Fra: Grønland. Vestre bygdi

Med «Hans Egede» nordetter

av Hans Reynolds

Sjaa Norigs Velde under Himmelkvelv -
fraa Grønlandsisen radt til Gøtaelv
og utom mange glide Øyar naadde.

Anders Hovden.

Grønland var den siste av dei gamle norske Utbygderne, eg hadde att aa sjaa. Kunde eg koma dit, hadde eg vitja heile det gamle Noregsveldet, det, som eingong raadde yver alle Fjell-landi i Nordhavet. Dragnaden til det hadde eg vel helst i meg fraa dei Aari, eg var i Sel- og Kvalfangarbyen Sandefjord. Men Vegen til Grønland er lang og ikkje so bein, som han ser ut til paa Kortet. Han gjeng innum eit Kontor i Kjøpenhamn. For det er ikkje for kven det er aa faa Tilgjenge til Grønland. Det er eit stengt Land. Ein lyt hava Løyve av det danske Innanriksministerium. Og for aa faa dette Løyvet maa ein fyrst venda seg til «Den kgl. Grønlandske Handel», (Monopolhandelen). Det er den, som hev Einretten til aa handla med Eskimoarne paa Grønland, og som styrer dei danske Koloniarne der burte. Paa Island vart dei kvitt Monopolhandelen i 1854 og paa Færøyarne i 1856.

Eg kjende soleis til, at det ikkje var so endefram med ei slik Ferd. Men det hadde seg so, daa eg var i Kjøpenhamn i 1919, at eg mesta kvar Dag, paa Vegen til Det kgl. Bibliotek, gjekk framum ein gamall Grønlands-far, som ligg uppankra i Kanalen tett attmed Holmens Kyrkja. Det er Briggen «Constance», som dei no brukar til Skuleskip for Kokkar og til Matstova. Eg var sum-tid umbord der og fekk meg noko til livs. Og som eg sat ned-i Kahytta elder under Sol-seglet upp-aa Dekket, gjekk Tankarne stundom til det store Polarlandet langt mot nord. Og eg vart meir og meir huga paa aa faa sjaa det.

Og ein Dag gjorde eg upp med meg sjølv, at eg vilde freista paa aa koma til Grønland. Eg gjekk yver Knippels Bro. Og svinga til høgre burt til eit Murhus, som bar Nummeret Knippelsbrogade 3. Paa eit Skilt stod det: Styrelsen af Kolonierne i Grønland.

Eg gjekk ei Tropp upp og kom inn i eit helder romsamt Kontor. Alt herinne minnte meg um den store Heims-luten, eg var meint paa aa vitja. Paa Veggjerne hekk Bilæte av Isfjell, Is-brear og Landskap fraa Grønland. Eg sagde ifraa um, kva eg vilde, og dei viste meg inn til Kontorchefen. Derinne var det endaa fleire Bilæte, m. a. Atterstødor etter ei gamall norsk Kyrkja. Eg fekk no greida paa Vilkòri, kor mykje Billetten til Grønland kosta m. m. Kontorchefen bad meg elles venda meg til Direktøren, og det bar no inn i eit anna Kontor. Der laut eg bia, til Direktøren kunde taka imot. I dette Romet merkte eg meg et vænt Bilæte fraa Kingoa-dalen i Sudgrønland og seinare, inne hjaa Direktøren, eit av ei ny, grønlandsk Kyrkja, som minnte mykje um Stavkyrkjorne vaare.

Eg nemnde for Direktøren, at eg hadde Hug til aa sjaa litt av dei gamle norrøne Bygderne paa Grønland og Atterstødorne etter Gardar og Kyrkjor m. m. Han svara, at soframt eg vilde dit, maatte eg for det fyrste skaffa Vitnemaal fraa ein vitskapleg Skipnad i Noreg elder fraa ein vidkjend Vitskapsmann. Og dinæst var Spursmaalet, um Innanriksministeren vilde ganga med paa Søknaden min. Eg skaffa Vitnemaalet fraa ein Vitskapsmann i Kjøpenhamn, Professor, Dr. Finnur Jónsson. Minister J. Irgens ved den norske Legationen var ogso sers velviljug og hjelpsam. Og i aller siste Liten kom det Melding fraa Innanriksministeren um, at eg skulde faa Lov til aa fylgja med. Det var mange Vandskar, eg kom ut for, dei Dagarne, eg freista paa aa koma til Grønland, og dei vara heilt til siste Dagen.

Endeleg kunde eg laga meg til, og den 13de juni um Eftan gav eg meg i Veg ned til Skipet, som laag seglbudd ved den Plassen, som «Den kgl. Grønlandske Handel», hev paa Christianshavn.

Innmed Kaia laag Grønlands-faren «Hans Egede». Det er eit vænt Skip. Baugsprytet, den gule Skorsteinen og dei høge, granne Mastrerne gjer, at han minner mykje um ein Lystbaat elder ein Orlogsmann. I Baugen stend det eit Bilæte av «Grønlands Apostel», som Skipet heiter etter, og i Atterenden ein Kvitebjørn paa blaa Grunn, som var det gamle grønlandske Vaapn og no er Bumerke for den danske grønlandske Monopolhandel.

Medan eg stend ved Rekkja, ber dei Posten inn paa Dekket. «Til Provsten for Sydgrønland, Godthaab», stend det paa ein stor Ask. Etter den kjem det eit heilt Vognlass med Postsekkjer til Koloniarne: Sukkertoppen, Holstensborg, Egedesminde o. s. b. Det er mange, som hev møtt fram, soleis Damor med Blomar, for aa beda vel-liva med Grønlandsfararne. Eg ser ogso Knud Rasmussen. Forfattaren, Dr. Idar Handagard med Frue og Dotter - fraa vaar vesle «norske Koloni» i Kjøpenhamn - hadde gjort meg den Æra aa møta fram for aa gjeva meg eit Velfar med paa Ferdi. Det er ikkje so faae, som skal med nordpaa.

Ein lang Blaastr, og medan dei ropar Hurra og veiftar med Lumme-plagg, glid Polar-faren ifraa Bryggja og stemner ut or Hamni. Me er ialt 19 Ferdafolk umbord, millom deim Marinekaptein Godfred Hansen (i si Tid den næst-øvste paa «Gjøa»). Han skal langt nord og syta for Upplag til Roald Amundsen-ferdi. Millom andre, som er med, er Direktøren for «Styrelsen af Kolonierne i Grønland», J. Daugaard Jensen. Han er ute paa ei Yversyns-ferd til Koloniarne. Sceneinstruktør Lehmann ved Det kgl. Teater i Kjøpenhamn er og med. Han skal sjaa paa Folkelivet til Bruk for eit Skodespel med Emne ifraa Grønland. Dessutan er det tvo Lækjarar, som skal til Nordgrønland, ein Volontør, som hev fenge Plass ved Handelen, og eit Par Byggmeistrar, som skal setja upp Hus for Fisket m. m. Dertil ein ung Løytnant, som skal gjesta Skyldfolket sitt der uppe, ein medisinsk Student og fleire Damor. Men ingen Vitskapsmann fylgjer med paa denne Turen.

Fyrr eg gjeng vidare, maa eg nemna det, Kontorchefen sa til meg ved Avferdi, daa eg var uppum «Styrelsen» og fekk Kreditivet mitt. «Jeg misunder Dem», sa han. «Jeg har været 27 Aar i Grønland». Det maa soleis, etter dei God-ordi, han kom med, vera eit herlegt Land. Kunstmaalaren Harald Moltke kallar det forresten «det deiligste Land i Verden». Og som eg sit i Røykje-lugaren ved Ettermiddags-kaffien og lyder paa Røda millom Ferdafolket - og millom deim er det fleire, som fyrr hev vore paa Grønland - fær eg ein heilt annan Toknad um dette velduge Polar-riket, enn eg fyrr hev havt. Det, eg lærde um det paa Skulen, var nok lite og inkje. Det Grønland, som er isfritt, er so stort som Noreg. Og i Austgrønland hev me den største Krull av Fjordar i heile Verdi og Fjell paa 8000 Fot. Ein av Fjordarne der er mykje lenger enn Sognefjorden, som er lengste Fjorden i Noreg. Og det isfrie Ytterlandet er 30 norske Mil breidt. Som ein veit, er Grønland største Øyi, som finst. Det er 4 Gonger so stort som Frankrik elder paa lag som Fjordeparten av Europa, og 56 Gonger større enn Danmark fyre Verdskrigen Det er so umlag 3 Gonger so stort som Noreg og Sverik tilsaman og innpaa 7 Gonger større enn det upphavlege Môrlandet sitt, Noreg. Det er so stort som Ungarn, Tyskland, Frankrik og Spania tilsaman og er meir enn 20 Gonger større enn Island. Men det er berre umlag 1/24 isfritt Land. Den grønlandske Innlands-isen, største Breen i heile Verdi, er større enn Noreg og Sverik tilsaman.

Grønland er so langt som fraa Oslo til Gibraltar elder fraa Nordkap til Wien, og største Breiddi er som fraa Oslo til Leningrad. Fraa Sud-odden av Grønland til Upernivik er det umlag like langt som fraa Lindesnes til Trums. Søre Luten av Grønland ligg paa same Breiddegradi som Mid-Noreg. Nordluten rekk lenger nord enn Svalbard. «Grønland er en Verdensdel», segjer Dansken Harald Moltke; det hev ogso vore kalla for «den sjette Verdensdel». Men han er ikkje folkerik denne jordbolken. Det er ikkje stort meir enn 14000 Menneskje der, ikkje naame nær so mange som i Skien. Um ein tenkjer seg Ibuarane jamt spreidde yver Landet sine 40000 Rute-mil, vilde ein ikkje raaka stort fleire enn ein Person paa fjordekvar Rute-mil. I Danmark til dømes er det 2500 Menneskje paa kvar Rute-mil.

Losen gjekk fraa borde ved Skagen. Den vanlege Leidi fraa Danmark til Grønland er millom Shetland og Orknøyarne («Fair Hill»). Men av Umsyn til Minorne etter Krigen sette me Kosen mot Noreg og gjekk inn i Skjergarden ved Skutnes. Der siglde me rett framum ei Mina. Ho saag løynsk ut med alle Horni sine og laag djupt i Vatnet. I Uthamnerne var det fleire engelske Minefangarar aa sjaa. Den norske Losen fylgde oss til Holmengraa, i Havgarden ut-for Bjørgvin. Og so bar det vestetter - den gamle Viking-leidi fraa Noreg til Grønland.

Mand finder hen nord vdi vildene Sø
Grønland, Hætland oc Ørkenø,
De ligge saa langt aff lede.

(Grønlandske Chronica).

Me hadde «grønlandsk Laks» (Fjord-aure) til Frukost. Danskarne kokar ned mykje av den paa Grønland, og dei fortel meg umbord, at han er sers billeg der. Me hev svær Sjø, og «Hans Egede» rullar godt. Det kjem av, at han er tòlleg rund i Skròvet av Umsyn til Isen. Mannskapet segjer, at det er «en stærk Kasse». I eit Brev heim fraa denne Ferdi heiter det, at det er slett ikkje so gildt, naar Veggen i Kahytta med eitt vert til Golv, so ein maa agta seg, at ein ikkje trakkar Portræti i Andlitet. Naar eg tenkjer paa «Hans Egede», kjem eg til aa minnast det, dei sa um ein Grønlands-far ifraa Aalesund, at han «rulla tvo Timar, etterat han kom inn paa Hamna.» I Salongen nedunder heng det Bilæte av Hans Egede og Gjertrud Rasch, og i Messa mange forvitnelege Fotografi fraa Livet hjaa Eskimoarne, Ballspelet deira, Trummedansen m. m.

«Den kgl. Grønlandske Handel» hev no 3 Dampbaatar og 3 Seglskip til Farten paa Grønland. Det er Skruv-skonnerane «Hans Egede», «Gertrud Rask», og «Godthaab».1) Dertil kjem Barkarne «Ceres», «Nordlyset» og «Thorvaldsen». Dessutan plar dei leiga eit eller fleire Skip. Dei hev i det heile bruka smaae Treskip til Grønlandsfarten, fyrr i Tidi berre Briggar. «Hans Egede» (umlag 600 Tonn) er bygt i 1905, og det er det fyrste Staaldampskip, som hev vore nytta i Ishavsfart. «Gertrud Rask» er bygt i 1923 og er av Tre. «Godthaab» er òg Tredampskip, og er bygt i Noreg (Sandefjord) i 1898. Seglskip i Grønlandsfarten er det nok snart slutt med. Skipi til «Den kgl. Grønlandske Handel» hev Splittflag med 2 krosslagde Harpunar i øvste Firkanten. Umfram Briggen «Cortstance», Skuleskipet, som fyrr er nemnt her, hev dei og ein annan gamall Grønlandsfar i Kjøpenhamn. Det er Briggen «Tjalfe», som ligg uppankra ved Langelinje og no høyrer til ein Siglarklubb. Briggen «Hvalfisken», som fyrr laag der som Klubbskip, bruka dei i umlag 100 Aar i Farten paa Grønland (fraa 1801-1900). Kaptein J. Adrian Jacobsen fraa Trums var paa Grønland i 1877. Han fortel i Skildringarne sine, at han Fór dit med gamle «Hvalfisken», som dengong gjorde den 84de Reisi si. Fraa teke ein einskild Marstal-skonner, er «Hvalfisken» det eldste danske Skip, som enno er i Bruk. Det vart bygt i 1801 og er no Skuleskip i Svendborg. Ferdsla paa Grønland tek gjerne til ifraa Danmark sist i Mars og sluttar seint paa Hausten.

Dampbarken «Hvidbjørnen» (Kgl. Grønlandske Handel, det Skipet, som hadde Fridtjof Nansen og Kammeratarne hans med heim fraa Grønland i 1889) forliste i Isen ved Nunarsuit, nordanfor Julianehaab, den 12te April 1895. Det var 21 Menneskje umbord, men underleg nok kom alle fraa det med Livet. Føraren nemnde seinare i eit Foredrag, at han trudde, eit undersjøs vulkanskt Utbròt i lag med Havskjelv var Grunnen til Forliset. Det kann nok vera, segjer han, at slike Havskjelvar høyrer til dei sjeldsynte Tilburdar. Men dei hev daa vore ute for noko so nær det same baade paa Vestsida av Jylland og andre Stader i Verdi. Og alltid hev det vore umlag same Sermerket ved ei sovori Hending: Godvêr, roleg Sjø; berre attmed Land hev dei uhorvelege Bylgjorne synt seg i ymist Tal og Storleik. Og oftast fylgjer det jordskjelv med, lettare elder hardare. Ved dette Forliset rulla det 3-4 elder 5 veldige Bylgjor inn. Dette hende 4-5 Gonger frametter Dagen, og soleis fleire Timar millom kvar Gong. Bylgjorne var venteleg 30 Fot høge, og utpaa Ettermiddagen hadde dei slik Magt, at Is-bròt, Vrakbitar og Sjøsprut vart kasta umlag 60 Fot til vêrs. Noko dilikt hende ved Grønland i Oktober 1868 i Kajartalik ut-for Ivigtut. Daa braut Havet slik paa, at eit Skip var ved aa setja heilt til i Hamni.

Sers forvitneleg er det, at ein venteleg kann føra den fyrste Fraasegni um ei nærlik Hending attende til den Tidi, dei busette seg paa same Kanten av Grønland i Aaret 986. I Soga er fleire Stader nemnt Ordet «Havgjerdingar,» som eit av Grønlandshavet sine Under. Men berre i «Kongsspegelen» finst det ei betre Utgreiding - endaa um ho er duld - um det, som er meint med «Havgjerdingar». Dette Verket er vidkjent. Det er eit storlagt Verk og skrive i Noreg i Fyrstningi av det 13de Hundradaaret. Det hev millom anna ei Skildring av det sermerkte ved dette Havet. Der stend det:

«So er det dessutan eit Under i Grønlandshavet, som eg ikkje hev større Greida paa, korleis det er vore. Folk kallar det Havgjerdingar, og det ser mest slik ut, som all Havstormen og alle Baarorne, som er i det Havet, dei samlast samart i tri Dungar, og so vert dei til tri Baaror. Dei gjerder for heile Havet, so Folk ikkje ser Óp nokon Stad, og dei er høgre enn store Fjell og likjest bratte Gnipor. Folk veit berre faa Døme paa det, at dei hev kome seg utor Havet, som hev vore stadde der inni, naar ein slik Tilburd er paakomen. Men Fraasegnerne um dette maa ha vorte til av det, at Gud mun alltid ha frelst ut nokre av deim, som hev vore stadde i denne Flaaren, og deira Røda um det maa sidan ha kome utyver og gjenge mannemillom, anten det no er fortalt soleis, som dei fyrste helst hev rødt um det, elder noko av Forteljingi deira er auka elder minka. Me maa difor tala varleg um desse Ting, etter di me paa nyom Bilom hev raaka berre faa, som hev kome seg derifraa og kann segja oss Tidend um det.»2)

Dei prøvde lenge paa aa finna ut Meiningi med dette. Og dei, som hev granska det nærare, trur helst, at den Uttydingi, som er den rette, er HavskjeIv. Soleis Nansen. Han segjer i «Nord i Taakeheimen» (s. 468), at «det er rimelegt, at Trui paa desse Havgjerdingar maa koma seg fraa noko, som verkeleg hev hendt, kanskje helst jordskjelvsbylgjor, elder Havskjelv, som stundom kann ha gjenge fyre seg nære det vulkanske Island.» Men merkelegt er det, held han fram, «at Kongsspegelen fær til eit Samband imillom desse Bylgjorne og Grønland. Ein kunde ogso tenkja seg, at dei hadde eit Slag Hopehav med dei Bylgjorne, som lagar seg, naar Isfjell kantar.»

Forfattaren av «Kongsspegelen» nemner sistpaa i Skildringi si at me fyrst nyleg hev raaka paa einskilde, som kann fortelja oss Tidender um slikt. Han peikar her venteleg paa ei Ferd, som Biskop Gudmund den Eldre gjorde ifraa Nord-Island til Nidaros i 1202. I Biskop-sogorne er denne Ferdi skildra som sers faarleg og stormsam. Ein av Bolkarne hev til Yverskrift «Um Havgjerdingar», men det finst ikkje noko i Skildringi, som minner um Kongsspegelen sine Havgjerdingar, berre um harde Stormar og svær Sjøgang. Fagmenner trur difor, at dei, som var med paa denne Ferdi, ikkje hev visst noko anna um Havgjerdingar, enn at dei var overlag spøkjelege for Skip og Mannskap, so det var eit Guds Under, um ein kom undan med Livet. Etter di dei alle nyst som ved eit Mirakel hadde sloppe undan stor Faare paa Havet, hev dei trutt, at den svære Sjø i røyndi hev vore «Havgjerdingar».

Naar ein tek undan dette eine Dømet, hev dei ikkje til no i Sogorne funne Ordet Havgjerdingar, utan ilag med dei Menn, som var med og bygde Grønland i 986.

Ei «hafgerðinga-drápa» vart laga av ein kristen sudrøysk Mann, som var med Herjolv den yngre til Grønland, daa han tok Herjolvsfjord og busette seg paa Herjolvsnes.

At det kann vera meir enn ruske paa ei Grønlands-ferd, det hev dei faatt finna nokon kvar heilt ifraa Gamle-kararne og frametter. Det heiter soleis, at i ein hard Storm av nordaust og overlag svært Hav paa 58° 10' N. B. og 20° 25' V. L. med Briggen «Lucinde» (Kgl. Grønl. Handel) var dei nøydde til aa syta for, at Kahytta var luft-tett. Og dei maatte liggja paa Vêret i fleire Dagar.

Norske Tredampskip hev endr og gong vore leigde av den danske Stat til Grønlandsfart, m. a. Selfangarane «Hertha» og «Jason» av Sandefjord. «Hertha» gjorde Turen paa Angmagssalik (Austgrønland) i 1895, Aaret etter, dei hadde skipa Handels- og Missionsstationen der. Eg rødde med ein Sandefjordsgut, som hadde vore med paa den Turen, og han fortalde mykje forvitnelegt derifraa. I 1923 var eg sjølv i Angmagssalik og kann trygt segja, at denne Sjøguten hadde Rett. Det var ein væn Stad, som det var vel verdt aa gjesta.

«Jason» minnest eg òg sers godt fraa Sandefjord. Det small Skot i Skot, naar han kom ifraa Ishavet. Det var dette Skipet, som førde Nansen til Austgrønland i 1888, daa han gjekk yver Innlands-isen.

Nansen fortel, at han fylgde med «Jason» ifraa Island. Skipet var prydd fraa Topp til Dekk, som Balto (den norske Finnen) ordleidde seg, «med so mange Flag liksom raude Moltor paa ei Myr». «Daa me sette Foten paa Dekket til Jason», segjer Nansen, «vart me helsa med eit kraftigt Hurra fraa heile Mannskapet, som ikkje var mindre enn 63 Mann.»

- - - -

Me hev no ljosare Natt. I Dagningi den 18de juni gjeng me nordum Færøyarne. Ved 8-Tidi um Morgonen ser eg deim enno blaana langt burte ...

Der er et Land i det vilde Hav,
omsuust af hvirvlende Vinde,
en mosgroet Bauta paa Kjæmpe Grav
med Runer til Fædres Minde.

Færøyingen P. A. Holm.

Fint, blankt Vêr paa Nordhavet, men svalare. Fraa Færøyarne til Sud-odden av Grønland, Kap Farvel (eskimoisk: Umanarsuak), held dei for aa vera 5-6 Dagar Sigling.

Svær Sjø Dag etter Dag, medan den statlege Skruv-skonneren baskar seg tungt nordetter. Me hev sett Segl til for aa stydja Skipet. Dei spaar finare Vêr, naar me er komne framum Island. Eg sit og les alle dei Bøker um Grønland, eg kann faa tak i. Og det finst mange av det Slaget umbord. Eg ser, at eg ikkje er heilt aaleine um aa glytta i «Dansk-Grønlandsk Tolk», og hev nyst vore ned-i ein av Lugararne og havt eit Skeid i eskimoiske Strupeljod. Den 21de Juni byrjar Siglingi paa Grønlandshavet.

Det heiter i eit færøyskt Kvæde:

Settu segl á hvørja stong,
knørrur tók sjógv at klúgva:
so var skútan ferðamikil
rætt sum fuglar flúgva.

Det heiter òg:

tá rann Island úr eygum teirra
rætt sum fuglar at síggja,

At Nordmennerne kunde ferdast her med dei smaae, òpne Skipi sine, hev me vondt for aa skyna no til dags. Det var Gutar, som ikkje gret, um «Sota var svart».

Om alle de Farer,
som Fædrene døied,
om alle de Furer,
som Kjølene pløied,
laa aabnet for Synet
og kunde berette?
Da gav Du en Høisang,
Du rullende Slette!

Thi stort er det Kvæde,
Du vælter og gynger
- det er vor Historie,
som Blaamyren synger.

Jonas Lie.

Ein irsk Munk skreiv burtimot Aar 800 i St. Gallen i Schweiz desse Vers-linorne:

Sur for sandt er
Stormen inat,
vækker i Vrede hvithaaret Sjø.

For Norges frie Folk
av Helter
Har ei til at seile
i Magsveir Hug.

Prof. Alexander Bugge skriv: «Det Iaag i Viking-tidi eit Drag av Romantikk, ei Traa ut imot det ukjende, som adlar Mennerne den gongen og krev, at me maa sjaa med Undring paa deim for det langt meir enn for alle deira Sigrar og Landvinningar i Vesterlandi og i Austerveg. Soga um Sjøferderne kann ikkje nemna noko større Fagnaverk enn Ferderne til Ottar, Eirik Raude, Leiv den hepne og Torfinn Karlsevne.»3)

Ein annan Stad i same Verket (1030-1103) heiter det:

«Kor djervt høgborne unge Menn i denne Tidebolken kunde gjeva seg ut paa Langferd, hev me som ein Tanke um, naar me høyrer dette: Ketil Kalfsson, som livde umkring Midten av det 12te Hundradaaret (og etter Namnet maa ha høyrt til den store Ætti paa Ringenes i Stange paa Heidmarki og i sine eldre Aar var ein vyrd Hirdmann i Inge Krokrygg sitt Fylgje), hadde som Ungdom vore med paa ei Handelsferd heilt til Grønland, som var so langt undan, og som Folk so sjeldan fór til. Um ei Ferd ikkje lite tidlegare til dei same vestlege Strender, Ubygderne i Vinland medrekna, som laag endaa lenger undan, melder ei Rune-innskrift paa ein Bautastein, som no hev kome burt. Han var sett yver ein høgætta, ung Mann fraa Ringerike, som gjekk til paa Ferdi i Isen. Tydingi av denne Steinen - han er fraa ein Gard Hønen - stend enno som uviss i sumt. Innskrifti luar so: «Dei kom ut [i Havet] og yver store Vidder og medan dei trengde til Klæde til aa turka seg paa og til Mat burt imot Vinland og paa Isar i Ubygdi. Vondt kann taka Lukka burt, so ein døyr tidleg.»

Gustav Storm segjer i «Erik Rødes Saga» (1889), at dei trur, at denne Runesteinen hev fortalt um Bjørn Grimolvsson sitt Forlis i Makk-havet.

I «Kongsspegelen» heiter det um Grønland: «Þangat fara sjalldan menn» (dvs: Dit fer det sjeldan Folk.)

Me hev enno 5-6 Dagar til Godthaab. Den 22de er me ikkje so langt fraa Austgrønland. Den 23de stor Jonsokmoro paa Halvdekket. «Neptun» og Fylgjet hans gjester oss. Veldig Rulling. Det er sjeldan, ein møter ein Siglar paa Grønlandshavet, og me møtte helder ingen heilt fram til Godthaab.

Der, me no er - millom Island og Grønland - skal dei eingong ha set eit bygt Land. Men seinare hev det vore Uraad aa finna det att. Det var tilmed kortlagt, og dei kalla det paa hollandsk for «het versonken Land van Buss». Venteleg hev det vore Skoddebakkar.

Jonsokdagen var me sunnanfor Kap Farvel. Skipi maa her halda seg umlag 100 Kilometer av Landet for Skuld Havisen («Storisen») fraa Aust-sida av Grønland. Det kjem uhorvelege Ismengder med Straumen langs Havstrandi der. Dei kjem fraa PoIarhavet, og det er anten velduge Flak, som er 10-15 Meter tjukke, elder digre Isfjell.

Det vert no myrkare Næter att. Me er paa sudlegare Breiddegrad, enn Oslo, for denne Byen Iigg umlag paa same Breidd som Kap Farvel (Oslo ein grand lenger nord). Klokka er vel snart det same som i Amerika. Me fekk ikkje sjaa Landet for Skodda, men derimot eit drustelegt Isfjell med tri kvasse Toppar, venteleg 200 Fot høgt - fyrste Bodet um, at me nærmar oss Grønland ....

Det hænds, En faar andet end Stormen til Kamp
imot sig der vester paa Havet -
at just som En, Tak være Skrue og Damp,
sig gjennem det værste har kavet,
saa kjendes med ét der en vassenklam Bris
med Skodde, som dækker for Solen,
og saa kommer Bjerge av glitrende Is
paa Langreis der nordenfra Polen -

heiter det i ein Sjømanns-song.

Naar eit Isfjell plar vera 7-8 Gonger so stort under Vatnet, som ovanpaa, maatte det, me saag her, i det heile vera umkring 1400 Fot høgt og 3-4 Kilometer i Rundmaal. Ein diger Klump, um han kom paa Land!

Den lignet høie Taarne
og lyste hvidt som Sne,
som Folgefondens Jøkler
og Jostedalens Bræ

stend det i Emigrant-visa.

Isfjelli kann naa upp til 300 Fot og meir yver Havflata. I Julianehaabs-viki talde dei eingong fraa eit Skipsdekk 700 Isfjell i ein Gong.4) lsfjelli i dei nordlege Farvatn ser gjerne onnorleis ut enn dei paa den sudlege Halvkula. Dei nordpaa hev sers ujamn Form og minner um Kuplar og Spir og Tindar. Dei sørpaa er mest alltid heilt flate ovanpaa og hev tverbratte Sidor. Isfjelli i Nord-Atlanten rekk berre noko sunnanfor Newfoundlands-bankarne

Dei fortel um eit Skip, som var nære ved eit Isfjell, og med eitt reiv ein «Kalv» seg laus ifraa Foten paa det. Isstykket skaut seg under Stamnen paa Fartyet og letta det med slik Fart, at Kjølen under Baugen vart lyft upp i Sjøskorpa, og Atter-enden mesta kom under Vatn. Storparten av Isfjelli i Nord-Atlanten kjem seg fraa Innlands-isen paa Grønland gjenom alle dei «Isfjordar», som finst der. Dei fortel fraa den Tidi, Hollendingarne fór paa Grønland, at eit Par Isfjell hadde stae fast paa Grunn i so lang Tid, at det eine av deim Fekk Namnet Harlem og det andre Amsterdam. I Scoresby Sund paa Austsida av Grønland vert Isfjelli uhorveleg store. Dei mælte upp eit slikt der. Og i det var det so mykje Is, som det skal til for aa tekkja Øyi Amager med eit Lag umkring 10 Meter tjukt. I ei Skildring fraa Egede si Tid heiter det, at «Søen sloeg de fæle lisbierger det eene paa det andet som var grusomt at see til».

Den 25de dampar me upp Davis-sundet, men ser ikkje Landet. Drivis og Isfjell paa alle Kantar. Dei blæs i Eimpipa endr og daa um Natti og minkar Farten. Det er skoddefullt her um Sumaren, og Attr-ljomen fraa Isfjellet elder ei fjellutt Øy fortel deim, at dei maa vera vakne paa Styre-brui.

Me gjeng langt ute i Sundet, so me ikkje skal koma innaat Isen inne ved Landet. Han ligg der fraa tidleg paa Vaaren til frammot September og stengjer Sudvest-strenderne og spreider seg ikkje og kjem burt fyrr enn upp imot Godthaab. Langs med Vestsida av er det jamnast mykje betre med Umsyn til Isen enn paa Austsida av Grønland.

Den 26de juni rann med disig Luft. Drivisen ligg og duvar ikring um oss som kvit-grøne Korallar. Fraa Morgonen blæs det ein isande kald Nordanvind. Frampaa Dagen vert det mildare, og det er rolegt Hav. Ved ½8-Tidi um Kvelden kjem eg upp av Kahytta. Det hev klaarna, Skodda er med eitt burte. Derinne ligg Grønland, høgt og snjokvitt, med ein og arman Skydotten kring dei øvste Tindar og med Sol yver kveldraude Lider ....

Eg grip til ei Vending i Dagboki mi: So skulde eg likavel faa sjaa det gamle norske Landet der nord - dit Eirik Raude stemnde paa den norrøne Snekkja si og sette Bu i Brattalid ....

Det, me ser, er Landet ved Kekertarsuatsiak (Fiskernæs), og ved 4-Tidi um Morgonen ligg me ut-for Godthaab - 14 Dagar Reis fraa Kjøpenhamn, Men ein kann ogso gjera denne Turen paa 12 Dagar. Fyrr i Tidi bruka dei 8-10 Vikor.

Eg er tidleg uppe og ser i Framgrunnen ei Rad med laage Holmar og Skjer. Det er Kitsigsut elder Kok-øyarne, dei kallar. Det hev snøa litt um Natti, og det er kvitt i Riggen. Men no renn Soli! Blaagrøne Isfjell um baade Styrbord og Ba-bord, og forut stig heile det velduge Berglendet fram-for oss. Det glitrar i Tind og Bre, og dei snøtekte Topparne av Fjelli Kingigtorssuak («Hjortetakken») og Sermitsiak («Sadlen») attum Kolonien stend høgt i Sky.

Grønland.

Ei Strand i Morgon-glimet blinkar,
me stemner inn mot trygge Hamn;
vaar Vimpel, som fraa Toppen vinkar,
ber stolt Hans Egede sitt Namn!

Eg skimtar Eiriks Øy der inne
med snøtekt Fjell i Sumarsol,
innpaa meg strøymer store Minne
um Jøkul-landet upp mot Pol!

Eg helsar Grønlands fagre Strender,
kvar liten Blom der høgt i Nord,
min Hug, han stend til gamle Grender
langt inne i den stille Fjord ...

Der bygde Ætti, sterk i Armen,
der rudde djerve norske Menn.
Del manar oss: Fram! - Mod i Barmen!
Kong Haakons Tanke liver enn!

H. R.

Innsiglingi til Godthaab skal vera med dei finaste, som finst paa Grønland. Med ein lang Vimpel paa Stortoppen, med Skipsnamnet i, stemner me inn mot Godthaab, den gamle Bjørgvin-kolonien, som vart grunnlagd, den Tid Nordmennerne andre Gongen bygde Landet. Her var det, den hugvarme Nordlandspresten aanyo planta Krossen paa Grønland! Eit stykke ut-for Kolonien syner dei enno fyrste Bustaden hans.

Ein Sel skyt upp og helsar oss velkomen, og ei Gaas flyg yver Skipet og glytter paa det Upplaget av Hagl i Smaaposar, som fyller heile Presenningi paa Storluka og skal iland i Godthaab. Paa vinstre Hand ser me den vesle Utstaden Kangek. Dei hev heist Flaget derinne ...

Me skal til Skipshamni, som ligg ut-for Kolonien, og no kjem den grønlandske Losen umbord i ein vanleg Baat. Eit Par av Rorskararne hans ser ut som rettelege Eskimoar, kolsvart Haar og brune Andlit, men han sjølv og dei andre er Blendingar. Naar ein Los elder Kjent-mann der uppe kjem ut til Skipet i Kajakk, firar dei ned eit Par Tòg-Iykkjor, smøygjer ei um kvar Ende av Farkosten og heisar baade Baat og Mann upp i ein Gong.

Det fyrste, ein merkjer seg, naar ein kjem inn mot Godthaab, er Kyrkja og Seminaret. Paa Vegen til Skipshamni gjeng ein framum Missionsstationen Ny Herrnhut, som Tyskarane fyrr hadde her. Han er no nedlagd, og Danskarne hev teke alt Missionsarbeid i Landet. Stationen ligg fint til, paa ei Sletta ut imot Havet. Det er enno som tidleg paa Vaaren her, berre Mose og brun Lyng paa Fjellknausarne. Inne paa Land ser eg dei fyrste Eskimo-kvende, i Knebuksor og med Haartopp. Dei minner um Indianarar. «Asiatar» segjer ein tysk Ferdamann etter fyrste Synet av deim.

Quinden haffuer Buxer som Mændene hær
Och alle aff laaet Skind oc Læer,
Som de vændder ind til Beene.

(Den Grønlandske Chronica).
- - -

Kjem du til det grøne Land
og gjer den Ferd so langa,
so fær du sjaa dei Gjentorne,
som der i Buksor ganga.

(Islendingen Sigurður Breiðfjörð).

Motorbaatar med Splitt-flag legg no til Skipssida, og Inspektøren (Amtmannen) i Sudgrønland, Kolonistyraren i Godtbaab, Doktaren, Prosten og andre av Storfolket kjem umbord. Direktøren gjer oss kjende med deim, og dei spyrr forvitne etter Nytt ifraa Heimlandet, medan dei Fær noko aa kveikja seg upp paa nede i Salongen.

    Noter:
  1. Ein av Grønlandsfararne fraa Bjørgvin umkr. 1790 heitte ogso «Godthaab» og ein Bark fraa same Byen umkr. 1864 «Hans Egede».
  2. «Kongsspegelen», umsett fraa gamalnorsk ved K. Audne.
  3. «Norges Hist. 800-1030», s. 275.
  4. Geogr. Tidsskrift (Khavn.) 1891-92, s. 58.
Utdrag (s. 1-15) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen