Grenland ungdomsskule

av Jens Vevstad

"Denne skulen er ein heim"

"Der steg en fager tanke
av fedres hjerte frem:
Vi vil vår ungdom sanke
isammen om et hjem,
hvor hånd i hånd vi freder
om hvad er sant og godt,
hvor sinnene vi leder
mot himmelhjemmets slott".

I 1918 var det 25-års-fest for ungdomsskulane i landet - på Sagavoll ved Gvarv. På veggen i gymnastikksalen hang då eit stort Norigskart med so mange ljospæror som det var ungdomsskular spreidde utover landet, og Matias Orheim song: "Me heidrar det ljoskransa Norig".

I 1920 kom Grenland ogso til med sin skule og si ljospære på Norigskartet. Seinare har det kome fleire, so no har me 30 private ungdomsskular, som er små kultursentra kring i landet. Kvar landsdel må sjølv byggja heim for skulen sin. Det viser at skulane er private. Men staten og fylket ber årsbusjettet, staten 5/5, og fylket 1/6 av utlegg til lærarløner, husleige, brenne, ljos, lysingar o. l. Den bygda som skulen ligg i, har ikkje serskilte årlege utgifter til skuledrifta, men plar gjerne gi ei gåve til skulen med det same han kjem. Seinare har bygda inntekter av skulen. Det syner seg at bygdene kappast om å by skular rom - både av materielle og kulturelle grunnar.

Eidanger hadde gode vilkår å by ungdomsskulen. Bygda ligg sentralt, og Eidanger heradsstyre vedtok 1920 å yta ein pengesum som skulen kunde ha å kjøpa seg gård for. Vedtaket var samrøystes. Men der var den skilnaden at fleirtalet vilde yte noko meir enn garden kosta og mindretalet noko mindre. Eidanger gav altso pengar til å kjøpa garden Tveitan, og baud dermed skulen rom i bygda. Ja, det ordna seg slik at Eidanger herad tok over garden og overdrog han til Grenland ungdomsskule. Den vakre og gode Tveitan-garden med den gamle, ærverdige hovudbygningen som har vore sæte både for skrivar, lensmann, storbonde og klokkar, skulde no bli heim for ein ungdomsskule, som bøndene i Grenland hadde gjort optak til å få reist.

Fleire eldre Eidanger-folk har sagt at Tveitan er "plomma i Eidanger". Garden ligg høgt og fritt, fint kransa av skog. Midt i ein stor krins av grannegardar ligg skulegarden ved den gamle Trahaugen eller Grenlandshaugen som folk plar kalla han no. Frå taket av gymnastikkbygningen ser ein m. a. Eidangerfjorden og Skiens kyrkje.

Som namnet Tveitan fortel, so tveitar dei gardane som heiter slik. Dei skrår til tvo sidor frå eit høgdedrag. Å tveita heng saman med ordet tvo (2). Ein brukar det om å sneide av tømmerstokkane i rota, so dei tvo skrå snittflatone blir fint avrunda. Både på nordre og søndre Tveitan ligg husa på toppen av tveiten. Tveitan er fleirtal for Tveitane. I daglegtalen brukar no serleg dei yngre uttalen Tveten med tvostavings tonelag. Men den offentlege matrikkelen har til nyleg havt forma Tveitan, som er eit fint og klangfullt namn. - Som eit uttrykk for kor stort Tveitan var i sin brage, fortel den eldre Eidanger-mannen at det gjekk 12 mann etter einannan i skåren i slåttonna. Kring det gamle Sagatun framfor den freda hovudbygningen susar det segn og soge i store tun-tre og gamle hus. Vindfløyen på stabburet syng ut 1789, det året den franske revolusjonen braut ut. Eit par av tun-trea viser brandmerke etter eldhusbranden 1905, då fleire verdfulle historiske dokument strauk med. Sogor og segner sviv kring deg med stolte minne om jublande ungdom, om fest med felelåt, om nasjonalklædde "danglingar". Gamle Eidanger-folk kan enno fortelja om Eidanger-bunaden som minte mykje om Vestfold-bunaden. Der er sogor om den jarnklædde arresten, om viktige papir og dyre skattar vel gøymde i den gamle kjellaren, om spøkeri både på loft, i kjøken og kjellar.

Krava til ein ungdomsskule er store og veksande. Han skal vera på høgd med si tid i husvære og utstyr både for ånds- og hands-arbeid. Hos oss hadde sløyden det svært trongt. Me laut då prøve å utvida med å ta ned ein vegg i gamelbygningen. Her fekk me sjå korleis dei gamle husa var bygde. Sløydlæraren skriv

,,Ta ned ein liten vegg! Ja, det høyrest enkelt og liketil ut. Men det var no ikkje so enkelt. For den veggen var eit reint bolverk av ein vegg: tri lag med solide plankar. Fyrst var det eit lag der plankane var stilde tversover, so eit lag der plankane stod på skrå som skjone i ein skigard, og so eit lag der plankane stod op ned. På den eine sida av det tridoble og godt ihopspikra plankelaget var det so vanleg paneling, og på den andre sida var det forutan tapet og ymse anna eit dyktig tjukt lag med rapping. Millom "ymse anna" kan nemnast nokre gamle årgangar av "Morgenbladet". Dei kunde fortelja noko om alderen på veggene, og dei minte oss om at det i gamle dagar millom desse veggene hadde butt stive, aristokratiske embetsfolk. No kom dei unge, sterke, demokratiske og radikale hender og braut ned. Men jamen var han seig og sterk lei, den gamle aristokratveggen! Gutane hogg med øksar, slo med sleggor og støyrde og braut med jarnstaurar, so sveiten rann og gamal rapping og anna dumbe stod som ein tjukk røyk, og den gamle embetsmannsgarden knaka og knast i sine skeive vinklar. Serleg Sverre Olsen, kval-veidaren frå Sudishavet, tok drabelig i. Og ned laut veggen og ut gjenom glaset. Salen vida seg ut".

Ungdomsskulen laut nytta godt ut romet i gamlebygningen dei fyrste åra til bustad for elevar og lærarar, endå so dyrt det er å setja i stand gamalt. Skulen fekk elles tri skulesalar i heradshuset for ei svært rimeleg leige. - Mange av dei private ungdomsskulane har byrja som vår. Når ein ting byrjar smått og primitivt, viser det seg gjerne om han har livsens rett. Men i lengda gjeng det ikkje utan eigne hus. I 1922 reiste ungdomsskulen ein stor, fullt moderne bygning og drog då på seg ei svær gjeld, som tyngjer sterkt, men som ikkje har kunna hindra arbeidet og ein sterk vokster.

Den nye bygningen ligg midt i den gamle hagen. Tunet heiter Hagetun. Dei tvo tuna (Hagetun og Sagatun) gjeng saman i det fagre Grenlands-tunet.

Det har vore eit stadigt krav frå Departementet at skulen måtte få seg gymnastikksal, og litt om senn har det gått op for folk at dette måtte gjerast. Skulen har so stor gjeldi at han vil ikkje låna seg fram. Elevlaget tok arbeidet op, og overstyret sette ned ei nemnd til greida med bygget. Folk var viljuge til å gi. Soleis fekk skulen tømmer frå alle fem Grenlandsbygdene. Der er tømmer frå 66 Eidanger-skogar i gymnastikkbygningen, som no er under tak. Det nye bygget kunde ein kalla undervisningsbygningen. Med den skulde alle krav frå staten om oplæringsrom vera stetta. Grenland har fått bygt skule for ungdomen sin. "Denne skulen er ein heim" der lærarane og lærarinnone skal gjera sitt beste for elevane i fars og mors stad. Dei hjelper ungdomen so godt dei kan både i ytre og indre vanskar. Dei prøver å skipa ein kristen heim for ungdomen. Alle på skulen er ein stor huslyd som arbeider, gled seg og lid saman, vernar om einannan og stilar på det eine som er skulens mål: eit rikt og godt menneskeliv som vigjer tid, evnor og krefter til tenest for Gud, heim og fedreland. Skulen freistar verna om helsa og arbeidshugen. Skulelækjaren granskar helsetilstandet og fylgjer flokken heile kurset ut. Ikkje minst prøver skulen å verna om sjelehelsa i ungdomsflokken. Soknepresten i Eidanger er ungdomens gode ven. Han er med oss både i arbeid og fest. Mange gode menn og kvinnor gjester skulen med gode gåvor kvart år.

Elevane bur i småheimane to og to saman. Sjølve må dei halda roma reine og trivelige. Dei blir då også so glade i romet sitt, at det er dit op dei fyrst og fremst søkjer når dei vitjar skulen. "Kan eg få lov til å gå op på romet mitt ei stund?" har hundretal av unge spurt, når dei var på tur til Grenland.

Samlivet på skulen er ein viktig opsedingsfaktor. Der lærer mange "betre folkeskikk". Den eine stend høgre enn den andre i eitt og anna. Det verkar. Serleg ser ein det når dei leidande i flokken er gode, støde og sanne. Ein ser korleis ungdom frå mindre bra miljø og slike som er forkjæla - korleis dei kan ta seg saman, og veksa på det so ein merkar det hev kome til noko nytt og godt. Eit drag som ofte lyser fram er aukande kjærleik til far og mor. Mange knyter ogso barneheimen sterkt til skulen. Dei fær med seg far og mor til "ungdomsheimen". Og frå same heimen kjem dei unge ikkje sjeldan i tur til ungdomsskulen etter som dei blir gamle nok. Skulen har havt heile syskinflokken frå fleire heimar t. d. alle syskina til den fyrste guten som melde seg som elev på Grenland ungdomsskule.

Korleis ungdomen sjølv ser på skulen som ungdomsheim gir seg ofte uttrykk i stykke og dikt. Her er eitt av dei mest typiske, skrive av ei Vestfold-gjente:

Du ligg so høgt og fritt og lyser
du fagre Grenland, heimen vår.
Ein kjærleik rik og stor du hyser.
Frå kjærleikskjelda kraft du får.

For oss du opnar dine hallar.
Me alltid er velkomne att.
Me difor "heimen vår" deg kallar.
Di er du oss so stor ein skatt

Me vidan kjent dit namn vil gjera
til takk for alt du åt oss gav.
Ein "Grenlands-varde" skal du
vera og lysa over land og hav.

Men skal du møta tider tunge,
Me gjerer det me gjera kan!
Ditt slagord samla skal oss unge:
"For Gud, for heim og fedreland!"

II. "Denne heimen er ein skule"

Den nye husbonden på Tveitan er Grenland ungdomsskule. Ordet skule er av gresk ophav og tyder noko slikt som fritid til åndelege syslor. For barnet er skulen arbeid. So ogso for den som gjeng frå barneskulen beint inn på vidaregåande skular. Men for landsungdomen er det gjerne onnorleis. Han veit kva strengt kroppsarbeid er. Han har kome like inn i den lange arbeidsykta som normalt er rekna frå 15. og til 60. året. Han har kjent den strenge plikta og striden i arbeidet. For han er skulen ei fritid, til åndelege syslor. Denne kjensla av fridom heng ogso sarnan med sjølve grunndraget i ungdomsalderen, som Grundtvig har kalla andens skapartime. Då vaknar trongen etter ljos over livet og etter ein indre og åndeleg vokster. Det er ikkje nok at kroppen er vaksen. Det å vera vaksen heng meir saman med det sjelelege enn det kroppslege. Ogso arbeidslivet verkar same vegen. Det kan vekkja ein brennande trang etter elt livsarbeid som skal vera eins eige. Ein fær hug til å sjå seg ikring i vidare livssamanheng og so velja sjølve. Då kjem det vel med når foreldre, fylke og stat vil hjelpa den unge til å få ei fritid. Då smakar det å bli med i "åndelege syslor". Skulen blir i denne tida som ein fristad, ein ungdomsheim.

Tida på ungdomsskulen er stutt, for den unge kan ikkje vera lenge frå arbeidet der heime. Difor lyt skulen delast op i kurs eller skeid (laup). Tempoet må op, og godviljen må mobilisera all si kraft. Ein elev skriv: "Tida er kort og vegen lang. Her gjeld det å skyta beinvegen op til toppen, so ein kan få utsyn og orientering. Det er ei Trygd å kjenne "fluktens glede" når me stormar mot høgdene i friskt ver, og høgtid og helg når me når fram til utsyna, og menneskelivet opnar seg i nytt ljos for oss". - "Ungdomsskulevinteren var for meg åndens opne port til sjølve det vaksne menneskelivet", segjer ein annan.

Kva er det so for merkelege saker del unge syslar med? Det er del reint vanlege skulefaga. Det er norsk og historie, rekning og naturfag, bibellesing og sjelelære, samfundslære og geografi, matstell og handarbeid, sløyd og gymnastikk, engelsk og song. Men alt dette ligg ikkje og tyngjer som eksamensfag. Det er lærdom for livet, slikt som ein har sakna der ute i einsemda og arbeidslivet. Han som er bare 20 år gamal, fær med vakne augo sjå korleis menneske har røynt seg fram i mange tusen år. Livskorrespondansen vidar seg ut, og augo opnar seg for nye og store livsverdiar. Kvart lag for seg kan gjera si nytte, og om den eine arbeider serleg med det og den andre med det faget, so kan ånda i det heile vera ei. Grundtvig talar ein stad om dei sju kara med vatn i brudlaupet i Kana og samanliknar dei med like mange fag i skulen. So segjer han at ånda i skulen kan forvandla dei alle til "vin". Alle faga kan ein arbeida med i kristen ånd. Det er Grenland ungdomsskule sett til.

Ungdomsskulen på Tveitan ligg i Grenland, men skal tena heile landet. Difor skriv me ikkje Grenlands, men Grenland ungdomsskule. Skulen har til no havt noko over 1000 elevar. Desse unge har kome frå alle 25 bygdene i Telemark fylke, frå byane her i kring og frå 18 fylke i landet.

Namnet Grenland er svært gamalt, gjekk ei tid mykje ut or bruk, men kom for ålvor op att ved reisinga av ungdomsskulen 1920. Grenene var ei gamal, evnerik folkegrein. Harald Grenske har truleg etternamnet sitt herifrå. Olav Haraldson fekk ungdomslæraren sin frå Grenland. Etter alt dette skal Grenlandsnamnet halde levande for ungdomen at her er me på gamal norsk grunn. Det gøymer ogso minnet om Norigs store son Olav den heilage som kan takka kristendomen for storleiken sin. Dei kristelege og folkelege livsverdiane kling saman i det gamle namnet.

Då Grenland ungdomsskule blei reist, var det ein djup trong og eit varmt ynske etter å verna om dei verkelege, prøvde livsverdiane her i bygdene, som dreiv verket. Dei menn som gjekk i brodden forma dette slik: "Skolen skal hjelpe de unge til å få sine øine åpne for de reelle livsverdier". So peika dei på verdiane i mottoet: For Gud, heim og fedreland. Den store verdiøydinga som sette inn i folkelivet, fyllte ansvarlege menn med redsle for korleis det skulde gå ættene i framtida, og som ein lekk i arbeidet for å berga, verna og skapa verdiar i folkelivet blei so skulen reist. Stort ansvar kviler soleis på skulen vår. Ein plar gjerne segja at dei største verdiane me har i landet er born og ungdom. For dei har me då ogso det største ansvar. Born og ungdom er ikkje bare sjølv-verdiar. Dei skal ogso vera verdiberarar. Dei skal bera vunne kultur og livsverdiar inn i framtida. Lloyd George har sagt gong etter gong at dei største rikdomar eit folk har er ideane. Eit folk som skal framover, må ta vel vare på ideane sine. Og no er det so, at skulen er eitt av dei aller sikraste verkemidlar når det gjeld å føra eit folks idear over i ungdomen. Skulen er ein verdi-overførar.

Som rimeleg er gjer staten seg mykje nytte av skulane. Det er nett det dei mange har saman som bind i hop og skapar samfund. Staten treng på nytt og på nytt å samla born og ungdom kring det samfundet har å gi. Ein kan gjera eit slikt arbeid gjenom avisene, som amerikanarane gjer målmedvite, gjenom kyrkja og skulen og på onnor vis. Men gjerast må det, og skulen har her ei serleg stor og lagleg opgåve.

Statens einaste krav til ungdomsskulen er at han skal vera ålmenn-danande. Dette ordet (ålmenndanande) er ogso ungdomsskulens store fribrev. Han er kje påtvungen noko avgrensa pensum. Men han er forplikta til å arbeida med slik kunnskap som alle menneske her i landet har bruk for. Han er ingen yrkesskule (fagskule). Han har arbeidet sitt like ved livsnerva i samfundet. Han er for ungdom, ikkje for ei viss klasse av ungdom, endå det er mest bonde- og arbeidarungdom som søkjer han. Elles kjem det unge frå alle lag - og veks seg saman. Ungdomsskulen må alltid ha klårt for seg at han arbeider med det som alle i eit samfund treng å eiga saman, likso vel arbeidar som bonde, ingeniør, forretningsmann, prest, lærar - eller kva for namn ein vil nemna dei med desse kring 12,000 yrke eller gjeremål som finst i eit stort, moderne samfund. Staten kan ikkje dylja for seg at dei ymse arbeidsgreiner og klassor kan bli ein fåre for sjølve samfundslivet, dersom ikkje stomnen som ber alle greinene er frisk og sterk. Arbeidsgreinene og dei mange ulike lagskulane (yrkesskulane) kan vera so einsidige og verkekraftige, at dei tenderar mot serinteressor og klassor som stend kvar på sitt og soleis kan føra til kløyvingar, klassestrid og mekanisering. Det er om å gjera at alle i samfundet kan skyna kvarandre i "full samfundskorrespondanse og livsfrisk klassesirkulasjon" som ein klok svenske har uttrykt det.

Ei onnor sak er det at der er noko sjukt ved sjølve den ålmenne oplæringa dersom ho stengjer seg inne i seg sjølv t. d. i pensumpugg. Det kan ein sjå døme på i ålmenndanande skular for ungdom som t. d. i einskilde millomskular, gymnas o. l. Kfr. Chr. Bruun: "Folkelige grunntanker". Ein skule kan vera slik at både det ålmenne og det spesielle fær ein stur. Like so lite som greinene kan greide seg i lengda utan treet, like so lite treet utan greinene. Det er sunt at den ålmenndanande skulen fører bort mot det spesielle som er eins opgåve, eins serlege kall. Her set då ogso ungdomsskulen inn, so langt som han maktar, t. d. i praktiske arbeidslinor.

Samfundstreet må alltid skyta knupp og nye, friske greiner for kvar ætteled og for kvart nytt voksterskot opetter mot ljosare og rikare tilvære. Det trengst både samlande, greinande og harmoniserande krefter i eit folks vokster. Opgåvone er store, og målet er høgt:

"Norge over våre grave
blomstre som en Herrens have".

Jens Vevstad,

Utdrag (s. 75-85) fra:
Festskrift for Eidanger i anledning formannskapslovens 100-års jubileum den 14. januar 1937. Porsgrunn 1937
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen