Fra: Telerne i den norske her-soga

Telerne i viking-tidi

av Hans Reynolds

Sjaa 'kons mota, høge nutar
som so sæle saag
bjørkebein dei harde gutar.
letvint fienden vog.
Lydt di ropar ne-i dalen:
Telabønder, statt
støtt som me i fred, paa valen,
me 'kon kjenner att!

Telnes

Telerne hev alltid vore kjennt for eit hardbale og stridshuga folkeslag. Dei vert tidt nemnde i soga vaar som dugande hermenner. Nordmennerne var i det heile framifraa bogeskyttarar, og Saxo Grammaticus meiner, at telemarkingane var dei beste til aa bruka skotbogen. Det stend i visa um Harald kongen og Hemingen unge:

Harald sat i breiðe pallen,
talað han til sine menn :
eg hev inki sét likin min,
og úfødde er han enn.
Og deð var unge Hemingen,
han kunnað á skiðo renne.

Fram stoð unge Hemingen
han torðe með kongin kýte: 1)
eg vágar með bogapili,
at eg skal vera din liki.

Hell lyster kongin pá skiðo renne
og halda fótspor með meg,
så skal me reise på Snarafjølli,
der er ingin fari fer meg.

Dei spende no upp bogane sine:
Hemin unge og Harald kongin,
dei brant pá ýmisse moddo,
femten skot i sama skotið
og pilinne mottest með oddo.

Kastespjot, boge og slyngja var og nytta i landkrig, og telerne heldt paa sprettebogen 100 aar etter byrsa var funne paa. 2) So seint som i 1540, daa dei reiste seg mot det tyske bergfolket i Seljord, og riksstyret sende soldatar dit, gjekk banderne paa deim med boge og pil. I slaget paa Braavalla-vangen millom Harald Hildetand og Sigurd Ring var telerne med. Soga nemner fem kjempor fraa Telemarki: Torleiv gote hin gramme, Torkjell Traa Gudlandsfar, Grettir den vonde og hastige, Hadd den harde og Roald Taa.

«Telemarkens
tapre kjæmper
ei man glemme:
mindst i munden,
mest i grunden
havde de!
Torkild Trodsig,
Torleif Gote,
Gretter Grovknold,
gridsk paa slagsmaal,
Hadd hin haarde,
Hroald Taa.»

Starkads-kvædet og Braavalla-kvædet er truleg baae tvo komne fraa Telemarki (det siste er etter Gustav Storm si meininlg skrive i tidi etter 1027 eller fram imot midten av 11te hundrad-aaret). I deim fær telerne mange lovord. Dei gjorde mykje til, at Sigurd Ring vann og med han det rette norrøne folket. Det var ikkje noko, som var danane til større mein enn pileskotti fraa trønderne, gudbrandsdølerne og telerne, helst dei siste. Det beid korkje skjold eller hjelm eller brynje, som kunde greida seg. Smedarne i Telemarki er og nemnde i kvadet som nokre faarlege kroppar aa koma i kast med. Starkad kallar deim landsmennerne sine og klagar seg for dei tunge nevane, dei hadde. «I Tellemarken har Sterkodder og været i slagtning, som han selv bekiender; i Tellemarken, siger han: lærte jeg hvorledes jernkolven kunde vedeqvæge en karIs pande».

Starkad segjer i det siste kvædet sitt, like fyrr han døydde:

«Theler jeg gjæsted,
og holdt ei styr,
dristig der fæsted
jeg hammer-byr:
Thelemarks smede:
forvovne kroppe
hamrene lod, som paa ambolt,
hoppe paa issen min!

Blaat blev mit øie
og brynet rodt,
banket min trøie:
og stygt forstødt
siden jeg agted ei grovsmed ringe,
lærte, at bo kan i bonde-bringe
og helte-mod!3)

Me fær høyra lite meir um Braavallaslaget:
Hadd den harde og Roald Taa gjorde det av med Ubbe fraa Friesland, som var den djervaste kjempa i Haralds-heren. Ubbe gjekk hardt fram, og mann etter mann fall for hoggi hans. Sigurd kalla daa paa Starkad, men Starkad fekk seks store saar av Ubbe, medan Ubbe fekk eitt. Dei kom burt fraa kvarandre i stridsstaaket, og Ubbe var 'kje til aa faa stogga. Daa sikta telerne paa han med bogane sine, og han stupte med 24 piler i seg. Skjoldmøyi Vebjørg var med i slaget. Ho stridde mot dei norske, men vart drepi av Torkjell Traa med bogeskot eller hogg. Ho kom i kast med Starkad og hogg mesto haka av honom, men Starkad stappa skjegget i munnen og heldt haka fast soleis.

Telerne var med i bardagen ved Havsfjord saman med kongane fraa Hordaland, Ryfylke og Agder. Til hovdingar hadde dei Hadd den harde og Roald rygg. Det var ein hard strid:

«Dei seig under sessarne,
dei som saara vaaro.4)
Upp lét dei sterten standa,
stakk i kjølen hovud - »

Teler og ryger, egder og horder var dei siste, som freista staa imot Harald Haarfager. Fraa Harald si tid vert nemnd hersen Ulf Gylder og son hans, Gull Thorer, dessutan Åsgrim, sonen aat Gull. Dei budde alle paa Fillavollurn (Fivavold) i «Tinddalen paa Thelamaurk». Dette Tinnsfolket kom ikkje godt utav det med kong Harald. Dei fortel um Asgrim, at han eingong sende kongen ein gautsk hest og mykje sylv, men med fraasegn um, at han maatte taka imot det i gaava og ikkje som skatt. Asgrim vart sidan drepen av skattekrevjaren aat kong Harald, Tororm fraa Truma ved Arndal, men son hans Asgrim, Torstein, hemna far sin. Han var i viking, daa faren laut lata livet. Daa han kom att, selde hall garden og siglde ut gjenom Grenmar («Langesundsfjorden») med bror sin Torgeir og morsysteri Thorunn umbord. Han vitja Truma og brennde Tororm og alt folket hans inne. So strauk han or landet og busette seg paa Island. Der fekk han seg jord paa Sudlandet. Fraa brørne Torstein og Torgeir ættar mange islandske storfolk seg. Sume islandske «landnaams-menn» kom fraa Telemarki. Romund Gripsson Jarl budde i same fylket. Av ætti hans var Ingolf Arnarson og Hjørleif (Sverdleif) Rodmundsson, som foor til Island og var dei fyrste, som bygde der.

I slaget ved Svolder var telemarkingane Torstein oxafotr af Ho (Hofund: Gjerpen ved Skien) og Trandr enn rammi af Thelamørk med. Dei var umbord i Ormen lange, segjer Snorre i Heimskringla.

Det hev vore mange kongar yver Telemarki. Etter Gautreks soga var Fridtjof konge der («Friðþjófr þelemerkr konungr»). Han var son av Hordalands-kongen Hunthiof og sóneson av Fridtjof den frøkne. Etter ein hard og kvass strid («hinn mesti bardagi ok hi nu snarpasti») maatte han gjeva riket fraa seg til Vikar, som var konge paa Agder. Dette var hemnhogg avdi Harald, far til Vikar, hadde vorte yverfallen og drepen av Fridtjof sin broder Hertjov. Ettersom det vert fortald, so hadde Vikar, daa han stridde med Fridtjof, ein god hjelpesmann i Starkad. Starkad budde paa Truma. Vikar sette sonen Harald til konge under seg i Telemarki. Starkad skulde vera saman med honom.

Lenger attende i tidi, i det 5te hundradaaret, høyrer me hjaa Saxo um ein kong Thrand i Telemork. Rusla, syster hans, var ei stridlynd skjoldmøy. Ho freista aa faa honom burt fraa styret. Men enden vart, at ho sjølv maatte lata livet. Dei talar og um kong Ragnvald av Grenland og Telemork. Grenland (nedre Telemork) høyrde med til Vestfold fylke heilt til det 12te hundradaaret og var bygderne Drangedal, Soleim, Hollin, Lunde, Bø og Saudar. Telemork laag nordanfor og vestanfor. I det 13de hundradaaret vart det syslor istadenfor fylke, og daa slog dei Grenland saman med Telemarki til ei sysla. Syslemannen heldt til i Skiða, og ho vart difor kalla Skiðu-sysla.

Kvarhelst kong Ragnvald budde er ikkje godt aa vita. Det er ikkje urimelegt, at han hev butt ved Nordsjaa einkvar staden. Det skal etter segni ha sete kongar i Saudar paa Hæm. Ei gamal borg, Brattingsborg, er ikkje langt undan. (Kongen paa Hæm saman med folk fraa Nes og Bø vann paa teler fraa Heitradal i slaget paa Hildes hage).5) Munch meiner, at kong Ragnvald døydde 860, same aaret som Halvdan svarte.

«Aldrig eg høyrde
under himilen blaa,
at konge bar
betre namn,
enn daa Ragnvald,
ror-styraren
den «hogvyrde»
heite fekk,
mildhuga drotten
i (Tela-) mork.»

Telefylket er rikt paa minne fraa forntidi, og der er mange gravhaugar og bautasteinar. Fraa Bratsberg amt hev me meir enn 600 jordfunne ting fraa steinalderen, bronsealderen og eldre og yngre jarnalder. Til yngre jarnalder reknar me og bygdeborgerne, men det er 'kje heilt visst, um det er rett.

Det er gamle festningar, men dei er helder einfelt bygde. Slavane og germannane stelte seg med fienden paa tvo maatar. Anten grov dei ned eignelutane sine og gøymde seg i skogane, eller dei rømde til stader, som dei kjende fyreaat. Her var dei budd paa aa verja seg. Slik hev det visst vore her heime og i utgamall tid. Me hev til no funne 119 sovorne festningar paa ymse stader i landet; i Telemarki er det mange: I Holla: «Trolleborg», (austanfor Nordsjaa) og Murefjell ved Melteig. Bø: Leivningar av mur paa. Aaskollen, millom Hvalen og Askilt; murar paa Solbergfjellet under garden Aagetveit nær Nesherad; «Trelborgnuten» under garden Espedalen. I Sande: «Brattingsborg» radt nord for prestegarden; «Steinborg» (ovanfor Vegheim) skal og vera ei bygdeborg; paa garden Søre Klever ein fjellknatt, «Nonsnaten» dei kallar, der er det fleire murar. «Borgar-aas» er og eit namn i same herad. Elles segjer O. Rygh (1882), at umfram «Brattingsborg» skal det vera eit festningsverk paa eit anna fjell i Sande. I Hitterdal: Murar paa ein koll, kalla «Borgen», strakst upp for Søre Selgjord i hovudsoknet. Dertil ei bygdeborg i same prestegjeldet, som ikkje er granska endaa. I Lunde: «Kolaas», ved øvre Kleppe. I Vinje: Paa lag 1000 stig uppe i fjellet ovanfor prestegarden er det restar etter murar paa ein utslaat, som beiter Øvrebø. I Drangedal: Ved Holte, nær hovudkyrkja, eit fjell med murleivningar. Stellet kallar dei «Graatop-slottet».

«Disse befæstninger, hvor bygdefolket har tyet op under indfald fra nabostrøg (det ligger nær at tænke paa de vestenfra tilstødende teler), kaldtes «borge» (sml. got. baurgs: befæstet høide, borg, by; af bair-gan: skjule, redde, bjerge) Foran satte navnmerker som trold og træl tyder paa, at de i lange tider har været holdt for urgamle og tildels er blit benyttet som tilflugtssteder af bortløbne trælle. At de, som man har ment, skulde skrive sig fra vikingetiden, er lidet rimeligt.6) En bygdeborg blev i 1905 opdaget paa en fjeldknat i Melaasmarken, oppe mellem Himingen og Reskjemvand.»7)

Det hev ikkje vore bruka kalk eller anna til desse skanseverki, og dei ligg alle slik til, at dei var lette aa verja. Det trongst ikkje mykje arbeid for aa laga til eit rom so stort, at ein heil folkehop kunde faa plass der. Ein slik verje-stad8) var det ikkje so liketil aa taka paa, endaa til for ein stor styrke.

Paa Brattingsborg, nord for Saude prestegard, hev me, som fyrr er fortalt, ei bygdeborg, Brattingsborg ligg 8-900 fot yver dalen. Ein kann berre koma upp ditfraa den nordre sida, og her er det bygt ein mur, som er 480 fot lang. Det er ikkje so lett aa sjaa, kor tjukk og hag muren eingoing hev vore. Han hev rasa mykje ihop. Men etter stein-mengdi skulde ein tru, at han var i minsto 3 fot tjukk og lika høg. Han er bygt av same slag stein, som er i nuten. Det er elles ikkje merke etter nokon bygnad der. Wille segjer i skildringane fraa Telemarki, at kring 1716 fann dei mykje herbunad av jarn paa denne borgi: sverd, spjotskjold, hjelmar og meir slikt. 1767 fann ein bonde eit jarnbrot i ei myr tett attmed. Det hadde vore bruka til aa spenna staalbogen med; ben, derne kalla det «bog-vippe».

«Trellborgnuten» i Bø ligg 3-400 fot yver dalen. Han er so bratt, at det er uraad aa koma upp fraa nokon annan kant enn vestre sida. Her er det reist ein mur av kampestein. I røyndi er det tvo murar, ein ytre og ein innre. lnnste muren er rett og er baade lengst og høgast. Ytste muren held seg til bratte stader i fjellet, og det er ikkje so mykje stein i den. Baae murarne er no til nedfalls. Framfor inngangen er det ei svær steinrøis og midt i røisi mykje oska og brende steinar. lnnste muren er paa utsida 11 fot høg.9)

þelamørk («den frose eller myrke skogen») bar eingong namnet «Thyle». Dei trur at det er den staden i Norig, folk fyrst busette seg, og at Telemarki daa var mykje større enn no. Heile den søre havsida høyrde til, den som truleg fyrr Kristi tid vart vitja av kjøpmenner fraa Fønikia og Bretland.

Telerne hev halde trutt paa gamal norsk sed og skikk, og Telemarki hev vore ei rein gullgruva for den, som vilde granska norsk folkedikting. Fagfolk segjer at ho var diktheimen aat Norig attigjennem 800 aar, og kann henda 2-300 aar fyrr. Bygdemaali i Telemarki er av dei beste, me eig. Serleg i dei øvste bygderne, Rauland, Vinje og Tinn («fjøllstoga») hev dei eit overlag vænt maal, som likjest mykje paa gamalnorsken. I treskurd og sylvarbeid stend kannhenda Telemarki høgare enn alle andre landsluter.

Det, som no heiter Bratsberg amt, er paalag det same som det gamle Skidho-syssel, seinare Skeede- eller Skie-syssel. Det sidste namnet hev sysla venteleg fenge, etter at byen Skien (Skiða) vart bygd. Dei bruka det gamle syslenamnet heilt til andre helvti av 17de hundradaaret, og etter at sysla hadde fenge nytt namn i «Bratsberg lehn» (Bratsberg og Gjemsøe klosters lehn). At ho fekk dette namnet, kom av at styresmennerne eller lensherrane budde paa garden Bratsberg, som daa var krungods. Skiðuþing (Skiens ting) var tinget for det gamle Grenafylki. Snorre og fleire andre soge-skrivarar nemner Skien. Namnet vert fyrr i tidi stava paa ymse gjerdom: Skiða, Skyde, Schydebye, Skedhen, Skidhen, Skhien, Scheede, Scheen og Skeen. Dei trur helst, at byen hev namnet sitt etter det gamle ordet skid (ei ski). Difor er byvaapnet eit par ski, som stend millom tvo blømande tre. I Sverre-soga er Skien nemnd fyrste gong - alt ikring aaret 1184. Det heiter, at i slaget ved Fimreite millom Sverre og Magnus Erlingsson bruka Magnus sine hermenner, heklungarne, brynestein eller «hardstein» fraa Skien som kastevaapn. Denne «hardsteinen» var, meiner forf. Qvisling, førd ned til Skien fraa brynesteins-brotti i Eidsborg, anneksa til Laardal. Hardstein er tidt nemnd i gamle brev som ein verdfull ting. Med den greide dei i Øvre Telemarki m. a. bøter for mindre brotsgjerningar. - Skien vart kjøpstad 1358. Snorre fortel, at garden Bratsberg (tett ved Skien) vart brend av kong Eystein 1155. Eystein var i Oslo, men um vinteren Iét han skipi sine draga ut til iskanten og siglde til Bratsberg. Eigaren av denne garden, Gregorius Dagson, og dei 90 menner, han stødt hadde ikring seg, maatte koma seg undan yver fjellviddi til Hardanger. Ved Skien laag dessutan Gjemsø nunnekloster, som var skipa paa Sigurd Jorsalfar si tid av storhovdingen Dag Eilifson paa Bratsberg, far til Gregorius Dagson.

«I denne by, hvoraf Scheen syssel kaldes, boede anno 1206 Gunni Lange, en bagle, som der lod bygge tvende skibe til Erling Steenveeg, da birkebenerne fulgte dem ved Jomfrue-Land».

Porter er ei hamn ¾ mil sunnanfor Kraakrøy. Ho er tidt nemnd i den eldre soga under namnet Portyria, tildømes i 1137, daa mennerne aat Sigurd Slembidegn laag her og røva skip, men vart jaga av folk fraa Tunsberg.

Det var teler med bjørkebeinarne alt fraa den stundi, daa Eystein Møyla tok kongsnamn i Viki aaret 1174. Eystein var indom Grenafylket og tok mange teler urnbord. Dei fylgde honom nord til Nidaros 1176 og sud til Re (ved Tunsberg). Der vart Eystein drepen og mang ein staut bjørkebeinar med honom 1177. Storhopen av dei telerne, som kom ifraa det med livet, foor etter slaget heim til Telemarki. I Sverre-soga stend det, at den nye bjørkebeinarkongen, Sverre, ikkje hadde mannskap nok til aa driva igjenom det, han hadde sett seg fyre, avdi motmennerne var for sterke. Difor sende han etter paaske same aaret, paa ferdi nordover gjenom svenske grensebygder, bod fraa Vermeland til Norig - til Telemarki. Telerne var daa usamde med kong Magnus og Erling jarl, og Sverre lova dei rettarbot, um dei vilde slaa lag. Han bad dei møta fram nord i landet, var so dei vilde hjelpa honom. Daa Sverre ved kvitsunn-tider naadde Soknedalen, anneksa til Støren, frette han, at 80 mann, alle godt væpna, var komne fraa Telemarki. Dei hadde fenge brevi og ordsendingi hans. Sverre vart glad, daa han høyrde dette og foor til møtes med deim i Rennebu, anneksa til Meldal i Orkladalen. So det var fleire teler med i den bjørkebeinarflokken, som fylgde Sverre fraa fyrste stundi, han tok til med aa strida for kongstanken sin. Per Sivle syng i den væne songen til Telemarki:

Eg lengtar aa sjaa, der dei kom ifraa
dei fyrste i Sverres flokk,
dei hardest fyr Noreg med nevrar paa bein,
til datid elder siger dei rokk

Det var mange og blodtige slag, telerne var med i under kong Sverre sitt merke, og dei gjorde kann henda ogso denne gongen mest nytte med skotbogen, Sverre stelte boge-mennerne sine saman, so kvar mann kunde bruka vaapnet sitt paa beste vis. Det høyrde med til stridsmaaten hans kong Sveirre aa nytta boge-mennerne slik.

I fyrstningi av det 12te hundradaaret fastsette Sverre, at bønderne skulde svara i Ieidingskat av kvar gard ein mann, eit pund mjøl og eit stagtenaut. Daa vart det mykje mukking. Store bondeflokkar strøymde mot Oslo. I desse flokkane var det mange teler. Ein stor hop teler og skogbuar (d. e. folk fraa skogbygdi i Vestfold) foor sundagskvelden etter Tamperdagen i fasta, 5te mars aar 1200, paalag der Drammensvegen ved Oslo no gjeng. Dei slog seg ned paa isen ute i Lysaker-viki. Sverre sjølv reid derut um natti og stod og lydde paa, korleis dei tala med kvarandre og lagde raad. Striden dagen etter var den hardaste, Sverre og bjørkebeinarne hans nokosinne røynde, det kann ein sjaa av soga. Han ende ikkje godt for bønderne so mange dei var. Det hev vore sagt: 20 mot 1, dei var i alle fall 4 mot 1. Ein av bondehovdingane, kann henda telerne sin, var Grim fraa Grettesvik i Solum. Dei teler, som kom ifraa det med livet, hadde kor som er mangt aa fortelja dei, som heime sat, um Sverre prest. Han hadde dei set paa den brune hesten sin, klædd i ei raud kaapa. Sverre var so nær, at hesten hans rørde ved skjoldarne deira. Dei hadde vore samde um, at han aldri skulde koma undan. Men like vel fekk dei ikkje høve til aa gjeva honom korkje sting eller hogg heile den lange dagen, alt det dei ropa til kvarandre: «Drep honom», «Hogg honom!» «Stikk honom!» «Drep hesten under honom!» - Men sjølve hadde dei lenge mange hogg i herdane av bjørkebeinarne, daa dei tilslutt rømde for Sverre.

Naar me høyrer, at ein baglerhovding bygde skip i Skien i 1206, kann det visst høve aa nemna lidt um dei gamle skipreidor her i landet og um skipreidorne i Telemarki.

Det var Haakon den gode («Adalsteinsfostre»), som fyrst fekk istand ein fast skipnad i landsforsvaret. Kvar fri mann skulde eiga skjold, spjot og hoggvaapn (sverd eller øks). Dessutan vart landet deilt i skipreidor, og det skulde vera vardar paa dei høgste nutarne. Ei skipreida var ein mindre landslut ved havstrandi, umlag so stor som eit tinglag eller eit prestegjeld. Alle sjøbygder, fraa havet og so langt inn i landet, som laksen gjekk, vart deilt i slike skipreidor. Kvar skipreida skulde gjeva og reida til eit herskip. Me hadde 310 skipreidor i Norig. 193 skip paa 20 toftor, 116 paa 23 toftor og 1 paa 30. Hertil kom kjøpstaderne, som ikkje var nøydde til aa yta meir enn tvo «tjugesessar». Langskipi til kongane og hovdingane var mykje større og dertil sterkare manna enn leidingskipi. Berre frie menner vart rekna til mannskap umbord. Skipskokkar kunde trælerne vera. Dei rekna tvo mann til kvar tofta, og fullt sjøvern var ikring 14 000 mann. Dette var ikkje so liten stridsstyrke for den tidi, daa folketalet i Norig var so umlag 300 000 menneskje.10) Til kvar tofta skulde det vera 2 tylfter pitor og ein boge. Dei tvo menner paa tofta maatte sjølv syta for bogen. I kvar skipreide var det um vaaren ettersyn av vaapni. Bønderne i skipreida maatte yta mat til leidingskipet i tvo maanader og kvar leidingsmann ein øyre sylv um maanaden i løn. Leidingstidi var fastsett til tvo maanader for kvart aar.

Telemarki hadde fire skipreidor. - Namni var: 1) Gerpinar skipsreiða, 2) Bamla sk., 3) Volufors (Ulefos) sk. og 4) Lindheim sk. Til den sidste høyrde Hitterdal: «Tyridalr à þelemorkinne» til Bamle skipreida. Samstundes med skipreidor fekk me vardar paa dei høgste nutarne, so ein kunde sjaa fraa den eine varden til hin. Vardane, som og var i bruk i krigsaari 1807-14, var anten ein vedstabel av svære timberstokkar, paalag som ein pyramide, med ved og anna eldfenge to inn-imillom. EIler det var ei tjøretunna paa stong, full av lyng eller turre riskvistar. I seinare tider hadde dei som oftast eit vakthus av stein deruppe. Folk kunde daa halda auga med næraste varde og tendra sin, strakst dei saag, at hin brann. Ved varden maatte bønderne i skiftest til aa vaka dag og natt. Paa denne maaten kunde ein skikka bod um ufredi fraa den synste varden i landet til det nørdste tinglaget paa Helgeland paa 7 jamdøger. Naar varden brann, skulde dei senda «herpil». Kvar mann maatte daa møta fram ved skipet i si skipreida, naar han vart varsla 5 dagar fyreaat.

Paa Torsberg utmed Frierfjorden hev det stade ein varde i eldre tid. Løvenskiold segjeri sin «Beskrivelse over Bratsbierg amt og Scheens by med sine forstæder», prenta 1784: «Op paa toppen af fieldet findes endnu tegn af en vare kaldet, det er opreiste træer, som man i de gamle tider anlagde paa de høyeste fielde, som ved fientlig indbrud bleve anstukne for derved at opbyde almuen til modværge. Saadanne blev fordum kaldede vaerild, og af dem er paa de fleste fielde langs hen med søekysten.»

Utetter Frierfjorden hev det nok fare mang ein gild drake med djerve teler ved aararne. Og heim hev dei kome siglande fraa leiding, og landgang paa framande strender, med herfang av ymse slag: sylvsmide, gullringar og kostsame klæde.11)

Gamle moder, odelsboren
av det frie hav du steig.
du hev bautastein ved fjorden,
og du søner enno eig,
som din fridom og di æra
og di grunnlog verja vil.
og bisp Niklas skal læra,
bjørkebeinar enn er til!

Telnes.

    Noter
  1. Gamalnorsk kivast, Telemarki skryta
  2. Dei fyrste handskotvaapn er ifraa siste helvti av 14. hundradaaret.
  3. Folk gjekk med stridshamar i handi i eldre tid. Ein slik hamar fann dei paa ein gard i Telemarki for nokre aar siden, skriv ein forfattar.
  4. Var
  5. Mortensson: «Heimstaden til eit Eddakvæde. Rigstula.»
  6. Dei vert aldri nemnde i Norigssoga, og mange trur, dei er eldre enn vaar sogetid. Rygh meiner, at desse borgerne er fraa folkevandrings-tidi og viking-tidi. (Forf).
  7. Coll: Telemarken.
  8. Sjaa ordet varstøde fraa Vaagaa i Gudbrandsdalen: «staa i var-støde»; «han fann seg eit godt varstøde».
  9. Helland: Bratstb. amts beskrivelse.
  10. Drolsum: «Den norske hær».
  11. Dag Eilifson paa Bratsberg var med Magnus Berfott paa siste vesterhavs-ferdi hans.
Utdrag (s. 9-28) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen