Fra: Grønland. Vestre bygdi

Inn i fjordane

av Hans Reynolds

De dybe Fjordes Land
med Fugleflok langs Fjeldets Rand.
Af Havet høit staar Hvalers Sprøit,
langs Kysten Sæler drage.
Her kom den brune Eskimo og kjende fro:
Endt var hans Vandringsdage.
Her bygged han bag Skjærgaards-Bræm
i Kamp med Hav og Veir sit Hjem,
her gaar af Fortids Mørke
hans Gang mod Lyset frem.

Chr. Ludwigs.

Det var ein herleg Sumardag, daa me tok i Vegen. Varmare i Vêret. Kl. 1 um Middagen ber det innetter Godthaabs-fjorden i ein stor, sterk Robaat og med ein Kajakk paa Slæp, innetter mot Maalet for mine Ynskje - dei gamle Bygder i Grønlandsfjordarne! I Baaten hev me tvo Telt, Sengklæde, Matkassor og Skrin, Koke-reidor, Byrsor og Ammunition m. m., so han er godt lasta. Fem Eskimoar sit ved Aararne; den eine av deim er ei liti, svarthærd Gjenta, som attaat skal staa for Mat-stellet. Student Bugge styrer Baaten og er Tolk. Framfyre oss ser me Fjellet «Sadlen», sol-gyllt, og andre kvasse Toppar blaanande lenger inne. Roarane fær eit Stykke Sjokolade aa kveikja seg paa; «kujanak», (Takk!) - «kujanarssuak», (mange Takk!) fylgjer strakst etter og ein ljos Smil i dei brune Andliti. Det ser ut for det, at dei er i rettelegt Godlag, og at dei gled seg paa det friske Teltlivet til eit Umbyte paa Kvardags-strævet heime i Kolonien. Dei høyrer til eit Veidefolk, og umfram Vaapni paa Kajakken hev dei med seg ei Hagla og eit Par Remington-riflor. Bakladnings-byrsor vart ikkje vanleg Handels-vara paa Grønland fyrr enn i 1907. Magasin byrsor saag eg ikkje der-uppe. Det kann nemnast, at den siste Bogen, som Polar-eskimoarne langt nord skaut Rein med, kom ut or Bruk umlag 1895. Det er Nøgdi med Villt av ymse Slag ved Ujaragssuit, som me skulde til inn-i Fjorden. Denne Staden er soleis kjend for det, at det er ei med dei beste Reins-voner paa heile Grønland. Og Reinen er det gildaste Villtet «for hvilke at faa en Grønlænder sætter alle Ting til Side», stend det i ei gamall Skildring. Og ein annan Ferdamann skriv, at «etter di det fanst Rein paa den Kanten av Landet, var det lett aa faa Eskimoarne til aa gaa med. Men elles, naar ikkje Veidingi lokkar deim, hev ein ikkje lett for aa faa deim til aa vera med paa ei lengre Ferd.» Nansen kallar Godthaabsfjorden «eit Eldorado for Skyttarar».

Paa Viddene beitar Reinen og spring
i Leik millom Fonn og Skar.
I Vier og Kratt urn Haugar ikring
sit Rjupa og kurrar var -

(«Fjell-li».)

Andre Forf. segjer og, at Reins-jagti er det kjæraste Yrke um Sumaren, som Eskimoen veit um.

Ja, me gled oss alle paa aa koma inn-i Landet, til Blomar og Fuglesong ...

Det vart blik-stillt, daa me var komne eit Stykke inn-um Godthaab. Det er fint ein varm julidag paa dei lange grønlandske Fjordarne.

«Dette herlige Land», segjer Nordmannen P. H. Friman i eit Brev til ein Ven i 1814. Og det var ikkje for sterke Ord. Han skreiv det like etter Kiel-Freden, i Sorg yver, korleis det daa gjekk med dei gamle Utbygderne vaare. - Ein annan kallar det i ei Skildring «dette skjønne, vidunderlige Polarland».

Um ei Stund kom det ein Gust og fyllte Seglet, so Mannskapet la Aararne inn. «Jeg har meget Fornøjelse af Vejren,» skreiv ein Eskimoe, og det Ordet var me visst alle med paa, som me sat der og dorma og stirde innetter. -- -

Me styrde nær under det høge, taggutte Fjellet «Sadlen» (som fyrr nemnt heiter det paa eskimoisk: Sermitsiak, dvs: Bre, av sermek: Is). Og no saag me godt den velduge, kvite Fonni paa Nordsida, som Fjellet hev fenge det eskimoiske Namnet sitt etter. For ikkje mange Aari sidan kasta ho jamt av seg Isstykke med eit Brak, som dei høyrde radt til Godthaab. «Sadlen» ligg sers maalande attum Godthaab og er eit av Kjennemerki for Sjømennerne, naar dei sigler inn til denne Kolonien. Mindre Elvar og Bekkjer strøymde nedetter den bratte Fjellsida, og me rodde tett upp-under og fyllte Kaffikjelen.

Ved 8-tidi um Kvelden legg me til ei Stund i ei Bugt ved Vinterplassen Karusuk, ein liten Bustad paa Sør-sida av Bjørnøyi. Me slær oss ned utan-veggjes ved eit Jordhus, som ingen bur i no Sumars Tid. Det laag paa eit langt, grønt Nes. Det bur elles 12 Menneskje paa denne Staden, og det finst berre det eine Huset der. Folket der ligg mest paa Reins-jagt og Laksefiskje um Sumaren, og naar dei er attkome til Bustaden um Hausten, driv dei helst med Sel-veiding og Fiskje, tek Rev og er paa Fugleveiding. Daa eg glytte inn Glaset, saag eg ei stor Spekklampe framfor ein av Briskarne.

Utta paa Hav'e der ligg ett Land
mæ Snjø aa mæ Iis paa sin Skalle;
synna til he dæ ei grøn'e Strand,
aa Grønland pla Folkj'e dæ kalle.
Bygdinn' æ faa', Husa æ smaa',
Folkj'e he lite te modast paa,
men Land'e sitt elska dei alle.

(Ivar Aasen: «Grønlands-Reisa».)

Tabitha, den vesle Eskimo-gjenta vaar, og Roarane, tek strakst til aa lynga. Dei gjer upp Eld og fær Kaffikjelen paa. Kokestellet (Primus) fræser eit Stykke undan, for dei tvo Europæarane skal ha Te. Det er eit trivelegere Vokstr-liv herinne enn ut-med Havet - Vidjor og Lyng, som angar friskt og godt umkring oss.

So ber det lenger innetter. Paa høgre Handi hev me eit herlegt Fjell-landskap, og millom dei høge Topparne paa Storøyi merkjer ein seg snart Kingak («Nasen») 5200 Fot, Kjempa millom alle Fjelli i Godthaab Distrikt. Dertil kjem Augpalartok («Det raude») og andre sjaalege Nutar.

Det vert no retteleg fint og grønt, ettersom me kjem lenger inn i Landet. Paa Bjørnøyi ser eg mange Stader tòlleg høge Kjørr og store Hall, som er heilt snøberre. Ein Stad paa denne Øyi la me til Lands som snarast for aa faa i Drikkevatn. Dei unge, kvate Eskimoarne sprang som ein Katt uppetter Berget paa dei lette Selskinnsstyvlarne (Kamikkorne) sine. Vatn fekk dei Tak i, og dei sette jamvel i ei Snarvending upp ein liten Varde. Han skulde vera til Minne um «Ekspeditionen 1919» inn til dei gamle Bygder.

Me raaka Nøgdi med Sjøfugl. Og Teiste og Maaka og Tjuvjo datt for Haglorne, den eine etter hi. Mannskapet hadde alt noko aa gleda seg paa til Frukosten!

Turen innetter mot Kornok i Sol-renningi med Fjell paa alle Kantar og Driv-isen i blaagrøn Glans, er ugløymande. «Ein Sumar paa Grønland er eit Minne For heile Livet!» segjer ein tysk Ferdamann. Og han hev Rett. Det vart sunge mange Songar den ljose Polarnatti. Ein av deim var um «den store Lærestaden» (Seminaret i Godthaab). Den syng Eskimoarne gjerne. Dessutan fekk eg høyra ein annan, som dei ogso held mykje utav. Han heiter «kâ, kalâtdlit!» (dvs: Kom, Grønlendingar!)1). Dei syng'n paa Tonen: «Høie Nord, Friheds Hjem».

Siste Verset luar so:

 Uttale:Umsett:
sujumut,siumut,Fram,
sujumutsiumutfram
ingerdlallsaugut kisa.ingerdlalisæugut kfsa. skal me byrja gaa umsider,
ikiortakatigigsaikiortakratigfsalat oss hjelpa kvarandre
sujumukarnigssamutsiumukarnissamut til Framstig
ajugauvflgalugitdloajugåfigalugltdloog vinna yver Hindringarne vaare.
akornutigissavut.akornutigissavut.Kom Grønlendingar
kâ, kalâtdlit,krå, kalåtdlit,lat oss gaa fram!
ingerdlasa sujumut.ingérdlasa siumut. 

Ved 3-tidi um Morgonen er me framme ved den vesle Utstaden, som ligg der i fredfull Ro. Dei hev nok høyrd Byrseskoti, for det ryk ifraa sume av Hyttorne. Og snart ser me eit Par Mann, som kjem ned til Strandi for aa taka imot oss.

Bugge og eg hysa oss no inn paa Loftet i Kapellet. Eg for min Part hadde aldri drøymt um, at eg nokosinne skulde koma til aa sova paa eit Kyrkjeloft - paa Attvegen var det jamvel heile Natti - men ein Vidfaring kjem ut for so mangt! Under Skaa-taket stod Grindi til ein Kajakk, og i eine Enden av Loftet var det eit koselegt lite Rom med Plass for eit Par Sengjer. Eit ørlite Glas snudde ut mot Kyrkjegarden. Dei bruka ogso Kapellet til Skule.

Namnet Kornok tyder paa eskimoisk «Trong i eit Sund». Det er vakkert der, og denne Staden hev Ord for det, at han er ein med dei vænaste Bustader i Sudgrønland. Lufti er mykje turrare og klaarare ved Kornok enn ved Godthaab. Kornok høyrer til Godthaab Prestegjeld, og det bur umlag 100 Menneskje der no. Det heiter i ei Melding um denne Utstaden, at etter gamall Skikk lærer dei upp kvar einaste Gut i Kajakk-kvelving, og «alle Fangstmenner der so nær som eit Par kann reisa seg.»

Ved 1-tidi um Middagen, daa me hadde fenge kvilt oss ei Stund, la me i Vegen att og siglde for frisk Bris eit godt Stykke innetter. I dei grønlandske Fjordarne plar Vinden blaasa inn Fjorden um Dagen og løgjer elder blæs utetter um Natti. Det saag mest ut for det, at ein heil Brote med Drivis sumtid skulde stengja Farvatnet for oss. Men me kom Iett igjenom her likevel. Dei Brearne, som mynner ut i Godthaabsfjorden, skyt sers mykje Is, og den stengjer sumetider Fjorden heilt ut til Kornok. Men det er mest mindre Kalvis utan store Isfjell.

I Kornok hadde eg leigt ein ung Kajakk-roar til aa syna oss Veg i Isen. Og med honom var me no ialt 8 i Baaten: Lârse (Lars fraa Kornok), Aantût (Anton), Pidak (Peder), Jâko (Jakob), Hans serssuak (Store Hans, han var helder liten aa sjaa til, men hadde, kor som er, dette Tilnamnet), Tabea (Tabitha), Bugge og eg.

    Noter:
  1. Eskimoarne kallar Landet sitt «kalâtdlit nunât» (Grønlendingarne sitt Land).
Utdrag (s. 45-50) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen