Porsgrunn

av Idar Handagard

Tone: Ja vi elsker dette landet

Lite er det namnebyte
du idag hev gjort,
men aa taka burt eit lyte,
det er alltid stort.
Reint er namnet ditt i tale,
norskt paa folkemunn,
men du skreiv det lenge gale
av ein unorsk grunn.

Ein bokstav det var som gjorde
rett til rangt og skakkt,
men bokstavar skapar ordet
og eit ord hev magt.
Norske byar dei skal stava
norskt kvar dag og stund,
det er so me vil det hava
av ein fullnorsk grunn.

Live Porsgrunn! norsk i hugen
norsk i nanm og gjerd.
Framgangsviljen, arbeids-dugen
vere alltid nær!
Djup og rik og vid er grunnen
som du kviler paa.
At han er i Noreg funnen,
Det kan alle sjaa.

Idar Handagard

Fra: Porsgrunds Dagblad 11. juni 1929, s. 1
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen