Fra: Telerne i den norske her-soga

«Telemarkske regiment» vert skipa

av Hans Reynolds

«Skal merket aldri bylgja meir
framfor dette gamle regiment?»

I 1789 vart telerne endelelg samla under sitt eige hermerke. Av tvo grenader kompani i Kr.sand og tvo nationale [uklart - mangler trykk] 1ste Vesterlenske og ein fraa [uklart - mangler trykk] skipa dei «Telemarkske regiment». I eit kgl. paabod av 19. desbr. 1788 vert det nemnd «Telemarkens», men i kgl. paabod av 22 Febr. 1810 stend «Telemarkske». I 1810 gjekk dessutan ein bataljon av «2det Akershusiske reg.» inn i Tele-regimentet.

Av kompanii tok dei ut disse mannskap til skarpskyttarar. I kvar marserande bataljon skulde det av slike vera 4 underoffiserar, 1 halvmaane-blaasar og 48 meinige. Med grenaderbataljonen «2det Akershus-Tellemark»1) fylgde det i 1808 eit skarpskyttar-kompani av dei beste skyttarane. Truleg avdi telerne skaut so godt, hadde deira regiment jægerfargen paa herklæde, og fanor: grøn krage og grønt uppslag paa raud kjole, og grøne hermerke med riksvaapnet. Munduren var ellest slik: kvite kantar paa uppslagi, gule knappar, kvitt underfôr, kvit vest, kvite eller myrkblaa buksor. Grenaderarne bruka høg huva.

Paa artilleri-museet i Oslo heng det 11 smaafanor («fendlar») av myrkegrønt ty. Paa den eine sida stend maala Christian den 7de sitt namn-merke med kruna og i øvste snippen ved stongi danebrogsmerket, dessutan inskrifti: «Det Tellemarkske infant: regimt:». Paa hi sida stend den norske løva og den grenader-divisionen2) eller musketer-divisionen, som hev bruka merket. Ei fana hev innskrifti: «Bøeherriske Compaynie».

Fyrste gongen, eg saag desse hermerki til det gamle Tele-regimentet, var i salarne paa Akershus slott. Dagsljoset fall inn gjenom dei smaa glasi, som snur ut imot fjorden; sjøen glitra i formiddags-soli. Langt undan høyrde eg duren av det staakande kvardagslivet, men herinne var det stillt som i ei kyrkja. Tankarne gjekk attende til gamle tider. Og eg tykte, eg saag dei høgvaksne telemarkske grenaderarne i dei raude kjolarne marsera austpaa i 1808 med fljugande fanor og full musik.

Fraa heimen i dei stille fjelldalarne strøymde dei brennhuga til grensa. Norig ropa paa sønerne sine i verste naud! Og kven kunde daa sitja heime?

Til vaaben, see fienderne komme!
Til vaaben! I nordiske mænd!
Alt røres den larmende tromme.
til kampen hver føie sig hen!

heiter det i ein krigssong fraa den tidi. Dei fraus og leid mykje vondt, dei, som «laag ute». Mange kom sagta attende - jamvel med blenkjande sylvkross paa bringa. Men nokre fekk aldri sjaa heimbygdi meir. Dei søv under Iyngteppet burte i grense-skogen. Gjekk til kvile der, fullvisse um, at dei hadde gjort sin skyldnad. Maatte ungdomen likjast paa deim. Ikkje veikna av, ikkje verta livstrøytt og likesæl, men hugsa paa, at Norig treng eit trufast og staalsett folk, skal det magta aa verja sjølvstendet sitt.

Etter planen hadde Tele-regimentet fyrst ein styrke paa 2190 mann: 34 offiserar, 74 underoffiserar, 32 spel, 10 mann i understaben, 240 kverva, 1200 nationale meinige, 600 landvern. Etter 1810 vart det auka med ein bataljon av «2. Akershus» og talde i aaret 1813 ialt 2000 linjesoldatar (av deim var 400 serleg reidd ut til jægerar) og 900 landvern: 41 offiserar, 104 underoffiserar og 45 i musiken, (Vanlegt 2 spelmenner for kompaniet, 13 for bataljonen). Regimentet hadde 60 kanonfolk. Millom-stab: 1 reg. kvarter-meister, 1 reg. saarlækjar («feItskjær»). 4 bataljon-saarlækjarar. 1 kompanikirurg. Under-stab: 1 reg. trummeslagar, 6 (hobo-)spelmenner3) 3 batj. tamburar, 2 reg. byrsemakarar, 1 profoss (fangevaktar, skarprettar).4) - Forutan dei tvo kverva grenaderkompani - 1ste og 2dre - som laag i garnison i Stavern (hovudkvarteret aat regimentet) hadde det desse kompanii:

1ste nationale bataljon:5)
Bøherriske, Hjartdalske. Hilterdalske, Gjerpenske, Eidangerske, Tindske.
2dre nat. bataljon: Nedre Telemarkske, Bamleske, 3dje Vestfjeldske, Nedenæsske, 1ste Vestfjeldske, 2det Vestfjeldske.
3dje nat. bataljon: Sandeske, Vaaleske, Lardalske, Kongsbergske, Ekerske, Numedalske.

Dei 20 kompanii i regimentet hadde 100 Iinesoldatar kvar, dei 18 nationale kompanii dessforutan kvart 50 mann uskipa landvern innan kompani-distriktet sitt.

Til dette kom det uøvde «fribataljonsmannskap» av ungdom fraa 18 til 22 aarsaldren, som enno ikkje var utskriven. Dei var til utfyllingsmannskap under ufreden. Me nytta soleis kvar bondefødd unggut og mann fra 18 til 35 aarsaldren. Tenestetidi for linesoldatarne var 9 aar, seinare upp til 12 aar.

So vidt ein kann sjaa, ekserte eingong i tidi Bambleske og Nedre Telemarkske kompani paa Graatarmoen ved Skien, Eidangerske ved Eidanger kyrkja,6) Gjerpenske: Gjerpen kyrkja, Bøherriske: Moen i Nes, Hitterdalske: Hitterdal Hjartdalske: Sauland kyrkja, Tindske, Gransherad kyrkja, 1ste og 2det Vestfjeldske: Dalen, 3dje Vestfjeldske: Roholt kyrkja i Vraadal, Nedenæske ved Sannikedal kyrkja.

1ste Vestfjeldske kompani hadde ei tid eksismo ved Eidsborg kyrkja, 2det Vestfjeldske ved Laardal prestegard og Nordbø-moen i Vraadal, 3dje Vestfjeldske ved Opsund i Kviteseid,7) Nedre Telemarkske i Solum ved Helgen kyrkja. Bambleske paa Rørholtmoen i Bamle. Dessutan hadde me og moarne: Oterholtmoen i Bø, Storebraat i Tinn og Molandsmoen i Fyresdal. Paa garden Svenseid i Lunde-herad er ein gamal eksis-mo «Guldbringen».8)

Hunstokbakken ved Haukerød um Sandetjord, Steinsarmen ved Tunsberg og Tjøllingvollen hev og vore eksis-moar.

Av chefsgardar kann nemnest: Helgen i Holla, Laskemoen ved Gvarv, Bø-garden og Oterholt i Bø, Haug og Hem i Saude, Midtsund og Skogsmark i Kviteseid, Enggrav i Gjerpen, Lunde i Eidanger,9) Mosarygg i Grans-herad, Øverland i Hjartdal, Vindaus i Eidsborg, Nordbø i Vraadal, Stokke i Bamle.

Vinje syng i «Storegut»:

So var det eingong han kaptein Riis
- det namnet til mannen svarar -
foor bygderna kringum paa gamall vis
og saag etter kongens karar.

«Kaptein og sjersantar foor umkring og skreiv inn mannskap. Daa laut husmannssonen og tenestedrengen dansa med, medan sonen aat den rike gardeigaren slapp fri. Han fekk braatt so vondt baade i armar og bein, eller døydde. Men kapteinen livde stort paa kostnad av alle desse kryplingar og avlidne, medan sjersantane godgjorde seg med smularne.»10)

Daa Knut Trondson skulde gaa i krigen, kvad han:

No bere de i veri ut -
kvert veit koss vegjen fell?
Eg standa ska fyr bly aa krut,
ei ryme um de smell.

Det heiter um «Storegut», daa han skulde take imot herklædi sine:

Til ein hermann vardt Storegut skriven,
og i attande aaret var han.
So han fyrst ut i verdi vardt driven
til at tena fyr konge og land.

Det var gut, som i hond var 'kje valen,
men til atting aa gjera var før!
So i telthuset møtt han paa Dalen
aa taka imot sin «mundør».

Ved jæger-kompanii bruka dei halvmaane-blaasarar, ved musketerarne trummor og pipor.11) Halvmaanen eller jæger-hornet (eit slag valdhorn) vart og kalla maane. Ein høyrer til med, at dei fekk rettleiding i «halve maanersbrug». Dei skriv um «spillets røren», og ein af gamlekararne fraa 1808 fortalde, at det var «so stegglege fint, naar dei spela paa musikken.»

Teleregimentet stod ved lag i 28 aar og var eit av de største regimenti i landet. Desse chefarne er nemnde: Povl Moth fraa 1789. Kristian Bull fraa 1790. Otto Henrik Schleppegrell fraa 1796. Kommandørar: Povl Gaarder 1808. J. G. Meylænder fraa 1809; chef fraa 1811 til 1818.

Daa heren vart umskipa i 1818, minka dette megtuge regimentet ned til «Tellemarkske jægercorps» paa 4 kompani: Eidangerske, Bøherredske, Hjartdalske og Vestfjeldske.12)

Til 1ste eller Eidangerske kompanidistrikt høyrde Eidanger og Gjerpen prestegjeld, dessutan storparten av Solum prestegjeld, Bamle sokn, den austlege luten av Sannikedal og Drangedal sokn, den luten av Holla prestegjeld, som ligg paa den nordaustlege sida av Nordsjaa, og endeleg Saude hovudsokn og Hitterdal prestegjeld, forutan ein liten lut av Kjose og Hvarnes sokn i Larvik futerike.

Til 2det eller Bøherredske kompani sitt distrikt: storparten av Holla prestegjeld, sume garder av Solum prestegjeld, Nes anneksa under Saude prestegjeld og heile Bø prestegjeld, alt av Nedre Telemarki, dertil storparten av Seljord hovudsokn i Øvre Telemarki.

Til 3dje eller Hjartdalske kompanidistrikt: Tinn og Hjartdal prestegjeld og Flatdal og Aamotsdal sokn av Seljord prestegjeld.

Til 4de eller Vestfjeldske kompanidistrikt høyrde resten av Øvre Telemarki, til dømes Kviteseid, Laardal, Nissedal, Moland, Mo og Vinje prestegjeld, dertil nokre gardar av Seljord prestegjeld.

Att-aat «Tellemarkske jægercorps» kom tvo landvern-kompani utan øving («Bratsberg Iandværns-bataljon»). «Tellem. jægercorps» ekserte paa Graatarmoen ved Skien.13) Resten av dei gamle kompanii i Tele-regimentet gjekk yver til Numedalske korps. I 1834 vart dei telemarkske jægerarne musketerar i «Tellemarkske musqveteer-corps» under Kr.sandske infanteribrigade. Noko av Telemarki gjekk yver til «Laurvigske musqveteer-corps» under same brigaden. (Daa me fekk aalmen vernepligt i 1850-aari, vart og dei gamle kompani-namni avtekne). Paa artilleri-museet i Oslo heng det ei raud silkefana. I midten stend den norske løva, og innskrifti er: «Det Tellemarkske nationale musqveteer corps»; i snippane er namne-merket C XIV med kruna. I 1867 kom Tellemarkske musketerkorps til aa heita «Telemarkens bataljon». Denne vart fraa 1889 4de korps av Kr.sandske brigade med «Telemarkens linje og landeværn» og fraa 1895 med eit tridje utbod landstormsbataljonen.

Den friviljuge skyttar-rørsla er gamall i Telefylket og hev trivest godt der. Her som andre stader i landet fann dei, at det var noko tungvindt aa hava store distrikt med mange lag under ei samskiping. Difor vart «Telefylkets folkevæpnings-samlag» i 1907 kløyvd i tvo: «Telefylkets» og «Bratsberg» skyttarsamlag.

Desse tvo hadde i 1908 ihop: 62 lag, 1706 lagsmenner med 30 skot og 487 Krag-Jørgensen-riflor. Av riflor av eldre system finnst det dessutan mange i lagi. Det er gildt aa sjaa den samhug, som heile folket vaart no syner skyttarlagi. At det er av stort verd for eit lite land aa hava friviljuge skyttarar, kann ein sjaa av det, som general H. D. Lowzow fortel um i «Norges Forsvar» fraa den tysk-franske ufreden 1870-71.

«Me hev,» segjer han, «her eit ovgodt døme paa, kva ein kann gjera i so maate. Mot dei tyske, sambindings-linorne med heimlandet arbeidde mest berre dei franske frikorpsi. Likevel maatte tyskarane i mars 1871 bruka 114 000 mann fotfolk (over ¼ av fotfolket i felt-heren), 5700 mann hestfolk og 69 kanonor til aa verja banor og vegar.»

Me hev til seinaste tidi vanta serskilde sogor um vaare gamle herflokkar. I eit stykke: «Nytten av regiments-historier» skriv forfattaren millom anna: Korleis skulde me vel faa greida paa so mang ei stordaad, som me treng aa hava for auga i vaare dagar, var so me ikkje hadde desse gagnlege arbeidi.» Og i «Norsk militært Tidsskrift» 1890 heiter det: «Krigssoga vaar er diverre i det store og heile so lite utarbeidd, at ein maa vera glad for alt, som er til upplysning - ikkje minst, naar det gjeld dei gamle regimenti.»

Dei hersogor, som er utgjevne, til dømes av Angell, Barstad, Gulowscn, Munthe, Schytte, Wahl og andre, vert godt umtykte, og det var aa ynskja, at fleire vilde halda fram i same leidi, so me kunde faa sogorne aat alle herflokkane kring i landet og soleis tilslutt ei heil norsk hersoga.

Det hev ofte ogso i - dei siste aari - vore paa tale aa taka uppatter den gamle historiske regimentskipnaden vaar og dei gamle regimentsnamni. Framlegget um dette vart nedrøysta i stortinget siste gong i 1866 med ei røyst i yvervegt. Det er sagt um Kari Johan, at han undra seg storleg, daa han saag planen til den nye herskipnaden av 1818 og spurde, um me verkleg for aalvor tenkte paa aa løysa upp dei gamle regimenti vaare. Ein militær forfattar skriv: «Me fær vona, at Telemarkske so vel som dei andre gamle regimenti kann standa fram aany, endaa um dei vert brigda og kann henda minka paa. Odelsbrevi deira er i orden, og for oss, som hev teke arven etter, vil desse namni i soga vaar vera som ein kveikjedrykk. Dei vil mana oss til aa vera trugne og manndomsame, og dei vil faa oss til aa ganga i fotefari aat forfederne.» Same forfattaren meiner, at ein skulde taka uppatter dei gamle kompani-namni og. Folkevæpningi her heime krev, segjer han, at ein styd seg til kjennskapet og samheldet innanbygdes, soleis som det hev vore skikk fraa gamall tid. Ein utanlandsk forfattar held sterkt paa det nedervde, naar det gjeld herflokkane: Ikkje noko gjev landsforsvaret meir magt enn dei gamle herkorpsi. Dei sett æra si i dei sigrarne, som dei hev vunne. Alle mann, som høyrer til eit slikt korps, hev den same ihug og traa etter aa verta namngjetne som gamlekararne, og det er sjeldan, at dei syner seg umannslege og rædde. Dei vil ikkje setja nokon flekk paa regiments-æra.

Herskipnaden i 1818 reiv ned det, som nærpaa tvo hundrad aar med mykje stræv hadde bygt, segjer krigssoge-skrivaren Ræder.

Kaptein Weisser i Kr.sandske brigade hev eit stykke i «Militært Tidsskrift» for 1881: «Vore gamle nationale regimenter». Han talar her um fotfolket, og korleis det vart skipa, og sluttar soleis (ordi er her umsette til norsk): «Me maa visst gaa attende til regimenti, det er ein skipnad, som dei hev halde ved lag yveralt, av di han er umissande. Heren vaar vil daa vinna att det, han eingong aatte: samhelde, styrke og mobiliserings-evna. Alt dette trengst, um ein skal kunna nytta han fullt ut. Ein gamlekar, som no er avliden, og som gjekk inn i «Vesterlenske regiment» og fekk den framifraa gode rettleidingi, ein «Arenfeldt» kunde gjeva, slutte tidt forteljingarne sine um framfarne tider med desse ordi; «Naar dagen kjem, daa heren vert attfødd, vil me faa dei gamle regimenti i ein ny skapnad, og folket kjem til aa gleda seg.» «Lat oss allstødt halda ved lag den ros, som regimentet hev vunne fyrr i krigane», segjer ein forf. Og i «Norges Forsvar» skriv general H. D. Lowzow: «Det er mange reformer, me ynskjer og treng. Her skal eg berre nemna ei, som er meir ethisk, men likevel svært vigtig: Aa taka uppatt namni paa dei gamle herflokkane vaare (regimentsnamni). Det vilde vekkja mange haIvgløymde, ærefulle minne og knyta dei norske stridsmennerne sterkare til hersoga vaar og dermed til fedralandet.»

Oberstløytnant C. J. Vogt hev gjeve ut ei liti forvitneleg skrift «Telemarkens gamle militærafdelinger», som eg hev nytta i denne boki. I 1887 skreiv han eit bladstykke: «Vore militære afdelingers benævnelse» og segjer, at han ynskjer dei gamle regimentsnamni att: Ein gong vil visst folkeviljen og fedralandskjærleiken skyna, at det aldri paa lengdi kann nytta aa vraka dei nationale æreminne aat heren og herflokkane herheime. Det kan aldri føra til liv og siger, av di heller ikkje me kann vera forutan dei krigerske minne aat forfederne vaare.» Same forfattaren meiner og, at me, den tid me tok burt vaare historiske regiment, ikkje berre braut med dei gamle minne, som jamnast var ærefulle, men og gjorde eit militært attrstig. General Ole Hansen held fram det same og skriv: i alle land meiner dei, krigsminni hev stort moralskt verd, difor freistar dei aa verna um deim og festa deim til regimenti. Han trur, at me og kann gjera dette paa den maaten, at korpsi fær regimentsnamn, som fyrr hev høyrt herflokkane til i ufredsaari fraa 1628 til 1814.

Ein ser av dette, at mange militære autoritetar frametter i tidi hev vore huga paa aa taka upp-atter regiment-skipnaden. Herbrigdet i 1818 gjekk helst ut paa aa faa heren paa fredsfot med minst mogeleg utlegg. Dette kunde dei ikkje faa til, minder dei vraka den skipnaden, dei fyrr hadde.

    Noter:
  1. «2. Akershus» var eldre enn «Telemarkske»; det hadde «rang» fyre dette og vart nemnd fyrst.
  2. 1 division fotfolk = 1½ kompani.
  3. Hoboen (som hoboist kjem av) er det gamle blaase-spel skalmeien i umvølt form. Skalmeien var av buksbom-tre og fraa fyrst'en nytta av landfolket i Tyrol og Schweiz.
  4. Profossen, ogso kalla «stokkmeisteren», ein underoffiser, som straffa dei dømde, bar ei fjør i hatten.
  5. Dei utskrivne mannskap kalla dei di dei var ihopsett av innfødde eller høyrde til nationen. Slik vart dei og kalla etterat me slutta med aa bruka framande til kverva soldatar.
  6. Og Slemdal kyrkja.
  7. I eit gamalt skriv stend det «Soldat ved det Widesøeske 3die Westfieldske compagnie.»
  8. Mæland: «Lundes beskrivelse»:.
  9. Nær landsvegen millom Porsgrunn og Breivik.
  10. John Lie: «Knut Trondson.»
  11. Fløytor og trummoer millom dei eldste spel, som hev vore nytta til krigsmusik. I hestfolket bruka dei paukor (trummor av kopar paa form som ein kjetel) Paa paukorne hang paukefanor av silke, utsauma med riksvaapnet.
  12. Dei vestlege luter av Sannikedal og Drangedal sokn, dessutan heile Torrisdal sokn, vart lagde til det 4de eller Raabygdelaugske kompani av det «Nedenæsiske musqveteer Corps» under Kristiansandske brigade.
  13. Som ein ser, er Graatarmoen ein gamal eksis-mo (heilt sidan ikring 1700, kannhenda fyrr). Mangein væn slaatt hev ljoda i teltgata der um sumarkveldarne, og mangt eit minne er fest attaat den.
Utdrag (s. 52-70) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen