans.»

- - Her ende Svein meldingi si, og det var ikkje stort meir, han hadde aa fortelja. Kaptein Rye var veg-ingeniør, og aaret etter (1849) var han burte i Lier, daa bodet kom til honom um, at bror hans var fallen ved Fredericia. Lars og Anders Stykket (Briskelia) stod ved sida av Rye, daa han las brevet. Han vart svært bleik, fortalde de Lars, men han manna seg og sa: «Ja, det er betre aa falla med ære, enn leva med skam.»

    Noter:
  1. «Laurvigske feltmusketeercorps» 1848 vart ihopsett av Stokkeske, Hedrumske, Gjerpenske og Hjartdalske kompani av «Laurvigske nationale musketeercorps» og auka med 16 underoffiserar, 6 tamburar og 308 mann av «Telemarkske nationale musketeercorps», alt under Kr.sandske infanteribrigade. Korpset talde, umfram 18 offiserar, ialt 32 underoffiserar, 13 tamburar, 1616 musketerar, 1 byrse-makar og 24 trænkuskar.
  2. Meiner vel brennevin.
Utdrag (s. 165-177) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen