Gimsøy kloster ved Skien

av Hans Reynolds

Ja, no hev eg vore paa segnrik grunn,
der klosterklokkur i kor,
med songen seg blanda i morgonstund
og signa det heilage ord;
eg bøygde mitt hovud ved murarne graa
dei vitni um kjærleik og brennande traa -
og krunorne svaga i haustleg sus
yv' bogarne, signe i grus ...

(H. R.)

Desse linorne gjeld Halsnøy kloster i Sunnhordland, som eg vitja for eit par aar sidan. Dei høver soleis ikkje heilt til det emnet, eg vil ha fyre meg her. For av Gimsøy nunne-kloster stend det ikkje noko att korkje av murar, sulor eller bogar.

Det er lenge sidan klokkurne ringde til ottemessa paa «Klosterøyi», rett sunnanfor gamle Skida, no Skien. Det er i hundradvis av aar sidan.

Klostret vart venteleg grunnlagd i aaret 1110 av Dag Eilifsson, ein av Magnus Berrfot sine gjævaste hovdingar. Det var soleis paa den tidi, daa krossfararane, som kom heim med kong Sigurd, stræva so brennhuga for aa faa skipa kloster i Noreg. Gimsøy var eit nunne-kloster av Benediktinerordenen. Øyi, som klostret var bygt paa, høyrde truleg fraa fyrsto til Bratsberg gard paa hi sida elvi. Der budde Gregorius Dagsson, son til storhovdingen Dag Eilifsson, som fekk klostret istand.

Naar hovdingarne gjekk i kongarne sitt far og skipa kloster, ofra dei jamnast mykje meir. Det gods, som skulde til ved skipingi, tok dei av odelsgodset sitt, og dei bruka dertil ofte mengdevis med pengar for aa faa sett upp kyrkja og klostret. Soleis var det med Dag Eilifsson med umsyn til Gimsøy, Sigurd Ullstreng med Nidarholm, Erling Skakke med Halsnøy og Skule Jarl med Reins kloster. Dag Eilifsson var med Magnus Berrfot i slaget i Irland i 1103, der kong Magnus fall, og han var ein av dei tri hovdingarne, som heldt ut hjaa kongen, til han var fallen.

Dag hadde mykje jordegods i Grenland og umkring Tunsberg. Han var gift med Ragnhild, dotter til Skafte Ogmundsson paa Giske og hadde sønerne Orm (Vatnorm, dei kalla) og Gregorius og døtterne Borghild, Baugeid, Sigrid og Gyrid. Baugeid var den fyrste abbedissa i Gimsøy kloster. Skipingi av klostret var seinere upphavet til det, at byen Skida, eller Skien kom upp. Gregorius fall ved Oddeval i 1161; han fekk ei pil i strupen, daa han gjekk ut paa isen i Bevje-aai. Liket førde dei heim med mykje stræv, og det vart gravlagd paa Gimsøy.

Gimsøy nunne-kloster (Gymseyjar klaustr, claustrum sanctimonialium in Gimbisey) laag i Solum herad og «Klosterøyi» var umflødd av stride fossefall. Namnet aat øyi kjem venteleg av gimmr eller gymbr, eit lamb, og Gimsey eller Gimbisey tyder soleis Saudøyi eller Lambøyi. Øyi hev kan hende vore nytta til saudebeite for Bratsberg gard. Klostret var innehavar av det rike laksefisket i kring um der og aatte alle øyar og fossar heilt inn til den bygrensa, som daa var. (Gimsøy kloster med laksefisket, Kierholmen ved Aafos 1665. Kierholmen er en holme i Farelven (Skienselven) av ker. n. i betydningen kar til fiskefangst. O. Rygh: «Norske Gaardnavne»). Staden, der klostret hadde naustet sitt, trur dei hev vore kalla «Nausteberg».

I 1401, daa bispen Øystein sette ihop jordboki si (Jardarskrà Øysteins biskups), vanleg kalla «den raude boki», aatte Gimsøy kloster ikkje minder held 266 gardar og gardpartar. 36 laag i Gjerpen, millom deim var noko av Bratsberg og Follaug, 21 i Mælum, soleis noko av Gisholt, Bergan og Hustvedt, i Bamle 15, millom anna Slaattenes ved Langesund, dessutan 25 i Bergs sokn i Brunlanes, m.a. Nevlungen, 28 i Tanum og 7 i Sandeherad o.s.b. Lorens Berg segjer i bygdeboki «Brunlanes»:

«1398 var tredjedelen (32%) av bygdens jord kirkegods. Omtrent halvten tilhørte Gimsø nonnekloster ved Skien. Klostret eiede en stor gaardsamling paa Neset, en 60-70 markbol, nogenlunde likelig fordelt paa Berg og Tanum. Vi faar ingen besked om, hvorledes klostret hadde faat al denne jord her; det blir en uløst gaate, den største i Nesets eiendomshistorie. Kanske det delvis er gammelt krongods; og noget har vel klostret faat som gaver av medlemmer av storætterne i denne egn (Manvik-ætten, Bratsberg-ætten). Men en en hel del maa klostret ha kjøpt. Neset laa saa nærhændig til; fra Gimsøy gik en let, kort vandvei til Berg, og baade tilsyn og førsel av produkter faldt bekvemt. Vi faar det bestemte indtryk, at Gimsø med forkjærlighed har stræbt efter at samle jordegods paa Neset; naar Gjerpen undtas, har det foretrukket Neset fremfor bygder i sin egen landsdel».
I Nedenes aatte klostret laksefisket paa Ryg i Øiestad. Dertil kom 9 gardar i Sogn og eigedomar nordanfjells og i Viken (Baahuslen). Klostret var soleis sers rikt, og det var stor vyrdnad med det. Det aatte mest likso mange gardar som Nunneseter i Oslo, men dei eigedomar sist-nemnde hadde, var større og klostret difor rikare. Dei 9 gardane i Sogn er venteleg det «Gimsøy klosters gods», som etter reformationen laag til Bergens bispestol og aarleg gav av seg 32 rdlr., 3 mk. og 2 s. (under Christian II nemnd som «12 gyldens rente», elles ogso «jordegods af 81 løbers-skyld»).

Magnus Lagabøtar sitt testament av 1ste februar 1277 fastsette 30 mark gjengeleg mynt til Gimsøy.

Det heiter i segni paa Skiens-kanten, at nunnorne hadde ein kvilestad paa Jomfruland og friska seg upp der um sumaren i den gode sjøbrisen. Øyi skal soleis ha fengi namnet sitt etter «jomfruorne paa Gimsøy». Det gamle namnet paa Jomfruland er Aur, etter ordet aur dvs: sand, grus, avdi det mest ikkje er fast fjell der, berre sand og rullstein1). Dei kalla ogso øyi for «Landegode».

Sogeskrivaren O. A. Øverland gjev segni rett naar ho segjer at Jomfruland heiter etter Gimsøy kloster. I eit stykke um gamall ovtru2) skriv han millom anna:

«Uforsonlig var modsætningen mellem den gamle tro paa havets aander og kristendommen. For sikkerheds skyld undgik man at bruke navn og betegnelser paa personer, dyr og gjenstande, som stod, eller troedes at staa i forbindelse med kristendommen. «Jomfruland», der har faaet sit navn efter Gimsø-kloster, som øen tilhørte kaldtes langt ned i tiden med sit gamle navn «Landegode». Endnu i mands minde kalde Nordlandsfiskeren paa sjøen en prest altid «Sid-Skjorta» eller «Svartstakken», ja katten, der maaske først kom hid til landet ved kristendommens indførelse, hed aldri andet end «Langskjæfta» dvs: den Ianghalede»).

«Norske Skibsfolk af nogen Superstits og Vonne ville ikke nævne det Land Jomfruland, naar de ere under Seil, før end de have seilet der forbi, men kalde det Landet gode, hvilken Superstits de og observere med flere Orter» segjer Peder Claussøn i «Norges Beskrivelse».

Det heiter i ei skildring av Jomfruland:

«Efter reformationen blev øen kronens eiendom og avhændedes efter enevældets indførelse til Adleske familie. Justitsraad (siden geheimeraad) Fr. Christ. Adeler, Kort Adelers broder, avhændet den i 1696 til den gamle statholder Ulrik Fredrik Gyldenløve. I 1789 skriver F. W Thue: «I forrige tider har nogle af amtmændene i Bradsberg amt boet her, og den saakaldte store giestestue, som er meget gammel, viser endnu levinger baade af de forrige tiders yppighed og hollændernes fart paa stedet da dørene, dørkarmene, samt vindueskarmene, ere alt af egetræ, indlagt i smale render med ibenholttræ, ligesaa staar der et gammelt sengested af eg med ibenholts indlægning. Her haves den skjønneste spadseregang og den behageligste udsigt til havet med alle forbiseilende skibe». - Jomfruland ligger en mils vei i sydøst for Kragerø ude i det abne hav. Det er en vidunderlig dejlig ø, en mil i længde, men paa det bredeste en snau halv fjerding tversover. Navnet Jomfruland bærer minde om at øen engang har tilhørt en klosterlig stifteIse, og det er ogsaa tilfældet, da den har ligget under Gimsøy nonnekIoster. Hvor mange syge og nervesvækkede kunde ikke her puste ud i denne bløde luft! Her er ingen trættende bakker, blot vidunderlig skog. Et udsyn over havet ud mod det uendelige blaa er ogsaa et solskinsbillede, som man tager med sig fra et besøg ude paa øen en sommerdag».3)

Aur er nemnd fleire stader i soga. Det heiter der millom anna:

«Om natten seilte de (baglerne) østover og la om morgenen til i Portyrja. Det var tyk skodde, saa de ikke saa det, før birkebeinerne seilte forbi havnen. Baglerne skyndte sig da, kastet tjeldene av, la ut av havnen og satte østover; siden drog de seilene og stevnte indenfor Aur ut paa fjorden.»

«De (birkebeinerne) rodde da i største skynding ut av havnen. Da de kom bent ut for øen Aur, blaaste det op en bør, og de heiste seil.»

Gimsøy kloster sitt segl hev midt i Jesus paa krossen paa ein bakgrunn av stjernor og paa kanten i kringum, likeins millom stjernor, stend det: «Sigillum - Capituli De Gimsøy»

Umfram «Klosterøyi» finst det dessutan mange namn, som er - eller hev vore - fest attaat Gimsøy kloster; til dømes «Klosterfossen», «Øystre Klosterfoss» (no Damfoss), «Klosterbrui», «Klostergata» og «Klostergrindi» (det gamle navnet paa dei bygningar, som dei no kallar for «Hans Cappelens Minde»). «Lilleklostret» er namnet paa bankchef Cappelen sin væne eigedom, eit stykke vestanfor Gimsøy.

Klosterbygningarne brann up i 1317. Det heiter, at bygningarne paa Gimsøy var framifraa store eingong i tidi. Klostret hadde, umfram klosterkyrkja, eit kapel eller kyrkja, Hakasteins kyrkja, og denne hadde venteleg serskild prest. Hakasteins kirkja er nemnd i Diplomatarium Norvegicum i 1354. Det stend der, at ho Iaag til Gimsøy kloster og ved elvi, eit stykke vestanfor Gimsøy, ved Faret (Hakasteins-Faret). Det er ein plass under Gimsøy kloster, og her var det i gamle dagar ferja for skyss ifraa Skien til Fjærestrand. Men daa i 1640 Langfossbrui og i 1688 Klosterbrui var bygt, trengde dei ikkje nokon ferjestad.

Ein kjenner namni paa sume av abbedissorne i Gimsøy soleis - umfram den fyrste, Baugeid, latinsk, form «Begeda» - ogso Helga, fru Asa, fru Gelaug, Scolastica og Ragnild Genovefa. Fru Asa og fru Gelaug vert nemnde i det 14de hundradaaret. Baae auka ved kjøp klostergodset munaleg, helst fyrstnemnde. I hennar tid finn me ein Roar som klostret sin umbodsmann (raadsmann). Den siste abbedissa, dei nemner, er Margareta Amundsdotter, som den 21. april 1514 selde halve Jonsgarden i Skien til Gunnar Thorsteinsson (paa Skiens kyrkja sine vegner) for 22 mark danske. Skinnbladet um denne handelen fekk ein forf. laana ifraa raadstove-arkivet i Skien. Abbedisorne sitt segl var eit kvende, som stend rett med krokstav i høgre handi. Det kan ein sjaa av eit dokument, dagsett 6te desbr. 1413. I det kvittar Helga abbedisse og klostersysterne hennar fru Ingeborg Ellingsdotter for det umbodet, ho til no hadde havt for Gimsøy kloster med umsyn til «dets jorder i Nordlandene»

Dette godset er ikkje teke med i bispen Øystein si jordbok. Venteleg fekk Gimsøy ogso dei gardarne av hr. Gaute Eriksson Galtung, syslemann i Skiensysla, (seinare nemnd her). Han aatte gods baade nordan- og sunnanfjels; iminsto maa Gimsøy ha fenge desse eigedomarne nordpaa etter 1401, daa Øystein si jordbok vart skrivi, og etter di hr. Gaute døydde i 1412 eller 1413, er det truleg, at di ved ervebrevet hans er komne til Gimsøy.

Ved midten av det 14de hundradaaret vart fru Rønnog Smidsdotter uppteki i Gimsøy kloster som proventkvende (próventukona) eller læksyster. Det var ikke so sjeldan, at verdslege personar, menn og kvende; gjekk inn i ordenen sitt brødrelag, grunna paa alderdom, vanføra, av di dei vanta ervingar o.s.b. Dei trygde seg paa den maaten ei turveleg utkoma og slapp sjølve aa styra godset sitt. Dei gjorde ingen klosterlovnad, men gav seg, som ibuarar av klostret, under sume av dei fyreskrivne reglar. Likeins var det vanleg, at dei hadde ein bunad, som merkte deim ut som klosterfolk. Fru Rønnog gav klostret gardarne Gullarud og Myrkabakke i Skedjof sokn i Baahuslen, dessutan gav ho det i ervebrevet sitt gardarne Thorgjulsstad, Thorderud, Stafkarl, Grorud og Steinarsrud, alle paa Stangens ogso i Baahuslen, dertil Lammen og Holte i Vestfold.

Umlag paa same tid fekk likeins klostret garden Prestholt i Nes sokn i Telemarki av hr. Øgmund Finssøn (seinare drottsete) for farbroren hr. Ivar Rofa si sjæl, liksom det er truleg, at den siste er gravlagd i dette klostret. Lange segjer i klostersoga si, at han trur, at denne fru Ronnog hev vore enkja etter hr. Ivar Øgmundson Rofa. At ho er slokna umlag ved midten av hundadaaret, tenkjer han seg til Øyst. si lista. Det heiter der, at Ronnog Smidsdotter «i den store manndauden» (1349-1350) gav 4 gardar til Bragasæter kyrkja i Baahuslen.

Ragnild Genovefa, abbedissa i Gimsøy, er tvillaust den same, som i aaret 1351 vert nemnd som nunna i Oslo. Ho makeskifte den 19. novbr. 1392 til bispen Øystein i Oslo gardarne Valer, Autne og Hunaberg i Aurskog paa Romerike, Engjar i Hemnes og Bokar i Oslo herad dessutan garden Aas i Haslum sokn. - Dette jordgodset (dei 5 fyrstnemnde gardarne) hadde Gimsøy kloster lenge av erkebisp Thrond i Nidaros for upptakingi av Gudrun, syster hans. For dette fekk Gimsøy att av bispen gadarne Rauster i Hjuksabø og Ararud, baae i Saude sokn, Namlaus i Fenes sokn paa Grønland, og ½ N. Svineland i Bamle, dertil ettergjeve 7 gamle mark som klostret var skuldug honom.

9de mars 1388 bad bispen Øystein i Oslo prosten i Ranarike, Gunnulf Helgasøn, aa stemna Svein prest paa Stangenes til aa møta for bispen paa Teige, for aa forsvara seg mot abbedissa i Gimsøy og klostret hennar, som klaga paa, at han ikkje hadde betala klostret det, han var skuldug. Klostret si klaga hev ventelelg vore um innheimting av dei store innkomor, klostret hadde i denne luten av Baahuslen.

Gaute Eriksson Galtung, riksraad i 1397 og med, daa dei fekk istand Kalmarunionen, var lenge syslemann i Skienssysla og ein sers velvyrd mann. Det ser ut til det, at han hadde mykje aa gjera med Gimsøy kloster («hr. Gaute si stova» der er nemnd), og han vart gravlagd der i lag med kona si fru Margareta Reymarsdotter (Rømer). Daa kona døydde, gav han 3 gardar der i grendi for gravstaden hennar i klostret.

Den 11te novbr. 1395 var bispen Eystein Aslaksson i Oslo paa Gimsøy kloster og skreiv der eit hyrding-brev til bønderne i Kvitseid, Fyrisdal, Skafsaa og Mo. Brevet er skrive i ei maalform, som er eldre enn den, dei bruka i den tidi, og ein fær ein forvitneleg, glytt av tilstandet i Telemarki, naar ein les det. Daa bispen i 1386 var paa visitasreis til dei luter av Telemarki som laag til stiftet hans, hadde bønderne i Moland, Mo og Skafsaa gjort uppstyr, og han freista til maafaa aa tala deim til rettes faa kyrkjedøri. Grunnen var visst misnøgje med ymse nye paalegg, som andre bygder hadde vedteke aa svara. Brevet fraa Gimsøy er mest um utreidslor til kyrkjorne og presteskapet, avlaat m. m. Ein kann sjaa av det, at bønderne i Moland og Mo lovar bot og betring for uppstyret i 1386, og at bispen gjerne vilde tilgjeva deim, naar dei kom til honom. Men ibuarane i Skafsaa, der det auka paa med traass og vondskap, var uverduge til hans naade.

Etter 1514 vert klostret berre nemnd, naar kongemagti tek paa klostergodset, og elles, daa det seinare vart bruka til verdslegt formaal. Grunnen til det, at eit stort nunne-kloster so uvanleg tidleg (før 1523, alt under Christian d. 2den) vart gjeve til ein verdsleg styrar, var «vrang og uretteleg upplæring», segjer bispen i Oslo Hans Reff.

Det siste merke etter kloster-stellet i Gimsøy kom burt, daa baade klosterbygnaden og kyrkja brann ned i 1546 - som det heiter ved det, at kona til bergmann Hans Widemann hadde vore uvar. Klostergodset vart no som verdslegt len lagt under Bratsberg gard, som Gimsøy tvillaust fraa fyrsto hadde kome ifraa. Men Gimsøy var stundom eit serskild len. Soleis hadde Jørgen v. Onsback det i 1559, Jørgen Utne fekk det i 1578, daa det vart teke ifaa hovudsmannen yver Bratsberg len, og Gert Ranzau hadde det til 1588. Daa lagde dei det atter under hovudlenet. Gimsøy hovudgard vart no sæte for lensherren, og det var den til 1662. Daa kjøpte riksraad, og general-løitnant Jørgen Bjelke eigedomen med gardarne Bratsberg og Folllaug og sagbruki av Fredrik den 3dje. Bjelke hadde tilgode av kongen 22 000 riksdalar sidan krigen 1657-1660, og Gimsøy kom soleis yver i private hender. Borgarane i Skien baud 16 000 riksdalar berre for dei sagbruki, dei hadde paa leiga, og Bjelke maatte difor bjoda meir. Det meste av jordgodset fraa den katolske tidi hadde kome burt. Kjøpesummen er ikkje nemnd, men attaat den skulde Bjelke svara ei aarleg avgift paa 20 000 skorne bord. Denne avgifti vart seinare sett um i pengar. I 1663 selde Bjelke til borgarane i Skien dei sagbruki, som dei hadde paa leiga, for 15 000 riksdalar, med rett til «aa liggja med timberet sitt paa Klosterland». Eigarane av sagbruki skulde svara 17 800 av dei 20 000 skorne bord, kongen hadde krav paa. Men Bjelke aatte likevel 7 sagbruk (2 paa Klosterøyi og 5 paa Eidet eller «Broerne».) I 1666 selde Bjelke Gimsøy til geheimeraad Christoffer v. Gabel. Men alt ½ aar etter skøytte denne eigedomarne til den vidjetne Cort Sivertsen Adeler, og i ætti hans vart godset til slutten av det 18de hundradaaret. Gimsøy fekk adeleg serrett i 1689. Den norske grein av Adeler-ætti dødde ut i 1843.

Fylkesmuseet for Telemarki og Grenland hev fenge eit minnesmerke, som vart sett upp paa Gimsøy av eigaren, kammerherre og stiftamtmann Fridrik Georg Adeler R.D.O. Det heitte i innskrifti paa nordre sida av stytta, som no er gjengi ut, at ho vart reist «Til Uforglemmelig Erindring Om Hans Kongelige Høyhed Kronprinds Fridriks Høye Nærværelse Paa Gjemsø Kloster Den 17. Agusti 1788.»4)

Paa vestre sida av steinen stend det:

Høytidelige Sted, i dine dunkle Skygger,
skall Fridrik, gyldne Navn opflamne Nordmands Aand,
Mens dette Minde, som Erkiendtlighed ham bygger,
Usvækket, evig staar og trodser Tidens Haand.

Her stoed han smilende og vinked Saligheder
Fra Himmelens og fra sin Faders Trone frem.
Ja, Normænd, knæler her for ham som elskede eder,
Som skabde Overflod i Nordens kolde Hiem.

Kammerherre Adeler paa Gimsøy fekk i 1776 hundrade riksdaler i premi av riksstyret for «vindskibelighed i jordbrug». Det heiter i ei melding, at han «i en tid af 10 aar meget anseligen har forbedret gaarden Gimsø kloster ved uden pligtarbeide at have optaget henved 50 tønder lands udsæd dels af stenrig og med træer begroet grund, dels og for det meste af moradsig grund, som han har gjennemgravet med 5000 alen hovedgrøfter og henved 12 000 alen tvergrøfter samt ladet oprydde og udlægge til denne gaard 7 og til gaarden Bratsberg 24 nye husmandspladse foruden andre gode anlæg».

29. janr. 1777 skipa dei etter upptak av amtmann, kammerherre F. K. Adeler til Gimsøy eit landbrukslag for amtet.

l 1801 tok grosserar Diderik Cappelen i Skien ein part av klostergodset sine sagbruk og skogar, og i 1823 kjøpte han Gimsøy kloster med Bratsberg av geheimeraad-frue Adeler for 26 400 danske sylvdalarar og 6000 norske papirdalarar. Eigedomen (fraateke Bratsberg, som imillomtid hadde gjenge yver til maagen hans, Christopher Hansen Blom) verdsette dei umkr. aaret 1840 til 86 000 Spd.

Etter eit dokument fraa 1826 aatte Didr. v. Cappelen, umfram 7 sagbruk paa Klosterøyi, «Stormøllen» og ei mindre mylna og dertil 14 av dei 32 indre sagbruk, som daa var. (Helland: Beskr. over Bratsb. amt.) l 1814 møtte Cappelen for Skien i Riksmøtet paa Eidsvoll.

I 1604 vatt Gimsøy kloster sin gard Li lagt under Skien, og i 1856 kom Klosterøyi under byen. Av det gamle Gimsøy kloster er lengst alle synlege leivningar komne burt. Av bygningar, som høyrde hovudgarden til, stend berre att «Klosterporten». Han hev no fenge plass ved Brekke museum i Skien. Det er tvo portstovor under sams tak med eldstad og pipa i den eine stova. Porten er 9,60 meter lang og sers prydeleg med glas i rundbogestil og joniske sulor. Han er ifraa umkr. 1830. Hovudgarden paa Gimsøy brann upp den. 18de novbr. 1885. Det var ein tvihøgda bygning med lange fløyir, som snudde inn mot tunet. Den eine halvparten av huset var ifraa umkr. midten av det 17de hundradaaret, medan, resten vart bygt til i det. 19de hundradaaret av brugseigar Hans Cappelen. I ætti Cappelen si eiga vart Gimsøy kloster verande til 1897. Daa gjekk godset yver til eit parthavarIag, som atter um sumaren 1898 selde det til Iutlaget «Gimsø kloster». No er det fabrikkar paa klostret sin grunn. Daa dei grov der i 1899, fann dei hovud-skaalur og bein umlag paa tufti til den fyrre hovudbygnaden. Bein fann dei yveralt, naar dei grov paa nordkanten av hagen, som snur mot byen. Dei er truleg ogso aa finna paa hallingi mot den vesle bugti nedanfor, for under gravingi til jernvarefabrikken kom det noko upp i dagen der. Kyrkjegarden til klostret hev soleis teke upp den nordre søkki paa vinstre sida av den «Klostergata», som no er, og dertil noko av den flati, som den nyare hovudbygnaden stod paa. Dei hev funne ein prydnads-ting av sylv (til haarpynt), umlag tvo tumar i tvermaal med merke etter innlagde steinar, ein stor stein midt i og tvo paa kvar side.

Gimsøy kloster hev til visse eingong i tidi havt ein gard i byen (Iikeins som Lyse og Hovudøy), der det kan henda hev gjort sin skyldnad mot fatige og pilegrimar og ferdafolk. For ved ei skøyta av 21de juni 1575 selde Erik Pederssøn paa Bjørntvet Skiens klostergard til Erik Brokenhuus, styresmann yver Bratsberg len. Truleg hev klostret sin prest og mansionarius (raaadsmann), som er nemnd i gamle dokument, budd der.

Kor lite kjennskap folk i Skien i fyrre hundradaaret hadde til klostret, kan ein sjaa av det, segjer Helland i skildringi si av amtet, at sokneprest Hesseberg (d.1783) ikkje visste, anten det hadde vore nunne- eller munkekloster.

Mykje av Gimsøy kloster sitt gods ligg i Solum herad, jordi i vidd venteleg meir enn heile Skiens by. Alt i alt var paa bruket: Husdyr: 25 hestar, 103 storfe; 1 geit, 9 sauder, 28 svin, 319 høns, 22 ender, 9 jeser 20 kalkunar og 5 biehus. (Helland: Br. amts beskr. 1900). Husi aat garden, laaven og nokre andre uhus, som dei reiv i 1899-1900, laag i Skien.

So lenge nunne-klostret paa Gimsøy stod ved lag, hadde Skien litt aa segja som handelsby, men daa klostret vart bruka til verdslegt formaal, ser det ut for det, at det gjekk noko til atters. Det var ein av dei minste byarne i Norig. At byen hev vore liten, kan ein sjaa av den brudeskatten («prindsessestyr»), som Skien vart lagd i aari 1588, 1596 og 1602. Byen svara i 1588 til prinsesse Anna 50 dalar, medan Bergen betala 1000, Oslo 500, og Fredrikstad 150. Daa prinsesse Augusta hadde bryllaup i 1596, betala, Skien 12½, Bergen 250, Oslo 125 og Fr.stad 37½. Etter dette skulde Skien i dei tvo nemnde aar berre ha ein midel som 1/20 av Bergens, 1/10 av Oslos og 1/14 av Fredrikstad. Skien eller Skida vert nemnd for fyrste gong hjaa Snorre i Sverre-soga i 1184. Seinare i Inge Baardsen si soge i 1205, daa det heiter at Gunni Langi i Skidunni «en bagle der Iod bygge tvende skibe til Erling Steenveeg, da birkebenerne fulgte dem ved Jomfrue-Land».

I 1766 brann raadstova i Skien, og daa strauk det med «mange gamle og rare breve og dokumenter», som dei gøymde i «byens kiste». Skien hev vore mykje herja av vaade-eld. I 1777 brann soleis 172 hus, kyrkja og raadstova, 32 sagbruk og 2 mylnor, og i 1779, fyrr enn byen enno var heilt bygt uppatt, brann det eit par hus. Ei gjenta, som var skuld i den fyrre store branden og denne, vart halshogd og brend paa «Blegebakken».

Med umsyn til kjeldorne, naar det gjeld Gimsø kloster si soga, er det venteleg mykje verdfullt som hev kome burt. Lange segjer i «De norske Klostres Historie i Middelalderen»: «Det har ikke lykkedes mig at komme efter, hvor der er blevet af de Skien og omegn tilhørende oldbreve, som en svenske, Sparfvenfeldt, der i 1677 som krigsfange opholdt sig, der i egnen, havde anledning til at tilvende sig, og som sandsynlig kan have indeholdt blandt andet Gimsø klosters rent forsvundne arkiv».

Paa garden Erlands-Venstøp ved Skien skal det etter segni ha vore eit «kloster». Her kunde ein soleis tenkja seg, skriv Lange, eit hospits (herbyrge), nunnorne paa Gimsøy hadde for dei pilegrimar, som jamt fòr denne vegen til St. Svithun sitt skrin i Stavanger og St. Sunniva-skrinet i Bergen. Det kom daa til aa slaa lag med «Spitalen» i Tjølling sokn og hospitalerne ved Tunsberg. Sovorne herbyrger sytte dei sjølvsagt fyrst og fremst for i det stròket, som bar tvert gjenom landet til St. Olav sin heilagdom i Nidaros, for den vart stødt gjesta. Det er nemnd, at desse pilegrimar (fotgangarar med yverlegg) kan henda hadde lova aa ganga berrføtt eller aa ganga eit stig attende for kvart tridje (som endaa oftare skal ha vore skikken). Presteskapet ynskte i alle maatar aa greida med pilegrimarne, og det er difor rimelegt, at dei sers tidleg sette upp geistlege herbyrger paa den vegen. Det kan nemnast, at far til Henrik Ibsen aatte Erlands-Venstøp i diktaren sine gute-aar. Lange segjer elles ein annan stad i klostersoga si um garden Venstrøp:

«Ingen del af denne gaard sees at have tilhørt Gimsø; følgelig synes det ikke rimelegt, at noget hospits under dette kloster har ligget her (viser til si umtale av Skiens klostergard). Derimot hørte i det mindste en del av Venstøp til Gjerpens præstebol, og det er derfor muligt at Oslo domkapittel, af hvis midte provsten i Gjerpens provsti stedse valgtes, her kan have underholdt et hospits, da der ved Skien blev et nødvendigt hvilepunkt for pilegrime fra Østlandet, der ad den sedvanlige vei gjennem Vestfjeldene droge til Bergen. - Dette hospits laa i saafald i en dagsreises afstand fra Nanset (Nønnusetr, Nannas eller nonnernes sæde?) ved Laurvig, hvor ligeledes et dunkelt, maaske af navnet opstaaet klostersagn findes, og hvorfra korte 3½ mil til Tønsberg med dets klostre og hospitaler».

Gimsøy kloster var, som fyrr er nemnd, Benediktinar-kloster, for dei eldste kloster i Norig høyrde Benediktinar-ordenen til. Denne ordenen vart skipa av Bededikt, greive av Nursia. (fødd, 480, daaen 543) og var i fleire hundrad aar den einaste i den katolske kyrkja. Nunnorav denne ordenen finn ein fyrst Iikjende til i det 8de eller 9de hundradaaret. Til ordenen høyrde i det 15de hundradaaret 15 107 kloster, og i fraa deim gjekk det med tidi ut 24 pavar, 200 kardinalar, 1600 erkebispar, 4000 bispar (ogso nemnd 7000), 16 000 forfattarar, 1560 heilag-menne og 5000 heilage (ogso nemnd 15 000) som fortente kanonisering (aa koma paa lista yver heilage). Benediktinarane godkjende - i alle fall her i Norig - bispen i stiftet som deira loglege yvermann. Det ser jamvel ut for det, at bispen i Oslo hadde yvertilsynet med jordegodset aat dei tvo Benediktinar-kloster, som Iaag i stiftet hans (Gimsøy og St. Mariæ kloster paa Leiret ved Oslo, vanleg kalla for Nunnusetr á Leiruni). I Norig er det likt til det, at bunaden aat Benediktinarane var svart. Klostret paa Selja i yttre Nordfjord, som høyrde denne ordenet til; kann ein sjaa vert kalla Svartmunkaklaustr.

Av kloster, som høyrde Benediktinarordenen til, hadde me i Norig umkr. 1240: St. Albani kloster paa Selja, og St. Michaels eller Munkeliv kloster i Bergen. Dessutan nunneklostri paa Gimsøy, i Oslo, og paa Bakke ved Nidaros.

«Med klostret i Gimsø stod Oslo nonnekloster i den nøieste, forbindelse; man finder saaledes abbedisser i Gimsø, der havde været nonner i Oslo, og heraf opstaar end og sterk formodning om at klostret i Oslo var det ældste og mest anseede. l sagaerne nævnes Oslo nonnekloster (Nunneseter i Oslo) ellers først i samme aar, 1161, som Gimsø kloster omtales. Der har saaledes vist heller ikke været lang tid mellem deres oprettelse»5)

Daa det var mykje folk, som heldt til i klostri, vart dei ei god kjøpstemna for ibuarane umkring. Her selde dei varorne sine, noko ved byte, nok mot reide pengar elder avlaat. (Abbeden ved Munkeliv i Bergen betala i 1303 nokre bønder med avlaat for synderna deira, avdi dei hadde hjelpt honom med verdsetja ein eigedom, som var boden fram til klostret). Ved Gimsøy kloster kann ein sjaa, at det hev vore drive handel fraa gamalt, og det er difor ikkje uIikt til det, at dette nunneklostret, som fyrr nemnd, var upphavet til at Skien kom upp. For denne byen er yngre enn klostret, og den handelen, dei dreiv der, jamvel lenge etterat byen hadde fenge handelsrett, heldt seg vel difor til gamall vedtekt. Daa dette var til skade for bymennene, ferda kong Magnus Eriksson ut eit brev fraa Gimsøy i 1359. I det stadfester han dei serrettar, som sonen Haakon hev gjeve borgarane i Skien, og etter dette er det forbjode aa drive handel i Gimsøy, so nær som naar det gjeld det, abbedissa treng til forraad for klostret.

Eilif Sveinssøn, prest i Gimsøy, Hjarrand Thoraldssøn, prest i Gjerpen og Gaute Erikssøn, lagmann i Skien (ikkje riksraaden og syslemannen) ferda 22de mars 1439 i Skien ut ei avskrift av eit brev fraa bispen Jens i Oslo til presteskapet i Telemarki. Det var um Olaf Buk sitt klagemaal yver det valdsverk, bønderne under Halvard Graatop hadde gjort imot honom og ætti, serleg paa Brunla, garden hans.

Etter abbedissa sin søknad stadfeste pave Nikolaus d. 5te dei serrettar og etterlætor (indulgentser) for Benediktinar-nunnorne i Gimsø, som fyremennerne hans hadde gjeve deim. 1ste decbr. 1475 selde fyrrnemde Eiil Sveinssøn, prest og raadsmann i Gimsøy, ein gard, Berdorsrud, paa Follo til Peter Jonsson, erkeprest i Oslo.

Gimsøy kloster kom merkeleg nok under verdslegt styre heile 14 Aar, fyrr enn reformationen vart embættsleg innførd i Norig i 1536. I 1522 gav Christian den 2. Diderik Tolder klostret til len, som fyrr nemnd avdi det hadde vore «vrang og uretteleg upplaring«. I 1525 daa Diderik Tolder var daaen, gav bispen atter klostret under abbedissa, men i 1529 (likeins etter «vrang og uretteleg upplæring») fekk ein holsteining Iver Jenssøn (Jernskjæg) det i len av Fredrik den 1ste «mod slig tyngde og afgift til nonnerne, som det er skik».

Seinare klaga Oslobispen Hans Reff for, at Iver Jenssøn hadde «uformet» jomfruorne, venteleg det same som, at dei ikkje hadde fenge nøgjelegt upphald. I 1532 fekk Iver Jenssøn Frøland istaden for Gimsøy. Frøland var eit lite len i Smaaleni, Frøland skipreida (bygderne Trøgstad og Askim).

Um Iver Jenssøn kann nemnest, at han seinare aatte Brunla gard paa Neset og budde paa Fritsø. Han døydde i 1570. «Han blev begravet under koret i Hedrum kirke, hvor et gravkammer for Jernskjæggene blev indrettet. Over gravkammeret, like ved alterfoten, ble lagt en vakker gravsten, som endnu er bevaret».6)

Klostret vart no avhend til Hans Myntmester (for tenest paa Akershus under umlægringi og som vederlag for dei tap han daa hadde), imot at han skulde føda «prestarna og brøderne i klostret». Kongen kjende soleis ikkje til, at det var eit nunnekloster. I 1538 vart Gimsøy avhend til Otto Andersøn «utan pligt til aa syta for nunnorne». Men no hadde kongen sett seg fyre aa taka drifti av Gulnes koparverk Seljord og til det setja upp ei smeltehytta paa Gimsøy. Hovudmannen paa Akerhus, Peder Hanssøn Litle, som skulde greida med dette, skreiv til kongen i 1540, at han hadde fenge Otto Anderssøn til aa lata fraa seg klostret mot aa faa Hamar gard. «Ligesaa», skriv han, «ere alle nonnerne, med deres egen frie vilje uddragne og ere gifte, undtagen en gammel nonne, som ei vilde gifte sig; dog er hun med fri vilje uddragen og er hos sine venner. Eder fyrstelige naade skal med sandhed vide, at de vare hverken nødte eller tvungne til at drage ud, ligesom de havde begjæret mit brev paa, at de maatte, uddrage». I so maate hadde dermed Peder Hanssøn gjort det, kongen ynskte: aa faa full raaderett yver klostret og godset. Men han teljer honom reint fraa aa setja upp ei smeltehytta der, av di Gimsø ligg nedanfor fleire fossefall, so dei til deils maatte køyra malmen yver land. Kongen tok ikkje umsyn til dette, for 14de august same aaret utnemnde han Antonius Bryske til berghauptmann i Norig og gav honom Gimsøy kloster til bustad med order til aa byggja ei smeltehytta der. Peder Hanssøn gjeng ved i eit brev, at han hev teke imot kongen sin order um aa yvergjeva Bryske klostret, som han i millomtidi hadde gjeve til Hans Glaser. Dette var ein sachisk bergmeister, som Christian III sende upp til Norig i 1538 for aa velja ut høvelege stader til grunnleggjing av bergverk. I meldingi si kom Glaser m. a. med framlegg um, at dei burde setja upp paa Gimsøy kloster hus m. m. for det telemarkske bergfolket, dessutan ei mynt, og at kongen med hjelp av klostergodset skulde makeskifta til seg dei eigedomar, som dei skulde setja upp hamarverk paa. Seinare var det, at kongen ogso vilde ha ei smeltehytta paa Gimsøy.

Med umsyn til nunnorne ser det ikkje ut til det, at dei hev sytt for deim slik, som dei hadde krav paa. Grunnlaget for inndragingi av klostri var, at dei munkar og nunnor, som daa livde, skulde ha «turvelegt upphald af klostret sin midel». For nunnorne vart det i so maate i 1545 fastsett fyreskrivne reglar. Etter deim skulde kvar nunna aarleg ha 5 tunnor med brød, 15 tunnor øl, 2 livande svin, 6 livande lamb, 2 livande sauder, 6 livande gjæser, 10 par høns, 1 fjordung smør, 1 fjordung salta sild, 2 vol (dvs. 160 stk.) røykjesild, ½ tunna salta fisk, 150 turka vittingar, 2½ skjeppa gryn,1 fjordung edik, ½ tunna salt, 10 lass ved, ½ lest (12 tunnor) trekol, 1 vol (80), egg, 12 mark i pengar til sko og klæde og dessutan tvo nunnor tilsaman 1 livande ukse.

I eit uppset «Norske renæssanceborge»*7 skriv universitetsstipendiat, cand. mag. Carl W. Schnitler, millom anna:

Nogen rigdom paa befæstede gaarde eller borge har Norge selvsagt aldrig eiet. Alligevel tror jeg at kunne paavise, at der i det 16de-17de aarh. har været et bevidst tilløb til adelig borgbygning i vort land og at denne gruppe danner et yderst interessant og hidtil overset kapitel i vor bygningshistorie. Der er bare bevaret to slige bygverker, RosendaI i Hardanger og Østraat paa Ørlandet. Der tør have været en hel slegt av dem i lenstiden inden 1660.

Af de mange danske adelsmænd, som boede heroppe som lensherrer i dette tidsrum, er det særlig en, som ser ud til at have været besjælet af renæssanceadens uimodstaaelige byggelyst. Det er rigsadmiral Ove Gjedde, som 1626-1640 indehavde Ekers og Numedals len, hvor han residerede paa Sem i Eker. Lensregnskaberne viser, at han lod rive den gamle kongsgaard deroppe, som var af træ, og lod opføre en staselig, ny bygning med høi kjelder og to etager af hollandsk mursten. Den havde høit trappetaarn og gulvene dækket med glaserede hollandske fliser. Anden etage var helt forbeholdt kongen som gjesteleilighed og bestod af sovekamre og en prægtig riddersal med 6 fag dobbelte vinduer. Baade Kristian IV og Fredrik III var gjester her. Endnu findes grundmuren af denne bygning. Det har været en herregaard, som baade ved sin stil, sit materiale og sit udstyr skilte sig skarpt ud fra alt, hvad befolkningen paa denne kant af landet havde set. Det indtryk den gjorde paa dem, kan forstaaes af det, som folk paa stedet endnu den dag idag, da hele herligheden forlængst er borte, ved at fortælle om «Kongs-Sem», og pragten deroppe.

Men Ove Gjedde lod sig ikke nøie med dette. 1640 byttede han Eker med Bratsbeg len som han havde til 1650. Ogsaa her var bygningerne paa lensresidensen, Bratsberg gamle kongsgaard, yderst forfaldne. «1650 er husi so at ingen kongeleg umbodsmann kan bu i deim, men de vil daa segja lensherren». Fyrr enn 1655 vart «residensen» for lensherren flutt av Henning Walkendorf til «Søboden». (Rikard Berge «Bygdedikting fraa Telemarki IX».) Ca. 1650 blev residensen flyttet til den anden side av fjorden til Gjemsø ved Skien. Det er neppe tvil om, at det var den ustanselig virksomme Ove Gjedde, som først lagde planerne til denne nye residens. Her har han villet give et bygverk saa imponerende, at det kanske endog kunde overtræffe hans gaard paa Eker.

Det findes i universitetsbibliotheket en hidtil ganske ubemerket tegning. Geelkercks utkast til residens paa Gjemsø.

Den viser omtrent paa samme grund, hvor i middelalderen Gjemsø kloster og i de sidste aarhundrede godsets hovedbygning har ligget, en slotslignende bygning med fire fløie sammenbygget omkring en lukket borggaard. Den har høie gavler og et centraltaarn med hjelm i dansk-hollandsk renæssance og er tydeligvis tænkt opført i tegl eller sten. Den hviler paa et plateau med spidsvinklede hjørnebastioner nøiagtig lig dem, som er bevaret paa Elingaard i Onsø, nær Fredrikstad. Det hele er schematisk tegnet og gjengives her i udsnit og forstørret. Tegningen kan ikke være udført af andre end den hollandske festningsingeniør Isaac van Geelkerck, som var kommet til Norge ca. 1645 og arbeidede med forsterkning af befæstningerne om Akershus og Kristiania.

Tegningen giver fortrinlig hjælp til at forestille os Elingaard, slig som J. Bjelke byggede den. - Uden tvil er det Ove Gjeddes store nye slotsprojekt, vi har for os.

Ialfald viser tegningen et fornyet og hidtil ukjendt udslag af tidens trang til herskabelig borgbygning. Mulig er det, at dette Gjemsø aldrig blev til mere end et projekt. At ingen tradition melder om nogen gammel pragtbygning her er intet afgjørende bevis. Det er bare det samme, som har fundet sted ved Elingaard. Der findes endnu i Gjemsøklostets gamle herregaardshave nogen eiendommelige høie skarpvinklede, bastionlignende, sterkt skraanende og græsklædte udformninger i terrænet, som vanskelig kan forklares ud fra havesynspunkt, men som vel kan tænkes at staa i forbindelse med ældre Befæstninger.

I Østraat lever arv baade fra norske Bjelker og danske Gjedder, - fra Elingaard, fra Sem og kanske fra Gjemsø. Vi synes her at kunne skimte - ikke bare en formelig kappestrid om herregaardsbygning, som giver et merkelig og uventet gjenskin af renæssancens aand ogsaa paa norsk grund, men tilløb til en bevidst byggetradition, som landets fornemste adelsæt har søgt at skabe i pagt med europæisk tankegang.

Kong Kristian selv gik i spidsen med sine fire byer, Kristiania og Kristianssand, Kongsberg og Røros - og med en storartet nybygning af slottene Akershus og Baahus. Og adelen fulgte med i sin trang til at rive alt gammelt skrammel og reise sig herreboliger i den nye tids glansfulde stil.

Major C. S. Widerberg segjer um Schnitler sitt uppsett, at han «tviler paa, hvorvidt tegningen kan tilskrives Geelkerck». Han meiner dessutan, at sjølve teikningi (kortet) «med de projekterte befæstningværker (paa forskjellige steder til forsvar av havnen og opfarten til Skien) er det væsentlige, og at vedk. tegner saaledes, som det ofte brugtes - kun har villet fremhæve herregaarden fremfor den øvrige ble byggelse, og derfor til denne har anvendt en større og flottere signatur end, hvad der maaske stemte med de virkelige forhold. Det omhandde kart (over Skien med nærmeste omgivelser) er ca. 59 × 31 cm. stort, og tegningen av herregaarden (Gjemsø) blot ca. 2 × 1,7 i firkant».

Løvenskiold segjer, daa han skildrar «Huidesøe kirke» (Kviteseid kyrkja):
«Her ere to store Messing Lyse-Stager, paa enhver af dennem hænger en Plade hvorpaa findes disse Bogstaver O: G: og D: W som nok er Ove Gjedde og Frue Dorthe Urnes Navne. Han var den Tid forlenet Bradsbierg Amt». Riksadmiral Ove Gjedde til Tommerup d. 1661, er gravlagd i Roskilde domkyrkja. Paa kyrkjeveggen heng det 3 syrgjefanor fraa jordferdi hans.

I eit stykke «Lidt fra gamle dage» i Porsgrunns-bladet «Grenmar» 1906 hev Inga Friis ei skildring av ein fest paa Gimsøy kloster i 1775

«Paa Gjemsø Kloster boede dengang Kammerherre og Amtmand Fredrik Georg Adeler, der var, en Sønnesøns Søn af den berømte Admiral Cort Sivertsen Adeler.

F. G. Adeler var født i Danmark 1736 og var Søn af Stiftamtmand i Kristianssand, Geheimeraad Fredrik Adeler til Bratsberg, Gjemsø m. v. (d. 1766), der 1727 blev gift med Anna Beata Rosenkrants (d. 1777).

F. G. Adeler havde kun en Søn, og den var efter første Agteskab. Han hed Anton Beatus og var f. 18de Dec. 1767. Han havde titel af Kammerjunker og var gift med Mogensine Sophie Hall, f. Bentzen; (Datter af Borgermester i Skien Bernt Mogens Bentzen; hun var Enke efter Skibskaptein Hall.) Han døde 1843 i Oslo, hvorhen han flyttede i 1821. (Skibskaptein Hall og frue havde mange Børn og er Stamforældre til Stiftprovst Hall og Birger Hall.)

Gjemsø Kloster, der, blev kjøbt af gamle Admiralen Cort Adeler i 1666 og havde været i 5 Slegtled i den Adelerske Familie, tildels fra Fader til Søn - blev nu ved Testamente af F. G. Adeler, der bestemte, at Godset paa Grund af Sønnens Svaghed, skulde gaa over til Brodersønnen Baron Fredrik Adeler til Adelersborg i Danmark, mod, at Anton Beatus fik en aarlig Sum af 1200 Rd. til sit Underhold; senere førte dette til Proces efter Faderns Død i 1810, da Sønnen vilde bestride Testamentets Gyldighed, som dog i Realiteten ble opretholdt ved Stiftsoverrettens Dom 28/7 1817. Aaret efter indgik han nyt Forlig med Baronesse Adeler, hvorefter han fik 4000 Kr. aarlig og Bolig paa Gjemsø, hvor han kun boede i 3 aar. Hans store Bibliothek, blev delvis igjen paa Gjemsø og brændte 1885.8)

Efter Baron Fredrik Adelers Død i 1816 blev Godset overtaget af hans Enke, Baronesse Bertha Adeler f. Moltke, og i 1823 blev det kjøbt af Didrik v. Cappelen. Det var altsaa i den Adelerske sIægt i over 150 Aar.

Den 29de januar var det Kong Christians Fødselsdag, og denne Dag for 126 Aar siden blev feiret med en større Fest paa Gjemsø Kloster til Ære for Kongen og det kongelige Hus med efterfølgende skaaler, der blev udbragte med stor Høitidelighed.

For Kongen!
Vi ønske al Velsignelse!
Hans Veie blive Visdom og Fred,
hans Liv Lyksalighed.
Gid de trofaste norske Fjeld,
der sukker om sin Konges Vel
fra Himlen maa, det Gjensvar faa:
«Det Kongen, Landet vel maa gaa!»

Christian den 7de, der dengang var konge over: Norge og Danmark, var søn af Kong Fredrik den 5te.:

For Enkedronningen!
Kommer I nordiske Sønner og skuer,
En Juliane, vor Dronning, vor Ven,
Blussende udaf de helligste Luer.
Rørende Ønsker til Himmelen send:
«Gid hun velsignet af Forsynet maa,
Høieste Alder lyksalig opnaa!

Enkedronning Juliane Marie var Kongens Stedmoder og Kong Fredrik den 5tes anden Gemalinde.

For Kronprinsen!
Vores Kronprins Gud ledsage.
Paa de sande Dyders Spor;
At han daglig maa tiltage
Udi Visdom som i Aar.
Kongers Konge selv ham lære,
Riget vel at forestaa,
Saa at han, til Nordens Ære,
Kongers Mønster blive maa.

Kronprinsen var Søn af Christian den 7de og Dronning Caroline Mathilde. Han var, ved skaalen for ham paa Gjemsø, kun 7 gammel.

Det var ogso skaaltalur for arveprins Frederich til Norge og Danmark, født 1753; for prinsessorne, for kongens raad og for stridsmagti. «Disse skaaltaler er», segjer forf.,

«heftede i en ganske liten bog, hvis blade er næsten gulbrune af ælde. Blækket har holdt sig godt, og er endnu næsten sort, og skriften er sirlig skrevet med gammel norske bogstaver; gaasefjæren har været udmærket skaaret, det kan man se paa de snirklede bogstaver.

- Paa museet i Skien er opbevaret portfyldinger fra geheimeraad, stiftamtmand i Kristianssand Fredrik Adeler og hustru Anna Beata Rosenkrantz's tid, som har staat paa Gjemsø kloster. Portfyldingerne er af eketræ, af halvrund form og hver med et udskaaret vaaben, omgit af kraftig udskaaret løvverk.

Det ene vaaben er det Adelerske og det andet det Rosenkrantzske, og den ene portfylding er 134 cm. høi, og 268 cm. bred, den anden 98 cm. høi og 196 cm. bred.

Hovedbygningen (paa Gjemsø,) var tildels fra midten af 17de aarh. Før dens opførelse benyttede lensherrerne et gammelt bygningskompleks (4 huse omkring en borggard). Om udseendet og indredningen af denne Hs. Majestæts gaard og toldbod (ogsaa kaldet Søboden) faar man besked i en besigtigelssforretning af 1ste juli 1651, foretagen efter begjæring af den fratrædende lensherre Ove Gjedde.9). Paa Klosterøen fandtes dengang kun en lade og et, fæhus; men efterat en flom i 1653 havde beskaadiget og tildels ødelagt den gamle residens (Søboden), som ved en besigtigelse i 1655 befandtes desuden af tyve og onde mennesker slemmeligen spoleret og berøvet, opsatte Sivert Urne et «smukt lidet stuehus», stald til 6 heste og et stort ridehus. Dette var begyndeIsen til Gimsø's herregaardsmæssige bebyggelse. Ved udvidelse og til bygning af fløie i 1832 fik hovedbygningen det udseende, som, den havde ved branden i novbr. 1885. Denne opkom kl. 1 om natten; kun malerier, sølvtøi og porcellæn reddedes.

Støtten paa Gjemsø, (i anl. kronprins Fredrik, senere, kong Fredrik den 6tes besøk Skien) er reist af amtmand Fr. Adeler. Den har en muret kjerne, beklædt med marmorplader.

F. G. Adler døde ved et ulykkestilfælde. Han var nemlig 1ste novbr. 1810, buden i et større pølselag, hos proprietær Peder Haraldsen paa Sem og var saa uheldig paa hjemveien at vælte med sin af 4 heste trukne karet og døde deraf næste dag.

Nogle dage efter ringet da klokkerne over den sidste «klosterherre» stend, det i ei bok um det gamle Skien. «Han blev likesom moderen og hans 2den hustru bisat ved Solum kirke, hvis bygning han hadde bekostet allerede i 1766, da han tiltraadte sit amtmandsembede. Kisteplaten over «Den Høyyelbaarne Her Friederich, Georg de Adeler, Stiftsbefalingsmand, Kammetherre, Ridder af Dannebrogen, Stor Kors og Herre til Gjemsø Kloster, Medlem af Wiidenskabernes Selskab i Tronhiem» er nu likesom hans moders i fylkesmuseet.» (Skien).

*

Paa den viddi, Norig no hev, var det fyrr reformationen 25 klostr. Dei var som fyrr er nemnd, rike. Lyse kloster sitt jordgods gjekk til dømes jamvel yver det, som no Iigg til ættegodset Rosendal i Hardangerfjorden. Korleis det hev gjenge med fleire av dei norske klostri, kann ein sjaa av det, som no kjem:

I 1578 førde dei bygningsstein til Kronborg slott ifraa Lyse kloster, og i 1642 braut dei ut steinar av bygningarne paa Selja og Lyse, og saga og hogg dei til. Vinningi av dette, 518 veggsteinar (firkant-steinar av kleber), tok dei inn aaret etter i eit kongs-skip og førde til Køpenhamn. Norlands jegtir, som siglde framum Selja, skal dessutan ha havt for skikk aa stein-raa seg ifraa attr-stødorne av klostret, naar dei trengde ballast. Det kann dertil nemnest, at attr-stødorne av St. Hans elder Jonsklostret i Bergen (som brann ned i 1561 med ein part av byen fraa Muren til raadstova) vart herja av borgarane. Dei laga skorsteinar av marmor-blokkorne, og klostertaarnet vart seinare brukt til brandvakt m. m. I 1578 braut 20-30 bønder stein paa Lungegarden ved Bergen etter rettleiding av kongen sin steinhoggar Herman Gerritz. Steinarne skulle til Danmark. Venteleg høyrer dei steinar, som i 1828 vart funne i Nygardsstraumen, ved utlaupet av Store-Lungegards-vatnet, til der, som den tid vart brote ut av Nunneseter kloster. Det var murkransar (listor), sulehovud, pilarstykke og anna av tilhoggen veggstein.

AIle dei norske klostr Iaag anten paa øyar elder paa fastlandet nære havstrandi. Talet paa munkar elder nunnor i klostri vaare trur dei vanleg var 12. Ein ser, at det er nemnd upp til 85, men det er eit av undantaki. I Nunneseter i Bergen kann ein sjaa at det i 1320 var 35 nunnor av Cisterciensar-ordenen. Eit er visst, og det er, at talet paa dei personar, som budde innanfor kloster-murarne, maa ha vore stort. Det hev soleis vore turvande aa ha vidsveimde bygningar.

Klosterbygningarne forma eit romlegt, firkanta tun. Det var gjerne steinlagd med flate hellor og hadde lauvtre i kring um og dessutan ein brunn midt i. Tunet var vanleg umlag 30 alen i firkant. So framt kyrkja og dei andre klosterbygningarne (daglegstova, matstova, sengjerom. o.s.b) ikkje heilt kringsette tunet, var dette havt att med ein mur elder eit høgt plankeverk. Ved alle klostri vaare, eldre enn umkr. 1240, soleis Gimsøy, hev sjølve klosterbygningarne, so vidt ein kann sjaa, fraa fyrst'en og stundom ogso seinare vore av tre. Utanfor klostret, mot sud og aust var gjerne klosterhagen. Dei fyrste munkar, som kom hit til landet, kann me takka for det, at hagedyrkingi tok til. Riss av eit norskt kloster.

Sjaa utgreidingi paa næste sida10)

  1. Klosterkirken. 1. Koret med høialteret (6) foran et meget stort vindue. 2. Det nordre sidekael, hvori en huggen stengrav (3) og udangen til kirkegaarden. 4. Det søndre sidekapel, med udgang til gaardsrummet. 5. Et smalt rum med 2 vinduer.
  2. Klostret11) 1. og 2. sidebygninger, i ydre anordning svarende til kirkens kapeller. 3 Hovedindgangen til det indre gaardsrum, hvori (4) en brønd med omgivelser av huggen Sten.

Medan hagar var uvanlege hjaa dei verdslege godseigarar, fann ein ved alle klostr iminsto ein hage, ofte fleire, som vart dyrka med stor traatt. Med sjeldsynt ihuge og herdigskap førde munkarne heim ifraa utlandet frukttre, røter, urter og blomar for aa prøva deim i norsk jord. Hagarne aat Lysekloster, Halsnøy, Utstein, Gimsøy, Verne og Dragsmark er enno til og velvyrde, segjer Lange (i 1847), og med umsyn til Gimsøy kann ein trygt segja, at desse ordi høver paa tilstandet heilt fram til vaare dagar.

C. W. Schnitler segjer: «Norske haver i gammel og ny tid» um hagen paa Gimsøy:

«Fabriklivet har nu næsten fuldstændig opslukt den dengang fredlyste ø ved Skien, hvor Gimsø rike og ansete bediktinerkloster blev grundet. ca. 1110. Bare navnet er igjen. Utvilsomt har et kloster saa formuende som dette og under saa gunstige naturforhold hat ialfald frugt- og nyttehaver. Det er neppe tvilsomt, at Gimsø hovedgaards store haveanlæg i 18de og 19de aarh. bare har været en avslutning paa en kulturtradition, som har levet videre, da godset op igjennem 16de og 17de aarh. dels var avlsgaard under lensresidensen paa Bratsberg, dels selv var lensherrens sæte. Den betydeligste have paa disse kanter var utvilsomt Gimsøy klosters. Den er kaldt «distriktets moderhave» med tradition siden middelalderen. «Anlæggene bugnet av frugttrær og skjønne lindeplantninger» heter det. Der tales om «det av sin Beliggenhed saa fortryllende Gjemsø Kloster, hvis skiønne Bygninger prale paa en Høi, og hvis smukt anlagte Hauge nedgaaer til Vandet i Terasser.» Haven bredte sig paa kammerherre F. G. Adelers tid 1766-1810 over hele den ene spids av øen, fra fossen til Gjellevandet, og omfattet ca. 50 maal.

Herlig maa ogsaa beliggenheten ha været med gaarden paa det høieste punkt av øen og haven skraanende paa tre sider, omflytt av stille vand og fosser og med utsigt til Telemarkens skogaaser og vasdrag.

I 1820 prises

«Det skjønne Sted, hvor blidt og tryllende
Afvekslende Naturen yndig smiler,
Hvor Fossens Fald og Elvens stride Løb
Og frugtbar Dal og granbevokste Fjeld
Og skyggefulde Lund og kunstig Hauge
I skjønnest Pespectiv sig sammenblande».

Ved ombygningen 1832 fik Gjemsø - da i slegten Cappelens eie - sit moderne empirepræg med søileportikus i to stokverk, som det hadde indtil branden 1885. Endnu mindes mange den fordums skjønhet, især av terasserne foran hovedbygningens søileveranda og skraaningen ned mot det idylliske badehus».

Ved klostri paa Hovudøyi ved Oslo og Tuterøyi i Trondheimsfjorden er vel hagarne no burte, men paa baae stader finn ein enno i mengdevis med ville urter og blomar, som elles berre trivst i hagarne, liksom floraen paa Hovudøyi skal vera uvanleg rik.

Ogso bie-al dreiv del paa med i klostri. Honningen bruka dei til mjøden og vokset til kyrkjeljos.

Bugarden elder laaven og dei andre uthusi laag utanfor klostermurarne.

Prost Andreas Aamot, Hammerfest, vitja i 1912 klostret Maria Laach (Mariasjø kloster) i Tyskland. Det er grunnlagd umkr. 1120. Han segjer millom anna i ei skildring:12)

«Her i klostret fik jeg tid til at gruble over et spørsmaal, som har sysselsat mig baade før og siden: Mon ikke protestantismen har gjort synd mot sig selv ved at avskaffe og utslette klostrene? Kunde ikke vor norske kirke ønske, at den eiet nogen anstalter som f eks. klostret Maria Laach? Var det nogen værdifuld «reformation» at la de store klostergodser gaa fra kirken og over i danske adelsmænds hænder? End om vi idag hadde hat nogen av vore gamle herlige klostre, som nu ligger i grus! Som rekreationshjem for slitte Herrens tjenere, som stille tilflugtssteder for vordende Herrens tjenere. Som asyler for forpinte og nervøse mennesker, bedre end alle de sindsykepaladser, hvori de nu sammenstuves. Det maatte dog ha kunnet gaa an at beholde klostrene og det broderlige samliv uten netop at forpligte beboerne til at være ugift? At vi savner noget i den retning, viser Christopher Bruuns gave til norske teologer: et sanatorium med kombination av kropslig arbeide og studium. - -»

Med umsyn til bygnings-kunsti her i landet so hev munkarne havt uvanleg stor innverknad. Det var engelske byggmeistrar, som sette upp dei eldste norske steinkyrkjor. Det er vanleg godkjend, at reformationen, just ved sin protestantisme, hev verka skadeleg paa byggjemaaten i det heile og serleg den kyrkjelege. Likeins var det kyrkjorne og klostri som gjorde, at maalarkunsti og bilæthoggar-kunsti fekk inngang i landet. l dei gamle kloster stod mykje slags kunstarbeid svært høgt. I irske kloster tok nunnorna i 19ae h. aa. til aa dra fram att desse gamle mynster. Serleg tok dei mykje paa med hekling.

Ein hev ikkje funne, at abbedissorne bruka tillegget «av Guds naade» i tittelen sin, slik som abbedarne, daa dei vanleg berre skreiv seg: syster N. N., abbedissa. Men andre kalla deim, ettersom dei hadde vore gifte elder ei, frue elder jomfru, ein heidrstittel, dei soleis i den tidi hadde ilag med dronninger og kongsdøtter.

Gimsøy kloster sitt segl - eit krucifiks - (bilæte fremst i boki) hang ved eit skinnbrev, dagsett 21. apr. 1514. Dette brevet var um den handelen (fyrr nemnd her i boki) som den siste abbedissa i Gimsøy, Margrete Amundsdotter, fekk istand. Ho selde daa halve Jonsgarden i Skien.

Millom skikkar kann nemnest, at nunnorne ved ein av dei norske ordnar hadde 5 raude flekkar elder bloddropar paa hovudbandet som merke paa Kristi liding. Til minne um dauden skulde ei likkista stødt staa ved kyrkjedøri og ei grav vera opi. Dit skulde abbedissa og alle systerne dagleg gaa i festgonga, halda bøn der og kasta ein neve ned jord ned i gravi.

Den tridubbelte klosterlovnad var «armod, reinleik og lydnad.» Men armodslovnaden galdt berre heiltupp for den einskilde munk eller nunnna. For kostri som slike var det tri gradar av armod: 1. «Den høge armod», som gav klostri som sovorne lov til aa ha baade fast eigedom og lausøyre, 2. den «høgare armod», som berre gav lov til aa eiga løysøyre og 3. «den høgste armod», som ikke gav lov til aa ha nokon eigedom. Benediktinar-ordnen som Gimsøy nunne-kloster høyrde til, vedkjendest «den høge armod». Stjorn og styre av det verdslege gods, som klostri etterkvart fekk tak i, lagg til «abbedissa og konventet hennar». Det vil segja: dei meinige nunnor og forsamlingi (abbedissa og nunnorne ihop) var det, dei kalla klostret sitt kapitel.

Idag hev Benediktinar-ordnen (den kvendelege grein), som Gimsøy nunnekloster høyrde til: i Austrrike 17 klostr, i Bayern 2, Hohenzolleren 1, Belgia 7, Schweiz 8, England 8, Italia 134, Frankrike 44, Nord-Amerika 16 store og 33 smaa, Australia 7.

Daudedagen aat grunnleggjaren av ordenen (Benedict av Nursia) er den 21de mars. Det er ein festdag i den katolske kyrkja, og dei brukar daa denne bøni paa latin:

Intercessio nos, quaesumus Domine, beati Benedicti abbatis commendet, ut quod nostris meritis non valemus, ejus patrocinio assequamur. Per Dominum nostrum Jesum Christum Filium tuum, qui tecum vivit et regn at in unitate Spiritus Sancti Deus per omni a saecula saecolorum. Amen.

Umsett: Maa me ved den heilage Benedict si fyrebøn verta yvergjevne til Din naade, o Gud, so me ved fyrebøni hans naar det, som me ved vaare eigne godverk ikkje kann naa, ved vaar Herre Jesus Kristus, sonen, som med deg liver og regjerar saman med Gud den hellage Ande fraa ævelengd til ævelengd. Amen.

Betaling for gravstad, i klosterkyrkja elder paa kyrkjegarden aat klostret kasta mykje av seg, og hadde det nøgjaste samband med sjælemessorne. Slik hyllest, som klostri hadde, og den framifraa heilagskap, dei gav deim, gjorde, at mange tykte betre um ei klosterkyrkja som kvilestad framfor deira eigne sognekyrkja, som var mindre vyrd.

I 1381 til dømes gav Svein Botolfssøn landskyldi av garden Strand Ryfylke, «17 Iøber», til Munkeliv kloster for kona Elin si sjæl, for gravstaden hennar i klostret, og utferd (jordfesting). I 1349 gjorde Ingeborg Munansdotter avtala med Munkeliv um 30 sjælemessor for ei blaa silkekappa (motull) og eit gullsauma skaut til aa ha «yver Vaarherre sin likam». Hertug-frue Ingeborg fastsette i gaavebrevet sitt i 1352 til Hovudøy kloster millom anna, at paa daudedagen hennar skulde dei ofra ½ mark (til dei fatige?) paa den altaren, ho hadde gjeve til klosterkyrkja, og brenna eit voksljos paa ½ lispund (dvs: 8 skaalpund), dessutan skulde munkarne ha ei tunna med øl. Dei rike, som ynskte, at so mange kyrkjor og klostr, som raad var, skulde faa sin part av den vinningi, som fylgde med jordferderne, og samstundes vilde koma vyrdelegt og staselegt i jordi, dei fastsette sumetider, at dei skulde bera liket deira, fraa den eine kyrkja til hi, fyrr enn det kom til siste kvilestaden sin.

Eit serskild slag av sjælemessor kom upp ved det, at klostr av same orden vart samde um gjensidug aa minnest deim, som var avlidne i klostri. Ei sovori avtala vart gjort umkr. 1443 millom Gimsøy kloster og Nunneseter i Oslo. Dei lova kvarandre, at dei skulde minnest i bønerne sine og halda messor yver dei nunnor, som var avlidne i dei tvo klostri.

Bispar og abbetar fekk «gravkalkar» med seg i kista. Dei var gjerne av bly elder ogso av anna ugjævt metal, og det var alltid endefram arbeid, utan prydnad.

Sedløysa og fyll var det ikkje lite av i klostri. l slutten av det 15de hundradaaret vart soleis mange nunnor ved Nunneseter kloster i Bergen jaga ut for lauslivnad. Og at det hev vore mykje drukkenskap i klostri; kann ein sjaa av kjedeskriftirne. Munkarne sine velgjerarar hjelpte sjølv til i so maate ved det, at dei gav ein summ, som klostret ein viss dag aarleg kunde faa seg ein lystig kveld for, naar sjælemessa var fraa-seg-gjord. (Fyrr er nemnd, at hertug frue Ingeborg fastsette i gaavebrevet sitt, at munkarne paa daudedagen hennar skulde ha ei tunna med øl til hennar aaminning).

Drikk millom presteskapet kann ein sjaa, at det hev vore sers mykje av. Eit merkelegt døme i so maate gjev ei uppskrift fra umkr. 1320 yver det, som prestarne i Sunnfjord og Sogn skulde ha forraad paa, naar bispen og fylgjet hans kom paa visitasreis. (Prenta i Munch si utgaava av Bjørgynjar KaIfskinn). I denne uppskrifti er det, til dømes fastsett, at bispen sitt tilhald paa Askevoll skulde vara i 3 næter (d. e. døgr), og til det skulde tvo prestar faa til 3 tunnor med øl og ½ lest (6 tunnor) munngodt elder tunnt-øl kvar. Dessutan «½ tønde viin begge.» 3 andre skuldi yta til gjestehaldet 2 tunnor øl og 4 tunnor Munngodt kvar, dertil ½ tunna med vin i hop; dessutan, brød og stabburs-kost (budarvørd) og krydd (spis), som høvde til drykken. Likevel soleis, at det vert i minsto eit (bismar) pund bakstr-brød til kvar dag umfram kveitebrød (flur). Likeeins er forskriftirne for dei andre prestegardar, som bispen vitja. Jamvel um ein meiner, at alle desse drikkande varor ikkje vart bruka upp medsame, men helst var eit regulativ, og at bispen etter det fekk gjestehaldet til deils i pengar, er det likevel eit merelegt mishøve millom drykk og mat.

I det 16de og 17de hundradaaret rekna dei minst 6 liter øl um dagen til kvart vaksent menneskje. Fru Gunhild paa Stockholms slott til dømes skal ein dag ha drukke 27½ liter øl. Kong Johan d. 3dje og dronningi hans drakk, heiter det, kvar dag 14 liter vin ihop.

Som ein veit, dreiv dei mykje paa med avskriving i klostri; retteleg bokskrivaryrke var det mindre av. Klosterbrevi sermerkjer seg i det i det heile ved ei væn og tydeleg skrift. Jesuit-kollegeiet i Antwerpen aatte i si tid ei salmebok, som var skrivi av ei Birgittinarnunna i Munkliv kloster i Bergen. Boki hadde m. a. desse etterordi med raude bokstavar: «Ego Birgitta filia Sighfusi, soror conventualis in monasterio Munkalyf prope Bergas - -» o. s. b. Her hev me daa ei norsk nunna, som hev skyna latin, segjer C. Lange. Munkarne i Norig hev, legg han til, likeins som i utlandet synt seg som trottuge avskrivarar, og me skyldar deim takk og æra for bokheimen i millom-aldren, som utan deim venteleg heilt vilde ha kome burt. Ein ser, at stundom vart avskriving paalagd klosterfoIket som bot for ustell.

Svartedauden gjorde, at klostri vart lite elder inkje søkte, for det var ingen, som tenkte paa aa gaa i kloster under sovorne tilstand. Det beste døme paa dette er Munkeliv. Der var det i fyrstningi av det 15de hundradaaret berre tvo utlivde munkar, som hadde innkoma av 3-400 gardar aa byta imillom seg.

At dei var harde imot kvarandre, daa reformationen vart innførd, er ei velkjend sak. Handskriftirne fraa klostri vart soleis i haugetal kasta paa varmen som pavelyndt avgudsdyrking. Men verre enn her i landet kann ein sjaa, at dei for fram paa Island. Dette dømet, som ikkje gjeld dei gamle verdifulle handskriftir, er so avstyggjelegt, at naar ein les um det, skynar ein til fullnads, kor stort hatet var. Daa Christian III vilde føra inn reformationen paa øyi i 1550, vart den nye bispen sett i fengsel og svelta til skinn og bein av den katolske. Men daa dei etterpaa avretta honom, vart rettaren av almugen lynsja med gloande bly i strupen. Og kongen sin utsending tok dei til slutt og skar seinvorent galsen av paa med skaalbrott!!

For nokre aar sidan fann dei i det norske riks-arkive millom anna ein song (antifone) fraa det 10. hundradaaret (Olav Trygvason si tid)

[Det stykket med toneskrift, som stend nedst paa det handskrivne pergament-bladet, (sjaa sida framanfor) hev Reiss lese slik:

Antifone fraa det 10de hundradaaret

Accipite jocunditateffi.
glorie vestre, - Alleluja!
gratias agentes deo, Alleluja!
qui vos ad celestia regna vocavit. - Alleluja!

Umsett:
Mottak dykkar æra sin hugnad, -
etter di de takkar Gud,
som kalla dykk til sitt himmelske kongedøme

Reiss segjer i skrifti si um denne gamle songen:

«Antifonen har ligget om regnskaper fra Telemarken, Bamle og Vembe fra aarene 1619-1624 og er da antagelig ekspederet til Kjøbenhavn fra lensherren i Bratsberg og Vembe. (At blade fra samme codex har været benyttet ved regnskaper baade fra Telemarken (Bamle) og fra det i Smaalenene liggende Vembe skibrede, finder sin forklaring i, at Alexander Rabe v. Pappenheim, som fra 1613-1631, var lensmand for Vembe skibrede, i tiden 1609-1620 ogsaa var lensherre i Bratsberg og Gimsø kloster.) Haandskriftet har formentlig tilhørt en av de eldste kirker i den landsdel.

Efter Norges adskillelse fra Danmark i 1814 blev størsteparten av de norske regnskaper, med sine skindbind, ført tilbage til Norge og anbragt i riksarkivet, hvor pergamenterne efterhaanden er blit løsnet fra sit indhold. For hin forstaaelsesløse tid havde de flere aarhundreder gamle pergament-folianter fra den katolske middelalder intet værd; meget mere ansaa man det vel som en fortjeneste at ødelægge, hvad der mindede om papismens dage.

Ødelæggelsen maa have fundet sted paa lensherrernes kontorer. Men praktisk sans havde den tids mennesker ialfald. De solide bøkers sterke skindblade fandtes fortrinlige til bind om regnskaper; mange blade blev ogsaa skaaret op i strimler til rygbind eller i smaa stykker til merkelapper. Pergamenterne i riksarkivet fylder nu 30 store æsker i folio samt to større mapper (mere end 2300 fragmenter). Vistnok maa man gaa ut fra, at en del av, hvad vi der har opbevaret, ikke er skrevet her hjemme, men er hjemført. Men at meget, kanske det aller meste er nedskrevet i norske klostre, maa vi vel kunne forudsætte. Thi ogsaa i vort land, var avskrivning og videnskabeligt arbeide vanlige sysler i klostrene. Men hvordan det nu end forholder sig hensyn til spørsmaalet om, hvorfra vore musikhaandskrifter er kommet, saa: maa vi dog paa den anden side antage som sikkert, at hvad vi (i riksarkivet) eier av musik, har været sunget i middelalderens norske kirker. Antifonen (fra det 10de aarh.) har været sunget av koret «til indgang», d. e. som indledende messing. Den blev anvendt tirsdag efter pinse.

Sangen er altsaa fra tiden før kristendommens indførelse i Norge. Vi kan tænke os, at hin codex13), hvor den nu end maatte være tilblevet, er forsynet med neumer (notetegn) i England og at Olav Trygvasons engelske geistlige har havt bogen med til Norge. Af en og samme codex findes 4 hele og et halvt blad samt 2 mindre stykker, der imidlertid har ringe værdi, da de er skaatet itu ovenfra og nedad, hvorved indholdet, blir usammenhængend. Det har været en codex i folio og har været af betydeligt omfang, et af bladene, bærer saaledes romertal 210. Det er trist at se, hvorledes et saa ærværdigt mindesmerke fra middelalderen har kunnet ødelægges i den grad».

Løvenskiold nemner av lens- og amtsmenner i Bratsberg:

1605 Hans Biler til Giedskoug, 1614 Alexander Rabe von Poppenheim til Lieberau. 1624 Ove Giedde til Tømmerup. 1627 Ejlert Urne til Gundersholm. 1642 atter Ove Giedde. 1658 Jørgen Bielke til Hofhusholm. 1663 Jens Friderich Marskat til Hotlov. 1672 Preben von Ahnen tiI Fosnes.14) 1675 Niels Sørensen Adeler 1692 Henrich Adeler. 1720 Jacob Lindberg. 1724 Michel Steum. 1717 Christian Berg 1731 Henrich Esseman. 1744 Johan Friderich Løvenhielm. 1764 Kammer- Georg Friderich Adeler. 1771 Holm 1773 Atter Kammer-Herre Georg Friderich Adeler. 1781 Kammer-Herre Friderich von Moltke.

«I 1650 kom den nye lensherre til Bratsberg, Sivert Urne, og begyndelsen saa ikke god ud; thi 16 mand i Bamle blev dømt til at bøde hver 1 mark sølv, «da de ikke kom at ro strænge og velbaarne Ziffuert Urnes jacht den tid, hans strænghed kom hidop» 8 mand, dels fra Eidanger, dels fra Gjerpen, som efter tilsigelse ikke mødte paa Bratsberg til uIvejagt, maatte efter den strænge lensherres befaling erlægge hver en rdl. Efter Sivert Urne kom Henning Valkendorf til Glorup hid som lensherre. Efter Valkendorf kom Jørgen Bjelke, der blev Bratsbergs sidste lensmand og dets første amtmand.»
(Qvisling: Gjerpens Prestegj. Hist. )

B. H. von Løvenskiold skriv i skildringi si «Bratsberg amt» (prenta 1784):

«Man finder - - - den, 24. Decbr. 1602: At Hans Biler nævnes som Lehnsmand over Bradsbierg Gaard etc. Ligesaa at da indrentede Bradsbierg Jordebog til Kong Christian den 4de aarlig 481½ Daler, og Giemsø-Closter Jordebog aarlig til Kongen 503 Daler.» - - «Da galt 1 Rdr: kuns, 80 sz., som 1622. bleve forhøyede til 96 sz».

Det heiter, at Bratsberg med skogen og Follestad nordre høyrde som «adelig sædegaard» til geheimeraad Adeler i 1723.

Det er nemnd i «den raude boki», at Bratsberg gard høyrde til Gimsøy kloster i 1398. Um dette skriv adjunkt, Jonas Hanssen: «Paa hvilken maade klostret har gjort denne erhvervelse, berettes ikke, men vi kjender to anledninger, ved hvilke det passende kunde ske. Den ene er, at Gregorius Dagssøn blev begravet i klostret, idet ved en saadan begravelse arvingerne altid skjænkede betydeligt jordegods som sjælegaver for den afdøde, og heriblandt kan Bratsberg have været. Den anden er, at Gregorius Dagssøn søster Begeda, der ved denne leilighed næves som klostres abbedisse, etter slægtens uddøen paa mandssiden har arvet Bratsberg, og at gaarden saa er gaaet over til klostret som hendes arvtager».

*

Professor Alexander Bugge segjer i ei utgreiding «Et ukjendt kloster nordenfjelds» (i Hist. Tidsskrift):, «Der fandtes faa kIostre i Norge i middelalderen, og disses historie er saa lidet kjendt, at alle nye bidrag til vor klosterhistorie tør have sin interesse».

I «Topograf. Medd. fra Skien og Omegn i Middelalderen» av Jonas Hanssen heiter det:

«Til klostret hørte i middelalderen de to mindre øer Øen og Eid, men efter reformationen finder vi ogsaa stranden om den inderste bugt af HjeIdevandet tillagt klostret, nemlig DøIeviken (den vik, hvor dølerne lægger i land) der i middelaIderen regnedes til Skien og ifølge «Den røde Bog» tilhørte Solum Kirke. Dette staar vistnok i forbindelse med den her paa stedet i det 16de aarh. opblomstrende sagbruksbedrift hvori kongerne var foregangsmænd og ivrige deltagere.

Hakasteins og Skiens kirker laa ved hver sin ende av et overfartssted, som i vaar- og høstflomme skulde være vanskeligt, ja farligt at befare, og hvor derfor den fromme katolik vilde føle sig sterkt opfordret til at gi løfte til helgener for en heldig overfart. Heri har da baade presten i Gjerpen og Gimsø kloster spekuleret, den første ved at oprette en annekskirke i Skien, den sidste ved Hakasteins kirke. Lignende aarsager har naturligvis det beneficium, som erkebispen skjænket Skiens kirke i 1297 havt, og det er især bemærkelsesverdigt, at beneficiet blev skjænket ikke hovedkirken, men annekskirken, naturligvis, fordi denne havde en fordelagtigere beliggenhed for øiemedet.

Hakasteins kirke (ca. 1000 meter vestenfor klostret) nævnes i indberetningen om en drabssag dat. Skien 23. aug. 1354. Der heder det: Tog jeg da Thorbjørns Vigysningsvidner, som heder Gunni Thorbjørnsen og Geirlaug Sveinsdatter, som svore paa Bogen, at de var tilstede, ved Hakasteins kirke, som ligger til Gjemsø kloster, da Thorbjørn lyste Drabet paa sig inden tolv Timer efterat det havde fundet sted. - - -

Selve klosterbygningerne antages at ha ligget paa det høieste punkt av øen, der hvor nu gaarden Bellevue ligger. Da i 1723 den daværende eier, kammerherre Adeler, lod utplanere gaardsrummet i den da gjenopførte gaard, saa stødte man i grunden paa nogle svære grundmure. En af klosterbygningerne Iaa uden tvil der, hvor i vor tid gaardspladsen har ligget. Dette har nok været kirken.

Af bygninger i Gimsøy kloster nævnes et par gange «austargardstofan»; angaaende denne og en anden gaard sees forretninger at være afgjorte med Gaute Erikssøn, saa den «stofva», som Gaute Erikssøn havde i Gimsø 1409, vistnok maa ha ligget i samme gaard. «Austargardr» maa ha ligget der, hvor Toldboden eller «Søboden» var, og som laa sydligst paa Eid ligeoverfor gaarden Sundin i Skien, hvis navn tyder paa, at herfra har været overfartsstedet til Gimsø. At gaarden ikke ligger paa selve Gimsø kan neppe vække betænkelighed, da det altid heder i Gimsey, hvilket betyder, at stedet har ligget paa klostrets eiendom, medens det maatte hedt à Gimsey, hvis det skulde været selve øen, paa same maade som det heder à Gerpinni om Gjerpen gaard, men j Gerpinni om sognet. Gaarden laa i alfald fortrinligt til sit øiensynlige øiemed, at vedligeholde forbindelsen med udenverdenen uden at genere nonnernes isolation.

Et minde om kobberverket paa Gimsø er det at dens vestlige strand endnu kaldes Kullebund.

I 1497 tilbyttet klostret sig gaarden Hellestvedt ved Bolvigsfjorden i Bamle med laksefiske i alle aaer undtagen Herrekvern og Frelstedbullet, samt aalefisket. Af lensregnskabet for 1585 sees Tørke laksefiskeri i Sannikedal at have tilhørt klostret».

Forf. Løvenskiold nemner, at gardarne Herre, Hellestvedt og Ravnes i Bamle sokn eingong laag til Gimsøy kloster. Det heiter, at dei «ved Closterets Reduction kom under Kronen og af Kong Friderich den Tredie (blev) solgt til Admiral Bielke». - Løvenskiold segjer ogso: «Ved Pladsen Tindesæt haver Tindsøe sit Udløb i et bredt Vand Tuidalen og falder siden i Hitterdals-Vandet, hvor passerer Giemsø kIoster Brug, Kron-Bruget kaldet».

Den tyske geolog Leopold von Buch segjer i ei reiseskildring fraa Norig i aari 1806 og 1807:

«I mørkningen kom vi ud fra disse aaser15) ned til Skiensfjordens store dalføre, til Porsgrund. Store, gilde huse, som tydede ikke bare paa velstand, men rigdom, i en lang række, vel paa en halv mil, som levende mindede os om Elberfeldt.

Ogsaa paa den anden side af fjorden, som her bare er en elv, ligger et lignende sted, Vestre Porsgrund, tættere bygget og mindre vakker. Oppe paa høiden langs den vakre dal fører en god vei til Skien, endnu en halv mil videre, og saa brat ned i den mellem bakkerne, haugerne og elven trangt indeklemte by. Vi kjørte over en uendelig lang træbro over brusende fossefald, forbi utallige sagbrug, og saa igjen gjennem trange gader, til vi naaede Gjemsø Kloster, kammerherre Adlers herresæde, hvem næsten hele dette strøg er underlagt. Skien er en liden by, men et godt levested, med 1805 indbyggere. - - -

Ogsaa med hensyn til naturherligheder hører dette strøg til de første i Norge, et heldigt veirlag og romantisk omegn med sjøer, elve, dale og fjelde, Gjemsø kloster paa en ø i elven midt imellem durende fosser, bakker rundt om og skibe nede paa fjorden. Det brede, livlige, dalføre nedover mod Porsgrund synes snarere at skulle ligge i Sydtyskland end i hjertet af Norge, og dog bare nogle mil opover Norsjø, saa har vi det altsammen igjen, høie, vilde fjelde, alt det mægtige og storslagne, som i hele Europa Norge alene har at fremvise. Bare med italienske landskaber skulde disse strøg aldrig sammenlignes».16)


«Billedet av Skien i 1822 viser Gjemsø med den fløibygning, hvori den sidste ætling i mandslinjen av Adelerne i Norge boede fra 1810 til 1821. Søilefronten, som gav bygningen et paladslignende udseende, fandtes ikke i Adelernes tid. Den blev tilsat av en ny eier, Hans Blom Cappelen, som overtok den efter sin fader Eidsvoldsmanden Didrik v. Cappelen i 1828.17)

*

Strakst utanfyre Skien, ved Bratsberg gaard paa «Kapitelberget», dei kallar, er det attrstødor av eit kapell elder ei kyrkja. Dei laag breidd attyver med grus til 1783 og er venteleg ifraa midten av det 12te hundradaaret.

Kyrkja er tolleg stor, 24 m. el. umlag 75 fot lang og er etter maaten breid. Murverket er av uvanleg stor romvidd, burtimot 8 fot tjukt. Murarne mot vest er 2,3 alen høge og mot aust 6,7 alen, bygt av helder smaae og raatt hogne steinar av det slaget, ein finn langs med Skiens-elvi. Paa den vestre muren er det ei runeinnskrift, 8 runestavar. Professor Bugge meinte, at innskrifti venteleg var eldre enn det 14de hundradaaret. Dei trur helst, at kyrkja elder kapellet er ifraa 1105 og bygt av Dag Eilifsson, etter det toget han, gjorde til Irland med Magnus Berrfot. Kong Eystein fall i 1156 yver Gregorius Dagsson paa Bratsberg og brende ned husi paa garden, medan Gregorius med 90 mann kom seg undan yver Telemarki til Hardanger. Kann henda kyrkja ogso daa vart brend.

Adjunkt Jonas Hanssen, som hev skrive, so mykje forvitnelegt um gamle Skiens minne, hev ogso kome med ei utgreiding um denne attrstøda.19) Han trur Gimsøy kloster hev aatt og brukt kyrkja paa Kapitelberget i millomaldren, og at det var reformationen, som gjorde, at dei slutta med messorne der likeins som i alle klosterkyrkjor og i mange andre. Han meiner, at kyrkja er bygt av Dag Eilifsson umkr. aar 1111, men berre som eit kapell, som var so stort som austre halvparten av ruinen. Dag Eilifsson var, sejger han, etter det me veit, den fyrste nordmann, som kalla sonen sin upp etter eit katolskt heilagmenne, han let dotter si verta nunna og bygde Gimsøy kloster. At ein slik mann vilde ha eit gudshus paa hovdingsætet sitt, er sjølvsagt. Venteleg hev Dag umlag samstundes sett seg fyre aa byggja ei kyrkja paa Bratsberg og paa Gimsøy kloster.

Segni kallar ikkje attr-støda for «Bratsberg kapell», men «kyrkja paa Kapitelberget», og det heiter, at ho hev høyrd til Gimsøy kloster. Høgt yver elvi fraa Klosterøyi og beint upp til Kapitelberget gjekk det ei bru, «Høienloftsbro», og paa den ferdast nunnorne att og fram millom klostret og kyrkja. Midt paa denne brui møttest Axel Thordsøn og «Skjøn Valborg», daa linklædet vart skore av millom deim, og «Skjøn Valborg» vart nunna i Gimsøy kloster og er gravlagd der. Dei hev tilmed trutt, at dei kunde syna merke etter fortøyningarne til brui paa Kapitelberget. Andre talar um ein underjordisk gang under vatnet millom klostret og kyrkja.

Dei hev sett upp eit gjerde kring um attstødorne. Fraa Kapitelberget er det eit vænt utsyn yver Skien og umlandet.

Til ruinen kann ein gaa paa eit korters tid ifraa Skien.

Den fyrste forf. som nemner denne attrstøda, er Peder Claussøn, som vitja Skien i 1576. Han segjer i «Norges Beskrivelse» m. a.: «- - - den navnkundike Residentze Bratsberg Gaard, hvorpaa en førstelig Person ved Nafn Gregorius Dagsøn fordum residerit, oc havt sit eget Capele, der strax hos paa en Høy, hvis Mure endnu er tilsiune.» Etter di attrstøda ikkje er nemnd i 1732, daa sokneprest Hesselberg skreiv «Skiens kirkes kaldsbog», maa ho den tid ha vore tilgrodd og gløymd. Det var ho iallfall i 1783, for daa kom dei etter ruinen aanyo. Um dette skriv Bartholomæus Løvenskiold m. a. i «Bratsberg Amts Beskrivelse», som kom ut snart etter:

«Udenfor Scheens Bye opdagedes i December 1783 Levninger af en ældgammel Kirke lige overfor Bratsberg Gaard og østenfor Scheen paa et Jorde, der altid, uden at vide hvorfor er kaldet Capel-Jordet. Til at befordre Veje-Arbeidet med Steen-og Gruus dertil at henføre, henvendte man sig til dette Bierg, og efterat have borttaget den yderste Jordskorpe, antraf de først løse Graae-Steen, dels af Naturen kandtede, dels virkeligen tilhugne, iblandt hvilke var endel Kalk, som de udførte, paa Veyene, og ved dette Arbejdes Fortsættelse er nesten den hele Nordre Side af denne ældgamle Kirkes Mure blottet, som er over en Mands Høyde og 3 Alen tykke, opførte dels ved naturlige, kandtede og dels med tilhugne Graae-Stene. Her viises Tegn til, at her har været en temmelig stor Kirke bygt paa den endnu i Norge brugelige Maade; nemlig Choret af smalere Bygning end Hovedbygningen. Kunde det indvendige af denne Kirkes Bygning blive ryddelig giort fandtes der maaskee Begravelser og andet til de norske Old-Sager henhørende. 1156 siger Snorre Sturlesen, at Bradsbierg Gaard afbrændte, maaskee denne Kirke da haft samme Skiæbne, og maae da nu altsaa for 600de aar siden være ødelagt. Jeg skal giøre, vil Gud til Sommeren, alle mulige Undersøgelser om denne rare Opdagelses videre Beskaffenhed».

Ruinen er ogso nemnd i Kraffts «Norges Beskrivelse» (1825), men han kallar ikkje staden, der attrstødorne stend, for Kapeljordet, men «Kapitelbjerget».

Jonas Hanssen skriv um dette namnespursmaalet:

Naar Løvenskiold har brugt Udtrykket «Kapeljordet», saa har han, vistnok for en del været paavirket af Peder Claussøn, som han sees at have kjendt og oftere citerer; men det kan tillige godtgjøres, at han har overført navnet fra et andet sted, hvor det rettelig hører hjemme. Løvenskiold boede nemlig paa gaarden Borgestad ved Porsgrund, og paa denne eiendom findes et jorde, som rettelig fører dette navn. Herom siger han selv paa et andet sted i sin bog: «Under Borrestad skal have været udi de gamle Tider Capell, hvortil man i vore Tider haft Nøglen; en Mark kaldes endnu derefter Capell-Jordet». Dette sagn er historisk; thi Borgestad kirke opføres i biskop Eysteins jordebog over geistligt gods i Oslo stift (Den røde Bog ca. 1400), Borgestad kirke med præstegaard og et lidet jordegods. En præst ved denne kirke nævnes ogsaa i et skindbrev af 1333. Det tør derfor være utvilsomt, at forfatteren, til dels paavirket af Peder Claussøn, har overført fra dette navn fra sin egen eiendom til her omhandlede lokalitet, som strengt taget hverken er et kapel eller et jorde».

Forf. meiner, at klostret

«holdt aarlige sjælemesser for stifteren, Dag Eilifsson, for hans søn, som laa begravet i klostret, og for hans datter, som var klostrets første abbedisse, og ligledes, at disse messer holdtes i det kapel, som stifteren havde bygget; selv om det var brændt i 1156, kunde denne, brand kun have ødelagt træverket. Istandsættelsen maatte derfor være let og en hellig pligt for klostret. For øvrigt behøver det ikke at have været blot af pietet, at klostret har vedligeholdt kirken paa Kapitelbjerget. Kirker anlagdes i den senere middelalder ofte ved de vigtigste færdselsveie for den indtægt, som faldt af derved, at fromme reisende gik ind, holdt en bøn og ofrede en gave til kirken. Et saadant øiemed havde ganske vist kirken paa Hakastein, som ogsaa tilhørte Gimsø kloster; thi denne kirke laa ved den ene ende af den ofte vanskelige overfart over Farelven, som thelebønderne rnaatte over for at komme til og fra Skien. Gaarden kaldes derfor endnu Faret. Ogsaa forbi Kapitelbjerget førte en befterdet vei.»

Den gamle Farvegen millom Gimsøy kloster og Kapitelberget maa ha vore med baat yver elvi til Sandviki, mot aust upp Strandbakken, dinæst sudetter til Gampedalsbekken (i millomaldren Megenbekker) so austetter upp langs nordsida av denne bekken yver Bratsbergkleivi beint til Kapitelberget.

Kyrkja hev eit serskild rom under koren, og dei trur, at det anten hev vore kryptkyrka (gravkapell) elder ein gravkor, likeins som romet under koren i Stavanger domkyrkja.

Professor Johan Meyer, som kallar det ei krypt-kyrkja, segjer, at dei kjenner berre ei slik umfram denne her i landet. Det er den, som høyrde til Mikaelskyrkja ved Munkelivsklostret i Bergen, og som dei fann ved utgravingi i 1860.

Meyer legg til, at i krypi-kyrkja paa Kapitelberget ser det ikkje ut for det, at det er merke etter nokon altar. I 1873 fann dei nære ved attr-stødorne eit røykjels-fat av bronse. Lóket er ein kyrkjemodell i romansk stil. Fatet er no ved universitetet. I 1892 fann dei millom kyrkja og landsvegen 6 sylvmyntar. Tvo av deim hev heilt same typen, som vart slegen av Harald Hardraade (1147-1166). Dei hev ogso funne ei dansk mynt der ifraa tidi millom 1249 og 1340.

Diktaren Conrad Nicolai Schwach, som var sorenskrivar i nedre Telemarki og er gravlagd ved Solum kyrkja, budde nokre aar paa Bratsberg hovudgard og seinare paa Christiansro (millom Gimsøy og Graaten). Han hev skrive dikt baade um kyrkja paa Kapitelberget og um Gimsøy kloster. Dei siste held dei for aa vera eit av dei beste dikti hans.

I diktet «Fyrren paa Bratsberg» elder «Fyrren paa Kapitelbjergets tinde», som han ogso ordleider seg, segjer han mot slutten

«Suk ei, o fyrr» - -
Hvad fortid har forbrudt, vil den oprette,
saavidt den kan, og drage omsorg for,
at eftertiden skaI ei rent udslette
de gjæve fædres krafts og fromheds spor.
Alt mens du stander, skal du fredet finde
Dag Eilifsons det fromme Bratsbergs-minde.

Um Gimsøy kloster syng han:

Men der, hvor blomster nu i klynger smile
og sende ud sin duft saa rig som reen,
i lune muld og poplers skygge hvile
saa mangen hædret oltidskjæmpes ben.

Der hviler du, Gregor, hvis gjæve fader,
kong Magni kjæmpe, klostret stiftet har.
Du sank paa Befias iis blandt helterader,
men til dit fædrehjem dit lig man bar.

Der hvile klostrets abbedisser alle
fra Baugeid, som af fromme faders bud
sig Iod til tro forstanderinde kalde
for stiftelsen, som han indvied Gud.

Indtil den sidste, Grethe Amundsdotter,
der endda levede som himlens brud,
da svøben, sendt fra en af fortids drotter,
drev kvinderne fra helligdommen ud.

Der vilde han, hvor, medens psalmer løde
og virakskyer steg i duftrig flugt,
fra Golmsberg20) smelte kobberet det røde
og fylde luften op med svovellugt.

Det skede ei. Som frelsermand i nøden
kom ilden til det nok alt skjændte gods;
den rensed tomten gjennem kraftig gløden
og bød vanhelligt kongemagtssprog trods.

Og rundt om øen elven speilklar strømmer
og vinker Iaxen op fra saltets skjød,
og sender fjerne bygders malm og tømmer
og giver mange munde dagligt brød.

I Skida blev du nys inkorporeret,
det faldet neppe, Gimsø, i din smag,
du tror maaskee den kjøbstad inficeret
i sjælen af indbildningers bedrag.

Men, Gimø! husk: Najaders blanke skjolde
ombelte dig med evigt reenhedshegn;
for pestilense kan du fri dig holde,
om du hinsides dertil sporer tegn.

Inde paa kirkegaarden hviler da Conrad Schwach like ved siden av sin fader; begge grave har ensartet udstyr med et ornamenteret jernkors.

I sit digt ved Bjerregaards død siger Wergeland, at naar, blaaklokkerne paa hans grav svaier i vinden, vil «Aagots søde Vise» (sæterjentens sang i «Fjeldeventyret») klinge ut fra dem. Man maa ønske noget lignende om Schwach. Har vindens pust gjennem græsset paa graven nogen musik for efterslegten, og er vi lydhøre nok til at opfatte den, da vil det være «flagsangen», som klinger til os, fjernt og svakt som fra et hundreaarigt klaver. Den bruste engang som en fos, og dens toner lød engang fra Ole Bulls bue.21)

Gjerpen kyrkja (Gerpinar kirka el. Petri ok Pauli kirkja á Gerpini á Hofund er ogso svært gamalI. Hofund er det gamle namnet paa Gjerpens prestegjeld, deilt i: Up- og Uthofund, no «Upp- og Uthaugen». Prof. Dietrichson trur, at kyrkja er bygt fyrr 1250. «Om denne kirke skrev alt i sin tid Snorre Sturlesen saaledes: Den særdeles velforsynede kirke Gierpen». (Løvenskiold: Br. Amt ) I denne kyrka var det i si tid 2 klokkur, som vart smelta umatt, den eine i 1818 og den andre i 1850. Dei hadde, baae innskrift med runebokstavar og munkebokstavar fraa det 12te elder 13de hundradaaret. Dei trur, at dei hev vore støypte i kong Sverre si tid elder umkr. midten av det 12te hundradaaret.

I slutten av millomaldren var det i Skien og paa grensorne der umkring 11 kyrjor, naar ein reknar med kyrkja paa Kapitelberget. For attaat denne kom Gjerpen, Skiens, Ballestad, Borgestad, Klyve, Solums, Melums, Gimsøy og Hakasteins kyrkjor, dessutan kyrkja i Mikalshola ved Nordsjø. Alle desse kyrkjorne laag paa ei vidd av ei norsk mil.

Likeins var det yver heile Europa i den tidi.

«Borgestad, Ballestad, Hakestein, Fænes og KIyve kirker forsvinder sporløst efter reformationen. Gimsø klosterkirke brændte 1546, naturligvis uden at bli gjenopbygget, og Bratsberg kapel laa 1576 i ruiner. St. Michaels kirke kunde ikke vel forsvinde, da den var en naturlig klippehule, men heller ikke her blev der holdt gudstjeneste efter reformationen.»

Provst Qvisling segjer i «Gjerpens Prestegjelds og Presters Historie»:

«Skiens kirke, der var indviet til jomfru Maria, var vel ikke saa gammel som den ovenfor liggende Gjerpens kirke og vel heller ikke som kapellet paa Bratsberg, hvis klokker sandsynligvis saa tidlig igjen forstummede; men i alle fald ned igjennem middelalderens senere sekler fra det 13de aarhundrede var Skiens kirke den mellemste af de tre kirker, hvis klokker med kort afstand fra hverandre kaldede baade til otte- og aftensang og ved høimessetider. Den nævnes saaledes i 1297 i et brev, hvori erkebiskopen lover 20 dages aflad til dem, som besøkte «Guds moders hellige kirke i Skien». Men den tredje kirke i rækken, hvis klokker dengang tydelig kunde høres, saavel fra Gjerpen som fra Skien, var klosterkirken ude i Gimsø, paa den anden side af elven, sydvest fra Gjerpen og ret overfor Bratsberg».

Etter Brunnich «Historiske Efterretninger om norske Bergværket», «har Hugo Bredov eiet en Jernhytte; hvortil ham var af Kongen skienket Gaarden Gulset under Giemsøe Kloster; siden solgte Bredov Jernhytten til en Engellænder Mester Skagmand, som erhvervede Kongebrev baade paa Hytten og Gaarden; da denne Skagmand var rømt paa Grund av Gield, og Bredov vilde tilegne sig Gaarden saa befalede Kongen siden Geert Rantzou, ved Brev fra Koldinghus af 13de Novbr. 1586, at Gaarden skulde tilfalde Klosteret og igjen indtages i Jordebøgen».

Norske namn paa dei ulike delar av klosterbygnaderne finn ein sjeldan, segjer Lange. Ved lopt maa ein vel helst tenkja paa salar elder andre rom i andre høgdi, men ved stofva tilsvarande rom nedunder. Abbedissa si stova (abbadisastofva) i Oslo er nemnd i Munkeliv brevbok. Talegrindi, som skilde vitjarfolket fraa ibuarane i klostret, kallar dei i norske brev for taIaport. Konventstova (conventstofva, setstofva) var eit daglegt samrom for medlemer av kapitlet, og der kom det ogso titt framande for aa dryfte verdslege saker med klosterfolket. Paa matsalen (refectorium) og soveromet (dormitorium), hev me ikkje funne norske namn. Fangeholet (carcer) er nemnd i ei skildring av Utstein kloster og gjestehuset (domus hospitum) paa klostret paa Halsnøy, Svalgangar (inn mot tunet) var til visse det vanlege i klostri og kjøknet (eldhus) ha dei i ein serleg bygnad, skild ifraa dei andre.

I klostersoga si skriv Lange:

«De norske klosters sekularisation, saavidt den hittil er bekjendt, begyndte under Christian II med Dragsmark (før 1519) og Gimsø (før 1523). Alleredt 27de marts 1540 kunde saaleds lænsherren paa Agershuus, Peder Hanssøn, melde kong Christian, at Gimsø kloster var tomt. Det sidste spor av norske munke finder man i Dragsmark, Baahuslen) 1562.

Forsaavidt som nu, efterat alle munke og nonner vare uddragne av klostrene eller døde der, godset ikke anvendtes til hospitaler eller skoler, blev det som verdslige forlæninger betroet danske adelsmænd og enkelte begunstigede nordmænd, indtil fællesstatens ødelagte pengevæsen tvang Frederik 3. til først at pantsætte og senere at sælge samtlige klostergodser. At de tildels endnu danne landets betydeligste godser, er den dag idag et vidnesbyrd om deres omfang og betydenhed i deres velmagts dage».

*

Naar ein gjeng i Skien, i staaket og ferdsli og i duren fraa fossarne og sagbruki og fabrikkarne, kann det henda, at ein fær lyst til aa ta seg ein sving utetter bruerne, imot «klostret». Ein vil daa snart faa sjaa i de i store, skuggerike lundar derute.

Høge og ærverduge stend dei gamle trei der og breider dei velduge, greinarne sine yver heilag grunn. Men helst ein kveld, naar maanen lyser paa elvstrauren, og vinden gjeng igjenom krunorne med sagte sus, er det, at ein uviljande drøymer, seg attende til framfarne tider, daa Gimsøy klostet stod ved lag.

Saga som i vemod Skrider
under hvælvets bue ren,
bølgenyn om svundne tider,
maanelys paa sunkne sten.
(H. R.)

  1. O. Rygh: «Norske Gaardnavne».
  2. «Huldreøer i Nordland». «Folkebl.» 1901
  3. «Folkebl.» 1902
  4. Solum kyrkja, bygt av stiftamtmann F. K. Adeler i 1766, høyrde fraa fyrst'en til Gimsøy kloster, men vart gjevi til Solum kommune i 1854 av fru Cappelen. Bak kyrkja var det eit gravrom for Adeler-ætti; det er no Barnedaaps-sakristi.
  5. P. A. Munch «Det n. FoIks Hist.»
  6. Lorens Berg «Hedrum».
  7. Aftenp. 1916
  8. Brinchmann segjer i boki «NationaIforskaren P. A. Munch»: «Gammelnorsk var endnu et ukjendt sprog, undtggen for nogen ganske faa; kammerjunker Adeler paa Gimsøy kloster var vistnok den eneste paa Skienskanten, som var indviet i faget. Hos ham fik ialfald Peter Andraas den første veiledning, hos ham fik han ogaa laane hjem. Scønings statelige utgave av «Heimskringla»
  9. «Toldboden elder «Søboden» maatte Gjedde i 1643 og 1644 underkaste betydelige istandsættelser. Denne gaard, der laag paa Eid (ude ved broerne, nær den nuværende kanal), var 1. oktbr. 1639 blevet afkjøbt Jon Thomesøn for 100 riksdaler for at benyttes som toldbod. Den blev daa indtil videre ogsaa lensherreresidens». (Jonas Hanssen: «Topograf. medd. fraa Skien og omegn. i Middeleld.»)
  10. Etter Lange: «De n. klostres hist.»
  11. Da tegingen toges ikke tilstr. undersøgt.
  12. Tromsø stifts aarbok 1915
  13. Handskrifti, som songen ifraa det 10. hundradaaret stend i.
  14. Han aatte baade Ulefos og Fossum verk. Skal ha sett upp ein kanonverk som dei kallar for «Prebengruva» paa Fossum Ei gruva minner enno um honom.
    (Etterprof. Helland.)
  15. Vegen ifraa Larvik.
  16. Øverland: «Norges historie.»
  17. Schneider: «Det gamle Skien»
  18. Harry Fett: «Norges kirker i Middelalderen.»
  19. «Kirkeruinen paa Kapitelbjerget ved Skien». I Skien-Telem. Turistf. si aarskrift 1905.
  20. Golmsberg: tyskt namn paa Guldnes i Seljord.
  21. Schneider: «Det gamle Skien»

Rettingar: (gjennomført over)
Sida 8 fjorde lina ovantil stendNaustaberg, les Naustberg.
S. 17  l. 9-10 stend Ronnog Svendsdotter, les Smidsdotter.
S. 17  tolvte l. nedantil Hundberg, les Hunaberg.
S. 33  fjorde l. ovantil erkebisp i Oslo, les erkeprest.
S. 44  sette l. nedantil syrgjefanar les syrgjefanor.
S. 45  l. 14 Morgensine, les Mogensine.
S. 51  l. 25 Gerrutz, les Gerritz.
S. 72 siste lina stend Eilert, les Siver.

Hans Reynolds: Gimsøy kloster ved Skien. - Skien, Norig, 1917. - 96 s.
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen