Fra: Telerne i den norske her-soga

Uppreist mot dane-veldet

av Hans Reynolds

Telerne reiste seg mange gonger mot stormennerne, avdi dei fekk nye skattepaalegg, til dømes i 1386 og 1436. Fyrst i 1440 stillna det nokolunde av. Hovudmannen for uppreisti var ein Halvard Graatopp. Under Kristian den 3. i 1540 braut det i med ufred paany, avdi det vart sendt tyske bergmenner til Telemarki. Men bønderne jaga dei tyske burt. Det skal ha vore yver 100 bergmenner deruppe den gongen. Dei hadde vist lite baade med pengar og mat, plundra sætrane og var til stor tyngsel for folket. Bønderne maatte gjera mykje pligtarbeid for bergverket. Ikkje skyna dei tyskemaalet helder, og vart, som det heiter, «meget anspænstige» Kongen skikka daa bod til Klaus Bilde paa Baahus og til høvsmannen paa Akershus, Peder Hansson, at dei skulde fara inn i Telemarki og tugta bønderne. Likeins fekk Tord Rodt, høvsmann paa Bergenbus, paabod um aa halda seg budd med mannskap og koma vestanifraa, um det var turvande. «Det er vor villie,» skreiv kongen, «at bergværkerne skulle have sin fremgang, og dersom bønderne ikke ville tilstede det, da ville vi saa lade straffe derover og lade ødelægge dennem den stund der er én uskikkelig, thi os ikke lideligt er at tilstede saadanne oprørske og uhørsame underdaner at bo i vore riger og lande» o. s. b.

Bønderne skar no upp herpil og kalla folket saman, og det var stor harme yveralt. Fraa Seljord, Laardal, Vinje, Hjartdal og Tinn møtte dei fram med okser, boge og piler. Dei samla seg i Annbjønndalen i Hjartdal, nær grensa mot Flatdal. Fraa den kanten er tilgangen til Øvre Telemarki lett aa verja.1)
Eit gamalt kvade um dette luar so:

Manndølen tyktes merg hava
og mannemod,
men fraa Seljord kom dei og Sauland
seinast til møte.
Vinjebyggen inkje vilde
den veikaste vera.
Leide voro Lardølann
paa leikarvollo;
men framst gjekk Fyrsdølen
i fylkingi,
og eismal kom 'kje, Ordølann2)
i Annbjønndalen.

Kongens hermenner tok no til aa tinga med telerne og sagde, at vilde dei koma uten vaapn, kunde dei talast ved um vilkòri for fred. Nokre av bønderne vilde, at dei skulde slaast, men sistpaa lèt dei seg narra av det svikfulle kongsfolket og lagde vaapni sine ned i «Bogelia» i Hjartdal, som hev fenge namnet sitt etter dette. (Ein forfattar meiner, at det var i «Rustelia» tett ved Hjartdal prestegard). Dei vart no kringsette og fanga, 5 av upphavsmennerne til ufreden vart retta og den sette teken til rettarmann. 10 andre maatte «løse sin hals» (betala for hovudet sitt) med 1040 lodd syIv og garden Sundsbarm. Resten av deim, som var med, laut og leggja bøter.

Det var baade eit døme paa sjølvstyrekjensla og ein politisk demonstration mot daneveldet, at «dei vreide telebønder», som dei einstad vert kalla, jaga tyskarne til. Dei gjorde bygderne reine for «fant» ifraa øvst til nedst, so det aldri var «dusti» att av deim.

Wille segjer, at i Øvre Telemarki budde det i eldre tider eit «haardt og barbarisk folk, der ikke har ladet sig bestemme af lov og forordninger.» Telerne hadde, segjer han, eit ordtak «oppe at laupas», d. v. s. gjekk paa kvarandre og kutta einannan med tollekniven. Dei øystre øydegardane i Seljord heitte i eldre tider Læpjus-dalen. Um Læpjus-dølerne fretter me, at dei samla seg paa Fola-skeidet, ei slett attmed plassen Mostul, og der sigta dei med spjot og hogg med handøkserne sine. Truleg døydde folket der ut i svartedauden 1350, og staden ligg no aud og folketom.

Um telemarkingane skriv Wille i 1786: «Jo høiere til fields, jo større og stærkere er folket. I det øverste annex3) har man endnu birkebener af 72 tommer og skioldmøer af 66 tommers høide. Dog mærkes nu omstunder nogen aftagelse i størrelse og kræfter, og at de deri efterhaanden vanslægte fra deres forfædre. Have tellerne i fordums dage giort sig navnkundige ved deres styrke, og afgivet saa mange tappre birkebener, da er deres nuværende etterkommere ikke saa vanslægtede, at de jo, hvad en stor del angaar, turde have leveret dem en kamp, om de havde levet i de tider.» Han nemner «Sterke Nils» fraa Seljord, som i ei vende bar 3 tunnor salt 500 stig utan aa kvila. «Men troppi under 'n blei knust,» heiter det.

Nils vart soldat i 1752 og ekserte paa Dalen. Det var just i den tidi, dei bygde festningen i Stavern og det var Nils med paa. Ein dag streva seks mann med ein svær granitstein, som skulde upp paa muren, men dei vann ikkje aa rugga honom eingong. Nils kom no til. Han had kararne gaa undan og tok sjølv fat i steinen. Han søkk i jordi til oklet, men steinen greidde han og det fint og. Men daa kommandanten fekk høyra um dette kars-taket, sagde han, at steinen skulde staa til et minne um dette inne ved festningsporten. Og der stend han den dag idag.4)

Telnes syng um Sterke-Nils:

Ein store stein dei lyfte paa:
seks mann kann inkje honom faa
te nye festningsmur.
Nils ba dei daa
aa gange fraa,
aa folk ikring 'n krur.

Aa Nils han tok i steinen tak
aa lyfte honom, saa han sakk
i jor te oklo ne,
daa dæ va gjort
baat' væl aa fort,
sa kommandanten dæ:

«Slikt tak her aller meir bli gjort!
Den steinen skaa'kje gjøymas bort,
men naa den stende best
mæ porten der
te minne her,
at Niels hev honom rest.»

«I 1760 va han mæ i dei norske mannskapi, som blei utkondera te Holstein, daa den holstein-gottorpske hertugen, som hae blive rysk keisar, kom fram mæ krav paa ein lut av Slesvik. Sterke-Nils laag ute ikring sju hell aatte aar; denne ugreia vara lengje, den, helt te 1773. Nils heve maatt vore ein gamal søllater, daa han blei utkondera te Holstein. Du veit dei lout tene kongjen saa lengje i dei daganne,» segjer Telnes.

Paa Aaland i Vinje budde kjempa Hermo, og i Edlandsgrendi, øvst i same prestegjeldet, var dei fødd dei vidgjetne kjempekararne «Stor Olav« eller «Storegut» og Osulf EdIand.

«I Vinje sokn er høge nutar
og kempe-karar og gaste gutar,
men Ásof Edland er god som ti,
paa Kongsberg markna'n der geng 'n fri.»

Um Fjaagesunds-kjempa «Harde-Steinar» fraa det 14de hundradaaret heiter det i segni, at det klang i øksi hans, naar strid var i ventom.

I gamle Nesland kyrkja i Vinje laag det eit maal etter ein lensmann Thof Sandok, som skal ha livd kring 1600-talet. Maalet synte, at han hadde vore 3 alen og 17 tumar høg. Han kunde i ei vende drikka ut ein bolle med seks pottor sterkt øl utan aa verta full av det. Ølbollen hans var maala aar 1615 og hadde denne innskrifti:

«Then, som intett kan aulle
og gierne vill dricke,
stor rikdom i verden
bekommer han icke.»

Lund fortel i skildringar fraa Telemarki um ein mann, som budde paa garden «Hæktved» i Laardal prestegjeld. Han var namngjeten for storleiken sin og vart rekna millom kjemporne. Askiær heitte han. Liksom mange av dei gamle, kranglevorne slaast-kjemporne, bruka han ymse raader, naar han vilde egla folk paa seg. Naar han gjekk til brudlaup, tok han ein kvit og ein svart sokk, for at folk skulde flira av det, og so fekk han høve til aa velta seg innpaa deim.

For at dei skulde minnest honom, stod bilæte hans (i full storleik med handøksi i handi) maala paa døri til stova med denne yverskrifti

«ASKIÆR HEKTVED er mit Navn.
Jeg frygter ikke for nogen Mand
saa længe Oksen bide kand.»

Bønderne i Norig hadde ordet for aa vera svært stridshuga, og dei gjekk med handøks jamvel til kyrkja heilt til 1687. Hjaa Løvenskiold heiter det um telerne: «Mine tanker er og at tellemarkerne have været ikke alleneste stridbare, men belte-spændere og grusomme i de gamle tider, hvorom haves mange beviser, ligesom, at de have været haardføre og med blottede bryste kunde imodstaa den strengeste kulde.»

Forf. Kristen Henriksen Pram, kunnug i statsøkonomi, foor i aari 1804-06 kring um i Norig. Han segjer um bønderne i Øvre Telemarki: «Telerne er saa langt fra onde, ugudelige, haarde, vilde, oprørske, at tvertimod sindighed, beskedenhed, stiv hengivenhed for konge og fædreland udgjør hovedtræk i deres karakter. I flere af Telemarkens egne hersker en overalt i verden hos almuesmanden sjelden grad af kultur. De har høi grad af fjeldboens følelse for æren.»

Eit par døme til paa det, som hev vore sagt um telemarkingane. Ein forfattar: «TeIedølerne har havt ry for sit frisind og sin fasthed»; ein annan «Telerne er haardføre, modige og udholdende folk, og faar de først standpunkt og fodefæste, saa er de ogsaa skarpskoede. Dette, der har udmærket det norske folk baade paa hav og land, findes ikke mindst udpræget hos telerne.»

At telerne hev vore hardbalne folk, kann me og sjaa av det, som hende i Hitterdal paa Kristian den 5te si tid. I dei dagar budde offiserarne kring um paa landsbygdi, soleis og i Hitterdal. Her dreiv soldatarne øvingar paa Ryen, Lensmannen, Ole Hovdejord, skamslog eit par bause underoffiserar og fekk sidan handi si avhoggi av ein offiser ein ordstrid. Handi datt paa golvet inne i stova, der trætta gjekk fyre seg, og det heiter i folkesegni, at offiseren kasta handi ut etter Hovdejorden med dei ordi: «Der har du labben din, bonde!» Ole laup det fortaste han vann burt til ei smidja tett attmed garden, medan blodet fossa or armen hans. Han stakk armstubben inn i elden for aa stana blodet. Aadrane snerpte seg daa ihop. Seinare fekk han laga tvo hender aat seg, ei av sylv, som han bruka til stas, og ei av tjukt jarnblekk til daglegdags. Jarnhandi fann dei kring 1870 paa garden Tinne, og ho er no paa Universitetet.

Ole foor til Kjøpenhamn til kong Fredrik den 4de og klaga. «Er du blodhunden Ole Hovdejord, som gjør oprør i spidsen for bønderne i Norge?» (Saki hadde vorte framboren paa ei onnor vis for kongen.) Ole stakk fram armstubben sin og svara djervt: «Sjaa her, slik fer herfolket ditt fram i fredstider mot dei arme bønderne dine i Norig!» «Gud bevare os» ropa kongen og foor forstøkt attende. Ole lagde fram papir, som synte, at han hadde rett, og daa spurde kongen, kva straf han vilde, at ill-gjernings-mannen skulde hava. «Berre den», svara Hovdejorden, at han ikkje lenger vert verande i bygdi mi.» So vart det og. Ole bar sidan namnet «mannen med sylvhandi».

I 1786 braut Lofhus-upprøret ut. Det var mest uro i Nedenes, men ho breidde seg og til Bratsberg. Telemarkingane stod paa Lofthus si sida med hug og haatt; 8 teler, millom deira «Storegut», fylgde med honom, daa han foor til Kjøpenhamn og klaga yver hardstyret fraa embætts-mennerne. Som ein ser, var det mykje uro og misnøgje millom aalmugemannen under sambandet med Danmark. Um Lofthus skriv Henrik Wergeland, at han meir enn nokon annan nordmann «bragte det danske despoti til angstfuld eftertanke over dets regjerings-system i Norge. De bevægelser, Lofhus styrede, var et af de jordskjælv i gemytterne, som bebudede dette systems anstundende ende.»
Det stend i visa um Lofthus:

Deraf bleve bonderne atter opvakt
til høieste harme og vrede.
Nu vilde de komme med stormende magt,
ei længer om retten at bede.
I freden saa burde man leve.

Hovudmennerne for uroi i Bratsberg amt skal ha vore Eystein GunnuIvsson Ingulvsland fraa Vestfjorddalen og Jon Paradis fraa Vinje. Dei mener og, at Sakarias Thoresen fraa Aamodtsdal i Seljord og ein Engebret Hæktvedt synte mykje ihuge der. Telerne sende ei kautionslista kring i bygderne dag og natt. I den byd dei øverheiti aa skaffa Lofthus til stadar, naar ho kravde det, mot at han fekk vera i Telemarki. Eit møte i Hitterdal skal ikkje ha vore so ulikt ein «polsk riksdag». Sume meinte, at dei maatte fria Lofthus, um det so skulde kosta baade liv og blod. Justitsraad Cloumann segjer i eit skriv til amtmann Molkte millom anna, at det var det beste aa faa Lofthus undan. Gjorde dei ikkje det, var det uraad aa «svare for Telemarken, da dens republikanske aand mere og mere tilvokser, saa man med al vogtsomhed ei længe skal blive istand til at hindre udbruddet.» Paa ein av kyrkjebakkane i same fylket stod det fram ein døl, Tarje Jon, og ropa, at dei alle som ein mann vilde verna um Lofthus. «Mod Tellebønder havde,» segjer Wergeland, «Dietrichson5) neppe vundet sin seir for saa godt kjøb.» Telerne, heiter det, «syntes at have villet vove alt for at tage Lofthus ud af hans midlertidige arrest i Fredriksværn.» Daa dei høyrde, at han var fengsla, «vakte det,» skriv Cloumann, «en heftig brusen i almuens blod i de egne, navnlig i Nissedal og Treungen, saa alle mand bevegede sig straks til et tog for at udrive deres formente skytsengel af arresten» o. s. b. «Med Morgedølerne saa det endnu værre ud». Dei samla seg straks og vart samde um, at kvar mann skulde vera med paa aa slaa eit ag for Lofthus. Dei skulde møtest i Helgeroi og ikkje mindre enn 10 riksdalar i bøter var fastsett for den, som drog seg undan.

«Den hedeste flamme i nordmandens indre
er had mod tyranner, de store og mindre.
Den fyrige dyd, han af fædrene lærte,
o, den er den glødende marv i hans hjerte!»

  1. Her budde etter segni berserken Annbjønn, som dalen hev fenge namnet sitt etter.
  2. Fraa Aardalen i Kviteseid.
  3. Til Seljord.
  4. Øverland: Sterke Nils.
  5. Generalen.
Utdrag (s. 28-39) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen