Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Bispesætet Kyrkjebø - Vokstrlivet - Dyreriket - Politik - Jordbruket

av Hans Reynolds

For ein Nordmann, som kjem til Færøyarne, vil det vera serleg forvitneleg aa faa sjaa det gamle Bispesæte Kyrkjebø paa Sørkanten av Straumøy. Det var der, Kong Sverre gjekk paa Presteskulen, som dei hadde der i den katolske Tidi. Kyrkjebø var Bispesæte i umlag 400 Aar. Det ligg ei god halv Mil yver Fjellet fraa Torshavn, og det er Kongsbonden Jóannes Patursson, som bur paa denne gamle, segnrike Staden. Han hadde bede, um eg vilde koma og vitja honom, og etterdi det ikkje er godt for ein framand aa ferdast aaleine paa Fjelli, som vantar Vegar og ofte er sveipt i tjukk Skodda, fekk eg fylgja med gamle Rakel - «Posten», dei kallar. Det var ei Kona paa fleire og sytti, som gjekk med Mjølki fraa Kyrkjebø til Torshavn.

Aar ut og Aar inn hadde ho traska det lange, urudde Fjelldraget i allslags Vér. Alt til ho var 60, bar ho Mjølkespannet i ein «Leyp» (Trekorg) paa Ryggen, men daa fekk ho ein Medhjelpar i ein av dei smaa Færøyske Hestarne, som er mindre enn Islandshesten - 8 kv. (Mæleband) - og just ikkje ser sers agelege ut. Dei brukar dei mest til aa klyvja med. Til Ridehestar er dei lite nytta, men det er gode Fjellhestar, støde paa Foten. Det finst ialt umlag 700 Hestar paa Færøyarne. Fyrr i Tidi kom dei aldri i Hus korkje Sumar elder Vinter. Ved aa kryssa med norsk Hest hev dei fenge eit større og sterkare Slag, og det er det mykje av paa Øyarne no. Ikkje so faa unge færøyske Hestar vert førde ut til Danmark.

Det var friskt, klaart Vér upp-aa Fjellet, daa me utpaa Eftan tok i Vegen til Barneheimen aat Sverre Sigurdsson. Kann henda den vesle, gløgge Vestlendingen, som seinare vart Noregs Konge, tidt hadde fare same Vegen fraa den gamle Tingstaden. Kann henda han og hadde set innyver dei tronge, djupe Fjelldalarne og gløymt seg burt, medan han stod og lydde til Stilla ...

Just ein slik Forpost ute i ville Atlanteren, der Sjø-Drivet fyk i Vinterstormarne, medan Bonden sit fælen og høyrer aat, maatte høva til aa fostra honom - Høvdingen for eit hardbale Folk, som sleit vondt og fraus i Skogar og Øydemarker og aat Bork, Sevja og vintergamle Ber, som hadde legje under Snoen.

Eit Stykke innetter glimde ei liti Tjørn, Ljósavatn, som spegla att dei kvite, siglande Sumarskyer, og Stigen, me gjekk, var merkja av med Vardar, som dei hadde gjort av Stein. Det største Vatnet paa Færøyerne er Sørvaagsvatn paa Vaagøy. Det er umlag 6 Kilometer langt og 1 Km. breidt og renn ut i Havet i ein Foss, Bosdala-Fossur, som er yver 90 Fot høg.

Færøyarne er skoglause, og det hev aldri vakse Skog der, som dei kunde byggja Hus av. I seinare Tid hev dei teke til aa setja Tre, men det gjeng smaatt. Ein norsk Fagmann segjer, at han trur, det vert eit seigt og vandt Arbeid aa reisa Skog der. Største Treet i udyrka Mark - ei Gran umlag 1 Meter høg - saag ikkje ut til aa vera Liv lage. Men med god Livd for Véret kan det gro tolleg store Tre, soleis i Torshavn. Hagestellet kann helder ikkje faa nokon stor Plass. Havet ligg so innpaa, og Sumarvarmen er so liten. Det hev vøre sagt, at Frukt-Tre kann det ikkje verta Tale um aa planta. Men Stikkjelsber og Rips skal kunna veksa. Patursson paa Kirkjubø hadde den finaste Hagen paa Øyarne. Av ville Dyr hev dei berre Harar, Rottor og Mus. Hararne er innførde fraa Noreg, og finst berre paa Straumøy. Krjupdyr og Paddor finst ikkje. Berre noko av Øyarne er dyrka upp og inngjerd. Bygderne ialt 82 - ligg med Sjøkanten, og Indreluten er ubygd og øyde. Det bur no 22,000 Menneskje der burte, men dei trur, at mesta ein Gong til so mange maatte kunna liva der. Av heile Færøyarne si Jord-Vidd meiner dei, at det er berre Halvparten, som kan nyttast til jordbruk og Beite. Og jamvel av denne Helvti er det ikkje meir enn umlag 2,6 pCt., som er uppdyrka. Dei segjer, at Fjellbeiti paa Færøyarne er ein god Mun betre enn paa Island og Shetland.

Dei høgste Fjelli er Skalingur elder Skalingfjell paa Eldevik i Fundingsfjord og Slattaratindur. Straumøy og Slåttaratindur paa Øysterøy, baae umlag 2500 Fot. Fraa Toppen av Skalingfjell kann ein i klaart Vér sjaa ut yver heile det færøyske Landet. Fraa Nord til Sud er Øyarne 9 norske Mil og fraa Aust til Vest umlag 6.

Skalingfjeld er Strømøes Pryd,
Stakk for Vaagø staaer,
Slattar-Tindens Toppe
mod Himlens Skyer naaer.

Værner tro om vort Land,
nytter Dagen vel,
deilig skinner Solen
over Skalingfjeld!

(P. A. Holm.)

Landet fraa Stad til burt imot Mynnet av Sognefjorden vil vera den Luten av den norske Havstrandi, som ligg paa same Breidd som Færøyarne.

Véret er gjerne skiftelegt og stormalt - dei reknar 279 Regnvérs-Dagar um Aaret -, men dette var ein av dei fine, blanke Sumardagar, daa «Heiðafuglurin syngur í Góðveðrinum», som han segjer ein færøysk Diktar. Og daa er det eit fagert Syn aa staa paa eit av dei høge Fjelli og sjaa utyver Øyarne:

Thi hist bag Fjeldets haarde Barm
sig gjemmer bløde, grønne Dale,
der skinner Sommerdagen varm
med Blomstersmil og Smaafugls Tale.

(P. A. Holm.)

I et Prosadikt um Færøyarne av Sverre Patursson (i «Dagdvølja», Havn 1901 s. 1) beiter det:
Fagra Land. Fagurt ertú. Túsin Ferðir fagurt ertú, táið Sólin roðar úr Kavi Hásummarsmorgum og i Kav Hásummarskvøld. Føgur er tín grøna Lið við teim finu, kláru reinu Keldum, sum stetla til Havs ringjandi sum smáar Silvurklukkur. Føgur er Bøur tin við angandi Smæru, veiggjande Akrum og tjukkurn Grasi. Fagur er Hagin við Homrum og Fjøllum, Fossum og Gjáum, Dølum og Gilum, Áum og Votnum, Bjørgum og Skorum, Fagurt er titt bláreina Hav, við yndisligum Fjorðum, Sundum og Bukturn, Vágum og Víkum.

Paa norsk ved Idar Handagard:
Fagre land. Fagert er du. Tusen gonger fagert naar soli rodar or havet høgsumars-morgonen og sig raud i kav høgsumars-kveld. Fager er di grøne lid med skire klaare bekkjer som skundar seg til havs og ringjer liksom smaae sylvklokkur. Fager er bøen din med angande smæra (kløver) og svagande aakrar og tjukt gras. Fager er hagen (bu-hagen) med hamrar og fjell, fossar og klufter, dalar og gil, æer og votn, berg og skard. Fagert er ditt blaareine hav med yndelege fjordar, med sund og bugter, vaagar og vikar.

Me var no komne yver paa hi Sida af Fjellet og kunde sjaa Øyarne Sandøy, Hestøy og Koltur i Solfallet.

Sumarkveld paa Færøyarne.1)

Det skumar paa Fjellet, der Heidloi skrik
fraa solraude Tuva - det kyrrast i Vik . . . .
og Smaabaara skvalar og kviskrar mot Strand
- med drøymande Dalar ligg Færøyaland.

Fraa Bygdi stig Røyken av Ljoren i Ro,
ein Fiskar glid Heim etter Dagsverk paa Sjo;
og alle dei Øvar og Tindar i Rad
dei gyllest sø vænt no ved Solarglad.

Men Blomen han luter sitt Hovud mot Kveld,
med Vesthimlen logar og gløder som Eld;
so bleiknar det av ... med ei ljosleitt Rand
ligg Høgsumar-natti yv' Færøyaland.

(H. R.)

Djupt under oss, paa ei grøn Sletta ved Havet, laag Kyrkjebø, som hev vore Bispesæte sidan Sigurd Jorsalfar si Tid, umlag i Fyrstningi av det 12te Hundrad, aaret. Um Skipingi av den færøyske Bispestolen er det ikkje gøymd nokor Tidend fraa Millomalderen. Dei eldste Namni i den færøyske Bisperekkja er Gudmund og Mathæus. Mathæus døydde etter dei islandske Aarbøkerne i 1157. Etterat det katolske Bispedomet paa Kyrkjebø hadde vorte nedlagt ved Innføringi av Reformationen i 1538, skipa dei det evangeliske Bispedømet i 1540. Men det var berre ein einaste Bisp, Jens Riber, som satt i det Embættet. I 1557 gjorde dei Færøyarne til eit Prostedørne. Det vart fyrst underlagt Bisparne i Bjørgvin, men seinare Bisparne i Sjællands Bispedøme.

Ein undrast, naar ein ser tvo Kyrkjor paa Kyrkjebø, denne einslege Staden - ei kvit Steinkyrkja og eit lite Stykke undan Attrstødorne av den færøyske Domkyrkja, som ikkje vart fullførd. Ho er det største Byggverk fraa gamle Dagar, som dei hev havt paa Færøyarne, og laag til Erkebispstolen i Nidaros.

Kyrkjebø er det største Kongsgods paa Øyarne. Jordi der burte er bytt i Kongsjord og Odelsjord. Kongsjordi er mest av gamle Kyrkjegods, som vart lagde under Kruna etter Reformationen, og dei vert stjorna av Kongsbønder. Dei maa leggja ei Avgift til Staten og kann ikkje selja elder pantsetja Eigedomen, som skal gaa i Arv fraa Faren til eldste Sonen. Kongsbonde Patursson, som sit med Garden no, var Riksdagsmann - med i Folketinget - den Tid, eg vitja Øyarne fyrste Gongen. Færøyarne hev tvo Tingmenner i den danske Riksdag, ein folkevald i Folketinget og i Landstinget ein, som vert vald av det færøyske Lagting. Kyrkjebø hev vore i Patursson si Ætt i fleire Ætt-leder. Dei kallar honom jamnast for «Kyrkjebø-bonden». Bóndi hev paa Færøyarne halde sin herskapslege Klang som Landdrott. Paa Garden Kyrkjebø er 12 Hestar, 20 Kyr og 800 Sauer.

Um Bisparne der burte heiter det so, at dei hadde si gode Utkoma, millom anna ved det, at dei heilage Feder var utreidde med «Kristi Elding» (Ljoneld), som dei kunde straffa del ugudelege med. Paa den Maaten tok dei, heiter det, 26 Marker jord (Halvparten av Garden Kyrkjebø, sume segjer heile Garden) fraa ei rik Enkja, Gasa, som hadde ete Kjøt i Fasta gnege av ein Kalverygg! Bisparne, og dei som stod under deim, fekk paa denne Visi tak i Halvparten av Landet sitt jordgods, som no høyrer Staten til.

Jordi paa Færøyarne byter dei i «Marker». Ordet «Mark» finst i Saue-brevet av 1298. Marktalet paa Færøyarne er ihoplagt umlag 2400 Mkr. Av det er det umkr. 1100 Mkr., som er Odelsjord, medan Staten eig umkr. 1300 Mkr. Den største Bygdi er paa 97 Mkr. og den mindste paa 4 Marker. Medan sume Bygder mest berre er Odelsjord, eig Staten til dømes heile den sudlege Halvparten av Straumøy - i 15 Bygder 341½ Mkr. - som i si Tid høyrde Godset Kyrkjebø til.2)

Sauebrevet fraa Aaret 1298 er i tvo Stykke, Logteksti og det Brevet, sorm fylgjer med den. Det fyrste Stykket er skrive av ein elles ukjend Prest Teltr, det andre av den kongelege Klerk BårNr Pétrsson. Av honom kjenner ein ymse Brev, og etter Professor Hægstad skriv han eit vestlandskt Maalføre med trøndsk Svip. I dei 4 Bladi er det Paabodet, som Hertug Haakon gav. Dette Paabodet hev dei bunde inn ilag med eit Eksemplar av den norske Landslog, og denne Handskrifti hev vore paa Færøyarne i det 14.-16de Hundradaaret. Ho tek til soleis:

«Nu liggia Haglendi saman utan Garðs. oc æigþ. 11. menn huaR sinn Haga. oc gengr Sazdr or annaRs Haga oc i hins» o. s. b.
det Brevet, som Hertugen sin Notar bev skrive under Paabodet, helter det millom anna:
«Haakon med Guds Misskun Noregs Hærtugi Son. Magnus. Kongs hins koronada sendir ollum Monnum i Færøyium» o. s. b. Slutten av Brevet luar so: «- i Oslo Laugardaghen nessta æptir ionswaku - - - Sira Teitr ritade. En Bardr Petr Son Notarius war ritade Brefet».

Det kann nemnast, at av dei norske Kloster aatte til dømes Munkeliv i Bjørgvin Jord paa Færøyarne.
Det heiter soleis i «Dipl. Norvegicum» B. XII:
«Jtem swa mykit Godz agher Munkkaliifs Kloster j Førream». So reknar dei upp, kor mange «Mærker» Jord, dette Klostret hadde der burte.
Um Jordi paa Færøyarne heiter det, at «der er saa ofuermaade god oc fructbar jord, at de kunde efter en Tønde Sæd høste 20 Tønder Korn».

Naar ein ser Hovudbygningen paa Kyrkjebø, fær ein straks ei Kjenning av, at han er overlag gamall. Han ser sers maalande ut med svarte, tjørebrædde Veggjer, smaae Glas med kvite Listor og Torvtak. Den eine Fløyi er «Bispestova», dei kallar, og som dei helst trur maa vera bygt av Biskop Erlend (1268 til 1308). Stova er sett upp etter gamall norsk Byggjemaate av svært Malmtimber, som hev kome fraa Noreg. Det er godt halde, og her og der finn ein Merke etter væn Utskurd i Bjelkarne. Fløyi vart stygt skamfari av ei Snøskrida for nokre Aar sidan, men er no bøtt uppatt. Innmed Bispestova er det ei stor, romleg Røykstova, og i Kjellaren under Huset, som hev uvanleg tjukke Murar, finst enno den gamle «Myrkastova» (Fangehuset).

Det heiter, at det var mange norske Geistlege, som ynskte seg Færøy-Bispestolen. Det var Nidaros Kapitel, som ilag med Erkebispen innsette denne Biskopen, likeins som dei islandske og Bispen paa Grønland, for dei siste Landi vanta og Kapitel.

Elles segjer Absalon Pedersøn Beyer: «Alle Bisper, som vdi Ferø regerede, bleffue tagen fra Bergens Capitel, huilchet oc Paffuen stadfestet haffde, men aff Trondhiems Capitel bleffue tagne de Bisper, som vaare forskicket til Orcknø, Sodero, Island oc Grønland».

Kong Sverre budde paa Kyrkjebø, fraa han var fem, til han var fem og tjuge Aar, og vart fostra upp hjaa Bispen Rói. Sverre gjekk, som fyrr er nemnt, paa Skulen her og vart vigd til Prest. Presteskulen paa Kyrkjebø, der Prestarne aat Øyarne vart lærde upp av Bispen, var i si Tid den einaste Skulen der burte aa tala um. Domkyrkja, som aldri vart ferdug-bygd, ligg tett attmed Tunet. Ho er storlagd, naar ein tenkjer paa Tilstandet der burte i den Tidl, og er gjord av graa Stein (Trapp-Porfyr) med Kalk imillom. Ho er bygd i Kvassboge-stil, og dei tok til med Arbeidet under Biskop Erlend, som døypte den norske Kongen Haakon d. 5te og livde umkr. Aar 1300. Men dei slutta med aa byggja ved Reformationen. Det meste er likavel gjort ved Erlend, og det, dei sidan bygde, etter denne Bispen døydde og til Reformationen, maa vera svært lite. Svartedauden kom berre godt 40 Aar etter Erlend var slokna. Han stansa alle større Tiltak for lange Tider.

I Gravi aat Biskop Erlend fann dei ei Tavla av Bly, og paa den stend det m. a., at daa Færøybispen Gaute var daaen i Aaret 1268, var Herre Erlend, Kannik og Lærar i Bjørgvin, av Erkebispen i Nidaros kòra og kalla til Bisp og Hyrding for den færøyske Kyrkja. Det stend og paa den Tavla, at Erlend lagde Grunnen til Domkyrkja av Stein, og at dei paa hans Tid kom so langt med Arbeidet, at Veggjerne mesta vart ferduge heilt til Koren.

Attrstøda er yver 26 Meter lang og 10½ M. breid, og Murarne er 8¾ M. høge og 1½ M. tjukke. Paa ei Tavla av Klebberstein, som er mura inn paa Austsida av Kyrkja (Korveggjen), ser ein skildra Kristus paa Krossen millom Maria og Magdalena (Johannes?)

Dei tri Figurarne er sett innanfor ein Portboge liksom, og yver den sviv det tvo Englar med kvar sitt Røykjels-Fat. Tavla hev langs med Randi ei latinsk Innskrift, som dei tek for aa vera ei Vigsla til St. Magnus, for i Biskupa-Søgur («Biskop Arne si Soga») er Kyrkja nemnd som ei «Magnus-Kyrkja». Innskrifti luar so: «Dette er Gøymestaden for den (store) Herre, den heilage Magnus sine heilage Leivningar ... Vaar Frelsar sitt Slagt-Offer ... Jomfru Maria. (Den heilage Magdalena). Ei onnor Tyding av Innskrifti er slik: «Her er Gøymestaden for desse Heilagdomerne: Leivningar av Kristi Kross, av Offerlammet, sjaa her den heilage Jomfru Maria - - - Beini av den sæle Martyr Magnus - - - fraa den heilage Thorlacius si Grav».

Den sæle Martyr Magnus, som er nemnd her, er Orknøyarne sitt Heilag-Menne, og Thorlacius er det islandske Heilag-Menne Bispen Torlak. Som han segjer Harry Fett, «eit forvitnelegt Døme paa det aandelege Samkvæme, som i Millomaldren raadde millom dei norske Utbygderne. Leivningar etter Heilag-menne aat tvo Utbygder vert sette i Domkyrkja aat den tridje Landsluten».

Gustav Storm segjer um Attrstøda av Domkyrkja paa Færøyarne: «Etter di denne Kyrkja aldri vart ferdug-bygd, hev ho ikkje vore vigd til St. Magnus. Men den Kyrkja, som var vigd til Magnus, kann helder ikkje, som Schrøter meinte, ha vore den eldre Kyrkja paa Kyrkjebø. For det var el Mariakyrkja. Det ser ein av eit Brev ifraa 1320 fraa Bispen Signar til Bispen i Bjørgvin.»

I 1905 tok dei ut Tavla i Korveggen, og dei fann daa eit Skaap av Klebberstein. I det stod det ein Ask av Bly, som øvste Tekkje under Lóket fann dei eit Skinnstykke. Under Skinnet laag det ein Pakke, sveipt i Ty. Innanfor Tyet var det ein Lerefts-Pakke. I den fann dei daa 7 Ting, alle innsveipte i Lereft. Ved kvar Pakke hekk det ein Skinnstrimel. Berre ein av dei smaae Pakkarne vart opna, i den var det ei flat Treflis, venteleg Heilagdomen fraa Kristi Kross. Etter Opningi vart Heilagdomarne sette attende paa Plass. Den Skikken aa setja Heilagdomar inn i sjølve Kyrkjemuren er helder sjeldan. Dei hev det i Sofia-Kyrkja i Konstantinopel og i Sulehovudi i Koren til Dómen i Magdeburg. (Fett: «Norges Kirker i Middelalderen».)

Dei hadde alt rokke til aa faa bygt yver Sakristiet, men Taket hev seinare dotte ned.

Inne i Kyrkja - uppe i Sidemurarne - er det sett 4 Steinar. Paa den eine er det eit antikt Andlit, som er heilt ferdug-gjort, men paa dei andre er det ikkje gjort noko.

Umkr. 1860 tenkte dei paa aa fullføra Domkyrkja i all sin Vænleik etter den upphavlege Planen, men det vart ikkje noko av det.

Graset grodde no trivelegt inne paa Kyrkjegolvet, og Havbrisen stod frisk inn gjenom dei høge Vindaugkvelvarne i gotisk Stil ...

Aldrig Sangen skulde høres
her til Hellig Olavs Ros,
ingen Klang av Klokker føres
over Hav mot Nidaros ....
Saga som i Vemod skrider
under Hvælvets Bue ren
- Bølgenyn om svundne Tider,
Maanelys paa sunkne Sten
- - -

(H. R.)

Til denne Attrstøda høyrer og Segni um Striden i «Mannafellsdalen». For at Domen i Kyrkjebø skulde verta so stor og gild, som Raad var, lagde Bispen paa Folket ein hard Skatt. Men dei som budde paa dei synste Øyarne, negta aa betala. Bispen fekk daa «Nordanmennerne» paa si Sida, og det kom til eit Slag i Mannafellsdalen, nord for Kalbaksbotn paa Straumøy. Nordanmennerne vann, men Søringarne tok seg paa tak, og i andre Umgangen sigra dei ved Kollefjord paa same Øyi. Bispen som hadde berga seg hjaa Nordanmennerne, kom seg undan og naadde heim til Kyrkjebø. Det heiter dessutan, at ingen vaaga drepa honom, av di dei var rædde for aa verta bannsette av Paven. Dei fekk daa tald ein Frislending til dette. Han var ifraa Suderøy og var Heidning. Bispen flaug no upp paa Attrstøda av Domkyrkja i fullt Embættsskrud og væpna med ei Øks. Muren var vigd og Bispen væpna, difor vaaga korkje Frislendingen elder Sønerne hans aa røyva honom. Men dei vart staa-ande nedanfor i tri Dagar og tri Næter og heldt Vakt. Bispen fell no i Uvit av Svolt, og daa han kom ned, vart han straks drepen.

Den Kyrkja paa Kyrkjebø, som dei no brukar, og som Domen skulde vera i Staden for, er eldgamall (umlag 800 Aar). Ho vart umattbygd for ei tretti Aar sidan. Ei Rad med Gavlar av Stolstader fraa umlag 1400-1450 var prydde med utskorne Bilæte og Vaapn (soleis den norske Løva). Dei og «Bispe-stolen», dei kalla (eit Prælatsæte fraa umkr. 1300) og dessutan ein Bedestol (Lesepult) m. a. med Olav den Heilage paa, vart sende ned til Danmark. Dei finst no i Nationalmuseet i Kjøpenhamn. Det vart dessutan sendt ned ein liten Eikekross, takt med Kopar, blekk (18 Tumar høg). Der hev del og eit par Runesteinar fraa Færøyarne. Den eine er fraa Kyrkjebø, set av Vik etter Unir. Den andre er fraa Frodebø og er merkt med ein Kross.

Ei gamall Segn paa Færøyarne er det, at Kong Sverre var fødd paa Kyrkjebø, men det er uhistorisk. Fyrste Bolken av Sverre-Soga vart skriven av Karl Abbed under Sverre sitt eige Tilsyn, som Bokmannen sjølv segjer i Fyreordet. Og i den er det nemnt at Sverre kom til Færøyarne daa han var 5 Aar gamall. Men det heiter ogso i ei Skildring der burte, at Mor til Sverre, Gunnhild, som hadde vore Kokkegjenta hjaa den norske Kongen Sigurd Munn og hadde hyllest av honom, rømde til Færøyarne. Ho var daa med Barn. Ho fekk Plass som Tenestegjenta paa Kyrkjebø. Her fødde ho ein Gut og gøymde han i ei Hola ovanfor Garden, av di ho var rædd dei skulde drepa han. For Sigurd hadde truga med, at han vilde rydja undan alle dei uægte Sønerne sine..

Dei syner Hola enno, og ho vert den Dag idag kalla for «Sverra Hola».

Sverre voks upp her og trudde, at han var Son til ein av Sigurd Munn sine Menn, som Gunnhild seinare gifte seg med. Han fekk ikkje vita um rette Ætti si, fyrr han var krunraka og hadde valt aa verta Prest. Han synte seg for Mor si i denne Hamen og var viss um, at ho vilde gleda seg ved Tanken paa, at ho eingong skulde faa sjaa honom høgt til vérs, kann henda som Bisp. Men Graaten tok henne, og ho fortalde honom, at han var Kongsson og hadde Rett til Noregs Truna. Daa Sverre høyrde det, meinte han, at han ogso skulde vita aa vinna henne, og han sette seg no fyre aa sigla til Noreg.

Da var det, at fjernt paa Færøya-Kyst
Sverre Prest følte Kaldets Krav i sit Bryst,

syng Per Sivle.

Elder som Lyscander segjer um Sverre i «Rimkrøniken»:

«Omssier hand bleff baade Visz og Klog
Kunde læse oc siunge i Mæssebog
Til Præst vil Bispen ham vie.»

Um Sverre og Mor hans beiter det i same Skrifti:

"Ach, suarede hun, den Ere er goed,
men maatte dig skee, effter Byrd oc Bloed,
Dig sømmet vel Norrigis Krone.
Kong Siuard hand var din Fader bold.
Kong Mogens tog fra oss met Mact oc Vold
Bode Land och Kongelig Throne.
Suerre hand stoed oc vndred' der paa,
Endclog hand kunde da lidet formaa,
Dog var hand fredig i sinde.

Det tage sig huad det kand for hæld,
Jeg skiffter ey Norge for Præstegiæld,
Den stund ieg Liffuet kand vinde.
Och kaste der strax baade Kiortel oc Bog,
Och gænnisten offuer til Norrig drog,
Fandt Landet i vilde rede.
Mellom Jarlen oc Kongen var hemelig had
Der skede saa mangt it blodigt
Bad I Riget der alle stede».

Som Nordmann tykte eg, at eg ikkje kunde gaa fraa Kyrkjebø, naar eg ikkje hadde vitja «Sverra Hola». Og anten no - som Segni segjer - Birkebeinen hadde lege der uppe og leika seg med tvo Gulleple elder ei, so sette eg avstad uppetter dei bratte Liderne ilag med Styraren av Bladet «Fuglaframi», Sverre Patursson, som er Fuglefangar og Fjellmann all igjenom. Fyrr eg gjeng vidare, maa eg nemna litt um Fylgjesmannen min. Bladnamnet «Fuglaframi» leikar innpaa eit Vers i «Fuglekvædet» av Poul Nolsø:

«Altið søkti eg Fuglaframa,
tí tað vóru Ørnaboð

(alltid hev eg (Nolsø) arbeidt paa aa hjelpa Folket fram, for det var Kongebod).

Sverre Patursson hev, liksom Broren Jóannes P., skrive mange Dikt og Skildringar fraa Færøyarne og stridt trufast for, at Færøyingarne kann faa liva sitt eige nationale Liv. Han hev m. a. skrive ei Bok um Songdansen paa Færøyarne.

Patursson trippa som ein Fugl burtetter dei stupbratte Berg-Hyllorne paa dei lette Hudskorne sine, og det var 'kje fritt for, at han smilte aat meg. For sume Stader saag eg ikkje onnor Raad enn aa krabba baketter. Men eg orsaka meg med det, at eg gjerne vilde heim til Noreg att og fortelja, at eg hadde vore i «Sverra Hola». Det var ikkje so mykje aa sjaa der, av di noko av Fjellet hev rasa ned, men Hola skal ha vore ein god Mun større fyrr i Tidi.

Riksdagsmannen, som hadde stade nede paa Tunet og sett etter oss, var litt skjemtefull, daa me kom ned att. Han kunde ikkje skyna, kva det var, han hadde sett upp-i Fjellet. Ikkje var det Sau, og ikkje var det Geit, men rart var det. Færøyingarne kliv sjølve som Geiti og trur vel, at andre gjer likeins.

Kongsbonde Patursson er eit retteleg Mynstr paa ein Færøying, elskverdug og gjestmild og ein varm, huga Heimlands-Ven. Han er ein Stridsmann for nationale Synsmaatar, Førar for Fridomsflokken, som strir for Sjølvstyre for Øyarne og vil ha færøyskt Maal i Skulen og Kyrkja og Tingstova. Han hev difor fenge mange Motmenner, helst daa millom Embættsstandet, men han strævar trottugt for det vesle Fødelandet sitt, og er med og vernar um Maalet og Soge-Minni. Han hev dikta Songar, som dei syng mykje der burte, og ei Skildring «Fraa Færøyarne», som han hev skrive, er umsett til norsk av Leiv Heggstad og utgjevi av Noregs Ungdomslag og Studentmaallaget. Han hev eit godt Namn i den nyare færøyske Bokheimen.

Kyrkjebø er eit Mynstrbruk, og det var sers for, vitnelegt aa sjaa, kor laglegt det store Uthuset, som var av Stein, var stellt. Dei heldt just paa aa faa Torvi i Hus fraa Myrarne upp-aa Fjellet, og den eine Korgi etter hi med Brennefang til Vinteren kom susande ned etter Løypestrengen og inn paa Laaven. Dei synte meg umkring alle Stader, og det var eit Bisn, at Golfstraumen Aar um anna fører med seg so mykje Rekved, venteleg fraa Amerika, at dei paa Kyrkjebø held det for ei fin Umfram-Inntekt.

Med Umsyn til Jordbruket der burte, so hev dette lege nede heilt til i seinare Tid. For ei 30 Aar sidan tok Patursson til privat aa læra Folk, som den Gongen ikkje bruka Reidskap som Plog, Horv og dilike Ting. Han hadde gjenge igjenom Stend Jordbruks, skule ved Bjørgvin og var seinare eit Aar ved Aas Jordbruksskule. No hev Reidskap paa Ny-Maaten lengst kome i Bruk, og noko, som serleg hev teke seg godt, er Mjølkebruks-Stellet. Fru Guðny Patursson, f. Eiriksdóttir, som er islandsk, hev søkt Berger Hushalds-Skule i Asker ved Oslo og dessutan vitja fleire Mjølkeverk (Meieri) i Noreg, og ho hev privat lært upp mange unge Kvende i Heimen sin.

Det Kornslaget, del mest dyrkar paa Færøyarne, er Sprikjebygg (6-rada Bygg), stundom ogso Havre. Men det hender tidt, at Kornet ikkje vert retteleg moge. Det veks ogso Potetor og Rovor (Næpor), men jordbruket hev elles mindre aa segja. Dei Jordpartar, som er dyrka upp, er so smaae, at det er vanskelegt aa liva berre av deim. Den fremste Inntekts-Kjelda er Fisket, og Færøyingen er gjerne baade jordbrukar og Fiskar. Fe-Alnaden hev helder ikkje stort aa segja. Den færøyske Kui er liti og skal vera komi fraa Noreg. Det finst uml. 5000 Mjølkekuer og Ungfe paa Færøyarne.

«Seyða Ull er Føroya Gull»

(Saueull er Færøy-Gull) er eit Ordtak der burte, som talar for seg sjølv. Ein Bonde kan ha 3-500 Sauer, og alt i alt hev dei umlag 100,000 Sauer paa Øyarne. Vérlaget er so mildt, at Snøen snart tøyar burt att, og Sauerne kann difor gaa ute heile Aaret. Dei vert daa sers ville, og paa Litle Dimun endaa til so, at dei ikkje kann fanga, men maa skjota deim. Griser hev dei mest ikkje paa Øyarne. Av Grindkval og annan Kval fær dei Flesk nok. Ved Fe-Teljingi i 1893 fanst det 1 (ein) Gris i heile Landet!

Ei onnor vigtig Nærings-Kjelda er Fugleveldingi, og den Maaten, den gjeng til paa, hev kosta mangt eit Mannaliv. Paa Mikjunes i Vaagøy-Sysla, ved Vest, Strandi, tek dei innpaa 80,000 Lundar um Aaret, og i dei 25 Fugleberg, som i alt finst paa Færøyarne, fangar dei kvart Aar fleire Hundrad Tusund Fugl. Mykje Fugl vert salta ned elder vindturka og bruka til Vintermat.

    Noter:
  1. Tone av Færøvingen Peter Alberg. (Utsett for Manns-kor av M. Einarsson, Akureyri).
  2. R. C. Effersø: «Landbruget og Husdyrbruget paa Færøerne».
Utdrag (s. 61-84) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen