Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Soga - Hovudstaden Torshavn - Styre

av Hans Reynolds

Her kunna vit síggja um Morguntið,
hvar Sólin kemur úr Kavi,
hon Tankarnar dregur til okkara Brøður,
sum búgva fyri eystan Havið.

(Færøyingen Jóan Petur uppi i Tröð.

Her kann me sjaa det ved morgontid
kvar soli kjem upp or kavet;
ho tankarne dreg til dei brøder som bur
og byggjer austan-um havet.

(Umskrifti ved Idar Handagard).

Langt ut i Nordhavet - seksti Mil fraa Vestkysten aat Noreg - ligg det eit lite Fjell-Land, høgt og vêrhardt, i Stormsusen. Det hev snøtekkte Tindar, fròdande Fossefall, grøne Bøar og djupe, stille Dalar.

Det er Færøyarne.

Paa Harald Haarfagre si Tid vart dei bygde fraa Noreg, og eg hadde lenge havt Hug til aa vitja det vesle, staute norrøne Folket, som bur der. Det bur ikkje naame nær so mange Folk der som i Dramn. og Landviddi er mindre ein Jarlsberg Futedøme. Folket hev likavel vore god for aa halda paa sitt gamle norske Maal, endaa dei gjenom Tiderne hev vore nøydde til i Kyrkja og Skulen og Retten aa bruka eit Maal, som er framandt og unatturlegt for deim.

Ein god Kjenning, som var Kvalfangar, fortalde meg eingong, at det hadde vore so underlegt for honom aa koma i Lag med dei venlege, gjestmilde Menneskje derute. Trass i det, at dei so lenge hev vore skilde fraa Môrlandet, hev dei vore for trufaste til aa gløyma, og dei dyl aldri sitt norske Lynde. Han tykte, alt der burte var so heimslegt og minnte honom um Noreg, og han hadde kome til aa lika dette Folket, som enno gjeng med Hudskor og talar Gamalnorsk, og til Dansen syng Kvæde um Ólavur Kongur og Sigmund Bresteson.

Eg skal difor ikkje neitta for, at det var so mangt, som leika i Hugen min, daa eg fekk sjaa Øyarne ein fin Junikveld. Desse Øyarne, som vart tekne ifraa oss i 1814 av eit Folk, me i fire Hundrad Aar hadde halde broderleg i hop med i Krig og Fred. Og me var hardt trengde fraa alle Kantar og hadde nok med aa berga vaart eige Sjølvstende.

Ein kjend norsk Politikar, Lagmann Lindboe, sa eingong, at den Avstyttingi, som dei gjorde med Fedralandet vaart ved Freden i Kiel - daa dei gamle norske Utbygderne vart hogne laus ifraa Noreg og lagde under Danmark, det var den siste Vanæra mot oss, i same Stundi som det langvarige Sambandet med Granneriket slitna. Og ein skynar, det er natturlegt for ein Nordmann aa minnast dette, naar dei attan smaae Øyarne som eit Stykke Noreg ris upp or Havet.

Du kann sjaa deim langt tilsjøs - heile Øy-Garden med blaanande Tindar, Toppar og Skard, og du vert varm um Hjarta. Det er noko av Noregs Soga, som stig fram.

Der er et Land i det vilde Hav,
omsust af hvirvlende Vinde,
en mosgroet Bauta paa Kjæmpe-Grav
med Runer til Fædres Minde.

(P. A. Holm.)

Av dei Upplysningarne, vaare Soge-Skrivarar no sit inne med, fær me klaart sjaa den Medferdi, me var ute for just paa ei Tid, daa me var utarma av Krig og Uaar og Naud. At me dengong miste dei sermerkte Utbygderne, det hev me berre eit Lure-Knip av ein framand Diplomat aa takka.

Daa dei hadde Kiel-Traktaten fyre seg, sa den danske Maalsmannen, Bourke, til den svenske Maalsmannen, Wetterstedt: «Som me veit hev Island, Færøyarne og Grønland alltid høyrt Danmark til.» Men kvar Nordmann, som kann si Lands-Soga, veit, at ned igjenom Tiderne kalla dei alle desse Øyarne for Noregs gamle Utbygder. Færøyarne vert nemnde som eit norskt Skattland alt i andre Helvti av det 10de Hundradaaret. Island var eit norskt Skattland fraa Haakon Haakonsson si Tid, og Kristian d. 4de segjer um Grønland: «Det er urimelegt, at framande Sjøfarande skal ha Innkomor paa Sjøar,1) som høyrer mitt norske Rike til».

Naar det no, etter den danske Maalsmannen si Meining, var ei so kjend Sak, at dei Landi hadde høyrt Danmark til, skulde det ha vore uturvande for honom, som han gjorde, aa krevja, at dei vart nemnde i Fredssemja som klaart undantekne fraa det, dei let Sverike faa. Det var daa norsk Eigedom, det her var Tale um aa verta av med, ikkje dansk.

Ein dansk Soge-Skrivar, Fr. Schiern, segjer i 1844 millom anna dette - her umsett til norsk:

«Soframt dei ved Fredsgjerdi i Kiel hadde gjort greidt Motmæle imot, at dei gamle norske Skattlandi: Færøyarne, Island og Grønland skulde verta verande i lag med Danmark, vilde visst ikkje det danske Riksstyret av den Grunn ha vaaga seg til aa taka Ufred i Staden. At dei norske Nybygderne vart rivne laus ifraa Môrlandet, kjem seg vel daa helst berre av det, at Sigrvinnaren, som sa Fredsvilkaari i Kiel, han hadde visst ikkje med seg - fraa Fødestaden sin ved Pyrenæarne - nokon Tanke um den vigtige Plass, desse norske Nybygderne hev havt i det gamle Noreg si herlege Soga».

Heilt fraa 1814 og utetter, til Gjelds-Uppgjerdi med Danmark gjekk for seg i Fyrstningi av 1820-Aari, var denne danske Aagangen fleire Gonger framme i norske Blad. Spursmaalet vart helst vekkt av Folk, som var serleg hugvarme for Soga vaar, og som drøymde um ei Attreising av Noregs Velmagt. I 1870-Aari tok dei i dei norske Blad atter til Ords for aa binda Island saman att med Môrlandet, og daa ser ein, at dei hev og vore inne paa Tanken um aa brigda paa det statsrettlege Tilstandet aat Færøyarne.

Henrik Wergeland syng:

Til Færø, hvem ikkun det Snedrev slaaer,
som fyger af hvide Faar,
til Grønland og kjære Island
vildfremmede Bølge gaaer.
Slig Slagfjederpragt
var engang lagt af Norge, den Ørn, over Sjø.
Nu plukket den er.
De deilige Fjer
omdrive nu under Ø.
- - -

Hev Færøyfolket enno Kjærleik til oss, so er dei helder ikkje gløymde i Noregs Dalar. Og skulde du tvila paa det, so far i kring um i vaart Land, og du skal kjenna, det er sannt, som ein segjer for eit gamalt Ord, at Blodet er tjukkare enn Vatn. I By og Bygd liver Minnet um deim, som «Norrønamaalet i ensomme Krog skulde hædre».

* * *

Etter tvo Døgrs Reis i fint Vêr hadde me Torshavn framfyre oss - det er den vesle Hovudstaden paa Færøyarne, og me kunde vera inne, fyrr enn Natti kom paa.

Den siste Solstrima fall, yver dei grønklædde Fjell, sidorne, og Eimpipa til «Mjølnir» gav Attr-Ljom langt inn-i Dalarne, daa me styrde inn millom Nolsøy og Straumøy og let Ankeret gaa paa Vaagen. Det var ein retteleg nordrlendsk Sumarkveld. Inne paa Gjordi gjekk Sauerne og beita, og ein fin, blaa Røyk steig upp or Torvtaket paa ein av dei smaae, raudmaala Bondegardarne utanfyre Byen.

Strakst etter vart me kringsette av Færøyingarne, som kom i dei lette Baatarne sine, og daa eg halla meg yver Rekkja, høyrde eg det gamle, norske Maal. Endaa eg lydde forviten etter det, dei tala seg imillom, var det kje raad aa skyna anna av Svallet enn deira kjappe «najl naj!» (nei! nei!), just som ein høyrer det i Sogn elder Sætesdal.

Dei hadde striputte Topp-Huvor alle saman, og ein av deim, ein eldre Mann, kom upp paa Dekket og burt til Rekkja, der eg stod. Daa han merka, at eg tala norsk, gav han meg Handi:

«God Kveld! - Nordmann, kann eg høyra? Velkomen til Førjar!»
«Takk for det! Her er Nordmenn fyrr, ser eg».
Eg peika paa eit Par norske Kvalfangarar, som laag inne paa Vestrevaag med Stimen uppe.
«Aa ja, dei hev no ikkje heilt gløymt oss!» Han smilte.

Det danske Maalet, han tala, let so framandt, og eg skyna strakst, at han ikkje bruka det til kvardags. Eg kom uviljande til aa minnast det, me hev tapa, medan det vesle Folket der burte, eingong i Tidi berre 5000, hev vore sterkt nok til aa halda paa Morsmaalet sitt, so dei den Dag idag aldri talar dansk seg imillom.

Det var ikkje siste Gongen, medan eg var paa Færøyarne, at eg kom til aa minnast dette.


Det var Natt, daa me rodde i land i Torshavn, men likavel so ljost, at eg skyna, me var komne lenger mot nord. Enderne sov med Hovudet under Vengja uppe i dei smaae Gatorne, og ein sildrande Bekk, som kom nedigjenom Dalføret, var det einaste, eg høyrde. Ut igjenom dei halvopne Dørerne trengde Lukti av Torvrøyken, og mange av Husi var so laage, at eg kunde leggja Handi upp paa Grastaket.

Fylgjesmannen min kakka paa eit Glas i Gjestgjevar-Garden, og medan han stod der og tala med deim, som var innanfor, kom det ein ung Mann gangande upp Gata. Han stana ved Hustroppi og tok Lykjelen til Gatedøri ned fraa ein Spikar paa Veggen og læste upp. Etterpaa hengde han Lykjelen attende paa same Staden og slo Døri att etter seg. Endaa-til i Hovudstaden er det mange, som ikkje læser Dørerne um Natti. For Stuld er sjeldspurd. Alle Rom i Gjestgjevar-Garden var upptekne. Men no fekk eg straks sjaa eit Merke paa færøysk Gjestmilda, og i Heimen til ein klok og hyggjeleg Færøying var eg den fyrste Natti som Gjest hjaa vaart gamle Frendefolk.

Torshavn er den einaste Byen paa Færøyarne. Han hev umlag 2000 Ibuarar og ligg paa Straumøy, den største av Øyarne. Det er mange Gator der, som det er verdt aa maala. Naar ein ferdast i den gamle By-Luten, til dømes i eit Smòg, dei kallar for «Gøngin», tykkjer ein, at det maa vera den merkelegaste Hovudstaden i Europa. Dei tjørebrædde Husi hev Tre, pipor, som sender ut ein frisk Daam av Torvrøyk, og paa dei grasvaksne Taki held ofte Hønsi til. Paa Taket til Lagtingsbygnaden (Tingstova), der Landet sine Kòrne møtest Olavsdagen, var det ogso god Grasvokstr, og ein Færøying sa med ein Smil um denne «Tak-Vollen», at han trudde, ein maatte kunna «føða eina Kú alt Summarið». Ei av Klokkorne i Torshavns Kyrkja er Skipsklokka fraa «Norske Løve» av Ostindiske Kompani. Dette Skipet stranda paa Øyster, øy um Vinteren 1707. Færøyingarne hev eit Kvæde um «Norske Løve». Det er paa mange Vers, og dei syng det til Dansen enno. Det heiter at det skal vera ein av Mannskapet som hev dikta det. Det er serleg Sjømenner, som syng det. Segni segjer, at Skipet, som heng i Torshavn Kyrkja, skal vera ein Modell av «Norske Løve».

Paa Torshavn Kyrkjegard las eg elles denne forvitnelege Gravskrifti:

En saadan ret Mandinde
af slig en Kostbarhed
en from oc dydig Kvinde
er lagt paa dette Sted.

Den færøyske Hovudstaden hev eit Minnesmerke for Niels R. Finsen, den vidkjende Lækjaren, som fyrst tok til aa bruka Ljos-Kuren i Lækjekunsti. Han var fødd i Torshavn 1860.

Vogner bruka dei ikkje paa Øyarne - det kunde einast vera til Jordbruket. Dei vanta Vegar, og Vogner vilde helder ikkje høva for dei tronge Gatorne og Smogi i Torshavn. Men ender og daa kom det ein Færøying med «Leyp» (Laup) paa Ryggen, den einaste Førslegreida, dei bruka til Lands, umfram Klyvhest. Det er ei glisi Korg av Tre, som dei ber i ei Ullreim kring Panna, og eg saag tidt, at Færøyingen knepte Henderne yver Hovudet, naar han bar, venteleg for aa døyva Trykken av den tunge Byrdi. Smaagutarne brukar «Leyp», som er mindre, og naar ein ber han fraa Barnsbein, vert ein sjølvsagt helder sterk i Nakken.

Ein framand Sjømann prøvde eingong aa bera ein «Leyp», full med Torv, uppetter ein Bakke. Han meinte, at det var ingi Sak. Men han hadde ikkje kome langt, fyrr han skalv i Knei og gav seg. Han prøvde so paa slett Mark, og det gjekk betre enn fyrste Gongen, men han sette snart «Leypen» ned.

Torshavn er ein By med mange Minne fraa Noregs Soga. Han hev vore Tingstad fraa eldgamle Tider. Til dette Tinget sette Hovdingarne tidt Stemnelag med kvarandre, naar dei skulde hava Storsaker fyre seg. Mangt eit norskt Langskip hev her funne Hamn, og her var det og, at Sigmun Bresteson, Olav Trygvason sin handgjengne Mann, tala til Folket og vilde faa det til aa taka imot Kristendomen. Her held dei enno, som i framfarne Tider, Olavs-Dagen, og daa svingar Landsens Ungdom seg i gamall norsk Folkevisedans og syng Kvæde fraa Noregs Sogetid.

«Fram, Frímenn i fram frá Londum
og aðrar Oyar til!
Ei undir Haralds hondum
ein Kappi lúta vil»2)
So søgdu Norðmenn prúðir
teir vundu Segl i Rá,
og settu sínar Búðir
her Føroyalandi á,

heiter det i Folkesongen «Fram, Føringar!»

Av Runeinnskrifter hev dei ikkje funne sers mange paa Færøyarne.

Gatorne i Torshavn hev Namn som Tróndargøta, Erling Jarlsgøta, Sigmundargøta, Tórsgøta, Magnus Heinesonsgøta, Niels Finsensgøta og dilikt.

Færøyarne er no eit danskt Amt, og dei fleste av Embættsmennerne er enno danske. Men den Dag idag gjeld Kristian d. 5te si norske Log derburte, og Magnus Lagabøtar sitt Seyðabræv, gjeve under Haakon Magnusson, er det, dei hev bygt paa i Skipnaden av Sauehaldet.3) Alt til seinare Tid hadde dei berre havt Danskar til Amtmenner paa Øyarne. Men i 1902 var det Færøyingen C. Bærentsen, som var høgste Embættsmannen der, og han var sers godt lika. Han hev millom anna skrive ein væn Fedralandssong «Førjøyar og Førøya-mål» (Fram ùr Norðurhavið stendur) til same Tonen som «Ja vi elsker». I denne Songen minner han um, at Nordmennerne var dei fyrste, som bygde Færøyarne, og bed Landsmennerne sine aa verna um Morsmaalet:

Nordmenn gista Føroya Landið,
flýggja Harraboð - -

Og i siste Verset syng han:

Enn er bundin Førøyings Tunga,
eigir enn ei sitt;4)
livi Málið gamla, unga!
lat tað verða sterkt og fritt.

Det hev fleire Gonger vore Folk, som hev halde fram, at Færøyarne burde ha meir Sjølvstende. Ikring Midten av fyrre Hundradaaret kom det eit Framlegg i den danske Riksdagen (Stortinget) um aa gjeva det færøyske Lagtinget same Raaderett, som det islandske Alting hadde. Dei ordskiftest mykje i Riksdagen um dette, og ein av dei, som var mest ihuga og varm for Framlegget, var gamle Grundtvig. Men det rauk ved Avrøystingi.

    Noter:
  1. Farvatnet kring um Grønland.
  2. Ei Kjempa vil bøygja seg.
  3. Norske Lov er der den oprindelig gieldende Lovgivning, med nogle særskilte Anordninger for dette Land. (C. A. MuhIe «Om Emancipationen af Færøerne og Grønland», K.havn 1835).
  4. Raader seg ikkje sjølve.
Utdrag (s. 13-26) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen