Fra: Grønland. Vestre bygdi

Dei siste dagarne paa Grønland

av Hans Reynolds

Som eg gjekk i Godthaab og venta paa Skipet, nytta eg Tidi til aa sjaa meg um og elles gjera meg kjend med grønlandske Tilstand i det heile. Eg saag no onnorleis paa Grønland, enn eg fyrr hadde gjort, og eg fann, at det var mykje betre der, enn eg hadde trutt. Det er i mange Maatar eit rikt og gildt Land. Og det er ikkje for inkje, danske Handelsmenner kom med so sterke Lovord um det, soleis i 1830-aari, daa Forf. MuhIe, som fyrr er nemnt her, fortel, at dei kalla det «et sandt Canaan». Og dengongen hadde dei, likso litt som no, Grunn til aa klaga yver Innkoma av Grønland. I Aari 1829 til 1850 gav Handelen der - umfram Rentorne av den Kapitalen, dei hadde sett i'n - yver 1 Million Kr. Aaret i Yverskot til Statskassa. Sidan 1860-aari hev den danske Staten havt ei aarleg Innkoma paa 100000 Kr. berre av Kryolitkompaniet i Ivigtut, Sudgrønland. Denne Avgifti hev i seinare Tid vore upp-i ½ Mill. for Aaret, i 1923 uml. 1 Million Kr. Fraa 1865 til no hev Kompaniet svara ialt umlag 12 Mill. Kr. i Avgift til den danske Stats-kassa.

Kryoliten nytta dei fyrr til Laging av Soda, no til Emalje og Glas og ved Tilverkning av Aluminium. Dei bryt 10000 Tonn Kryolit kvart Aar i Ivigtut, og han vert skipa ut til Kjøpenhamn og U. S. A.

I eit Skriv til det danske Marineministerium i 1883 segjer «Kommissionen for Ledelsen af de geologiske og geografiske Undersøgelser i Grønland», at den danske Statskassa hev «eit riklegt aarlegt Yverskot» av sistnemnde Land.

Ved ein Auktion i Kjøpenhamn Vaaren 1920 selde dei Skinn ifraa Grønland for 1¼ Mill. Kr.

- Fraa Midten av Juli og utetter hadde me ei Rad med fine, blanke Sumardagar, og Eskimoarne sa: «sila ajungilak!» (Vêret er godt!) Men det er paa jamnan ikkje nære so varmt der ute ved Havet som inn-i dei stille Fjordarne.

Elles kunde ein ikkje klaga. Det var berre ein og annan Snøflekken aa sjaa paa «Nordlandet», det lange Fjelldraget beint yver Fjorden fraa Godthaab. I det fine Vêret var Folk ifraa Kolonien ute i Havgarden, og noko inn-i Fjorden, og sanka Rekved. Dei brukar ogso Torv og Lyng.

Ein Kveld hadde me Kvit-fiskhud (Mattak) paa Bordet. Det smaka godt, og baade Eskimoar og Europæarar held det for aa vera med den finaste Godbiten, dei kann faa. Steikt Sel-livr hadde me tidt, ho smakar ikkje verst. Selkjøt fekk me og sumtid, men det er det meir Transmak i. Det heiter, at den beste Retten av Selkjøtet er ei Supa, dei lagar, for den kann ein ikkje skilja fraa Uksekjøtsupa.

Ved Koloniarne veks det ymse Maturtar som Grønkaal, Kaalrot, Kjørvel, Salat, Lauk, Persille, Redikkar. Ved Kornok og Umanak inn-i Godthaabsfjorden stend Hagevokstrarne sers godt. Dei fær soleis m. a. Gulrot og Grønerter. Ved Kolonien Umanak i Nordgrønland (paa 71 Gr. n. Br.), finst nørdste Hagen i Verdi. Grønkaal og Redikkar trivst godt der.

I Kolonien Godthaab budde det i Aaret 1918 357 Innfødde og 34 Europæarar. I heile Landet er det 206 Danske. Dei siste held godtsom alle Høns og Geit-fe. Det kann finna Føda ute fraa Mai til Oktober. Resten av Aaret maa dei ha deim inne, og dei vert daa fora med Høy, Mask, salta Toppar av Kaalrot, turka Lodda o. l. I Godthaab plar dei sjeldan ha meir enn 25 Geiter. Sauder hadde dei ikkje der, men av deim finst det, som fyrr nemnt, mange sud i Julianehaab Distrikt. Dei trivst godt der og gjeng ute mest heile Vetteren.

Hans Egede førde, som me veit, med seg baade Sauder og Kyr til Grønland. Men daa han hadde fare ifraa Landet, vart dei slagta for aa spara Bryet med aa sanka inn Fór til deim. Ein Forf., som nemner dette, tykkjer slikt var ei Skamm.

Glahn segjer i «Anmærkninger over Cranzes Historie om Grønland», Khavn 1771, (s. 88):

«Men siden et Lam om Høsten kan være saa stort, som en Aaring i Tydskland; siden en Vedder kan have 20 pd. Tælg og 70 pd. Kiød; siden et Faar faaer to til tre Lam for Aaret, saa seer enhver deraf, hvad Grønland kunde blive, om der i Grønland blev anlagt Skæferier!» Han nemner og, at det ikkje berre var Herrnhutarne, som hadde Sauder paa Grønland. Presten i Fredrikshaab hev stødt Sauder, segjer han. «I 1764 kom det Faar til Holstensborg for Prestens og en andens Regning. Og i 1765 tog Presten Thorhallesen Faar med sig til Godthaab. End og førend Herrnhuterne kom nogensinde til Grønland, var der Faar, som Biskop Egede havde indført, ja, det, som er meere, Kiør. Skam for vedkommende, at de bleve, efter hans Avreyse fra Landet, ødelagte og det for at spare Umagen ved Foers Indsamling; thi dette var Hovedsagen. Enhver ærlig Patriot kan ikke andet end græmme sig over, at Fremmede skal med Sandhed kunde bebreyde os sligt».

Havet kringum Grønland er uhorveleg rikt paa Fisk, og det er mykje aa gjera der. Sumaren 1925 laag det umlag 40 norske Farty fraa Møre med burtimot 1000 mann umbord paa Fiskje ved Vest-Grønland etter Torsk og Kveita.

Ved Ekaluit (dvs: Lakseaurar) i Godthaab Distrikt vart det i 1913 skipa ein Hermetikk-fabrikk. Danskarne kjøpte Fisken av Eskimoarne for 5 Øyre Kiloet, og Produktionen var for nokre Aar sidan upp-imot 30 000 Askar um Aaret. Lakseauren finst yver heile Grønland. Kanisut i Godthaab Distrikt er ein av Lakseplassarne. Thorhallesen fortel, at dei Innfødde ofte med Garn fanga fleire Tunnor Aure um Gongen, so mykje Fisk var det i Elvi der. Og Forf. Giesecke saag her, at same Mannen med eit Garn paa tvo Dagar fanga 510 Stk. Ein gamall Type av Lakseljostr, som dei kastar som Harpun, er no lite i Bruk.

Det finst ogso vanleg Storlaks (kapisilik) paa Grønland, t. d. i Godthaabsfjorden. Men det skal ikkje vera so mykje av'n.

Med Torskefisket hev det gjenge framifraa i Godthaab Distrikt, og elles er det overlag mykje Hellefisk og Raudfisk i dette Distriktet, soleis ogso i sjølve Godthaabsfjorden.

Folket i denne Fjorden flakkar umkring heile Sumaren, so som dei Gamle gjorde fyre deim. Det er faae i Distriktet, som brukar Skinntelt no. Dei fleste hev Telt av Lerreft. Hovud-næringi er Veiding av Sel, Kvitfisk og Sjøfugl, Fiskje og Revefangst, og som Umfram-fortenest Veiding etter Rjupa og Rein.

Dei veidar mykje Kvitfisk ved Godtbaab og kring um der. Han vert upp til 20 Fot lang. Sumtid stengjer dei'n inne paa ei Vis, som minner um Grindkval-veidingi paa Færøyarne. Han vert daa skoten med Byrsa fraa Land og fraa Baatar og Kajakkar. Eit Aar drap dei soleis 619 Kvitfisk.1) Det er mykje Spekk paa'n, og baade Skinn og Olja er sers verdfull.

Um Hausten fangar dei Huskval (Knøl) ved Godthaab. Han kann vera upptil 15 Meter lang. Dei ror burt til Kvalen, naar han sov, og sting han i Hjarta med tri Spjot i ein Gong. So søkjer dei etter han med Baatarne, til han er klar. Dei set no Harpunen i'n, og so slæpar dei Kvalen iland. Naar dei skulde veida Kval i gamle Dagar, reidde dei seg ut, segjer Egede, «i deres største Stads ligesom til et Bryllup, ellers skal Hvalen skye for dem; thi han Fordrager ikke U-reenlighed». Det heiter ogso um dette, at «Hvalen vil have Ærbødighed, og ingen Skidenhed kand fordrage.» Skitne Klæde elder slike, som hadde kome nær ein avliden, trudde dei gjorde, at Kvalen sokk for deim, naar han vart drepen. Det var andre «Ceremoniar» med det og: «De af deres Fruentimmer som imidlertid ere hiemme, maa ogsaa vaske dem og holde Lamperne slukte, og i det øvrige holde sig stille.»

- Det nationale grønlandske Heime-verket byd paa overlag vænt Arbeid som Fugleskinns-teppen, Belte, Mynstr av Kajakkar og Konebaatar, Beinarbeid av Rossmaal-tonn, Straa-arbeid, Selskinns-sko o. a.

Ein Sundag, som me sat ute i Lysthuset og drakk Kaffi, saag me ein Kajakk-roar gaa rundt Gong etter Gong. Han reiste seg fint og sat strak attr i Skinnhyra. Han var ikkje «kajakk-ør», som dei kallar det. For det er det sume, som er. Dei er so nerveveike, at dei ikkje vaagar ro ut i Kajakk i stillt Vêr. Og endaa um dei greider aa reisa seg, naar dei hev kanta, misser dei Trui paa seg sjølv i den Vegen, og dei duger ikkje til Kajakk-fangarar. Det kann ein ikkje segja um ein Fangar i Kornok (Godthaabsfjorden). Dei fortel, at han var den beste i heile Distriktet og so god til aa bruka Kajakken at han ikkje nytta Blaasa, daa det galdt um aa sikra seg ein Sel. Han sette berre Fangereimi fast til Kajakken og let seg slæpa av Selen, til det lukkast honom aa drepa'n.

I ei Melding fraa Kangek heiter det: 17 Fangarar kann reisa seg i Kajakk; Staden hev 2 kajakk-øre.

Det er fleire, som druknar kvart Aar ved det, at Kajakken kvelver. I 1911 var det av 2228 Selveidarar 867, som kunde reisa seg i Kajakk.

Dei fortel um Paul Egede, at han tumla seg i Kajakk som ein Innfødd. Han var 13 Aar, daa han fylgde med Foreldri sine til Grønland. Han hadde med seg fraa Noreg baade Ski og Skeisor. Det siste kunde ikkje Eskimoarne læra. Naar dei fekk deim paa Føterne, greidde dei ikkje aa røyva seg av Flekken. Og naar Kammeratarne deira vilde gjeva deim Fart, fall dei attyver og kunde ikkje reisa seg.

Naar dei bur saman, som um Sumaren i Telt, elder um mange bur um Vetteren i eit Hus, trakterar dei kvarandre stødt um Kvelden. Dei ét ilag. Dalager segjer: «Og omendskiønt alt det, som er frembaaren, er af een Sort og eens tillavet, tager man dog ikke gjerne af sit eget, men stedse af en andens Bakke. Under Maaltidet fører den eller de, som den Dag har gjort bedst Fangst, Ordet, som handler om, hvorledes hans Jagt faldt ud. Man kunde nok spørge, hvad Leylighed derover kand gives til Historie,» segjer same Forf.,

«eftersom Materien er fra Barndommen indtil de graae Haar dagligen forklaret? dog, naar man forstaaer Sproget, og giver nøye Agt, finder man alletider nye Forandringer, hvorved de gierne kand sige med ti Ord, hvad de sidde og haranguere over en gandske Time, som for Exempel:

Naar de udi Historien er komne saa vidt, at Skuddet skal exprimeres, svinge de den høyre Arm i Veyret, hvorimod den venstre sættes i lige Linie, som betyder Dyret.

Hvorpaa Demonstrationen gierne følger saaledes:

Der jeg vilde gripe Piilen, saae jeg til den, jeg greb den, jeg tog den, jeg fattede den, jeg havde den nu saa fast i Haanden, den balancerede, og saa fremdeeles, hvilket alleene kand vare i nogle Minutter, førend Haanden synker, som endelig betyder Skuddet, og skal de ikke derefter Forglemme at remarkqvere det sidste Nik, Sælhunden giorde.

Medens han fortæller, sidde alle de andre meget attente, fornemelig Smaa-Drengene, hvilke man skulde tænke, vilde ligesom sluge den heele Tale, og kand man sige, at den ogsaa for dem er mest nyttelig. Fruentimmeret har imidlertid ogsaa giort et Maaltid for dem selv i en anden Krog, hos hvilke man derimod maa slutte ikke er vanket andet end Pølse-Snak.

Med Hensyn til Besøg hos hinanden, saa fører Verterne i Begyndelsen Ordet, hvortil Giesterne med ærbare Miiner svare gandske kort, eftersom det holdes for meget uanstændigt, hvis en fremmed Mand udbryder i Latter. Og er det derfore, de holde os for Phantaster, fordi de høre os strax fnise i Fremmedes Overværelse.»

Dei hev mangt løgje aa fortelja um Eskimoarne, dei, som hev butt paa Grønland.

Fyrste Gongen, Kjerald (med «Hank» paa) kom i Handelen, kjøpte alle, som hadde Raad til det, ei elder fleire av deim!!! Næste Kostdag møtte alle Folk med Kjerald for aa henta Smør! Kifakkarne (dei innfødde Tenestemenner) fær Smør.

Den Helsingi, Eskimoer, brukar, er ein Smil, og dei er i det heile sers blide og godlyndte. Ein kunde difor verta freista til aa kalla Forf. Lyscander («Grønlands Chronica») for Lygscander, naar har segjer:

Det Folck er bister som vilddeste Beest.

A. E. Nordenskiöld maa ganga ved, at alle, som kjem til Grønland, tykkjer godt um Eskimoarne, «det sälskinnsklädda, af tran stinkande folket i den höga norden», som han ordleider seg.

Eivind Astrup var ogso svært uppglødd for Eskimoarne og glad i deim. Det heiter, at paa Ferderne sine lærde han samstundes aa kjenna og sjaa med Undring paa dette Folket. Og sjeldan godlidande som han sjølv var, er det trulegt, at Eskimoarne ogso heldt mykje utav han.

«Han høyrde til den Flokken av norsk Ungdom, som likeins som Roald Amundsen vart dregen sterkt med av Nansen sitt Fagnaverk», heiter det i ei Livsskildring.2) Og i Holmenkollskogen stend det ein Bautastein, 23 Fot høg, til Minne um den unge, staute Landsmannen vaar. I Nordvest-Grønland hev dei sett upp ei Minnetavla um han, og i Melville-bugti ligg Eivind Astrups-Øy.

Det heiter i ein væn Song um Astrup:

Ved Polens Is og Have
kom uskadt du frem.
- Dig Norge vilde grave
ned i sit eget Hjem.
Sin kjække Søn med Moderlyst
hun vilde gjemme ved sit Bryst!

Nansen segjer i 1888: «Eg trur, at me alle ihop hev vorte glade i Grønland og Grønlendingarne. Eg trur, at for dei fleste av oss vart Gleda, daa det saag ut for, at me skulde koma heim att, ikkje lite blanda med Sorgmilda yver det, at me skulde fara Fraa Godthaab og Folket der.»

Den same Kjensla hadde eg, no daa eg skulde fara der ifraa.

Presten Ostermann segjer i Boki um Prost Jørgen Sverdrup: «Det gik ham som saa mange andre, der kom til Grønland. Landet tog dem, dette vidunderlige Land, hvor Luften er let og ren og herlig, hvor Naturen er storslaaet som næppe nogen stæds, hvor den store Stilhed giver Sindet en Fred, som betager. Og Folket tog dem -.» Han skildrar deretter Eskimoarne, og dei fær mange Lovord.

Me venta, at me snart skulde faa sjaa «Godthaab» koma ifraa Nordgrønland. Snart høyrde me vel det vanlege Rop: «U-mi-ars-su-it! (stort Skip!) i ein heil Toneskala. Dei brukar aa syngja det med Drag paa Tonarne,

Ein av siste Dagarne gjekk eg upp-aa Høgdi attum Kyrkja og saag enno eingong innetter Fjorden. Der Fjelli blaana langt inn-i Landet, laag dei gamle norske Bygderne. ...

Eg hadde no snart vore ein Maanad paa Grønland og havt ein fin Sumar deruppe. Eg tenkjer enno paa, kor vænt det var, naar me sat ved Kveldsbordet og saag lsfjelli siga stillt ut Fjorden i Solefallet. Ein Dag var det lite Folk aa sjaa i Butikken. Mange av Eskimoarne var inn-i Fjordarne og sanka Lyng til Brennefang. Andre var i Kobbefjorden, sud for Kolonien, og henta Vidjer til Geiterne.

Ein Dag hadde me 19 Grader i Skuggen i Godthaab, i Soli vel nokre og tjuge. Den 27de juli var det herlegt Vêr. Fjorden solstill utetter. Den Dagen var det ein Maanad sidan, eg kom til Grønland. Det ringjer til Messa, og dei unge Eskimo-gjentor gjeng framum i drusteleg Nationalbunad. Dei kvite elder høgraude Langstyvlarne deira lyser i Soli. Den europæiske Kvendebunaden ser helder bleik ut ved Sida av den eskimoiske. Daa dei strøymde ut paa Kyrkjetroppi att - for Fargar! Det var mang ei myrk Fagerdros millom deim, med Tenner so kvite, som ein sjeldan ser deim hjaa oss.

Denne siste Sundagen, eg var der, gjekk eg yver paa hi Sida av Kolonien og saag paa den gamle tyske Missionsstationen Ny Herrnhut. Han vart nedlagd i 1900. Den lange, svarttjøra Bygnaden hev Klokketaarn og ein «Kyrkjesal» i eine Enden. Det var 10 Glas paa Framsida av Huset, og det laag sers vænt til paa ei vid Sletta ut imot Havet. Det var fint og grønt der. Slaatten hev dei derute sist i August.

Kolonistyrar Bugge i Godthaab hadde i 1919, daa eg var der, vore i Tenest paa Grønland i yver 30 Aar. Ein annart Styrar, Bistrup, var der i Landet likso lenge.

Olavsdagen hadde me ogso fint Vêr, mild Luft. Fjorden var stavstill. Folk kom daa att fraa Fiskje, hadde teke mykje Laksaure i ei Elv sunnanfor.

Den 31te juli, daa eg ris upp um Morgonen, vart det meldt «Skip». Og det synte seg, at det var «Godthaab», lasta med Kol fraa Gruvorne i Umanak-fjorden.

Ved 3-tidi um Eftan helsar me med Flaget, og dei svarar med Splittflaget derinne.

Paa Vegen ut-etter gjeng me framum Kangek. Me blæs i Eimpipa og firar Flaget. Det var siste Bustaden, eg saag paa Grønland. Enno ser eg Fjelli langt inn-i Godthaabs-fjorden, som Ettermiddagssoli skin paa, og dei snøtekte Lider. ...

Liv vel du Land aat Eirik Raude og Hans Egede! Liv vel du Land, som Fridtjof Nansen, Otto Sverdrup, Eivind Astrup, Roald Amundsen og so mange andre Nordmenn hev vitja!

Dei siste dagarne paa Grønland

Til deg, du gamle Bygd i Nord,
eg lengta mang ein Kveld,
naar Ljosblink yver Himlen fór
paa klaare Stjerne-tjeld. ...
Eg saag di kvite Jøkulrand
i fyrste, raude Morgonbrand,
di høge, kvasse Tinderad
i Gull ved Solarglad!

Du mana Fedra-minne fram,
som enn for oss hev Verd,
um Eirik - Noreg ei til Skamm -
um Leiv og Vinlandsferd!
Paa Leiting norske Snekkjur fór,
dei sette modigt yver Fjord,
i Vesterheim, ved Grønlands Fjell.
dei synte Stamn og Tjeld!

Sjaa, Dômen stend i høge Nord
paa Gardar enn idag,
men stillt det er i heilag Kor
- og inkje Klokkeslag, ...
Ja, med vaar Stormagts tid i Grus
du seig, du gamle Kyrkjehus
- kjem Nordmann no til Grønlands Strand,
du er i framand Hand!

Dei gamle Bygder søv i Ro
den stille Sumarkveld,
dei speglar seg i blanke Sjo
i siste Avdags-eld. ...
Paa Tunet stillt, ja, alt i Grus,
men same Ôm av Elvar-sus ...
dei same Fjell, den høge Nut,
han skoda Noregs Gut!

Du fager er, du Bygd i Nord,
med Sylv paa Jøkultind,
i Sumarbragd, med Fuglekor,
der Fjordar blaa gjeng inn. ...
Paa kvite Lider Soli fell,
du gamle Vesterbygd, Farvel!
Farvel, du siste Bre i Brand,
Farvel, du Eiriks Land!

H. R.

    Noter:
  1. Ein Stad i Sukkertoppens Distrikt yver 1000 (Vanggaard: «Med Gertrud Rask til Grønland» K.havn 1923 s. 70).
  2. Norsk Biografisk Leksikon, Kr.ania 1922, s. 300-302.
Utdrag (s. 201-210) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen