Fra: Grønland. Vestre bygdi

Teltliv og drivis

av Hans Reynolds

Ved 6-tidi um Eftan rodde me inn i Fjordarmen Kangiussak til eit gamalt eskimoiskt Tilhelde for Veidemenner og Fiskarar. Her reiste me Telti vaare, og snart etter loga det upp ein lystig Nying. Roarane ribba no Maakor og Teistar og sette yver ei svær Gryta. Kokka vaar hadde det annsamt. Men ho greidde det framifraa godt, og det var retteleg hugsamt i «Kvitmanns-teltet», daa eg kom inn der. Lettsengjerne stod uppreidde, det var framsett paa «Bordet» (den eine Matkassa laut gjera Tenesta til det), og det smaka godt aa faa noko tillivs. Ein Forf. fortel, at daa dei var innpaa Innlands-isen, breidde dei ut ei tunn Plata av Gummi paa Botnen av Teltet. Ho var berre 1 Lina tjukk (1/16 Tume). Det galdt paa den Visi aa halda Kulden og Væta fraa Underlaget ute. Og dei var vel nøgde med dette Golvet. Det hjelpte til, at det vart lognt og godt um Natti.

Daa me hadde fenge oss Mat, var eg burte ved Baalet og glytte etter, korleis det gjekk med Fuglevilltet til Roarane. Gryta var komi godt paa Kok. Ho var stappfull med Risgraut, det bubla og saud, og upp or den kvite Myrja stakk det ei Fugleklo elder ein gapande, gulgrøn Maakenebb ber og der. Dei let Hovudet paa Fuglen sitja paa, naar dei kokar, so dei faar Høve til aa gnaga av alt, Smitt og Smule. «Ungerne af Blaa-Maagen, give af alle Grønlandske Søefugle den beste Suppe, som ikke giver Hønsekiødsuppe noget efter,» stend det i ei gamall Bok.

Det vart nok «Gjestebods-kost» her, berre det leid paa. Det saag ut for det, at Fjørerne, som laag att paa Marki, var det einaste, som ikkje var etande ... Det kann nemnast, at Eskimoen helst èt dei Ærfugleggi, som det alt hev teke til aa verta Unge i.

Midt imot Telt-plassen, paa hi Sida av Fjorden, hev me eit drustelegt Fugleberg. Og heile Bugti framfyre oss er full av Drivis og mindre Isfjell. Larse fortel, at ikkje langt undan der, me hev slege oss ned, finst det Leivor av Husi til Nordmennerne (kavdlunâtsiait igdlukue).1) Og det var rett nok, naar ein ser paa Kortet yver dei norske Ruinarne umkring Godthaabsfjorden og Arneralik (sjaa Kortet bak i Boki). Paa det Kortet, eg hev nytta, stend det, venteleg ved eit Mistak, Kanguissak som Namn paa den Staden, der me no heldt til. Skal vera Kangiussak («Det, som er likt eit Nes»). Mange av Eskimoarne hev god Greida paa Forn-levningarne. Folk, som hadde Ans for slikt, sende for nokre Aar sidan ut til Plassarne inn-i Fjordarne og ved Havsida Avprent av eit Kort yver Vestre Bygdi. Og dei bad no fleire vitsame Menner - godt kjende i Grendi si - um, at dei vilde merkja av paa Kortet dei Staderne, som hadde Verd. Det galdt ikkje berre Veiding-, Fiskje- og Næringslivet i det heile. Men det galdt ogso slikt, som var av Vegt elder hadde noko aa segja med Umsyn paa Soga elder Kultur-Soga, til dømes Ruinar etter Nordmennerne, eskimoiske Vinterhus og ditto Teltplassar um Sumaren.

Mannskapet vaart maatte turka Klædi etter Regnskurerne og trengde elles aa faa kvila seg til Morgondagen, for daa vilde me freista paa aa naa inn i Botnen av Fjorden, me kunde koma ut for Is-hinder. Og Tidi, eg hadde aa raada yver, var knapp, so eg laut nok gjeva upp aa sjaa paa Hustufterne umkring her. Myhanken viste seg um Kvelden for fyrste Gong. Men av di det var svalt, var han ikkje verst. Det er sumtid so ille med den Plaaga deruppe, at det mest kann skræma Folk fraa aa ferdast um Sumaren inn-i Fjordarne paa Grønland.

Eg er av Hjarta med paa det, som Bladstyrar Lars Møller i Godthaab eingong skreiv um deim i ei Skildring fraa ein Baattur: «Det var meget møidsomt2) og godt varm; men det var meget slemt Mykkerne ikke engang sto stele, saa kan man ikkengang Lokk Øinene op de beder saa slemt; naar de er stele Vand, somededer kan man næsten ikke see luften for Mykkerne, det var den første Gang Som jeg seet saa meget Myk i Grønland.»

Teltstaden vaar var kransa av digre Fjell, og i dei lange Hall og Lider innetter Halvøyi voks det mykje Reins-mose. Dei fortalde meg, at me no var inni slikt Lende, som Reinen held til paa. Her vert han skoten i Hopetal kvart Aar. Fyrr enn eg gjekk til køis, glytte eg inn i Eskimoteltet. Der sat dei velnøgde og goda seg med Sjøfuglarne. Eg saag, at Risgrauten («Fuglegrauten») hadde Fenge ein helder brun Lìt av «Blandingi», som visst elles var praktisk i alle Maatar. Staden, der me hadde lægra oss, kallar dei Innfødde for «Tatterat-staden», etter det eskimoiske Ordet «tâterâk« (Krykkja, Maaka med tri Tær). Det var fleire Teltringar aa sjaa umkring oss her og der i Marhalmen. Um Natti høyrde me, rett som det var, at Isfjelli «kalva» ut-paa Fjorden.

Natti gjekk paa beste Maate, og det skal den gode Sove-posen ha Takk for; Prosten i Godthaab hadde vore so snild aa gjeva oss den med paa Turen. Det bar no i Veg att i det finaste Sumarvêret, ein kunde tenkja seg. Me drog av Kl. 5½ um Morgonen, og heile Tidi laut me ro millom Isfjell og i tett Kalv-is, som hefta oss mykje. Det saag helst ut for det, at det ikkje var Tale um nokon Gjenomgang, so trongført var det. Heile Fjorden var fullpakka. Anton stod i Framenden og skauv Isstykki godt tilsides, baade av Umsyn til den tungladde Baaten og til den eine Kajakken, me hadde paa Slæp; han kunde elles lett ha vorte sundskoren. Sumtid var me nøydde til aa gjera lange Svingar. Noko av denne Fjord-isen var heiltupp myrk aa sjaa til, og det laag store Steinar og Grus paa mykje av'n.

Larse sverma umkring oss heile Fyremiddagen i den vesle Skinnbaaten sin. Han padla seg snøggt og stillt framfyre oss millom Flaki, var burte ei Stund og kom att. Ender og daa maatte me igjenom Kreppor, som ikkje var hugsame. Sjølvsagt maa ein vera sers varsam, naar ein ror i Isen, anten det er større elder mindre Isfjell, ein er ute for. Dei fortalde meg, at ein Konebaat, fullsett med Folk, kom til aa ro nære inn-under eit av dei store lsfjelli. Det var vaagalt gjort, for eit Skot elder mindre kann vera nok til, at det losnar store Stykke av det.

Dei i Konebaaten skulde daa helder ikkje vera so heppne, at dei slapp framum med Livet. Ein liten Gut tok ein av Teltpluggarne, dei hadde med, og kakka med den paa Baat-skinnet. Med eitt kom det eit veldugt Ras av Fjellet og sopa burt baade Folk og Baat. Ein, som sat i Kajakk eit Stykke undan, hadde set, korleis det bar til.

Det vart stillt i Baaten, og me anda lettare, naar me hadde gjort fraa oss dei verste Vandarne. Soli skein so varmt, at det sila av dei kvite Ismugor. Med eitt snudde dei seinvore paa seg og bikka rundt elder kalva nære ved. Naar me snudde oss, saag me ein høg, tett Ismur attum. Ein skulde helst tru, det hadde vore Uraad aa koma igjenom der. Me heldt oss langs Strenderne paa Sørsida av Fjorden, men tilslutt var det likt til det, at Larse fraa Kornok ikkje kunde utvega seg. Han steig daa iland, og Bugge og eit Par andre fylgde honom upp-i Fjellet for aa skygna ut yver Fjorden etter òpe Vatn. Um ei Stund kom dei ned att. Dei hadde set ei blaa Stripa inn-under Land paa hi Sida, og me fekk sjaa til aa baksa oss ditt. Det gjekk seint, men ved 1-tidi naadde me fram og la tillands, so me kunde faa oss ein grand Middagsmat. Ein Foss inn-i Bugti, der me hadde lagt Baaten vaar, set Liv i Landskapet. Sume Stader ser eg tòlleg høge Buskar og Lyng. Fraa Strandi, der eg sit og skriv i Dagboki, er det elles synt til mange Kantar. Eg ser heilt inn til ein glitrande Bre og ein Fjord med ljosblaae, noko snøtekte Fjell langt undan. Alt det kvite, me ser framfyre og attum oss, hev Innlands-isen skote ut. Dei Isbrear, som finst i Noreg og i Schweiz, er berre ringe med Umsyn til Vidd og Storleik imot dei grønlandske. Medan dei norske Brear røyver seg med ei Fart av høgst 1/10 Meter i Døgret, er det ikkje sjeldan, at Farti i dei grønlandske Brear er fraa 15-30 M. Naar Breen kalvar, vert det so sterk Rørsla i Vatnet, at ein, kann merka det fleire Mil i kring.

Myhanken er framme i det sterke Solskinet. Han er jamvel inn-i Røyken av Baalet og fylgjer med oss eit Stykke ut i Isen. Daa tykkjer han visst, det vert hoste svalt aa vera med lenger. Jamvel 2000 Fot tilvêrs kann ein ikkje koma seg undan denne Landeplaaga.

De haffuer oc nogen Fluer oc Myg,
I huor de sticker, dend Hud bliffuer tyck
Och hæffuis hæn op i toppe.

(Den Grønlandske Chronica.)

    Noter:
  1. kavdlunâk: eitt Europæar; igdluko: ei Hustuft; Nedveltor av eit Hus.
  2. Skal tyda «morsomt».
Utdrag (s. 51-54) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen