Fra: Grønland. Vestre bygdi

Atter i Godthaab

av Hans Reynolds

Den 15de juli uni Eftan, etter ein fin Tur heimetter paa den solstille Fjorden, kom me attende til Godthaab. Der tok mange Folk imot oss. Det er alltid gildt, naar nokon kjem att fraa ei Ferd langt inn-i Fjordarne, og me hadde vore radt til Innlands-isen!

Me Europæarar var so solbrende, at Hudi hadde skala av baade paa Nasen og Øyro, for me hadde vaska oss i iskaldt Vatn.

Eg maa nemna, at strakst fyrr enn me svinga um Pynten inn til Kolonien, kom ei Maaka drivande. Ho var ikkje nyskoti, hadde eit gamalt Saar, men Anton tok henne upp og stakk ho under Tofta! Ein Raudfisk, som hadde Hòlor istadenfor Augo, og som ogso laag og dreiv, fiska han upp med eit Grin. Dei andre drog paa Smilen.

Dagen etter Heimkoma var eg tilstades ved eit grønlandskt Bryllaup. Baade Bruri og Brudgommen var i Nationalbunad. Kyrkja var stappfull, og den danske Presten heldt Brudvigsla paa eskimoisk.

Um Kvelden var det Dans paa den store Timber-verkstaden. Her fekk eg Høve til aa sjaa eit Par Dansar, som Eskimoarne tidt byd paa: «arfinek pingasut» (8-tur) og «sisamat» (4-tur). Par ved Par sat dei paa Tunnor og Kassor og kvilde etter Dansen. Det var mange svartøygde Fager-droser der, som svinga seg til Fela. Det skein i Perlekragar og Øyreringar, og dei dansa mjukt og lett. Hans Egede segjer: «Iblant Qvinde Kiønnet findes der iblant saa deylige Menneske-Billeder, at om de var toet og pyntet efter vores Lands Maade, skulde man vel kunde sætte dem i Paralel med den smucheste Dame udi Europa.»

«Jason» av Sandefjord var eingong i Ritenbenk (Nordgrønland). Ein Islending, som fylgde med Skipet heimatt, segjer, at det var ikkje til aa løyna, at dei grønlandske Gjentorne tykte godt um Nordmennerne. «Dei talar so vænt», sa dei. Og dei vilde so gjerne dansa med dei norske Sjøgutarne.

Den eskimoiske «Trummedansen» er fyrr nemnd her i Boki. Trumma var det einaste Spelet, dei bruka i gamle Dagar. Ho var laga av ein Ring av Tre elder Bein, og Endarne av Ringen var feste til eit Handtak. Yver Ringen var drege eit fint Skinn, og so slo dei med ein Pinne paa Kanten av Ringen, ikkje paa Skinnet. I gamle Dagar hadde dei knapt annan Dans enn Trummedansen. Thorhallesen nemner, at dei hadde ein Ringdans, som minnte um den gamle islandske.

Ein Nordmann heiter paa eskimoisk umitôrmio, norsk: umitormiovok, eit norskt Skip: umiarssuit umitormiut, Noreg: Nôrike, elder umitormiut nunât1) (Nordmanna-landet). Dei brukar ogso aa kalla det dei Storskjeggute sitt Land.2) Dette Namnet skal koma seg fraa dei Eskimoar, som Paul Egede hadde med seg til Noreg; der saag dei skjeggute Bønder. Eskimoarne hev jamnast ikkje Skjegg. Eskimoen Pock, som hadde vore i Bjørgvin, tok endaa meir i: han sa, at han miste Kammeraten sin i dei Langskjeggute sitt Land. Kammeraten hans døydde i Bjørgvin.

Nansen budde i Godthaab heile Vetteren 1888-89. Eskimoarne tykte det var ein overlag gild Kar, ikkje minst av di, at han lærde seg ro i Kajakk, og var langt til Havs i'n. Og dei kalla han oftast berre nâlagak (Herre, Hovding) elder ogso «umitormiut nâlagak» (Nordmannahovdingen). Den gamle, hyggjelege innfødde Arbeidsformannen i Godthaab, som eg tidt tala med, sa um Nansen, at det var ein dugande Mann. Han fortalde elles, at det var han, som hadde ført Seglduksbaaten til Nansen til Godthaab fraa Ny Herrnhut, der Nansen og Sverdrup steig i land den 3dje Oktbr., etter den spelege Roturen deira ut Ameralikfjorden. Eskimoarne sa, at Nordmennerne kom «i ein halv Baat».3)

Som fyrr sagt, gjekk det Nansen likeins som mange andre, som hev vore paa Grønland: han fekk Godhug for Eskimoarne. Og i Bøkerne hans kjem dette kjenslefullt og varmt fram. Han fortel eit vænt lite Drag um deim, daa han skulde fara ifraa Godthaab. Ein av dei eskimoiske Venerne hans sa til honom Dagen fyrr: «No fer du attende til den store Verdi, som du kom ifraa til oss. Der raakar du mange Menneskje og mykje nytt, og du vil snart gløyma oss. Men me vil aldri gløyma deg.»

Og daa han fór heim med «Hvidbjørnen», og dei styrde ut Fjorden, siglde dei framum 3 Kajakkar. Det var dei beste Fangarane i Godthaab, Lars, Michal og Jonathan, som hadde lagt seg her ute for aa gjeva deim eit siste kløkkjande Farvel med tri Byrseskot. For full Damp bar det tilhavs med oss, segjer han, dei huska upp og ned paa Bylgja ei Stund, so kunde me ikkje sjaa deim meir.

Sers morosamt er det, det som Nansen fortel um Finnen Balto, daa han skulde freista ro i Kajakk. Folk i Godthaab minnest enno den løglege Tilburden.

Baade Nansen og Sverdrup hadde sagt til honom, at det var ingi lett Sak, men Balto dreiv paa med sitt. Dei bar no Kajakken til Sverdrup ned i Fjøra, og mange, baade Eskimoar og Europæarar, var tilstades for aa sjaa paa den store Hendingi. Nansen laag utanfor, budd paa aa fiska honom upp.

Balto sette seg i Kajakken og fekk klembd seg ned i'n. Han stakk den store Kufta si ned umkring seg og laga seg godt tilrettes og morska seg svært, - no skulde han retteleg syna deim, kva me Finnar duger til. No var han ferdig, treiv Aari med baae Henderne og bad deim tillitsam um aa skuva honom ut.

Men knapt hadde Kajakken røyvd ved Vatnet, fyrr enn han var mindre stød enn upp-aa Berget, og Mina vart mindre tillitsam. Han vilde likevel spela den flotte og freista jamvel aa hjelpa Kajakken ut. Men so kom denne so langt, at berre eit lite Stykke var att paa Land, han vippa uhyggjeleg, alt litsamt kom burt for berre Rædsl, og i det same gleid han heilt ut. Balto gjorde nokre fortvila Tak i Lufti med Aari, som enteleg var Tilsprang til Aaretak i Vatnet, Andlitet hans var ein einaste Fælske, og so sa han: «aa so dæ, aa so dæ! -- - - -- Men lenger kom han ikkje, for daa gjekk Munnen og heile Karen under Vatnet, og det vart berre til bup, bup - - - - alt ihop; det einaste me saag, var Botnen av Kajakken og den firkanta Fjørhuva hans, som flaut paa Vatnet - -

Til all Lukka var det so grunnt, at han naadde Botnen med Armarne, han var'kje komen lenger fraa Land, enn at dei kunde draga han upp derifraa. Han vart helsa med ein hardhjarta Smellelaatt fraa alle, som stod kring um, serleg lo Gjentorne. So kom han seg ut or Kajakken, og som han stod der paa Berget, sprikjande med Armar og Bein, medan Vatnet sila av dei vide Klædi, som hengde klinte inn til Kroppen, saag han ut som ei Fugleskræma Det fyrste, han sa, var: «No er eg mesta vaat.»4) So tenkte han seg um eit Bil, og so sa han: «Ja, ein Ting vil eg segja, gajak det er det same som Djevelen sin Baat.» - Det vara ei god Stund, fyrr enn Balto atter freista paa Kajakkroing.5)

Eskimoarne kjem lett paa Laatten, og dei er skarpe til aa leggja Merke til andre. Dei sa um Paul Egede, av di han hadde so lang Nase, at det var ikkje faarleg, um han datt paa Sjøen. Han vilde ikkje drukna. Den lange Nasen hans vilde tvillaust standa upp or Vatnet og soleis gjera sitt til, at einkvan fekk tak i honom. Ein av deim sa um eit argt Kvende, at ho «liktest paa ein Fregatt, som skaut til tvo Sidor.» (Han hadde set eit Bilæte av «Slaget i Diskobugti»). Der, det bur 7-8 Huslydar under eit Tak, maa det soleis vera Nøgdi med Fregattar!

Ja, dei fortel mangt um Eskimoarne, millom anna dette: Det kom eingong ein Prins til Grønland. Men Eskimoarne vart vonsvikne, for dei trudde, at Son til Kongen gjekkk i raud Kaapa og med Kruna paa i Kvardags-laget. - -

Dei var elles nokre Fæle Skrønemakarar, i alle fall paa Egede si Tid. Ein Eskimo i Christianshaab sa til Nils Egede i 1743, at han hadde kjent Lukti av Skipet, dei venta paa og at det var «Fruentimmer» umbord. Egede spurde daa, um «Fruentimmerit» hadde slik sterk Lukt med seg, at ein kunde kjenna Veret av henne 200 Mil undan. For Skipet kunde venteleg ikkje ha naatt lenger enn til Staten Huk (Kap Farvet). Daa sa han: «Jau, igaar, daa det bles Sunnan-vind, lukta eg Bek-lukt og ein sers Kjøt-Sveitte-lukt, so det visst nok er Kvinnfolk med».

Ein annan sa, at han hadde «hørt vore Folk tale paa sine Skibe i Vest, 20 Mil borte.»

*

Det er kann henda ikkje so underlegt at eg fekk ein grand Ans for Eskimo-maalet, naar eg hadde vore i Lag med dei Innfødde ei Stund, og dertil høyrt Maalet deira dagstødt paa Ferdi inn-i Fjordarne. Det heiter, at det er sers vandt aa læra det, og mange lærer det aldri rett, kor mykje dei strævar. Ein Forf. segjer, at det er lettare aa læra fleire andre framande Maal enn Eskimolmaalet til fullnads. Det høyrer til dei Maal, dei kallar Samankittings-maal. Det, dei nemner som det mest sermerkte ved dette, er dei lange Ordi. Det galdt aa gjera, som Hans Egede gjorde. Han lærde, fyrste han kom dit, at Ordet kina tyder paa eskimoisk «kva er clet» - og soleis grov og spurde han seg fram, og fekk vita mange Ord paa eit og hitt. Dei skreiv han strakst upp. Ein norsk Fangstmann sa, at berre ein hadde lært aa segja «pok», kunde ein greida seg langt paa Grønland. Han hadde Rett. Her er eit Døme paa, korleis dette kjem fram i Eskimo-maalet:

Rein: tugto; leggja ned ein Rein: tggtiipok.
Hare: ukalek; skyt, tek ein Hare: ukalerpok.
Rev: teriangniak; tek elder legg ned ein Rev: teriangniarpok.
Sel: puisse; veidar ein Sel: puissigpok.
Kvann: kuanek; er ute og sankar Kvann: kuannilliarpok.
Bjørn: nano; hev lagt nedaat ein Bjørn: nânqgpok.
Ulk: kanajok; hev fiska ein Ulk eld. Ulka: kanajorpok.
Nisa: ntsa; hev fanga ei Nisa: ntsagpok.
Konebaat: umiak; reiser med Baat: umiatsiarpok.

Det er eit lettvint Maal elles og, meinte Nordmannen. Strandi kalla dei for «sigssak», og det var no heimslegt nok. Han for sin Part var soleis ikkje so rædd Maalvandskarne paa Grønland! Dei fortel elles um ein annan Sjømann, som ikkje fann, at det var braadt so lett. Ved Dansen saag han ei ung eskimoisk Fagerdros. Han sa daa med ihopbitne Tenner: «Den, som no berre kunde det forbaska Maalet deira»!

Fylgjesmannen min pag Fjordturen, Stud.-teol. Bugge, skulde verta Prest paa Grønland. Og han tala, ettersom det høyrdest ut for meg, tòlleg lett med Roarane vaare paa dette vandskelege Maalet. Prestarne hev paabodi Upplæring paa eskimoisk, fyrr enn dei fer upp til Landet. Bugge var, som fyrr er nemnt, fødd paa Grønland og hev seinare vorte Prest deruppe.

Det heiter, at Borni til dei framande Embætts-mennerne der talar mykje lettare eskimoisk enn dansk, naar dei er smaae. Dei innfødde Barnegjentorne, dei hev, og eskimoiske Leikekammeratar, er Orsaki til dette.

Det hev vore sagt, at ei Eskimo-tunga kann greida det utrulege. Men ogso ein Framand vert retteleg god, naar han hev vore deruppe nokre Aar og fenge litt Tunge-gymnastik. Ein Nykomar tykkjer i alle fall, at dei hev Ord, som kann gjeva Folk noko aa bryna Nebben paa.

Ein Dag, som eg sat og saag i Godthaabsbladet «Atuagagdliutit», raaka eg paa eit Ord paa 39 Bokstavar: taimailiornekarkussaungikaluarpatdlunit.

Ein grand lenger nede stod eit, som helder ikkje var so reint stutt (37 Bokstavar): magpersagausivianisimajungnarsingmata.

Det tok so smaatt til aa, svimra for Augo, og eg la «Æduægægdliutit» tilsides og saag utyver Fjorden for aa kvila deim ... Men verst er vel denne Rispa, som her kjem:6)

Ein ung Lærd, ein Fransmann, som hadde vore i Vestgrønland og granska Vokstrlivet, kom paa Skipet heimetter ilag med ein innfødd Kateket og ein Skulegut. Den siste tok ender og daa Timar i grønlandsk hjaa Kateketen, og Guten tek seg so fort fram, at Fransmannen fær Hug til aa vera med.

«Gjerne det!» segjer Kateketen, «her hev me ABC-boki. Trur De, at De vaagar aa gjeva Dykk i Kast med ho - - - elder er ho for vandskeleg - -?»

«Vil De fornærma meg?»

«lkkje paa nokon Maate. Men lat oss strakst skura i Veg. De veit kann henda, at eit einaste grønlandskt Ord kann tyda ei heil Setning. No skal De faa ei Leksa. De kann taka til med aa lesa eit greidt lite Ord, som ABC-boki - - det vil segja ABC-boki aat Borni byrjar med, og som tyder: «Dette er alt saman Øvingar for ikkje aa gjera Misstak -». Me vil korta den fyrste Timen med aa læra dette Ordet.

«Nei, eg vil segia Dykk eitt, Kateket!» «Ja, sjaa no paa Ordet fyrst. Her stend det - - gjer vel og stava: tamassakukussarpatdlârtokkarnavêrutigssiatigaluit7), det tyder: «Dette er alt saman Øvingar, for ikkje meir aa gjera Misstak».

«Takk skal De ha», segjer Fransmannen, det er meir enn nok; naar gale skal vera, lat oss daa heller tala um «Mordet» i Vincennes!

Ordet «Sporvogn» er so langt og flokutt, at um ein Europæar skulde segja det, fyrr enn han steig paa, hadde Vogni køyrd fraa honom for lenge sidan!

Med Umsyn til Strupeljoden i dette Maalet, so kjem han godt fram i Setningi «i Julianehaabs Omegn er der vist mange Fjelde». Det heiter (skrive etter Uttalen): krakrortut erkrane krarkrarkrarkrarkrorkaork. Ja, so fortel den schweiziske Forfattaren, Quervain. Og lyg Schweizaren, so lyg eg!

Eskimoarne fær jamt yver ikkje Lov til aa njota Spiritus. Men det hev vore gamall Skikk, at Folk vart skjenkte ein Dramm («snapsernik») um jolekvelden paa Kontoret til Kolonistyraren. Som fyrrnemnt, er Eskimoarne det mest finslege Folkeslag i Verdi. Og dei tykte, det var underleg, kor «braae» sume var, naar dei hadde fenge Drammen. Det kom daa fram, at han var - Handelsvara. Naar dei kom ut, stod det ein og bia, og so gjekk'n fraa Munn til Munn. For aa hindra dette, vart det fastsett, at naar dei hadde fenge Drammen, skulde dei segja: «Takk». Denne Kontrollen var sers munsam, av di Takk paa eskimoisk er eit Tristavings-ord!

Hans Egede og Thorhallesen nemner, at Eskimoarne hadde fleire Ord i Maalet sitt, som er nærskylde dei norske. Maalgranskarane no tildags kann ikkje koma heilt burt ifraa dette, men meiner, at det ikkje er braadt so mange, som dei tvo Forfattarane hev peika paa.

Hans Egede segjer i «Perlustrationen» sin m. a.:

«Det Grønlændske Sprog - og Tungemaal haver vel ingen affinitet og overeensstemmelse med andre Europæiske Sprog; dog er der nogle faae Ord iblant, som synes at have en affinitet til de Norskes Sprog, som i fordum Tid have boet der i Landet, eftersom samme Ord kommer over et med det Norske, baade i Benævnelse og Bemerkelse, saasom Kona en Qvindes Person, (dog sielden brugeligt iblant Grønlænderne)8) nerriok æder, af Norske Nørrie. Den Urt Angelica, som i Norge kaldes Qvaun, kalde de ogsaa Qvaunek. Det Søe-dyr Marsvin, som i Norge kaldes Nise, kalde de og nise. arkset Aske. Kollek en Lampe; som paa Norsk heeder en Kolle».

Det ser ut til det, at sume norske Personnamn gjekk i Arv til Eskimoarne. I 1652-53 røva David Danell 4 Eskimoar (1 Kar og 3 Kvende) i Godthaabs fjorden paa Grønland. Dei vart maala i Bjørgvin 1654 (Ein Kopi heng i Museet der). Det eine Kvendet heitte Gunnelle, og ei heitte Sigio (Sigrid?) 9)

Og i eskimoiske Segner kjenner ein att Namnet Olav, paa ein av siste norske Hovdingarne paa Grønland. Islendingen E. Thorhallesen segjer i «Efterretning om Rudera eller Levninger af de gamle Nordmænds og Islænderes Bygninger paa Grønlands Vesterside» :

«Mand finder hos disse Grønlændere endnu adskillige Tegn til, at de have haft nøye Omgang med de gamle Nordmænd. Iblant disse ere:
a) Ord og Navne som komme overeens med de gamle Norske, saasom: Hvann, Angelica; Kollek Kola, Lampe; Nisa, Marsvin; Nouk, Hnukur en klippeagtig Odde eller Næsz. Terkelin, Ollak, Uttuk, Gunnilik, som jeg meener at sige: Terkel, Ole, Otto, Gunnild.

b) Have Grønlænderne adskillige Leege, som indtil de seeneste Tider have været brugelige i Island, saasom: Hnappleikur, da alle staae i en Rad bag ved hverandre, og hver tager fat i sin Formand; men een staaer løs fra de andre, vender sig imod den forreste, og søger at faae fat paa den som er agtest. Vikevake, da saa mange, som vil holde hinanden i Haanden, gaae rundt, hinke lidet paa det ene Been, og imidlertid synge mod hverandre, eller svare hverandre med Sang. Forskjellen er denne, at Grønlænderne øve disse Leege uden Forstand og Orden.

c) Er Cadencen i Hedningernes Sang ikke ulige med Islændernes Rime-Toner. Naar de synge paa hverandre, eller ved andre Leyligheder spille paa Tromme og synge tillige, taler den spillende nogle Ord, som skulle ligne en Vise, og strax svarer den hele Forsamling i en jævn Tone, med Amna aja, ajaaja, ec., hvilket varer saa længe, indtil den Spillende taler atter nogle Ord, som da give Sangen en nye Forhøyelse med Amna aja aja ajaaaa.

Den hele Adferd ligner noget det som Islænderne kalde at qveda undir, at stemme i med, naar een synger Riim for dem».

Ved Solfesten 22de Desbr. song dei:

Soli ho kjem no attende,
amna ajah, ajah-a-hu!
og skaffar oss godt Vêr (attpaa),
amna ajah, ajah-a-hu!

Fru Hulda Garborg, som hev granska Songdansen i ymse Land, skriv i eit Stykke i «Ord och Bild»:

«Forvitneleg er det, at Hans Egede for 200 Aar sidan fann Stevdansen og Nidvisediktingi i full Bløming paa Grønland. Egede fann ikkje, som han vona, Ættingar av dei norske Landnaamsmennerne i grønlendske Utbygder; men hann Fann sume Merke etter dei: Ruinar av Hus og nokre faa norske Ord. Stevdansen kjende han ikkje Upphavet til: torer me tru, at den og var norsk Ervelut? Visst er det, at Egedes Skildring av Stevdansen paa Grønland er den fyrste og, etter det eg veit, den einaste greide og klaare Skildring me hev av sovoren Dans i Nordlandi».

«Kjædedans kjendes ikke udenfor Vestgrønland - hverken hos Smith-Sound-Eskimoerne eller i Østgrønland. - Denne Kjædedans er ikke indført hos Eskimoerne efter den anden Kolonisation, eftersom Hans Egede opfattede den som ægte eskimoisk».10)

Ein kann og nemna, at Musik-granskaren Hjalmar Thuren fann, at det er likt til det, at den Blandingi av Ringdans og eskimoisk Trummedans, som ein kunde sjaa i Nordgrønland, t. d. i 1901, venteleg er ei Etterleiva fraa den islandske Ringdansen i Millomalderen, som er komen til Grønland i det 13de elder 14de Hundradaaret.

Riksarkivar Ebbe Hertzberg nemner, at det er ein merkeleg og forvitneleg Likskap millom det Ballspelet, la crosse, som vert spela av Indianarane i det nordøystre Nordanierika. og dei gamle norrøne Ballspel, knattleikr, etter det me kjenner det fraa Soga. Dei tykte sers godt um det paa Island. Til Studnad for det Synet, Hertzberg hev paa dette, kann ein nemna, at det ser ut for det, at Islendingarne hev ført same Ballspelet til eit anna Folk, som dei kom ilag med, eg meiner Eskimoarne, segjer Nansen.

Til dei Ordi, Egede og Thorhallesen nemner, som like dei norske, kann ein leggja Ordet sava som tyder Saud (Uttale: sævva) og savarak (sævvarak): eit Lamb. (Fabricius skriv Sàua og Sàuarak i Ordboki si). At Ordet sava er av norskt Upphav, ser det ikkje ut til, at det er Tvil um. I dei grønlandske Ordbøkerne (av Kjær og Rasmussen og Kleinschmidt) stend det daa ogso, at det hev seg fraa det islandske Sauða. Tek ein fyre seg Ordet «kollek», (Kola, Tranlampe), som er nemnt av baade Egede og Thorhallesen, so vert dette no i Ordbøkerne stava «kutdlek» og tyder 1) det øvste 2) ei Lampe. Ein kann ikkje undrast paa, at dei tvo norrøne Forfattarane stussa paa dette Ordet, som læt so heimslegt for baade Nordmenn og Islendingar. Og det var natturlegt, at dei tok det for aa koma seg fraa det norske «Kola».

Nansen segjer i «Eskimoliv» (1891), at det er rimelegt, at nisa hjaa Eskimoarne er same Ordet som vaart norske og gamalnorske nisa, likeins, at kuanek er det same som Kvann. Det, som kunde tala imot det siste, er kann henda, skriv han, at i Labrador tyder det eit Slag Tang, som er etande. I ein Merknad fraa seinare Tid i «Nord i Taakeheimen» (1911) nemner han ogso dei Ordi i Eskimomaalet, som likjest paa dei norske. Han segjer daa, at naar dei hev sutne av desse Ordi i Labrador, kjem det seg av det, at dei kann henda er yverførde dit med herrnhutiske Missionærar fraa Grønland.

Ein norsk Kaptein, som hev vore baade paa Grønland og i Alaska, fortel, at paa den sist nemnde Staden kunde han greida seg med det vesle eskimoiske, han hadde lært paa Grønland. Nansen, som nemner dette, legg til, at dette er eit Folk, som bur meir enn 600 geografiske Mil fraa kvarandre elder som fraa Oslo til Kina-grensa elder til midt i Arabia. Ein slik Maal-einskap er visst makelaus i Manna-soga.

Hans Egede kjem m. a. med den Merknaden um det eskimoiske Maalet:

«Det er elles i det øvrige gandske reguIair og har heel naturlige og beqvemme expressioner, ja der udi er saa net og ziirlig en construction, som man ikke skulde vente hos slige upoIerede Folk».

I eskimoiske Segner og Eventyr er mange Drag, som likjest paa dei norrøne. Nansen meiner, at dette tyder paa meir Samkværne millom Nordmenner og Eskimoar, enn Folk vanleg hev trutt.

Forf. Cranz nemner, at dei merka, at Eskimoarne, der dei hadde slæpa ei gamall Kona i Snjoen for aa gravleggja henne livande paa ei Øy, hadde gjort ein Kross i Snjoen. Det var, forat Aandi hennar ikkje skulde uroa deim. Um dette er vanleg Bruk millom Heidningarne, hev eg ikkje greidt aa finna ut, segjer han. Og han legg til: Hev den Gissingi nokon Grunn, at sume av dei gamle norske Kristne blanda seg med Eskimoarne, so kunde ein tru, at Kross-merkjingi skreiv seg fraa dei vanlege Ceremoniar i den Tidi.

Det er ikkje sers mange Eskimoar, som hev Kjennskap til dansk.

Millom dei innfødde Bokmennerne deruppe vil eg nemna Presten Mathias Storch, som hev skrive «En Grønlænders Drøm» (Boki er umsett av Knud Rasmussen). Det er den fyrste originale Forteljing, som er skrivi av ein Innfødd paa eskimoisk. Ho gav Folk noko aa bisna paa. Dei hev ogso fleire Salmediktarar. Ein kunnig Mann hev sagt, at det Folket, som hev skapa denne Salmediktingi, det er ikkje berre eit Folk, som lovar godt um aa verta eit Kulturfolk. Det hev alt teke til aa halda Lovnaden. Dei hev no ogso eit Par gode Songbøker, som hev kome ut i Godthaab. Fleire unge Eskimoar syng der um det grønlandske Livet paa Hav og Land, og dei hev fenge mange Lovord for Songarne sine.

Eg helsa paa Jonathan (Juntâk) Petersen, Seminarlærar og Organist i Godthaab. Han hev skrive mange Salmar og Fedralandssongar, m. a. ei Skiløyparvisa for Born, og hev grunnlagt ein ny Musik i Heimlandet sitt. Han spela fleire av Songarne sine for meg paa Orga, og det var gildt og forvitnelegt aa verta kjend med denne nationale og evnerike Mannen. Med Løyve av Diktaren hev eg sist i Boki prenta av eit av Tonestykki hans, ein væn Song til Grønland. Teksti er av Eskimoen Fredrik Lynge og luar i Umsetjing slik:

Vaart Framtids-maal klaarnar for oss
og manar oss til aa stemna paa!
Med Lyst
gjeng me no til
vaart Arbeid.
Me vil fylgja alle deim,
som hev Vilje,
dei, som vil taka i med all si Magt,
«dei, som sjølv vil
fram som Grønlendingar».
Vaart Fedraland,
vaart eige,
verjar me
med Hjarta,
med Ord,
med Hender.

    Noter:
  1. Av nuna = Land.
  2. Skjegg: umit.
  3. Nansen og Karnmeratarne hans gjekk ifraa Utnivik i Austgrønland den 15de August, og den 28de Septbr. kom dei ned til Botnen av Ameragdla, inst i Ameralikfjorden, etter ein Tur paa 45 Dagar. Dei hadde daa gjenge 350 km. Paa Ferdi si var dei den 5te Septbr. so høgt som 8860 Fot yver Havet (Galdhøpiggen, høgste Fjellet i Nordeuropa, er uml. 7680 Fot.)
  4. Han bruka tidt Ordet mesta istadenfor mykje.
  5. Olav Nes fraa Seljord fortalde meg, at han kjende godt Balto. Han var ilag med honom i fleire Aar i Alaska. Balto døydde der.
  6. Erik Hansen: «Arnaluk» Kbhvn.
  7. 48 Bokstavar.
  8. «Kona, Kone (bruges hos endeel Sydlændinger, og er ventelig en Levning fra de gamle Norske»). [O. Fabricius: Den Grønlandske Ordbog, 1804]. Den svenske Forf. Th. M. Fries meiner òg, at Eskimoarne hev dette Ordet ifraa Nordmennerne.
  9. W. Thalbitzer nemner, at dei eskimoiske Namni Kunnitte og Kunnaak, kjende fraa Austgrønland, kanskje kann vera Brigde av Gunnhildr(?) og Gunnarr. (Medd. o. GrI. XXXIX, s. 708).
  10. «Dans i Grønland». Av William Thalbitzer og Hjalmar Thuren. «Maal og minne», Aarg. 1911, s. 95-96.
Utdrag (s. 163-175) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen