Fra: Telerne i den norske her-soga

Norig fær sin eigen her

Telerne i «Tunsbergske»-, «Smaalenske»- og «Vesterlenske» regiment

av Hans Reynolds

«Fedralandet hev rett til livet ditt!»
Thomas Abbt.

Kring 1600-talet sa ein dansk adelsmann, han var viss paa, at ein kunde taka Norig med tvo herskip eller 300 mann. Slik laag landverja vaar nede i den tidi. Det er ikkje sagt, at han hadde heilt rett i dette. Bønderne i Gudbrandsdalen synte ved Kringom i 1612, at her enno var noko att av den gamle norrøne toi.

I 1628 under Kristian den 4de fekk Norig sin eigen her paa 5 regiment, og 3 «fænniker» (bataljonar). Det var Trondhjemske, Bergenhusiske, Tunsbergske, Akershusiske og Baahusiske regiment; Agdesidens, Stavangerske og Jæmtelandske fænnike. Dessutan 14 kjøpstadskompani (eit i Skien). Noko seinare 6 regiment, avdi Stavanger og Agdesidens fænniker vart slege ihop til eit regiment: «Vesterlenske».

«Tunsbergske regiment», som telerne fyrst stod i, vart skipa av 984 legder1) i Bratsberg len, Brunla og Numedals len, Tunsberg len, Eker len, Maria kyrkjes prosti's len og Bragernes og Buskerud futerike. Det var soleis paa umlag 1000 mann i 3 kompani. I 1662 skipa dei og eit nationalt hestfolk med 5 kompani i det sunnanfjellske, av deim, 1 i Skien. Kvart kompani var ialt paa 125 mann. I fotfolket var det 1/3 pikenerar eller «spjotsmenner» og 2/3 musketerar. Aa verta «kongens kar» kalla dei den tid oftaste aa «koma under musketten». Pikenerarne hadde kaare og bar eit spjot, som var 8 alen langt. Musketerarne hadde musket med luntelaas, seinare bytt med flintelaas. Kring 1640 var musketten so tung og svær, at kvar skyttar maatte føra med seg ein pigg-stav med kluft i; dei lagde musketten i klufti, naar dei skulde skjota. Kvar hovudsmann hadde kaare og spjot-øks (hellebard). Fotfolket stelte seg upp i «burgundiske firkantar». I deim stod spjot-mennerne innerst og musketerarne ytst lite paa fløyane. Etter 1700-talet bruka dei ikkje spjot. Riksmagterne gjorde alt, dei kunde, so folk skulde lika her-tenesta. I eit kongelegt paabod av 1705 heiter det, at «i dei ni aari, hermannen stend i rulla, skal han hava vyrdnad og æra framfor alle unge karar, sitja manna høgst i gjestebod og gilde og ganga framurn alle sine jamningar.»

Etter Roskilde-freden 1658 gjekk Baahus regiment ut or den norske heren. Nokre rester av dette og ein part av «Tunsbergske» slog dei saman til eit nytt regiment: «Smaalenske». Yver til det gjekk Greivskaperne og ein lut av Telemarki. Men mesteparten av Telemarki (nedre, millom og øvre Telemarkske og Bamleske kompani) kom til «Vesterlenske regiment» som 3dje bataljon. Denne bataljonen hadde kring aar 1700 samlingsplass ved Skien.

Herklædi i «Vesterlenske» var fyrst grøne med kvitt fôr og kvite uppslag, fraa 1720 raude og kring 1814 graa. Lenge bruka dei og haarpisk, som ei tid skulde naa til kjoleskjøtarne.2) Til parada puddra dei haaret med mjøl; til det var det ytt serskild av rikskassa. Fanorne i «Vesterlenske» svara i fyrstningi til munduren. Det var ei grøn og ei kvit; ei tid var dei blaae eller hadde andre fargar, men helst kvite, t. d. dei, som heng paa ekserhuset i Kristiansand. Den eine hev innskrifti: «Første Westerlehnenes regimente» med namne-merket aat Fredrik den 4de. Paa artillerimuseet i Oslo hev me dessutan tri fanor fraa 1ste Vesterlenske. Ei av ljosgul silke med danebrogsmerket i øvste snippen ved stongi og innskrifti: Fredrik 4de «Det første vesterlenske regiment». Tvo, den eine ljosgraa, den andre raud, er merkt Christian d. 6te og hev innskrifterne: «Første Westerlenske nationale regiment», «Det første Westerlenske nationale regiment». Paa same museet finnst det ei ljosgul silkefana, merkt Fredrik d. 4de «Ober og Neder Tellemarcks reserve». Men det heng ikkje noko merke der fraa «2det Smaalenske reg.»; telerne høyrde til i det regimentet mange aar.

I 1717 vart «Smaalenske» og «Vesterlenske» baae kløyvd i tvo regiment (1ste og 2det) og telerne kom til aa høyra til baade «2det Smaalenske» og «1ste Vesterlenske». Samstundes vart talet paa kompanii mest dubbelt so stort; tri nye kjem no med, og dei var ihopsette av Vestfjelli i Øvre Telemarki. Dertil Eidangerske, Gjerpenske, Hiterdalske og ytre Telemarkske kompani, sidan fleire. 2den bataljon av «2det (vestre) Smaalenske regiment» hadde samlingsplass paa Graatarmoen ved Skien.

Wille segjer i 1786 at Seljord prestegeld den tidi var skilt i tvo kompanii, det «Bøherriske» med 36 soldatar; eksismo og telthus ved Nes kyrkja i Nedre Telemarki. Dertil «Hierdalske» med 38 soldatar; eksismo og telthus ved Sauland kyrkja i Hjartdal prestegjeld. Baae desse kompanii høyrde til «2det Smaalenske regiment» (Anden bataljon). Millom offiserarne i bygdi nemner han premierløytnant Mathias von Rye.

Ofriserar og underoffiserar budde, som fyrr er sagt, i dei dagar i distriktet sitt og vart gjerne bundet til regimentet all sin dag, jamnast fraa far til son. Rye-ætti hadde høge embætte i den norske heren i fire ætt-leder. Olav Rye vart utnemnd til fændrik (fanjunker) 4de mai 1808. 18de mai same aaret vart han sekondløytnant og 1809 (18 aar gamall) premierløytnant i «Telemarkske regiment». I dette var far hans, Mathias Andreas Rye (som aatte Bø-garden),3) kaptein og den eldste broren aat Olav, Valdemar, premierløytnant. F. A Schleppegrell, som og stod i «Telemarkske», var ein son av chefen for Tele-regimentet, Otto H. de Schleppegrell. Søner aat høgare offiserar eller borni aat andre storfolk vart ofte, alt i vogga eller barneaari, utnemnde til fændrikar. Likeins vart borni aat andre offiserar utnemnde til underoffiserar; paa denne maaten studde riksstyret deim i pengevegen.

Um sundagen var unggutane (sume tider gamlekararne og) samla paa kyrkjebakken til øvingar.4) Kompani-eksisen hadde dei paa kompaniplassen. Ved den skulde og tjeldburet (telthuset) og kapteinsgarden vera.

«I 10-12 aar, stundom lenger stod dei i tenesta. I denne tidi hadde dei berre tolv dagars aarleg kompani-eksis og sekstan dagar bataljon tridje-kvart aar. Men kvar sundag maatte læreguten møta fram paa kyrkjebakken og driva paa aa øva seg, til han «slapp fram» for kompani-chefen sin, plent som for presten.» 5)

I flest-alle distrikt i Telemarki var det gongen skikk og bruk, at dei nationale soldatarne med «fordelings-underoffiserar» for fronten hadde kyrkjeparada ved jolehøgtiderne. Etter parada gjekk dei fyre dei andre av aalmugen under ofringi. Soldatarne hadde munduren liggjande paa legderne. Naar dei gjekk inn i kyrkja, sette dei vaapni i «vaapnhuset», som hev namnet sitt etter dette. Inne i kyrkja var det ein serleg «offiserstol».

Paa legderne eller soldat-gardarne og i tjeldburet var herklæde, vaapn og annan herbunad. Slikt som telt, krut, kulor og dilikt var berre i tjeldburet. Det saag ut som eit stabur og skulde liggja ved kyrkja, eller naar det ingi kyrkja var, so paa ein lagleg stad i kompani-distriktet. Kring 1600-talet hadde dei byrsorne gøymd i steinkyrkjorne, men seinare fekk dei telthus. Aa mars-bu soldatarne kravde 'kje stort meire tid enn veg-Iengdi. «Folket i dei dagar skyna mobiliserings-uppgaava si mykje betre enn me gjer», segjer oberst C. I. Vogt. Paa fleire storgardar finnst det enno vaapn og herbunad fraa eldre tider. Desse gardarne var den gongen frie for legd: Bolvik og andre i Solum og Bamle prestegjeld: som Bolvik jarnverk sine frie gardar. Holla og 11 andre gardar i Holla preslegjeld: som Holla eller Ulefos jarnverk sine fri-gardar. Utanfor legd var og den «adelige sædegaard» Gjemsø Kloster ved Skien.6)

I 160 aar stridde telerne under andre regiments-merke: i Tunsbergske, Smaalenske og Vesterlenske. Tunsbergske var med i Hannibals-striden 1643-45. Tolv aar etter, fra 1657-60, var det med ved Hjertum, Turholm, Oddeval (Uddevalla) og umlægringi av Halden; dessutan i «Gyldenløve-feiden» (ærefull for norske vaapn). Sekstan aar etter er telemarkingane i Baahuslen, daa Venersborg og Marstrand vert tekne 1676. Dei er med i sigeren ved Oddeval 1677 og umlægringi av Baahus festning 1678. Dertil herferdi i Dalsland og Vermeland, sigeren ved Hogsæter bru og den heppne bardagen mot Karl d. 11te, daa han freista aa taka Baahuslen att i det siste krigs-aaret 1679. Ved Venersborg tok nordmennerne 11 fanor, ved Marstrand 8 «svarte» fanor og ved Oddeval 19 fanor og standarter (merke for hestfolket). Fanorne vart sende til Danmark. Det er ikkje utenkjeleg, at telemarkingane som ein part av «Vesterlenske» laag i garnison i Marstrand og paa Carlsten (som nordmennerne kalla Christianssten) vinteren 1678 -79).

I slutten av hundradgaret er telerne truleg millom dei leigde herfolk, som vart tekne fraa vaare nationale regiment og sende utanfor riket, serleg under den spanske ervefylgje-ufreden.

Paa Kari den 12te si tid stridde telerne i Vesterlenske og Smaalenske regiment. I 1711 er dei med paa Løvendal si ferd gjenom Baahuslen, 1715-18 finn me deim paa austlandet, ved Fredrikstad og Halden. I 1719 fylgjer dei 2det Smaalenske og 1ste Vesterlenske, daa Fredrik den 4de gjorde ein faafengd freistnad paa aa vinna att Baahuslen. Marstrand vart teken, men av flòten under Tordenskjold. Carlsten fekk for andre gongen norskt mannskap og norskt namn. Men ved freden vart han paa nytt lag svensk festning og døypt upp-atter. I 1761-63, daa Peter den 3dje av Rusland etla seg til aa gaa mot Danmark, ligg telerne framleides i Vesterlenske og Smaalenske, fyrst i Kjøpenhamn, seinare i Holstein. I 1788 under prinsen av Hessen gjorde me fjorde og siste freistnaden paa aa vinna Baahuslen att for Norig, Her var dei med mest alle vaare herflokkar sunnanfjells. Det stod ein hard strid ved Kvistrum; her tok dei norske umlag 800 fangar og 10 kanonor og naadde fram til Gøteborg. Men framgongen vart stana av Gustav den 3dje, og tvo framande magter, Prøisen og England, lagde seg iinillom.

Nordmennerne kalla denne krigen for «tyteber-krigen», av di soldatarne maatte sløkkja svolten med ber. Skarpskyttarane vaare klauv yver fjellet ved Kvistrum paa alle fire og kom bak paa fienden. Ein svensk forf. talar um dei norske «fjellräfvarne», anten av di dei klauv so godt, eller av di dei hadde raud mundur. Lagmannen i Oddeval sa kring aar 1800, at «kvar bonde i Norig er fødd soldat.»


Naar dei danske styresmennerne herheime ikkje gav bønderne paalegg um aa møta fram, eller futarne ikkje godviljug vilde vera herførarar for aalmugen i ufredstid, hende det, at folket sjølv tvinga deim til dette. Soleis var det med bønderne i Telemarki, da Karl d. 12te gjekk imot Norig i 1716. Dei tok paa amtmannen, Jakob Lindberg, ein dauv og seinvoren fyr, so han fekk eit saar i oksli. Og dei hadde mest drepe den danske futen deira, Melchior Høyer, avdi heller ikkje han vilde føra deim mot fienden. Futen laut paa slutten fylgja med den lange vegen paa 16, 24 og fleire norske mil til hovudkvarteret, og her kravde telerne aa koma ut i strids-Iina. Dei fekk no ein kaptein til styresmann og skipa eit kompani skiløyparar. Ein annan flokk fekk ein major til hovudsmann; futen (Høyer) maatte, som det stend, «med hjarta langt ned i broki», fylgja resten.

General Lützow, øvste føraren for den norske heren, fortalde til Erik Pontoppidan, at ein dag kom det 300 telemarkske «mannhusingar»7) til honom. Det var folk, fulle av mod og stridshug, kvar med si byrsa og kost i skreppa for 3 vikor. Dei meldte seg til tenest og sa «Goddag far, me høyrer du hev fenge ubodne gjester som du vil vera kvitt. Hev du bruk for oss, daa seg ifraa, kva me skal gjera, so skal du sjaa, at me er karar.» Under major Rosenkrantz og kaptein Testmann (som skiløyparar under den siste) gjorde telerne god nytte ved skanseverki eller timbr-brotarne vaare paa Krok-skogen og Harestu-skogen, Her vart Karl den 12te driven att-ende og miste 200 mann. Telerne var med aa byggja og verja brotarne paa Bakaasen, Bjøraasen og Gjelleraasen, som skulde hindra svenske-kongen aa treng a seg fram til hovudstaden. Heren laag natt og dag under berr himmel i snjo frost og hadde lite og inkje mat. Jamvel offiserar smaka ikkje braudbiten paa mange dagar, segjer Deichmann. Skiløyparane gjorde fienden mykje skade. Telerne fer mange lovord, og dei vert nemd som eit døme paa, at bonden hadde baade hug og mod, naar det galdt verja landskilet. Dei vart putta inn her og der i radi, og i skildringar vert det sagt, at det var mykje slike folk, som fekk Karl d. 12te til slaa fraa seg tanken um aa trengja fram yver Krokskogen og koma paa baket av den norske hovudstyrken og, øydeleggja forraadshusi vaare. Ein mann, som livde paa den tidi, segjer, at naar Norig vart frelst i 1716, so Iaake embættsmenner som me daa hadde, so bergar Vaarherre det vel seinare og!

Ein forf. skriv, at folket i siste halvparten av det 17de og fyrstningi av det 18de hundradaaret fortener ros for den djerve maate, dei tok det paa i tunge og vanskelege tider. Ein kann sjølv skyna korleis det var, naar ein høyrer, at t. d. i Telemarki aaret 1713 maatte verdet av 112 tyIfter timbr til for aa greide skattane av eit medels gardsbruk for eit aar. Men bonden skriv han, som skulde hava med kost for 14 dagar, møtte likvel fram ved timbr-brotarne austpaa, um det so skulde ha vore med borkebraud til nista!

Under denne krigen laag den eine bataljonen «Vesterlenske» i Halden, tri kompani i Oslo og paa Akershus, resten paa andre festningar. Det heiter, at under eit utfall fraa Akershus tok Løytnant Kristian Koss liket av far sin paa ryggen og bar det att-ende til festningi. Koss budde ei tid i Telemarki (paa Dalen) og vart seinare oberst og chef for 1ste Vesterlenske. «Vesterlenske» verna um Halden by under førarskap av oberstløytnant Steen Blix og kapteinane Steen, Offenberg, Sommerschield og Knudsen. Dertil kom brørne Peder og Hans Colbjørnsen med borgarvæpningi. Blix, Offenberg og ein løytnant Schou av «Vesterlenske» fekk saar under striden, og 3 underoffiserar, 96 fotfolk og 18 dragonar av same regimentet vart anten saara hell drepne.

Qvisling fortel i boki si um Fyresdal, at i «oberst Stein» (d. e. Steen Blix) sitt regiment stod Fyresdølen Jørund Knudsen Borgen. Kapteinen, som Jørund Borgen høyrde under, vilde røma fyrr slaget, men Jørund skaut honom ned paa flekken, tok kaaren hans og førde kompaniet mot fienden. For dette vart han utnemnd til løytnant og steig til slutt til major. Jørund Knudsen er truleg den kaptein ved «Vesterlenske regiment», som den 4de juli stod paa torget i Halden med 50 mann. Daa svenskarne gjekk paa, fekk han order til aa stella upp mannskapet sitt ved kyrkja; der var løytnant Schou av «1ste Vesterlen» fallen og mest alle deim, som hadde verja eit batteri der. Knudsen heldt ut ved kyrkja paa lag tvo timar, men daa var han nøydd til aa vika undan for yvermagti; 30 av dei 50 mennerne hans laag drepne eller saara. Jørund Borgen maa ha vori ein staut og dugande kar, naar han kunde koma seg so godt fram fraa rett og slett soldat.

l bardagen ved Kyrkjebø, daa klokkaren fraa Id, Ole Svendsen Bakke, laut lata livet for fedralandet 8de april 1716 var det med 40 mann av «1ste Vesterlenske» under løytnant Even Kraft. Kraft skriv, at han fyrr 1718 hadde ført «de imod Henden Manende berømmelige tellemarkiske soldater.»

    Noter:
  1. Legd: rote, som skafta ein soldat.
  2. I 1789 vart det send upp fraa Kjøpenhamn til nokre av kompanii i «Telemarkske regiment» 1078 haarband.
  3. «Ryebø», «Majorbø».
  4. Berre bønder vart fyrr i tidi utskrivne som soldatar. Byfolk og embætts-menner var fritekne for utskrivning.
  5. H. Angell: «Den siste krigen vaar 1807-1814».
  6. Bratsberg er og nemnd som fri for legd. (Oberst Bødtker: «Vore gamle regiments-distrikter». Mil. Tidsskrift 1899).
  7. Siste utbod ): mann av huse
Utdrag (s. 40-52) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen