Hans Reynolds dikt

Bjørnstjerne Bjørnson

av Hans Reynolds

Det stend eit herskip imot nord
med brim kring sterke pansar-bog,
og helga-stillt det er umbord,
det susar sorg i mast og tòg,
ein hovding døyr paa framand strand
- og sigler mot sitt fedraland.

Og fram det stig med bred og tind,
med kyrkjeklokkur - upp mot Gud,
med ang av skog i vaarleg vind
og flagget, som han fridde ut,
med æreskot og tonebrus
fraa gamle, stolte Akershus!

Dei har sin hovding stillt i land,
her var det fred, her var det hamn
dei syrgde paa sin merkes-mann,
og mor tok sonen byrg i famn . . .
Um djerve kjempa fraasegn
han skapte Norigs folkevaar.

Trykt (s. 16) i:
Hans Reynolds: Heimlege tonar : dikt. - Oslo : Tvedte, 1911. - 56 s.
Heimlege tonar
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen