Hans Reynolds

av Eirik Hirth

Hans Reynolds, såg dagsljoset 2dre september 1876 i Porsgrunn. Far hans var skipsførar og ætta frå Skottland. Han var den fyrste som førde godtemplarrørsla yver på norsk grunn, og skipa den fyrste godtemplarlosje her i landet.

Sonen gjekk på Porsgrunn kommunale millomskule. Sidan for han med faren til sjøs og for jordi rundt og såg og lærde mykje derhan for. Um skuledagane sine og desse fyrste ferdene til sjøs hev han fortalt friskt og råkande i boki «Til sjøs og i land». Der han totte ordi ikkje rakk til, der hev han skøytt på med morosame teikningar eller fotografi.

Sjømann vart han likevel ikkje. Ingen kann si forloga fly. Hans hugmål drog honom i ei onnor leid. Det var minnet um Noregs stordomstid som meir og meir fekk tak i honom, og dei folk som då stod saman med oss. Rett nok øydde federne mykje av arven, men der er då sumt som er att, og det var denne sameiga, denne norrøne sameiga som steig livande fram fyre honom og kravde hans arbeidskraft.

Det er snaudt ein nordmann som hev havt sterkare norrøn ættekjensla enn Hans Reynolds. Han kjende det var norsk blod som banka i ådrane hjå alle dei gamle norrøne folk. Det kunde vera meir eller minder blanda, men i all hovudsak var det norsk. Difor ser me han på granskar- og gjesteferd hjå gamalt norsk folk gong på gong. Det var dei sams minni og det sams kulturgrunnlaget han vilde få tak i og draga fram i dagen. Ein baktanke hadde han nok òg. Han vilde syna kor sterkt og traust dette grunnlaget hadde vore trass, i vande vilkår. Og han vilde nytta det han kom yver, i kultur- og nasjonalitetsstriden her heima.

Ung Noreg, lyd åt den tunge ôm
som kjem med eit stormfullt drag ......
Det er klokka i Gardar-dom,
ho manar med sterke slag!

Ho manar deg, ungdom, til Haralds-verk,
til strid for å reisa ditt land!
Syn, at i deg er same nerk,
so slit me kvart træleband.

Og det skal vera visst at både på Vesterhavsøyane, Island, Færøyane og Grønland er det fullt upp av leivder som fører beinast heim, til Noreg, til vår beste tid. Det er berre me som lite hev ansa på desse ting og gjort so alt for lite til å halda sambandet med desse land og folk uppe. Eller nya det uppatt der det var eller er slitna. Og det hev det gjort på dei fleste stader.

På Orknøyane er minnet um den norske tidi livande i folket, og ei mengd med vister i mål og kultur er å finna, trass i deira engelsk. Folket kjenner seg òg byrgt av sitt norske upphav. - Dette same kann ein segja um Shetland og shetlendingane. «Me er alle nordmenn,» ropa dei etter oss som var med i Norrønaferdi 1928, då båten la frå bryggja i Lerwick. Ja, på Man og i Nord-Skottland med minnest dei oss.

På Færøyane hev dei halde uppe norsk mål og er meir norske enn me sjølve, som han skreiv dr. Rolf Thommessen ein gong.

Men sjå kor mange nordmenn det er som lyfter ein finger til forsvar for Færøy-folket um det vert trælka aldri so mykje frå dansk sida. Eller kva hjelp fekk Island då det galdt liv eller daude for nasjonen?

Og det skal me ikkje gløyma: Det var ikkje våre utbygder som sveik oss, men moderlandet som sveik deim.

For Reynolds stod alt dette skilleg greidt. Og han syrgde yver det. Men han venta ikkje at dei utflutte skulde koma til honom eller oss. Han kom til deim og vart motteken med vinåtta allestader, og frendeband vart knytt. Bøkene hans: Hjå gamalt norsk folk, I-III, ber fullgodt vitnemål um det. Reiseskildringane frå desse ferdene hans er uvanleg gilde å lesa. Dei fortel um møte og mottakingar som ofte kann vera reint vedkjømelege. Sjølv hev eg upplivt noko av det same.

«Blodets bånd fornekter sig aldri», heiter det. Eg veit den tanken ikkje var framand for Reynolds, at den dagen kunde koma då dei utflutte folki atter stod samla kring moderlandet.

Ja, samla stend Norrønaætti ein dag,
uni moderlandsklokka ho kallar til slag.

Den same tanken kjem òg til orde i eit kvæde til Shetland.
Han drøymde stort, Revnolds, når det galdt fedralandet og den norrøne ætti. Sterkast kom dette til syne når det galdt Grønland, som òg var gamalt norsk land. Grønlandssaki var for honom saki framfyre alle andre saker. Sjølv hadde han vore på Grønland fleire vendor og på eigen kostnad lært folk og land å kjenna på fyrste hand. Og han elska dette landet, som slett ikkje var noko snøland, men rikt både på dyreliv og voksterliv. Og dette naturfolket som budde der, hadde hans fulle samhug. Heilt fritt for norsk blod var det heller ikkje. Anders Olsen frå Senja og ætti hans hadde sine røter beinast frå Noreg. Høgste ynskje og draum var delte at landet atter måtte verta knytt til Noreg.

Men Reynolds var lite nøgd med den motburd saki fekk og den likesæla dei styrande synte. Likevel meinte han det galdt um å halda ut og ikkje gjeva upp. «Nordmennene hev endå ei framtid på Grønland,» skreiv han i eit brev straks fyrr han døydde.

Reynolds var ingen elskar av Danmark. Um dansk styrnad på Grønland brukte han sterke ord. Men den danske sorgi yver tapet av Sørjylland forstod han. Han hadde òg stor medkjensla med dette folket som vart rive burt frå fedralandet. Det syner òg noko av hans rike hjartelag når han for til Sørjylland og på fyrste hand vilde læra tilhøvi å kjenna. Desse hev han lagt fram i «Ferdaminne frå Sørejylland». «Sønderjylland vundet, det er kampens maal,» syng dei i Danmark. Kann so danskane skyna dette, skreiv han 1907:

  1. At ein og annan i Noreg òg gjeng og syng på si vis.
  2. At me nordmenn òg hev vårt «Sønderjylland».
  3. At me ikkje hev gløymt broderhandi i Kiel 1814, men at «mindets nattelamper brænder.»
  4. At kjærleiken til Island og Færøyane ligg djupare her enn hjå danskane, sidan dei er av norsk ætt.

Reynolds hev òg drive granskingar på heime-norsk grunn. Soleis hev han gjeve ut ei skrift um «Gimsøy Kloster ved Skien», og eit større verk um «Telerne i den norske hersoga» (Kr.a. 1917). Boki vart vel umtala av fagfolk.

Gjev me oss i fylgje med Reynolds på dei mange ferdene hans millomi gamalt norsk folk, legg me snart merke til at kvæde hev han til deim alle, og til dei meir kjende stader der han fer. Ja, der var kunstnarblod i ætti hans. Sjølv tenkte han eit bil på å verta kunstmålar. Men då ein bror alt var det, totte visst Hans det kunde vera nok med denne eine, hev han fortalt. I staden nytta han ut sin skaldegivnad.

Det var ikkje so mange strengjer han spela på. Men dei han rådde yver, gav malmfulle tonar. «Hans Reynolds er skald; ein fin og varm skald; dertil norsk i hug, og kjensle, so norsk at det fenger der han ferdast,» skreiv Rasmus Steinsvik.

«Hans Reynolds er lyriker,» skreiv Severin Eskeland i ei melding um «Folkekamp. Nye sange». «Difor torer han trygt skriva dikt. Me er med honom i hans liding og kjenner hans eldhug og me ser hans syner. Serleg i nokre av landsmålsdikti hev han nått langt.»

Reynolds minte noko um Per Sivle med di ein stor lut av kvædi hans var tendenskvæde. Han hadde òg noko til sams med del gamle hirdskaldar, søm var med kongane på herferd og skulde kveikja stridshugen hjå herfolket, eller når dei kvad dråpa til heider for høvdingen. Sterkast kom denne skyldskapen fram, når han sjølv i lag eller lyd sa kvædi sine fram. Då vart det høgtid og stilt i halli.

Kvædi til oberst Angell og til Gunnar Knudsen på 70-årsdagen hans er typiske. Ikkje minder diktar-flog er det i dette eine verset til Anders Hovden:

Du friske bris i Noregs Tlag,
du songar sterk og varm,
ditt diktarsyn, ditt helte lag
gjev glod i trøytte barm.
Du kom som båra inn frå hav
og bura yver land,
hav takk fyr kvasse norskdomskrav,
du Sunnmørs Ulabrand.

Dei fleste av dikti hanser samla i desse fire diktsamlingane: «Sange og stemninger», «Folkekamp», «Heimlege tonar» og «Dagsens dikt». I denne siste samlingi hans finn ein den velkjende songen hans til Bjørgvin. Til Vestmannalaget hev han skrive tvo, dikt. I «Norsk Årbok» finn ein òg fleire dikt av honom.

Upphavleg skreiv Reynolds på det norsk-danske bokmålet. Men han munde ikkje finna seg retteleg heima, der. Det gav honom ikkje nok luft, under vengjene. Det stetta heller ikkje hans norske hug i lengdi, endå det var morsmålet hans.

Ved Blix si båra eg undren stod
eg vakna - og skyna dei menn
som gjeng i brodden med hugheilt mod
og eldfullt for målet brenn.

So vart han ein av våre mest trufaste og djerve målstrævarar. Der var eld og glod i honom, og han kunde kveikja eld i andre òg. Han var «lurblæser foran en fylking i fremmarsch,» skreiv Erik Lie um honom, og bilætet høver godt.

Hans Reynolds var mykje nytta til ferdatalar i ungdomslagi. Alt sidan kring hundradårsskiftet hev han jamleg vore på talarferd, færre eller fleire vendor på året. Han hev fare på dei fleste stader i vårt land. Siste vinter var han soleis i Hordaland, men vart sjuk og laut fara heim fyrr tidi var umme. I ollo var han ikkje serleg sterk til helsa, og desse mange ferdene hans sleit på kraftene, som ventande kunde vera. Ofte leid han vondt og hadde ikkje alltid mannskap nok til å segja ifrå, um ikkje alt var som det skulde, der han kom.

Hans Reynolds var ein fin mann med eit rikt hjartelag. Alltid hadde han noko godt å segja um dei folk han kom saman med. Han var ein traust og trufast arbeidsmann i den norske hagen og kravde korkje gods eller gull eller æra for strævet sitt. Han livde for sine hugmål. Det vesle han kunde tena på bøkene sine eller fyredragsferder, var for honom ikkje anna enn grunnlag til arbeid lenger fram.

Og han åtte ein vilje som var stålsett. Når det galdt Grønlands-saki t. d., var inkje offer for stort for honom.

No hadde han ein fot som var minder god. Reynolds dugde soleis lite til å ganga. Likevel gav han seg ein vår på veg til Aust-Grønland med ein selfangar på von og vågnad. Han måtte personleg granska dette landet, for no var her voner for norsk framtak og norsk vilje. No galdt det å nøyta seg.

Samstundes var han den smålåtne og kravlause mannen som ikkje vilde ganga nokon i vegen. Det råka seg so at han heldt jol her i Bjørgvin tvo gonger. Båe vendone bad eg honom heim til oss jolaftan. Men det var so reint umogeleg. Han vilde berre verta i vegen og skipla hugnaden for andre og laga bry for husens folk. Elles kom han gjerne til venene sine her og var jamt ein velsedd og kjærkomen gjest.

Reynolds var austlending. Likevel kjende han seg sterkare bunden til Vestlandet enn austlendingar flest, og ikkje minst til norskdomsfoIket i Bjørgvin. Han tottest her finna den beste songbotn for det som brann djupast i hugen hans. Og me på vår sida gledde oss kvar gong me visste han var i kjømdi. Det fylgde alltid eit friskt ver med honom. Då vart det kalla saman til møte i Grønlandsnemndi. Då var det jamt noko nytt som skulde dryftast, eller gamalt som skulde underbyggjast. -

Likevel vart Reynolds ein einsam mann. Det var få som skyna honom og visste kor han brann for det han hadde fenge kjært. Han var som ein av desse vårfuglane som kjem for tidleg og vert ute for kulde og snøkave, og frys og svelt. Han var nok rikslønt stipendiat med kr. 1000 for året. Men mange totte visst det òg var for mykje og hadde gladeleg vore med og teke dei vesle skillingane frå honom.

Reynolds var den som, sat inne med den beste kjennskapen til Grønland. Likevel vart det ikkje so mykje spurdag etter honom eller hans arbeid når det røynde på. «Veistre Bygdi» som kom ut 1926 vart det liten spurnad etter, og «Austre Bygdi» lukkast det ikkje å få ut. Samhugen med arbeidet hans var ikkje større hjå oss. Tvillaust vilde denne siste boki hans hjelpt godt til å auka kjennskapen til Grønland. Men dei styrande ansa altfor lite på den hjelp han kunde ytt deim. Kann henda var han òg for mykje aktivist for mange av deim.

Reynolds var ikkje av deim som stakk seg sjølv fram. Han var i grunnen mindre kjend enn ein skulde venta etter alt det han hev skrive og alle granskarferder han hev vore på. Det er soleis merkande at namnet hans finst ikkje i dei uppslagsbøker som er utkomne til dessar. Det høyrest rart ut, men soleis er det. Hadde t.,d. ein bokmålsmann gjort same arbeidet som Reynolds, hadde namnet hans vore i både norske og danske leksika.

Han var elles på mange vis hjelpelaus og upraktisk og kunde vera einvis. «Vestre Bygdi» kom ut hjå Aschehoug. Dette forlaget var òg viljugt til å gjeva ut «Austre Bygdi», dersom det fekk ei viss pengetrygd. Den kunde ikkje Reynolds syta til vegar. So vende han seg til Grønlandsnemndi. Ho bad honom prøva andre bokreidarar og hadde god von um at ein, var viljug til å taka boki på rimelege vilkår. Men det var reint uråd. Anten Aschehoug eller ingen, meinte Reynolds. Ogso vart boki liggjande.

Heimen sin hadde han i Porsgrunn. Han sat med ættarhuset etter faren. I Porsgrunn la han seg òg til kvile. Han hadde lagt seg inn på sjukehuset. Men ingen trudde det var noko ålvorleg som stod på. Han hadde vore uppe um fyremiddagen, men då sjukesysteiri kom inn på romet hans noko seinare, var han slokna av hjartelåming, 57 år gamal.

Reynolds fekk ikkje sjå so store frukter av sitt arbeid i levande live. Men han er av deim som ettertidi kjem til å minnast, so sant me er liv laga. Traust og trufast var han i all si ferd, ein god nordmann med rikt hjartelag. Då det spurdest at han var slokna, kom det frendehelsingar både frå Færøyane og Shetland.

Reynolds let etter seg - som tidlegare nemnt - eit manuskript um «Austre Bygdi».

Ei utgreiding um Porsgrunns-målet var ferdigskrivi, er seld og kjem vel på prent med det fyrste. Dertil hadde han under arbeid ei ferdaskildring frå Aust-Grønland og ei bok um våre gamle utbygder Jamteland, Herjådalen og Båhuslen.

Endeleg bør nemnast at han åtte ei rik Grønlands-samling, bøker, reidskap, bilæte og gogner av ymse slag. Denne samlingi burde ikkje koma på vidåtta.

Eirik Hirth.

Utdrag (s. 84-91) fra: Norsk Aarbok 1933.
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen